Austevoll kommune Møteprotokoll UTVAL FOR HELSE OG OMSORG Møtedato: 21.11.2013 Møtetid: Kl. 16:00 17.00 Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.: 025/13-031/13 Følgjande medlemmer møtte Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Jostein Blænes FrP Olav Njåstad Frp Georg Kenneth Fedøy Øystein Østervold Lene Vik Vassnes H Ole Troland Torfinn Grav Krf Forfall Parti Følgjande varamedl. møtte Grete Andersen FrP Møteleiar: Frå adm. møtte: Orientering: Merknader: Innkalling Jostein Blænes Kommunalsjef Helge Skugstad og Wenche Gloppen møtte som sekretær. Orientering v/ kommunalsjef Helge Skugstad: - Dagsenter /seniorsenter v/ Austevoll PO senter tilbod motteke frå Aleris. - Trivselkafe/open kafe alle dagar mellom kl 10-15 tilbod motteke frå Aleris. Desse tilboda vil bli lagt fram i budsjetthandsaminga i kommunestyret 16.12.2013. - Legedekning tilsynslege på sjukeheimen. Ole Troland kom til sak 028/13. Grete Andersen møtte ikkje. Ingen merknader Jostein Blænes Georg Kenneth Fedøy Øystein Østervold Leiar
Lene Vik Vassnes Ole Troland Torfinn Grav Olav Njåstad
Sakliste Sak nr. Saktittel 025/13 Godkjenning møtebok Utval for helse og omsorg 03.09.2013 026/13 Svar på spørsmål i Politisk kvarter utval for helse og omsorg 03.09.2013 027/13 Politisk kvarter utval for helse og omsorg 21.11.2013 028/13 Referatsaker 029/13 Budsjett 2014 - Økonomiplan 2014-2017 030/13 Skjenkeløyve Stangeland gjestegaard - søknad om ny avløysar 031/13 Søknad om serveringsløyve for Stangeland Gjestegård
025/13: Godkjenning møtebok Utval for helse og omsorg 03.09.2013 Møteboka frå møte 03.09.13 vert godkjent slik ho ligg føre. 026/13: Svar på spørsmål i Politisk kvarter utval for helse og omsorg 03.09.2013 Vert teke til orientering. 027/13: Politisk kvarter utval for helse og omsorg 21.11.2013 Handsaming i møtet: Spørsmål frå Lene Vik Vassnes, H: Frå første januar skal kommunen ha ein døgnkontinuerleg sengeplass. Korleis ligg det an med planar for dette? Svar frå kommunalsjef: Det er krav om ei seng til øyeblikkeleg hjelp. Det er ulike måtar å løyse dette på. Det kan vera naturleg å sjå dette i samanheng med Austevoll PO senter/aleris der det er eit eksisterande legetilbod. Dette kan vera ei utfordring i forhold til turnus. Kommunen kan også leige ei seng hos nærliggande kommunar. Spørsmål frå Lene Vik Vassnes, H: Gir staten støtte til å etablera ein døgnkontinuerleg sengeplass? Svar frå kommunalsjef: Helsedirektoratet gir støtte til ekstrakostnader ved etablering av sengeplass til øyeblikkeleg hjelp. Det er usikkert kor stor denne støtta blir. Spørsmål og svar vert lagt med møteboka. 028/13: Referatsaker Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. 029/13: Budsjett 2014 - Økonomiplan 2014-2017 Handsaming i møtet: Framlegg frå utvalet v/lene Vik Vassnes: Utval for helse og omsorg tek rådmannen sitt budsjettframlegg til orientering. Dei ulike politiske partia vil legge fram sine framlegg til budsjett i formannskapsmøtet 25.11.2013. Framlegg frå Jostein Blænes, Frp:
Utval for helse og omsorg tek rådmannen sitt budsjettframlegg til orientering. Utvalet peiker på at det er konkurranseutsettinga innanfor sektoren som er forklaringa på at Austevoll kommune i 2014 har nok eit påplussingsbudsjett, medan mange andre kommunar kuttar og har utfordringar. Utval for helse og omsorg Viser til at Formannskapet 25. november skal innstille på budsjett til kommunestyret. Utvalet vil spele inn desse framlegga: - Det må setjast av pengar i investeringsbudsjettet for 2014 til planlegging av legesenter (lokal medisinsk senter) på Storebø i samsvar med det svaret ordføraren gav i politisk kvarter 4. november 2013. Ramme for investeringa må setjast av i 2015. - Driftsbudsjettet må ta høgde for dagsenterdrift. - Regjeringa har varsla øyremerking av kommunalt rusarbeid. Rådmannen må snarast koma med sak til utvalet på Austevoll sin strategi for å nytta desse midlane. Ved røysting vart Framlegg frå utvalet v/ Lene Vik Vassnes og Framlegg frå Jostein Blænes, Frp, samrøystes vedteke. Utval for helse og omsorg tek rådmannen sitt budsjettframlegg til orientering. Dei ulike politiske partia vil legge fram sine framlegg til budsjett i formannskapsmøtet 25.11.2013. Utvalet peiker på at det er konkurranseutsettinga innanfor sektoren som er forklaringa på at Austevoll kommune i 2014 har nok eit påplussingsbudsjett, medan mange andre kommunar kuttar og har utfordringar. Utval for helse og omsorg Viser til at Formannskapet 25. november skal innstille på budsjett til kommunestyret. Utvalet vil spele inn desse framlegga: - Det må setjast av pengar i investeringsbudsjettet for 2014 til planlegging av legesenter (lokal medisinsk senter) på Storebø i samsvar med det svaret ordføraren gav i politisk kvarter 4. november 2013. Ramme for investeringa må setjast av i 2015. - Driftsbudsjettet må ta høgde for dagsenterdrift. - Regjeringa har varsla øyremerking av kommunalt rusarbeid. Rådmannen må snarast koma med sak til utvalet på Austevoll sin strategi for å nytta desse midlane. Dei ulike politiske partia vil legge fram sine framlegg til budsjett i formannskapsmøtet 25.11.2013. 030/13: Skjenkeløyve Stangeland gjestegaard - søknad om ny avløysar Vedtak Utval for helse- og sosial omsorg godkjenner Marius Løbø Fimland som ny avløysar for skjenkeløyve ved Stangeland gjestegaard for perioden fram til 30. juni 2016. :
031/13: Søknad om serveringsløyve for Stangeland Gjestegård Austevoll kommunestyre gjev Stangeland Gjestegård serveringsløyve etter Lov om serveringsverksemd 1997-06-13 nr 55 for drift av spiserestaurant, pub og selskapsverksemd på Stangeland Gjestegård sine lokaler på Stolmen. Emmanuelle Tieri er styrar og Marius Løbø Fimland avløysar for styrar. Serveringsløyvet vert gjeve på følgjande vilkår: 1. Verksemda skal drivast i samsvar med krav frå Mattilsynet og dei til einkvar tid gjeldane retningsliner, jf. Lov om serveringvirksomhet av 13.06.1997 og Lov om vern om tobakkskader av 09.03.73. 2. Ta omsyn til ev merknader frå lensmannen i Austevoll.