på gata Mannen ESSAY Marginalisering



Like dokumenter
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Til deg som bur i fosterheim år

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Jon Fosse. For seint. Libretto

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Metodiske verktøy ved kursleiing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Informasjon til elevane

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Sandeid skule SFO Årsplan

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

mmm...med SMAK på timeplanen

Brukarrettleiing E-post lesar

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Om å høyre meir enn dei fleste

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Trivsel og vekstvilkår

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Psykologisk førstehjelp i skulen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande


Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

6-åringar på skuleveg

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Med god informasjon i bagasjen

Pilehagen Eit småhustiltak. Innlegg

FANTASTISK FORTELJING

Brødsbrytelsen - Nattverden

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Månadsplan for Hare November

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vi lærer om respekt og likestilling

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Transkript:

Mannen på gata Er uteliggjaren Nils marginalisert eller er han eit føregangsmenneske? Treng me han som vår motsetnad for å vere vellukka? Han har ei overlevnadsevne som få andre, og ei kompetanse i liding som mange kan lære noko av. Kan me tilby eit inneliv på uteliggjarens premissar? Tekst: Inger Helen Midtgård 48 fontene nr. 13 2008 Essay 48_54_fagart_mannen.indd 48 13-11-08 11:43:52

Illustrasjonsfoto: Sissel M. Rasmussen Ein uteliggjar i Bergen eg går forbi luktar vondt, har ei sko av kvart slag, ein sykkel med alt han eig på, og ei lerke på innarlomma. Eg kjenner ubehag. Lukt, klede, væremåte. Så annleis og skummelt. Eg kan kjenne det Underlid skildrar; fattigdomens lukt og smak (2007 ). I alle fall lukt. Vondt luktar fattigdomen. Uteliggjaren, her heiter han Nils, er ein av dei marginaliserte, han er ikkje ein av oss. Vår evne til å sjå distinksjonar og å dele inn verda omfattar også skiljet mellom «oss» og «dei» (Bauman and May 2004 s. 43). Han er ikkje som oss, og eg vil for all del ikkje bli som «ein av dei». Eg ynskjer ikkje å høyre til uteliggjar-gruppa. Men ynskjer han å tilhøyre «oss»? Uteliggjaren er marginalisert. Marginalisert, er det din identitet? Kan hende hadde han sagt nei, eg er ikkje marginalisert, eg er berre ein uteliggjar, eller kall meg heller alkis. Å finne det rette namnet på dei som ikkje bur fast men mellombels, rundtomkring og tilfeldig kan vera mange. Heimlaus er eit namn, bustadlaus eit anna, nomade enno eitt. Er det ikkje ei bragd? Han har ikkje bil, har knapt nok tatt eit fly i sitt liv - har berre det han står og går i. Har lite forbruk av det meste, skårar berre høgt på alkoholforbruk. Minimalisme sett i system? Er han ein av dei som burde vore æresmedlem i «Fremtiden i våre hender»? Av di han er ein som med sitt låge forbruk skånar verda. Er han ein helt? Ein som gjer sitt for å redde verda? Hadde alle levd som han, trong me ikkje ottast global oppvarming, CO 2 -utslepp eller rovdrift på naturen. Ein sko av kvart slag, har ikkje kjøpt dei nye, men funne dei, godt brukande. Paradoksalt nok er Nils ein av dei som kunne tena på global oppvarming, det hadde beint fram vore bra for han og hindra han i å fryse. Lever han slik han gjer av omsyn til oss, til verda? Han går bøyd Nils, krumbøyd, kvifor? Er det skulda og skammen han ber så tungt på sine skuldrar, orkar han ikkje sjå oss i augo? Eller er det berre nyttig å gå slik for å skjerme seg for vér og vind, og kan hende finn han lettare det andre har mist, slikt som ein tiar i brusteinen? Er uteliggjarar fargeklattar eller skitklattar i bybiletet? Snur me oss og ser etter dei i beundring eller forakt? Og kvifor handlar me som me gjer? Kva er så gjevt med å gå til Nordpolen, prøv deg heller som uteliggjar i Bergen. Regnfullt, frostig og utrygt. Er han ein helt? Ein dei burde intervjua i «Senkveld». «Ja, Nils du har no 30 års jubileum som uteliggjar i Bergen, sei meg korleis har du makta ei slik imponerande bragd?». «Jo, eg vil takke min mor som hev meg ut på femtenårsdagen. Eg ble kje en gang konfirmert, før eg startet karrieren som uteliggar. Om de e kaldt ja, men ka ho n skal eg gjøre. Eg har jo aldri lært å bo på en annen måte. Dette e jo det livet eg kan?» «Salig er dei fattige dei skal arve verda» står det i Bergpreika. Arve verda er det det Nils ventar på, og kor lengje skal han vente? Motsetninganes verdi Uteliggjarlivet er eit tøft liv, tenkjer eg. Den som lever slik må vere sterk, uredd og sjølvstendig. Ingenting for ei frostig pingle som meg. Uteliggjarlivet er for tøffingar. 71 grader nord er for inkje å rekne. Dei som kjem seg til toppen av Mount Everest likeins, dei har då bærarar som syt for alt som skal til. Kva har uteliggjaren av hjelpande hender? Distinksjonen mellom «oss» og «dei» vert i sosiologien framstilt som eit skilje mellom inngruppe og utgruppe (Bauman and May 2004 s. 43-44). Her vert inn- og utgruppe reint bokstavleg, han bur ute i «utegruppa» eg bur inne i «innegruppa». Motsetnadane let seg ikkje skilje frå einannan, dei er uløyseleg knytt til kvarandre, den eine kan ikkje føreliggje utan den andre. Eg treng gruppa hans for å sikre min sjølvidentitet i «inngruppa». Verdsbiletet er bygd opp ved hjelp av motsetnader. Verdige versus uverdige, respektabel borgar versus slaur. Eg i gruppa verdige borgarar, han i gruppa slaur. Eg inne, og uteliggjaren ute. Ja vel då, dette er ikkje berre dikotomiar. Det kan og vere både/og, flytande overgangar. Kva veit eg om Nils, kan hende var han ein gong ein framgangsrik forretningsmann, kan hende har han hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen? Bustadløyseproblemet vert framstilt som eit sosialt problem, eit sosialt problem som har vorte gjenstand for marginalisering og avpolitisering. Haldninga i det moderne samfunnet er at det finst råd for alle (Taksdal, Breivik et al. 2006s. 21). For å kunne velje trengs ein viss kompetanse, ein viss forstand, ein viss vilje og innsats. Modernitet skaper forskjel- Inger Helen Midtgård er utdanna sosionom frå 1991. Ho arbeider i eining for funksjonshemma i Lindås som koordinator for aktivitetsbasert avlasting og er mastergradsstudent i samfunnsarbeid på Høgskulen i Bergen. Essay fontene nr. 13 2008 49 48_54_fagart_mannen.indd 49 13-11-08 11:44:17

lar, utelukking og marginalisiering, minner Giddens (1996 s.15) oss om. Dei val eit individ tek er teikn på kompetanse, men kan óg vere teikn på inkompetanse om individet vel feil. Dei fattige er fattige óg av di dei manglar kompetanse til å handle rett. Dei heimlause vert sett på som inkompetente med feil bruk av sjansane sine, (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 21) eller som ei på trygdekontoret sa til meg: «dei har ilt i viljen». Dei fattige vert óg sett på som uansvarlege av di dei vegrar seg for å gripe dei sjansane dei får. Ansvaret for fattigdomen vert lagt på enkeltindividets skuldrar, me rike går fri med godt samvit (Baumann 1998 s. 101). Etablerte skjema inneber å individualisere, avpolitisere og sjukelegjera marginaliserte gruppers livssituasjon, i tillegg til å koble på skuld og skam (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 24). Han går krumbøygd Nils, er det skammen og skuldkjensla som tyngjer han? Manglande politisering Slik eg forstår bustadløyseproblemet er det i høg grad vorte slik at det er den enkelte bustadlause sjølv som har ansvar. Bustadløyse som eit politisk problem, skapt gjennom utstøyting, og ved å sleppe marknadskreftene laus på bustadmarknaden, opplever eg som lite framme i ordskiftet. Kva skuldast dette fråveret av politisering, kan ein undrast. Kan det vere at styresmaktene unndrar seg konsekvens og ansvar for frislepp av marknadskreftene på bustadområdet, på same vis som me rike går fri ansvaret for fattigdomen, jfr Baumann (2005)? Me skal hjelpe «stakkarane», som han Nils er, gjennom individretta tiltak. Husbanken, som før var ein generell hjelpeinstans for å få folk flest inn på bustadmarknaden, skal no nyttast som målretta tiltak mot dei få som ikkje klarer seg sjølve, stakkarane, dei marginaliserte. Så kan me stempla Nils som ein som har gjort feil, ein inkompetent borgar i ei utgruppe av heimlause og fattige. I eit samfunn av konsumentar, der livsprosjektet vert bygd opp av konsumentval, kjem fattige til kortdei vert defekte konsumentar ifølgje Baumann (2005). Det er harde ord, tenk å bli stempla som «defekt konsument» i ei verd der forbruk og overforbruk vert sett på som sjølve lukka i livet? Det er desse fattige (defekte konsumentar) som mottek minst ved fordelinga av goder, fordelar og ressursar i samfunnet (Underlid 2005 s. 220). Når dei objektivt vert tildelt minst 50 fontene nr. 13 2008 Essay 48_54_fagart_mannen.indd 50 13-11-08 11:44:19

Illustrasjonsfoto: Image-In kan det vere naturleg for somme av «dei» å trekkja slutningen at «dei» òg er minst verd. For min del vil eg leggje til, om eg tenkjer godt etter så rangerer nok mange, meg inkludert, uteliggjaren lågare enn «oss». Det er ubehageleg å kjenne at eg tenkjer slik, skal tru kvar eg har det frå? Samfunnet ber preg av ei slik rangering av menneskeverd, det er berre å sjå på korleis rusmisbrukarar og psykisk lidande blir møtt til dømes på legevakta. Å bu trygt og godt Kva har konsumenttankegangen å seie for korleis me ser på Nils. Er han ein mislukka, defekt konsument? Ein som ikkje passar inn i forbruksamfunnet? Ein som skaper uorden i systemet, og difor på praktisk vis må «ryddast på plass» som det sosiale problemet han er? Eg tenkjer at menneske som Nils, som meir eller mindre sjølvvalt lever på utsida, som er marginaliserte, utgjer eit trugsmål mot det etablerte. Om alle hadde valt å leve som han, hadde det truga vår sosiale orden. Kven skulle då sytt for pengar i statskassa? Her kjem statlege styresmakter med ryddetiltak, og visjonen om ein bustadpolitkk som «kan rydda» Nils og hans sambuarar frå gata og inn i varmen. Ingen kan vel takke nei til tilbodet om å bu godt og trygt? At «Alle skal bu trygt og godt» er visjonen styresmaktene har sett i bustadpolitikken her til lands (Kommunaldepartementet 2003/2004). Alle skal kunne disponere ein god bustad i eit godt bumiljø. Her står det ikkje noko om sykkel og pappkasse i ei bakgate i Bergen. Nils og hans sambuarar sin levemåte vert det motsette, dei bur utrygt og dårleg. Kva gjer slike statlege intensjonar med dei bustadlause, som til dømes Nils? Vert han glad, vert han trist, bryr han seg, og har nokon i det heile tatt seg bryet med å spørje kva han vil, er mi undring. Kjenner Nils normaliseringspresset på seg når statlege styresmakter skal avskaffe bustadløysa? Vil han inn i varmen, bu for seg sjølv, bli ein god forbrukar? Kjenner han konformitetspresset på seg, der han ruslar avgarde. Er det sjølve livet dei gjev han. Eller er det livet dei tek frå han? Korleis skal han leve for at dei vert nøgd, hybel med tilsyn, bufelleskap eller på institusjon? Eit for stort brot? Livet i ein heildøgnsinstitusjon inneber rigid struktur, meir kontroll og meir tilrettelegging av kvardagsfunksjonar enn kva dei fleste vaksne vanlegvis erfarer (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 37). Livet i heildøgns institusjon står i kontrast til livet som bustadlaus. Kan det tenkjast at det er dette som gjer at behandlingssystemet mislukkast? Skuldast det for store forskjellar? For store sprekker og brot mellom det livet ein hadde, utelivet og det livet samfunnet forventar ein skal leve, inne livet. Psykiater Tom Andersen har vidareutvikla Bateson (Ølgaard 2005) «forskjellen som gjer ein forskjell» til sin nemning «den passelege for skjellen» (Andersen 2005). Slik eg tolkar dette er at det å gå frå det nomadeprega utelivet vert eit for stor sprang for dei som har levd slik på utsida av det normale, det vert ein for stor forskjell, dei maktar ikkje leve opp til krava/tilbodet frå samfunnet. Det store brotet for bustadlause vert i Rokkanrapporten skildra som det å flytta i eigen bustad, det å forlate nomadelivet (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 14-15). Brot med eit tilvære der det private rommet er bitte lite og skiftande, og der det offentlege rommet er stort og i hyppig bruk. Det handlar om brot med ei tilhøyrsle i eit felleskap der ein ikkje treng å late som ein er heilt i orden. Eit brot med det rastlause livet der noko ein meistrar alltid må ordnast (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 17). Brot skapar noko, det opnar for noko nytt og stengjer for det gamle og begge ting på ein gong. Kva skjer i desse brota med dei einskilde individa, dei som må få hjelp for å bu «trygt og godt»? Klarar dei å meistre det nye, forhalde seg til det gamle og takle begge delar på ein gong? Historisk sett har overgrep vore legimitert ved å visa til edle føremål og prinsipp. At alle skal bu trygt og godt, verkar til å vere både edelt og velmeinande. Det er forbode å stille spørsmål til målsetjinga. Gjer du det, vert du stempla som umoralsk, ein som ikkje skjønar kva som er det rette å gjere. Å visa til det gode føremålet kan sjåast på som ein måte å unndra seg kritikk på, nett avdi det ikkje er lov å stilla spørsmål ved gode føremål, då vert du raskt stempla og skubba ut i det ytste mørkret. Eg dristar meg likevel til å spørje, det er då det me skal gjere, riste litt og sjå om det let seg gjere å sjå på bustadløysa annleis: Kva motiv ligg bak det edle føremålet? Kva med brukarmedverknad gjeld ikkje det for bustadlause? Og har ikkje bustadlause rett til valfridom som vi andre borgarar? «På randen av å bo» - rapporten frå Rokkansen- «Historisk sett har overgrep vore legimitert ved å visa til edle føremål og prinsipp.» Essay fontene nr. 13 2008 51 48_54_fagart_mannen.indd 51 13-11-08 11:44:26

«Me klarar ikkje å innfri dei forventningane familie og hjelpeapparat har til oss.» teret skildrar den sosiale bustadpolitikkens falitt, men det resultat at fleire står i fåre for å falle utanfor og bli prisgitt særtiltak og veldedighet (Breivik 2007 s. 39). Det er ei skammeleg utstøyting i eit styrtrikt land, og politikken som vert ført handlar om mangel på respekt for dei som ser, lever og tenkjer på ein annan måte enn «oss normale». Får Nils halda fram som uteliggjar slepp han denne respekt lause behandlinga. Han slepp å bli kontollert av velmeinande butreningshjelparar og bli sett aktivitetskrav til slik det no er i Nav. «På randen av å bo» skildrar overgangen frå å bu på gata til å flytte inn i eige husvære som det største og skumlaste brotet (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 14-15). Normalisering er for krevjande Me kan kjenna oss krenka når me opplever tvingande omstende, me kan hevda vår fridom frå slik tvang ved å nekta å rette oss etter forventningar frå andre, motsette oss utilbørlege inngrep i vår fridom- og gjere opprør mot undertrykking (Bauman and May 2004 s.27). Kan skildringa til Bauman og May tenkjast å høve for bustadlause? Rapporten «På randen av å bo» stadfestar at dei bustadlause kjenner på normalitetspresset. At dei må inn i rekka, at dei ikkje er gode nok, at livet dei lever ikkje er godt nok. Dei kjenner på skam, skuld og avmaktkjensle. Ved å setje i verk velmeinande bustadpolitiske tiltak målretta mot å løyse det individuelle sosiale problemet som bustadløyse vert oppfatta som, kva gjer det med Nils og sambuarane hans på gata? Korleis verkar det på kroppen deira, bostaveleg tala? Korleis har ein avmektig det? Rokkanrapporten viser og til at tiltaksapparatet vert opplevd som uforutsigbart og fullt av uforståelege eller umogelege vilkår for bistand (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 11). Normaltilværet representerer einsemd, blikk frå omgjevnadane, forakt og konfrontasjon med tap både i fortid og framtid. Motsett det ustreite livet som kan by på lindring, fellesskap og aksept. Dei som har blitt intervjua i rapporten kritiserer den einsidige arbeidslina og rehabiliteringstenkinga innan helse og sosialpolitikken i dag, der eit massivt normalitetstrykk ligg innbakt (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 16). Som ein av dei intervjua uttaler: «Egentlig tror eg at de forventer for mye i Norge, at uansett kor syk du e så ska du ha nokke å gjøre (Taksdal, Breivik et al. 2006 s. 16).» Han som vert intervjua krev respekt for at han og mange med han treng tid. Dei treng tid for å klare det normale livet, det å klare seg sjølv, å vere sjølvhjelpen og sjølvstendig vert for dei eit for brutalt krav. Eller ein for stor forskjell for å visa til Bateson og Andersen. Vilkårsfullstappa hjelp Eg går i meg sjølv og tenkjer: Korleis må det vere å bli så avmektig som Nils og hans kompanjongar er i systemet? Alle har me vel meir enn ein gong kjend at me ikkje strekk til, kjem til kort, ikkje har noko å stille opp med. Det er ikkje noko god kjensle. Å ha ei slik kjensle kvar dag, kvar time, kvar veke må vere uuthaldeleg. Då er truleg fridomen i eit nomadeliv, eit uteliggjarliv, eit betre alternativ. Om ikkje eit godt val, så i alle fall det beste. Eg undrar på kor lenge eg hadde overlevd som uteliggjar? Vel ei veke sumars dagar? I sumaren som var i fjor, hadde me knapt opplett vér. Jau ei veke hadde eg vel klart. Ei veke utan dusj, og utan høve til å låse døra, ha eit privatliv. Knapt ei veke då, tja fire dagar kan hende? Har Nils, slik rapporten frå Rokkansenteret seier, kravstore hjelparar som han heller seier nei takk til, - eg klarar meg sjølv. Han vil ikkje ha «vilkårsfullstappa» hjelp, som synleggjer eiga tilkortkoming. Eg forstår Nils som vel sin eigen veg. Skjønt val, kva val har me i røynda som individ? Folk som opplever store tap i ung alder og som i tillegg ikkje lukkast i skule eller arbeidsliv, utviklar gjerne mykje skam og mykje skuldkjensle. (Taksdal mfl 1997 s. 56 i Takdal mfl. 2006). I rusforskning er dette skildra slik: Om eit problem skuldast manglande kompetanse eller uheldige omstende, så finst det praktiske løysingar. Ein kan auke kompetansen - lære seg noko ein ikkje kunne - eller endre på omstenda eventuelt med hjelp. Men om problemet først og fremst skuldast at ein sjølv er grunnleggjande udugeleg og skuldig, så kan endring fortone seg som ein langt tyngre og meir skremande prosess. Det tryggaste vert då å gjenta det ein kan. Redsla for eit avgjerande nederlag kan vere større enn kva dette livet gjer med ein. Det tryggaste vert å ikkje forsøka seg på eit anna liv, for den som ikkje prøver, kan ikkje mislukkast. Med bagasjen full av tap, opplevingar av å mislukkast og ein stor porsjon skuld og skamkjensle, krev det eit betydeleg 52 fontene nr. 13 2008 Essay 48_54_fagart_mannen.indd 52 13-11-08 11:44:27

mot å håpe og tru på eit betre liv (Stiker 1999). Vert Nils som fylgje av ei slik tenking ytterlegare marginalisert om han så flyttar inn i eit hus? I dei siste valkampane har valfridomen stått sterkt. Kva er valfridom for Nils. Kva val har han og kvifor? Kva val har dei bustadlause som gruppe? Dei som er i «utgruppa»? «På randen av å bo»-rapporten skildrar dei bustadslause som vår tids nomadar (Taksdal m. fl. 2006 s. 11). Eit landskap med brudd og sårbarhet der institusjonsopphald er som vasshol og kvileskjær. Opprydding på gata? Rapporten fortel og om ein formidabel eigeninnsats, der dei fleste har mykje erfaring med å makte meir stabile liv i periodar, trass sine historier om krenking og tunge samfunnsmessige utstøytingsmekanismar. Kva veit eg, kan hende har Nils slike historier bak seg? Og om han vil halda fram med å vere uteliggjar, skal han då vere utan rett til å velje «utelivet» sitt? Vil det å presse Nils til å bu annleis, i eit BOB-husvære eller på hybel med tilsyn, gjere han ytterlegare marginalisert? Det livet han lever i dag meistrar han, det livet staten vil han skal leve, er han ukjend med. Skaper staten ein funksjonshemma med sine gode intensjonar, er mi undring. Seier me at: «éin bustadlaus er ein for mykje», slik profilert Høgrepolitikar i Bergen, Trude Drevland gjer, stemplar me ytterlegare Nils som ein avvikar. I boka Modernity and the Holocaust (2000/1989) gjengjev Baumann ein metafor frå det tredje riket. (i Eriksen and Breivik 2006 s. 39): «Ein hage kan innehelde ei rekkje vekster, men det er viktig at dei beste trivs og formerer seg. Nokon vekster er unyttige og må fjernast. Dei er ugras i hagen.» Er Nils eit ugras i Bergenshagen? Ein skitklatt på Torgallmenningen? Og er bustadløysesatsinga til styresmaktene ein human måte å «fjerne» han på? Ein annan måte å sjå normalitet på er ved å erstatte det tapte. Noko er blitt tatt bort og må erstattast, ifølgje historikaren Stiker (1999 s. 128). Stiker skriv rett nok om funksjonshemma og rehabiliteringas mål om å gjere alle menneskje så like som råd er. Ved å gjere dei usynlege, gjennom assimilering, vil funksjonshemma og alt som har ein mangel bli borte. Er Nils ein som manglar noko, og når han får dette att, kan han så langt råd er vende attende til samfunnet, til det normale? Stiker hevdar at rehabiliteringa representerer framveksten av ein kultur og ei tenking som har som mål å fullføre forestillinga om likskap, å gjera alle mennesker så like som råd er. Den empiriske normen ér normen, og einkvar som avvik frå normen må integrerast, assimilerast og gjerast så usynleg som råd er. Nils er høgst synleg der han vandrar på Torgallmenningen og høgst annleis dei andre som vankar der. Kva for eit motiv har Trude Drevland for å seie det ho seier? Er det med henne som med meg, at det er det ubehaget ho kjenner med å sjå bustadlause som gjer at ho seier at ein bustadlaus er ein for mykje? Er det av omsyn til turistnæringa og det reine bybiletet under festspela at ho ikkje ynskjer bustadlause eller gjer ho det av det gode hjartet sitt? Ja, er han marginalisert, Nils, eller er han eit føregangsmenneske? Ein som kan gjere ein forskjell og bidra til å skape den sosiale uordenen som trengs for å få eit anna og vonleg betre samfunn? Prøv deg ei veke som uteliggjar i Bergen haust eller vinterstid, så finn du kan hende svaret. «Kva er så gjevt med å gå til Nordpolen, prøv deg heller som uteliggjar i Bergen.» Illustrasjonsfoto: Sissel M. Rasmussen Essay fontene nr. 13 2008 53 48_54_fagart_mannen.indd 53 13-11-08 11:44:27

Referansar Andersen, T. (2005). Reflekterende prosesser, samtaler og samtaler om samtalerne. Danmark. Dansk psykologisk forlag. Bauman, Z. and T. May (2004). Å tenke sosiologisk. Oslo, Abstrakt forl. Baumann, Z. (1998). Arbete, konsumtion och den nye fattigdomen. Gøteborg, Daidalos. Baumann, Z. (2005). Work, consumerism and the new poor. Berkshire, England, Open University Press. Breivik, J.-K. (2007). «Hjemløshet i styrtrike Norge.» Megafon (3): 34-37. Eriksen, T. H. and J.-K. Breivik (2006). Normalitet. Oslo, Universitetsforl. Giddens, A. (1996). Modernitet og selvidentitet, selvet og samfundet under sen-moderniteten. København Hans Reitzers Forlag. Kommunaldepartementet, o. r.-. (2003/2004). Om boligpolitikken, stortingsmelding nr 23(2003-2004). Kommunal og regionaldepartementet. Oslo. Stiker, H.-J. (1999). A history of Disability. Michigan, University of Michigan press. Taksdal, A., J.-K. Breivik, et al. (2006). På randen av å bo, erfart kunnskap om livet og flyttinger mellom psykiatri, rusomsorg, gater, hospitser og egne boliger. Bergen, Steinar Rokkan senter for flerfaglige samfunnstudier. Underlid, K. (2005). Fattigdommens psykologi: oppleving av fattigdom i det moderne Noreg. Oslo, Samlaget. Underlid, K. (2007). «Poverty, an experience of insecurity. A qualitative interview study of 25 long-standing recipients of social security.» International journal of Social Welfare (16 2007): 65-74. Ølgaard, B. (2005). Kommunikation og økomentale system, en introduksjon til Gregory Bateson forfatterskap. Danmark, Akademisk forlag. Fontene beklager I en fagartikkel om sykehussosionomer i forrige nummer kom vi i skade for å bytte om navn og bilde på de to artikkelforfatterne, slik at Amy Østertun Geirdal ble Hanne Synnøve Skedsmo, og omvendt. Det beklager vi. Forfatterne mener at artikkelen har fått en uheldig vinkling gjennom tittel og ingress. Vi presiserer derfor at det ikke er artikkelforfatterne, men redaksjonen, som har formulert disse. Ingressen lød slik: «Det hjelper lite at sosionomene har vært ansatt i sykehus i over 6o år dersom ikke det øvrige personalet vet hvem de er og hva de kan.» Den viser til et viktig funn i en studie som presenteres i artikkelen: At helsepersonell vet lite om sosionomens kompetanse og at det er en utfordring å synliggjøre og markedsføre denne. Dette er imidlertid bare et av mange funn. Studien viser også at ansatte i helsevesenet ønsker seg et mer aktivt samarbeid med sosionomer som yrkesgruppe, samt at de tildeler sosionomen en viktig og sentral rolle i pasientbehandlingen. Forfatterne mener at ingressen burde ha vinklet på disse funnene, for eksempel slik: «Gjennom de over 60 år sosionomene har vært ansatt på sykehus har gruppen hatt en betydningsfull rolle for pasienten og i forhold til å avhjelpe helsepersonell i behandlingen av pasientene». Noen fagartikler har ingress når de kommer til redaksjonen, andre har ikke det. Redaksjonen forsøker uansett å utarbeide en ingress etter journalistiske kriterier. Som i andre saker, er hensikten også her at ingressen skal vekke leserens interesse. Vi beklager at ingressen i dette tilfellet ikke var i tråd med forfatternes ønske. Red. 54 fontene nr. 13 2008 Essay 48_54_fagart_mannen.indd 54 13-11-08 11:44:30