FINNØY KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Saman for folk i Finnøy Retningslinjene er meint som eit tillegg til lovverket som styrer kommunal verksemd (forvaltningslov, offentligheitslov, kommunelov, plan og bygningslov, avtalelovverk og særlover) Sist lagra av aerh 01.02.2013 1
INNLEIING Finnøy kommune vil vere ein open kommune. Vi tilstrevar: Open framferd i høve til all korrespondanse som ikkje er unnateke offentlegheit. Open framferd i alle møter kommunen har Open framferd gjennom tilsette sin fridom til ytring under ansvar Eit levande og sunt lokaldemokrati byggjer på eit gjensidig tillitsforhold mellom innbyggjarane og dei folkevalde. Dei tilsette forvaltar mykje av det ansvaret politikarane får gjennom valet. Våre haldningar og handlingar er i stor grad med å forma innbyggjarane si oppleving og oppfatning av eigen kommune. 1. LOVVERK, INTERNE REGLAR OG VEDTAK SKAL FØLGJAST Alle tilsette må halde lover, forskrifter og reglement som gjeld for kommunal verksemd. Dette inneber også at alle held seg lojalt til politiske og administrative vedtak som er gjort, og arbeider for å gjennomføre dei. 2. GOD FORVALTNINGSSKIKK Som forvaltarar av lokalsamfunnet sine felles midlar vert det stilt spesielt høge krav til den einskilde medarbeidar sine etiske haldningar i arbeid for kommunen. Finnøy kommune sin uttalte verdiplattform har Saman for folk i Finnøy som visjon og samarbeid, nyskaping og service som kjerneverdiar. Det forpliktar oss til å opptre profesjonelt og i tråd med god forvaltningsskikk. Sist lagra av aerh 01.02.2013 2
3. OPEN OG SAKLEG SAKSHANDSAMING Open framferd og offentlegheit skal praktiserast i størst mogleg grad utan at me bryt reglane om innsyn i intern saksførebuing samt ikkje-offentlege opplysningar knytt til personar og verksemder. Me skal leggje vekt på å gje brukarane relevant og tilstrekkeleg informasjon utan oppfordring. Fortrulege opplysningar som me får i ei sak eller gjennom tenesteytring, skal ikkje brukast til eiga vinning eller til skade for den dei gjeld eller tredje part, eller i andre samanhengar. Når saker blir lagt fram for politisk handsaming, skal dette vere gjort på ein slik måte at saka er mest mogleg opplyst. Administrasjonen kan om naudsynleg opplyse saka ytterlegare om politikarane ønskjer det, samt korrigere dersom det kjem fram urette opplysningar i møtet. For å sleppe å få situasjonar som kan oppfattast som uheldig samanblanding av administrative og politiske interesser, bør politisk handsaming av saker førast utan at administrasjonen skal argumentere vidare i saka under den politiske drøftinga som om administrasjonen er ein part i det politiske utvalet. 4. HABIL OG KONSEKVENT SAKSHANDSAMING Tilsette skal være opne omkring biverv og/eller engasjement i interesse- eller politiske organisasjonar som kan påverke inhabilitet eller brot på lojalitetsplikta. Tilsette som også er folkevalde i kommunen, har et særskilt ansvar for å skilja og gjera kjent dei ulike rollene sine. Tilsette skal ikkje la eigne interesser, eller interessene til familie eller nære vener, påverke deira arbeid i tenesteyting, saksframstilling eller vedtak. Vidare kan tilsette ikkje ha biverv, styreverv eller anna løna oppdrag som kan skade kommunen sine interesser, eller som kan gje svekka tillit til den kommunale forvaltninga. Tvilstilfelle skal leggjast fram for rådmannen. Sist lagra av aerh 01.02.2013 3
5. LOJALITET OVERFOR DEI FOLKEVALDE Som tilsette skal me vera varsame med å gje uttalingar som kan skape tvil om politiske avgjerdsprosessar. Dei tilsette har ikkje høve til å fremje sine tenesteforhold direkte for dei folkevalte utanom tenesteveg. Dei tillitsvalde skal ha kontakt med det politiske miljøet på ein open og ryddig måte. Kvar tilsett skal lojalt gjennomføre kommunale vedtak, men må også etter at vedtak er fatta kunne påtale kritikkverdige høve, eller utilsikta verknader av dette. Den enkelte tilsette som uttaler seg slik som nemnd ovafor, skal vere merksame på at det dreier seg om ein personleg ytring, og ikkje ytringar på vegne av kommunen. Kommunal stillingstittel, brev, faks eller e-post skal derfor ikkje brukast. 6. LOJALITET OVERFOR ARBEIDSGJEVAR M.M. Kommunen sine tilsette skal følgje pålegg frå overordna og dei rettslege og etiske reglar og retningsliner som gjeld for verksemda. Lydnadsplikta medfører aldri plikt til å følgje pålegg om noko ulovleg. Kritikkverdige tilhøve skal takast opp tenesteveg. Dersom næraste leiar ikkje vil retta opp alvorlege avvik, kan den tilsette vende seg til leiar sin leiar eller ta opp saka via tillitsvald eller verneombod. Lojalitet kan føre til krysspress for den tilsette i høve til ulike relasjonar som: Leiar/mellomleiar/fagmiljø Tilsett/brukar Tilsett/pårørande Tilsett/samfunnet Det er viktig at alle nivå i kommunen legg vekt på eit ærleg og tillitsfullt samarbeid som kan styrkje lojalitetskjensla mellom alle ledd i organisasjonen. Sist lagra av aerh 01.02.2013 4
7. PLIKT OG RETT TIL Å TA OPP AVVIK OG KRITIKKVERDIGE TILHØVE Arbeidstakar har plikt og rett til å seie klart i frå om avvik frå regelverk og andre kritikkverdige tilhøve i Finnøy kommune. Kritikkverdige tilhøve kan vere saker som er uetiske, lovstridige eller som kan true liv eller helse, jfr. arbeidet innan helse- miljø og tryggleik. Et særskilt ansvar har tilsette som ser interne tilhøve som utgjer stor fare eller risiko for brukarane/kundane. Tilsett som varslar på naudsynt måte, skal være verna mot straff frå verksemda. Varslinga skal skje i tråd med dette og anna regelverk. Om ein ikkje når fram tenesteveg, skal ein gå til leiar sin leiar eller nytte dei tillitsvalde og verneomboda, sjå pkt 5,6 og 8. 8. DEI TILLITSVALDE OG VERNEOMBODA SINE ROLLER Tillitsvalte og verneombod har ansvar for og plikt til å fremje forbetringsforslag og eventuelle klagemål på vegne av enkeltmedlemmer og fagorganisasjonar. Tillitsvalde/verneombod skal søkje å ordne usemje og kritikkverdige tilhøve i samarbeid med arbeidsgjevar. Sist lagra av aerh 01.02.2013 5
9. KOMMUNEN SINE VERDIAR SKAL VERNAST Som tilsette skal me forvalte kommunen sine økonomiske og materielle ressursar på ein rasjonell og økonomisk måte. Me pliktar å melde frå om eigne eller andre sine handlingar eller tilhøve som vil eller kan gje kommunen økonomisk tap eller annan materiell eller ikkje-materiell skade. Det er viktig at tilsette tar aktiv avstand frå einkvar uetisk handlemåte eller handlingar som kan oppfattast slik, som for eksempel: - nedlasting av pornografisk materiale eller materiale som kan oppfattast slik - bruk av kommunens telefoner/elektroniske verktøy til handlingar som kan oppfattast som uetiske. E-post skal ikkje brukast til å gi negativ tilbakemelding, - heller ikkje til privat bruk som kan ha innverknad på arbeidssituasjonen. 10. AKTSEMD KNYTT TIL ØKONOMISKE TILHØVE Tilsette skal korkje for seg sjølve eller på vegne av andre ta imot gåver, reiser, hotellopphald, bevertning, rabattar, lån eller andre ytingar eller fordeler som kan påverke deira tenestehandling, eller kan være egna til å bli oppfatta slik. Mottatte gåver skal eventuelt returnerast med ein kort skriftleg utgreiing om kommunen sine reglar om dette. Tilsette kan ikkje nytte seg av kommunale innkjøps- og rabattordningar ved personlege innkjøp. Gåver og liknande av mindre verdi, inntil kr. 500,- ved vanlege høve og høgtider kan aksepterast. Vanleg gjestfridom og representasjon må ikkje utvikle seg slik at det påverkar avgjerdprosessen eller kan vere egna til å bli oppfatta slik. Dersom den tilsette er i tvil om eit tilhøve er innanfor kommunen sine etiske normer, skal han/ho leggje dette fram for sin leiar. Gåver av vesentleg verdi skal klarerast med rådmannen før dei kan aksepterast. Sist lagra av aerh 01.02.2013 6
11. INNKJØP Det skal være et mål å oppnå ordningar og avtaler som sikrar både effektiv konkurranse og nødvendig kontinuitet. Det er også viktig å sikre høve til å kunne skifte leverandør når tilhøva tilseier det. Ingen leverandør skal få fordeler framfor andre. Ingen medarbeidar skal kunne oppnå personlege fordeler av kommunen sine leverandørar eller i andre forretningssamanhangar. Ved innhenting av anbod skal minst tre leverandørar spørjast, jfr. her vedtak i formannskapet i sak 022/06 og lov om offentlege innkjøp. Krav til grunngjeving for kommunen si avgjerd skal sendast partane. Både anbod og avtale/ kontrakt skal dokumenterast/ protokollerast. Frå leverandør skal skatteattest og HMT-sikring dokumenterast. 12. LOJALITET MELLOM TILSETTE I ALLE LEDD Som tilsett i Finnøy kommune pliktar me å møte våre kollegaer, medarbeidarar og leiarar på ein inkluderande og respektfull måte. Mobbing og annan trakassering skal ikkje førekome mellom oss. Me skal ikkje snakka nedsetjande om kollegaer og medarbeidarar som ikkje er til stades og kan svara for seg. 13. ETISK HANDEL Eigne retningsliner for etisk handel er i tråd med KS sin oppfordring om at den solidariske kommune er verkeliggjering av velferdsstaten, med målsetting om å jobbe mot å bli ei samfunnsansvarleg næringsverksemd der menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø vert teke i vare. Den solidariske kommune byggjer på prinsipp om menneskeverd, og uttrykkjer vilje til å skape eit humant samfunn tan sosial urett. Ved lokal handling skal ein tenke globalt. Sist lagra av aerh 01.02.2013 7