RUNDSKRIV FOR TILSKOTSORDNING Rundskriv 01/2017 Tilskotsordning for integreringstilskot, eldretilskot og barnehagetilskot 2017 1. Innleiing Rundskrivet er utarbeidt av IMDi og er basert på regelverk fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 6. januar 2017, med grunnlag i Stortinget sitt budsjettvedtak av 15. desember 2016 og Prop. 1 S (2016-2017) kap. 496, post 60. Tilskotsordninga vert forvalta av IMDi. 2. Mål for ordninga Integreringstilskotet skal bidra til rask busetjing, og gi ei rimeleg dekning av kommunane sine gjennomsnittlege meirutgifter til busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal bidra til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølv og ta del i samfunnet. 2.1. Målgruppe Personar som har fått innvilga vern med flyktningstatus (asyl) i Noreg, personar som har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter utlendingslova på grunnlag av søknad om asyl og personar som har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, samt overføringsflyktningar med innreiseløyve som bur i ein kommune. I tillegg utbetalast det integreringstilskot for dei som vert innvilga familieinnvandring med gruppene nemnt ovanfor, både dei som kjem til Noreg samtidig med hovudperson og dei som får familieinnvandring på eit seinare tidspunkt. Personar som frå og med 1. juli 2011 har fått opphald på grunnlag av mishandling i samlivshøve, eller fordi dei ikkje kan returnere til heimlandet på grunn av sosiale eller kulturelle tilhøve, eller fordi dei har vore utsett for tvangsekteskap, vil vere omfatta av rett og plikt til introduksjonsprogram, og dermed også utløyse integreringstilskot. Barn som vert født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune vart frå 2011 omfatta av målgruppa for integreringstilskot. Ordninga gjeld berre i tilhøve der mor er busett etter avtale mellom kommunen og IMDi etter 1.1.2011. I einskilde høve og når særlege grunnar talar for det, kan integreringstilskot utbetalast for personar som busettast frå mottak sjølv om dei ikkje har opphaldsløyve på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har fått innvilga kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei vert busette etter avtale med kommunen. 3. Tildelingskriterium 3.1. Inngangskriterium Kommunar som har personar i målgruppa for integreringstilskot kan søke om tilskot. IMDi Postboks 8059 Dep. 0031 Oslo I Tollbugata 20, 0031 Oslo I Telefon: 24 16 88 00 I Telefaks: 24 16 88 01 E-post: post@imdi.no I Organisasjonsnummer: 987 879 696 I www.imdi.no
3.2. Kriterium for bruk av tilskot Integreringstilskotet vert utbetalt uavhengig av kva behov den einskilde flyktning måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen. Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogrammet til kommunane saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar kap. 497, post 60. Integreringstilskotet er meint å finansiere kommunane sine gjennomsnittlege meirutgifter til mellom anna: innvandrar- og flyktningkontortenester bustad- og bustadadministrasjonstenester introduksjonsprogram/introduksjonsstønad sysselsettingstiltak yrkeskvalifisering og arbeidstrening sosialkontor/sosialtenester barne- og ungdomsverntenester tolketenester barnehagetenester integreringstiltak i grunnskulen utgifter til den kommunale helsetenesta kultur og ungdomstiltak 3.3. Vurderingskriterium Integreringstilskotsordninga omfattar tilskot for År-1, tilskot for År 2-5, ekstra eingongstilskot for personar over 60 år (eldretilskot), ekstra eingongstilskot for barn 0-5 år (barnehagetilskot) og ekstratilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar (sjå eige regelverk). Alle kommunar som buset flyktningar får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får eit høgare År-1 tilskot for einslege vaksne. Stortinget har fastsett følgande satsar for tilskot i 2017: Busetjingsår Integreringstilskot År 1 (2017) 235 000 kroner (einslege vaksne) År 1 (2017) 185 000 kroner (vaksne)* År 1 (2017) 185 000 kroner (einslege mindreårige)** År 1 (2017) 185 000 kroner (barn)* År 2 (2016) 230 000 kroner År 3 (2015) 167 000 kroner År 4 (2014) 84 000 kroner År 5 (2013) 70 500 kroner Barnehagetilskot År 1 (2017) 25 100 kroner (eingongstilskot) Eldretilskot År 1 (2017) 164 200 kroner (eingongstilskot) * Personar reknast som vaksne frå og med det året dei fyller 18 år. ** Einslege mindreårige flyktningar utløyser integreringstilskot År-1 med sats for einslege mindreårige flyktningar. Dette gjeld også einslege mindreårige flyktningar som har fylt 18 år ved busetjing. Side 2 av 8
3.4. Utbetaling av tilskot 3.4.1 Integreringstilskot År-1 Med År-1 meinast året for første busetjing av asylsøkarar som har fått opphaldsløyve. Einskilde asylsøkarar kan av særlege grunnar innvilgast alternativ mottaksplass før opphaldsløyve er gitt. I slike høve er det året for førstegongs opphaldsløyve som reknast som År-1. Første busetjingsår for personar som før dei kjem til landet har fått familieinnvandring med person i Noreg som har vern, er overføringsflyktning eller har opphaldsløyve på humanitært grunnlag. Hovudregelen er at søknad om familieinnvandring skal innvilgast før familien kjem til Noreg. I einskilde høve kjem familien til landet før søknaden om familieinnvandring er innvilga. I desse høva er det året for innvilging som gjeld som År-1. For personar som får innvilga opphald på humanitært grunnlag eller får vern, vil dato for førstegongsbusetjing i ein kommune leggast til grunn for utbetaling av integreringstilskot År-1. Dei som seinare får innvilga familieinnvandring med desse gruppene, utløyser integreringstilskot År-1 i høve til førstegongs opphaldsløyve ved ankomst til kommunen. 3.4.2 Integreringstilskot År 2-5 Integreringstilskot År 2-5 omfattar personar som har utløyst integreringstilskot for År-1 i 2013-2016. Tilskotet utbetalast på grunnlag av samkøyring mellom Datasystem for utlendings- og flyktningsaker (DUF) og Det sentrale folkeregisteret (DSF). DUF viser kven som er registrert busett i det einskilde år, mens DSF gir eit oversyn over kor desse personane er registrert pr. 1.1.2017. Ein viktig føresetnad for at integreringstilskotet for ein person skal verte utbetalt til riktig kommune, er at det er sendt melding til folkeregisteret om at personen er busett i kommunen. Den kommune der personane er registrert busette pr. 1.1.2017 vil få utbetalt integreringstilskot for 2017. DSF nyttar både flyttedato og registreringsdato. Det kan derfor førekome at ein person har flytta i 2016, men at flyttinga først vert registrert i 2017. I slike høve vil fråflyttingskommunen få utbetalt beløpet i terminutbetalingane, sidan flyttinga enno ikkje var registrert pr. 1.1.2017. I dei høve der det er klart at flyttinga skjedde før årsskiftet, skal fråflyttingskommunen overføre heile integreringstilskotet for 2017 til tilflyttingskommunen. Dersom ein person har flytta til ein annan kommune, er hovudregelen at det ikkje er naudsynt å melde frå om dette. Når tilflyttingskommunen sender inn korrigeringskrav for vedkomande, vil IMDi opplyse kva fråflyttingskommune som har motteke beløpet. Kommunane som er berørt er deretter ansvarlege for å gjere eit økonomisk oppgjer seg imellom, sjå pkt. 3.4.8 «Deling av tilskot mellom kommunar ved flytting». Tilskotet for 2017 vert utbetalt i fire terminar. Ein fjerdedel av tilskotet for personane på lista frå DSF vert utbetalt medio mars, medio juni, medio september og ultimo november. 3.4.3 Barnehagetilskot, eingongstilskot for barn 0-5 år Tilskotet er eit eingongstilskot per barn i aldersgruppa 0-5 år som omfattast av integreringstilskotsordninga. For 2017 vil barn født 1.1.2012 eller seinare og som vert busette i kommunen i 2017, utløyse tilskotet. Tilskotet utbetalast samtidig med integreringstilskot År-1. Tilskotet skal bidra til særskild tilrettelegging i barnehage for nykomne flyktningar, til dømes med tospråklege assistentar. Eingongstilskotet omfattar også barn født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune. Side 3 av 8
3.4.4 Ekstra eingongstilskot for personar over 60 år Tilskotet er eit eingongstilskot for personar som har fylt 60 år ved busetjing i 2017. Tilskotet utbetalast samtidig med integreringstilskot År-1. 3.4.5 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar får i tillegg til det ordinære integreringstilskotet eit særskilt tilskot for einslege mindreårige. Særskilt tilskot for einslege mindreårige flyktningar differensierast etter busetjingstidspunktet i busetjingsåret (År-1). Tilskot for etterfølgande år utbetalast i sin heilskap ut det året den einslege mindreårige fyller 20 år. Einslege mindreårige flyktningar som fyller 18 år ved busetjing utløyser integreringstilskot med sats for einslege mindreårige. Det visast til rundskriv 02/2017 for denne ordninga. 3.4.6 Ekstratilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstratilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Det visast til rundskriv 05/2017 for denne ordninga. 3.4.7 Integreringstilskot for barn etter omsorgsovertaking Barneverntenesta kan i nokre høve treffe vedtak om plassering i institusjon eller fosterheim etter barnevernlova i ein annan kommune enn der barnet vart busett. Dersom ein annan kommune enn busetjingskommunen har omsorga og ber utgiftene knytt til omsorgstiltaket, vil kommunen som har omsorgsansvaret ha krav på å få heile integreringstilskotet. I slike høve må IMDi informerast om kva kommune som har kostandane, og den automatiske utbetalinga av tilskota til busetjingskommune busetjingskommunen stoppast. Det skal inngåast ein skriftleg avtale mellom kommunane der det kjem fram kva kommune som har kostnadane og skal ha tilskotet. Kommunen som har kostandene må kvart år søke IMDi om tilskotet innan utgangen av februar månad, og kopi av avtalen mellom kommunane må leggast ved søknaden. Dersom tilskota er utbetalt til busetjingskommune busetjingskommunen, kan kommunen som har omsorga og kostnadane krevje å få heile tilskotet overført frå busetjingskommune busetjingskommunen. Side 4 av 8
3.4.8 Deling av tilskot mellom kommunar ved flytting Følgande firedelte ordning gjeld for deling av integreringstilskotet i flytteåret: Tabell I Flytting i tida Del av integreringstilskotet i flytteåret Fråflyttingskommune Tilflyttingskommune 01.01. - 31.03. 1/8 7/8 01.04. - 30.06. 3/8 5/8 01.07. - 30.09. 5/8 3/8 01.10. - 31.12. 7/8 1/8 Unnatak frå ovannemnde regel om firedeling: Dersom ein person vert førstegongsbusett i ein kommune i andre halvår 2017 og flyttar vidare til ein ny kommune innan årsskiftet, skal dei to kommunane dele integreringstilskotet for År-1 likt mellom seg. Dersom flytting skjer innan eitt år etter at ein person vart førstegongsbusett og det er utbetalt ekstra eingongstilskot på grunn av at personen er over 60 år, skal fråflyttingskommunen og tilflyttingskommunen dele tilskotet mellom seg etter følgande delingsnøkkel: Tabell II Del av eldretilskot Flytting etter førstegongsbusetjing Fråflyttingskommune Tilflyttingskommune Innan 3 mnd. 1/8 7/8 Etter 3, innan 6 mnd. 3/8 5/8 Etter 6, innan 9 mnd. 5/8 3/8 Etter 9, innan 12 mnd. 7/8 1/8 3.4.8.1 Tvist om deling av tilskot ved flytting Dersom det oppstår tvistar om deling av tilskot mellom kommunar, er det IMDi som avgjer desse. I dei høva det er usemje mellom fråflyttingskommune og tilflyttingskommune om kva kommune som er ansvarleg busetjingskommune i eit tidsrom, er det Fylkesmannen som avgjer dette etter Lov om sosiale tenester. IMDi vil legge denne avgjerda til grunn for deling av tilskotet. Side 5 av 8
3.4.9 Dødsfall, tilbakevending eller reise frå landet av andre grunnar Ved dødsfall og tilbakevending til heimlandet eller reise frå landet av andre grunnar, utbetalast tilskot til busetjingskommunen til og med påfølgande termin. Utbetaling av tilskotet vert deretter stoppa. 3.4.10 Tilbakevendte som kjem tilbake til Noreg Dersom ein flyktning eller person med opphald på humanitært grunnlag vender tilbake til heimlandet, vil vedkomande i samhøve med utlendingslova ha moglegheit til å kome tilbake til Noreg så lenge personen har eit gyldig løyve. Ved gjeninnreise til Noreg innanfor den fastsette fristen (eller eventuelt på grunnlag av nytt opphaldsløyve), vil kommunen igjen få utbetalt integreringstilskot. Det vil verte utbetalt integreringstilskot for den tida personen reelt er busett, men ikkje for meir enn totalt 5 år. Totalsummen for 5-årsperioden kan ikkje overskridast. 3.4.11 Personar som flyttar inn i mottak etter å ha vore busett i ein kommune Dersom ein person flyttar inn i mottak igjen etter å ha vore busett i ein kommune, stansast integreringstilskotet frå og med kvartalet etter at han flytta inn i mottak. Dersom personen vert busett på nytt, vil tilskotsordninga igjen verte gjort gjeldande. Tilskotet vert reaktivert frå der det vart stoppa, og gjeldande beløp for året vert utbetalt. Hovudprinsippet er at det vert utbetalt integreringstilskot for den tida personen reelt er busett, men ikkje for meir enn totalt 5 år. 3.4.12 Presiseringar og definisjonar Einslege vaksne Med einslege vaksne meinast personar utan familie som vert busette aleine i eiga bueining. Vaksne personar som vert busette saman med andre familiemedlemar i ei og same bueining, reknast ikkje som einslege vaksne når det gjeld utbetaling av integreringstilskot. Dette gjeld også einslege vaksne søsken som vert busette i same bukollektiv samt sambuarar/partnarar som vert busette i same bueining. Familieinnvandring Ein føresetnad for at familieinnvandra skal utløyse integreringstilskot er at herbuande (den som bur her) har flyktningstatus eller opphald på humanitært grunnlag. Ved familieinnvandring må herbuande ikkje ha lengre butid enn at personen framleis omfattast av integreringstilskotsordninga, som oftast fem år etter herbuande si førstegongsbusetjing, for at familieinnvandring skal omfattast av integreringstilskotsordninga. Det er søknadstidspunktet for den saken der familieinnvandring vert innvilga, som leggast til grunn ved berekning av tidsfristen. Personar som får vedtak om familieinnvandring med ein person som har opphald på humanitært grunnlag, utløyser integreringstilskot i tre år. Ordninga med integreringstilskot i tre år omfattar berre personar som det søkast familieinnvandring for etter at hovudpersonen har fått innvilga opphalds- eller arbeidsløyve på humanitært grunnlag. Regelen har såleis ikkje tyding for situasjonar der familien kjem til landet samtidig, eller i perioden før hovudpersonen har fått innvilga opphalds- eller arbeidsløyve, og familieinnvandring vert innvilga samtidig med hovudpersonen sitt opphalds- eller arbeidsløyve. Det utbetalast ikkje integreringstilskot for familieinnvandring: Dersom herbuande er norsk eller nordisk statsborgar når det søkast om familieinnvandring Side 6 av 8
Dersom herbuande er norsk eller nordisk statsborgar på vedtakstidspunktet for familieinnvandring for personar som får vedtak om familieinnvandring med person som sjølv kom til Noreg på familieinnvandring Dersom personen har fått mellombels opphaldsløyve som ikkje kan fornyast, og som ikkje gir grunnlag for permanent opphaldsløyve I dei høva familieinnvandra personar seinare får eit opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, kan integreringstilskot utløysast. 4. Kunngjering Tilskotsordninga kunngjerast på IMDi si nettside, og departementet si nettside for tilskotordningar (Hurtigval Tilskot frå JD). 5. Oppfølging og kontroll 5.1. Krav til søknaden sitt innhald og form Søknad om integreringstilskot må innehalde følgande opplysningar: Kommunen sitt namn, kommunenummer og postadresse Telefonnummer og e-postadresse til saksbehandlar Kontonummer for utbetaling av tilskot DUF-nr., namn og fødselsdato for kvar person det søkast tilskot for Søknaden signerast av kommunen sin representant og sendast på papir per post. Søknadsskjema er tilgjengeleg på www.imdi.no 5.1.1 Integreringstilskot År-1, barnehagetilskot og eldretilskot Integreringstilskot År-1, barnehagetilskot og eldretilskot utløysast etter søknad frå kommunen. Søknadsskjema for «År-1 krav» nyttast. Søknaden kan ikkje sendast som faktura. Søknadsfrist er fortlaupande etter busetjing eller ankomst til kommunen. Tildeling av tilskot skjer fortlaupande etter mottak av søknad. Ved søknad om integreringstilskot År-1 for familieinnvandra med overføringsflyktningar, personar som har fått vern eller opphald på humanitært grunnlag, er det viktig at det også opplysast kven dei nykomne vert sameina med. Dette gjerast ved at herbuande førast på lista med 0 i beløpsfeltet. 5.1.2 Integreringstilskot År 2-5 og korrigeringskrav Kommunane får lister over dei personane som ifølge DSF er busette i den einskilde kommune ved dei fire terminutbetalingane for integreringstilskot År 2-5. Desse listene er utgangspunkt for berekning av integreringstilskot for personar som vart busette i 2013, 2014, 2015 og 2016. Kommunane må gjennomgå listene og sende eventuelle korrigeringskrav på skjema «Korrigeringskrav År 2-5». Korrigeringskrav skal innehalde krav for personar som faktisk er busette i kommunen, men som ikkje står på DSF-lista. Kommunen skal også rapportere personar som står på DSF-lista, og som kommunen dermed får utbetalt tilskot for, men som ikkje opphaldt seg i kommunen pr. 1.1.2017; anten fordi dei har reist ut av landet, er døde eller er ukjende for kommunen. Side 7 av 8
Kommunen skal kontrollere DSF-listene og sende inn eventuelle korrigeringskrav så snart som mogleg. Korrigeringskrava vil verte behandla fortlaupande. Kommunane kan ikkje rekne med å få ferdigbehandla sine korrigeringskrav i 2017 dersom IMDi får dei etter 1. oktober. 5.2. Rapporteringskrav og kontroll Kommunane skal ikkje legge frem særskilt rekneskap og rapport for bruk av integreringstilskotet. Det gjennomførast ei årleg kartlegging av dei kommunale utgiftene til busetjing og integrering av einslege mindreårige flyktningar. Kartlegginga gjennomførast av eit berekningsutval der både staten og kommunesektoren er representert. IMDi og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane vert nytta etter føresetnadane, jf. Bevillingsreglementet 10 andre ledd og Riksrevisjonslova 12 tredje ledd. 6. Klagehøve og klagebehandling IMDi si tildeling og eventuelt krav om tilbakebetaling av tilskot, er ikkje å rekne som enkeltvedtak i samhøve med definisjonen i forvaltningslova (fvl) 2, første ledd, bokstav b. Kommunane har derfor ikkje klagehøve på IMDi sitt vedtak om tildeling eller tilbakebetaling av tilskot jf. fvl 3, første ledd og 28. 7. Foreldingsfrist Den alminnelege foreldingsfrist er tre år rekna frå den dag då fordringshavaren tidlegast har rett til å krevje å få oppfylling, eller i høve til utbetaling av integreringstilskot, frå det tidspunkt kommunen tidlegast har rett til å krevje tilskotet utbetalt, jf. foreldingslova 2 og 3. 8. Kontaktpersonar Spørsmål om integreringstilskot kan rettast til: Pierre O. Omedikonga, tlf: 41 56 49 59 Veslemøy Standnes, tlf: 97 00 29 40 Hanne Hansen Alsaker, tlf: 40 62 48 00 Pauliina T. Brynildsen, tlf: 40 60 07 14 Saba Ashraf, tlf: 45 50 46 36 Med helsing for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Ragnhild Dugstad forvaltningsdirektør Henrik C. Cenar økonomi- og tilskotssjef Side 8 av 8