Årsmelding for Kristkyrkja på Stord for. 2014 Vår visjon



Like dokumenter
ÅRSMELDING 2015 FOR KRISTKYRKJA PÅ STORD

Strategidokument

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

5. Soknerådsmøte mai Referat

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

/

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Til deg som bur i fosterheim år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Velkomen som konfirmant!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

Møteprotokoll for møte i

MEDLEMSINFO. august 2009

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Brødsbrytelsen - Nattverden

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen som konfirmant

k o n f i r mant 2013

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Velkomen til soknerådskurs

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsplan for Hare November

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Sandeid skule SFO Årsplan

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Psykologisk førstehjelp i skulen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Hei alle sjøstjerneforeldre

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Månedsbrev april 2015

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Informasjon til elevane

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Inspirasjonsmøter med Martin Cave april

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Forum Reiseliv arrangerast om lag 6 gongar i året. Synest du dette er

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Semesterplan hausten 2016

Transkript:

Årsmelding for Kristkyrkja på Stord for 2014 Vår visjon Kristkyrkja har som hovudoppgåve å æra Gud mellom menneska, vinna dei for Jesus Kristus, fostra dei til disiplar og føra dei inn i dynamiske kyrkjelydar som reproduserer seg sjølv. Medlemsutvikling År Fullt medlemskap Barn Avgrensa Sum medlemskap 31.12.14 67 36 8 111 KOMMENTAR TIL TALA Medlemmene våre var fordelt på desse kommunane: Stord, Kvinnherad, Bømlo, Sotra, Bergen, Oppegård og Oslo. Av dei som er i fullt medlemskap, er 32 aktive i Kristkyrkja og 6 i Vestkirken. Nokre er aktive i andre kyrkjelydar. Nokre er dessverre ikkje aktive nokon plassar lenger. Det har vore ein forsiktig vekst av aktive medlemmer i 2014. AGENDA + Me har også dette året vore fullt engasjert i AGENDAPROGRAMMET, denne gongen Agenda +, altså for vidarekomne. Det har dette året vore tre områder som har vore fokusert på, DISIPPELSKAP, MISJONALT LIV og GODLEIK.

Sakte blir tankane i Agenda meir og meir ein del av vårt åndelege DNA. Me er meir medvitne no enn for eit år sidan på dette. Agenda lærefellesskap. Også i 2014 har folk i frå leiarskapet, samt Gro og Anders Jansson, vore med på to såkalla lærefellesskap i IMI-kirken i Stavanger (mars og september). Der har me jobba saman med å utforma mål for kyrkjelyden, samt framdriftsplan for å nå måla. Det har resultert i ein meir misjonal livsstil hos nokre, og sidan me har fokusert på gjestfridom, er nokre vorten flinkare både å invitera på besøk og gå på besøk. Det handlar om å pressa seg ut av komfortsonen, få nye vener, utdjupa gamalt venskap og gjennom ekte godleik vinna nye menneske for Jesus Kristus. Dette vil leiarskapet skal vera den kulturen som pregar kyrkjelyden i tida som kjem. Agenda ut. I månadsskifte oktober-november reiste nokre av oss på misjonskonferansen Agenda ut i Stavanger, som dette året erstatta Agendakonferansen. Der møtte me gjestetalarar og folk frå heilt andre samanhengar, særleg var Normisjon sterkt representert. Sjølv om ikkje pastoren fekk høyra Bruce Olson (som var eit sterkt ønskje), var det mange andre som fekk fart på tankelivet, og då særleg Caesar Kalinowski (forfattaren av den strålande boka Forvandlet vår nye identitet i Gud ) og Lemma Desta (som er prosjektkoordinator for Multikulturelt nettverk i Norge). Disippelskap Som eit resultat av Agenda+ starta me i haust ei ny disippelgruppe. Ho begynte med fem faste medlemmer. No er me sju. I tillegg har me innimellom vore heldige og hatt med oss Simun Hansen og Olavur Jacobsen, to fine representantar for vekkingskristendomen på Færøyane. Dei har berika oss veldig. Kveldane har starta med lovsong og bøn før me har samtalt over teksten som vart talt over på gudstenesta søndagen før. Kveldane har vorte avslutta med meir bøn, gjerne for personlege behov. Exponential 2014 I månadsskifte april-mai reiste pastoren saman med vener frå IMI-kirken på kyrkjelydsplantingskonferansen Exponential 2014 i Orlando, Florida. Det var ei stor og lærerik oppleving. Han vart etter dette enno meir medviten på dei to beina kyrkjelyden må gå på er disippelskap og misjonale fellesskap, samt kontinuerleg vera oppteken av reproduksjon av seg sjølv, dvs. kor og korleis skal me planta den neste kyrkjelyden. Å møta kyrkjelydsplantingsrørsla i USA var for pastoren ei grensesprengane erfaring. Også å lovsyngja Gud saman med 6000 andre som elskar Han. Litt himmel over det.

GUDSTENESTER OG SØNDAGSSKULE Gudstenestefrekvensen har vore som før med 3-4 gudstenester i månaden, og så innlagt éin frisøndag. Besøkstalet er varierande frå 15 til 30. Knut Arve og Ingvild Nordfonn, sentrale lovsongsleiarar Stig Magne Heitmann Talarar dette året har vore: pastor Jens Thoresen, Marit Helene Aas, Gro Jansson, Knut Arve Nordfonn, Harald Ersland, Jørn Rune Reinertsen, Eivind Frøen, Irene og Martin Cave, og Stig Magne Heitmann (informasjonssjef i Opne Dører) Alle gudsteneste startar med søndagsskule. Dei som har hatt ansvar for formidling til barna dette året har vore: Annbjørg Notland Reinertsen, Knut Arve Nordfonn, Jens Thoresen, Åsmund Hellesøy og Marit Helene Aas. I vårhalvåret var temaet bøn. Om hausten gjekk me gjennom 1. Peters brev. Det har vore teke i bruk ulike metodar i formidlinga for barn: Drama, lysbileter, film, teikning og forteljing. BARNEGUDSTENESTER I vårhalvåret hadde me fire barnegudstenester med kyrkjekaffi etterpå. SAMTALEGUDSTENESTER Frå september av har me annankvar gong hatt noko me kallar samtalegudstenester. Då har me sete rundt småbord og prata om spørsmål knytt til søndagens tekst, før me lufta nokre av svara våre i plenum. Etterpå har det vore ein kortare tale med utgangspunkt i teksten. Desse gudstenestene har vore enkle i forma. Tilbakemeldinga har vore god. KYRKJELYDSMØTER Hausten 2014 arrangerte me to kyrkjelydsmøter i samband med samtalegudstenester. 20 ÅRSJUBILEUM I 2014 var kyrkjelyden 20 år. Det vart markert den 16. november med ein skikkeleg pizzafest. Alle fekk eta så mykje dei orka, og mange orka mykje. Det vart høve til å bera fram helsingar, og pastoren synte bilete frå dei siste åra av historia vår.

KONFIRMASJON 18. mai vart Theodor Hellesøy konfirmert på Solgry. Det vart ein fantastisk dag med fint vær, mange gjester og god stemning. I talen sin la pastor Thoresen vekt på at når me er barn har me ikkje tanke for anna enn å vera nær mor og far. Men når me vert vaksne, får me ansvar, og perspektivet utvidar seg. Slik også i Guds rike. Nå handlar det ikkje berre om å vera med i Guds familie sjølv, men å føra andre inn i familien, og til det får me Guds kraft. Det er eit viktig poeng med konfirmasjonen. Theodor kunne også vitna om at dette året med konfirmasjonsundervisning hadde vore veldig viktig for han, og at det hadde opna augo hans og gjeve han forståing for kven Jesus er og betyr. BJELLAND BEDEHUS Bjelland bedehus vart våren 2014 i hovudsak nytta til bøn på mandagane og såkalla Jesuskveldar på onsdagane. Jesuskveldane vart sparsomt besøkt, og me kan vel seia at dei var eit blindspor i høve til det me jobbar med i Agenda 1. Likevel: Kveldane var til velsigning for kristne gjestearbeidarar frå Færøyane. På samlingane vart det forkynt over tekstar frå Johannesevangeliet. I september starta Stord Vidaregåande skule eit større rehabiliteringsarbeid på huset, og det skal stå ferdig i mai 2015. WEEKEND 30.mai 1 juni mai reiste me på vår årlege weekend til Solgry. Det vart som vanleg veldig, veldig kjekt for alle med åndeleg fellesskap og mange aktivitetar. Som me ser på bilete sto det på weekenden fram ein ny trio som gledde oss med song og dans, og det vil dei sikkert også gjera i mange år framover.

INSPIRASJONSKONFERANSE MED EIVIND FRØEN 21.-23. FEBRUAR Igjen hadde med den store gleda det er å få lytta til Eivind Frøen si undervisning om Guds rike. Evangeliet er ikkje berre godt nytt om forlating for syndene, men om attreising av Guds bilete i menneske. Me er i Kristus blitt gjort lite ringare enn Gud, og me er Guds medskaparar, ein tanke som det er viktig for Eivind Frøen å få fram. Fredag og laurdag var me på Bjelland bedehus, og søndag på grendahuset. OPEN HIMMEL 14.-16 Mars hadde me ei herleg helg saman med Irene og Martin Cave, samt fire flotte unge mennesker som hadde til oppgåve å be og profetera over oss. På bilete ser du ekteparet Cave saman med Kjristi og Sara frå Nepal og Hege og Einar som er norske og aktive i IMI. EVANGELISERING Me hadde som mål å vera ute på gata med ein gong i månaden dette året også. Me nådde vel ikkje det heil, men likevel fekk mange fine nattetimar, og nokre dagtimar også, der me fekk velsigna og be for mange menneske. Dette er noko av det mest meiningsfulle me kan driva på med Utanom har me hatt høgtlesing frå Bibelen på kafè og fergjer. Ingen dum ting.

BRYLLAUP Den 18.januar gifta Amalie Nerlid Forsland og Arne Thoresen seg i Herøy kyrkje på Sunnmøre. Det vart ei fin vigsle der medlemmer i Kristkyrkja spela viktige rollar. KYRKJELYDSRÅDET Kyrkjelydsrådet hadde møter stort sett annankvar tysdag også dette året. Medlemmene i rådet er: Marit Helene Aas, Tove Thoresen, Jørn Rune Reinertsen, Marie Notland, Inger Liv Nordfonn, Knut Arve Nordfonn, Ingvild Nordfonn, Åsmund Hellesøy og Jens Thoresen. Alt styre og stell i kyrkjelyden har føregått i og gjennom dette rådet, og det har som åra før fungert framifrå. BØN Første halvår vart det arrangert bønemøter kvar måndag ettermiddag frå 17 til 18 på Bjelland bedehus. Elles har det vore bøn i forkant av gudstenestene, på disippelgruppekveldane. I tillegg arrangerte me ein bøne og lovsongskveld på Bjelland bedehus saman med Stord bibelsenter og Den Frie Evangelsike Forsamling Ebenezer.

NYE MEDLEMMER 9. november vart Berit Hovstad og Hans Gunnar Nilsen teke opp som nye medlemmer i kyrkjelyden. Det har vore ein verdifull tilvekst. DÅP 21. september vart Johannes Iliev døypt. Her er guten saman med far og mor og farmor, som var på besøk frå Bulgaria. Dagen i kyrkja vart avslutta med ein fin fest der alle i kyrkjelyden var inviterte til å vera med. FAKKELTOG FOR FORFØLGDE 29. oktober var me for fjerde året på rad med på å arrangera fakkeltog for dei forfølgde. Utanom oss var Stord kyrkje, Den Frie Evangeliske Forsamling og Kristent Fellesskap medarrangørar. Rundt 150 personar var med på denne hendinga der Rune Larsen (bilete) heldt appell på torget, der Larsen og Terje Kleppe leiar lovsongen i kyrkja, prost Svein Arne Theodorsen heldt tale og som vanleg var det pastor Jens Thoresen som leia kvelden. 200 menneske gjekk i toget, og det må ha vore 250 i kyrkja. Kollekt på over 22000 til Stefanusalliansen og Opne Dører

MISJON, HJELP OG UTVIKLING Me har halde fram som faste støttemedlemmer for Ingjerd og Sigmund Evensen som er leiarar for Wycliffe Noreg, ein organisasjon i sterk vekst. Mange unge nordmenn er no engasjerte i bibelomsetting både ute og heime. Det går fast 2000 kroner per mnd til dette. Gjennom Stefanusalliansen støttar me omsetting av Bibelen til fleire språk i Kaukasusområdet. I gamle Sovjetunionen er det meir enn 100 bibellause folk, og dei fleste av desse er å finna i Kaukasus. Det går fast 2000 kroner per mnd til dette. Misjon og evangeliering er ikkje primært eit individuelt ansvar, men eit ansvar som kviler på heile Guds kyrkje, og dermed kvar enkelt kyrkjelyd. Difor har me på haustparten vedteke å senda alle kollektar ut av kyrkjelyden. Desse kollektane har gått til direkte misjonsarbeid eller til utviklingsarbeid og hjelpearbeid. Me har plukka ut nokre områder som er naturlege for oss å støtta på denne måten: Arbeidet til Eivind Frøen i Agape Ministries (vår gode ven Eivind er ein misjonsleiar av verdsformat), arbeidet til Åpne Dører og Stefanusalliansen (som begge jobbar for verdas mange forfølgde kristne). 2014 har vore spesielt i og med at me har måtta ta fysisk vare på ein familie i kyrkjelyden. Kollektane, som tidlegare gjekk ut av kyrkjelyden, har difor stort sett gått til det formålet å sørga for denne familien. TEKNIKSK TENESTER Dei tekniske tenestene har vore vel i varetekne dette året som før om åra av Jørn Rune Reinertsen. Annbjørt N Reinertsen har også vore delaktig i styring av tekst på skjerm. KVINNHERAD Det vart ikkje plass til meir enn fire møter i Kvinnherad dette året, med det var fire GODE møter. Kyrkjelydsrådet Jens Thoresen, Knut Arve Nordfonn, Marie Notland, Tove Thoresen, Ingvild Nordfonn Inger Liv Nordfonn, Marit Helene Aas og Jørn Rune Reinertsen