HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201107144-1 Arkivnr. 146.612 Saksh. Spjeld, Britt Karen, Bolstad Lasse, Skaar, Ronny B. Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 20.06.2011-21.06.2011 FORDELING AV SPELEMIDLAR TIL DESENTRALISERT ORDNING FOR TILSKOT TIL KULTURBYGG 2011 SAMANDRAG Forvaltninga av den desentraliserte tilskotsordninga for kulturbygg er delegert til fylkeskommunane. Kulturdepartementet har sett av kr 49.700.000 til denne ordninga for 2011. Av desse er Hordaland fylkeskommune tildelt kr 3.962.964 til vidare fordeling. I tillegg vert inneståande rentemidlar for 2010 på kr 186.820, og inndratte midlar på kr 33.000 fordelt. (Alle summar vert runda ned til heile tusen). Såleis er det kr 4.182.000 til fordeling for 2011. Det er 28 godkjende søknader med ein godkjend søknadssum på kr 12.656.000. Fem søknadar vart ikkje godkjend. For 2011 er det naudsynt å prioritera gjentekne søknader, og der er såleis berre rom for løyving til desse. Ut frå reviderte reningsliner frå Kulturdepartementet av 02.01.2007 og av 12.01.2010, og frå kriteria fastsett av Hordaland fylkeskommune, gjer fylkesrådmannen framlegg om fordeling av tilskot til desentralisert ordning for kulturhus i Hordaland for 2011. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Kultur- og ressursutvalet legg følgjande kriteria til grunn for fordeling av spelemidlar til desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg for 2011: Kommunal prioritering Tidspunkt for fyrste gong søkt kulturhusmidlar Søknadsmassen frå dei einskilde kommunane Innbyggjartal i kommunane Det er sett ei maksgrense på tildeling til kvar anleggseining på kr 500.000 pr år slik at fleire kommunar kjem med i tildelinga. Samla tilskot er avgrensa til kr 1.000.000 Tilskotet kan vere inntil 1/3 av godkjend kostnad Søknadar som får tildeling i 2011 på delar av godkjend søknadssum får ikkje automatisk dekt restbeløpet dei komande åra då utviklinga av dei økonomiske rammene for tilskotsordninga er ukjende.
2 Kultur- og ressursutvalet fordeler kr 3.962.964 i spelemidlar til kulturbygg i Hordaland for 2011. I tillegg kjem inneståande rentemidlar og inndregne midlar på kr 219.820 for 2010. Såleis er det kr 4.182.000 til fordeling i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg for 2011. Følgjande søkjarar får tildelt midlar: Pri. Anl.nummer Søkjar Anlegg Kommune Type Vedtak 1 1201080201 Bergen Kunsthall Bergen Kunsthall Bergen Gjentatt 445 000 2 1201055801 Museet Gamle Vossebanen Garnes jernbanestasjon Museumbygg Bergen Fornyet 0 1 1216009001 Sveio kommune Vigdartun samfunnshus Sveio Gjentatt 280 000 1 1219006808 Langevåg Bygdatun Langevåg bygdatun Bømlo Gjentatt 325 000 AS kulturbygg 2 1219008001 Bømlo kommune Bømlo kulturhus Bømlo Gjentatt 0 1 1221011709 Stord kommune Nordbygdo ungdomsskule - Stord Gjentatt 500 000 lokalt kulturby 2 1221000404 Stord kommune Stord kulturhus Stord Gjentatt 0 1 1224018701 Speidarhuset KFUK - KFUM 2 1224019601 Interesseforeningen Høylandsbygd bedehus 4 1224012203 Kvinnherad kommune Speidarhuset Halsnøy Kvinnherad Gjentatt 420 000 Høylandsbygd bedehus Kvinnherad Ny 0 Kvinnherad kulturskulesenter Kvinnherad Ny 0 1 1231003301 Espe grannalag Espe grendahus Ullensvang Fornyet 0 1 1233003801 Ulvik herad kommune Heradshuset i Ulvik Ulvik Gjentatt 240 000 1 1235011301 Voss kommune Voss Kulturhus Voss Gjentatt 370 000 1 1241007301 Sævareidfjorden Breidablikk ungdomshus - Fusa Gjentatt 472 000 ungdomslag tilbygg og reha 2 1241005601 Bogøytunet Bogøytunet bygdehus Fusa Fornyet 0 1 1243008401 Hegglandsdalen Grendalag 2 1243008501 Lysefjorden Ungdomslag 3 1243008301 Ungdomslaget Havglimt Hegglandsdalen Ungdomshus-Dølatun Lysefjorden Ungdomshus- Ljosheim Nore Øyane Ungdomshus- Alvheim Os Gjentatt 43 000 Os Fornyet 0 Os Fornyet 0 1 1244000602 Vinnesvåg velforening Vinnes aktivitetshus Austevoll Gjentatt 100 000 1 1246061001 Fjell kommune Fjell kulturhus Fjell Gjentatt 448 000 2 1246056402 Samfunnshuset A/L, Landro samfunnshus A/L Fjell Fornyet 0 Landro rehabilitering 1 1247012101 Strusshamn Norrønaheimen - Askøy Gjentatt 400 000 musikkforening byggetrinn 2 2 1247013401 Heiervang grendahus Heiervang Grendahus Askøy Fornyet 0 2
1 1251005401 Stamnes bedehus Stamnes bedehus påbygg toalett 1 1253003601 Mjeldalen UL Haus Mjeldalen Ungdomshus tilbygg tilgan Vaksdal Gjentatt 49 000 Osterøy Ny 0 1 1260003302 Kolstad grendahus Kolstad grendahus Radøy Gjentatt 90 000 1 1264002301 Austrheim kommune Austrheim Samfunnshus Austrheim Ny 0 2 1264003401 Austrheim kommune Bakkøy Grendahus kjøkken Austrheim Ny 0 Paul M. Nilsen Anna Elisa Tryti Vedlegg: 1. Desentralisert tilskotsordning kulturbygg fylkesvis fordeling 2011 2. Brev til kommunane frå Hordaland fylkeskommune av 4. januar 2011 om desentralisert ordning for tilskot til kulturhus 3
FYLKESRÅDMANNEN, 01.06.2011: Bakgrunn Kulturdepartementet har gjeve melding om at det for 2011 er avsett kr 49.7 mill. til fordeling til desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg på landsbasis. Av desse er Hordaland fylkeskommune tildelt kr 3.962.964. Kvart år vert rammetilskotet sett inn på ein renteberande konto for vidare utbetaling. For 2011 står det til disposisjon kr 186.820 i rentemidlar og 33.000 i inndregne midlar (alle tal vert avrunda til heile tusen). Såleis er det kr 4.182.000 til fordeling i 2011. Tildelte midlar som ikkje vert nytta innan tre år etter tilsegn, vert dregne inn. Den desentraliserte ordninga, gjeldane frå 2005 med reviderte retningsliner av Kulturdepartementet av 2. januar 2007 og 12. januar 2010, gjev fylkeskommunen fullmakt til å sjølv å ta avgjerd om korleis midlane skal nyttast. Føremålet med tilskota er å bidra til eigna lokale og bygningar som gir rom for ulik kulturell verksemd. Bygga skal fungere som kulturelle møtestadar for lokalmiljø og/eller region. Søkjaren pliktar å halde huset ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd i 20 år etter at bygget er ferdig. Midlane kan nyttas til nybygg, ombygging og modernisering av kulturhus, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift. Prosjekta skal gjennomførast i høve til plan- og bygningslova. Kulturlokala som får tilskot skal kunne nyttast av alle, det vil seie at dei skal utformast universelt. Det gjeld både ved tilskot til nybygg og ved tilskot til ombygging. Søkjarar kan vere kommunar, stiftingar og organisasjonar med demokratisk oppbygging. I samband med fordelinga av tilskotet har Hordaland fylkeskommune sett ein årleg frist til 15. mars for kommunane for innlevering av søknader. For 2011 er det 28 godkjende søknader frå 17 kommunar med ein samla godkjend søknadssum på kr 12.656.000. Fem søknadar vart ikkje godkjent: Anleggsnummer Anlegg Stad 1201082401 Klosteret 17 Bergen 1211003001 Skakkesenteret kulturhus Etne 1224019801 Helgheim ungdomslagshus Kvinnherad 1224012002 Baroniet Rosendal Kvinnherad 1238009101 Hardinghuset Kvam Vurdering Hordaland fylkeskommune er gjeve eit vidt handlingsrom for disponering den desentraliserte ordninga for tilskot til lokale kulturbygg. Tilskot til lokale til bibliotekføremål er vurdert, jfr. vedtak i Kultur- og ressursutvalet i sak 200407651-23 14. august 2007 pkt. 3: Kultur- og ressursutvalet ber om at lokala til bibliotek vert vurdert lagt inn under kriteria for tilskotsordninga. Då ressursane er særs avgrensa, har eg valt å prioritere lokale som fremjar det frivillige kulturlivet framfor lovpålagte kommunale oppgåver. Ei opning for stønad til bibliotekslokale vil eg kome attende til om staten gir monaleg auke til denne ordninga. For 2011 er det naudsynt å prioritera gjentekne søknader, og der er såleis berre rom for løyving til desse. Eg foreslår at følgjande kriteria vert lagt til grunn for fordelinga til lokale kulturbygg for 2011: Kommunal prioritering. Tidspunkt for fyrste gong søkt kulturhusmidlar. Søknadsmassen frå dei einskilde kommunane. Det er gitt til eit anlegg per kommune. Innbyggjartal i kommunane. Det er sett ei maksgrense på tildeling til kvar anleggseining på kr 500.000 slik at fleire kommunar kjem med i tildelinga. Samla tilskot er avgrensa til kr 1.000.000. Tilskotet kan vere inntil 1/3 av godkjend kostnad. Søknadar som får tildeling i 2011 på delar av godkjend søknadssum får ikkje automatisk dekt restbeløpet dei komande åra då utviklinga av dei økonomiske rammene for tilskotsordninga er ukjende. 4
Med desse kriteria som vurderingsgrunnlag er det føreslege tildeling til 14 lokale kulturbygg fordelt på 14 kommunar. Stønadssummen varierer frå kr 43.000 til kr 500.000 avhengig av kulturbygget sitt omfang. Totalt er det ein løyvingsprosent på 33 %. Rentemidlar og inndregne midlar utgjer samla i 2011 kr 219.820. Desse blir gitt som del av tilskotet til anleggsnummer 1201 0802 01 Bergen kunsthall (Bergen kommune). Retningsliner for fordeling av spelemidlar til den desentraliserte ordninga til kulturbygg I samband med forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane frå 2010 ansvaret for tildelingar av spelemidlar til regionale møteplassar og formidlingsarena for kultur. Kulturdepartementet har ansvar for forvaltning av spelemidlar til byggeprosjekt som fekk tilsegn før 1. januar 2010. Etter kvart som midlane som er knytte opp mot denne tilskotsordninga vert fristilt frå pågåande prosjekt, vert midlane kanaliserte inn i den desentraliserte ordninga for kulturbygg. Hordaland fylkeskommune har planar om å utarbeide ein kulturbyggstrategi for Hordaland i samband med utviklinga av regional plan for kultur. I denne samanhengen skal ein også vurdere om ordninga også skal omfatte m.a. biblioteklokale og bokbussar. 5