O-INFO 2017 STORD ORIENTERING Starten på Sunnhordlandsmeisterskapet i stafett, fin blanding av alle aldersgrupper. Informasjonshefte om o-gruppa sine tilbod til aktivitet med kart og kompass i Sunnhordland; - følg også med på www.stordo.no Takk til alle sponsorar og støttespelarar!
Leiaren har ordet Velkomen til 2017 sesongen! Forberedelsane er godt i gang, terminlista er på plass og det er også i år godt tilbod på løpsfronten. 1. rankingløp blir 4. april på Fitjar så går det slag i slag med sprintløp og rankingløp til ut i september. Helga 1.-2. april arrangerar me tradisjonell Kristtornhelg på Stord med Kristtornspretten og Sparebankløpet på laurdagen og Kristtornløp med Hordalandsranking på søndagen. Samlingsplass i år blir ved Presthaugshavet på Fjellgardane. Eg vil også oppfordra alle dåke som er ute og tar tur-o postar til å kome og prøva seg på løp. Det er berre å møta opp, kart og brikke for tidtaking får ein utdelt. Deltaking er gratis og det er fire ulike løyper å prøva seg i, frå heilt enkel til krevjande orientering. Det vert arrangert 10 slike løp i skogen i løpet av sesongen i tillegg kan ein prøva seg på 5 sprintløp. Ein kan også ta seg ein tur utan tidtaking dersom ein ynskjer det. Oversikt over løpa finn ein på side 10 og 11, følg også med på heimesida vår. Tur orienteringsaktiviteten er stor på Stord og i år arrangerast den for 46. gong. I fjor hadde me ny rekord i salg av tur-o konvolutter med totalt 507 fordelt på Storatraven og Litlatraven, me håpar på minst lika stor oppslutning i år. Postane er allerede i skogen så det er berre å koma seg ut. Me vil også i år plukka oss ut nokre løp utanfor Stord der me prøver å med flest mogleg løparar. Eit av dette er Odda 2-dagers 17.-18. juni, her vil me gjenta opplegget frå tidlegare år med å leige Lontjørnhytta i lag med Fitjar. Me håpar også flest mogleg av ungdomsløparane våre i alderen 14-16 år vil bli med på O-landsleir/Hovedløpet som arrangerast på Beitostølen 10.-15. august. Dette er ei flott oppleving både sosialt og sportsleg der ein møter løparar frå heile landet til trening og konkurranse. Me tenkjer også å ha med nokre lag til stafetten Night Hawk som går ved Hønefoss helga 4.-6. august. Dette er ein stafett ein prøver å bygga opp i Noreg på linje med Tio-mila i Sverige og Jukola i Finland. Eg vil og retta ei stor takk til alle i Stord Orientering som legg ned mange timar med arbeid for at me skal kunne arrangera treningar, løp og sosiale aktivitetar. Dersom nokon har gode forslag til aktivitetar eller kan tenkja seg å bidra på ein eller annan måte er det berre å ta kontakt. Følg med på Stord Orientering sine aktivitetar via heimasida vår www.stordo.no, eller facebooksida Stord Orientering. Ha ein flott sesong med mange gode opplevingar i skogen! Helsing Henrik Side 2 av 28
Tillitspersonar i Stord Orientering Styret Leiar Henrik Ottesen Høgestølen 7 henrik.ottesen@sklbb.no 41 85 03 69 Kasserar Nina Hagerup Myraskogen 48 B nina.nina@hotmail.no 95 26 70 67 Styremedl. Teknisk Styremedl. Kart Styremedl. Rekrutt. Irinja Almås Sjoarbakken 22 irinja@gmail.com 45 85 11 89 Åge Hovden Håvåsen 37a hovop@sklbb.no 90 17 03 91 Sveinung Rykkje Sæbøløkjen 15 Varamedlem Bjarthe Westerheim Kroktjødnev. 40 Andre Tillitspersonar sveinung.rykkje@ sklbb.no bwesterheim@ hotmail.com 93 49 15 95 97 75 61 23 Materialforvaltar sklbb.no 48 20 40 81 Kenneth Westerheim Haga 3 kenneth.westerheim@ 53 41 70 33 Kartråd Åge Hovden Håvåsen 37a hovop@sklbb.no 90 17 03 91 Sveinung Rykkje Sæbøløkjen 15 sveinung.rykkje@ sklbb.no 93 49 15 95 Turorientering Arne Henrik Hovden Trodlahaugen 61 arne.henrik.hovden@ 95 11 86 40 kvaerner.com Steinar Slettemark Kårehaugen 3 steinar.slettemark@ 53 41 73 01 sklbb.no Jon Magne Bratseth Hadlabrekko 34 jon.magne.bratseth@ 90 07 67 76 sklbb.no Even Rolfsnes Storasletto 55 Even.Rolfsnes@ 99 61 93 14 kvaerner.com Gerda Malene Øen Borggata 63 gerdaoen@hotmail.com 90 99 41 56 Jan Ove Øen Borggata 63 jooeen@online.no 98 10 10 60 Rekruttering Sveinung Rykkje Sæbøløkjen 15 sveinung.rykkje@ sklbb.no 93 49 15 95 Gunn Kjersti Røgenes Hjortåsen 4 grogenes@sklbb.no 92 23 72 16 Uttakingskomiteen Jarle Halland Myraskogen 5 Jarle.Halland@ applyleirvik.no 98 29 93 29 Bjarthe Westerheim Kroktjødnevegen bwesterheim@ 97 75 61 23 40 hotmail.com Linda Rykkje Sæbøløkjen 15 linda-rykkje@sklbb.no 47 09 75 95 Valnemnd Jarle Halland Myraskogen 5 Jarle.Halland@ 98 29 93 29 applyleirvik.no Tove Agdestein Ås 18 tavagd@gmail.com 53 41 60 68 Rankingførar Ove Vedøy Hiljesgjerdet 36 ove.vedoy@sklbb.no 98 24 21 47 Side 3 av 28
Turorientering O-gruppa arrangerer i år «Storatraven» for 46. gong, og «Litlatraven» for 5.gong. Begge «travane» har felles heimeside (http://turorientering.no) for postregistrering, informasjon og statistikk! Storatraven: Dette er eit tilbod til dei som vil ha variasjon mellom lette og litt meir utfordrande postar. I år er det plassert 20 postar i Landåsen og 20 rundt Hauglandskvedno og 20 i Lundeåsen. Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 150 Litlatraven: Dette er eit tilbod til dei som vil ha enklare og meir tilgjengelege postar. I år er det 15 postar rundt Ådlandsvatnet og 15 i Øvre Øklandsområdet Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 100. Felles: Dei som registrerer kodar på nett, har rett til gratis Tur-o-merke om ein oppnår nok poeng til bronse, sølv eller gull merke innan respektivt opplegg. Desse vert delt ut på tur-o premieutdelinga på hausten. Tid: Frå 11 mars til 31. august Tips: Våren er gjerne finaste tida i skogen, med god sikt og lite insekt. Salstader: Sport 1 Stord AS, Stord Senter 3.etg G-Sport - Trygve Dahl A/S Intersport Sykkel og Sport, Heiane Delli de Luca, ESSO stasjonen i Sæ, Leirvik Kontaktpersonar for turorientering er : Arne Henrik Hovden tlf 95118640 Storatraven: Jon Magne Bratseth tlf 900 76776 Even Rolfsnes tlf 996 19314 Steinar Slettemark tlf 534 17301 Edel Slettemark tlf 993 49011 Litlatraven: Gerda Øen tlf 909 94156 Jan Ove Øen tlf 901 43201 Meld frå på telefon om postar er forsvunne! Du kan også sende mail til arne.henrik.hovden@kvaerner.com Side 4 av 28
O-løp på Stord Det vert sprintløp/rankingløp kvar tysdag i sesongen, - tid og stad står i bladet Sunnhordland måndag før løpet. Følg elles med på heimesida stordo.no og eventor.orientering.no for informasjon om løp og trening, samt terminlista i dette heftet. Hugs å kontrollera om/når du skal vera arrangør bytt sjølv med ein annan på lista dersom datoen ikkje passar! Det er ingen startkontingent på løpa. Leige av tidtakingsbrikke: Kr. 20 (Nye løparar får låne brikke gratis fyrste sesongen) NB! Medlemmar kan kjøpe brikke til sterkt redusert pris, kun kr 300,- Løype og klasseoversikt: Løype Lengd Nivå Klassar A-Lang ca 4.0 km A H15-16 H17 H40 H50 D17 B-Kort ca 3.0 km B H13-14 H-Open H60 H70 D13-14 D15-16 D-Open D40 D50 D60 C-Kort ca 2.5 km C H11-12 H13-16C H17C D11-12 D13-16C D17C N-Nyb. ca 2.0 km N N-Open H11-12N H13-16N H17N D11-12N D13-16N D17N N-Open skal t.d. nyttast når løparen har erfaren medhjelpar med seg i løypa. N-Open skal ikkje rangerast i resultatlista. NB! Det skal vera tilbod i alle løyper om å springa/gå gjennom utan tidtaking. Du som skal arrangere løp må hugse: Bruk informasjon under Løp og trening - Løp i Sunnhordland på heimesida! Lysing i avisa Sunnhordland. Hent skjermar, postbukkar og kart hjå materialforvaltaren, og lever dette tilbake ryddig og reint snarast etter løpet. At lettløypa har passeleg nivå. At løypeleggar bør ta omsyn til stigningsforhold og terrengtype for eventuelt å redusera løypelengder, eller å unngå unødig tunge løyper. At nybyrjarløypa er enkel, går langs ledelinjer, har korte strekk, postane ligg lett synleg på tydelege detaljar. Ei nybyrjarløype er ikkje lett å leggja, så bruk litt tid på den. Sett evt. innkomne pengar inn på konto 3520.07.13085 adressert til Stord Orientering, PB. 431, 5403 Stord Avtal med rankingførar lever resultatliste og eventuelt referat/bilete til Sunnhordland. Lever kvittering og utfylt skjema til kasseraren. VIKTIG! Ta kontakt med grunneigar andsynes samlingsplass/parkering. Side 5 av 28
Reglar for premiering av rankingløp: Klassevinnarane har alltid rett til premie dersom dei har minst 3100 poeng i klassane under 15 år, og minst 4100 poeng i dei andre klassane. Løparar som har oppnådd minst 5500 poeng har alltid rett til premie, uansett plassering. Løparar som er blant den beste sjettedel av alle deltakarar i klassen og har oppnådd minst 4000 poeng, har rett til premie. Alle nybyrjarar som har fullført 4 løp får premie. Dei 6 beste løpa til løparen (av 10 moglege) tel. Om løparar då står likt avgjer det 7. beste løpet o.s.b. Gruppekontingenten: Kontingenten for 2017 vert: Medlemmer opp til 17 år kr. 200 Studentar/skuleungdom kr. 250 Andre over 17 år kr. 350 Familiar (born under 20 år) kr. 700 Støttemedlemmer kr. 250 Kontingenten til hovudlaget kjem som eige krav i tillegg. Alderen vert rekna frå det året ein fyller 17 år. Kontingenten kan betalast på bankgiro 3520.07.13085, Stord Orientering, PB. 431, 5403 Stord. Det er viktig at kasseraren får melding om alle adresseendringar. Dersom du er ny medlem og ikkje har fått bankgiro slik at du får betalt kontingenten, sender du ein mail til til kasserar nina.nina@hotmail.no Vi treng følgjande opplysningar for å kunne registrere deg som medlem: Namn, adresse, fødselsdato, tlfnr. og email. Dersom du ønskjer å bli medlem, sender du same info som over til kasserar, eller bruker innmeldingsskjema på www.stordo.no. Grasrotandelen Når du tippar hos Norsk Tipping, går 5% av innsatsen til lag og organisasjonar. Som registrert spelar, kan du velja å la dette gå direkte til Stord Orientering (org.nr: 996 500 713). Du får meir informasjon hos tippe-kommisjonæren eller via www.grasrotandelen.no Side 6 av 28
Tidtaking på Rankingløp/Sprintløp NB! Viktig! Hugs følgjande ved bruk av tidtakingsbrikke: Sørg for å aktivisere brikka skikkeleg på start (hald nede i min 3 sek.) Om du leiger brikke og deltar jamnleg, sparar du rankingførar for mykje arbeid ved å leiga ei brikke for heile sesongen. Spring du med ei brikke du har lånt av andre må du melda klart frå til arrangøren - dette gjeld ALLE som låner, også innan familien! Bruk aldri ei brikke som ein annan løpar har brukt same løpsdag. Hugs å lese av brikka etter målgang. Legg brikka heilt ned i posteininga. Elles risikerer ein at posten ikkje vert registrert elektronisk og at ein blir diska. Hald "køen" etter målgang. - og til deg som er arrangør: Ved feil på ei brikke må du prøva å rekna ut sluttida ut frå startlista og opplysningane frå løparen. I dei fleste tilfeller vil ein kunne rekna seg fram til ei tid som stemmer sånn nokolunde. Denne manuelle tida må førast på startlista. Slå av målklokka etter løpet. Leverer lister, løypekart og klokka til rankingførar som legg resultata ut på Eventor og sender kopi til Sunnhordland. Listene må innehalda fullstendige opplysingar om alle som har starta, (- namn, klubb, brikke, klasse)! Side 7 av 28
Løp utanfor Stord For dei som er interessert i fleire løp enn dei som går på Stord, er tilbodet stort, - sjå eventor.orientering.no, og sjekk heimesida www.stordo.no. Me oppmodar Stordløparane til å slutta opp om Kretsrankingløpa i Hordaland. Påmelding til uteløp Alle løpsinnbydingar til løp utanom Stord finn ein i Eventor, det er link til Eventor på heimesida vår. I Eventor vil ein og sjå kven andre frå Stord som har meldt seg på. Og alle andre som skal delta i løpet Startkontingent/eigenandel til løp utanom klubben Det vil ikkje bli krevd egenandel/startkontigent ved løp utanom Stord i år. Har du ikkje eigen brikke, kan du låne av klubben ved deltaking på løp utanom øya, ta då kontakt på tirsdagsløpet for tildeling av brikke. Ellers dekker du kostnaden med brikkeleige sjølv. Dersom ein påmeld løpar ikkje stiller opp, utan spesiell grunn, sjukdom o.l. må ho/han betala heile kontingenten sjølv. Ved etterpåmelding må det betalast eit tillegg til startkontingenten som løparen må betala sjølv. For ferieløp betalar ein heile startkontingenten sjølv. Ferieløp vert rekna frå siste løp i Hordaland O-krets før ferien, til første løp etter ferien. Storleiken på eigenandel ved deltaking i større løp/stafettar, vert avgjort for kvart løp. For å letta arbeidet for oppmannen, vil det ikkje verta kravd inn eigenandel på reisa, men det vil verta sendt ut krav om innbetaling utover sesongen. På bankgiroen vil det berre stå beløpet som skal betalast, ikkje kva for løp det gjeld. Det får kvar einskild halda orden på for seg sjølv. Kravet vert sendt ut i høve til påmeldingslista. Reiseutgifter Det er alltid ein føresetnad for utbetaling at skjemaet for reiseoppgjer er fylt ut og levert kasserar. Det skal leverast eit skjema for kvar einskild reise. NB! Lever reiseoppgjersskjemaet til kasseraren snarast etter at reisa er avslutta. Alle billettar/kvitteringar skal heftast saman med skjemaet. Utgifter som ikkje kan dokumenterast, blir ikkje dekka. Ved reiser til løp i Hordaland/Rogaland blir ferjebillettar/bompengar med bil dekka, under føresetnad av at det er minst tre løparar i bile n. Passasjerane i bilen må dela på resten av utgiftene. Kvittering må leverast kasserar før utbetaling skjer. Klubben har nokre ferjekort, disse har Sveinung Rykkje, Kenneth Westerheim og Jarle Halland, ta kontakt med dei om ein treng å låna. For løparar som kan delta i hovudløp og NM, og løparar som vil kvalifisera seg til elitestatus eller halda på elitestatusen, gjeld følgjande reglar ved slike løp: - Ved bruk av eigen bil med minimum tre løparar blir utgifter til ferje og bompengar dekka heilt. Side 8 av 28
Reiseutgifter i samband med hovudløp og NM blir dekka fullt ut ved billegaste reisemåte. Reiseutgifter i samband med større løp skal delast mellom O-gruppa og den einskilde deltakaren. Storleiken på eigenandelen blir bestemt av styret, og er avhengig av dei totale kostnadene ved arrangementet. Reiseutgifter til ferieløp blir ikkje dekka av O-gruppa. NB! Meld deg på til løpa i god tid, vent ikkje til siste dagen! Utdeling av Tur-O merker. Side 9 av 28
Terminliste for Sunnhordland 2017 OBS! Du må sjølv byta med ein annan på lista om datoen ikkje høver!! Dato Løp Møtestad Løpsleiar Medhjelparar April 1-2.4 Kristtornløpa Presthaughavet Marit S.Grimstad Åge Hovden, Henrik Ottesen/Sveinung Rykkje (løypeleggjar) 04. 1.rankingløp Olstjødno, Fitjar 18. 1.sprintløp/nyb. Hystad skule Tove Agdestein Arnfrid Skjæveland Øyvind Almås Nina Mæland Polden Annie Myhre Anita Myhre (mor til Annie) 25. 2.rankingløp Skjeljaviksmarka, Onarheim Mai 02. 3.rankingløp Øvre Økland Jarle Halland Even Rolfnes Atle Irgens Reidar Brevik Øyvind Kyvik Arild Andersen (far til Johannes) 09. 2. sprintløp/nyb. Sagvåg skule Anders Ekse Asle Skulstad/Guro Skulstad Martin Stautland/Øystein Stautland Jonny Huse 16. 4.rankingløp Vatna/Vad Harald Gjøsæther Jarle Haugland Arne Bjelland Gunnar Nysæther/Randi Nysæther Aud Kannelønning Vad 23. 5.rankingløp Auklandshamn skule, Sveio 30. 6. rankingløp Presthaughavet Åge Hovden Råmund Hovden Kirsti Frugård Lars Harald Frugård Wilhelm Engelsen Juni 06. Sunnhordland mesterskap stafett Digernes/Heiane sør Sveinung Rykkje 13. 7.rankingløp Sjoalemyro Kenneth Westerheim 20. 3.sprintløp/nyb. Dagfinnsvikjo, Kårevik Avslutning med grilling! Stian Rykkje Stian Bratseth Irinja Almås Magne Andresen Jostein Bergsvåg Stig Helge Westerheim Lars Helge Westerheim Marie Aasheim Audvald Kvamme Marit Grimstad Ingrid Grimstad Magnus Aarbø Vladimir Krutikov (far til Ivan) Svein-Erik Vinje (far til Amund) Side 10 av 28
August 15. 8.rankingløp Saneset Jan Ove Øen Gerda Øen Malene Øen Geir Torsnes Willy Wilhelmsen 22. 9.rankingløp Kraftstasjonen Henrik Ottesen Øyvind Gaute Berg Elisabeth Berg Magnar Hillesdal Turid Helland Britt R. Theodorsen 29. 4.sprintløp/nyb Fitjar September 05. 10. rankingløp Landåsen Oddmund Roaldvam 9. lørdag Møllesprinten Fitjar 12. 5.sprintløp Leirvik/Esso Steinar Slettemark Desember 26. Romjulsløpet Landåsen v/vabakkjen Arne Henrik Hovden Gunn Kjersti Røgenes Steinar Røgenes Harald Haugen Jon Magne Bratseth Edel Slettemark Nina Hagerup Ingvar Rafdal Brage Løver Hovden Anne Løver Linda Rykkje Løpsleiar har ansvar for løyper, tar kontakt med medhjelparar (vedlagt kontaktinfo) og fordeler oppgåver. Flest mogleg medhjelparar bør få delta på løpet, prioriter dei unge. Medhjelparar har an svar for å gi melding ved sjukdoms fråfall. For arrangørar og medhjelparar: http://arkiv.stordo.no/ostoff/grunndoku/arrangorhjelp/lokalelop.htm Side 11 av 28
Rekrutteringsarbeid, O-skule O-skulen på Leirvik skule hadde stabilt rundt 10 deltakarar på våren og rundt 12 på hausten. Aldersgruppa er mellom 8 og 16år. Denne aktiviteten starta september 2012 og held på frå o-sesongen sluttar på hausten, til ny sesong startar opp i april. Her er det o-tekniske økter kvar gang. Gruppa deles ofte i to for utvikling på ulike nivå. Trenarar har vert Råmund, Marit, Ingrid, Stian, Sveinung og Gunn-Kjersti. Nytt for haust 2016 og utover har vert eit utvida tilbod i forhold til tidlegare år. O- gubben på måndagar, gate/nattløp annakvar tysdag, o-skule på torsdagar ute og inne i gamlehallen, og annakvar veke o-tekniske laurdagstreningar. Me har treningskalender med innlagt litt kos som frukt, bollar og julekaker på enkelte treningar. Måndagar har ikkje dei yngste stilt opp, tysdagar og torsdagar har det vert i gjennomsnitt rundt 14 stk på treningar/løp og laurdagar rundt 4-5. Rekruttering Me har heldt Nybyrjarkurs 3.april på yrkesskulen, før sesongstart og 27.september på Vikahaugane sportssenter då o-skulen starta. Av deltakarane er det blitt to ny medlemmer. Finn fram dagen 29.mai var det Finn-Fram dag på Vaskeriplanet på Litlabø med mange potensielle o- løparar innom i blant anna labyrint-orientering. Samlingar og satsingsløp i henhold til tiltaksplan 17.april etter Kristtornløpa hadde me pizza-samling med Fitjar si o-gruppe på Yrkesskulen. Det var rundt 20 personer totalt. Quiz og sosialt. Det var HOK-treningssamling 12-20+ på MIF-hytta ved Konnerud etter o-festivalen. Her var Stian og Jens K frå Fitjar med. Me skulle ha o-troll leir på Lundarstølen 11.-12.jun saman med Fitjar IL, men hytte var ikkje ledig, så me utsette denne til samling i forbindelse med Møllesprinten 10.september. Der var det var løp og o-bingo på Fitjar og påfølgande Pizzasamling i fleirbrukshallen. På søndagen var det o-sløyfer med fellesstart på Lundarstølen og deretter pølsegrilling. Samlinga inkluderte Odda si o-gruppe og det var rundt 30 deltakarar og 10 løparar frå oss. Side 12 av 28
6.-10.aug. Hovedløp og O-landsleir er «Årets høgdepunkt» for 14-16.åringar. I år var dette ved Konnerud og me hadde med Annie, Martin og Stian. Dei reiste og overnatta med HOK. I 2017 vert dette arrangementet på Beitostølen. 20.-21.aug. var me på Odda 2-dagers/ Vestlandsmeisterskap med overnatting på Lontjønnhytta saman med Fitjar. Her vart det som vanleg felles grilling på kvelden. 19-20.nov var det HOK-ungdomssamling 13-16 år på Frekhaug. Her var det berre Annie som reiste. Flott oppmøte på årsavslutning med premieutdeling. Side 13 av 28
Sunnhordlandsrankingen 2016 D 11-12 1 Tonje Rykkje Stord 4000 1000 1000 1000 1000 2 Mari Fitjar Hjelle Fitjar 1000 1000 D 11-12N 1 Selma Andresen Stord 6000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 2 Erika Jæger Stord 5135 869 908 710 901 800 947 3 Tonje Rykkje Stord 3753 1000 997 808 948 4 Sigrid S. Berg Stord 1678 848 830 5 Live S. Bergsvåg Stord 1515 709 806 6 Emily Almås Stord 872 872 7 Live Øen Stord 751 751 8 Veslemøy Skulstad Stord 551 551 D 13-16C 1 Oda Volden de Fine Fitjar 1000 1000 2 Eline Fitjar Hjelle Fitjar 833 833 D 13-16N 1 Nora L. Rykkje Stord 1000 1000 D 15-16 1 Annie Myhre Stord 6000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 D 17-1 Tove V. Agdestein Stord 5986 855 1000 1000 1000 1000 931 1000 986 728 2 Arnfrid Skjæveland Stord 5538 779 824 692 1000 799 915 1000 698 1000 610 3 Irinja Almås Stord 4209 1000 0 788 0 856 672 893 4 Malene Øen Stord 2700 703 997 1000 5 Edel Slettemark Stord 2693 319 573 543 553 705 D 17-C 1 Nina Hagerup Stord 6000 959 1000 1000 1000 1000 1000 1000 593 999 2 Brynhild M. Stautland Stord 3935 956 979 1000 1000 3 Turid Helland Stord 2300 124 845 658 673 4 Mette Fitjar Fitjar 1958 1000 958 5 Randi Nysæter Stord 1947 384 583 253 727 6 Britt R Theodorsen Stord 1540 774 766 Side 14 av 28
7 Anne Gjøsæter Stord 816 816 8 Randi Høyvik Stord 785 785 9 Aud Jorunn Vedøy Stord 784 784 10 Kirsti A. Frugård Stord 681 681 D 40-1 Linda Rykkje Stord 6000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 2 Gunn Kjersti Røgenes Stord 3877 541 818 860 1000 658 3 Marit S. Grimstad Stord 2128 0 586 542 1000 4 Elisabeth S. Berg Stord 778 778 D 60-1 Marie Aasheim Stord 5000 1000 1000 1000 1000 1000 D-Open 1 Malene Øen Stord 1000 1000 2 Kristine Vad Stord 901 901 H 11-12 1 Jørgen Skram Isdahl Fitjar 1000 1000 1 Halvor L. Aga Fitjar 1000 1000 H 11-12N 1 Eirik S. Berg Stord 2926 1000 1000 926 2 Magnus Andresen Stord 1000 1000 2 Ola Vad Hella Stord 1000 1000 4 Emil Vad Hella Stord 998 998 H 13-14 1 Martin Stautland Stord 5799 1000 969 1000 933 897 1000 0 2 Jens Øien Kloster Fitjar 5747 837 747 910 1000 1000 1000 1000 3 Ivan Krutikov Stord 5526 1000 983 1000 817 925 730 801 4 Jørgen Westerheim Stord 2096 0 630 186 1000 280 H 13-16C 1 Johannes Andersen Stord 6000 999 1000 1000 1000 1000 1000 1000 2 Jørgen Westerheim Stord 2950 1000 0 999 951 3 Mathias K. Turøy Fitjar 1000 1000 Side 15 av 28
H 13-16N 1 Håkon S. Berg Stord 1982 1000 982 2 Jonas Engevik Stord 1000 1000 H 15-16 1 Stian Rykkje Stord 6000 1000 1000 1000 1000 1000 0 1000 H 17-1 Kenneth Westerheim Stord 6000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 2 Stian Rykkje Stord 2790 841 1000 949 3 Stig Helge Westerheim Stord 2682 772 1000 0 910 4 Råmund Løver Hovden Stord 1382 743 639 5 Bjarthe Westerheim Stord 1000 1000 6 Håkon Rykkje Stord 853 853 7 Stian Bratseth Stord 609 609 8 Ingvar Rafdal Stord 543 543 H 17-C 1 Oddvar de Fine Fitjar 1000 1000 1 Johannes Olsen Fitjar 1000 1000 1 Gisle Hjelmen Stord 1000 1000 H 40-1 Henrik Ottesen Stord 6000 1000 914 892 1000 1000 801 1000 1000 1000 1000 2 Even Rolfsnes Stord 4883 759 723 685 884 653 864 743 798 835 3 Jarle Haugland Stord 4660 834 935 1000 956 935 4 Ove Vedøy Stord 4460 208 614 572 569 672 757 673 763 761 834 5 Sveinung Rykkje Stord 3977 984 1000 1000 0 993 6 Øyvind Gaute Berg Stord 1751 417 0 613 0 721 7 Rune Vassenden Halsnøy 708 708 H 50-1 Arne Henrik Hovden Stord 6000 1000 1000 1000 1000 1000 1000 2 Jarle Halland Stord 5631 753 883 782 872 906 1000 0 0 970 1000 3 Rolf Atle Rolfsnes Fitjar 5363 700 868 903 887 964 907 834 4 Magnar Hillesdal Stord 5224 667 1000 825 922 794 683 1000 5 Leif Gunnar Hovden Halsnøy 4902 792 908 662 759 921 758 692 764 6 Jon Magne Bratseth Stord 2264 625 817 822 0 7 Steinar Røgenes Stord 986 557 429 8 Lars Harald Frugård Stord 861 861 Side 16 av 28
H 60-1 Sigmund Sætre Fitjar 5976 619 986 1000 990 668 1000 1000 1000 2 Per Audun Kloster Fitjar 4696 486 1000 920 796 619 875 3 Atle Irgens Stord 3736 742 1000 994 1000 4 Wilhelm Engelsen Stord 2642 827 1000 0 815 5 Lars Helge Westerheim Stord 1000 1000 0 0 0 6 Åge Hovden Stord 658 658 H 70-1 Harald Westerheim Fitjar 5971 836 1000 1000 938 1000 992 979 1000 2 Jonny Huse Stord 5691 1000 913 819 812 920 991 959 908 670 3 Reidar Brevik Stord 5507 749 998 1000 1000 1000 760 4 Sigvald Robberstad Halsnøy 5354 749 890 920 1000 951 844 687 5 Ingolf Dybvik Stord 5270 891 1000 831 906 558 756 0 886 6 Gunnar Nysæter Stord 4368 757 505 768 856 857 625 7 Harald Haugen Stord 4320 680 901 570 866 735 192 568 8 Steinar Slettemark Stord 3572 878 565 614 559 713 243 H-Open 1 Øyvind Skålevik Fitjar 5631 1000 912 920 1000 869 930 830 847 829 0 2 Frode Fitjar Fitjar 3730 748 769 973 431 809 3 Geir Torsnes Stord 3608 910 990 1000 708 4 Anders Sætre Fitjar 2414 931 817 666 5 Steinar Røgenes Stord 2000 1000 1000 6 Brage Løver Hovden Stord 1935 935 1000 7 Ole Andrè Westerheim Fitjar 1931 1000 931 8 Jon Ingvar Skjolde Onarh. 1831 1000 831 9 Kjetil Skjolde Onarh. 1000 1000 9 Oddvar Storesætre Onarh. 1000 1000 11 Ole Skaten Onarh. 925 925 12 Magnus Aarbø Stord 901 901 13 Ole Langeland Onarh. 840 840 14 Rune Vassenden Halsnøy 828 828 15 Stein Olav Skaten Onarh. 809 809 16 Asle Skulstad Stord 722 722 17 Håvard Grastveit Stord 619 619 18 Geir Arne Isdahl Fitjar 435 435 19 Magne Storesætre Onarh. 417 417 Side 17 av 28
Arr. Fitjar Onarheim Stord Stord Sveio Stord Stord Stord Stord Stord Deltaking Sunnhordlandsrankingen 1994-2016 Deltaking Sunnhordlandsrankingen 1994-2016 Løp. nr. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Gj. snitt 1994 115 120 109 96 102 122 71 39 98 85 96 1995 96 93 80 90 66 84 68 80 79 58 84 1996 81 105 91 91 92 84 83 74 83 89 87 1997 108 76 87 83 79 94 92 85 70 51 83 1998 75 77 76 88 64 71 65 58 50 68 69 1999 72 71 069 75 52 66 73 80 70 49 68 2000 49 91 64 38 83 61 58 77 68 64 65 2001 63 59 59 90 48 34 60 62 59 62 60 2002 75 58 53 64 63 45 44 57 41 45 56 57 55 2003 66 72 60 71 69 68 54 50 60 54 58 38 60 2004 65 61 53 57 66 31 54 54 51 64 67 66 58 2005 53 64 42 51 50 44 45 52 60 62 59 66 55 2006 38 53 61 54 74 57 54 57 35 50 60 65 55 2007 56 57 59 43 60 47 62 42 65 58 58 60 56 2008 59 63 58 36 56 35 33 66 58 51 31 56 50 2009 49 72 55 40 53 51 44 52 35 56 51 56 49 2010 66 69 47 28 58 51 38 30 55 59 50 49 50 2011 69 59 66 40 43 41 35 44 49 63 54 36 50 2012 57 67 36 75 48 47 55 62 61 51 55 53 55 2013 78 62 70 36 56 69 63 61 58 41 65 49 60 2014 65 68 56 41 62 26 51 63 49 48 33 52 2015 72 56 39 43 51 42 49 35 35 39 46 2016 63 41 63 36 36 58 42 35 32 40 45 Løypeoversikt for 2016 sesongen Gj. snitt Ulike løparar Lang 21 14 23 11 13 16 17 16 10 12 15 31 Kort 21 17 26 18 13 22 21 13 15 16 18 47 Kor.c 11 7 7 2 4 8 3 4 4 8 6 21 Nyb. 10 3 7 5 6 12 1 2 3 4 5 29 Tot. 63 41 63 36 36 58 42 35 32 40 45 128 Side 18 av 28
SYKKEL & SPORT Heiane, 5406 STORD Tlf.: 53 41 08 34 Fax.: 53 41 14 40 Epost: post@stord.intersport.no Velkommen innom våre butikkar Side 19 av 28
Side 20 av 28
Side 21 av 28
Side 22 av 28
Side 23 av 28
Side 24 av 28
Side 25 av 28
Side 26 av 28
Glimt frå sesongen 2016 Jukola stafett i Finland Alle bilane måtte tauast ut... Herrelaget minus Råmund Plass 382 av 1712 lag! Innsjekking på Flesland Damelaget med selfie, plass 384 av 1386 lag! Klestørk i teltet Side 27 av 28
Glimt frå sesongen 2016 Diskusjon av vegval og bommar etter Sunnhordlandsmeisterskapet i stafett. Grilling med paraply på Vestlandsmeisterskapet i Odda. Side 28 av 28