Årsmelding for fotballgruppa Lærdal I. L. 2016
Organisasjon; Styret for fotballgruppa har i sesongen 2016 vore samansett slik: Jan Tore Stølen Leiar Marianne Voldum Styremedlem Birgit Lervik Styremedlem Dag Arne Helland Styremedlem Per Einvald Aspevik Styremedlem Kjell Inge Sanden Styremedlem Kjell Olav Bjørkum Varamedlem Per Åke Evjestad Varamedlem Cecilie Lyche Christiansen Varamedlem
Møter, osv. Styret har hatt 6 møter. Driftssaker og innmeldte saker. Det har og vore dugnadsmøter, møter i trenarforum og foreldregruppene til dei einskilde laga samt sonemøte. I desse foruma har det også vore fotballfaglege diskusjonar. Kretsen har hatt barnefotball samling, ungdomsfotballkveld, motivasjonssamling for dommerar og sonemøte i sogn indre (Aurland,Lærdal,Tangen og Jotun). I tillegg har Kjell Inge vore på FairPlay møte og kick-off samling i miniputt, og trenar/lagleiarar har vore på terminliste-samlingar. Sogn og Fjordane Fotballkrets har dei siste åra hatt stor fokus på Fair Play, og dette arbeidet må halde fram med stor styrke. Enkle verdiar som ansvar, disiplin, respekt og toleranse må vere levande og sentrale i dette arbeidet. FAIR PLAY skal me fortsetta og setta i høgsetet.
Dette er alle sitt ansvar! FairPlay ansvarleg i Fotballgruppa Lærdal har vore Kjell Inge Sanden. Fotballgruppa har denne sesongen stilt med følgjande lag (med lagleiarar); Lag Miniputt 11 lag Gutar 10 Jenter 12 Gutar12 Gutar 13/14 Jenter 15/16 Damer 7ar, 4 Div Gutar/Jenter 9 Jenter 11 Gutar 15/16 Gutar 11 Trenar/Lagleiar Kjell Inge Sanden Per Einvald,Andreas og Åsmund. Ann Kristin Kjell Olav Bjørkum/Jan Tore Stølen Ingmar, Marius N og Tine Geir og Daniel Dag Arne Helland/Ole Petter Holmen Birgit, Dag Arne og Ole Petter Per Åke og Frode Monika Lysne Elmar og Marianne Kjetil og Kolbjørn
Aktiviteten i gruppa; Veterancupen er som vanleg siste helga i januar. Her har me ansvaret for kiosken, sekretariat og linjedommarar. Me har ikkje fått til trenar og dommar utdanningen som me hadde håpa på i eiga stove. Har vore på trenarkurs i Kaupanger si stove. Her må me fortsatt holde trykket oppe for å få dette til, so me oppfordrar so mange som muleg å melda si interesse. På dommarsida har me ei solid gruppe, både unge, eldre og litt eldre. Dei har verkeleg stått på. Dette er noko fotballgruppa må følgja opp og utvikle vidare. Dugnadar: -VeteranCup (januar)
-3 stk. Futsalturneringar. (nov., des., januar) -Lærdalsmarknaden. (juni) -Miniputt, Kongleriket (mai) -Lærdalsturneringa (sept.) -Ombygging/Rehab kjøkken, sekretariat. (oppstart haust) -Blomsterkøyring for Gartneriet (desember) Anlegg; Bane og treningstilhøva har i 2016 vore veldig gode. Små periodar med frost og snø. Har vore uheldig med mykje sterk vind, som har resultert i at mål har reist i vinden. Dette har me ikkje råd til. Der har me alle ein jobb å gjere, det handlar om å ta vare på ting!! Økonomi; Overskotet i fotballgruppa i 2016 var på om lag..kroner Pengane til drifta vår får me gjennom Lærdalsturneringen og Lærdalsmarknaden. Har me ikkje desse arrangementa har me ikkje mykje å rutte med. Me er heilt avhengige av at foreldra og
borna stiller på dugnaden desse to helgane. Elles har laga vore flinke til å ha kiosken i drift under kampar og arrangement, noko som gir eit godt pluss i kassa. Alle som tek del i aktivitetane til Lærdal Idrettslag skal vere medlemar gjennom å betale medlemspengane, då dette er viktig for forsikringane i idretten. Dette har vore slapt seinare år når ein ser på medlemsregistreringa. Vonar dette vil ta seg opp. Dessutan må kvar einskild som tek del i organisert fotball gjennom fotballgruppa betale ei treningsavgift. Lærdal IL Fotball er ein av dei rimelegaste klubbane når det gjeld treningsavgift. Alle spelarar over 12 år må reregistrerast som aktive i FIKS. For denne sesongen var treningsavgifta slik; Senior herre: kr. 900,- Senior damer: kr. 700,- Gutar/jenter: kr. 600,- Små-gutt/jenter kr. 500,- Lillegutt-/jenter kr. 400,- Miniputtar kr. 200,- Planar for komande sesong; Påmelde lag for sesongen 2017 er slik; Lag Trenar Lagleiar Miniputt 12 lag (2 lag i seriespel) Jenter 9-10 5-ar Marius Musat Gutar 10 -ar Per Einvald /Frode Tjønn Gutar 11 7ar Per Einvald/Frode Tjønn Jenter 12 7ar-9ar Monika Lysne
Jenter 13/14 7-ar Kjell Olav Bjørkum Jan Tore Stølen Gutar 12 9ar/7ar-ar Kjetil Åmot Kolbjørn Rognes Gutar 13/14 9-ar Ingmar Kaldenbach Daniel Molde Daniel Molde Tine Ulviksbakken Gutar 15/17 11-ar Geir Aarethun Elmar Gjesdal Elmar Gjesdal Damer 4. div. 7-ar Dag Arne Helland Ole Petter Holmen Birgit Lervik Ole Petter Holmen Ei viktig sak den komande sesongen er å få diskutere og følgje opp korleis me skal møte dei synkande barnetala i høve til korleis dette påverkar dei ulike årsklassane i fotballen i bygda. Slik det ser ut pr. no møter me desse problema sterkt. Andre viktige saker; - Gjennomføre gode foreldremøte i dei ulike laga - Fleire trenar/lagleiarmøte/trenarforum - Nytte heimesida til idrettslaget betre og oftare - Felles forståing av FairPlay og etiske retningslinjer i LIL - Evaluere og skrive om sportsplanen vår
Frå innmarsjen til Lærdalsturneringa 2016 Til slutt: Fotballgruppa har lagt bak seg eit bra fotballår. Diverre har me heller ikkje i år hatt noko a-lag noko som fører til at me nyttar meir pengar på aldersfastlagde lag. Styret takkar alle spelarar, foreldre, sponsorar og SFFK for godt samarbeid og ein godkjend sesong 2016
Styret i fotballgruppa i LIL Jan Tore Stølen Kjell Inge Sanden Birgit Lervik Marianne Voldum Cecilie L Christensen Per Einvald Aspevik Dag Arne Helland ÅRSMELDINGAR: Årsmelding miniputt LIL 2016 Miniputtane har hatt treningar stort sett ein gong i veka mellom påskeferien og haustferien, med sommarferie som fylgde skuleferien. Alle årsklassane har hatt eigne trenarar. Som før vil me gjerne at fleire foreldre tek litt ansvar under treningane, då det er mange ungar å halde styr på. Ved spel bør det ikkje vere fleire enn 3-4 på kvart lag. Fleire trenarar gjer at ein får nytte tida betre, fleire får vere borti ballen meir og eventuelle øvingar går lettare. 2006 gutar Per Einvald Aspevik 1 lag 2007 gutar/jenter Frode Tjønn/Per Åke Evjestad 1 lag
2008 gutar Vegard Dalland 2 lag 2008 jenter Marius Musat 1 lag 2009 jenter Iris Blaaflat 1-2 lag 2009 gutar Hallvard Hagheim/Steinar Bjørkum 1-2 lag 2010 gutar Knut Rune Bøe/Robert Haugen 1-2 lag 2010 jenter Halfdan N. Johnsen/Hallgeir Bøe 1 lag Det har vore 4 turneringar i Kongleriket Miniputt i år som vanleg, vår eigen 8. mai, elles i Aurland 12. juni, i Øvre Årdal 28. august og på Tangen 25. september. Me har vore 11-12 lag på alle turneringane, 6-8 gutelag og 4-6 jentelag. Alle turneringane har vore fine med god oppførsel og FairPlay i høgsetet. Årsmelding 2016 for 2007 jenter og gutar. Trenarar: Frode Tjønn og Per Åke Evjestad Spelarar: 7 jenter og 11 gutar Gruppa består av ivrige jenter og gutar som har trena og spelt fotball gjennom heile året i 2016. Gruppa starta opp med innetrening på Ljøsne. Her har me vore mellom 6-12 spelarar gjennom vinteren. Starte utetrening etter påske. Gruppa har delteke på: Toyota Cup på Kaupanger. 4 kongleriket turneringar. Seriespel: 10 spelarar har vore med på seriespel. 10 kampar. 5 kampar vår og 5 kampar haust. 2007- gruppa har hevda seg bra både på turneringar og seriespel. Spelargruppa har utvikla både basisferdigheiter og relasjonelle ferdigheiter i løpet av sesongen. Trenarne ser framgang hos alle og me ser fram til ein ny sesong. Frode Tjønn og Per Åke Evjestad -trenarar-
Miniputt jenter 2008/2009 Jentene i kulla 2008 og 2009 vart i 2016 trena av Hallvard Hagheim og Iris Blaaflat. Det var 9 jenter frå 2009 kullet og 4 jenter frå 2008 kullet. På turneringar fekk 2008 jentene hjelp frå 2009 jentene for å kunne stille lag. Her rullerte me på dei jentene frå 2009 som hadde lyst til å bidra på 2 lag. Det var stort sett 10 eller fleire på treningane. Marius Musat var lagleiar for 2008 laget under turneringane. Hallvard Hagheim og underteikna har dessverre ikkje høve til å fortsetje som trenarar denne sesongen. Mvh Iris Blaaflat Årsmelding gutar 2008/2009 Kort fortalt frå miniputt 2008/2009 gutar så har det fungert bra med å slå saman gutar 2008 og 2009 på treningane, der eg og Vegar har vore trenarar. Satsar på at me kan gjere det same no i sesong 2017. Dei som har vore med frå 2009 gutar er. Ådne Fossen Bjørkum Vegard Horge Yttri Andreas Lagmansås Hestetun Mikkel og Mattis Lagmannsås (våren 2016, ikkje hausten 2016, usikre på dei i år) Aksel Hovland Hunderi Oliver Berge Solheim Ola Haugo Ljøsne Lukas Kvamme Humborstad Håvard Maristuen Drista meg til å skriva dei som har vore med frå 2008 og.( Vegar får supplera viss eg har gløymt nokon.) Tarjei Dalland Viljar Dalland
Martin Eikrem Isak Bjørkum Sondre Walaker Lysne Mvh Steinar Bjørkum Stort sett har det vore rundt 60-70 aktive miniputt-spelarar dette året. Alt i alt har det vore god oppslutnad om miniputten i 2016. Dette er gledeleg, og det vert viktig å halde på desse i dei komande åra. Me treng framleis fleire engasjerte foreldre rundt både treningar og turneringar. Kjell Inge Sanden Ansvarleg Kongleriket Miniputt 2016 Årsmelding for 2016 J11 Me har vore 13 spelarar i 2016 med Monika som trenar/lagleiar. Dette vil seia at me har hatt med oss 100 % av jentene i 6. klasse i Lærdal, i tillegg til ein spelar frå 5. klasse. Me mista ein spelar i løpet av året som flytta til Oslo. Spelarane har vore svært flinke til å møte på treningar om våren og hausten, lite fråfall. Me spelte differensiert serie, og møtte lag på ulike nivå om våren. Her klarte me oss veldig bra, med ein del seiarar, noko uavgjort og få tap. Me fekk hardare motstand på hausten, og det vart då fleire store tap. Jentene har likevel takla dette veldig godt, og er positive både på treningar og på kampar, uansett resultat på kampane. Det har vore utfordrande å spele 5 ar med 13 spelarar, då det har vorte lite speletid og mykje innbytte på kampar og turneringar. Noko av dette har me løyst ved å la jentene som hospiterte med J12 stå over våre kampar den veka dei skulle spele hospiteringskamp. Nokre av kampane vart og spelt som 7 ar kampar. I tillegg til kampar og treningar, deltok me på Jentefotballens dag på Kaupanger, Briskebyturneringa og Lærdalsturneringa. Me har og hatt fleire sosiale aktivitetar, som sommaravslutning, overnattingsfest hjå trenaren, bading etter trening osv, noko som truleg er med på å styrka samholdet i laget.
Trine Grøttebø har vore til stor hjelp som assisterande trenar ved ein del høve, og i tillegg har foreldregruppa elles vore flinke til å stille opp på alt frå køyring og kioskvakter til større dugnadar i regi av fotballgruppa. Mvh Monika Lysne, Lagleiar/trenar Årsmelding J12 2016 J12 har i sesongen vore samansett av : Helga Therese 03, Alice 04,Agnethe 04, Sila 04, Stina 04, Ida Martine 04,Amalie 05, Andrine 05, Ingrid 05, Sara Sofie 06 og Margrethe 06. Trenar Kjell Olav. Lagleiar, Jan Tore med god hjelp av foreldregruppa!! Dette har vore ei fin og stabil gruppe gjennom sesongen. Pga lite kull i 03 og 04 har me vore avhengige av underårige. Dette har fungert fint, der rullering har gjort at alle som ville vera med på høgare nivå har fått prøvd seg, og absolutt ikkje har gøymt seg unna.
Jentene har hatt ei flott og svær positiv utvikling, både personleg og i lagutviklinga.dette gjenspeilar seg og i kampar. Jentene har hatt ein god sesong, der dei i vårsesongen spela 10 kampar, og vann alle. Slik var det og i haustsesongen, 9 kampar med siger, og ein med tap. 0-1 mot Bjørn. Jentene har og vore med på cupar/turneringar, treningskampar, samt hjelpt gutar 12 på deira kampar. 1 plass i jenter 13 7ar i Ål Cup, Ål i Hallingdal. Her hadde me med oss 3 jenter frå Kaupanger som hadde det kjekt i sammen med oss. Lærdalsturneringa Futsalturnering i Vik og Lærdal. Deltagande på Enivest fotballskule. Jentene med foreldre har vore med på dugnader, der dei alle har gjort framifrå innsats. Ei fin spelargruppe og foreldre gruppe å samarbeide med. Ser fram til sesongen 2017 Lærdal 15.02.2017 Kjell Olav Jan Tore
Sesongen 2016 jenter-15/16 På lagbildet, frå venstre: Kamilla Holmen, Emilie Helland, Anna Hjellum, Hanne Helland, Ragnhild Fossen Bolstad, Astrid Fossen Bolstad, Line Evjestad Bale, Hanna Simonsen Ljøsne. (På bildet har jentene nettopp gått vidare til A-sluttspelet på Norway cup.) Spelarar som ikkje var med på bildet: Trine Trulssen, Mathilde Grøttebø. Sesongen 2016 har me hatt innetreningar i hallen kvar onsdag gjennom heile vinteren. Me deltok på 3 futsalturneringar i november, desember og januar. I januar kom jentene på 1. plass heime i Lærdalshallen. Treningane ute på kunstgraset starta i midten av mars. Laurdag 9. april var me med på turneringa jentefotballens helg som er ein fin generalprøve. Jentene hevda seg bra og vann 2 kampar og spela 1 uavgjort. Fyrste seriekamp spelte me heime mot Bjørn 27. april. Me fortsatte med kampar kvar onsdag og trening på mandagar.
I serien spela me i 7-ar/9-ar serie mot Bjørn, Kaupanger og Årdalstangen. I alt har me spelt 12 kampar der den siste var 19. oktober. Jentene hevda seg bra og vann 5 av 12 kampar og kom på tredje plass. I tillegg til serien var me i år med på Norway Cup i Oslo 30. juli-6. august. Der budde me på Bryn Skole. Dag Arne, Ole Petter og Terje Bolstad var med som leiarar. Foreldre og syskjen budde på hotell og var med som heiagjeng og gjorde ein kjempeinnsats. På grunn av skadar og forfall stilte me kun med 8 spelarar og hadde berre 1 innbytar. Jentene spelte ein kjempeturnering og overpresterte heile veka, noko som resulterte i at me kom heilt til 16-delsfinalen i A-sluttspelet. Der tapte me mot Oppegård. I gruppespelet vann me 2-1 mot Søndre Land, vann 3-2 mot Korsvoll, spelte uavgjort 5-5 mot Ørsta, og tapte 2-3 mot Flekkefjord. På Lærdalsturneringa fyrste helga i september stilte me i år i guteklassen då det ikkje var fleire påmeldte lag i jenteklassa. Jentene hevda seg bra trass i sterk motstand og imponerte stort. Kjempeinnsats under heile turneringa av spelarane og foreldra! Før haustsesongen starta fekk me mange nye spelarar som ville prøva seg. Dei var med på treningar og kampar i haustsesongen: Marie Tønjum, Margit Brooks, Ingeborg Einemo, Malin Damstuen, Sofie Flåten, Othilie Einemo og Olaug Søvde Berg. Me vil til slutt takka alle jentene og foreldra for ein fantastisk innsats på kampar, treningar og dugnadar gjennom heile sesongen. Mvh. Dag Arne og Ole Petter
ÅRSMELDING G 15-16. Me kom seint i gang med treningane,pga usikkerheit om det vart lag eller ikkje. Mangla difor litt på samspel då kampane starta, men dette vart mykje betre utover i sesongen. Me hadde mange fellestreningar med Geir og Daniel (G 13-14),det fungerte veldig bra. Oppmøte på treningane må ein sei har vore svært bra, det kom ogso til eit par spelarar som ikkje hadde spelt på nokre år og det tykte me var bra. Då
haustsesongen starta fekk me ein ny spelar. Filip Kittler flytta hit frå Slovakia, han fann seg fort til rette og bidrog mykje som spelar og person. Serien me spelte i var ein kombinert 9 ar 7 ar serie.det baud på litt utfordringar, då me var 12-14 spelarar til kampane. Alle fekk kanskje ikkje spela so mykje som dei ville, men eg føler at me har vore nokonlunde rettferdige med speletid. Me lånte opp Jon Martin,Martin,Benjamin,David og Andreas frå 13-14 laget og Ragnhild frå jentelaget til nokre kampar. Takk til dei for strålande innsats. I sesongen spelte me 12 kampar. Det vart 5 seirar, 2 uavgjorte og 5 tap. Målforskjell 51-49. det var i alt 11 som tegna seg på scoringslista. Stødig oppmann/kvinne har vore Marianne Voldum, ho har gjort ein kjempejobb. Må til slutt takka Geir og Daniel for eit veldig godt samarbeid. Me har dekka kvarandre opp på treningar og kampar når nokon av oss ikkje har hatt anledning å møta. For G15-16 Elmar Gjesdal. Årsmelding for damelaget i Lærdal IL sesongen 2016. Disse har vært aktive spillere gjennom sesongen: Kamilla Sandvik, Elin Bjørkum, Marthe Gjerde Stølen, Beate Gjerde Stølen, Iris Blaaflat, Stine Kvam, Ingeborg Hunderi Tjønn, Lisa Marie Hjellhaug, Marthe Hestetun, Vanja Thomassen Øren, Synne Hundshamar Haug, Andrea Voll Voldum, Ingrid Zwart og Birgit Lervik. I tillegg har Hanne Helland, Mathilde Grøttebø, Ragnhild Fossen Bolstad og Marte Helene S. Nedberget vært i kamptroppen når det har vært behov for det. Trenere: Dag Arne Helland og Ole Petter Holmen når vi har trent med jentelaget. Kjell Inge Sanden og Aleksander Offerdal når vi har trent for oss selv. I tillegg har Marte Gjerde Stølen tatt ansvar på enkelte treninger ved behov.
Oppmann: Birgit Lervik Vi startet opp med friskt mot tidlig på våren 2016. Treningene ble lagt til samme tid som jentelaget, dvs mandag og onsdag. Dette pga at vi forutså at det kunne bli tynt i rekkene på trening av ulike årsaker til tider. Vi må sende en stor takk til jentelaget i så henseende! Det er lite trolig vi hadde greid å gjennomføre sesongen uten denne muligheten. Vi spilte kamper på fredag. Vi endte til slutt på en klar andreplass etter Sogndal i serien, der vi i tillegg til Sogndal møtte motstand fra Hafslo og Syril. Vi vant 5 kamper, spilte 3 uavgjort og tapte 2 kamper. I tillegg ble vi tildelt en seier da Sogndal ikke greide å avvikle en kamp, og vise versa da vi ikke greide det samme. Vi har ikke vært sosiale utover trening og kamp. Vi har deltatt på dugnad under Lærdalsturneringen. Lærdal, 3/3-17 Birgit Lervik --oppmann