MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / juni 2015
2
Sånn so dei gjorde før i tie Tysdag 9.juni hadde me på Hordabø skule besøk av nokre spreke damer frå Husflidslaget. Me samla alle elevane på biblioteket, og Aud Marit fortalde om korleis ein laga tau og snorer i gamle dagar. Då kunne ein ikkje berre gå på butikken og kjøpa nye tau og snorer. Bollar var heller ikkje så lett å få tak i, så hadde ein lyst på noko godt laga ein stompekaker med sirup. Det var vel grunnen til at mange fekk plast-tenner til konfirmasjonen. Aud Marit fekk elevane til å lova å gå heim å pussa tennene godt etter endt skuledag. Elevane vart delte i tre grupper. Aud Marit tok med seg ein gjeng på kjøkkenet for å laga stompekaker. Dei fekk og innføring i korleis ein får sirup ut av boksen utan å søla. Stompekakene var fantastisk gode. Skreve av Torill Myrtveit Fjeld Ingrid fekk med seg ei gruppe ut for å læra å bruke slyngstokkar for å laga snorer og venskapsband. Reidunn tok med seg resten av elevane på formingsrommet. Dei tvinna seg kvar sitt hoppetau av gamle laken og dynetrekk! Slik fekk elevane læra litt om gjenbruk. Dette har vore ein lærerik og kjekk dag for elevar og vaksne. Husflidlaget er hjarteleg velkomne tilbake når som helst. Takk for no. OBS! Husflidslaget etterlyser en slik reperbane som det er bilde av her. Noen som vet hvor den har tatt veien? 3
Torgdag i Hillesvågen Laurdag 6. juni var det igjen klart for Torgdag i Hillesvågen. Sola skein dei timane torgdagen vart halden og trass færre utstillarar enn året før var det godt frammøte av barn og vaksne. Nokre av utstillarane var nye. Sigurds økoplantar produserer økologiske urter og matplatar samt blomar. Han rapporterte om bra sal og interesser for produkta hans. Samnøy Bøkkeri ved Endre Samnøy var også i Hillesvågen. Det var mange som synte interesse for stolar, tønner, stampar med meir. Godt handverk er meir verdsett og etterspurd i dag enn tidlegare. Mange spurte om namn og telefonnummer og han rekna med å selje litt også i etterkant av messa. Som vanleg hadde torgdagen fleire barneaktivitet. Det blei laga snorar med slyngstokkar, ungane fekk prøva å karda ull med både kardemaskin og handkarder. Vigdis Valde synte korleis ein lagar garn av ull med handtein. kanskje gje vekk. Ungane kunne og lage hoppetau med snordreiarar som på torgdagen tidligare år. Det var jamn på gang av barn som ville lage seg hoppetau. Bildet syner Yngve Valde, 7 år og Sivert Nytun Schulstad snart 8 år. Dei er verdas beste vennar. Sivert fortel at han er på torgdagen kvart år og har og laga hoppetau før, Men det er første gongen for Yngve. Hoppetaua skal dei bruke litt og etterpå Som vanleg hadde både broderinemnda og bunadsnemnd stand på messa som var godt besøkte. 4
Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Sylteflesk Vevkurs/Flatvev Linda Grinheim 92228974 10 Aud Marit Halland 56373278 48 21. nov 3. sep Austrheim Kr 700 Dale Grendahus kr 2 600 Pilfletting Lise Dyrhovden 56367257 14 16.-17.okt Hillesvåg kr 900 Skinnfell Kjersti Børilden 993 61 071 34 2016 Hillesvåg kr 1 900 Herrebunad Nordhordlandsbunad Airin Espelid 55240860 48 Dag/kveld 2. sept Fallkanger kr 2 600 Strikkekurs og heklekurs Tauverk Ingrid Hopland 95887296 16 Kaspar Hansen 56178108 15 14. okt Hillesvåg kr 1.000 8.-17. sep Flatøy kr 950 Kipekurs Oddvar Henisdal 4148087 20 23.-25. okt Manger Kr 1.200 Spinnekurs Vigdis Valde 977 40 380 11 23.-24. okt Hillesvåg Kr 750 Lefsekurs Arild Hagenes 990 34 535 16 12.-13.sep Austrheim Kr 1.000 Plantefarging Magnhild Runhovde 90160004 17 18.-20. sep Hillesvåg Kr 1.050 Gønnlandsperler Dagmar Lygre 18 3. nov Manger Kr 1.100 Biledvev Anette Dyrbye Stene 91761332 30 1. sep Knarvik ungd.skul Kr 1.700 Materialutgiftar kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. Påmelding på http://www.husflid.no/lokallag/hordaland eller på e-post: nordhordland.husflidslag@outlook.com eller på telefon til Gina Blomberg, tlf. 982 22 833. Påmelding til skinnfellkurset er 23. november. Andre spørsmål/ynskjer/forslag ta kontakt med studieleiar Kirsti Abbedissen, tlf. 48135865 5
Vårtur. Me var ikkje mange som hadde meldt oss på, men me som kom fekk ein flott tur rundt Bogno med ei flott skute! Etterpå vart me frakta til Jektevika. Der fekk me høyra om både bygginga av båten og notebua. Me fekk servert fantastisk urtesuppe, med urtesmør og urtebrød til. Til slutt blei det kaffe/urtete og sjokoladekjeks med mynte. Som de ser var me maks heldig med været og hadde opplett på turen rundt Bogno. På vegen tilbake, vart det vått kan ein sei. Då kraup heile gjengen ned i byssa mens kaptein og manskap losa oss trygt og sikkert til kai. 6
Invitasjon til å delta under sentrumsarrangementet «Smaken av» I perioden 12.-16.august 2015 arrangerer Nordhordland næringshage, Austrheim kommune, næringslivet i kommunesentrum og Kystlandsbyen ein sentrumsfestival med tittelen Smaken av. Dette er samstundes med at den årlege Havsportveka vert arrangert i kommunen. Dei siste åra har denne trekt 7-8000 mennesker til sine arrangement. Kommunen har eit stort tal tilreisande desse dagane, og difor ynskjer vi å få til enno meir aktivitet i sentrum av kommunen. Like ved Mastrevik torg vil vi ha eit eige festivaltelt med diverse arrangement kvar dag, og inne på Mastrevik torg vert det rigga til marknadsplass med kunsthandverk og «bonedens marknad». Vi ynskjer å invitera Nordhordland husflidslag sine medlemmer til å delta på marknadsplassen fredag 14.august og laurdag 15.august. Pris for å delta er kr. 250,- pr. dag pr. bord. Om nokon ynskjer å stå fleire dagar let dette seg sikkert gjera. Vi legg opp til trådlaust nettverk og straum for dei som har behov for dette. Vi ynskjer at dette skal bli ein god marknad med gode og «ekte» produkt. Påmelding til Nordhordland næringshage: Kate Bentzen, kate@nh-nh.no eller mob. 48207257 - innan 01.07.15 Flott om du opplyser litt om kva du vil selja og kor mange bord du ynskjer. Eventuelle spørsmål kan rettast til underteikna på mob 41662610 Vel møtt til gode marknadsdagar i Austrheim, 14.-15- august 2015 e Dyrkolbotn Austrheim kommune / Smaken av. Åpningstider på Husflidstova SA i sumar: Minner om første handarbeidstreff i haust i Husflidens hus i Hillesvågen mandag 7/9-2015 kl 18:00 Tema for kvelden vert truleg presentasjon og demonstrasjon av Nøstebarn sine produkt. 7 I tida 01.07.15-12.07.15 Man-fred: kl 09.00-16.00 Lør: kl 10.00-14.00 I tida 13.07.15-26.07.15: Stengt pga ferieavvikling. I tida 27.07.15-09.08.15: Man - fred: kl 09.00-16.00 Lør: kl 10.00-14.00
E slåttateja. Du går så bratt ette allmannvæja å fint bli fare frå fotå din Meinn vi ska møtast e sommå tæja, når haustkvellsdåjja e skåra skin. Du trø e ståppå så stronk å strakjin, å stor e status, så stør kan bli. Meinn e trødd framme å kledd me nakjinn å tedd me tuppåt e all mi ti. Meinn når vi kjem innåt elvafara å kar n me jåa he kvesst si klo, så ska du sjå at på kjerkegara der sett dem såt tå åss båe to. Å så æn mårgå ska såtåinn kastast, da blir det spørsmål om vakkert ver. Fær løinn skår lyt e sikkert lastast. men får du høytørk fær fager fer? Hans Hyldbakk Litt forklaring væja: Dativ av vegen tæja: Dativ av teigen skåra: (ljå)-skåret (dativ) ståppå: dype spor i snøen; (Førstemann lager ståppå, nestemann trør i ståppå.) stronk å strakjin: med løftet hode og rak rygg tuppåt: rart, tullet, barnslig jåa: Dativ av ljå såtåinn kastast: høysåtene skal spredes løinn skår: dårlig ljå-slått - mye står igjen fager fer: ad-ferd eller her: livsløp www.husflid.no/nordhordland POST TIL PRIMSTAVEN Husflidstova SA Postboks 49 Telefon: 56 36 07 44 Blombakken 1 post@husflidstova.no 5911 ALVERSUND www.husflidstova.no Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@hfk.no ingrid@eidsnes.org eller arhagene@online.no eller nordhordland.husflidslag@outlook.com Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Arild Hagenes, postboks 42, 5931 Manger 8