F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Å rgang 2, N r. 4 Aurebestanden i Nordvatn 29 Aurebestanden i Nordvatn 29 Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning, Universitetet for miljø- og biovitskap Mai 21
Innleiing Aurebestandane i kjeldeområda til Lågenvassdraget har vore varierande, men jevnt gode både i hovudvassdraget og i tillaupsvassdraga, med hyppige innslag av kilosfisk og større. Ikkje minst på grunn av rik førekomst av marflo og skjoldkreps i alle vatna har kvaliteten vore fyrsteklasses (Qvenild 23). I dei seinare åra har mange bestandar på vidda endra seg i negativ retning på grunn av auka naturleg rekruttering. Dette har kanskje vore mest merkbart lengre vest på vidda, i t. d. Ullensvang statsallmenning, men auka rekruttering kan og tenkjast å slå negativt ut for fiskekvaliteten i enkelte vatn i Eidfjord statsallmenning. Etter avtale med Gunnar Elnan, Eidfjord fjellstyre, er eit skjellmateriale frå eit prøvefiske i Nordvatn i august 29 aldersbestemt og analysert. Nordvatn ligg 1258 m over havet og har eit areal på omkring 1,2 km 2. Det er truleg relativt grunt, og burde difor vera eit svært godt aurevatn. Det ligg óg mange båtar ved vatnet, så her ligg det potensielt godt til rette for eit omfattande fiske. Muniz (1969) gjennomførde eit prøvefiske i Nordvatn i 1968, men han fekk berre 11 fisk den gongen, og han konkluderte med at bestanden hadde svært låg tettleik. Skjoldkreps dominerte i mageprøvene den gongen, og det er ein god indikasjon på at bestanden hadde låg tettleik med gode veksttilhøve. Det kan difor vera av interesse for brukarane av Nordvatn å få innsyn i korleis bestandstilhøva er i dag. Metodar Aldersbestemminga er gjort på grunnlag av skjell. Det må likevel understrekast at aldersbestemming basert på skjellprøver er høgst usikkert og i mange tilfeller heilt ubrukeleg, særleg når årleg lengdetilvekst er liten eller eventuelt har stoppa opp (Borgstrøm 2). Difor burde det i tillegg til skjellprøver alltid takast øyresteinar (otolittar) for meir sikker aldersbestemming (sjå t. d. Borgstrøm et al. 21). Fleire av skjellprøvene frå Nordvatn indikerer at det har vore vekststagnasjon, og det er difor stor sannsynlegheit for at ein del av dei større og eldre fiskane har fått for låg alder ved avlesinga på grunn av vekststagnasjonen. Dermed vert óg den årlege lengdeveksten overvurdert. Tilbakerekning av lengde for dei enkelte individa er gjort ut frå mælingar av skjella på eit skjermbilete i ein mikrofilmlesar. Ved tilbakerekning av lengda er det rekna med at det er proporsjonalitet mellom skjellveksten og fiskeveksten (Lea-Dahls metode), og det fører til at den berekna lengda på ungfisken vert sett for lågt. Ikkje alle fiskane i lengdeintervallet 18-23 vart aldersbestemt, men alderen på desse fiskane er stipulert ut frå aldersfordelinga innan kvar cm-klasse (18-23 cm) i det aldersbestemte materialet. Fangst Ved prøvefisket 5. august 29 vart det i alt teke 98 aurar på dei to Jensen-garnseriane (Fig. 1), men 61 av fiskane vart teke på den minste maskevidda, 21mm. Lengdefordelinga er meir eller mindre totoppa, med mange fisk i lengdeintervallet 19-22 cm, lite fisk i intervallet 27 33 cm, og så relativt mange i intervallet 4-41 cm. Denne fordelinga kan skuldast vekslingar i årsklassestyrke, men kan óg ha hatt med fangbarheita for visse lengdeklassar den eine natta det vart fiska. Den større fisken er teken på maskeviddene 29-45mm, og særleg mange store fisk vart tekne på 39mm (Fig. 2). 2
2 15 Antal 1 5 15 2 25 3 35 4 45 Fig. 1. Lengdefordeling av samla fangst på prøvegarnserien i Nordvatn 5. august 29 4 3 29 35 39 45 Antal 2 1 17 21 25 29 33 37 41 Fig. 2. Lengdefordeling av aure fanga på maskeviddene 29-45mm ved prøvefisket i Nordvatn 5. august 29 Alder og vekst Årsklassane 22-24 var heilt dominerande i prøvefiskefangsten (Fig. 3). Tilbakerekna lengde for auren frå Nordvatn i 29 antyder ein avflating i veksten etter alder åtte år (Fig. 4). Som nemnt kan det dessutan mellom dei eldre fiskane ha vore nokre med høgare alder enn det som vart lest frå skjella, fordi nye vintersoner vert ikkje avsett når lengdeveksten er stagnert. I så fall er det ein endå meir markert nedgong i veksten enn det som kjem fram i Fig. 4. Bberekna vekst i 1968 (Muniz 1969) er praktisk tala identisk med veksten i 29, fram til alder åtte vintrar (Fig. 4). Dette er overraskande, fordi prøvefiskefangsten i 1968 indikerte at det då var relativt låg tettleik i bestanden (kun 11 fisk på ein Jensenserie, rett nok utan maskevidde 26), medan prøvefiskefangsten per garnserie i 29 var på 49 fisk, og indikerte høg bestandstettleik. Den sterke dominansen av årsklassane 22-24 i Nordvatn i 29 (Fig. 3), saman med nedgongen i årleg vekst for fisk eldre enn åtte år, kan antyda at det har vore ein stor rekruttering dei seinare åra. Ifylgje Muniz (1969) var veksten i Nordvatn i 1968 betre enn veksten i Nordmannslågen same året, men veksten i Nordmannslågen i 1968 var samtidig 3
tilsynelatande dårlegare enn i 191 og 1932-33 (Fig. 5). Det er likevel påfallande at Huitfeldt- Kaas (1927) opererer med 7,5 cm som lengde på ein vinter gamal aure i fleire av vatna frå Vidda, og det kan tyda på at det faktisk er lengde ved to vintrar som han har feiltolka til lengde etter fyrste vinter, fordi den fyrste vintersona ofte kan mangla på skjella. I så fall vert aureveksten i Nordmannslågen i 191 om lag som i 1968, eller litt dårlegare. Det er stor skilnad på elleveåringar på 5 cm og bortimot 1,5 kg slik det var i Nordmannslågen i 1932-33, og elleveåringar på rundt 6 gram i Nordvatn i 29. Som det framgår av Fig. 5, var veksten i Nordmannslågen på trettitalet svært uthaldande, og fisken vart både 6 og 7 cm. Slik kunne den og truleg verta i Nordvatn om bestandstettleiken var låg nok og beskatninga moderat. I prøvefiskefangsten til Muniz (1969) var niåringar eldste fisk i Nordvatn, men lengda var 42 cm, med vekt på godt over 7 gram. 4 3 Antal 2 1 25 24 23 22 21 2 1999 1998 Årsklasse Fig. 3. Årsklassefordeling av auren teke ved prøvefisket i Nordvatn 5. august 29 5 29 1968 4 3 2 1 1 2 3 4 5 6 7 8 9 1 11 Alder (vintrar) Fig. 4. Tilbakerekna lengde basert på heile det aldersbestemte materialet frå Nordvatn i 1968 (etter Muniz 1969) og i 29. Vertikale liner viser standard avvik for gjennomsnittsverdiane i 29 4
8 7 6 Muniz 1968 1932-33 191 5 4 3 2 1 1 4 7 1 13 16 Alder (vintrar) Fig. 5. Gjennomsnittleg lengde ved fangst for aure frå Nordmannslågen i 191 (etter Huitfeldt-Kaas 1927), i 1932-33 (etter Sømme 1934) og tilbakerekna lengde i 1968 (etter Muniz 1969) Aurens kvalitet Det er stor spreiing i kondisjonsverdiar for auren i prøvefiskematerialet frå august 29 (Fig. 6). Ein god del av individa har k-verdiar under,9, og mange har verdiar under,8. Det betyr at ein stor del er for mager, og dette er også ein sterk indikasjon på at bestanden no er for tett. Det er heller ingen tendens til endring i kondisjonsfaktor med alderen (Fig. 7). Gjennomsnittleg k-verdi for auren i Nordvatn i 1968 var 1,6, medan gjennomsnittet i 29 låg på k =,9, med eit standard avvik på ±,9. 1,2 Fultons kondisjonsfaktor 1,1 1,,9,8,7,6,5 1 2 3 4 5 Fig. 6. Fultons kondisjonsfaktor, k = Vekt (gram)*1/ 3, for aure teke ved prøvefisket i Nordvatn 5. august 29 5
Fultons kondisjonsfaktor 1,2 1,1 1,,9,8,7,6,5 2 4 6 8 1 12 Alder (vintrar) Fig. 7. Fultons kondisjonsfaktor, k = Vekt (gram)*1/ 3, innan kvar aldersgruppe av aure teke ved prøvefisket i Nordvatn 5. august 29 Kjønnsmogning Hofisk heilt ned i 22 cm var kjønnsmogne, og alle hoer mellom 35 og 42 cm (i alt 17 fisk) var gytefisk. I 1968 var det ingen kjønnsmogne fisk av dei 11 aurane som vart undersøkt (Muniz 1969). Konklusjon Prøvefiskematerialet frå august 29 antyder at bestanden i Nordvatn kan vera for tett. Ein stor del av individa er for magre. Det er tidleg kjønnmogning på hofisken, og det ser ut til at fisken stagnerer i vekst ved relativt liten storleik. For å retta på dette, burde det takast ut ein god del småfisk (under 25 cm). Dvs. det burde ha vore fiska ein del med maskevidder rundt 19,5-22,5mm. Det hadde vore ynskjeleg med otolittar og skjellprøver frå eit utval av den større fisken frå Nordvatn for å få ei sikrare aldersbestemming, og dermed ein sikrare analyse av bestandstilhøva. Litteratur Borgstrøm, R. 2. Bestandsanalysar Alder, vekst og dødelighet. S. 179 193 i: Borgstrøm R. og Hansen, L. P. (red.), Fisk i ferskvann Et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning. Landbruksforlaget, Oslo. Borgstrøm, R., Dokk, J. G. og Thaulow, J. 21. Aurebestandane rundt Litlos status etter utfisking i 25-28. Fagrapport Fiskeforvaltning i høgfjellet 2 (2): 1-15. Huitfeldt-Kaas, H. 1927. Studier over aldersforholde og veksttyper hos norske ferskvannsfisker. Nationaltrykkeriet, Oslo. Muniz, I. P. 1969. Rapport fra de fiskeribiologiske undersøkelser i Eidfjord statsalmenning sommeren 1968. Konsulenten for ferskvannsfisket i Vest-Norge, Bergen, 72 s. og vedlegg med figurer. Sømme, J. D. 1934. Aldersfordeling, vekst og kjønnsmodning hos ørret på Hardangervidda. NJFF tidsskrift 63 (6): 269-29. Qvenild, T. 23. Hardangervidda Fiske og Fjelliv. Naturforlaget. Denne fagrapporten er utarbeidd for Eidfjord fjellstyre 6