Undervisningstime for konfirmantar og ungdom. Manual med rettleiing og forslag til aktivitetar.

Like dokumenter
Undervisningstime for konfirmanter og ungdom. Manual med veiledning og forslag til aktiviteter.

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Undervisningstime for konfirmantar og ungdom. Manual med rettleiing og forslag til aktivitetar. FOTO: Paul JeffreyACT Alliance FASTEAKSJONEN 2015

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

mmm...med SMAK på timeplanen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

VELSIGNING AV HUS OG HEIM



Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Vår grøne. kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Brødsbrytelsen - Nattverden

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Brukarrettleiing. epolitiker

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Refleksjon og skriving

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A


Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkomen som konfirmant

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Frå novelle til teikneserie

Velkomen som konfirmant!

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

6. trinn. Veke 24 Navn:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Metodiske verktøy ved kursleiing

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

6-åringar på skuleveg

Kva er økologisk matproduksjon?

Med tre spesialitetar i kofferten

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

FANTASTISK FORTELJING

Støtteordningar og søknader

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Om å høyre meir enn dei fleste

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge


Informasjon til elevane

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Plassebakken Barnehage

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Velkomen til soknerådskurs

La meg få ein sjanse til...

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Plassebakken Barnehage

Transkript:

Undervisningstime for konfirmantar og ungdom. Manual med rettleiing og forslag til aktivitetar. Støtt Kirkens Nødhjelp og skap forandring. Saman med andre. For andre. For kvarandre.

Dette heftet skal brukast i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon både i 2013 og 2014. For å gjennomføre heile opplegget treng du dette heftet i tillegg til DVD. Vi anbefaler også at du brukar PowerPoint-presentasjonen som følgjer med. Det ligg også utdjupande stoff og tilleggsmateriell på nettsidene våre: www.fasteaksjonen.no

Innhald KJÆRE KONFIRMANT- OG UNGDOMSLEIAR 4 Kalla til teneste 5 Rettleiing til bruk av heftet 6 DEL 1: KUNNSKAP Innleiing av undervisningstimen 7 Kristen fastetid 8 Fattigdom handlar om urettferd 9 Saman forandre 10 Fattigdom som globalt urettferdsproblem 11 Vis film 12 Vegen vidare 13 Del 2: Handling Ord til handling refleksjon 14 Underskriftskampanje 14 Changemaker 17 Facebook 18 Å gå med bøsse 18 Andakt 20 Bønn 21 Samling på aksjonsdagen 22 Rett bøsseberarutstyr 23

Kjære konfirmant- og ungdomsleiar! Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er ein årelang tradisjon, som kvart år samlar rundt 40 000 bøsseberarar til ein nasjonal dugnad for dei som treng det aller mest. Konfirmantar, konfirmantforeldre og andre frå kyrkjelyden set gjennom fasteaksjonen kristen tru ut i praksis og arbeider med rettferd og menneskerettar i eit globalt perspektiv på lokalt nivå. Det er ikkje rettferdig at over ein milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon utfordrar oss til å stille opp for dei som treng det mest. Saman kan vi skape forandring. For andre. Og for kvarandre.. Ved å gå med bøsse og gi pengar kan vi bidra til at fattige menneske får oppfylt grunnleggjande rettar, og at dei får moglegheiter som vi i Noreg tek for gitt, slik som skulegang, helsehjelp og reint vatn. Ved å skrive under på underskriftskampanjen kan vi bidra til å leggje press på menneske med makt og ansvar og krevje at dei tek avgjerder som fremjar rettane til fattige menneske. Handling utan kunnskap er dumskap og kunnskap utan handling er feigskap, seier eit ordtak. Derfor er kunnskapen som blir formidla gjennom undervisningsopplegget, uløyseleg knytt saman med oppmodingar til handling, som å gå med bøsse og å skrive under på underskriftskampanjen. Dette blir spegla i korleis manualen er bygd opp, med vekt på kunnskap i første del og vekt på handling i siste del. Vi ønskjer at dette undervisningsopplegget skal vere ein ressurs i konfirmant- og ungdomsarbeidet. Det legg til rette for fruktbare samtalar og engasjement blant dei unge. Du finn fleire alternative aktivitetar og meir bakgrunnsinformasjon på nettsidene våre fasteaksjonen.no NB: Merk at denne manualen er toårig og skal brukast i samband med fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp både i 2013 og 2014. Sjå meir om dette i rettleiinga til bruk av heftet. Lykke til! Ved å ta del i det internasjonale engasjementet til kyrkjelyden og solidaritet med menneske som lir, vil barn og ungdom få erfare at dei høyrer til eit verdsomspennande fellesskap med ansvar for kvarandre. Trusopplæringa må vere med på å rette søkjelys mot utfordringar og høve til forandring når det gjeld forbruk, miljø og rettferd. Kyrkja må stå saman med grupper i samfunnet som arbeider for å fremje menneskeverdet og ei meir rettferdig verd, og som viser alternativ for ei berekraftig forvaltning av skaparverket. Frå Plan for trosopplæring: Gud gir vi deler, 2010:31 4 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Kalla til teneste Saman forandre Vi takker deg, visdommens Gud, for ditt måltids dype hemmelighet: At brødet vi har brutt, er ett, og at din Sønn har gitt sitt liv for én verden og én menneskehet. Vi ber deg: Hjelp oss å høre det rop du har hørt, se den nød du har sett og å elske vår neste som oss selv. Amen. (Takkebønn for nattverden, brukast av Rødtvet menighet i Oslo) Som ein del av den verdsomspennande kyrkja møtes vi til fellesskapet i nattverden. Vi deler brød og vin saman med dei vi feirar gudsteneste med, og med dei som feirar gudsteneste i kyrkjer over heile jorda. I 1 Kor 12 les vi at vi alle er ein del av Kristi kropp. Og når ein lem lir, lir heile kroppen. Gjennom samarbeidspartnarane til Kirkens Nødhjelp i sør møter vi menneske som er ein del av den same verdsomspennande kyrkja, men som har eit heilt anna utgangspunkt enn det vi har her i Noreg. Vi møter menneske som kjempar for å få oppfylt dei grunnleggjande rettane sine, og som treng at vi står saman med dei i kampen deira. Jesus såg dei menneska som samfunnet ikkje ville sjå; han stoppa, han lét seg gripe av den nøda som møtte han, og han tok menneska på alvor. Han skapte forandring. Han var likevel ikkje naiv. Sjølv om han møtte dei og gav dei tilgjeving og oppreising, stilte han krav til dei når det kom til vidare liv i verda og i fellesskapet. På den måten møtte han dei som menneske med ressursar og med verdigheit. Denne måten å møte menneske på utfordrar også oss. Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gir oss del i Jesu kall og oppdrag, heiter det i ordninga for dåp for Den norske kyrkja. Vi er tekne i mot, vi er sett og stadfesta av Gud, og vi er fullverdige lemmer i Kristi lekam og i Guds kyrkje på jorda, og dette utfordrar oss til teneste. Det utfordrar oss til å ta på alvor at medmenneska våre i sør også er ein del av fellesskapet og ein del av Kristi kropp på lik linje med oss. Vi blir utfordra til å høyre ropet frå dei som lir, sjå den nøda som kanskje er langt vekke, og vi blir utfordra til å gjere noko med det. Vi blir utfordra til å skape forandring. Oppdraget som er gitt til Kirkens Nødhjelp frå norske kyrkjer, er «å gjere Guds kjærleik til røyndom i verda ved å fremje verdigheita til menneska og verne om skaparverket». Gjennom fastetida går vi vegen mot Golgata vegen mot Jesu siste måltid saman med disiplane sine. Og på denne vegen blir vi spesielt utfordra til å høyre ropet frå sør. Gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp blir vi utfordra til å delta i ein dugnad for ei rettferdig verd. Vi blir utfordra til å vere med å kjempe saman for at fellesskapet rundt nattverdsbordet og i Guds rike blir eit fellesskap der alle menneske kan blir møtt med verdigheit uavhengig av kvar vi bur og lever. Gjennom dette konfirmantopplegget ønskjer vi å gi nokre reiskapar til at konfirmantane kan kjenne seg som fullverdige delar av dette fellesskapet også med den utfordringa som ligg i det. Vi ønskjer å leggje til rette for at konfirmantane gjennom deltaking i underskriftskampanjen og innsamlingsaksjonen kan bidra saman med resten av kyrkjelyden i det oppdraget som vi står saman om norske kyrkjelydar og kyrkjene i resten av verda: «Saman for ei rettferdig verd.» Takk for at de er med! Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 5

Rettleiing til bruk av heftet Dette heftet skal brukast i fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp både i 2013 og 2014. For å gjennomføre heile opplegget treng du dette heftet i tillegg til DVD-en. Det blir også anbefalt at du brukar PowerPointpresentasjonen som følgjer med opplegget. Heftet inneheld fleire aktivitetsforslag enn desse, og på nettsidene våre finn du endå fleire alternativ du kan nytte deg av viss du synest aktivitetane i dette heftet ikkje passar til den aktuelle ungdomsgruppa eller til lokalet eller dersom du har meir tid til rådvelde. Heftet er delt i to. Første del gir deg ulike aktivitetar som formidlar KUNNSKAP. Andre del legg vekt på HANDLING, og tilbyr ulike handlingsalternativ. Erfaring har vist at det kan vere lurt å spreie undervisninga over to samlingar, den første på ein ordinær konfirmanttime (ca. 60 minutt eller meir), og den andre som ei kort motivasjonssamling rett før ungdommane skal ut med bøsse (ca. 15 20 minutt). Kort samling på aksjonsdagen Bøsseberarane treng ei påminning om kva pengane går til og kva dei skal seie før dei sendast ut med bøssene. På side 22 og 23 finn du punkt til denne viktige samlinga. Kick-off -filmen er laga for å motivere konfirmantane før dei går ut. Bruk denne, gjerne saman med Jonnas bøsseskule. Du finn filmsnuttane på DVD-en. Dette heftet gir deg som leiar forslag til gjennomføring av desse to samlingane: Undervisningstime i forkant av aksjonsdagen Det er ingen fast mal for korleis du gjennomfører undervisninga. Dette heftet inneheld ein del byggjeklossar du kan nytte deg av, sett opp i ei naturleg rekkjefølgje, og det finst fleire aktivitetsforslag på internett. Viss du berre har ein time til rådvelde, anbefaler vi å kutte nokre av aktivitetane i heftet og bruke denne oppbygginga (tidsbruk til kvart punkt vil variere noko, avhengig av gruppestorleik): 1. Innleiing av undervisningstimen, 5 min. (s. 7) 2. Kristen fastetid, 5 min. (s. 8) 3. Fattigdom handlar om urettferd, 10 min. (s. 9) 4. Saman forandre, 3 min. (s. 10) 5. Vis film frå DVD-en, 15 min. (s. 12) 6. Underskriftskampanje, 10 15 min. (s. 14) 7. Changemaker, 5 min. (s. 17) 8. Facebook, 2 min. (s. 18) 9. Å gå med bøsse, 5 min. (s. 18)) For å gjennomføre alle aktivitetane i heftet treng du diverse materiell. Noko må du ta med sjølv eller handle inn, anna finn du på nettsidene våre. Dette står nærmare forklart på sidene til dei ulike aktivitetane. Her finn du ei rask oversikt: Denne manualen DVD med filmsnuttar PowerPoint med gjennomgang av opplegget. Posar med godteri til «Fattigdom handlar om Urettferd» og underskriftskampanjen. Her er det ope for å finne eigne løysingar dersom ein ikkje ønskjer å bruke godteri! Gullbilletten: Dersom kyrkjelyden din vil delta i denne konkurransen, treng du to gullbillettar (bestillast frå Kirkens Nødhjelp). Hugs å dele ut desse til to husstandar på førehand! 6 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Innleiing av undervisningstimen (5 min.) Få ungdommane til å forstå kva dei skal vere med på og kvifor. Slik kan du seie det: Kvart år arrangerer Kirkens Nødhjelp saman med norske kyrkjelydar ein stor aksjon for ei rettferdig verd, nemleg Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. 40 000 konfirmantar, konfirmantforeldre og andre er med og skaper forandring, ved å gå med bøsse og samle inn pengar og ved å oppmode folk til å skrive under på ei underskriftskampanje. Forslag til innleiande spørsmål: Kirkens Nødhjelps fasteaksjon handlar om å skape forandring. Saman med andre. For andre. For kvarandre. Har du nokon gong opplevd noko skikkeleg urettferdig? Korleis kjennest det? Har du forbilde? Kvifor er dei forbilda dine? Kan vi være forbilde? Korleis? De skal også få vere med på denne store dugnaden! Pengane vi skal samle inn, går til nødhjelp, utviklingsog påverknadsarbeid i fattige land over heile verda. Signaturane frå underskriftskampanjen blir levert til politikarar, med krav om at dei skal ta gode avgjerder og endre urettferdige system som held fattige menneske nede. I denne timen skal vi møte kvardagsheltar frå prosjekta til Kirkens Nødhjelp. Dette er menneske som er født på feil side av rettferda. Dei kjenner fattigdommen på kroppen forakta, fornedringa, fortvilinga. Men dei vil forandre verda, og dei veit korleis. Dei er forandring. Dei er forbilde. Vi skal blant anna møte ein nødhjelpsarbeidar på Afrikas Horn og ein radioaktivist i slummen i Nairobi. Støtta vår gjennom aksjonen gir desse og andre forbilde høve til å skape verkeleg og varig forandring. For seg sjølv, for andre og for kvarandre. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 7

Aktivitet Kristen fastetid (5 min.) Å lære konfirmantane om kristen fastepraksis og at denne utfordrar oss til handling. Slik gjer du det: Forklar konfirmantane at dei først skal få lære litt meir om faste og kristen fastepraksis. For å gå gjennom informasjonen kan ein gjennomføre aktiviteten «Vote with your feet». Han går ut på at du les opp ulike påstandar som er skildra under. Dei som trur påstanden er rett, reiser seg. Dei som trur påstanden er feil, blir sitjande. Gjerne utfordr dei som trur påstanden er feil til å fortelje kva dei meiner er rett svar på spørsmålet.. Påstandar: Fastefargen er grøn Nei fargen til fastetida er fiolett (lilla). Det er ei blanding av raudt (mennesket, kjærleik, jorda) og blått (Gud, truskap, himmel). Denne fargen markerer at fastetida er ei tid for ettertanke. Kristen faste handlar om å sette søkjelys på Gud, sitt eige liv og andre sitt liv Ja faste er å sette seg sjølv til side for å sette Gud og medmenneske i sentrum. Vi er alle skapt og elska av Gud uansett kven vi er eller kvar vi bur, og vi har alle eit ansvar for å sjå medmenneska våre både her og andre stader som likeverdige og med same menneskerettar. Fastetida er ei tid for å hente opp det doble kjærleiksbodet og sjå kva det betyr for liva våre (Matt 22,37 40). Kristen faste handlar om å ikkje ete kjøt Både ja og nei i mange kyrkjer handlar det ikkje om at ein skal avstå frå bestemte matvarer. Det er ikkje noko i vegen for det, men fokuset skal ikkje berre vere på mat og det ein ikkje unner seg i fastetida. I den katolske tradisjonen skal ein ikkje ete kjøt i fastetida, og ordet karneval kjem av latinsk carne vale som betyr farvel til kjøt. Å gå med bøsse på fasteaksjonsdagen er kristen fastepraksis Ja det å gå med bøsse på fasteaksjonen er ein praktisk måte å ta del i det oppdraget vi har som kristne om å vere med i kampen for ei rettferdig verd. Det er viktig at flest mogleg får med seg at ein fastar Nei faste er noko ein skal gjere for sin eigen del og ikkje for å få plusspoeng hjå Gud eller for å vise kor kristen ein er. Faste er ikkje ein fromheitskonkurranse, men eit høve til å vise i praksis at vi står saman med menneske over heile verda og kjempar saman med dei mot dei kreftene som øydelegg og bryt ned jorda, liv og menneskeverd. Sjå også Matt 6,17 18. Å skrive under på underskriftskampanjen er ein del av kristen faste Ja som del av den verdsvide kyrkja ser vi at mange i denne kyrkja er råka av fattigdom på grunn av at verdssamfunnet held oppe eit urettferdig system. Gjennom å skrive under på underskriftskampanjar er vi med og utfordrar dei som har makt og myndigheit til å gjere noko med desse årsakene til fattigdom, på den måten er vi med og tek ansvar i den kyrkja som vi er døypt inn i eller er medlem av. Kjelde: Bergset, G. og Lilleaasen, K.: Vennskapstanker, IKO-Forlaget, Oslo 2003. 8 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Aktivitet Fattigdom handlar om urettferd (10 min.) Få ungdommane til å kjenne på urettferd og informere om kvifor fattigdom er eit urettferdsproblem. Du treng: 5 posar med godteri. Talet på godteriposar kan endrast, berre det er deleleg på fem. Bruk gjerne ferdigposar med til dømes Fox eller Non Stop, slik at det blir nok til alle. Det bør helst vere ein smakebit til alle i konfirmantgruppa når trikset er over! Slik gjer du: Start med ei innleiing som skaper ei forventning om at alle skal få godteri, slik at kjensla av urettferd blir endå større seinare. Du kan til dømes innleie med å seie: Før vi går meir inn på temaet, har eg med ein del godteri som eg tenkte vi kunne dele og kose oss litt med denne timen. Vis så fram det som skal fordelast, og forklar at godteriet er eit symbol på alle ressursane i verda. Del konfirmantgruppa i ei stor og ei lita gruppe: 80 prosent av konfirmantane skal vere i den store gruppa, 20 prosent i den vesle. For kvar person i den vesle gruppa skal det då vere fire personar i den store gruppa. Den store gruppa representerer no dei fattige i verda, medan den vesle representerer dei rike i verda. Viss gruppa er veldig stor, kan du velje ut fem frivillige til å kome opp og representere fattige og rike. Alternativt tek du berre opp dei rike slik at dei står framfor dei andre. Spør korleis godteriet må delast om det skal delast rettferdig Spør så korleis ungdommane trur godteriet blir delt i verkelegheita. Gi til slutt éin godteripose til den store gruppa som representerer dei fattige i verda, og resten av posane til den vesle gruppa som representerer dei rike. Forklar at det er slik ressursane er fordelt i verda i dag: 20 prosent av befolkninga i verda har kontroll over 80 prosent av ressursane. Vidare kan du fortelje at det faktisk er nok godteri til alle (dersom du har sørgd for det!), akkurat slik det er nok mat til alle i verda. Likevel har ikkje alle nok mat. Spør korleis det kjennest å ikkje få når ein veit at det eigentleg er nok til alle. Nokon kjem kanskje til å svare at det kjennest urettferdig.fortel at det ikkje treng å vere sånn! Spør om den rike gruppa vil dele godteriet med resten, og drag parallellen til at det er dette denne timen skal handle om. At fattigdom er mangel på moglegheiter, og at fattigdom handlar om urettferd. NB: For å illustrere urettferda endå meir, kan du gi den «rike gruppa» fleire fordelar enn den «fattige gruppa». Til dømes kan dei rike få sitje, medan dei fattige må reise seg. Sjå fleire døme på aktivitetar som illustrerer urettferdig fordeling av ressursar på fasteaksjonen.no Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 9

Introduksjon Saman forandre (3 min.) Å lære konfirmantane litt om arbeidet til Kirkens Nødhjelp i nød, fattigdom og kriser, og vise dei at pengane dei skal vere med på å samle inn, verkeleg kjem til nytte. Slik kan du seie det: No har vi lært litt om fattigdom, og om at fattigdom handlar om urettferd. Det er mykje som er urettferdig. Til dømes veit vi at verda stadig blir ramma av katastrofar og at det alltid er de fattigaste som blir hardast ramma. Det er urettferdig at omtrent 90 prosent av alle katastrofar skjer i utviklingsland, land som har dårlegare føresetnader for å gardere seg mot slike katastrofar. I område med mange fattige er ofte også husa bygd dårleg, det er trongt om plassen og det er dårleg infrastruktur. De hugsar kanskje jordskjelvet i Haiti for tre år sidan? Eller flaumane som har ramma Pakistan dei siste åra? For to år sidan blei over 12 millionar menneske ramma av svolt på Afrikas Horn (den trekantforma halvøya på nordaustkysten av Afrika). Sulekha Adan var ei dame som kjente tørken på kroppen. Ho kjem frå ein by nordaust i Kenya, på grensa mot Somalia. Ho såg med fortviling på tørkekatastrofen som ramma heimstaden hennar. Ho vendte derfor ryggen til ein bankkarriere i Nairobi for å vere med på katastrofeinnsatsen til Kirkens Nødhjelp i området. Ho er med på å utgjere forskjellen på liv og død, håpløyse og håp. Sulekha er ein av kvardagsheltane i prosjekta til Kirkens Nødhjelp. Ho kjende seg fortvila og hjelpelaus, men ho har blitt eit forbilde. No vil ho forandre verda, og ho veit korleis. Pengane vi skal samle inn gjer det mogleg for Sulekha å gi mat, vatn og håp til tørkeramma på Afrikas Horn. Denne forteljinga er eitt døme på kva Kirkens Nødhjelp arbeider med ute i verda. Som ein katastrofeorganisasjon jobbar Kirkens Nødhjelp for å redde og beskytte liv i katastrofesituasjonar, og menneske som Sulekha er heilt uunnverlege for å sørgje for at hjelpa kjem fram. Gjennom fasteaksjonen skal vi få vere med på å skape forandring saman med menneske som Sulekha. Pengane vi samlar inn kan til dømes brukast slik: For 100 kroner kan du sikre 50 nødhjelpsrasjonar til svoltramma For 200 kroner kan du gi eitt menneske sikker tilgang til reint vatn For 1000 kroner kan du sørgje for at éin landsby får ei vasspumpe Vidare i denne timen skal vi lære meir om kvifor det finst fattigdom i verda, vi skal besøkje fleire av prosjekta til Kirkens Nødhjelp, møte fleire kvardagsheltar som gjer det mogleg å skape forandring og vi skal sjå på korleis vi kan forandre verda saman med dei. No skal vi snart sjå ein film der vi møter to andre kvardagsheltar. Desse jobbar med noko heilt anna enn Sulekha, nemleg på ein radiostasjon i Nairobi i Kenya. Nokre norske ungdommar var med dit for å besøkje, og vi skal få sjå filmen om dette prosjektet. 10 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Aktivitet Fattigdom som globalt urettferdsproblem (15 min.) Å vise hvorfor fattigdom er et globalt urettferdighetsproblem og hvordan dette henger sammen i eksempellandet Kenya. Dette treng du: Ein monopolpenge, ein hundrelapp du har teikna på eit ark eller ein du har skrive ut. Du finn ein mal for å lage desse tinga på nettsidene våre. 5 plakatar eller ark med namna du finn i forklaringa under. Bruk gjerne også nokre rekvisittar som illustrerer dei ulike personane, til dømes ein striesekk for å illustrere ein fattig bonde, ein leikebil til oppkjøparen, ein kaffikopp eller ein pose med kaffi, parykkar, hattar eller andre effektar for å få ungdommane til å hugse aktiviteten betre. Slik gjer du: Få med fem frivillige. Gi kvar av dei eit skilt med namna som er lista opp under. Desse fem skal representere fem aktørar som på forskjellig måte er involvert i arbeidet med å skaffe oss nordmenn kaffi. Forklar at Kenya er eit land som er rikt på naturressursar. Kenya har attraktiv natur for turistar, og mange driv jordbruk. Kenya er blant anna storeksportør av kaffi, som er den nest største lovleg omsette råvara i verda etter olje. Vift med hundrelappen medan du fortel at vanleg kaffi i butikk kostar ca. 100 kroner kiloen her i Noreg. No skal vi bli kjent med dei ulike personane som er involvert i arbeidet med å få kaffien i koppane våre. Presenter dei fem gjennom å fortelje denne historier om livssituasjonane deira: Bjarne/Beate Bonde: Kaffidyrkar frå Kenya. Plantar kaffitrea, steller dei slik at dei veks og haustar kaffibønnene når dei er modne. Arbeider lange dagar saman med dei åtte barna som skal forsørgje han/ henne når han/ho blir gammal. Odd/Olga Oppkjøpar: Bur i Kenya, reiser rundt frå gard til gard i ein skranglete bil for å kjøpe opp kaffibønner. Trond/Trine Transportør: Bur i USA, og har funne ut at det er pengar å tene på frakt av kaffibønner frå Kenya til landa der kaffibønnene skal behandlast. Inger/Inge Industrieigar: Eig ein fabrikk som behandlar kaffibønnene, kvernar dei, pakkar dei og sender dei vidare ut til butikkane. Kari/Kjell Kjøpmann: Jobbar i butikken her i <der de er!>, og når eg kjem og kjøper fire pakkar med 250 gram kaffi, må eg betale hundre kroner for det. Gi hundrelappen til Kari/Kjell Kjøpmann, og forklar at han sjølvsagt må delast med dei andre som har sørgd for at kaffien enda i butikken. Men kor stor del skal kvar av dei få? Først kan du spørje dei fem aktørane kor mykje dei synest dei fortener. Deretter kan du fortelje kor mykje kvar enkelt får i den verkelege verda: Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 11

Aktivitet Kari/Kjell har jo eit barn å forsørgje, og Noreg er jo eit forferdeleg dyrt land å bu i. Sjølv om skulegangen er gratis, skal ein jo ha klede, iskrem og sminke. Så for i det heile teke å klare seg må ho/han få minst 50 prosent av inntektene. Riv hundrelappen i to og gi den største delen (minst 55 prosent av hundrelappen sjå under) til Kari/Kjell. Inger/Inge har det på same måte: Straumprisane er høge, og arbeidarane i fabrikken skal stadig ha høgare lønn, så ho/han tek 25 %. (Riv av halvparten av den halve hundrelappen du har igjen, og gi han til Inger/Inge.) Trond/Trine må betale ned på lånet til det store transportskipet sitt, og må få ein del inntekter. Derfor tek han/ho 15 %. (Riv av litt over halvparten av det som er igjen av hundrelappen, og gi delen til Trond/Trine.) Odd/Olga bur i Kenya, og der er det få som tener nok til å ha tryggleik i kvardagen. Hadde dei tent det same som norske arbeidarar, så hadde dei aldri fått selt kaffien. Heldigvis klarer han/ho å sikre seg 7 prosent av inntektene, noko som er nok til å skaffe den eldste sonen skulegang. Det er ikkje nok til å skaffe skulegang til resten av barna. (Riv av nesten alt det som er igjen av hundrelappen, og gi delen til Odd/Olga. Den siste vesle biten skal Bjarne/Beate ha.) Vis film (15 min.) Aksjonsfilmen i år fortel om eitt av prosjekta til Kirkens Nødhjelp og engasjerer til handling. Slik gjer du det: Sett på DVD-en, vel menypunktet Film, vel så å vise Aksjonsfilm. Slik kan du seie det: No skal vi sjå ein film om nokre norske konfirmantar som har besøkt Kenya. Dei har blitt kjent med ungdommar i Nairobi, og dei har lært om eitt av prosjekta vi er med og støttar når vi går med bøsse under Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.. Bjarne/Beate sit igjen med 3 prosent av inntektene. Det er ikkje nok til verken skulegang eller helsetenester, og det er vanskeleg å få råd til nok mat samtidig som ein skal få drifta av kaffiplantasjen til å gå rundt. Når vi drikk så mykje kaffi som vi gjer her i Noreg, hadde det blitt veldig dyrt om vi måtte betale det som det eigentleg kostar å produsere han. Dette betyr at fattige menneske som Bjarne/Beate ikkje får nok pengar til å klare seg. Avslutt gjerne med ein kort prat om korleis dømet viser at fattigdom i éin del av verda handlar om globale samanhengar, og om global urettferd. 12 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Aktivitet Vegen vidare (7 min.) Å vise konfirmantane at dersom nokon kjem seg ut av fattigdom, kan dei bli forbilde og hjelpe andre med å oppnå det same. Dette treng du: Ein plakat eller PowerPoint med ufullstendige instruksar til ei oppgåve. Slik gjer du det: Sei til konfirmantane at dei skal utføre ei viktig oppgåve. Dei får 15 sekund til å lese instruksane, og så vil det vere om å gjere å utføre oppgåva så raskt som mogleg. Problemet, som konfirmantane snart vil oppdage, er at delar av instruksane står skrive på tullespråk og dermed er dei umoglege å forstå. situasjonen og nærmiljøet sitt. Lat oss sjå kva som skjer viss to av dykk er så heldige at de får opplæring. Vel ut to konfirmantar som får lov til å sjå heile instruksen utan tulleord. Desse to konfirmantane kan no vere forbilde og vise dei andre kva som skal til for at dei skal kome seg ut av fattigdom. Du kan gjerne avslutte denne aktiviteten med å snakke med konfirmantane om utdanning, forbilde, kunnskap og verktøy og korleis ein saman kan skape forandring dersom ein får eit betre utgangspunkt! Vis fram instruksane, enten på PowerPoint (tilgjengeleg på nettsidene våre) eller på ein plakat (OBS: Dei utheva orda må bli gjort om til tulleord!): De bur i ein slum. For å kome dykk ut av han må de stille dykk på ei rekke med hendene på skuldrene til den framfor deg. Når de har teke fem hopp framover, har de kome dykk ut av slummen! Konfirmantane får 15 sekund til å sjå på teksten, men forstår ingen ting. Då kan du seie: Det er ikkje alltid så lett å vite korleis ein skal løyse oppgåvene ein får i livet. Dette er ein av tinga Kirkens Nødhjelp jobbar med vi gir medmenneske dei verktøya dei treng for å endre Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 13

Handling Ord til handling - refleksjon (3 min.) Å få konfirmantane til å tenkje over at ord må følgjast av handling Slik kan du seie det: Gjennom orda, handlingane og livet sitt gav Jesus oss ei oppgåve til å ta eit oppgjer med eit samfunn og ei verd som held oppe urettferd og som tek frå menneske verdi og verdigheit. Dette utfordrar oss til å gjere noko med dei årsakene som held folk nede i fattigdom. Her har Kirkens Nødhjelp fått eit oppdrag frå kyrkjene og kyrkjelydane i Noreg til å vere med og gjere noko med årsakene, og dette må vi gjere saman. Underskriftskampanjar skaper forandring. Vi som høyrer til kyrkja, ser at det er mykje urettferd som rammar menneske, og vi har ansvar for å utfordre dei som har makt i samfunnet. Vi og de som er konfirmantar, utfordrast til å vere med å skrive under på kampanjen som igjen er med på å utfordre dei som har makt og myndigheit til å gjere noko med urettferda. Innsamling, gjennom dør-til-dør-aksjonen og på andre måtar i kyrkjelyden, skaper også forandring. Menneska i sør treng at vi er med og deler av rikdommen vår for at dei skal få dekt dei grunnleggjande behova sine. For at Kirkens Nødhjelp skal kunne fortsette arbeidet med å utføre oppdraget sitt, er vi avhengige av fasteaksjonen som innsamlingsaksjon. Underskriftskampanje (10 15 min.) Oljefondet kan forandre. Saman kan vi sikre investeringar til fattige land i framtida! Gi ungdommane høve til å påverke avgjerder til fordel for fattige menneske. Underskriftskampanjen inneheld ei innleiing, ein aktivitet, ei bibelforteljing, ein animasjonsfilm og ei utfordring til konfirmantane. Aktiviteten og bibelforteljinga kan sløyfast dersom du ønskjer det. Slik kan du seie det: No skal vi høyre om ei jente som jobbar hardt for å skape forandring og fjerne årsakene til fattigdom og urettferd. Heather Lulu Maseko er 20 år og er ein engasjert aktivist frå Malawi. Ho er frustrert over at ingen av leiarane i verda tek ansvar for å gjere noko med klimaendringane som rammar oss alle, og som gjer dei fattige endå fattigare. Ho drøymer om at menneske i Malawi og andre stader i verda skal sleppe å leve eit liv i fattigdom, for ho veit at dette er mogleg. Heather er ein av kvardagsheltane i prosjekta til Kirkens Nødhjelp. Ho er frustrert, men ikkje handlingslamma. Ho har blitt eit forbilde. No vil ho forandre verda, og ho veit korleis. Ved å stå saman og krevje endring frå dei med ansvar i samfunnet, kan vi fjerne nokre av årsakene til fattigdom og den urettferdige fordelinga i verda. 14 Pedagogisk opplegg for konfirmantar konfirmanter

Slik gjer du: tart med ei innleiing som tek opp tråden frå byrjinga av konfirmanttimen. Du kan til dømes innleie med å seie: Tidlegare i konfirmanttimen såg vi kor urettferdig alle ressursane i verda er fordelt. No skal vi sjå på korleis det norske oljefondet fordeler alle dei pengane som dei plasserer rundt om i verda. Viss vi er mange som står saman og brukar stemma vår, kan vi forandre. For andre og for kvarandre. Til dømes stod konfirmantane i fjor og i forfjor saman og skapte forandring. Fordi dei engasjerte seg og skreiv under på kampanjen, lovde regjeringa å forandre på skattereglane for norske selskap, og sånn kan vi vite at ingen norske selskap snyt på skatten i fattige land. No er det de som får utfordringa. I Noreg har vi masse pengar vi har tent på å selje olje i eit fond som blir kalla oljefondet. Oljefondet er sparegrisen til Noreg. Dette oljefondet kan skape forandring som varer viss vi er mange som engasjerer oss og skriv under for at politikarane skal ta rette val. Det skal vi høyre meir om no. Aktivitet: Få ungdommane til å kjenne på kor urettferdig og skeivt fordelt investeringane til det norske oljefondet er. Vi tek opp tråden frå tidlegare i konfirmanttimen då konfirmantane fekk kjenne på kor urettferdig ressursane i verda er fordelt. Du treng: 4 posar med godteri. Talet på godteriposar kan endrast, men det bør vere nok til alle. Sidan Noreg tener så mykje pengar på å selje olje, og vi ikkje vil bruke alle pengane vi tener på ein gong slik at det er pengar igjen i framtida, har Noreg valt å spare dei pengane vi ikkje brukar i oljefondet. Oljefondet er sparegrisen til Noreg. Desse pengane sparer vi ved å plassere dei i andre land. Vis så fram det som skal fordelast, og forklar at godteriet er eit symbol på alle plasseringane til oljefondet i verda. Del konfirmantgruppa i ei stor og ei lita gruppe igjen. Gjerne same gruppe som tidlegare i konfirmanttimen. Den store gruppa representerer endå ein gong dei fattige landa i verda, medan den vesle representerer dei rike landa i verda. Spør korleis dei trur godteriet skal fordelast viss det skal fordelast slik som plasseringane til oljefondet. Gi så alle godteposane til den vesle gruppa som representerer dei rikaste i verda. Be ein i gruppa om å opne den eine posen og gi eitt godteri (til dømes éin Fox) til den store gruppa som representerer dei fattige i verda. Forklar at for kvar hundrelapp Noreg plasserer i andre land, er det berre 50 øre som blir plassert i fattige land, resten i rike. Kvifor dette er eit problem, skal de snart få sjå i kampanjefilmen. Sjå fleire døme på aktivitetar som illustrerer urettferdig fordeling av ressursar på fasteaksjonen.no Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 15

Bibelforteljing: I Luk 19,1 10 kan vi lese om Sakkeus sitt møte med Jesus. Sakkeus jobba som tollar, og han hadde mykje pengar. Etter møtet sitt med Jesus bestemmer han seg for å gi vekk halvparten av formuen sin til dei som trong det meir enn han. Vi veit ikkje kva som konkret skjedde, men Sakkeus fekk ein vekkjar i møte med Jesus, som gjorde at han bidrog til forandring og rettferdig fordeling i samfunnet. Han utgjorde ein forskjell for dei menneska som ikkje hadde like mange ressursar som han. Det er omtrent det same Kirkens Nødhjelp og Changemaker ønskjer å gjere med den norske oljeformuen. Vi kan saman skape forandring og gi mange menneske nye moglegheiter til å oppfylle draumane sine ved å plassere oljepengane våre annleis. Oljefondet er plassert nesten berre i rike land, og på den måten er Noreg med på å forsterke forskjellane i verda. Kirkens Nødhjelp og Changemaker ønskjer at vi skal bruke den gode moglegheita vi har med oljefondet og bruke formuen vi har i sparegrisen vår til å bidra til forandring og oppfylle draumane til folk. For andre og for kvarandre. NB. Til forskjell frå Sakkeus ønskjer vi ikkje å gi vekk delar av fondet, men plassere meir i fattige land enn det som blir gjort i dag. Dette blir presentert i filmen om underskriftskampanjen som ligg på DVD-en. Film: Slik kan du seie det: Vi kan saman skape forandring og gi mange menneske nye sjansar til å oppfylle draumane sine ved å plassere oljepengane våre annleis. Oljefondet er plassert nesten berre i rike land, og på den måten er Noreg med på å forsterke forskjellane i verda. Kirkens Nødhjelp og Changemaker ønskjer at vi skal bruke den gode moglegheita vi har med oljefondet til å bidra til forandring og oppfylle draumane til folk. For andre og for kvarandre. No skal vi sjå ein film som forklarer desse tinga litt nærmare. Slik gjer du: På DVD-en finn du ein kort film, merka Underskriftskampanje, som forklarer heile bakgrunnen for kampanjen og alle ord og uttrykk som må forklarast for at ungdommane skal vite kva dei får tilbod om å skrive under på. Etter at du har vist denne filmen, kan du gå rett til delen der konfirmantane blir utfordra til å skrive under. Skriv under: Slik gjer du: I materiellet kyrkjelyden har fått tilsendt frå Kirkens Nødhjelp, ligg det underskriftslister som konfirmantane kan skrive under på. Få konfirmantane til å kome fram og skrive under på kampanjen dersom dei ønskjer det. Underskriftslistene sendast til Kirkens Nødhjelp, postboks 7100 St. Olavs plass, 0130 Oslo.. 16 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Handling Changemaker (5 min.) Å vise at ungdom som står saman, skaper forandring. Vis film: På DVD-en finn du ein film som presenterer Changemaker for konfirmantane. Slik kan du seie det: Å bli med i Changemaker, ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp, kostar lite og hjelper mykje. Når mange ungdommar står saman og legg press på dei som tek avgjerder, er det lettare å påverke. Derfor er dei 50 kronene det kostar å bli medlem i Changemaker, ei god investering dersom du ønskjer ei rettferdig verd. For å vere medlem må du vere mellom 13 og 30 år. Changemaker arrangerer fleire gonger kvart år leirar for medlemmene. På heimesidene til Changemaker kan du melde deg inn, skrive under på kampanjar og få tips om korleis du kan vere med å forandre verda! Sjå www.changemaker.no og «lik» Changemakernor på Facebook! Changemaker har utarbeidd mykje undervisningsmateriell om global rettferd. Dette finn du på nettsidene eller ved å kontakte Changemakerkontoret på changemaker@nca.no. Du kan også kontakte oss om du vil ha besøk av oss eller hjelp til å starte opp Changemaker-arbeid i kyrkjelyden! Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 17

Handling Handling Facebook (2 min.) Fortelje konfirmantane at dei kan bli tilhengarar av ei gruppe på Facebook som gir dei nyttig informasjon om korleis dei kan engasjere seg, og som gir dei høve til å delta i ulike aktivitetar. Slik kan du seie det: På Facebook er det oppretta ei side som heiter Konfirmant 2013 (2014). Ho bør du «like»! Der finn du interessant informasjon om fasteaksjonen, du møter andre konfirmantar som skal gå med bøsse andre stader, og du kan delta i ulike aktivitetar. Om du har høve, kan du også vise Facebooksida i undervisningstimen, melde deg inn sjølv og inviterekonfirmantane på Facebook. Å gå med bøsse (7 min.) Vise kva pengane som blir samla inn gjennom Kirkens Nødhjelps fasteaksjon, går til, og engasjere til å gå med bøsse. Slik kan du seie det: Kirkens Nødhjelps fasteaksjon handlar om å skape forandring. For andre og for kvarandre. <Dato for når aksjonen blir gjennomført i kyrkjelyden> skal vi gå med bøsse og samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Å gi éin landsby ei vasspumpe kostar tusen kroner. Det kan du klare å få i bøssa dersom du går heile ruta du får utdelt på aksjonsdagen. Akkurat som menneske som Sulekha, Heather og gjengen i Koch FM står saman for å forandre, står vi saman her i Noreg for å skape forandring. Saman med andre, for andre og for kvarandre. Og vi er mange. Kvart år går 40 000 konfirmantar og andre med bøsse under Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Pengane går til heile arbeidet til Kirkens Nødhjelp. Radiostasjonen i Kenya er eitt eksempel, men det trengst også pengar til anna langsiktig utviklingsarbeid, til nødhjelpsarbeid i katastrofar, slik som Sulekha driv og til arbeid for å påverke avgjerder, slik som Heather gjer. Kirkens Nødhjelp sørgjer for at pengane vi samlar inn, brukast der dei trengst aller mest. Når de skal gå med bøsse og samle inn pengar, kan det hende at nokon lurer på kva pengane går til. I samband med det skal vi vise ein leksjon frå Jonnas bøsseskule. 18 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Bli med i jakta på gullbilletten! Jakta på gullbilletten er eit enkelt og morosamt konsept som gjer bøssebering meir spennande. Målet er å inspirere fleire bøsseberarar til å vere med på dugnaden og å gå heile roda. Erfaringar viser at konkurransen både motiverer bøsseberarane og fører til meir pengar i bøssa. Slik gjer du det: 1. Klistre de to gullbillettane på to mjølkesjokoladar og gi dei til to husstandar innanfor innsamlingsområdet til kyrkjelyden. Desse to husstandane har ansvaret for å gi gullbillettane til bøsseberarane som kjem på døra deira, og må derfor vere heime under innsamlinga. Vis Jonnas bøsseskule leksjon 3, som handlar om kva pengane går til. Denne filmen finn du på DVD-en, under menypunktet Jonnas bøsseskole. Oppmod gjerne konfirmantane til å sjå resten av leksjonane via Facebook-sida Konfirmant 2013 (2014), eller bruk dei andre leksjonane i undervisningstimane fram mot sjølve aksjonsdagen. Gi gjerne nokre døme på kva pengane går til: For 100 kroner kan du sikre 50 nødhjelpsrasjonar til svoltramma.. For 200 kroner kan du gi eitt menneske sikker tilgang til reint vatn.. For 1000 kroner kan du sørgje for at éin landsby får ei vasspumpe. 2. Informer alle bøsseberarane om konkurransen og reglane. Hugs at kvar dør må opnast for å sikre at billettane blir funne, og at pengeinnsamlinga aukar. Viss bøsseberarane finn begge gullbillettane, er kyrkjelyden med i konkurransen om ein premie. Kyrkjelyden i regionen dykkar som har størst prosentvis auke i innsamla beløp frå det siste året, vinn premien. For å vere med i konkurransen må ein innrapportere innsamla beløp og tal på kor mange gullbillettar de fann i innrapporteringsskjemaet etter aksjonen. Vinnarane blir kontakta av Kirkens Nødhjelp. Du vel sjølv korleis du fordelar gullbillettane. Kanskje du kan gi dei til nokon du kjenner, eller kan dele dei ut på neste gudsteneste? Det er lurt om gullbillettane blir fordelt på hus som er omtrent midt i roder, slik at korta ikkje blir umoglege å finne. Les meir på fasteaksjonen.no Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 19

Avslutning Andakt (7 min.) Oppsummerande samtale/ettertanke: Kva hugsar du best frå denne timen? Korleis kan du vere med på å skape forandring? Før vi går frå kvarandre, er det nokre ting eg har lyst til å minne dykk om: Barna som veks opp i slummen i Nairobi, er barna til nokon, kanskje søstera eller broren til nokon og nokon sitt barnebarn akkurat slik som de er barna til nokon, kanskje søstera eller broren til nokon og nokon sitt barnebarn. Barna som leikar i søppelet i gatene, ler og gret akkurat slik som norske barn som leikar med EUgodkjente leiker i barnehagar som blir vaska med jamne mellomrom. Ungdommane som går på skulen i Korogochoslummen, har også draumar om å bli forelska, få gode venner, få ei framtid der dei kan forsørgje seg sjølv og familien sin. Det å vere menneske er det same uansett kvar vi veks opp, alle har vi grunnleggjande rettar. Det å vere kristen er å vere med å jobbe for at alle menneske får oppfylt rettane sine uavhengig av tru, bakgrunn, oppvekstvilkår og oppvekststad. Gud tek i mot kvar enkelt av oss utan å spørje kven vi er eller kva vi har gjort, men menneska vi lever saman med her i verda både her i lokalmiljøet og på andre sida av jorda, treng at vi er Guds hender, føter og stemme i verda. Fastetida er ei førebuingstid til påske. Vi går saman med Jesus på vegen mot korset. Jesus kjenner til menneskeleg liding og død. Han veit kva det vil seie å vere forlaten. Gud forlèt aldri noko menneske åleine, men alle menneske treng også å bli sett av andre menneske. Menneske som kan stadfeste oss som verdifulle og som kan sjå oss slik vi var skapt til å vere. Det treng vi alle, enten vi leikar på søppelhaugen i Nairobi, eller om vi går i 9. klasse på ein ungdomsskule i Noreg. Jesus viste oss ein Gud som møtte menneske med verdigheit som såg dei som samfunnet såg ned på, han tok dei på alvor og gav dei tru på seg sjølv slik at liva deira blei forandra. Og Jesus utfordrar oss til å vere med å gi menneske tru på seg sjølv og på sitt eige menneskeverd. Det å sjå at menneske er menneske uansett kvar dei bur, er å ta oss sjølv som menneske og kristne på alvor. Det å gjere ein innsats for at menneske skal få oppfylt rettane sine til mat, vatn, helse, tryggleik, handlar om å utføre Jesu oppdrag til oss menneske. Jesus seier: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg (Matt 25,40b). Ved å gå med bøsse på fasteaksjonsdagen er vi Guds hender og føter i verda. Ved å samle inn pengar er vi med å gi Kirkens Nødhjelp og kyrkjer og menneske over heile verda høve til å sjå menneske der dei bur, til å gi dei moglegheit til å få oppfylt dei grunnleggjande rettane sine og til å skape ei forandring for menneska der. Ved å skrive under på underskriftskampanjen er vi med og gir stemma vår til dei som blir ramma av at oljefondet berre er investert i rike land. Saman kan vi forandre. For andre og for kvarandre.. Dersom du ønskjer fleire utgangspunkt for refleksjon og/eller andakt, besøk nettsidene våre! 20 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

BØNN Fader vår 2011-utgaven (NO2011) Vår Far i himmelen! La navnet ditt helliges. La riket ditt komme. La viljen din skje på jorden slik som i himmelen. Gi oss i dag vårt daglige brød, og tilgi oss vår skyld, slik også vi tilgir våre skyldnere. Og la oss ikke komme i fristelse, men frels oss fra det onde. For riket er ditt, og makten og æren i evighet. Amen. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 21

Aksjonsdagen Samling på aksjonsdagen (ca. 15 20 min.) Aksjonsdagen: Rett før kyrkjelyden skal ut og gå med bøsse, kan det vere fint å setje søkjelys på kva pengane går til, nettopp for å engasjere bøsseberarane til å gå heile ruta/roda og gjere ein ekstra god innsats. Gå gjennom praktisk informasjon om gjennomføring bruk gjerne filmane «Jonnas bøsseskole» som du finn på DVD-en. Vis Kick-off -filmen som er laga for å motivere litt ekstra før sjølve bøsseberinga. Ønsk bøsseberarane lykke til og fortel at innsatsen deira er svært verdifull og viktig. Praktisk informasjon: 1. Hugs å ha ID-kortet godt synleg.. 2. Det er viktig å gå rett rode og at ein går heile roda. 3. Dersom folk ikkje har kontantar: Gi dei ein lapp med kontonummer og givartelefonnummer (lappane kjem i blokker som blir bestilt saman med bøssemateriellet). 4. Dersom folk ikkje er heime: Klistre ein lapp på døra 5. Dersom folk er uhøflege eller byrjar å krangle i døra: Be dei ringe til hovudkontoret til Kirkens Nødhjelp som har open telefon heile kvelden på aksjonsdagen. Kva skal eg seie når eg ringer på døra? 1. Presenter deg enkelt og hyggeleg, snakk roleg og tydeleg. Hei, eg kjem frå Kirkens Nødhjelp. Vil du støtte aksjonen vår? 2. SMIL! Det skaper kontakt og gir folk meir lyst til å støtte aksjonen. Ver blid og stolt. Innsatsen din i dag utgjer ein forskjell for fattige menneske. 3. Kor langt rekk pengane? For 100 kroner kan du sikre 50 nødhjelpsrasjonar til svoltramma For 200 kroner kan du gi eitt menneske sikker tilgang til reint vatn For 1000 kroner kan du sørgje for at éin landsby får ei vasspumpe Pengane som blir samla inn, går til heile arbeidet til Kirkens Nødhjelp. Pengane blir brukt der dei trengst aller mest. 4. Hugs å takke. Folk gir det dei synest dei har råd til. Det er viktig å takke uansett kva beløp som blir gitt. Det blir kvart år laga eit lite kort eller ein liten folder for utdeling til bøsseberarane. Bestill dette saman med anna materiell, og del ut til alle konfirmantane. Her er det kort informasjon om aksjonen, kva pengane går til og litt om Kirkens Nødhjelp.. 22 Pedagogisk opplegg for konfirmantar

Rett bøsseberarutstyr Hugs gullbilletten Minn konfirmantane på at dei kan finne to gullbillettar bak to dører. Dersom dei finn begge billettane, er dei med i trekninga av flotte premiar til alle bøsseberarane! Vis film for inspirasjon Kick-off -filmen er laga for å motivere til bøsseinnsats. Hei, eg kjem frå Kirkens Nødhjelp. Vil du støtte aksjonen vår? Vis aksjonsfilmen Du kan eventuelt la filmen gå i loop i bakgrunnen utan lyd medan konfirmantane og andre bøsseberarar blir registrert og sendt ut med bøsse. Post-it-blokk Ønsk ungdommane lykke til Dersom det blir servert kakao, pølse eller liknande, er det hyggeleg å få vite dette før ein går ut. Hugs å be alle gå heile roda si! Det kan godt hende at dei som bur i det siste huset, har venta på bøsseberaren og har tenkt å gi masse pengar! ID-kort Plombert bøsse Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2013-2014 23

www.fasteaksjonen.no E-post: fasteaksjonen@nca.no Telefon: 22 09 27 00 Kontonummer: 1594 22 87493 SMS: GAVE til 2468 (200 kr) Kirkens Nødhjelp kjempar saman med menneske og organisasjonar over heile verda for å avskaffe fattigdom og urettferd. Vi gjev naudhjelp i katastrofer og jobbar langsiktig for utvikling i lokalsamfunn. For å fjerne årsaker til fattigdom påverkar vi samstundes styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar til å ta rette avgjerder. Kirkens Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg diakonal organisasjon for global rettferd. Vi utfører arbeidet vårt utan intensjon om å få menneske til å endra kva religion dei tilhøyrer. For å sikre effektivitet og skape resultat er Kirkens Nødhjelp medlem av ACT Alliance, ein av dei største humanitære alliansane i verda. Kyrkjelege organisasjonar over heile verda er med i alliansen som også samarbeider med organisasjonar uavhengig av religiøs forankring. Kirkens Nødhjelp saman for ei rettferdig verd! Kirkens Nødhjelps ungdomsbevegelse