VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING

Like dokumenter
Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Frå kl var det synfaring og omvising på Åheim barnehage og Åheim skule. Ordinært møte vart sett kl

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

ARBEIDSUTKAST "INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE"

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

"INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE" Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Bedriftsbesøk på Sparelys Åheim kl Oppmøte på Sparelys. Ordinært møte kl på ordførarens kontor.

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Tid: 10:00

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Utkast til intensjonsavtale

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Frå kl var det orientering og omvising på Myklebust skule. Deretter orientering og omvising på Syvdetun.

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Slik kan det også seiast kva er ambisjonen til våre naboar i Sunnfjord? Betyr det noko for oss?

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Tid: 10:00

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Øystein Blom Leiar KRF

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 1,

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING

MØTEINNKALLING. Møtestad: Møterom A, Volda rådhus - etter synfaring i barnehagar Dato: Tid: 13:00

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Møtestad: Hareid rådhus FSK rom Dato: torsdag, Tid:11:45

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 18/1343. Betalingssatsar og tilbod i 2019 for barnehage og SFO

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

MØTEINNKALLING. Utvalg: Møtestad: Møterom Voldsfjorden, evt. møterom Austefjorden. Rådhuset 1.etg. Dato: Tid: 14:00

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Arbeidsmiljøutvalet

Møtestad: Hareid rådhus KST sal Dato: torsdag, Tid:17:00

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

? Foto: Simen Soltvedt?

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Nye kommunar i Møre og Romsdal

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Partssamansett utval - Ullensvang kommune

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

M Ø T E R E F E R A T

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

Organisasjon og arbeidsgjevar

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Møtet tok til 13:00 Møtet slutta 14:30.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-2,

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal,

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Transkript:

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING UTVAL: Livsløpsutvalet Møtestad: Jetmund Gjesteheim Dato: 02.03.2016 Tid: 09:00 (kl. 11.00) Oppmøte Åheim barnehage kl. 09.00 omvising og informasjon. Deretter omvising og informasjon på Åheim skule (kl. 09.30) og Olivinhallen (kl. 10.00). Deretter omvising på Åheimtun før møte på Jetmund Gjesteheim kl. 11.00. Kommunalsjef Arnhild Nordaune vil orientere om flyktningarbeidet. Medlemar som er ugilde i ei sak, vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan verte kalla inn. Jfr. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi bed om at forfall vert meldt til Servicetorget, telefon 70030000 Varamedlemar som får saksdokumenta til orientering, møter berre ved nærare innkalling. Servicetorget kallar inn vararepresentantar. B- saker er unnatekne offentleg innsyn og blir utsendt til møtande representantar. Møtet er ope for publikum, med unnatak for saker som er underlagt teieplikt (B-saker). Saksdokumenta er lagt ut til offentleg innsyn på Servicetorget. Side1

SAKLISTE Saksnr. Sakstittel PS 12/2016 PS 13/2016 PS 14/2016 PS 15/2016 PS 16/2016 Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Foreldrebetaling i barnehage frå 01.01.2016. Ny makspris Kommunereform: Intensjonsavtale Vågsøy, Selje og Vanylven PS 17/2016 Handlingsplan for kompetanseutvikling 2016-17 - grunnskulen Eventuelt 6143 Fiskå, den 25.02.2016 Øystein Blom leiar Side2

Side3

PS12/2016Godkjenningavinnkallling PS13/2016Godkjenningavmøteprotokollfråsistemøte Side4

PS14/2016Skrivogmeldingar Side5

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: Avd/Saksansv: 2013/966 231 KUO/BEABRA Utvalsaksnr Utval Møtedato 15/2016 Livsløpsutvalet 02.03.2016 Formannskapet Kommunestyret Foreldrebetaling i barnehage frå 01.01.2016. Ny makspris Tilråding: Livsløpsutvalet tilrår fastsetting av nye betalingssatsar for kommunale barnehagar gjeldande frå 01.01.2016. Det vert fastsett slike satsar for barnehagane i Vanylven: 1.Heil plass som vedteken maksimalsats i statsbudsjettet for 2016, kr 2655,- pr mnd i 11 mnd. Framtide satsar vert til ei kvar tid regulert i samsvar med gjeldande makspris vedteken av deptartementet. 2.Ved redusert plass vert satsen redusert med 15 % pr. dag 3.For seint henta barn pr. påbyrja halvtime 500,- kr 4.Søskenmoderasjon for barn nr. 2-30 % 5.Søskenmoderasjon for barn nr. 3-50 % Satsane vert gjort gjeldande frå 01.01.16. Dette inneber at det frå nyttår og fram til ny regulering jmf.pkt.1 over, vil bli kravd foreldrebetaling for opphald i barnehage med fylgjande satsar: Plasstorleik Ny sats barn nr 1 Ny sats barn nr 2 Ny sats barn nr 3 100% 2655,- 1859,- 1.328,- 80% 2257,- 1580,- 1.129,- 60% 1859,- 1301,- 930,- 40% 1460 1022,- 730,- Side6

Uprenta saksvedlegg: Statsbudsjett for 2016. Lov 17.juni 2005 nr.64 om barnehager. Forskrift om foreldrebetaling i barnehager 3. Fritak for foreldrebetaling rundskriv F-39-01. Samandrag av saka: Det er frå departementet varsla ny auke i foreldrebetalingssatsane frå 01.01.2016. Dersom dette blir vedteke, trer dei i kraft i Vanylven frå januar 2016. Ny sats for heil plass eit år vert tilsaman kr 29.205. Med betaling for 11 mnd vil dette bli kr 2655,- pr mnd for heil plass i barnehage Saksopplysningar: Forslag i endring av foreldrebetaling og utrekning av redusert plass og søskenmoderasjon gjeldande frå 01.01.2016. Regjeringa sitt forslag i følje Udir: Fra 1. januar 2015 er maksprisen 2 405 kroner per måned og 26 455 kroner per år for en heltidsplass. Frå 1.mai 2015 er maksprisen 2 580 kroner per måned og 28.380 kroner pr år for en heltidsplass. Regjeringen foreslår at frå 01.01.2016 vert maksprisen heva til kr. 2655,- pr mnd og kr.29.205,- for en heltidsplass pr år. Betaling for en plass i barnehage kan ikke være høyere enn en maksimalgrense som fastsettes årlig. Dette gjelder alle typer barnehager, uavhengig om de er offentlige eller private. Maksimalgrensen blir fastsatt i Stortingets årlige budsjettvedtak. Betaling for kost Betaling for kost (matpenger) kan komme i tillegg til maksprisen. Søskenmoderasjon Kommunen skal sørge for at foresatte med mer enn ett barn i barnehage i samme kommune, får reduksjon i foreldrebetalingen. Dette gjelder uavhengig av om barna går i forskjellige barnehager, og i barnehager med forskjellige eiere. Foreldre skal tilbys minimum 30 prosent søskenmoderasjon i foreldrebetaling for 2. barn og minimum 50 prosent for 3. barn eller flere barn. Forskrift til barnehagelova seier: 1.Maksimalgrense for foreldrebetalingen Foreldrebetaling for en plass i barnehage skal ikke settes høyere enn en maksimalgrense. Betaling for kost kan komme i tillegg. Maksimalgrensen blir fastsatt i Stortingets årlige budsjettvedtak. Maksimalgrensen gjelder for et heldags ordinært barnehagetilbud innenfor gjeldende lov og forskrifter. Med heldagstilbud menes avtalt ukentlig oppholdstid på 41 timer eller mer. Del paragraf 2.Deltidstilbud Foreldrebetaling for et deltidstilbud skal settes lavere enn foreldrebetaling for et heldagstilbud. Side7

Med deltidstilbud menes avtalt ukentlig oppholdstid under 41 timer. Del paragraf 3.Moderasjonsordninger Kommunen skal sørge for at foreldre/foresatte tilbys minimum 30% søskenmoderasjon i foreldrebetalingen for 2. barn og minimum 50% for 3. eller flere barn. Moderasjonen skal omfatte søsken som bor fast sammen. Reduksjon i foreldrebetalingen beregnes av foreldrebetalingen begrenset oppad til maksimalgrensen etter 1 1. ledd i den barnehage barnet har plass. Reduksjon skal tilbys også i de tilfeller søsknene går i forskjellige barnehager innen samme kommune. Barnehageeier skal få dekket reduksjon i foreldrebetalingen knyttet til søskenmoderasjonen av det offentlige. Kommunen kan gi lokale retningslinjer om hvordan søskenmoderasjonen skal forvaltes. Alle kommuner skal ha ordninger som kan tilby barnefamilier med lavest betalingsevne en reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Vurdering og konklusjon: Med utgangspunkt i retningslinjer frå regjeringa når det gjeld maksimalsats og søskenmoderasjon og reduksjon i pris for deltidsplass, vert forslag til nytt vedtak når det gjeld foreldrebetaling for kommunale barnehagar i Vanylven kommune gjeldande frå 01.01.2016 lagt fram. Foreldre er allereie informert i skriv om at endring kan kome. Det vert føreslått fastsett slike satsar for barnehagane i Vanylven: 1.Heil plass som vedteken maksimalsats i statsbudsjettet for 2016, kr 2655,- pr mnd i 11 mnd. 2.Ved redusert plass vert satsen redusert med 15 % pr. dag 3.For seint henta barn pr. påbyrja halvtime 500,- kr 4.Søskenmoderasjon for barn nr. 2-30 % 5.Søskenmoderasjon for barn nr. 3-50 % Satsane vert gjort gjeldande frå 01.01.16. Dette inneber at det frå nyttår vil bli kravd foreldrebetaling for opphald i barnehage med fylgjande satsar: Plasstorleik Ny sats barn nr 1 Ny sats barn nr 2 Ny sats barn nr 3 100% 2655,- 1859,- 1.328,- 80% 2257,- 1580,- 1.129,- 60% 1859,- 1301,- 930,- 40% 1460 1022,- 730,- Side8

Økonomiske konsekvensar: Endring i barnehagesatsar og prosent vil i dag (med det tal på barn vi har i kommunale barnehagar i dag) gje ein auke i foreldrebetaling på: 100% plass Frå 2580,- til 2655,- = auke 75,- pr barn pr mnd x 11 mnd x 47 barn = 825,-pr år x 47 = 38.775,- 80 % plass Frå 2193,- til 2257,- = auke 64,- pr barn pr mnd x 11 mnd x 13 barn = 704,-pr år x 13 = 9.152,- 60% plass Frå 1806,- til 1859,- = auke 53,- pr barn pr mnd x 11 mnd x 13 barn = 583,- pr år x13 = 7.579,- 40% plass Frå 1419,- til 1460,- = auke 41,- pr barn pr mnd x 11 mnd x 5 barn = 451,- pr år x 5 = 2.255,- På årsbasis vil auken i foreldrebetaling gi ein brutto auke i inntekt for kommunale barnehagar samla på kr. 57.761,- Brutto inntekt foreldrebetaling 2016 våren: Heil plass 50 x 2.566 x 7,5 = 962.250,- 80 % plass 15 x 2.257 x.7,5 = 253.913,- 60% plass 11 x 1.859 x 7,5 = 153.368,- 40 % plass 2x 1.460 x 7,5 = 21.900,- Tilsaman 1.391.431,- Vi har pr i dag 73 barn og 60 familiar. Det vil sei at 13 barn skal ha 30% eller 50% reduksjon i foreldrebetaling. Med ei berekning ut frå 30% moderasjon, vil dette gi ei mindreinntekt på 770,-x 11x13 = 110. 080,- Samstundes vil ei evt. endring i søskenmoderasjonen i Solsikka barnehage, føre til ei mindreoverføring i refusjon av søskenmoderasjon frå kommunen. For 2015 var denne på 88.304,-kr. Lovendring redusert foreldrebetaling/20 timar gratis kjernetid for 4 og 5 åringar. Frå 01.mai 2015 har det vore innført ei lovendring ang redusert foreldrebetaling for familiar med lav betalingsevne. Frå 01.08.2015 har det vore innført ei lovendring ang redusert foreldrebetaling som gir 20 timar gratis kjernetid for barn i familiar/huhald med bruttoinntekt under 405.000,- kr pr år. Regjeringa har ute forslag om at 20 timar gratis kjernetid også skal gjelde for 3 åringar. Vanylven kommune har handsama og gitt medhald til fire hushald i kommunen. Dette gir seg utslag i ei mindreinntekt pr i dag når det gjeld foreldrebetaling på kr.6.063 pr. mnd. For perioden januar til juli vil dette bli ei mindreinntekt på kr 39.410,- Vedtaka gjeld ut barnehageåret. Det må søkjast på nytt for kvart år. Side9

Kort oppsummert: Inn foreldrebetaling 1.391.400. For 2016 Søskenmoderasjon 110.200 Tal pr 15.12.2015 Søskenmoderasjon Solsikka 89.000 Tal for 2015 Redusert foreldrebetaling 57.800 Rekna på heilt år Fritak foreldrebet spesped 50.200 Tal for 15/16 rekna på heilt år Foreldrebetaling netto 1.084.200 Fiskå, 22.12.2015 Beate Farestveit Brandal rådgjevar Side10

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: Avd/Saksansv: 2012/571 002 SER/KVAKAR Utvalsaksnr Utval Møtedato 16/2016 Livsløpsutvalet 02.03.2016 Driftsutvalet Formannskapet Kommunestyret Kommunereform: Intensjonsavtale Vågsøy, Selje og Vanylven Tilråding: Vanylven kommunestyre vedtek framlagd intensjonsavtale m/vedlegg; som har som føremål at kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven vart slått saman til ein ny kommune frå 01.01.2020, slik den ligg føre. Side11

Vedlegg 1 Intensjonsavtale Vågsøy, Selje og Vanylven 2 Adm organisering og fordeling av oppgåver Saksopplysningar: Forhandlingsutvalet frå kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven har forhandla fram ein intensjonsavtale om samanslåing av dei tre kommunane til ein kommune frå 01.01.2020. Det vert vist til vedlagd intensjonsavtale m/vedlegg: Administrativ organisering og fordeling av oppgåver. Organiseringa av kommunen skjer med basis i ein kombinasjon av desentraliserte rådhusfunksjonar og servicetorg i Måløy, Fiskå og Selje. Måløy blir definert som kommunesenter, Fiskå og Selje som kommunedelsenter. Det er ei målsetjing i starten å ha ei fordeling av administrative arbeidsplassar på 40 30 30 mellom Vågsøy, Selje og Vanylven. Følgjande arbeidsoppgåver er tenkt lagt til Vanylven: Sentralbord, byggesakshandsaming, landbruk, rehabilitering, legevakt og PPT. Namnet på den nye kommunen vert Statt, Stad eller Stadt kommune. Stortinget avgjer endeleg vedtak om kommunenamn. Kommunestyret skal ha 45 medlemar. Avtalen er vedteken i Vågsøy kommunestyre 28.01.2016 og Selje kommunestyre 11.02.2016. Vurdering og konklusjon: Det vert tilrådd at framlagd intensjonsavtale m/vedlegg vert vedteken slik den ligg føre. Fiskå, 24.02.2016 Andreas Chr. Nørve rådmann Kåre Kvangarsnes konsulent Side12

Vers. 13.01.2016/EMS/rev. 02.02.2016 INTENSJONSAVTALE Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven 1 Side13

Vedteke i Vågsøy kommunestyre (28.01..2016) Selje kommunestyre (xx,xx,2016) Vanylven kommunestyre (xx,xx,2016) Innleiing Vågsøy, Selje og Vanylven kommunar tek sikte på å slå seg saman til ein kommune frå 01.01.2020. Det er kommunestyra i kommunane som gjer vedtak om kommunane skal slå seg saman eller ikkje. Den nye kommunen skal legge til rette for folkevekst og vere ein god utviklingsaktør. Vi er samde om å sikre at den nye kommunen er i stand til å ta på seg nye oppgåver frå sentral og regional stat og frå fylkeskommunen. Oppgåver som kan leggast inn i eksisterande organisasjon og som er tenlege for innbyggarane har første prioritet. Måla for reforma er gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, kommunar som er bærekraftige og økonomisk robuste og eit styrka lokaldemokrati. Side14

1. Mål Vi er samde om at hovudmålet med samanslåinga er å : Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggarane. Attraktiv lokaliseringsstad for næringsverksemd og sentrale tenester. Sterkare gjennomslagskraft utad. Behalde stadidentiteten til innbyggjarane. Delmåla er å: Skipe ein livskraftig og attraktiv ny kommune Legge til rette for samfunnsutvikling og skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde i alle deler av kommunen. Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø Vidareføre det positive ein har tileigna seg regionsvis på tvers av kommunegrensene. 2. Gode tenester Vi er samde om å ha kostnadseffektive tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar. Vi skal: Utvikle desentraliserte tenestetilbod som skular, helse og omsorgstilbod, barnehagar og kulturtilbod. Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling. Vere ein utviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette Rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon Side15

3. Fylkestilhørighet Det er nokre utfordringar i høve at kommunane høyrer til to ulike fylke, der vidaregåande skular og sjukehus er dei viktigaste. Det vert utført ei utgreiing på fylkesoverføring, og ein vil søkje å finne dei beste løysingane for innbyggjarane. 4. Kommuneorganisering Kommunesenter Vi er samde om at kommunesenteret blir lagt til Måløy. Organisering Den nye kommunen skal arbeide aktivt for å få ei god spreiing av kommunale arbeidsplassar og funksjonar i heile kommunen. Vi er samde om at kommunesenteret bør innehalde den strategiske leiinga: Ordførar Rådmann Kommunalsjefar Fagstab Økonomisjef og personalsjef Overordna plan- og utviklingsarbeid Service Vi er og samde om at: Det skal etablerast ein kommunedelsadministrasjon med publikumsretta oppgåver, slik at sentra vert stimulert gjennom å vere lokale knutepunkt ved bruk av servicetorg. Side16

Likeeins skal mellom anna vaktmesterteneste, reinhald og beredskap ha tilhald der dei er i dag, nær brukarane, men den faglege leiinga må samlast i ei eigedomsforvaltning. Ein skal ha gode, tilfredstillande digitale løysingar, slik at ein kan kommunisere på ein effektiv måte til trass for avstandane. Tverrfaglege kompetansemiljø skal organiserast slik at dei ulike tenestene er lett tilgjengelege for brukarane. Ved framtidig effektivisering vil vi søkje å balansere effekten. Prinsipp: Prinsippet er å fordele oppgåver alle kommunane må ved ei samanslåing få tildelt oppgåver. Verdien av dette må vurderast i høve til ulempene (kva det må takast omsyn til). Det visast til vedlagt notat med fordeling av tenester i den nye kommunen. 5. Politisk styring Vi er samde om at den nye kommunen skal ha formannskapsmodellen etter KL. 8 som styringsform. Kommunestyret skal ha 45 medlemmer. Ein vil ivareta lokaldemokratiet ved å ha eit stort tal medlemmer i kommunestyret. Fellesnemnda (FN jf. inndelingslova 26) har ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til samanslåinga vert sett i verk. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon og vere beskrivande i ein prosjektplan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerte roller i prosjektorganisasjonen. Forhandlingsutvalet vil og halde fram sitt arbeide frå vedtak og til samanslåinga er gjort. Side17

6. Kommunenamn og kommunevåpen Namnet på den nye kommunen vert: Statt, Stad, Stadt kommune. Det er Stortinget som gjere endeleg vedtak om kommunenamn. Den nye kommunen skal få nytt kommunevåpen. Dette vert utforma etter at det kommunenavnet er vedtatt. 7. Målform Målforma i den nye kommunen vert nynorsk. 8. Interkommunale selskap/samarbeid Vi er samde om at Fellesnemnda skal gå gjennom samarbeidet med andre kommunar (som ikkje vert del av den nye kommunen) for å endre vedtekter, kostnadsfordeling m.m. og/eller avvikle/melde oss ut av samarbeidet. Målet er at den nye kommunen tek flest mogeleg av oppgåvene. Vi er difor alt no samde om å avvikle, endre eller rydde samarbeid. 9. Økonomi Denne delen av avtalen gjeld frå 01.07.2016 til Fellesnemnda er etablert. Vi er samde om å vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunane si økonomiske bereevne. Vi skal: Orientere kvarandre gjennom styringsgruppa om investeringar slik dei ligg i vedteken budsjett- og økonomiplan. Peike ut dei viktigaste tiltaka slik at dei andre kommunane får innsyn i dei. Nye investeringar må sjåast i eit regionsperpektiv.. Side18

10. Samordning av planverk Vi skal orientere kvarandre om kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Kvar kommune skal peike ut sine viktigaste tiltak, slik at dei andre kommunane får innsyn i dei innan 01.07.2016. Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa. 11. Arbeidsgjevarpolitikk Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skapar gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at den er etablert. Det betyr at: Alle tilsette sine noverande rettar vert aksepterte i ein ny kommune i samsvar med lov- og avtaleverk. Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det vert overtalige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand. Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP. Det partsamansette utvalet (PSU, jfr. Inndelingslova 26) skal lage eit omstillingsdokument som: Harmonisering av ulike reglement (tilsettingsreglement, permisjonsreglement m.m.) Utarbeider ein felles lønspolitikk for alle tilsette. Harmonisering av lønsskilnader over tid. Dato: Lena Sande Landsverk Kristin Maurstad Stein Robert Osdal Ordførar Vanylven kommune Ordførar Vågsøy kommune Ordførar Selje kommune Side19

Side20

Administrativ organisering og fordeling av oppgåver. Prinsipp for fordeling av tenestetilbod bør vere at Vanylven, Selje, Vågsøy kommune er ulike, men likevel likeverdige. Den nye kommune skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i kvar av dei gamle kommunane sine tradisjonar, fortrinn, sterke sider og utfordringar. Struktur, organisasjonskultur og system skal vektleggjast, og utvikling av nærdemokrati sk utgangspunkt. Organiseringa av kommunen skjer med basis i ein kombinasjon av desentraliserte rådhusfunksjonar og servicetorg i Måløy, Fiskå og Selje. Måløy blir definert som kommunesenter, Fiskå og Selje som Kommunedelsenter. Kommunen blir organisert som 2-nivå modell med rådmannsnivå og i oppstart 37 tenesteområde. Kommunane skal vidareutvikle heilelektroniske tenester der innbyggarane, skal kunne få tilgong til kommunale teneste gjennom opplysningar på heimeside, elektroniske søknadsskjema oa elektronisk kommunikasjon. I tillegg skal servicesentra ha kompetanse på å veilede og hjelpe innbyggarane med opplysning om tenester, søknader oa. Rådhusfunksjonar som skal ligge i kommunesenteret er: 1. Ordførar 2. Rådmann 3. Kommunalsjefar 4. Fagstab (Jus, oppvekst, helse, beredskap, innkjøp og informasjon) 5. Økonomisjef og personalsjef 6. Overordna plan- og utviklingsarbeid 7. Tenesteområde service post/arkiv Ved vurdering av plassering av rådhusfunksjonar mellom kommunesenter og kommunedelsenter, må det leggast vekt på kor teneste blir utført mest effektiv og med høg kvalitet. Det er ei målsetting i starten å ha ei fordeling av administrative arbeidsplassar på 40-30-30 mellom Vågsøy, Selje og Vanylven. Det gjeld ei «fredningstid» på 4 år etter samanslåingsdato på dette. Det er vesentleg å ha ei fordeling av administrative kommunale arbeidsplassar i alle dei 3 sentra med tanke på å ivareta lokale arbeidsplassar og vekstimpuls. Dei 3 servicesentra lokalt vert organisert i eit felles tenesteområdet under leiar for Tenesteområde service i Måløy. Side21

Funksjons - og tenesteinndeling Måløy kommunesenter Selje og Fiskå kommunedelsenter Heimetenesten, barnehagar, skular, bibliotek, omsorgssenter geografiske tenesteområde Først når ei slik nivåinndleing er gjort, så kan ein drøfte t enestetilbodet på dei ulike nivå og med bakgrunn i denne nivåinndelinga følgjer følgjande fordeling av tenestetilbodet. Når det gjeld tenesteområde så har vi følgjande geografisk oversikt i kommuane dag: Heimeteneste : Stadlandet, Selje, Sone Nord, Sone Sør, Område Fastlandet, og Område Vågsøy Barnehagar: Skular: Bibliotek: Omsorgssenter: Leikvang, Selje, Flatraket, Rovde, Syvde, Fiskå, Åheim, Holvik, Skramsmarka, Skavøypoll Statlandet (b/u), Selje (b/u), Flatraket (b), Syvde (b/u), Fiskå (b), Åheim (b/u), Vågsøy (u), Skav øypoll, Bryggja, Holvik, Skram og Raudeberg Stadlan det, Selje, Syvde, Åram, Rovde og Måløy Seljetunet, Fiskå helse - og omsorgssenter og OS Kulatoppen Det kan vere naturleg å definere fleire tenesteområde med geografisk inn deling i ei ny storkommune. Eg er litt usikker på om sjukheim/omsorgssenter skal definierast som tenesteområde, dette sidan desse omsorgssentra dekkjer heile den tidlegare kommuna sitt geografiske område. Teneste som dekkjer heile den tidlegare kommua sitt õ åø õ õ ø ø õ kanskje finne eit ann a namn ø. Dette kan vere ei inndeling med tre store geografiske tenesteområder: Tenesteområde for heile Vågsøy Tenesteområde for heile Selje Tenesteom råde for heile Vanylven Side22

Funksjonar - senter Kommunesenter Kommunedelsenter Tenesteområde Politisk leiing Sentraladministrasjon Fagstab IKT Økonomi, løn og personal Overordna plan/utvikling Teknisk, eigedom Adm. Servicekontor/Post Sentralbord (Vanylven) Byggsakshandsaming (Vanylven) Plan/utvikling og næring (Selje) Forvaltningskontor (Vågsøy) Flyktningetenesta (Selje) Landbruk (Vanylven) Adm. heimetenesta Funksjonar - delsenter Kommunesenter Kommunedelsenter Tenesteområde Kulturadministrasjon NAV (sosial) Velferd Flyktningetenesta (Selje) Rehabilitering (Vanylven) Legevakt Interkomm (Vanylven) Næring/Kulturisme Selje rådhus PPT Vanylven Funksjonar - tenesteområde Kommunesenter Kommunedelsenter Tenesteområde Psykisk helse/rus Renovasjon (NOMIL) Havnevesen Barnehagar Barneskular Ungdomsskule Legekontor Sjukeheim o.l. Base helsestasjon Fysio- og ergoterapi o.l. Skulehelseteneste Ungdomsskule Vaksenopplæring Bibliotek Kulturskule Teknisk drift, VA Brann, feiing Eigedom, Heimeteneste, omsorgsbu. Barnehage Barneskule, SFO Side23

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: Avd/Saksansv: 2012/623 430 KUO/STRGUN Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/2016 Livsløpsutvalet 02.03.2016 Handlingsplan for kompetanseutvikling 2016-17 - grunnskulen. Tilråding: Livsløpsutvalet tek til vitande behovet for ein årleg revidert handlingsplan for kompetanseutvikling i grunnskulen og godkjenner framlagte handlingsplan for skuleåret 2016-17. Side24

Vedlegg 1 Handlingsplan 2016-17 - grunnskulen. Uprenta saksvedlegg: Kompetanseutviklingsplan for grunnskulen 2015-2018 Saksopplysningar: Handlingsplan for kompetanseutvikling har vore lagt fram for LU kvar vår sidan 2007 som orientering om kva skulane har som utviklingsarbeid / satsingsområde og kva slag kompetanse det er behov for framover. Ved å få politisk godkjenning av planen står den sterkare i høve prioriteringar, bruk av midlar til ulike satsingar og aksept og støtte for den som skal sjå til at planen vert gjennomført. Handlingsplanen er eit arbeidsdokument og tar utgangspunkt i Plan for kompetanseutvikling for Kultur- og oppvekstsektoren. Handlingsplanen vert revidert kvart år i samarbeid med rektorane og hovudtillitsvalde for UDF. Denne rutinen var innført i 2007 og gjer planen til eit meir levande og tydeleg hjelpemiddel i planlegginga av komande skuleår. Handlingsplanen skal på ein enkel måte vise kva skulane skal prioritere av satsingar og utviklingsarbeid, kva fag skulane treng auka kompetanse i og kven som har ansvar for gjennomføring. Behov for kompetanse vert lagt til grunn for utlysingstekst ved ledige stillingar i grunnskulen og ved organisering av bemanning av skulane til nytt skuleår. Hittil har det vore vanskeleg å flytte lærarar frå den eine skulen til ein annan med grunngjeving i kva kompetanse skulane treng. Dette kunne med fordel ha vore meir aksept for av fleire grunnar. Behov for kompetanse vert og lagt til grunn for godkjenning av søknader om etterog vidareutdanning av lærarane. Det har siste åra blitt lovfesta auka krav om kompetanse til lærarar som skal undervise i ungdomsskulen og det vil kome nye krav til kompetanse også for lærarar på barnetrinnet. Vurdering og konklusjon: Planen for skuleåret 2016-17 viser kva som skal takast vare på av tidlegare satsingsområde, kva som er nye satsingar og prioritert rekkjefølge av kva fag skulane treng meir kompetanse i. Fiskå, 25.02.2016 Andreas Chr. Nørve rådmann Gunvor Strand kommunalsjef Side25

Side26

Handlingsplan kompetanseutvikling Grunnskulane i Vanylven kommune 2016-17 Tema Oppgåver Gjennomføring Kunnskapsløftet Fagplanarbeid alle lagrar på O:felles og på Ped It innan sette fristar. Vurdering Satsingar Etterutdannning Kompetanseheving og tverrfagleg samarbeid Vidareutdanning: Prioriterte fag etter skulane sine behov. Den digitale læringsplatt-forma. (PedIT) SOL ( Systematisk observasjon av leseopplæringa ) drift og skulering. PALS Positiv atferd og støttande læringsmiljø. Vurdering for læring Fag / tema som Sjustjerna gjer avtale om med HiVolda. Nye elevar i grunnskulen flyktningar Arbeid mot mobbing. Engelsk Matematikk Spesialpedagogikk Norsk Tysk Kroppsøving Halde fram: www.pedit.no/gs/vanylven Tilbod om skulering i Sol kvar haust. Fiskå skule er med. Myklebust skule søkjer til pulje7 Alle skulane. Alle skulane. Alle skulane. Alle skulane. Rektor er ansvarleg for utviklingsarbeidet ved sin skule. Planlegging, gjennomføring og oppfølging. Kultur- og Oppvekstkontoret 25.02.2016 Vanylven kommune Side27