Dei nominerte til sokneråds-



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn


Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Kandidatpresentasjon kyrkjeval 2015 Bø sokneråd

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Informasjon til elevane

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jon Fosse. For seint. Libretto

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.


Valdres vidaregåande skule

IKT-kompetanse for øvingsskular

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

5. Soknerådsmøte mai Referat

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Informasjonshefte Tuv barnehage

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Brukarrettleiing E-post lesar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 av 9 Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: dette låg til grunn for valstyret sitt vedtak om å redusera talet på røystekrinsar. Jan Erik B

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsplan for Hare November

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kandidater til valg av menighetsråd i. Laksevåg menighet

6. trinn. Veke 24 Navn:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Brødsbrytelsen - Nattverden

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

Møteprotokoll for møte i

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

/

Møtebok for Bore sokneråd. Olaug Mestad Slettbakk, daglig leder Siri B. Lindtveit deltok på sak 08/14 11/14

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Strategidokument

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

BARNEVERNET. Til beste for barnet

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Transkript:

Dei nominerte til sokneråds- Til soknerådsvalet i Samnanger har me 13 kandidatar å velja mellom. Me skal velja 6 soknerådsmedlemer og fem varamedlemer. Me har berre ei liste, så valet går eigentleg ut på å merkja av dei du helst vil ha inn. Du kan kumulera inn til tre stk. som får ei ekstra stemme av deg. Du kan også føra inn til tre nye namn på lista. Men kven er desse kandidatane? Sjølv i Samnanger kjenner ikkje alle alle. For at du skal vita litt meir om kven du stemmer på, har me stilt dei nye kandidatane tre spørsmål og bede dei svara kort på dei. 1. Fortel litt om deg sjølv. 2. Kvifor stiller du til val på soknerådslista? 3. Er det eit spesielt/ spesielle område innanfor kyrkja sitt arbeid du er særleg oppteken av? 1. Hilde Maraas Aarvik 52 år. Gjerde 1. Eg er opprinneleg frå Bergen, men flytta til Samnanger i 1988. Gift og har fire barn. Utdanna musikklærar og har jobba i grunnskulen i Samnanger sidan me flytta hit. Har også jobba ein periode i kyrkja med ansvar for barne- og ungdomsarbeid. Eg har jobba med frivillig arbeid både innanfor og utanfor kyrkja sidan eg var tenåring, og har funne stor glede i det. Mine hobbyar er song og musikk, lesing, handarbeid og altfor vanskelege kryssord. Elles blir eg lett fascinert av mange ulike ting. Eg likar å læra noko nytt, og synest det er spennande med utfordringar. 2. Eg stiller som kandidat til soknerådsvalet fordi eg ønsker at Samnanger Sokneråd skal vera med å gjera Samnanger til den beste staden å leva for folk i alle aldrar. Eg ønsker at kyrkja i Samnanger skal få vera eit positivt bidrag i lokalsamfunnet, for menneske i ulike situasjonar, også i kvardagen. Barne- og ungdomsarbeid har vore min lidenskap heilt frå eg sjølv var ung, og eg har mange gonger fått sjå kva forskjell kyrkja kan bety i eit menneske sitt liv. For meg er kyrkje fellesskap, nåde og utfordring. Her har eg fått både livshjelp og trushjelp, Ein klok mann sa ein gong at den lokale kyrkjelyd er håpet for verda! Eg ønskjer å vera med å representera dette håpet i lokalmiljøet vårt. Kyrkja skal vera ein kraftstasjon for menneske i alle livets fasar, eit fast haldepunkt når det stormar, ein stad å markera dei store gleder og sorger i livet, ein stad for glede, fridom og fellesskap med Gud og menneske. I barne- og ungdomsarbeidet i Samnanger kyrkjelyd, har me mottoet: Saman med venner, saman med Jesus, saman for andre! Dette mottoet kan gjerne setjast som overskrift for alt kyrkjelydsarbeid, ja, kanskje er det dette som er å vera kyrkje - eit fellesskap å høyra til, ein stad å få koma med alle våre spørsmål om identitet, tru og tvil, ein stad å læra å venda blikket utover mot andre, anten det er dei som er nær oss eller dei som er langt borte, t.d. på skulen som kyrkjelyden driv i Zambia, og ein stad å læra å ta vare på skaparverket. Eg håpar det nye soknerådet kan bidra til å gjera kyrkja synleg som ein relevant og livsnær del av lokalsamfunnet i Samnanger. 3. Eg er opptatt av at barn og unge skal ha eit trygt, godt og spanande tilbod i kyrkja, men samtidig skal kyrkja vera for folk i alle aldrar og livssituasjonar. I tillegg er eg opptatt av gudstenesteutvikling, og svært opptatt av skuleprosjektet vårt i Zambia, der me tilbyr skulegong til barn som på grunn av fattigdom elles gjerne ikkje hadde fått gå på skule i det heile. Det har vore ei utruleg oppleving å følgja heile denne historia frå 2001 til no! Me har funne venner for livet. 2. Alfred Martin Bruvik 72 år. Ytre-Tysse 1. Jeg arbeider i familiebedriften AS Safa Samnanger Fabrikker der jeg er ansvarlig sammen med min fetter Gunnar Bruvik. Jeg er utdannet som tekstilingeniør. 2. Kyrkjelydsarbeid har interessert meg i mange år. Siste periode har jeg ikke vært med i soknerådet men vært innvalgt i flere perioder gjennom årene. Jeg var blant annet med som leder av Kyrkjesamskipnaden da kirken på Haga ble realisert. 3. Jeg mener barne- og ungdomsarbeidet er spesielt viktig for en menighet. De er menighetens fremtid og må ivaretas slik at gudstjenestene og kyrkjelydsarbeid blir noe de ønsker å ta del i. Jeg ønsker å bidra på en positiv måte.

valet i Samnanger 2015-19 3. Gullborg Marie Kongestøl Aasgaard 57 år. Eikedalen 1. Gift med Inge, mor til 4, svigermor og bestemor. Utdanna spesialsjukepleiar innan geriatri, har vore tilsett dei 10 siste åra på Haraldsplass Diakonale sjukehus. Tidlegare var min arbeidsplass i Samnanger kommune. Interesser: familieturar, venne/nabovisittar, el-sykkel, slalom, barnebarn, song, handarbeid mm. Den lokale kyrkjelyden betyr mykje for meg. 2. Eg har tru på den lokale kyrkja. Kyrkjelyden kan vera med å gjera ein positiv forskjell i bygda vår. Tru og liv heng tett saman, Diakoni er viktig. Det vert spennande med ny prestefamilie. 3. Bønn og lovsong er åndelege kraftkjelder som eg ønskjer vi skal kunna ause meir av. Gudstenestene ønskjer eg skal vera gode møteplasser for alle aldrar. Song, musikk og visuelle uttrykk er viktige inspirasjonskjelder. Eg likar prosjekt og kursverksemd. F.eks Alpha-kurs der me gjennom humor og alvor vert betre kjente med kvarandre og kan snakka om den tru/tvil som bur i oss. 3. En av hjertesakene mine er skolen som vi driver i Zambia. Ellers synes jeg at barne- og ungdomsarbeidet er viktig arbeid for fremtiden til menigheten. 5. Anlaug Røen Hauge 68 år. Rødne 1. Eg har vore pensjonist sidan 2010. Før det var eg tilsett som lærar i Samnanger kommune i 41 år. Eg har vore engasjert i ymse barne- og ungdomsarbeid i mange av desse åra, og då særleg i barnekoret og søndagsskulen. Dei siste åra har eg vore med som leiar i Kompis, eit tilbod til born i 5., 6. og 7. klasse. Eg er medlem i Soknerådet der eg har vore leiar i eit par år. 2. Eg stiller til val fordi eg trur at eg framleis kan gjera ein jobb sjølv om eg er pensjonist, - og fordi eg er spurd om å stilla. 3. Som det går fram av punkt 1, ligg arbeid mellom born og unge hjarta mitt nær. Eg ser det som svært viktig at kyrkja får følgja opp borna med god dåpsopplæring no når trusopplæringa er teken ut av skulen. Eg er også interessert i song og musikk. 4. Jostein Lennart Loe 45 år. Reistad 6. Inger Elisabeth Odland 63 år. Bjelkarvikvegen 1. Jeg er 45 år født og oppvokst på Laksevåg. Har bodd i Samnanger i ca 22 år. Jobber som avdelingsleder i et firma som driver med miljøovervåkning til havs. De 4 siste årene har eg vært medlem i Diakoninemda, Kyrkjemusikalsk nemd og vara i Soknerådet. Er også kirkevert i kirken på Ådland. Ellers er jeg med i barne- og ungdomsarbeidet i kirken 2. Jeg stiller til valg på soknerådslisten for å få være med å utvikle livet i menigheten, og for å legge til rette for at flere vil være med på aktivitetene som er i kirken. 1. Eg er utdanna lærar og arbeider i barneskulen. Er interessert i song og musikk, er med i korprosjekta, og deltek elles i praktiske gjeremål i kyrkjelyden. 2. Eg stiller til val fordi eg ynskjer å ta del i, og kunna påverka, arbeidet i kyrkjelyden. 3. Eg er oppteken av at alle skal kjenna at kyrkja er ein god stad å vera. Song og musikk, bl.a. korprosjekta, syns eg er eit viktig arbeid i kyrkjelyden.

7. Rune Flatabø 62 år. Sagavegen skal vera ein open stad der alle skal kunna finna sin plass og delta med det aktivitetsnivået dei kan og ynskjer. Som bestemor ser eg kor viktig det er at barna får kjennskap til fortellingane om Jesus på ein naturleg og trygg måte. Kyrkja er her ei god hjelp for familiane med tilbod for alle aldersgrupper frå 0-18 år. 1. Status: Utdanning: Erfaring: Pensjonist. Økonomi/administrasjon. Finansiering, forvaltning, fabrikasjon, vedlikehold bygg og anlegg. Tidligere medlem av soknerådet. 9. Anne Gerd Tandstad 50 år. Ytre-Tysse 2. Eg syns det er kjekt å ta eit tak der det trengst, og å være med å utvikle planar/strategi for kyrkja, og det arbeidet kyrkja har i lokalsamfunnet 3. Kyrkja er avhengig av tilliten ein får på bakgrunn av folks oppleving. Dåp, konfirmasjon, bryllup og begravelse må derfor være gode opplevingar slik at folk i større grad vil bruke kyrkja 8. Åshild Aadland Haga 56 år. Haga 1. Eg jobbar for tida som lektor ved Fusa vidaregåande skule. I skulen har eg jobba mykje med dei som treng ekstra hjelp, og denne gruppa har ein stor plass i hjarta mitt. Frå eigne barn var små, har eg vore med i ulikt frivillig arbeid i kyrkja. Dette har blitt ein naturleg del av livet mitt ; fellesskap og oppgåver. På fritida likar eg å gå turar, lesa og snakka med folk! 2. Eg har site ein periode i soknerådet. Det har vore mange spennande saker både lokalt og sentralt - mange ulike meiningar skal ha plass i Folkekyrkja. Dette er ein stor utfordring, og eg vil gjerne vera med å påverka utviklinga i kyrkjelyden vår vidare. 3. Eg har tru på at dei lokale kyrkjelydane rundt om i Norge er viktige for lokalsamfunnet. I Samnanger ser me at Haga-kyrkja blir brukt av svært mange barn, unge og eldre. Kyrkja på Aadand er flott for dei store høgtidene i livet og den stille ettertanken kombinert med orgelbrus. Me er heldige her i Samnanger! (Eg og mange opplever at det er godt å få ein pause i den travle kvardagen, og her er kyrkja eit godt rom.) Eg vil arbeida vidare for at kyrkja 1. Eg er gift og har 3 barn. Har vakse opp i Førde i Sunnfjord. Har vore aktiv med barnekor, tensing, Røde kors, speidar og korps. No er eg aktivt med i barne og ungdomsarbeidet i kyrkja i Samnanger, og det har eg vore i 8 år. Eg jobbar for tida på Samnanger barneskule som spesialpedagog og i kyrkja innan barneog ungdomsarbeidet. Av hobbyar kan eg sei at eg likar å strikke, lese og lage mat. 2. Eg stiller til val på soknerådslista fordi eg er opptatt av korleis vi som menighet kan være ein god plass å være for alle generasjonar. 3. Eg er aktivt med i barne- og ungdomsarbeidet. Det er viktig å inkludera barn og unge i menigheten. Bidra til at dei har ein trygg plass. Utover det er eg opptatt av at vi skal ha ein menighet som er som ein storfamilie, der det er plass til alle. 10. Fred Morten Ervik 46 år. Totland 1. Eg er født og oppvaksen i på Øpstebø i Samnanger. Sidan 1995, har eg budd på Totland i Frøylandsdalen, og trivst godt der. Eg er utdanna og har fagbrev som industrimekanikar, men har ikkje kunna vert i ordinært arbeid sidan 1998 og er uføretrygda. Etter 2 år på skule med digital mediedesign og medieproduksjon, så fekk eg ei brennande interesse for foto og video som eg driv aktivt med i dag. Det siste året har eg vert aktivt med i kyrkja på Haga og deltatt mykje med opplegg for konfirmantane, og då kanskje mest innan musikk. Eg spelar både trommer og gitar, og har spelt på både konfirmantkveldar og gudstenester.

2. Det eg ser på som ei utfordring, er rett og slett det å få fleire inn i kyrkja. Det eg ser i dag er at det er eit fåtal som kjem innom på gudstenester. Her er veldig mange ledige stoler som kan fyllast opp, og eg vil finna ut kva som skal til for å fylla desse plassane, og eg vil prøva å gjera tiltak for at desse ledige stolane ikkje skal stå tomme. Eg har veldig lyst å jobba aktivt for dette, og meiner at soknerådet kan vera med på å påverka dette i stor grad. 3. Det å jobba aktivt i kyrkja, ser eg på som ein mulighet til å få fleire til å bli med der, og eg meiner det er ein god ide å jobba med ungdommar. Ein anna ting er, som eg alt har nemnt, å jobba med musikk. Det er stor skilnad på kva musikktype me liker. Her finns mykje forskjellig og god musikk som har lovsong og Guds bodskap som tema, og dette har eg lyst til å vera med på å visa og formidla til alle som går i kyrkja. Visst eg kan få vera med på å få folk til å smila, vera glade og få ein god følelse i seg, og i tillegg få dei til å komma attende til kyrkja, så føler eg at eg er på god veg til å gjera den jobben eg kjenner eg kan gjera. 11. Anne-Kjersti Steinsvoll 57 år. Ådland 1. Eg er lærar ved Samnanger ungdomsskule, og har budd i Samnanger i 33 år. Eg har vore med i frivillig arbeid innan fotball i mange år. Fritida mi brukar eg gjerne til både å gå og springa turar i skogen og på fjellet. 2 og 3. Eg har også tidlegare stått til val på soknerådslista. Eg har sagt ja til å stilla til val fordi eg opplever at kyrkja er ein viktig institusjon i samfunnet vårt, og det gjev meg moglegheiten til å arbeida for ei open og inkluderande kyrkje. 12. Annbjørg Oma Langeland 63 år. Tveit 1. Eg er førtidspensjonert. Har mesteparten av livet mitt pendla ut av kommunen, og hatt arbeid i bank og i teljesentral. Eg har og hatt arbeid på hotell, i konfeksjonsfabrikk og i den vidaregåande skulen. Eg er ektemake, mor og ikkje minst bestemor. Eg er oppteken av korleis barn og unge har det på skulen, heime, og i fritida. 2. Eg meiner kyrkja er viktig. Den skal helst vera ein stad der alle kan kjenna at dei høyrer til, og der alle kan kjenna seg velkomne.. Livet i kyrkja er viktig, og det er viktig å ta vare på kyrkjebygga våre. Tradisjon og tru. 3. Kyrkja for alle: frå vogge til grav. 13. Ketil Vevle 44 år. Gjerde 1. Eg er utdanna som Høgskuleingeniør, maskin. Jobber i dag som Planlegger hos OneSubsea på Horsøy, Askøy. Eg er skilt, har 2 barn, Julie 17 år og Sondre 15 år. Har tidlegare vore som 1. varamedlem i soknerådet. 2. Eg har likt å vere med, det har vore interessant og lærerikt. 3. Ungdomsarbeidet og konfirmasjonsarbeidet synes eg er svært viktig. Det er få andre tilbod for ungdom i Samnanger, utanfor idretten. Der gjer kyrkja ein svært viktig jobb i dag. Det er også ei spennande tid for kyrkja, For soknerådskandidatane finn du ikkje meir omtale på nettet enn det som står her i bladet. Ved Kyrkjevalet skal det veljast: 1.Sokneråd for Samnanger, 6 medl. og 5 vara. 2. Medlemmer til Bjørgvin bispedømeråd og kyrkjemøtet, kyrkja sitt storting. 4 stk. Perioden er fire år. Det er lov å stemma ved berre eit av vala, om ein ynskjer det. Er kyrkja viktig for deg? Gje di røyst ved kyrkjevalet! Di røyst tel i ei spanande tid for kyrkja.

Kyrkjeval i Samnanger 2015 Når: Valet i Samnanger finn stad 14. september 2015 kl. 10 20. Det er samstundes med kommunevalet. Kvar: Vallokala er i same husa som kommunevalet, men i ulike rom. Det er berre val tre stader i Samnanger: Tysse - ved Samnanger ungdomsskule. Gå til hovudinngangen valet skjer i eit klasserom. Følg merking. Gjerde i Nesodden bedehus, på kjøkenet. Nordbygda i Nordbygda grendahus i kjellaren (den gamle barnehagen). Inngang til høgre for hovudinngangen. Treng du skyss til valet? Ring kyrkjekontoret i kontortida. (Sjå under) Sjølve valdagen kan du ringja frå kl. 9.00 til kl.12.00. Me vil då samordna skyss til vallokala etter kl. 12. Førehandsrøysting: Det vil vera mogeleg å røysta på førehand i tida 10. august til 11. september. Førehandsrøysting i Samnanger sokn finn stad på kyrkjekontoret i kontortida, og elles når det er folk på kontoret. I tillegg laurdag 5. sept. kl. 10-14. Før 1.sept. kan du også førehandsrøysta der for andre sokn. Valkort: Alle som er ført opp i Den norske kyrkja sitt medlems-register med røysterett, fekk valkort ca. veke 33. Dette er send ut frå kyrkja sentralt. Nokre feilsende valkort har kome i retur til det lokale kyrkjekontoret. Den som er medlem i DNK, men ikkje har fått valkort, kan kontakta kyrkjekontoret (sjå nedanfor). Det same gjeld den som får valkort, men ikkje er medlem. Ta med valkortet til valet. Om du ikkje finn valkortet, kan du likevel røysta. Ta med annan legitimasjon. Ettersyn av manntal: Kyrkjeleg manntal for Samnanger sokn er lagt ut til ettersyn på kyrkjekontoret i kyrkja på Haga, i perioden 10. august til 9. september. Det er berre høve til å kontrollera opplysningar som vedkjem ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå. Den som meiner at ein sjølv eller nokon annan urett har vorte ført inn i eller utelaten frå manntalet i soknet, kan krevja at valstyret rettar feilen. Kravet skal vera skrifteleg og grunngjeve. Kyrkjekontoret på Haga: Kontortid mån.- fre. mellom kl. 10 og 14. Tlf: 56 58 90 10 E-post: post@samnanger.kyrkja.no Dette valbladet er laga av valrådet i Bjørgvin og Samnanger kyrkjekontor KYRKJEVALET - SKAPER FRAMTIDAS KYRKJE