NYE FRAMTIDSUTSIKTER FOR MATAVFALLET DITT



Like dokumenter
La meg få ein sjanse til...

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Brukarrettleiing E-post lesar

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

reint sagt Simas lanserer app! Omlastingshall teke i bruk Konkurransar OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt infoblad frå SIMAS

Til deg som bur i fosterheim år

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

6. trinn. Veke 24 Navn:

Avfall er. Kundeblad Nr Julefri flytter. tømmetid. Vi gir deg tipsene for å unngå overfylte dunker. Informasjon til husstandene i Trondheim

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Rådgjevarkonferanse 2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

reint sagt NYTTIG GJENBRUK Infoblad frå SIMAS Sorteringsguide for avfall Miljønytte Avfall 2020 OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt infoblad frå SIMAS

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

reint sagt Miljøvenleg påske Fretex-samarbeid Prosjekt: Omlastningshall OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt infoblad frå SIMAS

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Ny avfallsordning hausten 2018/ våren 2019

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Sandeid skule SFO Årsplan

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

mmm...med SMAK på timeplanen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Informasjonshefte Tuv barnehage

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brukarrettleiing. epolitiker

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

Tilgangskontroll i arbeidslivet

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

La meg få ein sjanse til...

Informasjon til elevane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Rådgjevarkonferanse 2010

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Psykologisk førstehjelp i skulen

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Søking til skuleåret

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

FORSKRIFT OM RENOVASJON- OG SLAMGEBYR ETTER UREININGSLOVA 26 OG 34

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Kva er økologisk matproduksjon?

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Informasjonssbrev Arkivplan.no

Alt må sorterast 2/2015. Informasjon frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Plan for Liabygda SFO

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Finansiering av søknaden

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Velkommen som abonnent hos Innherred Renovasjon. Hovedkontoret vårt på Verdal

Straume gjenvinningsstasjon INFORMASJONSGUIDE LONAVEGEN 20

Bruk av reiserekning i Agresso

IKT-kompetanse for øvingsskular

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Avfall som grunnlag for lokal verdiskaping i Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Transkript:

OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt Infoblad frå SIMAS - nr. 2. 2014 - desember NYE FRAMTIDSUTSIKTER FOR MATAVFALLET DITT Smart kjeldesortering Ny direktør Plukkanalyse - kva er i avfallet vårt? Nye køyreruter i SIMAS-kommunane S A IM S å r df a l b o Inf

Reint sagt Praktisk kjeldesortering i heimen Når desse orda vert skrive er det berre nokre dagar sidan storflaumen har herja Sogn. I tillegg har FN sitt klimapanel publisert sin siste delrapport med sine konklusjonar. Begge desse hendingane er grunn til ettertanke. Klimaendringar har me, og heftigare skal det verta i følgje FN-rapporten. Det som er sikkert er at me må endra bruken av jorda sine ressursar og redusere klimapåverknaden. Dette er viktige rammer for SIMAS i den daglege jobben med avfallet. Totalt handsamar me 25.000 tonn med avfall i året. Dette er ikkje mykje i forhold til i andre regionar, men det er uansett viktig å gjere dei rette tinga på ein rett måte i ei verd som er i endring. Og det er faktisk eit potensial for å skape ny verksemd! Har du ei praktisk eller kreativ løysing for kjeldesortering heime, eller leitar du etter ei? Kjeldesortering er ikkje vanskeleg. Nokon av oss har til og med born som er komme langt i forståinga om at me sparar miljøet for ressursar når me kjeldesorterer, og ein kan ha mange og gode samtalar i heimen om kvar «den og den» skal sorterast. Det finst mange måtar å organisera kjeldesorteringa heime på. Lag eit system som gjer at kjeldesorteringa ikkje vert sett på som ekstra arbeid. Smarte løysningar for ein enklare kjeldesortering kan ein finne i blant anna møbelvarehus og hjå kjøkkenleverandørar. Setta nedanfor er frå Clas Ohlson (t.v.) og IKEA (t.h.). Strai Kjøkken og Bad (i midten) byr på denne smarte løysinga, med kjeldesorteringssett i ein skuff. SIMAS har dei siste åra arbeida med å laga ein strategisk utviklingsplan for korleis ein vil utvikle verksemda. Denne er no på plass. I samband med denne skal SIMAS gjennomføre store investeringar i ny prosess for handsaming av restavfall, papir, plast og papp. Dette arbeidet er me i gang med. Når det gjeld våtorganisk avfall so har denne produksjon i stor grad vore retta inn mot eigen bruk. No er prosessanlegget utbedra og ny basisproduksjonen på plass. Det er stor aktivitet i verksemda, mykje er gjort og mykje står att! - der det viktigaste er å ha fokus på framtida! Men her er det også andre utviklingsmoglegheiter. SIMAS har, i lag med fleire andre samarbeidspartnarar, søkt om økonomisk støtte til utviklingsarbeidet som skal resultere i eit kompostprodukt retta inn mot spesifikke bruksområde, til dømes frukt og bær. I dette Reint Sagt vil du også kunne lese meir om ulike prosjekt som er gjennomført i SIMAS i år. Det er stor aktivitet i verksemda, mykje er gjort og mykje står att! der det viktigaste er å ha fokus på framtida! I jula vert det ofte ekstra avfall i samband med selskap og gåver. Rullen med plastsekker frå Simas inneheld difor 15 sekker, slik at ein gjerne har ein ekstra sekk som kan nyttas til gåvepapir. Ta sekken fram på julekvelden og kvitt deg med julegåvepapir og anna innpakning undervegs. Denne ekstra plastsekken kan i jula nyttast til innpakningspapir. Det meste av gåvepapiret inneheld fargestoff og leire, og må difor sorterast i restavfallet. Plastsekken med gåvepapir settast ut på fyrste ordinære tømming for restavfall etter julaftan. REDAKSJON Ansvarleg redaktør: Hallvard Thomassen Redaksjon: Tone Myklebust og Linn Sofie Ugulen Opplag: 13.600 Redaksjonen avslutta: 23. november 2014 Foto: Simas, arkiv, istockphoto.com, loop.no Design: Gasta design & kommunikasjon Trykk: Natvik Prenteverk Papir: 100% resirkulert papir Underteikna takkar no for seg som leiar for SIMAS IKS, og vil ynskje Magne Forberg og alle andre i SIMAS lukke til med oppgåva å halde Sogn reint og miljøvennleg. Me i SIMAS ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! Hallvard Thomassen direktør Visste du at... Om alle i Noreg hadde nytta svanemerka stearinog kubbelys, ville det kutta klimagassutsleppa like mykje som å fjerne meir enn 20 000 bilar frå vegane. Lysa kan kjøpast i daglegvarebutikkar og fleire interiørbutikkar. 2 3

Plukkanalyse SIMAS-praten med ny direktør Namn: Alder: Bustad: Magne Forberg 57 Aurland Simas IKS merka stor interesse for direktørstillinga då den vart utlyst i haust. Magne tek over roret frå 1.1.2015, og me har teke ein prat med han om forventningane hans. Kvifor ynsker du denne jobben? EE-avfall og farlig avfall funne i restavfallet. Foto: Asplan Viak Kva er i avfallet vårt? I november utførte SIMAS ein plukkanalyse av avfallet frå ulike område i Sogn. Ein plukkanalyse vert gjennomført ved at ein samlar inn avfall frå område som representerer gjennomsnittet i kommunane våre. Deretter plukkar ein avfallet frå kvarandre for å finna ut kva som er feilsortert. Analysen omfatta prøvar av matavfall og restavfall som er sortert kvar for seg. Formålet med plukkanalysen er å dokumentera samansetjinga av matavfall og restavfall for å vurdera kor effektiv kjeldesorteringsordninga er per i dag og kor stor returgrad som vert oppnådd. På bakgrunn av denne analysen vil SIMAS også vurdera potensiale for auka utsortering av ulike typar avfall. dunken. Det var også ein del plastemballasje i restavfallet. Her er det stort potensiale til å få sortert ut meir. Me fann også ein del brukbare tekstilar, som kunne vore levert til returpunkt for brukte klede og sko, og gått til ombruk. Våtorganisk avfall: Her var sorteringa stort sett bra. Det var om lag 2 % av sortert avfall som ikkje skulle vera i matavfallet. Det er viktig for SIMAS at det våtorganiske avfallet er rett sortert, då matavfallet vert nytta som råstoff i produksjonen av kompostjord. Viktig med verneutstyr Me kledde oss i kjeledress, forkle, maske med filter, vernebriller og vernesko for å vera godt beskytta. Me har også gått gjennom eit vaksineprogram før me kunne starta analysen. I 4 dagar sto me og sorterte avfallet. Me kunne sjå at det var mykje plastemballasje og matavfall i restavfallet. Her er det stort potensiale til å få sortert ut meir. Ein finn også ein del farleg avfall i restavfallet. Dette er kanskje det som er viktigast å få sortera ut av restavfallet og levera det på miljøstasjonen. Å jobba utviklingsretta og med framtida er oppgåver som triggar og utløyser kreative sider ved ein. Eg ser stort potensiale i Simas, og eg trur det vert viktig for selskapet å sjå på nye moglegheiter. Ein viktig grunn for at eg søkte direktørjobben er at eg trur Simas kan verta ei sentral kompetansebedrift i regionen. Eg håpar at eg, saman med gode kollegaer, kan bidra i den retninga. Kor og med kva jobbar du no? Eg arbeider no i hovudsak med økonomistyring, rekneskapsrapportering, budsjett- og strategiarbeid i Flåm AS. Foto: Arne Veum Kva tek du med deg av tidlegare erfaring? I løpet av mine 37 yrkesaktive år har eg vore innom og fått innsyn i ulike bransjar, noko som kanskje gjer erfaringa mi noko annleis. Folk ser på endringar på ulike måtar. Om ein klarar å ufarleggjere endringar, vert endring moro. Her krevst det proaktive handlingar i prestasjonsgruppa, opne og tillitsfulle interne prosessar og tankar om kva utviklingsretning og ståstad selskapet skal ha. Leiarerfaring frå ulike bransjar har gjeve meg ein ståstad for endringskompetanse og eit trygt leiarfundament som eg vil ta med meg inn på Simas. Kva forventingar har du til arbeidet? Våtorganisk avfall og restavfall henta inn for analyse. Foto: Asplan Viak Me har ikkje fått dei endelege resultata av analysen, men me har eit førebels resultat som seier litt om korleis sogningane kjeldesorterer; Eg gler meg til å tak i dei regionale utfordringane som byr seg når ein operer på eit så stort geografisk område, frå Høyanger i vest til Luster/Årdal i aust. Eg gler meg til å leite fram nye og gode løysingar som kanskje ikkje er utprøvd før, og som kan vere med å utvikle selskapet til ei sentral kompetansebedrift i regionen. Utfordringar som kan kome er krav til strengare handtering av avfall. Ei eventuell ny kommunereform kan påverke selskapet sine rammevilkår berre nokre år inn i framtida. Å sjå avfall som ein ressurs trur eg vil gje nye dimensjonar og moglegheiter for framtida. Restavfall: om lag 3/4 kunne teoretisk sett ha vore sortert i andre fraksjonar. Her var blant anna mykje matavfall, om lag 1/3 av restavfallet var matavfall som skulle vore sortert i den brune Illustrasjon: Datagraf Communications Me i Simas ser fram til å få Magne på plass frå nyttår! 4 Foto: Terje Eggum 5

Kompostprosjekt SIMAS har fått innvilga søknad om å etablere ei ny og berekraftig næringsverksemd basert på organisk avfall. Norges Forskingsråd støttar utviklinga av kompostanlegget vårt i Festingdalen i perioden 2014 til 2016. Simas har fått nye presscontainerarar på alle miljøstasjonane Visste du at... Du kan få 35 % avslag på renovasjonsgebyret ved å kompostera ditt eige organiske avfall, og ikkje nytta avfallsdunken for våtorganisk avfall? Du kan henta gratis kompoststrø på miljøstasjonane? Du kan delta på gratis kurs i heimekompostering i regi av Simas? Simas skal ha oversikt over kven som heimekompostera? Vebjørn Berge på miljøstasjonen i Vik og driftssjef i SIMAS Geir Øygard i samtale om den nye presscontaineren. Gjer nytte av avfallet Hovudmålet for prosjektet er å utvikle nye avfallsbaserte organiske gjødsel- og jordforbetringsprodukt som kan nyttast i landbruket. Ved å gjere nytte av organisk avfall vil me utvikle eit kompostprodukt retta mot heilt spesifikke bruksområde. Målet er å utvikla eit biologisk rikt produkt med jordforbetrande, plantestimulerande og sjukdomsførebyggande eigenskapar. Lokale produkt Me har tidlegare i hovudsak nytta den sjølvproduserte komposten til dekkmasse på eige deponi i Festingdalen. Men etter kvart har SIMAS vurdert om det kan vere aktuelt å nytte komposten til andre føremål, t.d. jordforbetring i landbruket. Eit lokalt utvikla kompostprodukt vil vere mellom SIMAS sine bidrag til avfallsbaserte ferdigvarer i framtida. Til framtidig produksjon skal det setjast av eit større areal og ein produksjonshall. Me vil her utvikle både ny kompetanse, prosessar og produkt. Produkta ynskjer me å retta mot den lokale marknaden, og spesifikke bruksområder som til dømes dyrking av bringebær. Samarbeidspartnarar SIMAS Næring AS Administrasjonen i SIMAS IKS har valgt å opprette eit eige aksjeselskap som skal ta seg av næringsrenovasjon, containerutleige og dei tenestene som ikkje er lovpålagde, for å kunne konkurrere på lik linje med andre næringsaktørar i bransjen. Selskapet har fått namnet SIMAS Næring AS. SIMAS IKS står som eigar, og dagleg leiar og andre tenester skal kjøpast ut av morselskapet. Hallvard Thomassen går frå si stilling som direktør i SIMAS IKS til dagleg leiar i SIMAS Næring AS. Næringsselskapet skal verta ein sjølvstendig aktør med eige styre. Samtidig skal det fungere som eit verktøy for SIMAS IKS for å samle inn mest mogleg avfall, gje best moglege prisar og høgast mogleg effektivitet. Dagens næringskundar vil ikkje merke noko endring. Presscontainerane vert nytta til papp og papir som du kastar oppi kammeret på pressa. Containerane vert også nytta til plast som er sortert i sekk. På miljøstasjonen kan du kaste laus plast oppi stativet med plastsekk, plassert ved sidan av pressa. Mi Side Det er klare samfunnsmessige miljøgevinster ved desse nye pressene våre. Ved sida av at dei er plassbesparande, vert tømmefrekvensen redusert, og dermed vert det mindre transport. Frå 2015 vil SIMAS tilby Mi Side, ei nettbasert løysing for hushaldningsabonnentar. Ein loggar inn ved hjelp av MinID. Velkomen til miljøstasjonane våre og prøv ut dei nye pressene! På Mi Side kan ein finne opplysningar om sitt eige renovasjons- og slamabonnement. Ein kan blandt anna finne: Tidlegare fakturaer Kva slags gebyr ein er registrert med Kva slags dunkar ein har, og størrelsen på dei Samarbeid: kven ein delar dunkar med Tømmekalendaren Matrikkelinformasjon om eigedomen Når slamtanken vart tømt sist, og når den skal tømmast neste gong Slamtankens størrelse og type Me samarbeider med Lindum som sit på fagkunnskap om kompost, og med Njøs næringsutvikling som fokuserer på nyskaping og utvikling i landsbruksprodukt som frukt og bær. 6 7

Oppdater deg på dei Mot ein kald vinter nye køyrerutene! SIMAS har fornya kontrakt for innhenting av avfall med Reno Norden AS etter tilbodsrunde tidligare i år. Det er dermed på tide å optimalisere rutene, og gjere det mest mogleg effektivt, og leggje til rette for framtida. Frå 1.1.2015 vert det endring av køyreruter for henting av avfall. Dei fleste kommunane vil få endringar, så les den nye kalendaren nøye. Den kjem i posten i veke 51/52. NB! Rute 505 og 605 i Sogndal kommune vert frå nyttår endra til 510 og 610. Då ruteendringa fører til at fyrste tømming av restavfall i 2015 ikkje finn stad før 30. januar, set me inn ei ekstra tømming av restavfall for desse abonnentane 19. januar. Dette er den einaste ruta som vert berørt av endringane på denne måten. Om det vert skikkelig kaldt kan avfall fryse fast i avfallsdunken, noko som inneber at renovatøren ikkje får avfallet med seg. Grunna helsemessige omsyn skal ikkje renovatørane ta i avfallet, og det som ikkje fell ut av seg sjølv blir igjen i dunken. For å sørge for at alt avfall vert med under tømming og ikkje frys fast, kan du leggje ei avis, eggekartong, bark, strø eller flis i botn av dunken. Du kan også leggje tørkepapir eller avispapir oppi saman med avfallet for å trekke til seg litt av fuktigheita. Sørg for at bioposen er godt knytt saman. Kvar vert det av avfallet? Som oftast er det fokus på korleis ein sortera avfallet, og ikkje korleis avfallet vert vidare handsama. Me ynskjer å gje dykk eit innblikk i kor det hamnar etter å ha forlete avfallsdunkane. Når renovatøren kjem for å tømme avfallsdunkane dykkar vert ulike typar avfall tømt i ulike kammer i bilen. Avfallet vert soleis ikkje blanda. Bilen køyrer avfallet til Festingdalen der det vert tømt på ulike avdelingar på miljø- og avfallsstasjonen. Hugs å måke og strø så renovatøren kjem seg fint fram. God vinter! Papp vert pressa, sendt vidare til sortering og vert gjenvunne til nye papirprodukt. Papir og drikkekartong vert send vidare i bulk til sortering. Plastembalasjen vert pressa, sendt vidare til sortering og endar opp som nye plastprodukt. Matavfallet vert kompostert i vårt eige kompostanlegg, der det etter modning og lagring vert til kompostjord. Foto: Kåre Stokkenes Restavfallet frå bossbilen og miljøstasjonen vert sendt til eit forbrenningsanlegg i Sverige for energiutnytting i form av straum og varme. Energimengda som går med til transport utgjer kun 5 % av den samla energien på lasset. Dei andre avfallstypane som vert levert på miljøstasjonane vert også gjenvunne. Jern vert til nye jernprodukt, trevirke vert sendt til Sverige for energiutnytting og farleg avfall vert sendt til eit godkjend anlegg for vidare handsaming. Hageavfallet vert kverna og delvis nytta i kompostprosessen. Johny Birkeland Transport AS tek over som slamrenovatør frå 1.1.2015. Simas har ansvaret for slamtømming i alle kommunane i Sogn. Johny Birkeland Transport AS utfører tømminga på vegne av oss. Om ein treng tømming utanom ordinær tømmerute vert dette ei tilleggsteneste som kan tingast hjå Simas. Ta kontakt med Simas for informasjon og tinging. Telefon SIMAS: 57 65 70 70 Vakttelefon slamrenovatør: 97 01 00 92 8 9

Uglekviss For lovpålagde abonnement, slik som krav om renovasjon, er det faste forfall i løpet av året 1. april og 1. oktober. Det er viktig at abonnenten kontaktar SIMAS IKS dersom ein ikkje har motteke faktura ei stund før terminforfall, slik at eventuelle feil på adresse eller på abonnementet eller likande kan avklarast og korrigerast, og kravet kan betalast. For desse krava er det lovbestemt pant, noko som gjer at kravet automatisk får fyrsterett til dekning i eigedommen dersom det ikkje vert betalt ved forfall. Dette bør ein vite om renovasjonsgebyret Tinglyst eigar eller festar av ein eigedom står alltid ansvarlig for at renovasjonsgebyret vert betalt. Eit ubetalt renovasjonsgebyr er eit hefte på eigedomen. SIMAS fakturerar to gongar i året, og det er tinglyst eigar på faktureringstidspunktet som mottek faktura. Når ein eigedom vert seld må gebyret avreknast mellom kjøpar og seljer. Eigedomsmeklar vil som regel bidra med dette. Simas tek over faktureringa Frå 1.1.2015 tek SIMAS over faktureringa av slam og renovasjon i Sogndal kommune, og faktureringa av slam i Høyanger kommune. Me har då ansvaret for fakturering av slamog renovasjonsgebyr i alle SIMAS-kommunane. Illustrasjon: Datagraf Communications SIMAS tilbyr AvtaleGiro og efaktura Avtalegiro er tilpassa dei som ynskjer automatisk betaling av rekningane sine. Med denne løysinga syter banken for at dei faste rekningane vert betalt direkte frå konto på forfallsdato. Du får god oversikt ved at du får varsel minst 7 dagar før forfall, og kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta. Du kan oppretta avtalegiro i nettbanken eller ved å kontakta banken. Med efaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken, ein enkel og miljøvenleg løysing. Du slepp å tasta lange KID- og kontonummer når du skal betala, det einaste du må gjera er å godkjenna betalinga. Når du har betalt rekninga, vert den oppbevart elektronisk i nettbanken. På denne måten har du til ei kvar tid full oversikt over både betalte og ubetalte rekningar. Du kan velja å verta varsla på e-post kvar gong du mottek ei ny rekning i nettbanken. Kombinasjon av avtalegiro og efaktura Du kan velja å få efaktura automatisk betalt på forfallsdato ved å kombinera efaktura med avtalegiro. Med denne kombinasjonen vert efaktura framleis sendt direkte i nettbanken din og lagra der, men du slepp å godkjenna betalinga for at pengane skal verta trekt frå konto. 10 Set ein ring rundt talet framføre rett svar. Kvifor skal vi skylle, brette og stappe mjølkekartongar? 1. For å verte sterke 2. Fordi vi liker å gjere reint 3. For å lage nytt papir Kvar kan vi levere ein øydelagd mobiltelefon? 1. Der dei sel mobiltelefonar 2. Der vi kastar matrestar 3. I ei skuffe på kjøkenet Kva er plast laga av? 1. Sagflis 2. Glas 3. Olje Kva tyder dette? 1. Kjøp flasker og boksar her 2. Lag ei kjempegod suppe 3. Kast flasker og boksar her Kva er ein attvinningsstasjon? 1. Ein stad der vi vinn om att og om att 2. Ein togstasjon 3. Ein stad der vi kan levere avfall som vi har sortert Kva er kompost? 1. Ein dessert laga av frukt 2. Jord laga av planterestar og matrestar 3. Ein komponist Kvar skal vi kaste ein øydelagd sofa? 1. Setje han utanfor døra til naboen 2. Bere han til busshaldeplassen 3. Levere han på ein attvinningsstasjon www.holdnorgerent.no www.loop.no Teikning: Svein Samuelsen 12 2009 Når fakturaer ikkje vert betalt innan fristen, er det Kreditorforeningen Vest SA som på vegne av SIMAS IKS sender ut inkassovarsel. Inkassovarselet er meint som ei påminning om at eit krav står ubetalt, samt for å avklare eventuelle feil i kravet. I inkassovarselet vert det gitt ny betalingsfrist på 14 dagar. Dersom kravet ikkje er betalt innan fristen, kan inkassosak verta etablert. barna si side Inkassovarsel 11

Informasjon RETURADRESSE: SIMAS IKS Amla 6854 Kaupanger B Gjer renovatøren glad og tømminga effektiv ved å...... måke og strø slik at dei kjem seg trygt fram... plassere dunken slik at den ikkje frys fast... setje dunken slik at handtaket vender mot renovasjonsbilen Hugs også at...... dunkane må vera sett ut kl 07.00 på hentedag... dunkane må vera lett tilgjengelege på hentedag... loket skal gå heilt att, overfylte dunkar vert ikkje tømde Opningstider for miljøstasjonane mellom jul og nyttår Aurland Måndag 22.12.14 12-18 Balestrand Måndag 22.12.14 14-18 Høyanger Måndag 22.12.14 12-18 Leikanger Måndag 22.12.14 12-18 Luster Måndag 22.12.14 12-18 Lærdal Måndag 22.12.14 14-18 Vik Måndag 22.12.14 12-18 Visste du at renovasjonsbilane til SIMAS tømmer 55.000 avfallsdunkar kvar einaste månad? Hugs å oppdatere deg på den nye avfallskalendaren for 2015! Raude restavfallssekker Raude restavfallssekkar er berekna til ekstra restavfall og skal setjast ut ilag med restavfallsdunken ved ordinær tømming. Desse kan kjøpast for kr 100,- ved tenestetorga i kommunen. Ny pris frå 1.1.2015 kr. 75,-. Utdeling av bioposar og plastsekkar 2015 Plastsekkar vert utlevert i veke 10 og 11. Bioposar i veke 16 og 17. Slik skal ein henteplass sjå ut før tømming. Sogndal Måndag 22.12.14 9-18 Måndag 29.12.14 10-14 Kontortid for SIMAS mellom jul og nyttår Julaftan: Stengt 29.12-30.12: Kl 10.00-14.00 Nyttårsaftan: Kl 08.00-12.00 Bosstømming i jula Sjekk kalendaren om du skulle hatt tømming i jule- eller nyttårshelga. Desse tømmingane er flytta til andre hentedagar. Me ynskjer alle våre kundar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og eit godt nytt år! Kontakt oss på telefon 57 65 70 70, post@simas.no eller www.simas.no gasta.no