REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

Like dokumenter
Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Statsråden. Vår ref 18/144-2

Hovudmål. Landbruket i Nord-Gudbrandsdal er ei bærekraftig næring med gode arbeidsplassar.

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

GLOPPEN KOMMUNE STRATEGIPLAN FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET

Linda Nyvoll Antonsen

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BRUK AV NÆRINGSFONDET OG TILSKOTSORDNINGAR

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Retningsliner for næringstilskot

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Retningsliner for tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

REVIDERING AV FORSKRIFT - TILSKOT TIL YMSE JORD- OG SKOGBRUKSFORMÅL UTLEGGING PÅ HØRING

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Støtte til frukt og bær Vemund Aartun

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

REGELVERK FOR KOMMUNAL STØTTE TIL LANDBRUKET I SIRDAL KOMMUNE

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2018 Hjartdal kommune

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243. Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett

REGELVERK FOR KOMMUNAL STØTTE TIL LANDBRUKET I SIRDAL KOMMUNE

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt:

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

87/2014 Formannskap /2014 Kommunestyret Uttale til høring av forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Forskrift om tilskot til avløysing

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

REGELVERK FOR KOMMUNAL STØTTE TIL LANDBRUKET I SIRDAL KOMMUNE

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Forfall skal meldast til utvalssekretær som syrgjer for innkalling av varamedlemmar. Varamedlemmar møter berre ved spesiell innkalling.

2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett

Vår ref. Saksh.: Kari Vambheim Arkivkode Arkivsak Dato: 12/3270 Telefon: K1-223, K2-C00 12/

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Bjørnefjorden landbrukskontor Skjelbreid Poiree - senteret

REGELVERK FOR KOMMUNAL STØTTE TIL LANDBRUKET I SIRDAL KOMMUNE

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

Høyringsuttale om oppheving av konsesjonslova og buplikt på landbrukseigedomar.

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

Utval: Møtestad: Møterom Teknisk, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 12:30

Rullering av tiltaksstrategiar for SMIL ordninga for Stord og Fitjar,

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Kommunesamlingar 2015

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Reglar for. tilskotsordningar for frivillige lag i Os. Vedtekne i Os kommunestyre 22. februar 2011

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET I NORD-FRON 2012

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Styre/råd/utval Møtedato Saknr Utval for plan, teknikk og næring /16

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning.

Landbruk og naturforvaltning

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Tore Henrik Øye

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Vedtekter for Mardølafondet

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

NYTT OM PRODUKSJONSTILKSOT

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

Hovudmål. Landbruket i Nord-Gudbrandsdal er ei bærekraftig næring med gode arbeidsplassar.

Transkript:

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret 03.05.2004 1. Reglane gjeld for Reglane vert gjort gjeldande for tiltak innan jord- og skogbruk, innanfor midlar avsett til slike formål i årsbudsjettet. 2. Søknadsfrist o.l: Landbrukskontoret lyser ut informasjon om ordninga, søknadsfrist osv. i god tid før søknadsfristen. Søknadsfrist er 1. mai. Dersom det etter tildeling av avsette midlar viser seg at det er igjen midlar, kan landbrukskontoret innan 1. oktober lysa ut ein ekstra søknadsomgang. 3. Sakshandsaming Landbrukskontoret førebur saker om kommunalt investeringstilskot. Formannskapet kan innanfor vedteke budsjett og i samsvar med gjeldande regelverk gjera vedtak om tilskot inntil kr 50.000,- pr sak/søkjar. Tilskot utover kr 50.000,- vert å tildela av kommunestyret etter tilråding frå formannskapet. Tiltak og investeringar som gjeld samarbeid mellom fleire bruk og tekniske miljøtiltak skal prioriterast. Natur, miljø- og kulturkonsekvensane av omsøkte tiltak skal vera vurderte før det vert gjort vedtak i saka. 4. Generelle vilkår a. Krav til søkjar: Vilkår for å kunne søkja om tilskot er at brukaren er fast busett i kommunen og driv jordbruksdrift med husdyr og/eller planteproduksjon. Landbrukseigedomen og brukaren må fylla vilkåra i Generell forskrift om produksjonstilskot i jordbruket ( 3). b. Krav til tiltaket: Vilkår for å få investeringstilskot er at tiltaket er skriftleg innmeldt til kommunen før arbeidet vert sett i gang. I planlegging og utføring av arbeidet skal det spesielt takast omsyn til kulturlandskap, fornminne og biologisk mangfald. Nødvendig utgreiing, planar og kostnadsoverslag skal fylgja med søknaden og skal godkjennast av landbrukskontoret. Det skal spesifiserast kva som er reelle utgifter og eige arbeid. For eige arbeid og arbeid der ein nyttar eigne maskiner skal ein nytta gjeldande satsar fastsett av Innovasjon Norge. c. Avgrensing: Samla offentleg tilskot pr. prosjekt skal ikkje overstiga 60 % av godkjent kostnadsoverslag. d. Aksept av tilbod om tilskot: Brukaren aksepterer tilskotet ved å skrive under ein avtale der vilkåra for tilskotet er lista opp. Reglar for investeringstilskot i landbruket Side 1 av 5

e. Tilsyn og kontroll: Landbrukskontoret fører tilsyn med arbeidet. Brukaren må finna seg i naudsynt kontroll i samband med dette, og gje turvande opplysningar. Alle personlege opplysningar vert handsama konfidensielt, både av tilsette og folkevalde. f. Utbetaling av tilskot: Tilskotet vert utbetalt etter godkjenning og tilvising frå landbrukskontoret. For tilskot større enn kr 20.000,- kan forskot utbetalast med inntil 75 % av det løyvde tilskotet, når tilsvarande del av arbeidet er utførd. Resten skal utbetalast når heile arbeidet er ferdig. For tiltak som vert byggjesakshandsama etter plan- og bygningslova der det er krav om ferdigattest, skal denne leggjast fram før sluttutbetaling kan gjennomførast. g. Arbeidsfrist: Arbeidsfrist er to år frå utgangen av det året søknaden vart innvilga. Etter skriftleg grunngjeven søknad, kan landbrukskontoret forlengja fristen med inntil to år. h. Attendebetaling av tilskotet: Dersom det syner seg ved kontroll 5 år etter at tilskotet er innvilga at drifta på bruket ikkje er i samsvar med vilkåra for tilskotet og etter intensjonen i søknaden, kan heile eller deler av tilskotet krevjast attendebetalt. 5. Etableringstilskot ved generasjonsskifte a. Føremål: Etablerartilskotet kan gjevast i samband med generasjonsskifte på gardsbruk, (med generasjonsskifte meiner ein overdraging av eigedomen frå eldre til yngre brukar innan familien eller ved fritt sal). Etablerartilskotet kan og gjevast til brukar som har paktingskontrakt for minst 20 år. Etablerartilskotet skal vera ei god hjelp for eigaren/paktaren til å setja produksjonsapparatet på bruket i god stand, slik at det styrkjer garden som arbeidsplass, heiltid eller deltid. Bruk med dårleg produksjonsapparat vil verta prioritert, samstundes som ein og vil leggja vekt på brukaren sin økonomi. b. Definisjonar: Tilskot skal gå til ulike investeringstiltak på bruket som : - innkjøp av buskap - infrastrukturtiltak og investeringar som ikkje vert dekka av andre tilskotsordningar - miljøtiltak - planteproduksjonstiltak Det skal ikkje ytast tilskot til våningshus eller private stølshus. Det kan likevel ytast tilskot til stølshus på mjølkeproduksjonsbruk som vil starta med aktiv stølsdrift. c. Vilkår: Tilskotet kan berre gjevast til den som har skøyte på eigedomen eller som har paktingskontrakt for minst 20 år. Det er eit ufråvikeleg krav at eigaren/paktaren er fast busett i Eidfjord. Reglar for investeringstilskot i landbruket Side 2 av 5

Eigaren skal ha overteke bruket dei siste 5 åra, og han/ho skal ikkje vera over 35 år. Søkjaren må leggja fram ein framdriftsplan for tiltaka med kostnadsoverslag. Minste kostnadsoverslag er sett til kr.70.000,-. Ved planteproduksjonstiltak skal det utarbeidast ein enkel produksjonsplan for heile bruket. Søkjaren og evt ektefelle/sambuar må leggja fram utdrag frå likninga og næringsoppgåve for bruket dei siste 3 åra. d. Tilskot: Det kan gjevast tilskot med inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag. Maksimum tilskot er kr 70.000,-. Tilskot kan gjevast til einskildtiltak eller som del av fleire tiltak. 6. Driftsbygningar Tilskot kan ytast til bygging, ombygging og større påkostnader på driftsbygningar, (bygningar for husdyr, avlingslager og reiskapsrom), når godkjent kostnadsoverslag overstig kr 50.000,-. Til anlegg som får statstilskot kan det ytast inntil 10 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag. Til anlegg som ikkje får statstilskot kan det ytast inntil 15 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag. Ved fellestiltak kan det ytast inntil 20 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag. 7. Utleigehytter Det kan ytast tilskot med inntil 10 % av godkjent kostnadsoverslag til nybygging av utleigehytter. Tilskotet kan og gjevast til ombygging eller restaurering av eksisterande bygningar på bruket, når bruk til utleige vert dokumentert. Maksimalt tilskot vert avgrensa til kr 25.000,- pr utleigeeining og kr 60.000,- pr. bruk. 8. Vatningsanlegg Det kan ytast tilskot til vatningsanlegg, både til nye anlegg og til større fornyingar av eldre anlegg, (utover vanleg vedlikehald). Til enkeltanlegg kan det ytast inntil 25 % tilskot og til fellesanlegg inntil 30 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag. 9. Tekniske miljøtiltak: Det kan ytast tilskot til gjødsellager, avløp frå mjølkerom, pressaft-, silo- og høytørkeanlegg, hydrotekniske anlegg, herunder vegetasjonssoner m.m. Tilskot kan ytast med inntil 30 % av godkjent kostnadsoverslag når dette er minst kr 10.000,-. Reglar for investeringstilskot i landbruket Side 3 av 5

10. Landbruksvegar Tilskot kan ytast med inntil 30 % av godkjent kostnadsoverslag til jord og skogbruksvegar som ikkje får statstilskot, og tilsvarande inntil 15 % for vegar som får statstilskot. Vilkår for løyving: a. Samla plan for heile vegen skal meldast inn til landbrukskontoret for godkjenning før arbeidet vert sett i gang. b. Vegtraseen skal i sin heilskap planleggjast slik at den om mogeleg kjem til nytte for fleire bruk. Dei interesserte, (i fall det er fleire om veganlegget), vert samde om ei fordeling av den del av kostnaden som fell på dei. Det kan vidare setjast som vilkår at grunneigarane over ein 10-årsperiode bind seg til å fylgja eit drifts- og vedlikehaldsprogram som vert fastsett av den tenestemann som har arbeidd med vegplanlegginga i samråd med grunneigarane. 11. Fulldyrking I samband med nydyrkingsprosjekt kan det ytast inntil 30% tilskot av godkjent kostnadsoverslag, avgrensa til maksimalt kr 3.000,- pr da til fulldyrking. Til grøfting på fulldyrka mark kan det ytast inntil 30 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag, avgrensa til maksimalt kr 1.000,- pr da. Det kan ytast tilskot til minimum 2 da. 12. Tilskot til kjøp av mjølkekvote Det kan ytast tilskot til kjøp av mjølkekvote på bruk som har mjølkekyr. Som vilkår må det setjast at bruket har tilstrekkjeleg fôrgrunnlag og spreieareal etter sentrale retningslinjer. Evt. tekniske miljøkrav må oppfyllast før det vert ytt slikt kommunalt tilskot. Det kan gjevast tilskot med inntil 50 % av kostnadsgrunnlaget. 13. Omlegging til økologisk drift Det kan ytast tilskot til omlegging av areal til økologisk drift når omlegginga er i samsvar med krav frå Debio og krav i Generell forskrift om produksjonstilskot i jordbruket. Det vert ikkje gjeve tilskot til areal som er mindre enn 1 da. Omleggingstilskotet vert sett til 50% av satsen pr. da av omleggingstilskot til økologisk landbruk i ordninga Produksjonstilskot i jordbruket. Sats pr. da vert fastsett i jordbruksoppgjeret. Reglar for investeringstilskot i landbruket Side 4 av 5

14. Skogkulturtiltak Tilskot kan gjevast til formål som fører til: Oppbygging av kvalitetsskog Skjøtsel av kantsoner mot vatn, vassdrag og dyrka mark Det kan gjevast tilskot med inntil 15 % av godkjent kostnadsoverslag. Kostnaden vert utrekna på same måte som for ordninga Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (TNMS). 15. Andre tiltak Det kan gjevast tilskot til andre tiltak som kan styrkja bruket som inntektsgrunnlag og arbeidsplass innanfor fylgjande område: Utnytting av utmarksnæring Bevaring av kulturlandskapet Tilrettelegging for vidareforedling av jordbruksprodukt og sal av varer og tenester med grunnlag i bruket sine ressursar Tilskot kan ytast med inntil 30 % av godkjent kostnadsoverslag når dette er minst kr 30.000,-. Maksimalt tilskot pr prosjekt vert sett til kr 50.000,-. Reglar for investeringstilskot i landbruket Side 5 av 5