Padling rundt Bømlo. Forslag til padleturar i havgapet i lune farvatn innaskjers på idylliske ferskvatn

Like dokumenter
3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

6-åringar på skuleveg

Bømlo kommune. Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Fakta om kommunen (pr ) DEL 1:

OK, seier Hilde og låser.

Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

EXPLORE. Actionfylte opplevelser. Det fine Vestlandet. 5 plasser å besøke denne sommeren NORWAY

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Padleløyper i Lindås. Bergen og Omland Friluftsråd

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

N Æ R T U R. i Førde

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Program OSTERØY HØGRE

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

LYSfosnaVÅG! Eit prosjekt med fokus på Fosnavåg sin identitet

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Refleksjon og skriving

Årsplan for

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

I SFO finn de i skuleåret 2017/2018 :

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

mmm...med SMAK på timeplanen

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Fokus Fylkesveg 394 Ostereidet Nesbø Rapport frå synfaring

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Sansehage Kleppheimen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Brukarrettleiing E-post lesar

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Elevundersøkinga 2016

Kvalitetssikring sjekkliste for arkivarar

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Brukarrettleiing. epolitiker

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

TURTILBUD OG ROS ANALYSER

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Foreldregruppe i barnehagen

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Reiser for eksterne. Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida:

Frå enden av bilvegen og parkeringsplassen går traktorveg oppover mot Gotdalsstøylen. Fossegrova i bakgrunnen.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Kartskisser. Figur 1 - Fv. 55, Kvamsviki - Lotesnesbrui

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

HAVLANDET I FARGAR. Foto: Bjørn Vegard Skoge

Månadsbrev for Rosa september 2014

Haugen og Dalen bygdeutviklingslag Registreringsrapport

Turorientering for padlere 2015

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Næring 23 Hytte 34, Bustad 76 Hytte 2

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Skildring VA-plan på Barmen, Austevoll. Gnr. 33, bnr 22, mfl. Skildring VA-plan. Tiltakshavar: Norvald Økland. Mars 2017.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Lån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Transkript:

Padling rundt Bømlo 2 4a 3 4b 4c 1 Forslag til padleturar i havgapet i lune farvatn innaskjers på idylliske ferskvatn

1 Børøya rundt Lengde ca 15 km. Tid 3-5 timar i roleg tempo. 59.7495 5.26790 1 time ekstra dersom Langestraumen er med i ruta. Turen frå Åreidalen rundt Børøya vil gje deg mange flotte opplevingar. I nord er landskapet du paldar i kledd med furuskog, mens det lengs sør er frodig, fin lauvskog. Under Siggjo stuper den bratte lia rett i sjøen, mens på resten av turen sig du langs småbrot og svaberg i ein variert natur. I Vestre Vågen på stora Ulvesøya har Vestkysparken eit fint anlegg for båtturistane, med bryggjer og grillhus. Her finn du nok plass for ein kajakk óg. Heilt sør på Litla Børøya er det mange fine svaberg for rast og solbading. Søkjer dus litt krevjande opplevingar, kan du ta turen inn Langestraumen. Her går straumen stri på stigande eller fallande sjø, og kan vera ei vel stor utfordring for mindre erfarne padlarar. Hald deg godt klar straumkvervlane. I dette området er havørn eit vanlig syn. Det seiest at ho hekkar ein stad på desse øyane. I Finnåsvika og fram til Klubbasundet er det stor båttrafikk. Mange av båtane har gjerne stor fart. Her er du midt i leia for fritids- og fiskebåtane som nyttar Røksund- og Kulleseidkanalen på veg til og frå dei rike fiskeplassane til havs. Det er ditt ansvar óg at ingen kjem til skade i området med kryssande trafikk og interesser. Det skal ikkje mykje vind til før Børøyfjorden blir krevjande for urøynde i kajakk. Å padla på innsida av Børøy er eit godt alternativ.

2 Padling i havkanten 1 2 59.863 5.0841 59.8902 5.09732 Farvatnet på utsida av Goddo byr på mange flotte padleopplevingar. Du finn lett ruter i smulare farvatn der du gjennom smale sund og over låge skjer kan nyta synet av storhavet utafor, og utfordringar på det opne havet. Dei fleste dagane er haver vilt og uregjerleg, men treff du på dei få fine dagane vil du ha opplevingar på høgste merke. Dette er ikkje område for urøyde padlarar, heller ikkje for den som dreg åleine. Dei som bur her har lært seg respekten for havet. Det bør me som er her ein skjeldan gong óg gjera. Finn sjølv ruta som passar deg. På kartet er det merka av to stader for sjøsetting, med grei parkering. Ved bedehus (2) Ved skulemuseum (1)

Bømlo, eit eldorado for padlarar Bømlo har eit svært variert og spennande farvatn for padling, både for den ferske padlaren og for dei meir erfarne. Du kan leggja ruta i kanten av storhavet eller i lune, stilla, avskjerma farvatn innaskjers. Vatna våre er gode alternativ på dagar med vind. Det kan vera ei utfordring å finna høvelege stader å setja ut kajakken. Denne faldare er ein vegvisar til stader der du enkelt kan koma deg utpå, og samtidig parkera bilen, utan at den er i vegen for andre. Me ynskjer at ingen skal koma til skade i samband med padling rundt Bømlo. Difor håpar me du gjer gode vurderingar av vêrtilhøva, det farvatnet du skal padla i og dine eigne og dei du padlar saman med sine erfaringar med kajakk eller kano, før du legg iveg. God tur og nyt opplevingane! Symbol Eit par tips om vind og bølgjer: Desse rutene går innaskjers, i farvatn som er mindre utsett for bølger og vind. Krev mindre erfaring. Det går ofte lang tid frå vinden løyar til storhavet er roleg. Vurder nøye situasjonen før du padlar utom dei ytste skjera. Turar som går i farvatn som er meir utsett for bølgjer og vind. Krev noko meir erfaring. Bør vera fleire ilag. Turar som går i farvatn som er svært utsett for bølgjer og vind. For erfarne padlarar. Må vera fleire ilag. Også her hos oss kan solgangsbrisen på fine dagar koma overraskande og hardt, sjølv innaskjers. Om du padlar ut på føremiddagen i roleg sjø, kan mykje endra seg til returen ut på ettermiddagen. Solgangsbrisen er nordleg. BØMLO RUNDT I KAJAKK Ynskjer du meir informasjon om padling i skjergarden rundt Bømlo, kjøp padleguiden Bømlo rundt i kajakk. ÅTVARING Dei er så små at du mest ikkje ser dei, men du vil likevel heilt sikkert merka dei. Så lenge du er i kajakken ute på sjøen, går det bra. Stig du i land vil knotten eller SMIKKO eta deg opp. Du møter denne skapningen stort sett over heile Bømlo frå midt i juni og ut i september. Ha alltid med deg rikeleg med myggspray på tur.

3 Hiskjo Lengde rundt Litlahiskjo 7 km, 2-3 timar Lengde rundt Hiskjo ca 10 km, 3-5 timar 59.7442 5.1419 Handelsstaden Hiskjo var ein av dei sentrale plassane på Bømlo under dei store sildefiska i tidlegare tider. Berre deler av bygningane er intakte i dag, men er flotte overlevingar frå farne tider. Med friområdet Melkevik på Hiskjo som utgangspunkt, kan du velja mange ulike ruter, både innsakjers og i meir utsett farvatn. Her er tre turforslag: A Litlahiskjo rundt Turen rundt øye er omlag 7-8 km lang. Oftast er det roleg sjø her så lenge vinden ikkje er for sterk. Øya har mange vikar, sund og holmar du kan utforska. På austsida er det mange fine svaberg å gå i land på. Du må óg unna deg ein tur inn Langevågen, ei langstrakt bukt med grunn sandbotn, der sjøtemperaturen er meir forlokkande enn elles her i havkanten. B Oddøyane Oddøyane ligg på vestsida av Hiskjo. Holmar og skjer lagar nærast ein labyrint av sund og trange passasjar. Øyane er så godt som utan vegetasjon, men likevel finn villsauen nok mat til å livberga seg. Mellom Oddøyane er det lunt, men du må velja ein dag med roleg sjø for turen ut dit, enten frå nord, eller mellom øyane ved Hiskhovet. Her blir det snart røft for ferske padlarar. Kjem du deg ut hit, må du gå i land på Gulo, med eit fasinerande landskap, og bada i den varmare laguna. C Svinosen Tar du turen mot nord, padlar du under Tuesundsbrua og ut osen mot Lesundet. Her tar du til styrbord og kjem ut i Svinosen. Oftast bryt det friskt på utsida av holmane her, og minner om at havet ikkje er til å spøkja med. Held du deg langs land, kryssar vika inn til Sekk, rundar Storneset, har du ei lang, spennande lei framfor deg i skjerma farvatn heilt nord til Brømsund, gjerne med ein avstikkar inn i Sønstabøvågen. Men følg med på vinden, hugs du skal forsera Svinosen og Tuesundsosen på veg heim igjen! C Oddøyane B2 Langevågen A B1

4 Padling i ferskvatn Det er mange flotte opplevingar å henta i dei største vatna her på øya, i kajakk eller i kano. Dei tre vatna som er vist nedanfor er lettast tilgjengelege. Ynskjer du større utfordringa, kan du leita deg fram til Sagvatnet (tilgjengeleg frå Tjongspollen), Bergevatnet, Grutlevatnet eller Hagardsvatnen. Gode fiskevatn alle saman. Storavatnet på Svortland 59.7941 5.1701 v/ Kulturhuset Vatnet midt i sentrum er eit godt alternativ for ein padletur både i kajakk og kano. Vatnet er fullt av fisk, og byr på mange vikar og nes å utforska, i eit by nært område. Erslandsvatnet 59.7708 5.242 Rundt Erslandsvatnet er det omlag 4 km og turen tar kanskje ein time om du padlar litt aktivt. Men her må du berre gje deg god tid, siga seint og suga inn inntrykka. Langs den nord-austre delen av vatnet står store lauvtre i vasskanten og heng frodige ut over vatnet. Det vert ein utruleg flott fargeprakt med speglinga i vatnet. Heilt i aust kjem furuskogen til vasskanten. Her inne er det heilt roleg og fredeleg, du gløymer deg vekk og nyt skogsusen og fuglesongen. Finnåsvatnet 59.75556 5.27267 Finnåsvatnet er ei av dei finaste perlene på Bømlo, særleg om du tek turen hit ein fin haustdag. Her vakar auren i speilblakt vatn, fuglesongen er intens og over deg svevar havørna på jakt etter byttet sitt. Er vasstanden høg kan du padla gjennom Mjåsund, under brua på Krokneset og inn i Holmedalsvatnet. Blad til nøkkerosa lagar kriblande, trolsk stemning i vasskorpa, i mørkt, djupt vatn. Finnåsvatnet er drikkevasskjelde. 1