TørvikbygdBLADET. Over 100 på Nuten. www.torvikbygd.no 3. UTGÅVE: MAI 2015. Ny varde s. 8-9. Leiarskifte s. 2-4. Intervju s. 12-13. Traktortreff s.



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

«Ny Giv» med gjetarhund

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Månadsplan for Hare November

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

6. trinn. Veke 24 Navn:

Valdres vidaregåande skule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Til deg som bur i fosterheim år

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

INFORMASJON om førestellinga:

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

M/S NYBAKK SI HISTORIE

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

5. Soknerådsmøte mai Referat

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kom skal vi klippe sauen

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Kva er økologisk matproduksjon?

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Finansiering av søknaden

Månedsbrev Valhaug, Oktober og november 2015

SULA KOMMUNE Formannskapet

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

I N N H O L D. Forord

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Klepp kommune Tu skule

Sandeid skule SFO Årsplan

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Informasjon til elevane

MEDLEMSINFO. august 2009


MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Transkript:

TørvikbygdBLADET 3. UTGÅVE: MAI 2015 Over 100 på Nuten Foto: Nils Kjetil Torvik Leiarskifte s. 2-4 Traktortreff s. 5 Ny varde s. 8-9 Trakk og snakk s. 11 Intervju s. 12-13 www.torvikbygd.no

Leiarskifte Tørvikbygd i Coop Marked Fredag 28. februar hadde Dag Terje Stølen-Ness sin siste arbeidsdag som butikksjef på Coop Marked Tørvikbygd. Ny butikksjef er Diana Anna Szymanska, og fredagen vart nytta både til å ta avskjed med Dag Terje og ynskja Diana velkomen. I samband med ei ny utgåva av grendautvalet sitt blad, har me gjennomført eit skriftleg intervju for å læra dei begge betre å kjenna, og hausta av erfaringane med butikken og bygda så langt. Intervju med Dag Terje Stølen-Ness tidlegare butikksjef på Coop Marked Tørvikbygd (CMT): 1. Kvar er du fødd og oppvaksen? Eg er fødd i Haugesund, men var ikkje der så lenge. Elles budde eg mine første 16 år i Skånevik. 2. Kvifor valde du å busetja deg i Tørvikbygd? Har alltid drømt om å bu i Tørvikbygd. Nei da, det var veldig tilfeldig. Margrethe fekk seg jobb i Kvam og me trengte ein plass å bu. Eg likte meg ikkje i Norheimsund eller Øystese, så då fant me et fantastisk fin plass i Tørvikbygd 3. Kvifor søkte du stillinga som butikksjef på CMT? Eg trengte ein utfordring. Hadde irritert meg over butikken ei stund, så då må ein berre prøva å sjå om ein kan gjera det bedre sjølv. 4. Kva tenkjer du er CMT sine største fortrinn? Det er ein god lojal kundemasse, som gir et godt fundament. Dette gjer at ein har ein stabil omsetning. God atmosfære og muligheten til å «sjå» kunden, i ein større butikk har ein nesten ikkje tid til å snakka med folk. 5. Kva er CMT sine største utfordringar? Det er dessverre mange utfordringer. Største er jo sjølvsagt andre butikker, som kan tilby breiare sortiment til ein billigare pris. Det å kunne tilby kundene et stort vareutvalg med det kundegrunnlaget er jo også et problem, for det blir mykje svinn. Så det blir vanskelig å få overskudd på driften, utan at det går på bekostning av kunden. Det er også et problem med alt det gamle utstyret. Hadde vert flott med fleire folk til bygda 6. Kva tenkjer du er Tørvikbygd sine største fortrinn? Først og fremst folka som bur der, det er mange flotte folk i Tørvikbygd. Det er og plass til mange fleire hus. 7. Kva er Tørvikbygd sine største utfordringar? Det er nok at bygda blir for liten mot dei andre store, og at det geografisk ligger for nære Norheimsund. Føler og at bygda blir «glømt» av politikarane i Kvam. Det har nok mykje med den økonomiske situasjonen å gjera. 8. Kva er dine beste minne frå Tørvikbygd? Det er mange, me har kost oss veldig i Tørvikbygd. Hadde jo mange gode naboar. 9. Kva er dine framtidsplanar no? Sei det. Eg må finna meg ein jobb. Har bestemt meg for å ta ein pause frå dagligvare bransjen, så det er litt spennande kva eg finner på. Elles er det jo å få seg førerkort, kjøpa hus o.s.v Fakta om CMT: CMT høyrer til Kvam krets i Coop Hordaland, som igjen er del av Coop Norge. Coop er ikkje eit aksjeselskap, men eigd av alle som har eit medlemsskap. I staden for aksjeutbytte, betalar Coop ut kjøpsutbytte som ein prosent av registrert kjøp for det enkelte medlem. Coop Kvam har 1 utsending til årsmøtet i Coop Hordaland. I 2013 hadde CMT ein omsetnad på 10,4 mill.kr og eit underskot på 0,2 mill.kr. Det er 6 tilsette, fordelt på ein 100 % stilling (styrar), ein 70 % og resten deltidsstillingar. I 2013 vart opningstidene utvida til 09-19 på kvardagar og 09-18 på laurdagar. 2 Tørvikbygdbladet

Foto: Nils Kjetil Torvik Gamal og ny butikksjef i samtale med engasjert kunde. Intervju med Diana Anna Szymanska noverande butikksjef på Coop Marked Tørvikbygd (CMT): 1. Kvar er du fødd og oppvaksen? Eg er fødd i ein liten byen i Polen og eg flytta til Norge då eg var 21 år. 2. Kvifor valde du å busetja deg i Kvam, og når kom du til kommunen? Eg hadde ikkje valg korhen eg skal bu. Mannen min har fått jobb som mekanikar i Øystese og me kom til Kvam i 2007. 3. Kvifor søkte du stillinga som butikksjef på CMT? Eg har alltid drøymt om jobb som butikksjef. I desember 2013 eg fekk beskjed frå sjefen min i Øystese at det er ledig stilling i Tørvikbygd. Eg søkte jobben og fekk den. 4. Kva tenkjer du er CMT sine største fortrinn? Eg synst at det er veldig fin og søt liten butikk med god atmosfere og moglegheit til å sjå kundar. Då eg jobba på Mega i Øystese hadde eg ikkje tid å snakke med kundane. I CMT er det fleire gode og lojale kundar som gjer stabil omsetning. 5. Kva er CMT sine største utfordringar? Det er masse utfordringar. Den første er større butikkar med breidare sortiment og lavare prisar. Den andre er at me har ikkje stort vareutvalg kva folk vil ha i butikken, men når me prøver breiare sortiment vil ikkje kundane kjøpa desse varene og me har veldig høgt svinn. Eit anna problemet er at myke av utstyret i butikken er gamalt. Det siste er at ikkje alle folk frå Tørvikbygd handlar i nærbutikken. 6. Kva tenkjer du er Tørvikbygd sine største fortrinn? Eg tenkjer at folka som bur i Tørvikbygd er flotte og snille. Det er god plass til mange fleire hus. Der er veldig fint utsikt. 7. Kva er Tørvikbygd sine største utfordringar? Eg kjener ikkje så mykje til Tørvikbygd enno. Tørvikbygdbladet 3

8. Korleis ser omsetnadstala ut for 2014? 2,8 mill.kr. til og med påske, litt over 2013. 9. Kva er omsetnadsmålet for 2014? Eg er ny butikksjef ved CMT, men har ikkje fått konkrete mål for 2014 dessverre. 10. Kva er fokus for butikken framover? Eg har lyst å få nye kunder og at folk som bur i Tørvikbygd brukar nærbutikken sin - CMT. Passa på omsetning og svinn (eg har ikkje så stor erfaring med den endå). Eg skal prøva å få meir hjelp frå Coopen enn Dag-Terje hadde. Laga plass i butikken for ungdomar og turistar. Underteikna vart utfordra til å halda ein avskjedtala på vegne av grendautvalet, idrettslaget og pensjonistlaget. I tillegg fekk Dag Terje overrekt ei felles gåve frå desse laga: ei stor og ei lita keramikklykt laga av Linda Lid og liljer frå Berge Gard og gartneri. Her er eit utdrag frå talen: For vel 3 år sidan la Grendautvalet ut ein artikkel på sidene sine om at Coop Marked Tørvikbygd søkte etter ny butikksjef. Som undertittel la me til vårt eige ynskje: «Kremmarsjel med hjarta for Tørvikbygd». Og det fekk me verkeleg! Det tok ikkje lang tid før me kunne sjå endringar i butikken, og det viste snart igjen på omsetninga og. Men ikkje fort nok for Coop Hordaland. Etter berre eit år med drift, kom sjokkmeldinga om at dei ville leggja ned butikken. Men Dag Terje, hans medarbeidarar og me i bygda klarte å få overtydd dei om at me fortente ein sjanse til og butikken har halde fram med den gode utviklinga, og krav til omsetninga vart nådd. Og så kom resultata i Coop-systemet og. Innanfor fleire av satsingsområda som «Frukt og grønt» og «bakevarer» har det vanka gode plasseringar og premiar. Så ingen tvil om at me fekk ei kremmarsjel. Men kanskje mest av alt fekk me ein med hjarta for Tørvikbygd. Som butikksjef på ein lokalbutikk som dette, er ein òg ein sosial institusjon. Og måten du har bidrege og stilt opp både som privatperson og som butikksjef for lag og personar i bygda, viser både hjarta og engasjement. Fotballtrenar, sponsor og seljar på Traktortreff. Hyppige kakebidrag andre bidrag ved møter og tunnelopning - ja dette er berre nokre få eksempel. Og det er slike folk som deg og Margrethe med slikt hjartelag som me i Tørvikbygd er så glad for å få, og som me er så utruleg lei oss for å mista. Me håpar inderleg at det byr seg høve der de kjem til Tørvikbygd igjen. Anita Hesthamar «Tur-vik-bygd» Aktiv dugnadsgjeng. I Prosjekt «Tur-vik-bygd» jobbar vi med fase 2 som er å lage turkart for informasjonstavler og kart med turbeskriving til å laste ned frå nettet. Vi samarbeider med Innstranda for å få eit felles turkart. Tørvikbygd grendautval har fått tildelt 40 000 kr i støtte til denne fasen. Kart og informasjon skal beskriva turane med gradering etter nasjonal merkestandard. Nye revisjonar vil koma med fleire språk. Johannes Øverland 4 Tørvikbygdbladet

Traktor + Tørvikbygd = Fulltreffar! Osvald Heimdal vann veteranklassen. Foto: Nils Kjetil Torvik Sundag 27. mai 2012 vart det arrangert Traktortreff i Tørvikbygd for fyrste gong. I strålande solskin vart det eit flott treff mellom traktorentusiastar, generasjonar og vener. Oddbjørn Måge var primus motor, og saman med fleire lag og andre dugnadsfolk i bygda, kunne treffet skilta med eit kort, men rikhaldig program: traktorutstilling, open idrettshall, loppemarknad, musikk, loddutsal og traktorløp for dei minste. I tillegg til hovudgjestane, gamle og nye traktorar, kom òg ATVar og andre slektningar. Totalt vart det registert 77 «traktordeltakarar». Vinnaren i veteranklassen vart Osvald Heimdal, medan Sverre Måkestad vann klassen for nye traktorar. Opplevinga og dei mange gode tilbakemeldingane har gjort at dugnadsgjengen prøver igjen. I pinsehelga, sundag 8. juni 2014, vert det nytt Traktortreff. Som sist vert det musikk, loddsal, trøtraktorkøyring og open hall for barn. Nytt av året er at noverande NM-meister i pløying for 2-hjulstraktor, Svein Simenstad, kjem og demonstrerer teknikken sin. Foto: Morten Kolltveit Grusbanen på skulen vart nytta som oppstillingsplass for traktorane. Sjølve treffet vert òg denne gongen avslutta med ein «Traktorkortesje», men for dei som ikkje har fått nok, vert det «Traktorpub» i Bygdatun om kvelden. Bilete frå sist treff er lagt ut på ei Facebook-sida som heiter «Traktortreff 27 mai 2012». Det er laga ei ny side for 2014 som heiter «Traktortreff Tørvikbygd». Her vert det nok lagt ut meir informasjon og bilete frå treffet i 2014, og forhåpentlegvis for nye treff i komande år. Anita Hesthamar Tørvikbygdbladet 5

Ballbinge Ballbinge ved Tørvikbygd skule Foto: Ingunn Ø. Straumstein Som sikkert mange fekk med seg, var det stor aktivitet nedanfor skulen i siste del av skuleferien. Graving og muring, og ikkje minst forskaling stod på tapetet. Leidulv Brattli hadde fått oppdraget å gjera grunnarbeidet til ballbingen, og forskaling skulle me gjera på dugnad. Dette vart ein del meir arbeid enn me hadde rekna på, men takka væra flinke dugnadsfolk vart me ferdige 15 minuttar etter montøren frå PST var ankommen. Værgudane var på vår sida, og me sette igang å montera grasmatte fredags ettermiddag. Laurdag var det på an igjen klokka ni om morgonen, og klokka ni om kvelden var me ferdige. Ballbingen var montert. Både store og små var med å bidrog med det dei kunne, så dugnadsinnsatsen var upåklageleg. Ungane hadde vore heim å henta fotballsko, så den laurdagskvelden var dei ikkje enkle å få heim. Her skulle det spelas fotball. Og slik har det fortsett. Ballbingen har vorte utruleg populær både hos ungar og ungdomane i bygda. Det har vore utruleg stor aktivitet der om ettermiddagane, og skulen let også vel over den nye bingen. Det er idrettslaget som har stått for prosjektet. Me har søkt midlar, og var så heldige at Kvam næringsråd ville støtta oss med pengar. Då vart alt enklare, og både Kvam herad og Sparebanken Vest har sponsa oss. Kostnadene vart som budsjettert vel ein halv million. Slike investeringar kan me søkja om tippemidlar til, og me er innvilga kr 200 000,- til dette prosjektet. Me har snakka med kommunen om å få montert lys over bingen, og at dei rustar opp dei gamle doene, så me kan få bruke det eine til lagring av utstyr. Dette ser dei positivt på, og me er lova både lys og lagringsrom. Planen er at me i ein periode om vinteren skal kunne legge is på bana, og bruke den til skeisebane. Dette blir spennande om me får til, men me vil prøva. Det er mange vintere det ikkje er is på vatna rundt i bygda, og då kan dette væra eit trygt og godt alternativ for å få prøva ferdighetene med skeiser på. Me i idrettslaget er veldig glad for at me har fått ballbinge i bygda, då målet vårt er å få folk i aktivitet. Veldig viktig at barn og unge har eit alternativ til dei meir stillesitjande aktivitetane, der dei i rein glede møtes her til fysisk aktivitet. Vil med dette få takke alle involverte for god dugnadsinnsats, og håpar ennå fleire vil vera med når me startar vårt neste prosjekt, som er utviding av fotballbana før me skal leggja kunstgras. Leiar Tørvikbygd idrettslag Ingunn Ø. Straumstein 6 Tørvikbygdbladet

Ny båthamn i Skutevik Tørvikbygd båtlag blei danna i 1998 av ein del båtinteresserte personar som hadde problem med å få lagt båten sin frå seg på ein trygg måte. Dei møttest i Skutevik for å diskutere kor det gjekk an å lage båt-hamn og korleis det skulle gjerast. Etter å ha tråla strandlina i frå Staumstein til Vangdalsberget fleire gonger falt valet på ferjekaien i Skutevik. På grunn av at båtlaget ville ha vesentleg endring frå teikninga av båthamna som låg i kommuneplanen frå 1985 måtte me venta på den nye kommuneplanen. Der blei den tilpassa den nye planen til Statens Vegvesen for ferjekai. Etter ein del justeringar blei den godkjent i Heradstyret i juni 2012. På grunn av at me ligg så tett til ferjeanløpet har Statens Vegvesen forlangd steinmolo. Den er planlagd ca 80 meter med hovudbryggjer og det vil gje oss ca 23 båtplassar på kvar sida av hovedbryggja med ei snittbreidde på 3,5 meter pr.båt. Til parkering har me fått leiga areal av Kommunen og håper at me kan laga noko i lag med Fylkeskommunen som sårt treng meir parkering til ferjekaien. Som sikkert nokon har sett har vi hatt botnundersøkingar i Skutevik no i vinter. Det er Multiconsult som prosjekterer moloen. Me ventar no på resultat av undersøkinga og ferdig prosjektering. Har nokon bruk for båtplass kan de ta kontakt med Tørvikbygd båtlag pr. mail: tvbbaatlag@gmail.com Skisse: Elisabeth Djupevåg Handegård Olav Arne Økland Tørvikbygdbladet 7

OVER 230 PÅ NUTEN Sundag 16. september starta ein gjeng frå Tveitå via Finnheller og ein frå Augastadstølen via Skårsete. Alderen var frå 4 til 77 år! For mange var dette fyrste turen til Tørviknuten. Det var ein varm fønvind i lufta, men på toppen vart det kaldt viss ein ikkje hadde med ekstra kle. Så talen vart ikkje så lang, men her får du lesa han sjølv: Tekst: Siri Moripen Øverland. Foto: Nils Kjetil Torvik Talen som vart tatt av vinden På vegne av Idresstlaget og Grendautvalet ønska Johannes Øverland velkomen til Tørviknuten til dei godt over 200 som hadde teke turen opp sundag 16.september. Resten av talen vart tatt av vinden. Så her kjem innhaldet i han: Fyrste turen gjekk i fjor 2012. Då var 140 personar på veg opp, men måtte snu på grunn av dårleg ver. Oppe på Nuten har me eit fugleperspektiv over Kvam, Jondal og Hardanger. Over 230 på Tørviknuten var over 130 fleir enn «100 på Nuten», kanskje vert det 300 neste år???!!! Med alkoholfri champagne, hornmusikk og song vart det i alle fall ei verdig opning av varden! Takk for oppmøte og velkomen att neste år! 8 Tørvikbygdbladet

Me markerer ein ny varde på Nuten. Eit byggverk på 2,2 meter i diameter og som er 3,4 meter høgt. Rune Aarekol og Oddbjørn Borge har vore primus motorar for dette arbeidet. Dette er eit byggverk på line med andre byggverk som krev planlegging og ulike eigenskapar. Nokon er flinke på å starta, andre gjennomfører og nokon avsluttar. Mange har vore med og lagt stein på stein! Dette må framsnakkast! Varden på Tørviknuten er eit symbol, ein totempele, for engasjement og samarbeid i Tørvikbygd og bygdene rundt! Me i Tørvikbygd har kjempa for barnehagen som me får behalda. Og me skal bli best på barnehage ved å visa at me satsar på verdiane me har i bygda som er mangfald, openheit og toleranse. Barnehagen er no plassert slik at skulen ligg i god og trygg avstand, slik at læringsløpet i Tørvikbygd er lagt ut barneskulen. Mangfaldet i bygda har me nytta til måling av skulen og fått ein flott ballbinge i haust. Samarbeid med FAU, pensjonistlag og idrettslaget har vore godt i desse prosjekta. Det er slik me må tenkja framover, samarbeid på tvers av lag og foreiningar. Traktortreff er eit utmerka eksempel på eit slikt samarbeid der ungdomslaget også var med. Me gler oss og håpar på eit nytt treff i pinsen 2014! Det gjekk eit lys opp for oss då me måtte redda butikken vår, og lys i tunnelen fekk me! Me har ein engasjert butikksjef som har løfta butikken, og no er i ferd med å få til ein kaffikrok! Visjonen til Johannes om tapasbar er no snart realisert! Trafikksikring i samband med ferjekai og auka trafikk på grunn av Jondalstunnelen har skapt nye utfordringar i bygda. Trygg ferdsel for gåande, og spesielt skuleborna våre, har vore satsningsområde for oss i grendautvalet. Dette har også vore ein del av arbeidet med ny arealplan. Der det har vore naudsynt å få fleire bustadtomter i bygda. Me har eit fantastisk friluftsområde som me har nytta til 7 stølstur. Prosjektet «Tur-vik-bygd» som merker turstiger og stupebrett som er sett opp i Ståvika. Alle desse tinga hadde ikkje vore gjort utan frivillig innsats. Oddbjørn Borge høgg til stein som skal vera topploket på varden. Oddbjørn Borge og Geir Drage Berentsen ber stein til varden. Det har vore mange tunge tak. Tørvikbygdbladet 9

Samandrag av Årsmelding for Tørvikbygd Grendautval 2012 (Årsmeldinga vart godkjend på årsmøtet 28.april 2014) 2012 har vore eit særs aktivt år for grendautvalet med mykje møteaktivitet, innspel og aktivitet både i og for bygda. - Orientering om status for barnehage og båtlag på årets fyste møte. - Møte med indremisjonen for å be om forlenga leige av bedehuset. - Presentasjon i NPB med orientering om reguleringssaker. - Innspel til trafikksikringsplan. - Lysfest i Vangdalsberget, med servering, talar og musikk og godt oppmøte. - Årsmøte. Barnehageplassering var meldt inn som eiga sak. - Brev til kommunen om framdrift av barnehage. - Coop Tørvikbygd vart omtalt i Coop-bladet. - Positivt for både butikken og bygda. - Diverse høyringsuttalar, ma. om hyttebygging i Ramsjona og småbåthavna. - Bygdablad nr. 2 kjem ut denne våren. - Anita Hesthamar seier frå seg leiarvervet grunna ny jobb. Johannes Øverland overtek. - Ferjekaien: Stor aktivitet med møter/innspel til arbeidet med vidare planar for kaien. - Det vart arrangert traktortreff i bygda og det var braksuksess! Grendautvalet var medarrangør. - Høg aktivitet i barnehagesaka: Indremisjonen godtok vidare utleige av bedehuset. Engasjerte bygdafolk har ved to høve demonstrert ved heradshuset, Medlemmene i grendautvalet har vore på gruppemøte hos alle/fleste parti. - Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som såg på ulike plasseringsalternativ, kostnadar og modellar for organisering. Ferdig innspel vart sendt rådmannen. - Det vart lagt ut spørjeundersøking om bustadbehov i bygda. - «100 på Nuten» vart arrangert for fyrste gong i samarbeid med Idrettslaget. I kraftig ruskevær vart det godt over «100 nesten på nuten» - Arbeidsgruppa Tur-vikbygd har arbeidd mykje i år, arbeidet viser igjen og me takkar for flott innsats! - Grendautvalet hadde ansvar for TV aksjonen 21.10.12 - Grendautvalet arrangerar folkemøte 15.11.12 om Bustadbygging. Innlegg ved Jon Nedkvitne - Kvam Herad, Arne Lunestad Kvammabygg og Lars Kristian Vikøy DNB. - Suppleringsval: Eivind Måge vert vald inn i styret i staden for Anita Hesthamar. - Coop en: Dag Terje informerte om situasjonen og han har også gjort ein fantastisk innsats! Ved slutten av året var styret i Grendautvalet slik: Leiar: Johannes Øverland Nestleiar: Kasserar: Randi Økland Skrivar: Anne Grete Berge Medlem: Ingvard Teigland Medlem: Eivind Måge Samandrag av Årsmelding for Tørvikbygd Grendautval 2013 (Årsmeldinga vart godkjend på årsmøtet 28. april 2014) Styret i grendautvalet har i 2013 hatt 7 styremøter. - I januar hadde vi synfaring med representanter fra Statens Vegvesen og Politiet angående trafikksikring i Skutevik. Temaet var nedsatt fartsgrense, fartsdumper og fotgjengerfelt. - Prosjekt «Tur-vik-bygd» har mottatt kr. 40.000,- i støtte til fase 2 for kart og turbeskrivelser. - I mai sendte vi sammen med ansatte i barnehagen og Su innspill til barnehageplanen. - Grendautvalet var med å arrangere Trakk og snakk 9. juni. Dette var et samarbeid med ungdomslaget, idrettslaget, pensjonistlaget og Coop. Ca 100 frammøtte. Vi gikk en rundtur fra skolen via Lund til Stekka. Videre gjennom skogen til Dalheim-feltet. Nedom kaien til Ståvkja og Haugland og tilbake til skolen. Der ble det servert pølser sponset av Voss Kjøtt ute og kaker, kaffi og frukt inne. Johannes viste bilder og fortalte om Tørvikbygd. En vellykket dag. - I august ble det sendt inn forslag til planprogram til bustadplan og forslag til planprogram til næring og kompetanse. 100 på Nuten ble for andre gang arrangert 8. september. Dette i samarbeid med idrettslaget. Ca 230 skrev seg i bøkene. En flott dag med kjempefint vær. - I september var det infomøte vedr rullering av kommuneplan i ungdomshuset. Jon Nedkvitne informerte. I ettertid sendte grendautvalet inn sine innspill. - Årets TV-aksjon gikk til Amnesty International. I år fikk vi hjelp av Skytterlaget Ved slutten av året var styret i Grendautvalet slik: Leder - Johannes Øverland Skriver - Anne Grete Berge Kasserer - Randi Økland (på val) Medlem - Ingvard Teigland (på val) Nestleder - Eivind Måge (på val) * * * * Etter årsmøtet 28.april 2014 er desse med i Tørvikbygd grendautval:johannes Øverland Anne Grete Berge Tina Ruud Olsen Per Øyvind Tveiten Torgeir Augestad 10 Tørvikbygdbladet

«Trakk og snakk» 9. juni 2013 var det blitt Tørvikbygd sin tur til å arrangere Trakk og snakk. Grendautvalet var i et samarbeid med ungdomslaget, idrettslaget, pensjonistlaget og Coop med på å arrangere dette. Det var ca 100 frammøtte. Trakk og snakk i vakkert landskap i Stekka. Foto: Nils Kjetil Torvik Vi møttes på skolen kl.10.00. Ordførar Asbjørn Tolo, rådmann Arild M. Steine, ass.rådmann Astrid L. Fjærestad var blant politikarane/administrasjonen som møtte. Vi gikk en rundtur frå skolen via Lund til Stekka. Vidare gjennom skogen til Dalheim-feltet. Nedom kaien til Ståvkja og Haugland og tilbake til skolen. På turen fikk alle anledning til å diskutere med politikarane og folk fra administrasjonen. Det var fleire stopp for å informere. Mellom anna på kaien der trafikksikring og planane til vegvesen blei tatt opp. Og i Ståvikja blei sjølvsagt barnehagen og toalettanlegg tatt opp. Vel tilbake til skulen blei me møtt at nystekte pølser sponsa av Voss Kjøtt. Coop en v/ Dag Terje sto for dette. Inne viste leiar i Tørvikbygd Grendautval, Johannes Øverland, bilder og fortalde om Tørvikbygd. Det ble servert kaker, kaffi og frukt inne som avslutning. Dette var en kjekk og vellykka dag i strålande sol Takk til alle som hjelpte til i forberedelser og gjennomføring. Randi S. Økland Rune Henriksen serverer pølser. Foto: Nils Kjetil Torvik Foto: Nils Kjetil Torvik Asbjørn Tolo talar til forsamlinga i gymsalen. Tørvikbygdbladet 11

Intervju med nokre lærarar ved Tørvikbygd skule Elevar i 6. og 7. klasse på Tørvikbygd skule har intervjua tre av lærarane sine. Kor mange søsken har du? Eg har 3 sysken det er 2 gutar og 1 jente Kva heiter du? Lena Døgg Davídsdóttir. Kor gammel er du? 29 år gammal. Kvifor flytta du til Tørvikbygd? Fordi det er veldig koseleg her, og det var eit ledig hus. Kvifor begynte du og jobba på Tørvikbygd skule? Fordi dei trengte lærarar, og eg ville prøva noko nytt. Kvifor blei du lærar? Eg blei lærar fordi eg hadde lyst og synst det er veldig kjekt. Kva fag har du? Eg har engelsk, kunst og handverk, gym, matte, og litt norsk Har du dyr? Ja eg har ein hund som er ein italiensk mynde. Kva heiter han? Han heiter Dino. Kor budde du før du flytta til Tørvikbygd? Eg budde i Steinsdalen før eg flytta til Tørvikbygd. Yndlingsfargen din? Yndlingsfargen min er rosa og lilla Yndlingsdyret? Yndlingsdyret mitt er hund Lena Tekst: Veronika, Isabella, Vebjørn, Tobias, Håvard Kva heiter søkene dine? Dei heiter Sindri og Alex, Selma Favoritt film? Favorittfilmen min er den lille havfruen Kva klasse jobbar du i? 1-7 Favoritt fag? Engelsk og kunst og handverk Er du populær i 1 og 2 klasse? Hos nokon er eg populær Har du nokon hobbyar? Ja, det er mange ting eg liker Favoritt årstid? Sommar Favoritt klassen din? Alle Når har du bursdag? 23. oktober 1984 Favoritt plass? Island, Reykjavik Hilde Tekst: Anna, Marcus, Steinar, Ingebrigt, Fredrik Kva heiter du? Hilde Klyve 12 12 Tørvikbygdbladet Bladet

Kvar bur du? I Øystese. Kvifor blei du lærar? Arbeida med ungar. Kor gammal er du? 24 år. Kortid er du født? 27.12.1989 Har du kjærast? Ja, Hallgeir Har du unger? Nei Favoritt farge? Lilla Er det kjekt å jobbe på Tørvikbygd skule? Ja, veldig! Har du ein hemmelighet? Nei Gjekk du på sport når du var liten? Fotball, håndball og volleyball Nyaste innkjøp? Lørdags pynt Kva er hårfargen din? Mørk blond Favoritt fag? Mange Kor mange gongar har du vert i utlandet? 11 Kva land? Danmark, Sverige, England, Tsjekkia, Kroatia, Albania, Montenegro, Hellas og Indonesia Kva synst du om deg sjølv? Blid og snill Kjekkaste musikk sjanger? Alt likande Favoritt song? God måren Hege Tekst: Ingeborg, Olav, Kristian, Joakim, Sindre Kva er ditt fulle navn? Hege Brattabø. Kva er det kjekkaste med å vere lærar? Når ho skal prøve å lære nokon og dei skjøna da. Kvar blei du født? I Bergen Kva heiter mammo og pappen din å brørene dine? Lars, Hildegunn, Berge, Øyvind og Kåre. Kvifor ville du bli lærar? Hadde lyst å jobba med ungar. Har du ein hobby? Jakt, gå tur i fjellet, strikka, vere med venner. Kva frykter du mest? Slangar. Kvar stammar familien din fra? Krossdalen i Jondal Når har du bursdag? 7. desember. Kva er den lykkligaste tingen i verden for deg? God jobb, plass å bu, bil, gode venner. Kva er yndlings TV-showet ditt? Home and away. Kva er din drøm om å leve? Bu i Jondal, venner, god jobb. Er du gift? Nei Har du ungar? Nei Kven er din favorittelev? Alle i 6. og 7. klasse Ditt ynglingsfag? Mattematikk Tørvikbygdbladet 13

Leidulv Brattli Mobil 951 18 434 9-19 Mandag - fredag 9-18 Laurdag 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 15 80 Tlf. 56 55 28 70 - Mob.: 950 59 910 Fax: 56 55 28 71 - E-post: per.augstad@kvamnet.no Asbjørn Eide SNIKKARVERKSTAD Tørvikbygdv. 701 5620 Tørvikbygd Mobil: 970 39 585 E-post: eide.snikkarverks@kvamnet.no LINGALAKS AS Hardanger - Norway VELKOMMEN INNOM! Føl oss facebook: Berge Gard & Gartneri Tlf. 56 55 84 00

TRENG DU ELEKTRIKAR? Ring til: Øystese Elektriske AS Sjusetevegen 20 5610 Øystese AUGESTAD MASKIN TLF. 90 60 88 85 Tlf. 56 55 04 40 Mobil: 90 68 66 33 post@oelas.no Treng du graving, eller kanskje noko som skal heisast og transporterast? Alt innan kommunikasjons- og betalingsløysningar Tlf. 4747 2727 www.vsp.no Ring til Atle Tjosås Tlf. 99 55 12 32 Tlf. 56 55 13 33 Mandag - fredag 10-19 Laurdag 10-16 Nøgd med bladet? Betal kr 50 til konto 3530.07.04342. Me treng di støtte! Ynskjer du annonseplass i neste utgåve? Kontakt Norheimsund Trykkeri AS for informasjon og pristilbod. NORHEIMSUND FARGEHANDEL AS Tlf. 56 55 17 33 HEI! Har du/de tenkt å få laga nokre trykksaker eller kanskje ein fin reklame på ein bil? Eg kan hjelpa med ALT I TRYKKSAKER BILDEKOR - SKILT m.m. Kom innom for ein prat (held til ved sida av Rema 1000) eller ring 56 55 27 88 mvh Anne Berit Lysen Tjosås Hardangerfjordvegen 95-5600 Norheimsund Lysevegen 40-5620 Tørvikbygd Tlf. 951 16 560 post@hardangermonumentservice.no www.hardangermonumentservice.no Asle Skogly * Salg av gravmonument Alle steinsortar / modellar * Navnetilføying * Oppfrisking av navn Lakk eller gull * Reingjering / Oppretting Faste prisar. Mobil: 97 59 24 88 - E-mail: post@nhstrykk.no

Varden på Tørviknuten er eit symbol, ein totempele, for engasjement og samarbeid i Tørvikbygd og bygdene rundt! Trykk og layout: Norheimsund Trykkeri as. Foto: Nils Kjetil Torvik