Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 05.11.2015 Møtestad Hotel Ullensvang Møtetid 10:00 14:00 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Peder Sjo Slettebø Ordførar H Hans Inge Myrvold Varaordførar SP Leif Sverre Enes Medlem H Sølvi Ulvenes Medlem H Gerd Laura Bondhus Medlem SP Marit Aarthun Medlem KRF Johnny Håvik Medlem AP Hilde Enstad Medlem AP Ove Lemicka Medlem FRP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Kjell O Nygård Rådmann Gunn Tove Petterteig Kommunalsjef Anne Sofie B Kjeka Kommunalsjef Geir Mogren Økonomisjef Bente Høyland Møtesekretær Knut Bjørgvik Verksemdsleiar Brann, bygg og eigedom Kvinnherad kommune side 1
MERKNADER: Orienteringar: Ordførar orienterte om møter og arrangement han hadde delteke på etter at han vart ordførar 22.oktober. Økonomisjef Geir Mogren gjorde greie for budsjettgrunnlaget for 2016. Permisjonar: Ingen. Inhabile: Ingen. Evt. endring på saksrekkefølgje: 2 ekstrasaker (95 og 96) vart behandla før sak 94, Budsjettgrunnlag for 2016. Tilleggssaker: 1. Evaluering av reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune. 2. Vurdering av anbod Psykiatribustader Rosendal 2015. Spørsmål: frå Johnny Håvik, Ap: 1. Tryggleik for gåande på Husnes: Gjennom lokalavisene kan vi lese at kommunen har planar om å fjerna alle fotgjengarovergangar på Husnes innan kort tid. Dersom ikkje dette vert følgd opp med andre trafikksikringstiltak meiner Arbeiderpartiet dette vil vera ei svært uheldig utvikling for regionsenteret vårt av fleire årsaker: 1. Tryggleik for mjuke trafikkantar må ha høgaste grad av prioritet. 2. Fleire områder på Husnes er dårlig belyst, dersom ein ikkje har faste punkt å bevega seg over vegen på, meiner vi det kan føra til svekka tryggleik for fotgjengarar på Husnes. 3. Det kan ikkje vera slik at gåande skal kryssa vegen kor som helst i sentrumsområda på Husnes. Ved å ha fotgjengarovergangar syter vi for at gåande kryssar vegen på faste og føreseielege punkt, slik som til dømes i Rosendal. 4. Det er ønskeleg i eit klima-, miljø- og folkehelseperspektiv å leggja til rette for fotgjengarar i sentrumsområda. Dersom tryggleiken vert svekka vil det føra til auka bruk av bil i staden. Kan ordføraren stadfesta at kommunen kjem til å fjerna alle fotgjengarovergangane på Husnes? Dersom det er tilfelle; kvifor meiner ordføraren det er greitt å svekka tryggleiken for gåande på Husnes, samstundes som trenden andre stader i kommunen er å styrka den? Kvinnherad kommune side 2
ynskje om å skjula informasjon. Tvert imot. Dette er for å betre få fram den informasjonen som blir etterspurd. Eg blir også av Arbeidarpartiet sin gruppeleiar skulda for å ville bruke disse fire dagane til å få rådmannen til å utarbeida eit svadasvar for meg. Dette er urettferdig ovanfor rådmannen, og eg oppfordrar til, at før ein sett fram påstandar som dette, vurderer om dei er rimelege. 3. Under kommunestyremøtet 29.oktober vart fleire kommunestyrerepresentantar nekta å stilla spørsmål i møtet. Dette meiner Arbeiderpartiet er eit klart brot på Kommunelova 34-2 som seier at Ethvert medlem kan rette forespørsel til lederen i møtet, også om saker som ikkje står på saklisten. 34-2 sorterer under kapittel 6 i Kommunelova Saksbehandlingsregler i folkevalgte organer. I Kvinnheringen måndag 2.november grunngjev ordføraren si avgjersle i nemnte kommunestyremøte med at dette vare eit møte med berre ei sak på saklista. Underteikna ber ordføraren gjera greie for kvar i lovverket han finn heimel for og nekta folkevalde kommunestyremedlemmer å stilla spørsmål i kommunestyremøtet 29.oktober. Dersom ordføraren ikkje har heimel for dette i lovverket opplev vi det som eit brot på den tilliten ordføraren er vist som møteleiar i kommunestyret og ber ordføraren komme med ei offentlig orsaking medlemmane som ikkje fekk stilt sine spørsmål. Orføraren svara: På det ekstraordinære kommunestyremøtet var det ei sak på saklista. Eg tolka kommunestyret slik, både under det konstituerande møtet og under sjølve møtet, at vi berre skulle behandle denne eine saka. Dersom det i dette tilfellet oppstod ei misforståing mellom ordføraren og deler av kommunestyret er dette beklageleg, og vidare vil eg nok tydelegare forsikra meg om at heile kommunestyret er av same oppfatning før vi startar på saklista. Kvinnherad kommune side 4
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2015/84 Sal av industritomt til Br. Sjo Maskin ans i Landamarka industriområde, Halsnøy PS 2015/85 Oppseiing av avtale om sekretariatstenester for kontrollutvalet mellom Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune PS 2015/86 Sunnhordland kraftlag/kvinnherad kommune - val av medlemmer til kontaktutval 2015-2019 PS 2015/87 Busetting av einslege mindreårige PS 2015/88 Tilrettelagt transport til og frå Herøysund Kompetansesenter PS 2015/89 Serverings- og skjenkeløyve - 2012-2016 - Påfyll Snikkeriet As - Rosendal PS 2015/90 Serverings- og skjenkeløyve 2012-2016 - Smakifrå as - Uskedalen PS 2015/91 Rullering av handlingsprogram for kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2016-2019 PS 2015/92 Feiertenesta i Kvinherad kommune - ny anbodsrunde PS 2015/93 Sluttbehandling av kommunedelplan for skulebruk 2016-2028 PS 2015/94 Budsjettgrunnlag for 2016 samt forslag til økonomiplan og handlingsplan for 2016-2019. PS 2015/95 Evaluering av reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2015-2019 PS 2015/96 Vurdering av anbod Psykiatribustader Rosendal 2015 Kvinnherad kommune side 5
PS 2015/84 Sal av industritomt til Br. Sjo Maskin ans i Landamarka industriområde, Halsnøy Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. 1. Br. Sjo Maskin ans får kjøpa ca 2,5 da industritomt i Landamarka industriområde. 2. Vederlag for grunn, kr 118 pr m2 er fastsett med bakgrunn i konsumprisindeksregulert pris for kommunale industritomter, vedtatt av formannskapet 8.3.2007. 3. Alle kostnader med frådeling av tomt og overføring av eigedom vert dekkja av kjøpar. 4. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre salet. PS 2015/85 Oppseiing av avtale om sekretariatstenester for kontrollutvalet mellom Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ SØLVI ULVENES(H), OVE LEMICKA(FRP), JOHNNY HÅVIK(AP), HANS INGE MYRVOLD(SP), MARIT ÅRTHUN(KRF): Avtalen med Hordaland Fylkeskommune blir ikkje sagt opp. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteke. Innstilling frå Formannskapet den 05.11.2015 Avtalen med Hordaland Fylkeskommune blir ikkje sagt opp. PS 2015/86 Sunnhordland kraftlag/kvinnherad kommune - val av medlemmer til kontaktutval 2015-2019 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ OVE LEMICKA (FRP): Kai Morten Torget, Frp NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ JOHNNY HÅVIK (AP): Vibeke F Røssland, Ap vert medlem av kontaktutval SKL/Kvinnherad kommune. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ MARIT ÅRTHUN(KRF), GERD LAURA BONDHUS(SP) OG LEIF SVERRE ENES(H): Peder Sjo Slettebø, H Hans Inge Myrvold, Sp Otto Benjaminson, Krf Røysting: Frp sitt forslag fekk 1 røyst og fall Ap sitt forslag fekk 2 røyster og fall Krf, Sp og H fekk 7 røyster og vart vedteke. Kvinnherad kommune side 6
Politiske representantar til Kontaktutval Sunnhordland kraftlag/kvinnherad kommune for perioden 2015 2019 vert: Peder Sjo Slettebø, H Hans Inge Myrvold, Sp Otto Benjaminson, Krf PS 2015/87 Busetting av einslege mindreårige NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ HILDE ENSTAD(AP): 1. Kvinnherad kommune vil ta imot inntil 12 einslege mindreårige flykningar i 2016. 2. Som rådmannen si innstilling. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ LEIF SVERRE ENES (H) OG HANS INGE MYRVOLD (SP): Nytt punkt 3: Tenestetilbodet skal avviklast dersom dei statlege overføringane vert avslutta. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ OVE LEMICKA (FRP): Alt. Pkt.2: Organiseringa av tiltaket skal tilbake til kommunestyret som innstillingssak. Røysting: Nytt forslag frå Ap 2 røyster og fall Nytt forslag frå Frp 1 røyst og fall Rådmannen si innstilling med forslag om nytt pkt.3 7 røyster og vart vedteke Innstilling frå Formannskapet den 05.11.2015 1. Kvinnherad kommune vil ta i mot 4-5 einslege mindreårige flyktningar i 2016. 2. Rådmannen får fullmakt til å etablere tenestetilbod innanfor dei økonomiske rammer som dei statlege overføringane gjev. 3. Tenestetilbodet skal avviklast derom dei statlege overføringane vert avslutta. PS 2015/88 Tilrettelagt transport til og frå Herøysund Kompetansesenter NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ LEIF SVERRE ENES(H): Saka blir sendt over til Levekårskomiteen. Røysting: Nytt framsett forslag vart vedteke med 7 mot 2 røyster(o. Lemicka, Frp og M. Årthun, Krf) Saka blir sendt over til Levekårskomiteen. Kvinnherad kommune side 7
PS 2015/89 Serverings- og skjenkeløyve - 2012-2016 - Påfyll Snikkeriet As - Rosendal Rådmannen bad om at saka vart trekt frå sakskartet. Saka vart trekt. PS 2015/90 Serverings- og skjenkeløyve 2012-2016 - Smakifrå as - Uskedalen Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. 1. I medhald av delegasjon får Smakifrå a/s, Uskedalen skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3, jfr. Alkohollova 4-2. 2. Løyvet gjeld omsøkt restaurant (120 sitjeplasser) og uteområde (35 sitjeplasser) i lokaler i Sandavegen 22, Uskedalen. (Tidlegare Systrene Nilsen). 3. Løyvehavar vert Roy Vidar Lervåg f. 07.01.74. Reservestyrar vil kome på plass sommaren 2016. 4. Skjenketida vert: Inne / ute: Under 22% kl.12.00 01.00 Over 22% kl.13.00 01.00 5. Pålagt kurs i alkoholhandtering for tilsette går fram av vedtekne retningsliner. 6. Skjenkeavgifta vert sett i samsvar med gjeldande forskrifter. PS 2015/91 Rullering av handlingsprogram for kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2016-2019 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ LEIF SVERRE ENES: Saka vert oversendt Levekårskomiteen. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Saka vert oversendt Levekårskomiteen. PS 2015/92 Feiertenesta i Kvinherad kommune - ny anbodsrunde Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. 1. Feiartenesta vert lyst ut på ny anbodsrunde for 4 år. 2. Rådmann får fullmakt til å godkjenna vilkåra og sluttforhandla kontrakt. Kvinnherad kommune side 8
PS 2015/93 Sluttbehandling av kommunedelplan for skulebruk 2016-2028 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ GERD LAURA BONDHUS (SP) OG SØLVI ULVENES (H): Saka vert oversendt til Levekårskomiteen. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Saka vert oversendt til Levekårskomiteen. PS 2015/94 Budsjettgrunnlag for 2016 samt forslag til økonomiplan og handlingsplan for 2016-2019. Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Budsjettgrunnlag for 2016 samt forslag til økonomi- og handlingsplan 2016 2019 blir lagt til grunn i vidare arbeid med budsjett 2016, økonomiplan 2016 2019 og handlingsplan 2016 2019. PS 2015/95 Evaluering av reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2015-2019 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ JOHNNY HÅVIK (AP): Medlemmer til evaluering av politisk reglement: Gretha Rød (Ap) Leif Sverre Enes (H) Hans Inge Myrvold (Sp) Kai Morten Torget (Frp) Følgjande får i oppdrag å evaluere politisk reglement: Gretha Rød (Ap) Leif Sverre Enes (H) Hans Inge Myrvold (Sp) Kai Morten Torget (Frp) PS 2015/96 Vurdering av anbod Psykiatribustader Rosendal 2015 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ AP, SP, KRF, H OG FRP: Formannskapet opprettheld tidlegare vedtak frå 09.04.2015. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Kvinnherad kommune side 9
1. Formannskapet godkjenner utlysing av konkurranse på oppføring av 12 omsorgsbustader basert på leigeavtale i 30 år. 2. Formannskapet godkjenner vedlagt anbodsgrunnlag utarbeida av tekniske tenester i samarbeid med fagpersonell og interkommunale innkjøpsforum i Sunnhordland. 3. Rådmann får godkjenning til å inngå kontrakt med vald utbyggjar. 4. Formannskapet føreset at kommunen vert tildelt investeringstilskot frå Husbanken. Kvinnherad kommune side 10