Nr. 2 Mai 2008 Årgang 35. GP i folkemusikk: Jodlande atterljom mellom Alpetindar



Like dokumenter
Nr. 2 Mai 2008 Årgang 35. GP i folkemusikk: Jodlande atterljom mellom Alpetindar

GP i folkemusikk: Jodlande atterljom mellom Alpetindar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

MEDLEMSINFO. august 2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Nr september 2012 Årgang 39

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Brukarrettleiing E-post lesar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsplan for Hare November

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

No sprett knuppane og sevja stig

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Månadsbrev for Rosa september 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Hei alle sjøstjerneforeldre

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

INFORMASJON om førestellinga:

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal


Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

«Ny Giv» med gjetarhund

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Månedsbrev april 2015

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

FANTASTISK FORTELJING

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Vi lærer om respekt og likestilling

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

mmm...med SMAK på timeplanen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Brukarrettleiing. epolitiker

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kva er økologisk matproduksjon?

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Læring utanfor skulen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Transkript:

* Nr. 2 Mai 2008 Årgang 35 GP i folkemusikk: Jodlande atterljom mellom Alpetindar 1

HOLMGANG 2008 Siste nytt frå Sand Leiarteigen Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlemmer: Audun Rosland Målfrid M. Aanderaa Holmgang kjem ut med 4 nummer i året. Bladpengar for direkte tinging av bladet som papirkopi er kr. 50.- pr. år. Lysingsprisar: 1/4 side: Kr. 275.- 1/2 side: Kr. 450.- 1/1 side: Kr. 800.- I dette nummeret: Stoff-frist for nr. 3/2008: Bladet kjem ut kring 20. september, så vi treng stoffet sist i august. Lever helst før! Bokverk om folkemusikk! Foto: Ryfylkemuseet Skrive av Ruth Anne Moen sjå side 7. Folkemusikkgalla! I Kulturhuset i Suldal skal det lørdag 13. september vere ein stor konsert med gruppene Tindra, Geitungen og OnkelFolke. Sjå flotte bilete på: ØØÔ»»Ø Ò Ö ØÖ ÓºÓÑ» ØØÔ»» ØÙÒ ÒºÒÓ» Framsidebilete frå Oesch-nettsida Siste nytt frå Sand 2 Leiarteigen 3 Konsert med HARPA 3 Ord frå redaksjonen 4 Tevling 4 Vitjing frå Taiwan 5 Toraderfestival på Rennesøy 5 Suveren jodling på førsteplass 6 Vi har høyrt at... 6 BERGTEKEN 7 Nr. 9 i Folketoget 8 Folkekulturfestivalen 2008 9 Swing = dansbænd? 10 Frå Fasting-folkelivet 11 Islandstur 2004 12 Med Holmgang på salsakurs 14 Annonse 16 Fokus er på lokal folkemusikk. Arrangørar er Suldal kommune, Ryfylkemuseet ved Folkemusikkarkivet, Kulturhuset i Suldal. Håpet er innrykk frå både Haugesund og sørfylket. Planar om heileftan med overnattingspakke og musikalsk etterspel! Hugs dansesko og feler! Meir info kjem snart. ØØÔ»»ÓÒ Ð ÓÐ ºÒÓ» Folkemusikkhelg! Folkemusikkhelga 2008 er på Mo Laksegard i Suldal, som i tidlegare år. Merk datoen: Det blir helga frå fredag 31. oktober til søndag 2. november. Meir info kjem seinare, men følg gjerne med på nettsida til Ryfylkemuseet, ØØÔ»»ÛÛÛºÖÝ ÝÐ Ñ٠غÒÓ». Dette nummeret av Holmgang er sett med 12pt Helvetica i L A T E X for Ubuntu 8.04 Linux. 2 Sommeren står for døra, og eit godt og aktivt vårhalvår i BUL er snart historie. For å ta det siste først, så kom vi sterkt tilbake etter at vi i fjor ikkje klarte å mobilisere folk verken til framsyningar eller deltaking i folketoget på 17. mai. Oppmodinga som eg ga til Leikarringen og Vibå om å lage eit spektakulært innslag til folketoget, vart løyst på ein god måte. Det er mange år sidan BUL har synt så godt igjen og fått så mykje applaus i folketoget som i år. Når så været i tillegg synte seg frå si beste side, måtte dette bli ein suksess. Ein stor takk til alle som var med. Dette viser at vi kan når vi vil, og det er noko vi forhåpentligvis skal kunne gjenta med enda fleire deltakarar til neste år. Det skjer også framleis ting i BUL før jonsokbåla blir tent, og eg minner om konserten med Harpa 1. juni. (Omtala lenger ned på denne sida.) Helga 20-22. juni får vi besøk av Skotske spelfolk igjen, og dei skal mellom anna ha konsert i BUL i løpet HARPA er ei amerikansk musikargruppe med tilhald i Seattle, som har spesialisert seg på musikk for gamle harper, mellom anna den norske folkeharpa. Under Europaturneen i 2006 vitja dei Nordlek. Søndag 1. juni kl. 19.30 held dei konsert i Siddis-Stova (kr. 100). Vibå er med på notene, og etterpå blir det dans. Og kvelden etter er dei i Sola Ruinkyrkje. På er fleire opplysninger om dei å finne. nettsida ØØÔ»»ÛÛÛº Ø ÓÐÐ ºÓÑ Konsert med HARPA (Frå tilsendt stoff) 3 av den helga. Opplegget her er ikkje heilt klart ennå, så følg med på nettet og i dagspressa for meir informasjon. Planlegginga for haustaktivitetane er også godt i gang, og vi satser mellom anna på å få i gang eit nytt folkedanskurs på mandagskveldane. Dansefest blir det som vanlig i oktober, og i år er det Oppdal Spelmannslag som står for musikken. Dette er eit av dei fremste spelmannslaga i landet når det gjeld dansemusikk, så det skal bli god gang med 10-15 livlige spelfolk på scenen og forhåpentligvis det tidoble på dansegolvet. 18. oktober er datoen, så la jungeltelegrafen gå og merk av datoen i kalenderen. Når vi så veit at den tradisjonelle Handverksmessa i november er i rute, skulle grunnlaget for hausthalvåret vere på plass. Til slutt vil eg berre få ønske alle ein god sommar og vel møtt igjen i slutten av august. Leiar Beth Kollé Helsing Roger

Ord frå redaksjonen Innlegg frå medlemene berga redaksjonen ut av stoffknipa denne gongen og. Tolvsidersnummeret vart ikkje eit faktum, og det er deira forteneste. Den lova artikkelen om ein Telemarksbunad basert på eldre tradisjon, blir det ikkje noko av. Ho som skulle skrive den, kunne likevel ikkje. Dette ifølge mannen hennar, Professoren som svarer på alt (om han, sjå Stavanger Aftenblad 4. juni 2007 side 11). Spaltistjobben som teiknar i Holmgang er enno ledig. Her gjeld først til mølla! Apropos Grand Prix i folkemusikk: Eit nettsøk tyder på at førebels deltek Østerrike, Tyskland, Sveits og Sør-Tyrol. Gamalredaktør Audun hadde ein ide til ein artikkelserie om danseformer. Redaksjonen har tatt opp tråden. I dette nummeret finn du to artiklar om andre dansar enn norsk folkedans og gamaldans. Den som klarer å vente, vil kanhende få meir slik kunnskap seinare. Om lukka er god: Neste gong ei utgreiing om linedance, godt Anna har fått ny flott mobil med kamera. For å teste MMS-funksjonen, sende ho dette biletet til Holmgang: Tevling: Kva ser vi? 4 norsk ord forresten, ein dans som er mykje meir enn tidtrøyte for amerikanske oljekåner med fiolett permanent. Men Holmgang har massevis av plass til innlegg! I sumar skal mange medlemer på folkemusikk- eller folkedansfestivalar, eller på annan langtur for å bli brune. Skal du på fisketur til Ryfylke, eller gå søndagstur rundt Store Stokkavatn? Vi tar imot nett DI reiseskildring med takk. Skal du krysse Australia med bil? Alt har interesse. Ilskne innlegg om målsak, ein tradisjon i NU-samanheng, har det ikkje vore mange av den siste tida. Men redaksjonen tar med glede imot slike artiklar. Temaet ligg oss tungt på hjarta. Som dei fleste no veit, fekk BUL fast fisk då styret kontakta kommunen om ein meir framtredande plass i syttande mai-toget. Det er kanhende den beste nyheta denne gongen, som du kan lese meir om på side 8. Varsel om ei ny tid for BUL? Kor blei det tatt? Den som kjenner seg att og kjem først med rett løysing, får kome i Medlemsbiletet i neste nummer! Tysdag 8. april fekk vi spanande vitjing i leikarringen av ei gruppe ungdomar frå Taiwan. Ungdomane høyrer til dei opprinnelege stammefolka i Taiwan. Dei har vakse opp og bur fortsatt på barneheim. I Stavanger var dei i høve Kulturby 2008. Ungdomane var interesserte i dans og ville sjå og lære noko om norsk folkedans. Kva var vel betre då enn å kome til Siddisstova? Dei viste seg fram for oss, og vi viste oss fram for dei. Anne Lise hadde tenkt ut lure dansar som kunne passe for grasiøse asiatar, og Arvid var ein god hjelpar. Dansepedagogikken var herming, dei kunne ikkje engelsk! Det fungerte kjempebra. Det 18. Rennesøytreffet blei arrangert i helga 7.-9. mars i kulturhuset i Rennesøy. Dette kallast Meierisalen og ligg på Vikevåg. Arrangøren var som i tidlegare år Rennesøy Toradergjeng, der Einar Gangenes er musikkansvarleg. Dei har fast øvingskveld på torsdagar på Rennesøy skule. I alt var det omlag 80 deltakarar og 10 instruktørar, av dei sistnemnde to frå Sogn, ein frå Vågå og ein frå Lillehammer. På lørdagskvelden var det fest, annonsert av Kornelius på ei tirsdagsøving i Leikarringen i BUL, difor fleire frammøtte herifrå. Underhaldninga var ved festivaldeltakarane og instruktørane. Vitjing frå Taiwan Toraderfestival på Rennesøy 5 Latteren runga i storsalen då vi prøvde kvarandres dansar. Kaoset nådde ei topp under familievalsen. Men jamen fekk ikkje taiwanarane sansen for valsetakta! Litt fakta om Taiwan for dei spesielt interesserte: Taiwan heitte tidlegare Formosa og er no ein del av Republikken Kina, etter at keiserdømmet i Kina fell i 1911. (Sjølve Kina heiter Folkerepublikken Kina.) Storleiken på øya er 1/10 av Tyskland, men folketalet er nær 23 millionar. Det vil seie at det i gjennomsnitt bur 627 menneska per km 2. (Her i landet bur det 12 per km 2.) Tekst v/ Torill Stordalen Og veret den kvelden gjorde det endå meir triveleg inne på festen! Tekst og bilete v/ J.

Suveren jodling på førsteplass Rørt: Grand-Prix-vinnar Melanie Oesch Ein familie som syng, ei gruppe med sveitsarar og paraguayanarar, ein einskild songar og ein duo skal representere Sveits i finalen for Grand Prix i folkemusikk. Finalen skal vere i Zürich 30. august i år. Det sveitsiske uttaket blei vunne av den 5-hovuda familien Oesch, som kalla seg Oesch s die Dritten. Songen deira, Die Jodel-Sprache, kom best ut hos TVpublikum. Det kom vel ikkje serleg overraskande på nokon: Melanie Oesch, med den superraske jodleteknikken sin, og familien hennar blei på forhånd rekna som klåre favorittar. På andreplass kom Kapelle Oberalp, som hadde slått seg saman med Domingo Rey e Los Paraguayos, dei song saman Lueg a mol. Komm ich zeige dir die Sterne med Christian Duss, og Lauf dem Glück nicht hinterher med Manuela Fellner og Urs Meier, kompletterte feltet. Til saman 12 artistar og grupper stilte opp i det sveitsiske uttaket. Kjelde: Berner Zeitung 21/4-08 Bilete: Keystone Omsetjing v/ J. BERGTEKEN bokverk om folkemusikken i Rogaland For første gong på 25 år - og det i sjølvaste kulturbyåret - kjem det no ei songbok med songar og småstubbar frå heile Rogaland. I tillegg kjem det for aller første gong ei lærebok med fokus på tradisjonane her i fylket. Det er Ryfylkemuseet som står som utgivar og forfattar er Ruth Anne Moen, konservator på Folkemusikkarkivet for Rogaland. Alt stoffet i bøkene er henta frå Folkemusikkarkivet. Verket Bergteken er dermed og ei oppsummering og synleggjering av arbeidet ved arkivet så langt. Bergteken, bind 1 er ei songbok for alle songglade. Boka inneheld eit utval av viser og småstubbar frå heile Rogaland med tilhøyrande bakgrunnsstoff. Så og si alle kommunane i fylket er representerte med ein song eller fleire. Med boka følgjer det ein dobbelt-cd med alle songane. Bergteken, bind 2 er ei lærebok som inneheld bakgrunnsstoff om folkemusikken og folkedansen i Rogaland og gir døme på ulike undervisningsopplegg som tek utgangspunkt i lokal musikk, dans og forteljing. Bind 2 har og ein eigen del med samspelarrangement av ulik vanskegrad. (Frå pressemelding) Vi har høyrt at... Det er framleis sjanse til å melde seg på turen til Trodlatysdal. Påmeldingsliste heng i Siddis-Stova. Ingen frå BUL var med på Siddisløpet i år. Kom og dans (Fasting) ynskjer i prinsippet å drive med gamaldans og. Sjå berre nettsida deira, ØØÔ»»ÛÛÛº ÓÑÓ Ò ºÒÓ». Jazzentusiastar i Stavanger har ikkje peiling på latinamerikansk rytme. Under Hovedøen Social Clubs konsert i Hall Toll dansa dei swing framfor scenen. Under Roberto Fonsecas konsert i Stavangeren klappa publikum på 2 og 4 til klaverytmen bassisten og perkusjonisten lo bakpå scenen! 6 7

Nr. 9 i Folketoget Folkekulturfestivalen 2008 i Lillesand Leikarringen deltok elles som tradisjonelt utafor Domkirka og i Byparken. Om kvelden var det fest i Siddis-Stova som vanleg, med musikk av Vibå, rømmegraut og spekemat og omlag 50 personar til stades. Ja, og kven andre enn Bunadnemnda og Vibå/Leikarringen fekk sentral plass på Før toget kunne ein trøye seg med Stavdet store fugleperspektivbiletet på midtsianger Storband på Tusenårsstaden. Dei avslutta med Dovregubbens hall i Edward dene i Stavanger Aftenblad 19. mai? Tekst og bilete v/ J. E. s versjon for fullt pådrag. No er vi oppdaga. BUL og Vibå med godt frammøte fekk flott plass i Folketoget på ein solrik 17. mai. Med kvinnesterk Bunadnemnd i RU rett føre seg, ho kom berre ei leikestue bak bydelsutvalga og bystyret. Viktigare enn Wergelands Venner, for ikkje å nemne Universitetet! og folkemusikk. I 2002 skifta den tidlegare Landsstemna i Noregs Ungdomslag namn og vart til Folkekulturfestivalen. I år er temaet Folkekultur - frå hav til hei og festivalen er lagt til sørlandsidyllen Lillesand, i tida 24.-27. juli.1 Folkedans, folkemusikk, amatørteater og husflid er hovudelement i Folkekulturfestivalen 2008. Med eit eige ril-prosjekt vil vi syne noko av den kontakten det har vore i musikk og dans rundt Nordsjøen. Vi lyfter og fram den særmerkte spel- og dansetradisjonen på indre Agder gjennom å gjere Setesdalsgangar, parhalling frå Herefoss og Sørlandsspringar til gjennomgangstema under kurs og dansekveldar gjennom heile festivalen. Konsertar med song og musikk frå både kysten og indre bygder på Agder skal gje eit breitt bilete av den kulturskatten landsdelen vår rår over. På festivalen vil vi ha tilbod som går på tvers av generasjonar, men og tilskipingar som rettar seg mot berre born eller ungdom. Første delen av festivalen er ei tre dagars samling av ungdom mellom 14 og 25 år med interesse for folkedans, teater Godbitar frå programmet: Festivalopninga skjer torsdag 24. juli om ettermiddagen. Det blir dansekveld der Geitungen m fl spelar til dans, og det bli nattkonsert med unge folkemusikarar frå Agder. Fredag vert det mellom anna folkemusikkarmada gjennom den vene Blindleia. Vi vil mobilisere spelemenn til å delta i ei båtkortesje gjennom leia. Denne vert avslutta med ein konsert. Fredag vert det også sørlandsviser og dansekveld med spelemannslag frå Agder. Laurdag er det mellom anna framsyningskappleik finale, leikfest med Sven Nyhus kvartett og kveldskonsert med Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch. De kan sjølvsagt lesa meir om festivalen på internett: http://www.folkekulturfestivalen.no/. Så kjære bularar, kryss av dagane i kalenderen og set kursen mot sør siste veka i juli. Helsing frå eit tidlegare BUL-medlem: Magne Haugen medlem av programnemnda Blide folk Bunadnemnda (bak N.N.) Salsa på Tusenårsstaden... Torill, Atle og Margrete var der... til Stavanger Storband 8 Ragnhild A., Helge Ø. 1 OBS! Sjå Ungdom: 21.-23. Noregs Ungdomsring, 24.-25. årsmøte, 24.-27. Folkekulturfestival. (Red.) 9

Swing = Dansbænd? Jeg sitter i Trondheim en lørdagsformiddag, nydusjet, sliten i beina og ikke helt klar for en ny dag. Dansestegene fra i går kveld/natt sitter nemlig ennå i kroppen. Og i dag skal jeg til pers igjen... Jeg er på Vårsvetten et av de store fellesarrangementene som arrangeres rundt om i Norge i Fasting-miljøet. Så denne helgen tilbringer jeg og Sveinung med venner og dansere fra hele Norge hvilken luksus! Tankene går tilbake til da jeg startetå danse swing i Siddis-stova. Jeg dro med meg en venninne og dro av gårde på nybegynnerkurs. Hun sluttet fort, men jeg fortsatte dette var gøy! Onsdagene ble dermed en fast swingdag for meg. Som det ennå er, nå 9 år etter. Onsdagskveldene i Siddis-stova viste meg et nytt Stavanger; I løpet av 4 kveldstimer blir 4-6 kurs gjennomført og med masse deltakere! Minst 100 personer er innom, gjerne mer. Med inngang på baksiden, 2 stykk som tok imot oss med et smil (og ville ha penger for å slippe oss inn... ), masse folk i samme alder som meg selv og så å si alle interesserte i å bli kjent med flere. Jeg har i løpet av disse årene forstått at jeg heldigvis visste lite om alle fordommene som fantes om Fastingswing da jeg begynte: Dansebænd, gamlinger, svensktopp, sjekkeplass, kjedelig, konstruert dans... Og joda, jeg kan nok se hvorfor dette forbindes med Fastingswingen, men hvorfor kun det? Det er jo bare en liten del av hele bildet! Selvfølgelig brukes det endel danseband musikk men har noen tenkt på at det også finnes OK dansebandmusikk, samt at det er en glimranes rytme for uerfarne swingdansere? Andre artister som DDE og Bill Haley brukes i minst like stor grad! Det viktigste er at musikken har en bra rytme og er fengende! Og dansere i sin beste alder selvfølgelig finnes de også på swingen. Men det finnes tross alt noen normale, fornuftige folk blant dem også, som ikke er redde for å bli svette og å ødelegge hårfrisyren. Noen av dem er faktisk flinke dansere også... Frå Fasting-folkelivet Holmgang hadde planar for sin eigen golvet under skrivebordet! Men situasjonsswing-reportasje i vår. Så kom Marit med bileta frå onsdagsaktivitetane i Siddisnoko som var mykje betre, og vårt eige Stova er att. Her er nokre av dei. oppsett la vi i det store runde arkivet på v/ J. Instruktør som fører to menn Sendemann frå Leikarringen Å ha et miljø hvor alle fra 5 til 70 kan gå er for meg positivt! I tillegg til Fastingmiljøet er det kun i folkedansmiljøet jeg har sett en så variert alder på deltakerne. Men selvfølgelig, også på swingen finner man seg sitt favorittbord på dansene. Vi har faktisk i Stavanger ett av de beste swingmiljøene i Norge! I tillegg til det beste dansegulvet. Bedre dansegulv har jeg ennå ikke funnet. Faktisk er oss fra Stavanger kjent for å være særdeles kresne på gulvet. Vi er tydeligvis for godt vant... Kjekt om du og stikker innom en onsdag! Tekst og bilete v/ Marit F. Kvilhaug 10 Astronom med himmellekam i bane Ved vinduet 11

Islandstur juni/juli 2004 Nokre fakta om Island: Storleik om lag 1/3 av Noreg men Island veks på den Midtatlantiske ryggen som utvier seg. Folketal: Om lag som Rogaland, men høgare levealder og økonomi som i Norden. Der er om lag 150 vulkanar på øya, og nokre har vore aktive sidan historisk tid. Elles har mange tilreisande frå Rogaland vore på Vestmannaeyjar, der er godt synelge spor etter siste store vulkanutbrotet då heile byen var i ferd med å bli dekka av lava for å nemne ei av dei verkelege dramatiske sogene i nyare historie frå Island. I dag er det lett å planleggje utflukter og tur: Båt og bussruter (samt tog andre stader enn på Island) kan ein lett henta frå internett. Her er Reykjavik-kart med flybussruta innteikna: BUL-folk besøkte den Blå lagune Hallgrimskyrkja Island har naturreservat, sagalandskap og fossar og vart observert i varme kjelder Kva meir kan ein oppleva på Island? Breturar! Perlan og andre gourmet-opplevingar i Reykjavik Rideturar på Islandshest Me vil oppmoda lesarane og medlemmer til å dela fleire reiseminner gjennom lagsbladet. Holmgang vil gjerne følgje opp interessa for tur mange BUL-folk og andre har eksotiske turminne. Tekst og bilete v/ Audun R. Utsikten frå Hallgrimskyrkja var vel verd prisen Meir frå Reykjavik: Hamna på Vestmannaeyar (dagstur frå Reykjavik) 12 13

Med Holmgang på salsakurs Salsa er ein måte å uttrykke seg på gjennom rørsle. Den utvikla seg frå son - dansen på Cuba som vel må kallast ein folkedans. Fidel Castro har litt av æra for formen som salsa har i dag. Politiske flyktningar frå Cuba tok dansetradisjonane med seg. I USA og Puerto Rico vart dei utvikla vidare, til ein salsa, saus, som har tatt opp i seg element frå jazz, samba og annan musikk og dans. Og kubanarane henta heim dei nye elementa frå El Norte, og gjorde dei til sine eigne. Salsaen har kløyvd seg i to hovedstilar, På-1 og På-2. Båe har figuren kvikkkvikk-langsam kvikk-kvikk-langsam i vektskiftet, men med start på ulikt taktslag. Som Wikipedia (ein nyttig referanse) nemner, om ikkje båe i eit par startar likt så vil dei skade kvarandre! Stilane har kløyvd seg i dialektar: På-1 som er vanleg i Noreg, inkluderer kubansk salsa og LA-stilen, medan NY-stilen er ein av dei som er På-2 gjett kva LA og NY står for. Den linebaserte LA-stilen er mest flashy, på godt norsk. Det blir ofte sagt at den legg meir vekt på det melodiske enn NY-stilen, som legg meir vekt på det rytmiske. Son-klaven Musikken er bygd over ein rytmisk figur med slag med to trestikker (klavar) mot kvarandre, over to takter: Anten 3:2 (sonklaven) eller 2:3 (reversklaven). 3-takta har gjerne korte og synkoperte tonar, medan lengre tonar på taktslaga dominerer i 2-takta. Ein lytter til klavane eller congatromma i tillegg til melodien, for å finne taktene. CD ar av Mike Bello kan vere ei god innføring i rytmen i salsamusikken. 14 Holmgangs utsende medarbeidar fekk lyst til å pusse den rustne salsaen sin, og tok det næraste kurstilbodet, hos STIL- Dans i Bomberommet på UiS. Har STILkursa eit fortrinn samanlikna med dei andre i Stavanger? Med spreke studentar som råmateriale, og flinke instruktørar, går undervisninga raskt og når langt, med litt betre salseros som sluttprodukt enn om ein skulle basere seg på treige siddisar flest. Kursa hos STIL-Dans, som er På-1, har basis i kubansk stil, med iblanding av dans på line. Som ved all dans med flinke og seriøse utøvarar er miljøet alkoholfritt (må ein ha, så er det salsa på Holmen Bar). Anne Christine Bie og Gabriel Husebø instruerer i Bomberommet (foto: STIL) STIL-Dans har kurs på 4 nivå. Salsa 1 har grunntrinna, vifte, sideskritt, høgre- og venstresving og slike grunnleggande ting. Etter Salsa 2 var Dile que no blitt vår andre natur. Vi kunne alt imponere dei uinnvidde med ein Coca Cola, eller ein Paseala fulgt av ein Ochenta eller ein Sombrero! I Salsa 3 som har vekt på føring, kan ein velge mel- lom blanda eller reint kubansk stil. Salsa 4 er eit reint på-line-kurs. Høgrehanda hos den som fører i lukka dans blir halden lengre opp enn til dømes i norsk folkedans. Salsa-stega er markerte, men samstundes forunderleg glidande. Nokon og kvar, Holmgangs utsende inkludert, har fått trent flittig på glidande rørsler. Markerte sjokksvikt i kne for å halde takta er ikkje tingen! Damene har fått lære at ein treng ikkje legge an på å vrikke med rompa eller vri seg som ein ål. Rørslene kjem naturleg ved bakoverskritt, vektskifte og vendingar. Til gjengjeld: Bachata frå Den Dominikanske Republikk, som og blir dansa Ein ser få eller ingen av dei flinke Lærar Gabriel med Caroline Ellingsen mykje i STIL-gruppa, har mange vrikk! leikarringdansarane i salsamiljøa endå Å føre handlar om intuisjon om kva den salsa inkluderer ein kubansk spesialitet, som følger, ynskjer at ein skal gjere. The La Rueda, der fleire par dansar i sirkel man is the frame, the woman is the picture : Men på enno høgre nivå, nesten inn turbyta. Gamle hundar kan ikkje lære nye med partnarbyte og ein leiar som dirigerer i salsahimmelen, finst det kurs i Shines, kunstar, seier du? Jovisst kan dei. Knapt korte soloar for damene der dei sjølve har noko anna gruppe i Stavanger har medlemer med så mange års samanhengande styringa. Salsa er ikkje nokon machodans, om den så kjem frå Latin-Amerika. dansetrening bak seg som Leikarringen i Salsanor, det andre store miljøet i byen, BUL. Eit semester eller to hos STIL-Dans, har liknande kursopplegg som STIL-Dans, så er dei meistrar. Som reven sa... på andre vekedagar. Har ein gått i lære hos Torill Vist hadde ein lyrisk artikkel om STIL, kan ein lett ta del båe stadene. STIL-salsaen i Stavanger Aftenblad 5. juni i fjor, Dans som utforsking, om dans som leik og samspelet mellom den som fører og den som følger. Ei lenke til artikkelen finst på salsa-sidene hos STIL. Holmgang skal ikkje prøve å overgå den. Men vi kan ikkje skjule openbaringa som salsaen gir dei utvalde: Musikken, rytmen og dansen danner ein transcenderande syntese, ein meditasjon i rørsle, som ein ynskjer å bli verdig til å bli innvidd i. Visst finst det andre morsomme dansar. Men har du kome nær salsaens corazón så har du sett lyset, du er ikkje meir av denne verda, det meste blir masurka i samanlikning! Lærar Anne Christine med Niclas Olson Tekst v/ J. Bilete v/ STIL og J. 15

16 *