Vi vil byggje kunnskapssamfunnet Gunvald Ludvigsen Sogn og Fjordane Venstre sin 1. kandidat Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 1 03-07-09 15:59:08
Venstre vil flytte ei rekkje offentlege oppgåver ned frå dagens statlege sentraldirigering til lokalt nivå. Meir velferd der du bur. Gunvald Ludvigsen stortingsrepresentant og 1. kandidat Då kan vi gje deg og dine betre omsorg der du bur, slik at alle får den verdigheita og omsorga dei har krav på. Dette krev sterkare og større kommunar, meir lokalt ansvar og ei storstila styrking av lokaldemokratiet. slå ring om sjukehusa våre. ha nye og styrka helseinstitusjonar i kommunane som kan gje meir pleie og omsorg der folk bur, og som kan avlaste den kostnadskrevjande spesialisthelsetenesta. innføre gratis tannhelsetenester for utsette grupper, og ta moderate eigendelar frå andre. redusere skjemaveldet i helse- og sosialvesenet. Meir behandling, mindre byråkrati. Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 2 03-07-09 15:59:12
Best på kunnskap. Bjørg Mikalsen lærar og 2. kandidat Kunnskap, skule og forsking vil vere Venstre sin førsteprioritet over offentlege budsjett i neste stortingsperiode. Kvalitet og innhald i skulen er viktigare enn gratis frukt og heildagsskule. Venstre vil gje alle lærarar tid og ressursar til fagleg påfyll gjennom syste matisk etterog vidareutdanning. Gode lærarar er nøkkelen til ein god skule. auke ressursane til kvalitet og innhald i skulen, og til fagleg styrking for lærarane. auke opptakskrava og utvide lærarutdanninga til 5 år. auke løyvingane til høgskular, forskingsinstitusjonar og forsking/nyskaping i næringslivet. Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 3 03-07-09 15:59:13
Noreg må vere i front med å satse på fornybar energi, i første rekke gjennom å utvikle og ta i bruk ny teknologi. Ein klimapolitikk for framtida. Janne Sørum student og 3. kandidat Dette vil vere med og skape morgondagens grøne arbeidsplassar. Noreg må ta dei avgjerande stega frå å vere ein gamaldags fossilnasjon til å verte eit miljøpolitisk føregangsland. gjere Sogn og Fjordane til føregangsfylke for utbygging av rein, fornybar energi. syte for eit betre, rimelegare og hyppigare kollektivtilbod. arbeide for ein utsleppsfri samferdslesektor med ein grønare bilpark. Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 4 03-07-09 15:59:14
Fleire grunnar til å røyste Venstre: Samferdsle: Samferdselspolitikken skal ivareta tre grunnleggjande omsyn: Verdiskaping, mobilitet og nullutslepp. Venstre vil føre samfunnet i retning av alle tre mål på same tid, og på den måten sikre verdiskaping for næringslivet, god mobilitet for heile befolkninga og eit miljøtilpassa og utsleppsfritt samfunn. prioritere ei forsert utbyggjing av E39 gjennom Sogn og Fjordane og tilgrensande vegnett. sikre rask utbyggjing av Kystvegen Florø-Måløy (45-minuttsregionen). prioritere utbetring av Riksveg 60 Olden-Innvik. starte prosjektering av Stad skipstunnel i 2010. prioritere utbygging av gang- og sykkelvegar i og rundt tettstadene i Sogn og Fjordane. Distriktspolitikk: flytte ut langt fleire statlege arbeidsplassar frå Oslo til mellom anna Sogn og Fjordane. gje kommunane stor fleksibilitet i å fastsetje eigne grenser for buplikt. la kommunane fastsetje eigne opningstider for butikkar. fjerne odelslova og delingsforbodet i jordlova. gje kommunane i Sogn og Fjordane lokal fridom utan statleg overstyring i strandsonepolitikken når det ligg føre ein samla strandsoneplan for kommunen. Kultur: fjerne momskostnadene for friviljuge organisasjonar. redusere sentralstyringa av kultur-noreg. arbeide for ein større kultursektor og eit kreativt Noreg. auke satsinga på kulturminnevern. Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 5 03-07-09 15:59:14
Liberale verdiar I Venstre sine auge er alle sjølvstendige individ av lik verdi, uavhengig av sosial status, funksjonsnivå, nasjonalitet, bustad, hudfarge, legning, religion eller livssyn. Menneske vert ikkje først og fremst identifiserte ut frå gruppetilhøyrsle, men ut frå sine eigne, unike kvalitetar som frie individ. Dette menneskesynet ligg til grunn når vi utformar vår politikk. gå fremst i kampen for eit sterkare personvern. arbeide for å hindre at EUs datalagringsdirektiv vert norsk lov. lette på tryggingsrutinane på flyplassar og fjerne forbodet mot væsker. avgrense bruken av fjernsynsovervaking, og innføre krav om offentleg godkjenning for installering av private overvakingskamera. styrke Datatilsynet. verne om den kjønnsnøytrale ekteskapslova. ha universell utforming av bygg og transporttilbod. skilje stat og kyrkje. fjerne blasfemiparagrafen. styrke arbeidet mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap. auke talet på kvoteflyktningar frå FN. halde fram med å vere uavhengig av særinteresser, mellom anna ved å seie nei til økonomisk stønad frå interesseorganisasjonar og bedrifter. Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 6 03-07-09 15:59:14
Venstre si stortingsvalliste for Sogn og Fjordane 1. Gunvald Ludvigsen, Eid 2. Bjørg Mikalsen, Flora 3. Janne Sørum, Leikanger 4. Gunhild Berge Stang, Askvoll 5. Magnar Aasebø, Vågsøy 6. Sindre Roska, Førde 7. Astri Taklo, Leikanger 8. Johnny Haugsbakk, Fjaler 9. Louis Anda, Sogndal 10. Marianne Øren, Lærdal 11. Sveinung Rotevatn, Eid Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 7 03-07-09 15:59:15
Vi lever ulike liv heldigvis. Venstre sin visjon er eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der folk har fridom og høve til å skape sin eigen veg til det gode liv, og der vi tek ansvar for kvarandre og miljøet. Som eit sosialliberalt parti ynskjer vi ein stat som aktivt nedkjempar sosial urett. Vi ynskjer eit mangfaldig samfunn der tilhøve mellom menneske byggjer på toleranse og respekt. Fridomen skal gjelde for alle, overalt. Meir om Venstre? www.venstre.no/sognogfjordane Ta del i debatten du òg: http://liberal.no Fylkesbrosjyre Sogn og Fjordane.indd 8 03-07-09 15:59:15