Fakta Oktober 2007 Tryggleik i heimen for eldre Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi skal vere pådrivar i arbeidet med å førebygg je ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Vi skal syte for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. DSB vart oppretta 1. september 2003 og er underlagt Justisog politidepartementet. Blant menneske over 65 år skjer 6 av 10 ulykker i heimen eller i nærleiken til heimen. I 2006 omkom 64 menneske i brannar i Noreg. 32 av dei var over 60 år. Ein stor del av brannane skuldast elektrisk utstyr, feil bruk av dette, og bruk av «berr eld». Dei fleste ulykker skjer brått og når ein minst ventar det. Enkle tiltak kan g jere heimen din tryggare.
Enkle tiltak g jer heimen din tryggare Dei fleste vil g jerne bu i eigen heim så lenge som mogleg. På våre eldre dagar har vi g jerne behov for ekstra hjelp og tiltak i vår eigen bustad. I nokre tilfelle krevst det ombygging og tilpassing av bustaden. Ei rekkje mindre forbetringar kan du likevel g jere sjølv. Kva kan du g jere? Du kan førebygg je ulykker g jennom tiltak i bustaden og ved å vere meir merksam på faren for ulykker der dei kan skje. Korleis er det i bustaden din? Kva veit du om farane for heimeulykker? Tilkomst inngangsparti Fare for fall utandørs ved glatt føre Strø ha sekk med sand eller grus ståande Bruk broddar under skoa Montér fotocelle på utelyset, slik at det vert slått på automatisk. Det finst også lyspærer med innebygd sensor. Fare for fall innandørs 1. I trapp utan eller med dårleg rekkverk Montér gripevennlege rekkverk på begge sider, legg evt. anti-sklibelegg i trappa Montér ny sterkare lampe Markér øvste og nedste trinn med ei kontrastfarge. 2. Ved lause teppe Fjern teppe eller legg dei på sklisikkert underlag Bruk innesko med stødig leist og hælkappe. 2
på kjøkkenet Kjøkken Fare for tenning/brann 1. Gløymde kokeplater eller andre elektriske artiklar Trekk ut kontakten til små-elektriske apparat etter bruk Sjekk alltid om plater og liknande er slått av før du går ut av huset og når du legg deg. 2. Tørrkoking 3. Avtrekksvifta Montér «komfyrvakt». Det finst nyare komfyrar som vert slått av automatisk dersom det vert overoppheting Tidsur vert tilrådd også på andre elektriske artiklar som t.d. kaffetraktar. Hald avtrekksvifta fri for feitt og støv ved jamn reing jering. Fare for fall under klatring Bruk ei stødig gardintrapp med ramme til å halde i Set dei mest brukte tinga nærast benkehøgd. 3
i stua Stua Fare for fall 1. Overmøblering 2. Dårleg lys 3. Lause lampeleidningar og liknande 4. Lause teppe Møblér slik at det er lett å bevege seg i rommet. Ta spesielt omsyn til dette dersom det er behov for hjelpemiddel som t.d. rullator, krykker e.l. Bruk sterkare lyspærer, men ikkje sterkare enn det lampa er laga for ver obs på brune flekker på lampeskjermen. Fest dei langs veggen. Montér fleire stikkontakter slik at du unngår leidningsvasar og overdriven bruk av skøyteleidningar. Fjern teppa eller legg dei på sklisikkert underlag Bruk innesko med stødig leist og hælkappe. Andre gode råd: Pass på levande lys Unngå lysmansjettar og tette lys-/telyshaldarar Flyttbare omnar bør berre brukast som tilleggsoppvarming og bør berre brukast under tilsyn Vedfyring pass på at det er god trekk Tørk ikkje tøy på omnen. Fjern teppa eller legg dei på sklisikkert underlag. 4
på bad og toalett Bad og toalett Fare for fall Glatte underlag på golv og i badekar Montér handtak ved badekar/dusj og toalett Legg sklisikker matte eller montér sklisikre remser i botn på badekar/dusj Det er lurt å ha ein krakk som toler vatn i dusjen Fjern høge baderomstersklar Unngå vassøl og glatt fottøy på flislagt golv. Skal du fornye badet, ta ut badekaret og installér dusj utan kabinett med god helling mot sluket Legg varmekablar i golvet slik at fukt i golvet tørkar opp raskare. 5
på soverommet Viktig å hugse Montér minst ein røykvarslar i kvar etasje. Desse bør vere seriekopla Røykvarslar må testast kvar månad Batteriet må skiftast ein gong i året Hugs å bruke stødig gardintrapp Brannsløkkingsutstyr må finnast lett tilg jengeleg. Soverom Fare for brann Røyk aldri på senga Varmeteppe/puter må aldri brettast slå av straumen og legg puta bort før du sovnar Kontrollér at røykvarslaren høyrest godt på soverommet - den kan også koplast til lys eller vibrator, evt. tryggheitsalarm med direkte varsling til brannvesenet. Tilkomst, bevegelse og rømming Mange vert lett svimle når dei reiser seg frå senga - bli ståande litt før du begynner å gå Syt for at gangvegen til toalettet er fri for hinder (ikkje overmøblér) Det er viktig med belysning mellom soverom og bad Syt for nattbordslampe med godt lys og ein lett tilg jengeleg brytar bruk fast montert nattbordslampe Montér telefon ved senga. 6
Kven kan g je råd og hjelp? Det er freistande å ta sjansar og g jere dei same vågestykka som då ein var yngre. Konsekvensen vert dessverre større og alvorlegare i eldre år. Bruk sunn fornuft! Finn du noko i din eigen bustad som kan utg jere ein mogleg ulykkesrisiko? Vent ikkje med å førebygg je skade - begynn i dag! Kontakt Bustadforbetringar Ta kontakt med kommunen Lån- og tilskotsordningar finst. Tekniske hjelpemiddel Ergoterapeuten/fysioterapeuten og heimesjukepleia i kommunen eller hjelpemiddelsentralen i fylket ditt. Montering, reparasjonar, innkjøp og råd Kontakt kommunen eller ein frivilligheitssentral. Elektriske installasjonar Elektroentreprenørar. Brannsikring Brann- og feiarvesenet i kommunen. Nokre kommunar har organisert ei type «eldre hjelper eldre-teneste». Sjekk om dette finst i din kommune! Dei kan hjelpe med enkle reparasjonar og enklare tiltak nemnt i denne brosjyren! 7
B Retur Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap Postboks 2014 3103 Tønsberg Postboks 2014 Sentrum 3103 Tønsberg Besøksadresse: Rambergveien 9 Telefon 33 41 25 00 Telefaks 33 31 06 60 postmottak@dsb.no www.dsb.no 8