Dette er siste versjon av skjema for prising. Det er gjort følgjande endringar på opphavleg skjema: Revisjon A 27. mars 2015 - Postnummer 2.19 var ved feil ikkje brukt i første skjema. Dette er ikkje retta, men feil er "vidareført" i exelark for kontroll. Dette til orientering. - Postnummer mellom 3.3 og 3.4 mangla heilt. Dette er ikkje retta, men feil er "vidareført" i exelark for kontroll. Dette til orientering. - Post 3.16. Presiolert kum med sidegrein har fått redusert dimensjon frå Ø600 mm til Ø400 mm. - Post 2.18. Einheit endra frå "m" til "m 2 " og mengde frå 40 til 150. Oppmålt etter utvendig areal. - Post 2.21. Jamfør referat frå anbodssynfaring. Einheit endra frå "m" til "m 2 " og mengde frå 40 til 150. Oppmålt etter utvendig areal. Skjema for prising av arbeidet med VA, kabel og veg 23.02.2015 Det vert vist til generell beskriving av arbeida. I dette skjemaet skal entreprenøren gje prisane på eit komplett anlegg for veg, VA og kabel veg som vist på teikningane 100-102, 110-114, H001-H003, H012, H013, H016, H030, H031 og I001. Arbeida skal prisast med bakgrunn i Kvam herad sin VA-norm til Kvam herad og enkel opplisting av anleggselementa som inngår. Entreprenøren skal prisa inn sine kostnadar med komplett gjennomføring av dei aktuelle arbeida, inkludert supplerande prosjektering av betongarbeid, tilpassing til anlegg i drift (veg, ulike kabelanlegg, vass- og ulike avløpsleidningar), trafikkavvikling, fysisk sikring av anleggsområde, opparbeiding av murar, vegdekke, klimatiske forhold, tettheitsprøving, dokumentering osv. Entreprenør: Underentreprenør: _Fag: _ Underentreprenør: _Fag: _ Underentreprenør: _Fag: _ Eventuelle atterhald Kvam herad ønskjer konkurranse og tilbod på arbeidet med å levera eit komplett anlegg. Om entreprenøren meiner at det manglar omtale av arbeid, materiell eller anleggselement for eit komplett anlegg, så bør dette meldast inn tidleg i perioden der entreprenøren reknar på anbodet. Byggherren kan då orientera alle tilbydarane om korleis dette skal prisast. Om entreprenøren finn manglar etter frist for å stilla
spørsmål er ute, så skal omtale av dette og kostnad reknast med. Omtale av manglar som er inkludert og priskonsekvens skal gjevast under atterhald. Eventuelle atterhald skal vera presise og eintydige slik at tiltakshavar kan kostnadsrekna disse i tilbodsvurderinga utan kontakt med tilbydaren. Atterhald mot anbodsgrunnlaget kan føre til at tilbodet vert avvist, eller at det vert gjeve tillegg i tilbodssummen. Å visa til særskilde leveringsvilkår vil verta handsama som atterhald i den grad dei vik frå anbods- og kontraktsbestemmingar. Atterhald må vera spesifisert nedanfor eller i eige tilbodsbrev for å vera gyldige: _ Tilbodssum for VA-, kabel- og vegarbeid Nr Kapittel Kroner 1 RIGG OG DRIFT 2 VEGARBEID 3 VEGARBEID 4 KABELARBEID 5 TIL BYGGHERREN SIN DISPOSISJON a Avgiftspliktig tilbodssum b Avgift til staten, 25 % c Sum
Spesifiserande postar for VA-, kabel og vegarbeid Som supplerande grunnlag for at entreprenøren skal kunne prisa arbeida med VA, kablar og veg er det utarbeida ei enkel oppstilling. Arbeida med å utvida veg, på innside eller utside av eksisterande, samt flytte eksisterande private vegar, er beskrive i eige vegkapittel. Arbeida med VA- og kabelanlegg er beskrivne i eigne kapittel for dette. Disse arbeida er beskrive som utført etter at arbeida med veg, murar etc. er gjort. Entreprenøre planlegg sjølv gjennomføring, rekkjefølgje og framdrift for arbeida. Prinsippteikningane 100, 101 og 102 viser profilplan og kvar vegen er planlagt utvida. Planteikningane H001, H002 og H003 viser kvar VA-hovudleidningar er planlagt. Generelle grøftesnitt på teikning H031 viser kva leidningar skal plasserast i vegprofilet. For ytterlegare å tydeliggjera at det er høge krav til kvalitet på nye anlegg vert det også vist til VA-norm for Hardanger som ligg tilgjengeleg på side: www.va-norm.no. Søk på Kvam herad som aktuell kommune. Arbeida må tilpassast eksisterande leidningar og kabelanlegg som kan vera i drift. Eksisterande kabelanlegg i Torpevegen eller kablar i luft som kjem i konflikt med utviding skal vera flytta av kabeletatar i forkant. Entreprenør skal forvissa seg om så er gjort før arbeidet startar. Grøftedjupne skal reknast frå eksisterande nivå i eksisterande vegareal og frå terreng i areal som ligg utanfor vegen. Sjå generelle grøftesnitt på teikning nr. H031. Grøftepostane inkluderar, i tillegg til levering av pukkmassar under og over røra, også tilbakeføring av beste del av oppgravde massar frå entreprenøren sitt mellomlager til bruk over pukkmassane og til underkant vegunderbygning. I vegpostane er det teke med oppbygging av øvste del av vegen, 15 + 5 cm, samt nytt asfaltdekke. Entreprenøren må sjølv ta omsyn til meirforbruk ved breiare grøfteprofil enn teoretisk profil, samt meirforbruk ved grøfteutviding for kummar. Grøftepostane skal også inkludera naudsynte utvidingar for kummar. Mindre tilpassingar og justeringar av kummar for beste plassering må påreknast og bruk av bend og røyrdeler for dette skal være inkludert i postane. Det er lagt til grunn at leidning for spillvatn aldri skal ha mindre fall enn 10 promille. Grøftedjupner og fall skal tilpassast veganlegget i samråd med Kvam herad. Det er oppgjeve ulike grøftedjupner og postar skal regulerast for reell situasjon. Kommunale hovudleidningar for vatn og spillvatn skal i det vesentlige leggjast på same nivå. Det må gjerast lokale tilpassingar når plassering av kummar, kryssingar (både for nye og gamle leidningar) etc. skal skje, samt der kryssing av kulvertar og overvassrør skal skje. Ein må på staden finna korleis kryssing best kan
skje, enten ved å seinka kulvert/rør eller gå med grunnar grøft for nye hovudleidningar på ein kortare strekning. Eksisterande vass og avløpsleidningar i området er i kontinuerlig bruk. På avløpsleidningane har kvar enkelt bustad slamavskiljar på eigendommen. Disse vil ikkje verta kopla vekk før etter at anleggsarbeidet for veg, kabel og VA er avslutta. Entreprenøren må planleggja arbeidet og gjennomføra dette slik at leidningane fungerar i hele arbeidsperioden. Avstengingar i korte tidsrom som er varslet i god tid til råka abonnentar er ok. Nye leidningar som ikkje vert blir tekne i bruk skal forsvarleg tettast/tersast slik at disse kan koplast til på eit seinare tidspunkt. Kvam herad tek unna retten til å trekkja ut arbeid/postar frå anbodet eller redusera omfanget. Nr. Tekst Enhet Mengde Pris Sum 1 RIGG OG DRIFT 1.1 Forsikring av ansvar 1.2 Forsikring av eige kontraktarbeid 1.3 Sikkerheitsstilling for kontraktforpliktingar 1.4 Planlegging, etablering og drift av eige kontraktarbeid 1.5 Komplett drift av anleggsområde, herunder trafikkavvikling, skiltplanar, arbeidsvarsling, trafikkdirigering, fysisk sikring, SJA-arbeid osv. 1.6 Komplett nedrigging og opprydding 1.7 Komplett dokumentasjon av anlegget 1.8 Arbeid og leveringar som entreprenør ikkje finn eigna post for når arbeidet med rigg og drift skal vera komplett:
Sum posten 1.1-1.8 Summen skal overførast til samanstilling av postane i tabell på side 2 Kroner 2 VEGARBEID 2.1 Utfyllande prosjektering av betongarbeid for endeleg dimensjonering og utforming av disse 2.2 Komplett rydding av skog, trær, buskar og vegetasjon for vegutviding på øvre side av vegen profil 0-180 m og på nedre side av vegen ved profil 280 og ved profil 380 m 2.3 Komplett graving for avdekking til fjell for etablering av murer, sognemurar og fjellskjeringar profil 0-200 m. 2.4 Opplasting og vekktransport av gravemassar. Prosjektert, faste m 3 2.5 Fjerning, borttransport og godkjent handtering av eksisterande asfaltdekke i Torpevegen. Komplett, med saging mot dekke som vert liggande att 2.6 Komplett boring og sprenging for utviding av Torpevegen og private tilkomstvegar til fleire bustadar. Tett boring for definert fjellskjering for å hindre lokalt utfall av steinmasser frå skjering. Inkludert eige nivå for etablering av fundament for murar og sognemurar. Prosjektert, faste m 3 2.7 Opplasting og vekktransport av gravemassar. Prosjektert, faste m 3 2.8 Komplett levering og etablering av murar i naturstein, klasse A, storleik 0,6-1,0 m på innsida av Torpevegen, på utsprengt nivå. Plassering pr. profil 63-113 m. Varierande høgde. Reinska til fast fjell og fundament av armert betong som er forankra til fjell med fjellbolt. Breidde fundament 1,5 m og djupne 0,3 m. Drensrør DV Ø110 mm i botn av fundamentet, bak muren. Utløp til grøft eller bekkeløp. m³ 200 m³ 200 m 2 3.000 m³ 850 m³ 850 m 2 120
Tilført pukk 16-56 mm som bakfyll. Masseseparasjonsduk kl. II skal nyttast som skilje mellom pukk og massar for oppfylling av terreng. 2.9 Komplett oppfylling, tilpussing og tilsåing av nytt terreng mellom masseseparasjonsduk kl. II og eksisterande terreng framfor bustad. Eigna steinmassar nedst, jord i toppen. Entreprenør vurderer omfang. 2.10 Etablering av armert betongmur, 25x25 cm, i toppen av natursteinsmurar for å kunne setja opp gjerde som sikring. 2.11 Komplett flettverksgjerde med stolper som sikring montert i betongmur på toppen av natursteinsmurar. Gjerdehøgde minimum 1,2 m over terrengnivå. 2.12 Komplett etablering av vegmur i betong for privat veg frå om lag profil 166 og mot bustad. Lengde om lag 36 m, varierande høgde. Forskaling, forankring til fjell, armering, brettskuring, herdemembran og betong B45/MF45. Topp mur 20 cm over vegdekke, klargjort for flettverksgjerde. Areal rekna i front av muren. 2.13 Komplett flettverksgjerde med stolper som sikring montert i toppen av betongmuren i post 2.10. Gjerdehøgde minimum 1,2 m frå topp vegdekke 2.14 Komplett etablering av sikringsmur i betong for privat veg frå om lag profil 60 og mot bustadar. Lengde om lag 20 m, høgde minimum 0,8 m over veg og inkludert forankring, armering og tilpassing til eksisterande mur. 2.15 Komplett etablering av sognemurar som sikring. Høgde inntil 1,5 m. Profil 20-40 m langs Torpevegen og ca. 40 m langs privat veg. Lengde og utforming i tråd med Statens vegvesen si bok "Sognemur Bruksområde og utførelse" frå 1. februar 2001. Endeleg tilpas- m 67 m 67 m 2 60 m 36 m 20 m 60
sing på staden når grunntilhøve er kjende. 2.16 Komplett ferdigstilling av private avkøyringar i profil 60, 115 og 170 m 2.17 Graving for å avdekke til fjell for etablering av betongmur på utsida av eksisterande vegmur i om lag profil 280 m. Lengde om lag 40 m. Gjennomførast med naudsynt sikring slik at stein og liknande ikkje kjem på trill. Eksisterande bekk er ført gjennom vegen. Eksisterande vegmur skal stå att. Borttransport av gravemassar, spyling av fjelloverflate. 2.18 Komplett etablering av vegmur i betong for kommunal veg ved profil 280 for å oppnå vegbreidde 5 m. Lengde om lag 40 m, gjennomsnittleg tjukkleik 40 cm. Varierande høgde på strekninga. Det skal etablerast kulvert i betong for å forlenga bekken ut gjennom ny mur. I toppen skal muren inngå som vegrekkverk, høgde minimum 85 cm over ferdig vegdekke. Forskaling, armering, brettskuring, herdemembran og betong B45/MF45. Endelig plassering og omfang vert tilpassa på staden. Oppmålt etter utvendig areal mur, inkludert vegrekkverk på toppen. 2.20 Graving for å avdekke til fjell for etablering av betongmur på utsida av eksisterande vegmur i om lag profil 380 m. Lengde om lag 40 m. Gjennomførast med naudsynt sikring slik at stein og liknande ikkje kjem på trill. Eksisterande bekk i om lag profil 380 ført gjennom vegen. Eksisterande vegmur skal stå att. Borttransport av gravemassar, spyling av fjelloverflate. 2.21 Komplett etablering av vegmur i betong for kommunal veg ved profil 380 for å oppnå vegbreidde 5 m. Lengde om lag 40 m, varierande høgde på strekninga. Det skal etablerast kulvert i betong for å forlenga bekken ut gjennom ny mur. I toppen av ny mur skal muren inngå som vegrekkverk, høgde minimum 85 cm over ferdig vegdekke. Forskaling, ar- stk 3 m 40 m 2 150 m 40 m 2 150
mering, brettskuring, herdemembran og betong B45/MF45. Oppmålt etter utvendig areal mur, inkludert vegrekkverk på toppen. 2.22 Ved graving for VA- og kabelgrøfter vert store deler av bærelaget i vegen borte som del av dette arbeidet. Sjå eigne postar i kapittel 3 og 4. Denne posten skal dekka graving, borttransport og godkjend handtering av resterande del av massane som skal bort får å gje plass til 15 cm bærelag og 5 cm avrettingslag i heile vegen. Entreprenør vurderer omfang. 2.23 Levering og utlegging av 15 cm bærelag av knust grus 0-32 mm. 2.24 Levering og utlegging av 5 cm avrettingslag av knust veggrus 0-19 mm 2.25 Levering og legging av asfaltdekke Agb16 110 kg/m² i heile Torpevegen, inkludert tilpassing til eksisterande vegar og areal. m 2 3.250 m 2 3.250 m 2 3.250 2.26 Arbeid og leveringar som entreprenør ikkje finn eigna post for når arbeidet med veg skal vera komplett: 3 VA-ARBEID VA-anlegg skal i hovudsak leggjast i eksisterande eller utvida del av Torpevegen. Grøftedjupne vert rekna frå eksisterande asfaltdekke i Torpevegen. Ved gjenfylling av grøftene i vegen gjer me merksam på at det er postar for 20 cm bære- og avrettingslag, samt for asfaltdekke.
3.1 Komplett VA-grøft Strekning profil 0 profil 200 m for isovarm PVC Ø160 mm spillvatn og isovarm Ø180 mm PE100 vatn. Bredde botn 1,15 m. Kombinert grøft. Grøftedjupne inntil 1,5 m, der 1,0 m er fjell. Skal inkludera lokal senking av grøft ved kum S2 for at stikkleidning vatn kan kryssa over spillvassleidning. Fundament, sidefylling og omfylling med tilførte massar 11-16 mm. Vegoverbygning og vegdekke som for veganlegget. Inkludert midlertidig dekke og borttransport av overskotsmasser. 3.2 Komplett VA-grøft Strekning profil 200 profil 650 m for PVC Ø160 mm spillvatn og Ø180 mm PE100 vatn. Bredde botn 1,0 m. Kombinert grøft. Grøftedjupne inntil 2,0 m, der 1,5 m er fjell. Fundament, sidefylling og omfylling med tilførte massar 11-16 mm. Frå om lag profil 450 og profil 650 m skal grøft etablerast i kant av eksisterande veg slik at VA-grøfta etterpå vert liggjande i vegkant. Vegoverbygning og vegdekke som for veganlegget. Inkludert midlertidig dekke og borttransport av overskotsmassar. 3.3 Komplett VA-grøft Fleire ulike grøfter for stikkleidningar Ø32-63 mm vatn og Ø110/160 mm spillvatn frå offentleg leidning og til private leidningar. Breidde botn 0,8 m. Kombinert grøft. Grøftedjupne inntil 2,0 m, derav 1,0 m fjell. Fundament, sidefylling og omfylling med tilførte masser 11-16 mm. Vegoverbygning og vegdekke som for veganlegget. Inkludert borttransport av overskotsmassar. Komplett kryssing og tilpassing til eksisterande kulvertar/rør på tvers av Torpevegen. Det ligg fleire vassvegar på tvers av Torpevegen som ny hovudleidningar for vatn og spillvatn må tilpassa seg. Løysing må tilpassast på staden, ved å senka kulvert/rør gjennom vegen eller lokalt tilpassa djupna på grøfta. Vassve- m 200 m 450 m 100 stk 5
gane på tvers er vesentlege å oppretthalda. 3.4 Komplett vassleidning På strekning profil 0-200. Vassleidning isovarm Ø180 mm PE100 SDR11. Naudsynte bend, skøyter, isolering mellom skøytar, legging i mange etappar mv. skal inngå i prisen. 3.5 Komplett vassleidning På strekning profil 200-650. Vassleidning Ø180 mm PE100 SDR11. Naudsynte bend, skøyter, legging i mange etappar mv. skal inngå i prisen. 3.6 Komplett isovarm T-rør For tilknyting av leidning for 3 stk abonnentar i profil 115 m skal det leverast og monterast sveist Ø180/50 mm isovarm T-rør ved kum S2. Spillvassleidning lokalt seinka for at vassleidning kryssar over denne. 3.7 Komplett vassleidning Frå sveise-t på hovudleidning isovarm 180 mm og til abonnentar som skal knytast til. Vassleidning isovarm Ø50 mm PE100 SDR11. 3.8 Komplett vassleidning Frå vasskummar og til ulike abonnentar som skal knytast til. Vassleidning Ø32 mm PE100 SDR11. Fordelt på fleire leidningar. 3.9 Komplett spillvassleidning På strekning profil 0-200, samt ut til sideleidning frå kum S2. Spillvassleidning isovarm Ø160 mm PVC SN8. Naudsynte bend, skøyter, legging i mange etappar mv. skal inngå i prisen. 3.10 Komplett spillvassleidning På strekning profil 200-650, samt ut til aktuelle sideleidningar frå hovudleidning. Spillvassleidning Ø160 mm PVC SN8. Naudsynte bend, skøytar, legging i mange etappar mv. skal inngå i prisen. m 200 m 450 stk 1 m 40 m 100 m 210 m 480
3.11 Komplett spillvassleidning Frå hovudleidningar og til ulike abonnentar. Spillvassleidning Ø110 mm PVC SN8. Bend, grenrør, legging i mange etappar mv. skal inngå i prisen. 3.12 Komplett overvassleidning På strekning profil 590 650 m. Overvassleidning Ø400 mm DV PP SN8, (innvendig diameter). Bend, eventuelle grenrør mv. skal inngå i prisen. 3.13 Komplett montering av vasskum V1 Kum Ø1600 mm betong. Kum, armatur, lokk og rammer vert i heilheit levert av Kvam herad. I posten skal det prisast montering, tilkopling av forsyning fir inntil 3 abonnentar. 3.14 Komplett vasskum V2 Som på teikning 12, inkludert armatur, og tilkopling til de ulike leidningane utanfor kummen. Lokk og ramme vert levert av Kvam herad, men skal monterast av entreprenør 3.15 Komplett vasskum V3 Som på teikning 13, inkludert armatur, og tilkopling til de ulike leidningane utanfor kummen. Lokk og ramme vert levert av Kvam herad, men skal monterast av entreprenør 3.16 Komplett spillvasskum S2 Preisolert kum med sidegrein for tilkopling av bustadhus i profil 115 m. Dimensjon Ø400 mm, høgde 1,10 frå topp veg til innvendig botn leidning. Djupne og plassering tilpassa på staden. 3.17 Komplette spillvasskummar S1, S3, S4, S5 og S6. Dimensjon Ø1000 mm, høgde om lag 2,0 m frå innvendig botn til topp kum. Som på teikning H016, inkludert eventuell tersing og tilkopling til de ulike leidningane utanfor kummen. Lokk og ramme vert levert av Kvam herad, men skal monterast av entreprenør. m 100 m 60 stk 1 stk 1 stk 1 stk 1 stk 5
3.18 Komplette spillvasskummer Dimensjon Ø600 mm, høgde om lag 1,8 m frå innvendig botn til topp kum. Inkludert eventuell tersing og tilkopling til dei ulike leidningane utanfor kummen. Plassering vert tilpassa på staden, mellom kummar Ø1000 mm. Lokk og ramme vert levert av Kvam herad, men skal monterast av entreprenør. 3.19 Komplett overvasskum O1. Dimensjon Ø1000 mm, høgde om lag 2,1 m. Som på teikning H016, inkludert evt. tersing og tilkopling til dei ulike leidningane utanfor kummen. Lokk og ramme vert levert av Kvam herad, men skal monterast av entreprenør. 3.20 Komplette overvasskum O2. Dimensjon Ø1000 mm, høgde om lag 2,0 m. Som på teikning H016, inkludert evt. tersing og tilkopling til de ulike leidningane utanfor kummen. Lokk og ramme vert levert av Kvam herad, men skal monterast av entreprenør. 3.21 Komplett tilkopling nye vassleidningar til eksisterande hovudleidningar. Vest for vasskum V1 og aust for vasskum V3 3.22 Komplett tilkopling nye spillvassleidningar til eksisterande leidningar. Ved profil 0, leidning for 3 bustadar ved profil 100, antatt 5 leidningar på resterende del og hovudleidning ved anleggsgrense i øvre ende 3.23 Komplett tilkopling av leidningar frå slukar, sandfang etc. til ny leidning, samt til eksisterande leidning i området ved profil 530 m. 3.24 Mellombels vassforsyning til abonnentar i samband med arbeida 3.25 Mellombels drift av spill- og overvassleidningar i samband med arbeida 3.26 Komplett trykkprøving, reinsing, desinfisering og nøytralisering av vassleidning Ø180 mm i stk 3 stk 1 stk 1 stk 2 stk 8 stk 4
tråd med krav i VA-norm. 3.27 Komplett spyling, TV-kontroll og tettheitsprøving av spillvassleidning Ø160 mm og tilhøyrande kummar i tråd med krav i VA-norm. 3.28 Komplett spyling, TV-kontroll og tettheitsprøving av overvassleidning Ø400 mm og tilhøyrande kummar i tråd med krav i VA-norm. 3.29 Arbeid og leveringar som entreprenør ikkje finn eigna post for når arbeidet med VA skal vera komplett: Sum posten 3.1-3.30 Summen skal overførast til samanstilling av postane i tabell på side 2 Kroner 4 KABELARBEID Kabelanlegget skal i hovudsak leggjast i eksisterande del av Torpevegen. Grøftedjupne vert rekna frå eksisterande asfaltdekke. Ved gjennfylling av grøftene i vegen gjer me merksam på at det er postar for 20 cm bæreog avrettingslag, samt for asfaltdekkke. Grøftebreidde er anslått på bakgrunn av tilbakemeldingar frå kabeletatar, men endeleg breidde på grøft på ulike strekningar vert bestemt før oppstart når antal kablar er bestemt. 4.1 Komplett kabelgrøft Kabelgrøft mellom profil 0-200 m. Breidde botn 1,2 m. Grøftedjupne 0,8 m rekna frå eksisterande asfaltdekke. Fundament 10 cm, sidefylling og omfylling 10 cm med tilførte masser 4-8 mm. Vegoverbygning og vegdekke inngår i postar i kapittel 2 for veganlegget. Inkludert borttransport av overskotsmassar. m 200
4.2 Komplett kabelgrøft Kabelgrøft mellom profil 200-450 m. Breidde botn 1,0 m. Grøftedjupne 0,8 m rekna frå eksisterande asfaltdekke. Fundament 10 cm, sidefylling og omfylling 10 cm med tilførte masser 4-8 mm. Vegoverbygning og vegdekke inngår i postar i kapittel 2 for veganlegget. Inkludert borttransport av overskotsmassar. 4.3 Komplett kabelgrøft Kabelgrøft mellom profil 450-650 m. Breidde botn 0,8 m. Grøftedjupne 0,8 m rekna frå eksisterande asfaltdekke. Fundament 10 cm, sidefylling og omfylling 10 cm med tilførte masser 4-8 mm. Vegoverbygning og vegdekke inngår i postar i kapittel 2 for veganlegget. Inkludert borttransport av overskotsmassar. 4.4 Graving av grop for mast veglys og montering av veglysfundament Graving, avretting, montering av fundament og tilbakefylling rundt fundamentet. Sjølve fundamentet blir levert av Kvam kraftverk. 4.5 Graving av grop for prefabrikkert kabelkum og montering av kabelkum Graving, avretting, montering av kabelkum 0,7x1,4 m, høyde 0,5 m og tilbakefylling rundt kum. Kabelkummene med lokk og rammer leveres av de ulike kabeletatene. m 250 m 250 stk 12 stk 6 4.6 Arbeid og leveringar som entreprenør ikkje finn eigna post for når arbeidet med kabel skal vera komplett: Sum posten 4.1-4.6 Summen skal overførast til samanstilling av postane i tabell på side 2 Kroner
5 TIL BYGGHEREN SIN DISPOSISJON Postane for tilleggsarbeid med maskiner og arbeidarar. Tilleggsarbeid skal vera avklart med byggherre i forkant av utføring. 5.1 1,5-5 tonn gravemaskin med førar. Timar 10 5.2 5-10 tonn gravemaskin med førar. Timar 10 5.3 10-15 tonn gravemaskin med førar. Timar 10 5.4 20-25 tonn gravemaskin med førar. Timar 10 5.5 Tillegg for hydraulisk hammar på ulike gravemaskiner. Timar 10 5.6 Traktor og hengar med førar. Timar 10 5.7 Lastebil med førar. Timar 10 5.8 Hjelpemann grunn og betong. Timar 10 5.9 Fagarbeidar grunn og betong. Timar 10 5.10 Hjelpemann rørlegging. Timar 10 5.11 Fagarbeidar rørlegging. Timar 10 Sum postane 5.1-5.11 Summen skal overførast til samanstilling av postane i tabell på side 2 Kroner Grøftetabellar Sjå postane 3.1-3.3. Det skal i tabell under gjevast pris på opparbeiding av komplett grøft som beskrive i disse postane. Ved andre breidder på grøftene enn beskrive i dei postane skal oppgjer skje etter prisar som entreprenør gjev opp i tabellen. Det skal vera samsvar mellom tabellprisar og prisen i postane 3.1-3.3.
.01 Grøft med teoretisk botnbreidde inntil 0,8 m. 0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 0 X 0,5 1,0 X 1,5 X X 2,0 X X X 2,5 X X X X 3,0 X X X X X 3,5 X X X X X X 4,0 X X X X X X X.02 Grøft med teoretisk botnbreidde inntil 1,0 m. 0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 0 X 0,5 1,0 X 1,5 X X 2,0 X X X 2,5 X X X X 3,0 X X X X X 3,5 X X X X X X 4,0 X X X X X X X.03 Grøft med teoretisk botnbreidde inntil 1,25 m. 0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 0 X 0,5 1,0 X 1,5 X X 2,0 X X X 2,5 X X X X 3,0 X X X X X 3,5 X X X X X X 4,0 X X X X X X X
.04 Grøft med teoretisk botnbreidde inntil 1,5 m. 0 X 0,5 0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 1,0 X 1,5 X X 2,0 X X X 2,5 X X X X 3,0 X X X X X 3,5 X X X X X X 4,0 X X X X X X X Den første horisontale linja gjeld jordgrøft, den første vertikale linja gjeld fjellgrøft. Alle andre felt gjeld kombinerte grøfter. Som eksempel på bruk av tabellen vert det nytta ei grøft som er 2,5 m djup. Om det berre er gravemassar skal prisen finnast i øvste linja under rute for 2,5 m. Om grøfta viser seg å ha 1,0 m fjell og 1,5 m gravemassar, så skal grøfteprisen finnast i ruta der 1,5 m jordgrøft og 1,0 m fjellgrøft møtest. Avrunding skjer til næraste 0,5 m. Alle opne felt skal fyllast ut med einingspris (kr/m). Prisen omfattar sprenging, oppgraving og tilbakefylling med eksterne masser under, rundt og over leidningane og igjenfylling med beste del av stadlege massar. Vegoverbygning og vegdekke inngår i postar for veganlegget og skal ikkje inkluderast her. Ved tilleggsarbeid skal oppgjer skje etter tabellane ovanfor..05 Kabelgrøft med djupne 0,8 m Sjå postane 4.1-4.3. Det skal i tabellen under gjevast pris på opparbeiding av komplett kabelgrøft som beskrive i denne posten. Ved andre breidder på kabelgrøfter enn beskrive i dei postane skal oppgjer skje etter prisar som entreprenør gjev opp i tabellen. Det skal være samsvar mellom tabellprisar og prisane i postane 4.1-4.3. Bred. 0,6 m 0,7 m 0,8 m 0,9 m 1,0 m 1,1 m 1,2 m 1,3 m 1,4 m Kostn.
OPSJONSPRIS KABELARBEID MOT GARTVEIT 6.1 Komplett kabelgrøft Kabelgrøft frå anleggsgrense i kryss Torpevegen/Kjerringkleiv og mot Gartveit. Sjå teikning I001. Breidde botn 1,0 m. Grøftedjupne 0,8 m frå eksisterande asfaltdekke. Fundament 10 cm, side- og omfylling 10 cm med tilførte masser 4-8 mm. Pris i denne posten skal også inkludera vegoverbygning og vegdekke. Overskotsmassar skal transporterast vekk. 6.2 Komplett kabelgrøft Kabelgrøft frå anleggsgrense i kryss Torpevegen/Kjerringkleiv og mot Gartveit. Sjå teikning I001. Breidde botn 0,8 m. Grøftedjupne 0,8 m frå eksisterande asfaltdekke. Fundament 10 cm, side- og omfylling 10 cm med tilførte masser 4-8 mm. Pris i denne posten skal også inkludera vegoverbygning og vegdekke. Overskotsmassar skal transporterast vekk. m 200 m 130