HMS Rektor 1 av 6 Ny 1. Formål Alle bygg og tekniske anlegg ved NTNU skal vere sikra mot brann. Brannførebyggjande tiltak skal gjennomførast slik at liv, helse og materielle verdiar blir verna. 2. Omfang Gjeld for alle einingar i NTNU, både i eigde og leigde bygg. 3. Ansvar og myndigheit Linjeleiar er ansvarleg for at verksemda blir innretta slik at det ikkje oppstår brann, under dette at nødvendige sikringstiltak, opplæring og brannøvingar blir gjennomført og at det blir peika ut etasjeansvarlege. Teknisk avdeling er delegert hovudansvaret for alle tekniske og organisatoriske brannverntiltak ved NTNU. 4. Definisjonar og forkortingar Særskilt brannobjekt: Bygningar til opphald for mange folk der brann kan medføre meir enn alminneleg fare for tap av menneskeliv: Auditorium, møtelokale, kantiner, skolar o.l. Bygningar, anlegg, opplag o.l. som er slik innretta eller inneheld slik verksemd at ein må rekne med særleg brannfare eller der brann kan medføre store konsekvensar. Bygningar som har kulturhistorisk eller liknande samfunnsmessig verdi: Museum og samlingar. Aktive brannsikringstiltak: Brannalarmanlegg inkludert røykdetektor, sprinklaranlegg, manuelt sløkkjeutstyr. Passive brannsikringstiltak: Bygningstekniske løysingar, som brannavdeling og branndører. 5. Bygningane ved Universitetet er definerte som særskilt brannobjekt. Det blir stilt store krav til organisering av brannvernet, opplæring og brannsikring og branndokumentasjon. 5.1. Sentralt organisert brannvern Teknisk avdeling har det sentrale ansvaret for brannvernet ved NTNU, den enkelte linjeleiaren det lokale. Teknisk avdeling organiserer brannvernleiar, NTNUs beredskapsgruppe, bygningsansvarlege ved brann- og katastrofesituasjonar, sentral brannvernopplæring og NTNUs brannverndokumentasjon. 5.1.1 leiar leiar skal sørgje for at NTNU har ein operativ brannvernorganisasjon, leie denne organisasjonen og sjå til at dei som er tildelt spesifikke oppgåver forstår og meistrar desse. Dette medfører følgjande oppgåver: Ha oversikt over aktuelle lover og forskrifter og ha nødvendige kunnskapar om branntryggleik og brannsløkking, gi beskjed til HMS-avdelinga ved endring i aktuelle lover, forskrifter og krav Etablere og halde ved like sentrale retningslinjer innan brannvern Etablere og halde ved like NTNUs branndokumentasjon og sørgje for systemrevisjon av branndokumentasjonen
HMS Rektor 2 av 6 Ny Delta ved brannvesenets tilsyn, og sørgje for at pålegg og tilrådingar i tilsynsrapportane frå brannvesenet blir vurdert og følgt opp Ivareta teknisk dokumentasjon av og kontroll med alle dei tekniske brannverninstallasjonane ved NTNU og sjå til at desse fungerer heile tida Sørgje for at behov som blir avdekt for nye eller betre tekniske og organisatoriske brannsikringstiltak blir meldt til leiar for Teknisk avdeling Ha kunnskap og opplæring i bruk av stoffkartoteket Føre tilsyn med at retningslinjene for brannvern blir etterlevd lokalt, at einingane nemner opp etasjeansvarlege ved brann-/katastrofesituasjonar Føre tilsyn med at einingane har innhenta nødvendige løyve i samband med oppbevaring, bruk og tilverking av brann-og eksplosjonsfarlege varer, og at einingane har oversikt over godkjente lagringsområde for brann- og eksplosjonsfarlege varer Stå som oppdragsgivar ved og gi eksterne firma løyve til varme arbeid der linjeleiar ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å gi arbeidsløyve (sjå retningslinje for varmt arbeid) Sjå til at det blir halde brannøvingar, vurdere resultatet av øvingane og følgje opp at eventuelle manglar blir retta opp Sørgje for nødvendig opplæring til alle etasjeansvarlege og bygningsansvarlege ved brann-/katastrofesituasjonar. Sørgje for at etasjeansvarlege og bygningsansvarlege har identifikasjonsvestar Utarbeide, oppdatere og sørgje for at einingane får tilgang til ulike oppslag innan brannvern (kontakt evt. Teknisk avdeling når det trengst originale branninstruksar på glansa papir) Bistå skadestadsleiar i brann- og katastrofesituasjonar 5.1.2 NTNUs beredskapsgruppe Hovudoppgåva for beredskapsgruppa er å sørgje for verdisikring av universitetets eigedom ved unomale hendingar, og dessutan vintervedlikehald av universitetets vegar og fortau. Beredskapsgruppa har ei bemanning som dekkjer fagfelta innanfor ansvarsområdet til Teknisk avdeling. Beredskapsgruppa blir leia av to personar som Teknisk direktør peikar ut. Medlemmene i beredskapsgruppa kan berre kallast ut av leiarane i gruppa og vaktstyrken ved NTNU. Meir om oppgåver for beredskapsgruppa finst i eigen instruks hos Teknisk avdeling. 5.1.3 Bygningsansvarlege ved brann- og katastrofesituasjonar Dette er i hovudsak bygningsvaktmeister på staden for hendinga. Dersom bygningsvaktmeisteren forlet ansvarsområdet sitt, sjølv ved korte fråvær, skal oppgåva overlatast til ein annan. I ein brann- eller katastrofesituasjon er primæroppgåva til den bygningsansvarlege å varsle og vere tilgjengeleg for brannvesenet. Bygningsansvarleg identifiserer seg ved den gule vesten til brannvernet. Bygningsansvarleg skal sørgje for at ingen går inn i bygningen før leiar på skadestaden (politi eller brannvesen) gir klarsignal. Meir om oppgåver for bygningsansvarlege i ein brann- eller katastrofesituasjon står i eigen instruks hos Teknisk avdeling.
HMS Rektor 3 av 6 Ny Utanom dette skal bygningsansvarleg Sørgje for at oversikt over etasjeansvarlege som er tilsendt frå einingane er tilgjengeleg i ein brann-/katastrofesituasjon Kontakte og avklare med brannvernleiar tiltak når det er behov for å kople ut aktive sikringstiltak. 5.1.4 opplæring I alle særskilte brannobjekt skal alle tilsette og studentar ha brannvernopplæring og gjennomføre regelmessige brannøvingar som står i forhold til risikoen ved verksemda. Nytilsette og vikarar skal ha tilstrekkeleg informasjon om åtferd i ein brannsituasjon før dei blir sett i arbeid. Teknisk avdeling er ansvarleg for NTNUs rammeavtale med leverandør av brannvernopplæring. I brannvernopplæringa skal dette inngå: HMS-prinsippa ved NTNU, sentrale og lokale retningslinjer innan brannvern Sentral og lokal brannvernorganisering (kven tek ansvar, oppgåver, lokalt ansvar og organisering, medrekna etasjeansvarlege) Særskilte risikoar ved eininga og beredskapsplanar Rømmingsvegar, møteplass, passive og aktive brannsikringstiltak som er installert i bygget Nytte og forventa effekt av førebyggjande tekniske og organisatoriske brannverntiltak Fysiske og kjemiske eigenskapar hos brannar Åtferd ved brann, grunnopplæring i bruk av sløkkjemiddel, evakuering av personar, strakstiltak for å hindre røyk- og brannspreiing 5.1.5 Branndokumentasjon Teknisk avdeling er ansvarleg for å etablere og halde ved like NTNUs branndokumentasjon. Branndokumentasjonen er skildra i brannmodulen i programvara Lydia. Branndokumentasjonen skal utarbeidast i tråd med 2.1. i Forskrft om brannførebyggjande tiltak og tilsyn og omfattar: Bygningsmessig dokumentasjon Generelle data om bygga Dokument frå byggesaker Dokumentasjon om teknisk utføring Bygningsmessige endringar Teknisk dokumentasjon og kontroll Oversikt over serviceavtalar som Teknisk avdeling har inngått Brannalarmanlegg Nødlys og leiesystem Manuelt sløkkjeutstyr Sprinklaranlegg Heis Elektrisk anlegg Brannteikningar Brannsynrapportar
HMS Rektor 4 av 6 Ny Oversikt over kven som er etasjeansvarlege ved den enkelte eininga skal liggje hos den aktuelle bygningsvaktmeisteren NTNUs stoffkartotek gir eit oversyn over kjemikalium og gassar med brann- og eksplosjonsfarlege eigenskapar 5.2. Lokalt brannvern 5.2.1 Linjeleiars ansvar For å redusere risiko for at det oppstår brann, skal den enkelte linjeleiaren: Sørgje for at det blir gjennomført risikovurdering av eiga verksemd med tanke på brannsikring av personar, aktivitetar og utstyr Utarbeide lokale beredskapsplanar i tråd med den sentrale beredskapsplanen ved NTNU og eigne risikovurderingar Innrette verksemda slik at det ikkje oppstår brann og slik at sikringstiltaka verkar slik dei er tenkt Sørgje for at det blir organisert brannøvingar ved eininga, og at desse blir gjennomført og evaluert i samarbeid med brannvernleiar og etasjeansvarlege, og at førebyggjande og korrigerande tiltak blir sett i verk Sørgje for brannvernopplæring av alle tilsette. Studentar skal også gjennomgå nødvendig opplæring i brannvern. Nytilsette og vikarar skal ha tilstrekkeleg informasjon om åtferd i ein brannsituasjon før dei blir sett i arbeid. Eininga skal halde oversikt over kven som har gjennomført brannvernopplæring. Peike ut etasjeansvarlege, dette bør vere personar som er i bygninga mesteparten av arbeidstida si. Sørgje for at alle etasjeansvarlege har identifikasjonsvesten til brannvernet Sørgje for at eininga heile tida har oversikt over kven som er etasjeansvarlege og opplysningar om kva bygning og etasje den enkelte skal ta seg av. Oversikta skal sendast til dei aktuelle bygningsvaktmeistrane Sørgje for at eininga har skaffa nødvendige løyve i samband med oppbevaring, bruk og tilverking av brann- og eksplosjonsfarlege varer, og at einingane har oversikt over godkjente lagringsområde for brann- og eksplosjonsfarlege varer Sørgje for at det blir gitt melding til brannvernleiar om alle forhold som har noko å seie for brannvernet, anten pr e-post eller på NTNUs meldeskjema for ulykker og uønskte hendingar/tilstandar. Hjelpe brannvernleiar med å halde NTNUs brannverndokumentasjon à jour Sørgje for at eininga har nødvendige drifts- og vedlikehaldsavtalar for eige utstyr og eigne installasjonar Sørgje for at varmt arbeid blir utført forsvarleg, og at det blir gitt nødvendige arbeidsløyve før varmt arbeid blir sett i gang Sørgje for at tiltak for særskilt brannsikring blir sett i verk og følgt opp når aktive sikringstiltak er ute av drift 5.2.2 Etasjeansvarlege ved brann- og katastrofesituasjonar I alle bygg som NTNU eig og leiger der det blir drive verksemd i regi av NTNU, skal det peikast ut minst to personar i kvar etasje som skal fungere som etasjeansvarlege ved brann- og katastrofesituasjonar. Der det er fleire einingar i same etasje av ei bygning, kan kvar eining anten peike ut sine eigne etasjeansvarlege, eller einingane kan samordne dei etasjeansvarlege.
HMS Rektor 5 av 6 Ny Etasjeansvarlege skal peike ut møteplass utanfor bygningen der alle i ansvarsområdet skal møte opp i brann- og katastrofesituasjonar. Møteplassen må liggje så langt vekk frå bygningsmassen at han ikkje er til hinder for evt. utrykkingskøyretøy. Etasjeansvarlege skal to gonger pr år gi nødvendig brannverninformasjon til tilsette og/eller studentar innanfor sitt ansvarsområde. Her skal alle tilsette og studentar i området gjerast kjent med rømmingsvegar, plassering av brannmeldar, sløkkjeutstyr, nødopnar for dører og møteplass utanfor bygningen. Den/dei etasjeansvarlege skal her ha på brannvernets identifikasjonsvest. Etasjeansvarlege skal gi melding til linjeleiar når brannverninformasjon er gitt. I ein brann-/katastrofesituasjon skal etasjeansvarleg 1. Ta på seg brannvernets identifikasjonsvest 2. Evakuere alle personar innanfor sitt ansvarsområde, om mogleg skaffe oversikt over personar som måtte vere igjen 3. I tilfelle røyk ved skadestaden: Demp tilløp til panikk og snarast lokalisere og vise den tryggaste rømmingsvegen 4. Sørgje for at alle trekker bort frå bygningen og samlast på den avtalte møteplassen 5. Rapporter om spesielle forhold til den bygningsansvarlege i brann- /katastrofesituasjonar 5.3. Brannsikring når aktive sikringstiltak er ute av drift Visse aktivitetar kan gi behov for å kople ut aktive brannsikringstiltak. Dette kan vere sveisearbeid, også sveising av golvbelegg, forsøk som utviklar røyk eller damp, måling/lakking i små rom, støvande arbeid i samband med byggearbeid, boring/saging i betong, bruk av vinkelslipar, eksos frå bilar o.l. Einingar som planlegg slikt arbeid, skal alltid ta kontakt med bygningsvaktmeister når det er behov for å kople ut aktive brannsikringstiltak. Det er berre personell frå faggruppe el. ved Teknisk avdeling og bygningsvaktmeister som kan kople ut aktive brannsikringstiltak. leiar og bygningsvaktmeister skal avklare ekstraordinære tiltak som forsterka vakthald, ekstra sløkkingsutstyr, opne rømmingsvegar, brannvakt osv. Den/dei aktuelle eininga(ne) må rette seg etter og følgje slike tiltak. Tiltak skal på tilsvarande måte avklarast og setjast i verk dersom aktive brannsikringstiltak ved oppståtte feil er sett ut av drift. Brannalarmar frå dei fleste av bygningane ved universitetet går automatisk til brannvesenet. Dersom brannvesenet rykkjer ut ved unødvendig alarm, dvs. der aktive sikringstiltak skulle vore kopla ut, vil brannvesenet skrive ut gebyr for utrykkinga pga. falsk alarm. Slike gebyr blir belasta den eininga som utløyste alarmen. 6 Dokumenteferansar Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om redningsoppgåvene til barnnvesenet (Brann- og eksplosjonsvernloven) Forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn HMSRV29 - Retningslinje for varmt arbeid HMSRV04 - Retningslinje for melding av ulykker eller uønskte hendingar/tilstandar NTNUs stoffkartotek