Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 26.10.2016 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: politisk.sekretariat@finnoy.kommune.no Kyrkjeleg fellesråd har ein presentasjon i starten av møtet. I etterkant av møtet vert det besøk på NAV og Ryfylkeøyane lensmannskontor. Sak om innbyggjarundersøking - Ombo vert ettersendt. Finnøy 20.10.2016 Henrik Halleland ordførar Randi-Merete Lode politisk sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 102/16 Grensejustering Ombo - innbyggarhøyring 103/16 Talgje kai - vidare bruk - ny handsaming Side 2 av 6
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Helene M. Ohm K1-002 16/7379 Saksnr Utval Dato 102/16 Formannskapet 26.10.2016 Grensejustering Ombo - innbyggarhøyring Forslag til vedtak frå rådmannen: Formannskapet vedtek å gjennomføre innbyggarundersøking om kommunegrensa på Ombo, som skissert i denne saka. Formannskapet ber rådmannen om å leggje fram sak om grensejustering på Ombo til formannskapet i november og kommunestyret i desember. Finnøy 20.10.2016 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Rådmennene i Finnøy og Hjelmeland har utarbeida felles saksframlegg om prosess og framdrift knytt til folkehøyring og lokale vedtak i sak om grensejustering på Ombo. Saka vert handsama ultimo november i formannskapene i Finnøy og Hjelmeland. Øya Ombo er delt mellom Finnøy og Hjelmeland. Den søraustre delen høyrer til Hjelmeland kommune, medan resten av Ombo høyrer til Finnøy kommune. Det er totalt 235 innbyggarar på Ombo, 161 i Finnøy og 74 i Hjelmeland. Spørsmålet om kommunegrensa på Ombo var oppe i 2011, med rådgivande folkerøysting i begge kommunane. Folkerøystinga viste eit klart fleirtal (75 %) for å samle Ombo i ein kommune. Det var òg eit fleirtal for å leggje heile øya til Hjelmeland, men eit fleirtal av Finnøy-innbyggarane ønskte å høyre til Finnøy. På den bakgrunn vedtok kommunestyret i Finnøy at prosessen med å samle Ombo i ein kommune bør stoppe opp, og at kommunegrensa over Ombo inntil vidare bør liggje fast. Kommunereformprosessen har aktualisert spørsmålet om kommunegrensa på Ombo. I tillegg til kommunesamanslåing, er også grensejusteringar del av reformen. Grensejustering inneber at eit område blir flytta over frå ein kommune til ein annan. Ombo har vore eit tema i dei lokale prosessane i både Finnøy og Hjelmeland. Finnøy vedtok 22. juni 2016 å slå seg saman med Stavanger og Rennesøy i Nye Stavanger. Hjelmeland vedtok i juni å halde fram som eigen kommune. I vedtaket i Finnøy, KS-040/16, punkt 4, seier: «I tråd med formuleringar i intensjonsavtalen forutset kommunestyret at det vert dialog med Hjelmeland om grensejusteringar på Ombo. Innbyggarane det gjeld skal takast med i dialog i denne prosessen.» På denne bakgrunn har det i haust vore dialog mellom ordførarene om korleis ein bør gå vidare med Side 3 av 6
denne saka. Tidleg i september var det folkemøte på Ombo, i regi av Ombo bygderåd. Ordførarane oppfatta her eit tydeleg ønskje frå innbyggarane om at Ombo bør høyre til ein kommune. Ulike måtar å gjennomføre folkehøyring på, vart også drøfta på folkemøtet. Ombo bygdaråd har i etterkant kome med skriftleg innspel, der dei ber kommunane om å ta ansvar for folkehøyringa og har innspel til spørsmål i ei innbyggarundersøking om grensejustering på Ombo. Fylkesmannen i Rogaland ga 27. september si tilråding om kommunereforma i fylket. Grensespørsmål er også omtalt i tilrådinga. Fylkesmannen si tilråding seier følgjande om Ombo: «Ombo i Finnøy og Hjelmeland Det er lagt opp til å høyre folket på Ombo i spørsmålet om kommunetilknyting. Det er semje om at heile øya bør vere i same kommune. Vi vil gi vår tilråding når resultatet av høyringa er kjend, og kommunane har gjort si endelege vurdering.» Rådmenn og ordførarar i Finnøy og Hjelmeland hadde 7. oktober møte med fylkesmannen for å drøfte og få råd om vidare prosess både gjennomføring av folkehøyring og lokalpolitisk handsaming av sak om grensejustering på Ombo. Grensejusteringar er heimla i inndelingslova, og må følgje dei prosesskrav til folkehøyring og lokale vedtak som ligg her. Rådmennene og ordførarane er einige om at folkehøyringa vedk. Ombo bør gjennomførast som ei innbyggarundersøking, ikkje folkerøysting. Undersøkinga bør gjerast for øya Ombo samla, og også 16 og 17 åringar bør vere med i populasjonen. Vidare at innbyggarundersøkinga bør gjennomførast av ekstern, profesjonell aktør og at dette bør gjerast så snart som mogleg med sikte på endeleg handsaming i kommunestyrene i desember. Rådmennen har gjort avtale med Opinion AS om gjennomføring av innbyggerundersøking. Undersøkinga vil ha to hovudspørsmål: 1) om ein ønskjer at Ombo skal vere i same kommune (ja/nei/veit ikkje) og 2) om Ombo skal vere del av a) Nye Stavanger eller b) Hjelmeland. Ein tek sikte på å gjennomføre undersøkinga i første halvdel av november. Oppsummering av innbyggerundersøkinga, i frå Opinion: «Oppsummert: En representativ innbyggerundersøkelse blant de som er 16 år og eldre (f. 01.01.2000 eller tidligere) på Ombo, en øy som i dag er delt mellom kommunene Finnøy og Hjelmeland. Nummersatt utvalgsliste basert på manntall bestilt fra Skatt vest legges til grunn for telefonintervjuene i en periode på ca. to uker med oppstart primo november (etter nærmere avtale). Se under for eventuelt ekstratiltak for å sikre at manntallslista med telefonnummer blir så komplett som mulig. Det vektes på kjønn og alder slik at utvalget i undersøkelsen gjenspeiler befolkningssammensetningen på Ombo. Det stilles to hovedspørsmål, og disse kan krysses mot kjønn, alder og kommunetilhørighet i rapporten og i resultattabellene. Prisen inkluderer programmering av spørsmål og utvalg i opplegget skissert her, datainnsamling/telefonintervju, analyse og rapportering av funn i et brukervennlig PowerPoint-format (diagram og hovedfunn) og resultattabeller i Excel der hovedspørsmål er krysset mot bakgrunnsvariablene. Levering av rapport og resultattabeller innen formannskapsbehandling av saken i slutten av november; etter nærmere avtale.» Vurdering Rådmennene viser til tilråding frå fylkesmannen vedk. grensejustering på Ombo. Det er naturleg at kommunanen Finnøy og Hjelmeland tek tak i det gamle spørsmålet om kommunegrensa på Ombo, nå som det går eit nasjonalt løp knytt til kommunestruktur. Av omsyn til videre prosess i kommunereforma, med handsaming i Stortinget våren 2017, er det viktig at spørsmålet vert handtert lokalt i kommunane i år. Prosessen bør altså leggjast opp slik at kommunestyrene får gjere endelege vedtak innan 31.12.2016. I denne typen saker er det viktig at folkehøyringa vert gjennomført på ein god måte, for å sikre at innbyggarane «vert høyrt» og for å gje eit tydeleg råd til kommunestyra. Rådmennene viser til at den Side 4 av 6
typen innbyggarundersøking som ein her legg opp til, er vanleg å ha og har gode erfaringer med, i prossar knytt til grensejustering. Konklusjon Rådmennene tilrår at kommunane gjennomfører innbyggarundersøking om kommunegrensa på Ombo, som skissert i denne saka. Vidare at ein legg opp til endeleg handsaming av saka i formannskapa i november og kommunestyra i desember. Dei lokala vedtaka vil deretter verte oversendt fylkesmannen for vidare handsaming. Side 5 av 6
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Helene M. Ohm K2 - P24 16/7472 Saksnr Utval Dato 103/16 Formannskapet 26.10.2016 Talgje kai - vidare bruk - ny handsaming Vedlegg 1. Talgje kai - vidare bruk Forslag til vedtak frå rådmannen: Finnøy 19.10.2016 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Rådmannen viser til handsaming og vedtak i sak FSK 095/16: «Formannskapet viser til pkt. 5 i avtale mellom Finnøy kommune og Inga og Terje Østebø, journalført 25.04.14. Ved overskjøting av areal, frå Finnøy kommune til Terje Østebø, skal vidare allmenn bruk av området sikrast gjennom tinglyst avtale. Avtalen skal ikkje gjelde så lenge Ryfylke rensefisk har etablert verksemd i området». Ordfører har bedt om at saken vert tatt opp til ny handsaming i formannskapet. Rådmannen legg på bakgrunn av dette saka fram på nytt, men utan forslag til vedtak. Rådmannen viser til saksutgreiing, vurdering og forslag til vedtak i sak FSK 095/16. Side 6 av 6