Det skjer i Suldal. 18. januar til 5. juni 2011. www.skattkammeretsuldal.no



Like dokumenter
Det skjer i Suldal. 26. januar til 22. juni

Det skjer i Suldal. 26. januar 2012 til 16. juni

Det skjer i Suldal. 1. juni til 1. oktober

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Det skjer i Suldal. 25. september til 9. desember

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Sommartur til Sverige,

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkommen til songarstemne i Florø!

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Til deg som bur i fosterheim år

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Månadsplan for Hare November

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Program våren 2015 Askim bibliotek

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

No sprett knuppane og sevja stig

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INFORMASJON om førestellinga:

Time Bibliotek. Haustmeny 2015

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Det skjer i Suldal. 22. juni - 5. oktober

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Velkomen som konfirmant!

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Det skjer i Suldal. 16. januar til 22. juni

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Det skjer i Suldal. 20. juni til 3. oktober Du kan kjøpa billettar til arrangement på Kulturhuset på

Stemnehandboka for NKSF

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Referat frå MINTA møte

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Det skjer i Suldal. 15. januar til 20. juni

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Velkomen som konfirmant

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Det skjer i Suldal. 20. september 2011 til 15. januar

«Ny Giv» med gjetarhund

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Informasjon Mangerfestivalen

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

Innhald. Værlam Gamalnorsk spælsau VILLSAU. Vaksen villsauvær for sal. Risbitvær for sal (NKS) Nummer oktober 2011.

Brukarundersøking Bibliotek. Resultat

Vinter- og vårprogram 2015


MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Velkommen til kulturskulen.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Månedsbrev april 2015

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Tuddal. Vår 2014 Nr. 1 Årgang 20. God påske - 1 -

Stilling ledig med bilde, full utlysingstekst og Førde-tekst. Ønskjer du toppleiarstilling i Førde Kommune?

Månadsbrev for Rosa september 2014

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MEDLEMSINFO. august 2009

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

august 2013 NESETDAGANE.

Brukarrettleiing E-post lesar

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Transkript:

Det skjer i Suldal 18. januar til 5. juni 2011 Du kan kjøpa billettar til arrangement på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no www.skattkammeretsuldal.no

Vinter og vår i kulturhuset Trass i nok ein kald vinter så blømer og vermer kulturlivet i Suldal like godt. Klimaskifte og dommedagsprofetiar tek ikkje knekken på lysta til å vera saman og oppleva det kulturelle mangfaldet. Moglegheita for å keia seg her i kommunen er svært liten. Me som arbeider med kulturtilbodet er svært glade for at me nok ein gong kan tilby dykk eit godt og variert program eit program for både store og små. I haust fekk kulturhuset oppgradert kinoutstyret sitt. Kinoen er nå fulldigitalisert og kan visa filmar i 3D. Med ein digitalisert kino så vil Suldal få høve til å visa premierefilmar samstundes med dei store kinoane. Salen har eit svært godt lydanlegg og gode stolar i amfi. Dette er ein sal som i kvalitet og komfort er fullt på høgde med kino og konsertsalar i byane. Likevel levande musikk vil vi ha og først ut er Stavanger Symfoniorkester. Dei er svært glade i Suldal og kulturhuset. Dei skryt svært av den gode akustikken i salen vår. Denne gongen kjem dei med noko dei har kalla Operaens slyngler Her får alle dei skurkaktige kjeltringane herje fritt på scenen og dei lovar mykje flott musikk. Joanna McGregor kjem i byrjinga av februar. Kanskje eit ukjent namn for mange, men ho har gjennom fleire tiår vore ein av dei mest allsidige og nyskapande pianistane i verda. Ho er hyrt inn av Rikskonsertene og vi er svært glade for at dei legg turnéruta si innom Suldal. Vilt og vakkert blir det og i februar. Bak denne tittelen finn vi villmannen og eventyraren Lars Monsen. Det vakre er det kjærasten hans; artisten og songaren, Trine Rein, som står for. Her blir det ein flott kveld fylt med flotte bilete og nydeleg song. Vakkert og stemningsfullt blir det like etter: Åresong - dette er eit tingingsverk til Festspela i Bergen. Her har Jon Fosse sine tekstar blitt tonesett av Gabriel Fliflet. Teater har vi og funne plass til: Pippi Langstrømpe svinsar òg innom ein tur til glede for både små og store. For dei kunstinteresserte vil det bli fleire utstillingar. Nasjonalmuseet vil komma med ei stor utstilling med Grete Prytz Kittelsen sine arbeid. Ho var gjennom eit halvt århundre ein leiande og nyskapande designar, særleg kjend for sin emaljekunst og bruksting. i Suldal har etterkvart fått eit godt ry på seg både av artistar og publikum. Det er eit levande hus og vi legg vekt på at her skal alle kunne finna eit tilbod som høver. Det er eit rikhaldig tilbod me kan gi Suldal og ikkje minst folk i nabokommunane. Her blir det ein sjanse til gode opplevingar heilt fram til vårsola i bakkane blenkjer og badesesongen står for døra. Me ynskjer turistar, hyttefolk og andre tilreisande hjarteleg velkomne. Hanne Mette Birkeland Kulturhusleiar 2

Tysdag 18. januar kl.19.00 filmframvising Terje Bråtveit syner film frå opninga av Dollarvegen i 1931 Arr.: Suldal Sogelag Onsdag 19. januar kl.11.30 Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane. Gjest: Tove Solheim - hardingfele. Torsdag 20. januar kl.19.30 Foto: Knut Bry/Tinagent. Operaens slyngler Helter og skurker fra operaens verden. Solist Harry Peeters, bass-baryto. JANUAR I hovedrollene: Don Giovanni (MOZART), Othello (DVORÁK og VERDI), Mefisto (SCHUMANN og GONOUD) og Den Flygende Hollender (WAGNER). Dirigent Andreas Stöhr. Helter og skurker er gjennomgangstema hjå SSO denne sesongen. Få stader finn me fleire av dei (som regel i overført betydning) enn i operalitteraturen. Då den første operaen blei skreven på byrjinga av 1600-tallet var det i eit forsøk på å gjenskapa det greske dramaet, med gudar og heltar i kamp med skjebnen og onde krefter. På mange måtar ligg dette klassiske plottet til grunn for all dramatikk den dag i dag: Det gode møter det vonde og i siste akt står det avgjerende slaget, anten det dreier seg om dyrekjøpt kjærleik eller verdsherredømme. Det har blitt mykje flott musikk gjennom hundreåra, og denne kvelden får ei rekkje skruppellause kjeltringer frå operalitteraturen herja scenen åleine, utan innblanding frå heroiske plageånder. Pris: Kr 250,- Arr.: i Suldal Laurdag 29. januar kl.13.00 Opning av utstilling Roald Sivertsen Arr.: Suldal Kunstlag Onsdag 2. februar kl.11.30 Lunsjkonsert med distriktsmusikarane: Erlend Jordal - fløyte, Xenia Berkova - fiolin. Gjest: Einar Olsen. 3 febr.

Torsdag 3. februar kl.18.00 Nesasjøhuset Internasjonal kafé Sal av internasjonal mat. Bånsullar. Gratis inngong. Arr.: Ryfylkemuseet Torsdag 3. februar kl.18.30-20.30 FARGERIET Spøtakafé Arr.: Suldal Husflidslag februar Fredag 4. februar kl.19.00 Joanna MacGregor Opplev pianisten Joanna MacGregor på nært hald! Ho er ein av de mest allsidige og nyskapande artistane i dag, og ho begeistrar publikum frå Buenos Aires til Shanghai. Likar du klassiske komponistar som Bach, Chopin og Sjostakovitsj? Piazzolla sine lidenskapelege tangoar, eller er gospel, blues og jazz din favorittmusikk? Her får du alt saman, på Joanna sitt vis. Dette er ein fargerik artist som gjerne vil ha deg med på å kryssa dei musikalske grensene. Bill.: Kr 200,- Arr.: i Suldal i samarbeid med Rikskonsertene Foto: Pål Hansen Tysdag 8. februar kl.19.00 Dansen gjekk på Kvæstadbrua Svein Magne Olsen. Veghistoriske kulturminne frå Rogaland - Årsmøte Suldal Sogelag Onsdag 9. februar kl.18.00 Pippi Langstømpe Teater for dei minste. Kr 160,- Arr.: i Suldal i samarbeid med Victoria Productions 4

Laurdag 12. februar kl.19.30 Best i vest, galskap og fest Haugalandsrevyen. Rein Gla skap med artistar frå heile Rogaland. For andre gong er glansnummer frå revy- Rogaland samla i ein feiande revy! Her får du humor som kortar ned på vinteren! Søndag 13. februar kl.15.00 Korpskonsert Felles konsert med musikkorpsa i Suldal Måndag 14. februar kl. 19.00 Nesasjøhuset Amal Aden ABC i integrering Amal Aden er tildelt Zolaprisen 2010. Prisen blir tildelt av Foreningen til fremme av sivilt mot. Amal Aden får prisen for å ha kritisert norsk innvandringsog integreringspraksis på ein konstruktiv måte. Ho kom til Noreg frå Somalia i 1996, 13 år gammal, foreldrelaus og med fortid som gatebarn. Møtet med det nye heimlandet blei også tøft. Men etter kvart har Amal Aden kjempa seg fram til eit verdig liv i Noreg. Ho er oppteken av integrering, spesielt av kvinner og barn frå Somalia. Ho skriv bøker og held foredrag. Amal Aden ønskjer å hjelpa det norske samfunnet til å forstå korleis mange av innvandrarane lever. Bill.: Vaksen 60,- og ungdom 30,- Arr.: Folkeakademiet Suldal og Ryfylkemuseet februar Tysdag 15. februar kl.19.30 Vilt & vakkert Lars Monsen og Trine Rein Ein kveld fylt med ville og spennande historier, flotte bilete og vakker song. Bill.: Kr 390,- / 200,- Arr.: i Suldal 5

februar Foto: Hans Jørgen Brun Torsdag 17. februar kl.19.00 Åresong Om vind, sjø og heilt umoglege jenter. Åresong - dette er eit tingingsverk til Festspela i Bergen. Her har Jon Fosse sine tekstar blitt tonesett av Gabriel Fliflet. Fliflet er kjend for si spilleglede og stemningsfulle konsertar. Han har med seg fleire musikarar m.a Benedikte Maurseth på hardingfele. Kr 200,-, barn kr 100,- Arr.: i Suldal i samarbeid med Rikskonsertene Søndag 20. februar UKM Flott og fin ungdom frå Hjelmeland og Suldal møtes til venskapeleg kappestrid med dans og drama, musikk og song Torsdag 3. mars kl.18.30-20.30 FARGERIET Spøtakafé Arr.: Suldal Husflidslag MARS 5. - 6. mars GULLINGEN Zporty Snøfestival Snøleik og konkurransar for Gullingen barn og vaksne i to dagar til ende! www.zporty.no Laurdag 19. mars kl.17.00 Indiaprosjektet i kulturskulen, familiekonsert. - Suldal Laurdag 26. mars kl.10.00 Årsmøte Rogaland Historie og Ættesogelag Ernst Berge Drange. Jelsa - eit lærdomssete i fjordane. APRIL April: Vinjar skule Rydd eit kulturminne Quiz på historiske bruksting Arr.: Suldal Sogelag April: Sand skule Quiz på historiske bruksting Arr.: Suldal Sogelag 6

Laurdag 2. april kl.13.00 Opning av Utstilling Jan Terje Rafdal. Arr.: Suldal Kunstlag Torsdag 7. april kl. 19.00 Per Fugelli: Helsens grunnstoffer- verdighet, frihet og fellesskap. Bill.: Kr 100,-. Kr 50,- for dei over 67 år (Kulturstokken) Arrangementet er eit samarbeid mellom Sand Kvinne- og familielag, Sand Sanitetsforening, Sand Bygdekvinnelag, Suldal Rotaryklubb, Frivillige hender og Folkeakademiet Suldal Fredag 8. april kl. 20.00 Kor vart det av jula Premiere. Vaksne kr 100,- Barn kr 75,- Familie kr 300,- Arr.: Kulturskulen / Løland-stiftinga APRIL Fredag 8. april kl. 20.00 Øvre Suldal Samfunnshus, Nesflaten Tindra og Gullgutane Konsert og CD-slepp. Pubkveld og moglegheit for ein svingom etterpå. Arr.: Nesflaten Ungdomslag Laurdag 9. april kl.17.00 KULTURHUSET Tindra og Gullgutane Konsert og CD-slepp Arr.: i Suldal Onsdag 13. april kl.11.30 Lunsjkonsert med distriktsmusikarane: Erlend Jordal - fløyte, Xenia Berkova - fiolin. Gjest: Inna Mazurova - piano Torsdag 14. april kl.18.30-20.30 FARGERIET Spøtakafé Arr.: Suldal Husflidslag 7

Onsdag 27. april kl.19.00 Kor vart det av jula, Vaksne: kr 100,-, barn: kr 75,-, familie: kr 300,- Arr.: Kulturskulen / Løland-stiftinga Onsdag 27. april Nesasjøhuset Kvitebjørnen - undrande og skapande Utstillingsopning for barn. Klokkeslett og program kjem seinare Arr.: Ryfylkemuseet, Stiftinga Rasmus Løland-markeringa APRIL Torsdag 28. april kl.18.30 Festframsyning for Rasmus Lølandmarkeringa Medverkande: Tønes, Herborg Kråkevik, Inger Bråtveit, Terje Bråtveit, Anita Svendheim, Kulturskulen i Suldal, Valkyrien Allstars m.fl. Vertar for kvelden: Hilde Sandvik og Åshild Vetrhus Hovudinnslag: Litteraturreise v/herborg Kråkevik. Tekst: Hilde Myklebust. Musikk: Goss ten Napel Pris: Kr 295,- Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Fredag 29. april KULTURHUSET Skulekonsert for skulane i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord med Tønes og Valkyrien Allstars Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa og Landssamslutninga av nynorskkommunar Fredag 29. april kl.20.00 Konsert med Tønes og Valkyrien Allstars Pris: Kr 250,- Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa MAI Torsdag 5. mai kl. 18.30-20.30 FARGERIET Spøtakafé Arr.: Suldal Husflidslag 8

Laurdag 7. mai Kraftrittet i Suldal Sykkelritt. www.kraftrittet.no Arr.: Suldal Sykkelklubb Laurdag 7. mai kl. 13.00 Opning av Utstilling Grete Prytz Kittelsen Arr.: i Suldal og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Onsdag 11. mai kl.11.30 Lunsjkonsert med distriktsmusikarane: Erlend Jordal - fløyte, Xenia Berkova - fiolin og Alie Hamberg - piano Torsdag 12. mai kl.19.30 Håland i Erfjord Songkveld Bill.: Kr 60,- Arr.: Erfjord bygdekvinnelag/ Ryfylkemuseet Søndag 15. mai kl 10.00 SAURDAL Skitur Arr.: Suldal IL, Trimgruppa MAI Tysdag 24. mai Nesasjøhuset Rasmus Løland 150-årsdag Avduking av monument og kulturprogram Arr.: Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa, Ryfylkemuseet 29. mai kl.10.00 Tur til Ulladalen Frå Kjødnarhaugen til Holmen Arr.: Suldal Sogelag Tysdag 31. mai kl. 18.00 Nesasjøhuset Ryfylkemuseet om rasmus løland Reisande på tur langs Diktarvegen frå Jæren til Sunnfjord kjem til Sand. Ernst Berge Drange med føredrag om Rasmus Løland. Anne Elisebeth Skogen med forteljarforestilling. Bill.: Kr 50,- Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa, Ryfylkemuseet, Diktarvegen Torsdag 2. juni kl.19.00 Konsert med distriktsmusikarane. Xenia Berkova - fiolin, Erlend Jordal - fløyte. Med gjester. 9 juni

3.- 5. juni Ryfylkedagane Handels- og kulturdagar med arrangement for heile familien. Fredag 3. juni kl.19.00 Nesasjøhuset Det gode liv Utstillingsopning. Om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda. Arr.: Ryfylkemuseet juni Laurdag 4. juni kl.13.00 i Suldal Opning av sommarutstillinga Arr.: Suldal Kunstlag 4. - 5. juni SULDALSOSEN Storaurefestival Fiskefestival/konkurranse for heile familien. Alle kan vera med i båt og fiska. www.suldalsvatnet.no 4. juni kl.10.00-17.00 Mokleiv Pilegrimsvandring og middag. Kr 250,-. Lett løype. Påmelding til pilegrimsvandring@mokleiv.no Søndag 5. juni kl.12.00 Øvre Suldal Samfunnshus Grilldag med loppemarknad og auksjon. Arr.: Nesflaten Ungdomslag 10

Velkommen Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 til 85 i Suldal! www.suldal.kulturhus.no opningstider kulturhus og bibliotek: i Suldal har ope sju dagar i veka - sjå nettside eller Suldalsposten. Me tilbyr moglegheiter for avislesing og gratis trådlaust nettverk. Kinoen er digitalisert og viser film torsdag og søndag. Barnefilm laurdagar kl. 13.00, ofte i 3D. Folkebiblioteket har ope 6 dagar. Torsdag er langdag med ope til kl.18.00. Biblioteket har eit godt utval i skjønn- og faglitteratur, dvd-filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har og publikumspc ar til disposisjon. I skuleferiane: Haust, vinter og påske har me auka aktivitet, m.a. med kinotilbod på dagtid. Følg med på kulturhuset si nettside, på facebook og Suldalsposten. Kulturhus ekspedisjon: Tlf. 52 79 22 90 Suldal Folkebibliotek: Tlf. 52 79 22 82 www.filmweb.no Kino www.suldal.kulturhus.no Bowling, biljard, dart Tysd./torsd. kl. 17.00-22.00 Onsdag kl. 14.00-19.30 Ope for bestilling utanom vanleg opningstid, min. 2 banar i 1 time. Tlf. 52 79 22 90. Kulp kafé Måndag - fredag kl. 11.00-17.00. Laurdag kl. 11.00-15.00. Neste utgåve av Det skjer i Suldal kjem i juni. Frist for innlevering: 10. mai. 11

Vinter i Suldal - rik på opplevingar På vinteren er det gode høve for friluftsliv og andre flotte opplevingar i Suldal! Heia ventar den som vil gå milevis utanfor oppkøyrde løyper, f.eks. til Snønuten eller Skaulen. Langrennsløypene ved Mosvatnet/Gullingen, inkludert lysløypa, vert oppkøyrd frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for det. På www.suldal-skiinfo.no. finn du til ein kvar tid oppdatert snø og løypeinformasjon. I Suldal finn du også eit skileik-område i Breidastølsdalen og alpinsenteret Gullingen Skitrekk. For den som ikkje vil ut på ski kan lauging, isbading (?) eller ein fisketur på fjorden vere eit godt alternativ. Gullingen Skitrekk Gullingen Skitrekk har ope kvar laurdag og søndag frå kl. 10.00 til 16.00. Kveldskøyring i partalsveker ( veke 2, 4, 6 etc.) frå kl. 18.00 til kl. 21.30. I vinterferien/påska har dei ope kvar dag frå kl. 10.00 til kl. 16.00. Måndag, onsdag og fredag er det kveldskøyring frå kl. 18.00 til kl. 21.30. Skitrekket har ikkje ope viss det ikkje er nok snø! På gullingen.no finn du til ein kvar tid oppdatert informasjon om snøforholda i skitrekket. Skyss til bakken? Er de ei gruppe som ønskjer å kome dykk opp til Gullingen, men manglar skyss? Ta kontakt med Osa-Bu på tlf. 52 79 92 60 eller Suldal Billag på tlf. 52 79 04 00. Zporty Snøfestival I vinterferiehelga 5.- 6. mars er det igjen tid for Zporty Snøfestival i Gullingen-området, med kurs og aktivitetar for heile familien. Meir info finn du på zporty.no Ta kontakt! På vinteren har Suldal Turistkontor kontor i Suldal Næringspark (2. etasje, Monter-bygget, Garaneset). No i vinterhalvåret har me ope måndag til fredag frå kl. 08.00 til kl. 15.30. Ta gjerne kontakt viss det er noko du lurer på! Tlf. 52 79 05 60, post@suldal-turistkontor.no Meir informasjon om aktivitetar, attraksjonar og overnatting finn du på nettstaden vår: www.suldal-turistkontor.no 12

Ryfylkemuseet Regionmuseum for Ryfylke, senter for bygningsvern, folkemusikkarkiv for Rogaland NESASJØHUSET: Ope måndag - fredag 08-15.30 Museumsbutikk med lokallitteratur og gåveartiklar. Løland kafé med kaffi/te/kakao, aviser og internett. utstillingar: Ut april: ein kvinneheim - om ein kvinneheim i tre generasjonar Opnar 27.04.: Kvitebjørnen - undrande og skapande Opnar 03.06: Det gode liv - om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda Museumsbutikk med lokal litteratur og gåveartiklar. Løland kafé med kaffi/te/kakao, aviser og internett Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand Tlf. 52 79 29 50, faks 52 79 29 51 E-post: post@ryfylkemuseet.no www.ryfylkemuseet.no Handla på Sand Perlå i Ryfylke e-post: bg@bgsuldal.no www.bgsuldal.no Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49 Me har klær til kvardag og fest 4230 Sand - tlf. 52 79 71 48 13

sand - tlf. 52 79 07 90 Opningstider: 09-21 laurdag til kl. 18.00 for private og bedrifter VaktmeiSter Oppussing, vedlikehald og reparasjonar. reinhald Fast eller enkeltståande oppdrag. it-patrulja Alt innan data-, tele- og kontorrekvisita. Catering/kafé Du ringer, me bringer. Tlf. 481 60 440 Sandsv. 134, 4230 Sand post@firmatenester.as www.firmatenester.no Krambua Tlf. 52 79 06 50 www.krambuasand.no Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND KULP På KULtUrhUset opningstider: Måndag - fredag 11.00-17.00 Laurdag 11.00-15.00 tlf. 951 53 232 internettkafé, catering, mat- og vinkurs, kurs og konferanse, temakveld Me byggjer hus, hytter, NæriNgsbygg M.M. Garaneset - 4230 SAND tlf. 52 79 06 30 firmapost@kv-bygg.no www.kv-bygg.no Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30 OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00 OPNINGSTIDER: MåndAG - fredag 08.00-21.00 LAUrdAG 09.00-18.00 RIMI Sand 9-20 (18) Din lokale bokhandel * Kurs & konferanse * Restaurant * Bar med alle rettigheter Tlf. 52 79 27 00 14

MØBLER - TEPPER - LAMPER - UTSTYR Sko til kvardag og fest! Tlf. 52 79 06 40 Tlf. 02002 - www.sr-bank.no Tlf. 52 79 00 60 Buss: Tlf. 52 79 04 00 service: Tlf. 52 79 45 02 El.installasjon i hytte/hus Salg, montering og reparasjon av varmepumper Salg av småelektriske artikler Salg og reparasjon av hvitevarer Suldal InStallaSjon as Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690 Faks 52 79 75 61 E-post: suldal.installasjon@hed.no Suldal Vekst AS Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv.134, 4230 Sand. Tel: 52 79 06 00, post@suldalvekst.no Gåsevikja, 4230 Sand Tlf: 52 79 29 70 E-post: post@klungtveit.com ÅpninGSTidEr butikken: Mand - fred: 08.30-16.00. Lørd: 10.00-13.00 Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk. OPNINGSTIDER: Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00 Tjelmane Dekkservice AS Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77 15

Herborg Kråkevik. Lars Monsen og Trine Rein. Tindra: Irene Tillung, Åshild Vetrhus og Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Tlf. 52 79 22 90 Tlf. 52 79 29 50 Tlf. 52 79 06 25 Tlf. 52 79 05 60 Layout: Suldalsposten