Kommunevalprogram 2015-2019 Bremanger Arbeidarparti
Helsing frå ordførarkandidaten Vi får til meir saman enn kvar for oss Kjære veljar! Nærmiljøa og lokalsamfunna er rammene for liva våre. Arbeiderpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar, fordi vi får til meir saman enn kvar for oss. Det gir større tryggleik og fleire moglegheiter for den einskilde om vi stiller opp for kvarandre. Programmet vårt for 2015 til 2019 syner korleis Bremanger Arbeidarparti vil arbeide for innbyggjarane i kommunen. Valet 14. september handlar om korleis heimstaden din, og ditt nærmiljø skal utvikle seg. Det handlar om di framtid. Gode og trygge lokalsamfunn er viktig for at det skal vere godt å vekse opp. Det må vere gode tilbod til alle aldersgrupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi få gode lokalsamfunn må vi samarbeide med frivillige krefter lokalt, og legge til rette slik at det er mogleg å få ting til å skje. Hugs at den som stemmer bestemmer. Så bruk røysteretten din. Røyst gjerne på oss, om du meiner vi har dei beste sakene. Vi ynskjer deg eit godt val. Om du møter oss på stand eller i andre samanhengar i tida framover, vonar vi at du har tid til å fortelje oss kva som er viktig for deg. Espen Sortevik Ordførarkandidat 2 Bremanger Arbeidarparti
Vårt verdigrunnlag: Like moglegheiter for alle Arbeidarpartiet sin visjon er ei rettferdig verd utan fattigdom, der menneske er frie, likestilte og kan påverke sin eigen kvardag. Trygge menneske skapar trygge samfunn. Vi vil ha eit samfunn basert på fridom, solidaritet og like moglegheiter for alle. Ny kommunereform Vi er no midt i ei omfattande kommunereform. Vi veit enno ikkje om Bremanger vil bestå som eigen kommune i framtida, eller korleis ein eventuell ny storkommune vil sjå ut. For Bremanger Arbeidarparti er gode tenestetilbod, og attraktive nærmiljø eit hovudfokus uavhengig av kommunestruktur. Vi vil arbeide vidare med kommunereforma med fokus på det som vil gje det beste tilbodet til innbyggjarane i Bremanger kommune. Bremanger Arbeidarparti 3
Barnehage og skule Bremanger Arbeidarparti vil at det skal drivast gode barnehagar og skular som ivaretek trivsel, tilpassa opplæring og eit godt læringsmiljø for born, elevar og tilsette. Både barnehage og skule skal vere ein ressurs i nærmiljøet gjennom samarbeid med lokalsamfunnet. Bremanger Arbeidarparti vil: Auke opp dei økonomiske rammene til oppvekstsektoren for å nå måla i planane. Oppretthalde dagens skulestruktur dersom tilbodet er fagleg og sosialt forsvarleg. Ruste opp skulebygg til tidsmessig standard. Ha god oppfølging på gjeldande planar for oppvekstsektoren. Starte planlegging av nytt badeanlegg i Svelgen. 4 Bremanger Arbeidarparti Arbeiderpartiet.no
Ung i Bremanger Bremanger Arbeidarparti vil at det skal leggast til rette for at ungdom og unge vaksne skal trivast i Bremanger kommune. Det er viktig at dei unge er kjende med tilbod og moglegheiter som finst i kommunen. Bremanger Arbeidarparti vil: Involvere ungdomen, og ta dei med på råd i saker som vedkjem dei. Sikre eigne, gode lokalar, og møteplassar som stettar ungdomen sitt behov. Ha eit velfungerande ungdomsråd som skal vere den lokale ungdomen sitt talerøyr. Auke ressursen til ungdomsarbeid. Idrett og kultur Bremanger Arbeidarparti ynskjer at innbyggarane i kommunen skal ha eit breitt idrett og kulturtilbod. Kommunen har eit rikt idrett og kulturliv, ein trivselsfaktor som er viktig både for fastbuande og besøkjande. Både idrett og kultur er med på å skape eit fellesskap mellom bygdene. Bremanger Arbeidarparti vil at: Dei tilsette i kulturskulen skal få betre kontorarbeidsplassar. Det offentlege skal vere ein aktiv støttespelar til små og store arrangement. Det blir gjeve økonomisk støtte til kulturhus. Kultursektoren blir styrka, og at tilboda blir utvida. Bremanger Arbeidarparti 5
Næring og verdiskaping Bremanger skal vere ein attraktiv kommune for næringslivet. Bremanger Arbeidarparti skal vere pådrivar for at målsetjingane og prioriteringane i kommunen sin Strategisk Næringsplan 2015 2020 skal bli gjennomførte. Bremanger Arbeidarparti skal arbeide for: Realisering av Kalvøyaprosjektet. Å legge til rette for nye arbeidsplassar og trygge eksisterande. Tilflytting til kommunen og rekruttering. At mangfaldet av arbeidsplassar blir synleggjort. Likeverdige nett-tariffar i regional- og sentralnett for kraftkrevjande industri. At kommunen skal vere ein aktiv samarbeidspart med det lokale næringslivet. At kommunen skal etablere byggeklare tomter i dei ulike bygdene. At sentrumsplan for Svelgen vert gjennomførd. Samferdsle og kommunikasjon Gode kommunikasjonar er ein nøkkelfaktor for å sikre busetnad og næringsutvikling. Ikkje minst er det viktig for at kommunen skal vere attraktiv for tilflytting. Bremanger Arbeidarparti skal arbeide for: Ferdigstilling av Kystvegen med låglandslinje sørover, samt bru over ytre Nordfjord. Utbetring på strekninga Kalvåg Klubben. Å heve standarden på tilfartsvegane. Fibernettutbygging og annan telekommunikasjon i heile kommunen. Eit godt pendlartilbod - ferje-, buss- og båtavgangar, samt betre korrespondanse opp mot flyavgangane. Å leggje til rette for bruk av elbilar. 6 Bremanger Arbeidarparti
Helse og omsorg Gode og likeverdige helsetenester skal vere tilgjengelege for alle når ein treng det. Bremanger Arbeidarparti vil ha auka satsing innan helsefremjande og førebyggjande arbeid. Bremanger Arbeidarparti vil at eldre skal få bu heime så lenge dei ønskjer det - og det er forsvarleg. Difor vil vi at det skal satsast meir på heimebuande eldre. Bremanger Arbeidarparti vil: At brukarane alltid skal stå i sentrum, og vere trygge på at dei får teneste på rett tid og rett nivå. Ha auka fokus på førebygging. Aktivitet er god førebygging mot både fysisk og psykisk helse. At open omsorg skal ha kvelds- og natteneste. At det skal etablerast eldresenter i ytre Bremanger slik som Keipenstova i Svelgen. Oppretthalde to legekontor i kommunen. At det skal byggast nye bu-einingar knytt til Haugetun. At det skal byggast nye omsorgsbustadar for unge i Svelgen. Fylgje opp Strategisk plan for helse og omsorg. Oppretthalde ambulansetilbod der responstida skal vere like god som no. Bremanger Arbeidarparti 7
Våre kandidatar Frå venstre: Åse Leirgulen, Thomas Øvstedal, Espen Sortevik, Per Helge Eikeland, Anne Kristin Førde, Alice Beate Holm 1. ESPEN SORTEVIK 1960 2. ÅSE LEIRGULEN 1964 3. Per Helge Eikeland 1956 4. Anne Kristin Førde 1965 5. Leo H. Cirotzki 1970 6. Anne Sofie Igland 1974 7. Arvid Langeland 1951 8. Thomas S. Øvstedal 1981 9. Alice Beate Holm 1995 10. Bjørnar Førde 1959 11. Frank Midtbø 1966 12. Aina A. Førde 1966 13. Øyvind Grindheim 1963 14. Nils Jørgen Sagebø 1964 15. Camilla Gullhaugen 1981 16. Asle Jonny Førde 1960 17. Knut Sande 1958 18. Svein Klævold 1973 19. Nina Klara Grotle 1962 20. Espen Walter Gulliksen 1963 21. Svein Arne Sandvik 1962 22. Anita Løver 1963 23. Jarle Vilmar Frøyen 1965 24. Aud Berit Mulelid 1965 25. Gunnar Styve 1970 26. Ute Førde 1963 27. Anita Brevik 1964 28. Arild Igland 1963 29. Ellen Oline Isane 1970 Følg oss på facebook www.bremanger.arbeiderparti.no