SMÅSAMFUNNSSATSINGA 2006-2009 Oversikt over pilotprosjekt - per 11.10.07 Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gang og medfinansiert totalt 38 pilotprosjekt i 2006 og 2007. Pilotprosjekta er grupperte tematisk under nokre hovudoverskrifter. Dei fleste prosjekta er retta mot å gjera området meir attraktivt i ei eller anna form. Attraktive stader: mobilisering, lokalsamfunnsutvikling og stadutvikling Bluesbygda Skånevik i Etne kommune i Hordaland Prosjektet skal utvikle eksisterande bedrifter og etablera nye, slik at det blir tilbod om arbeid til alle som ønskjer det. I tillegg skal prosjektet vera med og gjera Skånevik til ein stad der det er godt å leva og bu ved å styrka sørvistilbodet og det eksisterande lag- og organisasjonslivet. Bluesfestivalen er eit viktig utgangspunkt for prosjektet. Pilot Småsamfunn i Verran i Nord-Trøndelag Prosjektet skal vera med å gje auka optimisme og sjølvkjensle hjå innbyggjrane. Deltakarane i prosjektet skal jobba med utgreiing, planlegging av opprusting av kommunane sine tettstader, oppretthalda Søndre Cell Folla som hjørnesteinsverksemd og bli attraktiv for investeringar og kompetansetilførsel. Lårdal liv laga i Telemark Hovudmålet med prosjektet er å auka folketalet gjennom å utvikla gode bu- og nærmiljøtiltak og å skapa trivnad for innbyggarane i Lårdal kommune. Kommunen og Lårdal vel får med seg både landbruk, reiseliv, kultur og næringsliv i kommunen i prosjektet. Bygdeutvikling i Tinn i Telemark Eit prosjekt for stadutvikling og utvikling av identitet i to småbygder i Tinn kommune. Blant måla er å utvikla sentrum og utemiljøet i Austbygd i Tinn. Prosjektet skal også vera med og styrka næringar innan kultur, handverk og reiseliv. Prosjektet skal også marknadsføra Hovin i Tinn som ein god stad å bu. Frøya inn i framtida og Nettverk for Optimistbygder i Sør-Trøndelag Alle gode krefter på Frøya skal samarbeida for å skapa lokalsamfunn med høg bukvalitet, eit levande kulturliv og eit utviklingsorientert næringsliv. Satsinga som har gått føre seg i 2005 og 2006 har fokusert på oppbygging av eit sterkt sentrum. Prosjektet er slått saman med eit prosjekt i nettverk for optimistbygder i Sør- Trøndelag. Begge prosjekta har eit tydeleg nedanfrå- og opp perspektiv. Det skal utviklast metodar og tiltak slik at folk i bygdene sjølve kan ta tak i eigne utfordringar. 1
Småsamfunnssatsing i Ålvik i Hordaland Å få kunstnarar til å slå seg ned i Ålvik og Kvam, å laga ny kafè og bibliotek og å berga den gamle trallebana i Ålvik er hovudmåla i det tredelte småsamfunnsprosjektet. Felles småsamfunnssatsing på Røvær og Utsira i Rogaland Breitt mobiliseringsprosjekt i to øysamfunn for å skapa arbeidsplassar, auka attraktiviteten og lysta til å bu og reisa til dei små øysamfunna Røvær og Utsira. Utvikling av små kystsamfunn på Senja i Troms Eit mobiliseringsprosjekt for nyskaping og utvikling, samarbeid og bygging av omdømme i Berg kommune på Senja. Prosjektet skal vera med og stansa fråflyttinga, etablera nye arbeidsplassar og stimulera til ei positiv utvikling i folketalet. Cittaslow - det gode liv i Sokndal og Eidskog Målet med prosjektet er å skapa eit godt lokalsamfunn med utgangspunkt i tankegangen omkring den italienske rørsla Cittaslow, som legg vekt på kvalitet som motvekt til ein kjapp, overflatisk livsstil. Hovudmålet for Cittaslow er å auka livskvaliteten for innbyggjarane og skapa identitet til staden. Kommunane Eidskog i Hedmark og Sokndal i Rogaland er begge medlemar av Cittaslow-rørsla og har gått saman om prosjektet. Kompetanse Program for entreprenørskap i Møre og Romsdal Gjennom program for entreprenørskap skal tilgangen på gode entreprenørar og prosjekt med nyskapings- og vekstpotensial i fylket aukast. For å få til dette, skal fylkeskommunen setta i verk tiltak for å utvikla verkemiddelapparatet for å skapa ei betre funksjonsdeling og samspel. Programmet er ei sams satsing for heile fylket, men det skal vera eit eige, tydeleg fokus på småsamfunnsområde. Nettverks- og kompetansebygging og utvikling av lokalsamfunn i Hedmark Hovudmålet i prosjektet er attraktive lokalsamfunn og nærmiljø som skapar identitet, bu-, utdannings- og etableringslyst. Vera med og laga eit vellukka og synleg lokalsamfunnsprosjekt i kvar av kommunane, utvikla kompetanse i næringslivet og kompetansenettverk i fjellregionen og utvikla regionale partnarskap. Agro Business Park i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane Gjennom forprosjektet skal prosjektleiinga, i samarbeid med næringa, utvikla eit regionalt kompetansesenter for landbruket der ulike bedrifter blir knytt saman for å gje fagleg tyngd til arbeidet med nyskaping og utvikling i landbruket. Dyrøyseminarsenteret i Troms Dyrøyseminarsenteret er eit læringssenter som skal gå inn i Utviklingshuset i Dyrøy kommune saman med et dokumentasjonssenter og småskala næringshage. Tanken med Dyrøyseminarsenteret er å utvikla senteret vidare ved å bygga opp erfaring og kompetanse på nasjonal og internasjonal læring i småsamfunn. Senteret vil skapa meir robuste småsamfunn gjennom formidling og læring. 2
Pluss Småsamfunn i regi av Sjøsamisk senter i Nordland Forprosjektet i Flakstad, Lurøy, Træna og Tysfjord har som skal vera med og gje utvikling i småkommunar gjennom å utarbeida eit opplæringsprogram for eldsjeler og ressurspersonar. Målgruppa er småsteder der grendalag/siidaer/bygdelag samfunnsutvikling, og som også spesielt ønskjer å utvikla samisk og norsk kultur i same område. Ungdom Ungdomssatsing i Nordkyn i Finnmark Prosjektet vera med og rekruttera og motivera ungdom i Gamvik og Lebesby kommunar til å ta relevant utdanning og velja å etablera seg i heimkommunen. Ungdomsprosjektet går over fire år, og byggjer vidare på eit gjennomført forprosjekt. I forprosjektet blei det arrangert framtidsverkstader for og med ungdommar i dei to kommunane. Internship ved Norges Fiskerihøyskole i Troms Studentar ved Norges Fiskerihøgskole skal få praksisplassar i verksemder i fiskerirelaterte næringar. Verksemda skal vera lokalisert i småsamfunn i Troms. Prosjektet vil vera med og sikra rekruttering av høgt utdanna arbeidskraft til fiskerirelatert næringsverksemd i utsette kommunar og lokalsamfunn. Prosjektet vil gjera sitt til å sikra rekruttering av høgt utdanna arbeidskraft til fiskerirelatert næringsverksemd i utsette kommunar og lokalsamfunn. Ungdomssatsing i Tysfjord og Hattfjelldal i Nordland Prosjekta fokuserer på tiltak som skal mobilisera ungdom, styrka samhald og trivnad blant ungdommane. Prosjekta Tysfjord og Hattfjelldal er ein del av ungdomsmillionen som vart tildelt Nordland fylkeskommune, fylkeskommuen skal i løpet av tre år støtta andre ungdomtiltak som det vert søkt støtte til. UNGskaperlyst, Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag Siktemålet er å utvikle fleire kulturrelaterte arbeidsplassar i kommunen. Det prosjektet som no vert sett i gang, skal bygga på det som alt er gjort gjennom eit forprosjekt og sikra eit langsiktig fokus på utviklingsarbeid. Strategiane for arbeidet er knytt til kultur og entreprenørskap. Ungdommens kompetansehus i Aust-Agder Ungdommens kompetansehus på Evjemoen i Aust-Agder skal vera ein møtestad for ungdom som søker svar på spørsmål knytt til val av yrke og utdanning. I kompetansehuset skal ein finna informasjon om lokal verksemd og lokalt næringsliv, og ein skal kunna møta menneske med arbeidserfaring. I dette møtet skal ein finna inspirasjon til å sjå potensial og få hjelp til å nå eigne mål. Web-portal for unge i Møre og Romsdal Møre og Romsdal skal etablera ein nyskapande Web-portal for unge. Nettstaden skal vera ein arena for å begeistra og engasjera ungdom. Programmet Ung i Møre og Romsdal har særleg fokus på å skapa arenaer der ungdom får reell medverknad, og 3
utstyra all ungdom i fylket med god og viktig informasjon om tilbod og potensial i fylket. Trivselsbygda heile landet Prosjektet har som målsetting å skapa attraktive bygdemiljø i Noreg. TrivselsBygda er eit samarbeidsprosjekt mellom Norges Bygdeungdomslag, Norges Bygdekvinnelag og 4H Norge. Prosjektet skal bidra til å auka trivselen for dei som bur på bygda og skape gode og attraktive bygdemiljø. Dette skal vera med og skapa bulyst og samfunnsengasjement. Slipp oss til ungdommen inn i landbruket Slipp oss til Ungdommen inn i landbruket er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom. Prosjektet skal vera med og skapa auka busetting på bygdene med utgangspunkt i ledige gardsbruk og rekruttering til landbruket. Det viktigaste tiltaket er drifting av nettsida gardsbruk.no som er ei gratisteneste for marknadsføring av ledige gardar og småbruk. Hyttefolket Hyttefolk i Tinn og Vinje i Telemark Målsettinga med dette prosjektet er å undersøka og kartlegga den potensielle ressurs som hyttefolket kan vera for vertskommunane Tinn og Vinje. Korleis kan hytteeigarar integrerast i lokalt nærings- og kulturliv og vera med og gje kompetanse til utvikling av vertskommunen. Tanken er å utvikla samhandling mellom hyttefolk og fastbuande. Prosjektet tek sikte på å styrka og vidareutvikla det lokale nærings- og kulturliv. Gulsvik Fra fjord til fjell i Flå kommune i Buskerud Gjennom forprosjektet skal ein vurdera potensialet og utfordringar som skal danna grunnlag for ein utviklingsplan for Gulsvikområdet som bustad, som lokaliseringsstad for næringsetablering, som hyttekommune og som reisemål elles. Naturpark, kulturpark og verdsarvområde: Aurland natur- og kulturpark i Aurland kommune i Sogn og Fjordane Med utgangspunkt i at delar av kommunen har kome på UNESCO si verdsarvliste skal prosjektet utvikla ei ny organisering og eit strategisk grep om arbeidet med nærings- og lokalsamfunnsutvikling. Grunnleggande prinsipp er å involvera lokalsamfunna i utvikling av strategiar og tiltak og å utvikla eit samla produkt basert på lokale ressursar. Aurland natur- og kulturpark skal vera ein møteplass, parken skal vera med og utvikla ein kultur som fremmer produktmangfald. Naturpark i Jondal kommune i Hordaland Forprosjektet skal vera med på å vidareutvikla pågåande aktivitet for å profilera Jondal kommune sine verdiar knytt til nasjonalparkstatusen. Siktemålet er å utarbeida planar for utvikling av reiselivsnæringa, utvikla næring innan kunst og handverk, utvikla næring basert på tilfanget av kulturminne i området, og å stimulera til etablering av småskalabedrifter innan foredling av jordbruksprodukt. Lom som nasjonalparklandsby i Oppland 4
Målet med forprosjektet er å prøva ut verkemiddel for å snu ei negativ utvikling, finna fram til enkle tiltakspakker for område som ønskjer å utnytta lokale ressursar til næringsutvikling i kryssingspunktet mellom bruk og vern. Målet er også å samordna og knyta saman med de mange prosjekta knytt til utvikling av ulike kvalitetar i Lom og regionen elles. Det handlar om å skapa eit forum for nettverksbygging, og setta fokus på lokale ressursar og næringslivsutviklarar. Valdres natur- og kulturpark i Oppland Seks kommunar i Valdres går saman om ein 10-årig utviklingsplan for lokalsamfunnsutvikling i regionen. Det skal etablerast ein natur- og kulturpark med føremål å auka talet på arbeidsplassar, arbeida med merkevare bygging på reiseliv og produkt omkring namnet Valdres og stabilisera folketalet. Verdsarvprosjekt i Møre og Romsdal Kommunane Stranda og Norddal. Prosjektet skal fokusera på analyse, planlegging og tilrettelegging av strategiar og tiltak i verdsarvområdet for å oppretthalda kulturlandskapet over tid gjennom å kombinera eit slikt arbeid med andre former for bygdeutvikling. Næringsutvikling knytt til kulturminne og tradisjonar Fyrtårn Sevleguten i Buskerud Målet med prosjektet er å utvikla eit høgkvalitets opplevings- og aktivitetstilbod knytt til den dramatiske gards- og områdehistoria ved Sevletunet i Vassbotten i Nore og Uvdal i Buskerud. Sevletunet er ein av dei eldste slektsgardane i Numedal med ein særprega og godt bevart historisk bygningsmasse. Samordning av arbeid for utvikling rundt kulturminne og kulturlandskap i Vik i Sogn og Fjordane Målet er stadutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i verdifulle kulturminne som Hopperstad stavkyrkje og mellomalderkyrkja på Hove og Vikøyri i Vik i Sogn og Fjordane. Tjenestetilgjengelighet Føreropplæring i distriktene i regi av Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet Samferdselsdepartamentet og Kommunal- og regionaldepartementet har starta opp eit prøveprosjekt om desentralisert føraropplæring i tilknytning til vidaregåande skular for ungdom som bur i distrikta. Seks skular er med i prosjektet. Målet med prosjektet er å betra trafikktryggleiken for ungdomsgruppene, redusera fråværet til elevane frå den ordinære undervisninga og å gjera føreropplæringa billegare og meir tilgjengeleg i distriktsområda. Bygdebutikken som samfunnsutviklar i Andøy i Nordland Prosjektet skal gjennomførast i bygdene Risøyhamn, Dverberg, Nordmela og Bleik. Tiltaka vil fokusera på kommunale innkjøpsordningar, tiltak for å styrka butikkane som lokale møteplassar og høve for å styrka butikkane som lokale 5
tenesteleverandørar. Prosjektet skal gjennomførast i nært samarbeid med MERKUR, Kommunal- og regionaldepartementet sitt kompetanseprogram for distriktsbutikkar. Merkevarebygging og, omdømme "Flytthit" i Hedmark og Sør-Trøndelag Regionrådet for Fjellregionen startar nytt treårig Flytthit prosjekt. Prosjektet får nærare tre millionar kroner over tre år. Målet er å få unge familiar til å flytta til regionen. Flytthit er eit pilotprosjekt i et samarbeid mellom kommunane Røros, Tynset, Alvdal, Rendalen, Folldal, Os, Tolga og Holtålen. Målgruppa for prosjektet er alle som ser verdien av å flytta til ein av disse kommunane. Moderne buløysingar på bygda i Sør Trøndelag Korleis kan unge menneske tenka seg å bu på bygda? Denne utfordringa har 64 arkitektgrupper teke tak i gjennom ein arkitektkonkurranse i regi av Blilyst i Sør- Trøndelag. Arkitektur med kvalitet, estetisk gode omgjevnader og velfungerande bustader er viktig for å utvikla attraktive småsamfunn. Konkurransen vart vunnen av Lerche arkitekter AS, som fekk førstepris på 75.000 kroner for konseptløysinga Knekke koden I tillegg vart det delt ut tre andrepremiar og gjort tre innkjøp. Alle dei premierte konkurransebidraga har vore på utstillingsturne i ein container i Blilystkommunane sommaren 2007. Eit av dei premierte prosjekta Høyt på strå blir no bearbeidd, og Blilyst ønskjer å få det bygd i ein av kommunane. Breiband og IKT Breiband som katalysator for regional utvikling i de små grendene i Numedal i Buskerud Ullandskogen i Flesberg kommune, Tunhovd i Nore og Uvedal kommune og Prestmoen Fulsås i Rollag kommune får betre breibandsdekning gjennom prosjektet, som vil gje cirka. 100 einingar (husstandar og næringsliv) breibandsdekking. I tillegg til breiband vil investeringa gje mobildekning for områda som ikkje har det i dag. Målet for prosjektet er å visa korleis ein kan støtta opp om, vidareutvikla og løfta fram lokal utviklingskraft, ved å vera med og etablera kritisk infrastruktur i område der folk vil noko, men slit med avstandsulemper. Småsamfunnssatsing i Kviteseid kommune i Telemark Eit utviklingsprosjekt for å bygga opp eit IKT miljø i Kviteseid. Dette skal skje ved at det blir etablert nye verksemder i Finndalen IKT-senteret i kommunen. 6