- Det er tette band mellom estisk mafia og selskapet Clevo Baltic, som leiger ut arbeidskraft til fiskeindustrien på Sunnmøre



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Lønnsundersøkinga for 2014

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

«Ny Giv» med gjetarhund

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Melding om behov for representant

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Svein Aam, Ragnvaldmarka 8, 6100 Volda ( tlf ), Svein.Aam/Smp.no. Redaksjonsadresse: Sunnmørsposten, postboks 123, 6001 Ålesund, tlf

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Erfaring frå ein multikulturell arbeidsplass. Magne Gurskevik Dagleg leiar, Kleven Maritime Contracting

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Med god informasjon i bagasjen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2


Strategiplan for Apoteka Vest HF

Jon Fosse. For seint. Libretto

Tilgangskontroll i arbeidslivet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Med tre spesialitetar i kofferten

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Informasjon til elevane

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Setring ved Håbakkselet Hareid

Salsløyve - søknad om løyve til salg av alkoholhaldig drikk gruppe 1

Samansette tekster og Sjanger og stil

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

/

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Vår ref.: Dykkar ref.: Dato: 12/

ehandel og lokalt næringsliv

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing


EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Styret har vore samansett slik i 2012 :

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Vurdering av allianse og alternativ

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

Transkript:

I dårlig selskap «I dårlig selskap» vart publisert som laurdagsdokumentar i Sunnmørsposten 11. mars 2006, over to sider i fullformat. Dette var starten på ein reportasjeserie under vignetten «Våre nye kollegaer», om tvilsamme forhold kring skatt, arbeidsmiljø og arbeidsvilkår. Oppfølgingssakene er lagt ved som bakgrunnsmateriale. Vi har dokumentert at: - Det er tette band mellom estisk mafia og selskapet Clevo Baltic, som leiger ut arbeidskraft til fiskeindustrien på Sunnmøre - At den bedrageridømte nordmannen Arild Eikås, som rømte til Estland for å unndra seg soning, er ein av bakmennene i Clevo Baltic. - At Arild Eikås misbrukte namnet til ein nær slekning, ved å føre han opp som eigar av Clevo Baltic. - At Norsk Sjømat, eit av dei største norske konserna innan foredling av laks, har leigd arbeidskraft frå Clevo Baltic. - At arbeidarane til Clevo Baltic i nokre tilfelle har hatt så lite som 10 kroner timen i grunnløn. - At arbeidarane til Clevo Baltic har jobba ulovleg mykje overtid. - At kontraktane Clevo Baltic har operert med er mangelfulle. - At ein stor aktør i norsk fiskerinæring har brukt utanlandsk arbeidskraft utleigd frå Clevo Baltic utan å melde frå til Skattekontoret for utanlandssaker, slik lova krev. - At Clevo Baltic har brote estisk lov, fordi dei har drive utleige av arbeidskraft utan å ha løyve. Dei som var med: Svein Aam Ragnvaldmarka 8 6100 Volda Telefon: 70 05 31 84 Mobil 90 20 12 32 Bent Botten Henrik Ibsens veg 16 6413 Molde Telefon: 71 25 56 52 Mobil 90 20 12 36

Begge jobbar i: Sunnmørsposten boks 123 6001 Ålesund Telefon 70 12 00 00 Og: Liis Kängsepp, journalist i Äripäev Pärnu mnt 105 1994 Tallinn Estland Metoderapport 1 Start I samband med diverse oppdrag på lokale bedrifter la eg (Svein Aam) i løpet av 2005 merke til at det auka på med austeuropeiske arbeidarar «på golvet». I mange produksjonslokale var det nesten ingen som snakka norsk, og på parkeringsplassane var det mange polske og baltiskregistrerte bilar. I nokre tilfelle slo det meg at utlendingane verka redde og usikre. Den journalistiske nyskjerrigheita vart vekt: Kvar kjem dei frå? Korleis har dei hamna akkurat her? Korleis har dei det? 2 - Problemstilling Leigearbeidarar er ikkje noko nytt i høgkonjunkturtider på Nordvestlandet. Men eitt fenomen gjorde meg nysgjerrig: Framveksten av selskap som leigde ut billeg arbeidskraft frå Aust-Europa. Hypotesen var at arbeidsformidling er ein lukrativ geskjeft. Eg ønskte å sjå nærmare på mellommennene, og eventuelt synleggjere det som kunne lukte av menneskehandel. Innfallsvinkelen verka fornuftig ut frå den klassiske «follow the money»- metoden. 3 - Innsamlingsfase I januar 2006 starta eg ei kartlegging av selskap som dreiv med utleige av arbeidskraft i Møre og Romsdal ved å søke i tilgjengelege register. Eg fann 40-50 selskap som kunne vere aktuelle, og ringde til alle. I tillegg kontakta eg leiinga og tillitsvalde i 20-30 bedrifter som kunne tenkjast å bruke utanlandsk arbeidskraft. Ikkje alle var like villege til å snakke, men etterkvart sat eg på mange opplysningar og tips, både frå nye og gamle kontaktar i næringslivet. Eit interessant skille gjekk mellom vikarbyrå som tilsette folk i Norge, og dei som tilsette arbeidarane i deira heimland. Dei siste opererte med langt lågare prisar enn dei første, og fokus vart retta mot dei. Blant desse fann eg Clevo Baltic. Heimesida til dette selskapet var så spesiell at ho var ei god sak i seg sjølv, men eg valde å gå vidare.

4 - Graving Så langt hadde dette vore eit einmannsprosjekt, der eg dreiv research innimellom andre oppdrag. Clevo Baltic-sporet gjorde at vi etablerte eit team i byrjinga av februar. Vi fekk ein bedriftseigar til å svare på tilbodet frå Clevo Baltic om «prisgunstig» arbeidskraft. Etter kort tid vart han oppringt av ein norsk mellommann, som spurte kor mange arbeidarar han trengde, og når. Kunnskap om kontaktnettet til mellommannen sette oss på sporet av selskap som leigde folk frå Clevo Baltic. Dette letta arbeidet med å komme i kontakt estiske arbeidarar. Å få dei til å snakke var utfordrande. Å kontakte dei på jobb, for å stille delikate spørsmål om løns- og arbeidsvilkår, virka håplaust. Vi konsentrerte oss om å finne folk som hadde reist tilbake til Estland, etter oppdrag i Norge. Vi hadde lite å gå på. I nokre tilfelle hadde vi eit fornamn, i andre berre etternamn. Vi leigde inn ein norsktalande estar til å prøve å spore dei opp per telefon. Dei vi fann var forsiktige med å seie noko. Dei var redde for at dei sjølve, eller venner, skulle bli svartelista. Til slutt fekk vi napp. Den første arbeidskontrakten frå Clevo Baltic dukka opp. Det var klart at vi måtte basere oss på anonyme kjelder, og då trengde vi fleire. Til slutt hadde vi kopiar av fire kontraktar, som alle dokumenterte den dårlige betalinga. Arbeidarar vi snakka med fortalte også om dårlege arbeidsvilkår, og rot i selskapet. Heimesida til Clevo Baltic fortalte om «vår mann i Estland», Arild Eikås. Tilsynelatande var han høgt på strå i eit multinasjonalt selskap som selde datautstyr, uniformseffektar, båtar og billig ved i tillegg til at dei også formidla «prisgunstig arbeidskraft». Ein kollega meinte at Arild Eikås hadde ein bedrageridom, og han var usikker på om dommen var sona. Vi fann dommen, men å finne ut om den var sona vart uventa vanskeleg, sidan politiet nekta å gi opplysingar. Vi hadde tidlegare samarbeidd med den estiske avisa Äripäev i eit anna prosjekt. Vår kontakt der, journalist Liis Kängsepp, gjorde søk på Clevo Baltic i estiske register. To nye namn dukka opp som eigarar av selskapet. Eitt av dei var Evely Ader. Liis sjekka vidare på Ader og kom over avisartiklar om at ho hadde vore innblanda i ei rettssak om utpressing, saman med ein kjent mafiaboss i Estland. Den andre eigaren var ein nær slektning av Arild Eikås. 5 - Reise - Estland Opplysningane om Evely Ader sine kontaktar gjorde at vi bestemte oss for å reise til Estland for å drive research der. Ei sentral utfordring var å dokumentere koplinga mellom Ader og mafiaen. Vi valde å ikkje stole på det estiske aviser skreiv. Det viste seg å vere fornuftig. Ader si rolle i utpressingssaka var litt uklar. Vi fekk tak i dommen og tok kostnaden på 14.000 kroner med å få ei offisiell omsetjing til norsk. Ader vart frikjent for tiltalen om utpressing, men dommen dokumenterer den tette kontakten til kjente kriminelle i Estland. I Estland fekk vi ut lista over godkjende formidlarar av arbeidskraft. Clevo Baltic stod ikkje på lista. Arild Eikås hevda hardnakka at han berre var «konsulent» for selskapet. Ved å kartleggje hans aktivitetar kunne vi dokumentere at han spelte ei aktiv rolle. Mellom anna stod det hans underskrift på arbeidskontraktar.

Til slutt fekk vi og stadfesting, via andre kjelder enn politiet, på at Eikås ikkje hadde sona bedrageridommen sin. 6 - Ressursbruk Saka om Clevo Baltic var ein naturleg start på serien «Våre nye kollegaer», som i første omgang omhandla tre vikarbyrå/bemanningseselskap. Dei to andre var litauiske selskap, som var eigde av nordmenn. Det vart eit forholdsvis ressurskrevjande prosjekt, med store kostnader knytt til tolketenester og reising. 7 - Spesielle utfordringar Å leige billeg utanlandsk arbeidskraft er ein vinn-vinn situasjon for utleigar og for innleigar, og begge partane har interesse av å tåkelegge tvilsame forhold. Den største utfordringa med slike saker er å trenge gjennom røykteppet. Det typiske er at de norske bedriftene distanserer seg ved å vise til at utleigar har arbeidsgjevaransvaret. Dei utanlandske arbeidarane sjølve er ofte skjerma på arbeidsplassane, og dei bur ofte saman med mange andre. Når dei er i Norge er det vanskeleg å få dei på tomannshand i nøytrale omgivnader, noko som er ein føresetnad av omsyn til kjeldevernet. Vi opplevde at norske tillitsvalde var redde for å snakke om bruken av utanlandsk arbeidskraft, fordi dei frykta konflikt med leiinga. Og vi opplevde at temaet var så følsomt at bedriftseigarar slo seg vrange og trua med advokatar. Etatar som Fylkesskattekontor, Arbeidstilsyn og politi veit lite om vikarbyråa. Å finne grensene mellom det lovlege og ulovlege viste seg å vere vanskeleg. Mange av vikarbyråa opererer i ei gråsone, ikkje minst når det gjeld skatt, og utnyttar smutthol i regelverket. Med mafiafolk i kulissane måtte vi vere forsiktige, ikkje minst då vi var i Estland. Kontaktane til Evely Ader gjorde at vi var redde for å sette kjelder i ein vanskeleg situasjon. Å drive undersøkjande journalistikk i eit anna land er vanskeleg. Språkbarrieren er berre eitt av problema. Vi valde å søkje hjelp hos avisa Äripäev, og det utvikla seg til eit fruktbart samarbeid. I det globaliserte samfunn skjer det stadig oftare at saker har forgreiningar ut over landegrensene. Når dei vi skriv om samarbeider over landegrensene, må også vi journalistar gjere det. 8 - Etikk Saka baud på fleire presseetiske dilemma. I Estland fekk vi møte Ader, men vi fekk ikkje ta bilete. Vi valde då å fotografere ho utan at ho var klar over det, og å publisere biletet. Vi omtala Eikås sin usona bedrageridom. Vi brukte anonyme kjelder. Saka vart klaga inn til PFU av Arild Eikås. ( PFU 055/06). PFU frikjente Sunnmørsposten, og konkluderte med at vi hadde sett søkjelys på kritikkverdige forhold, og framheva at vi hadde vore «omhyggelege» med tilsvarsretten. Ein nær, ung, slektning av Eikås stod oppført som medeigar av Clevo Baltic. Denne slektningen var interessant fordi han hadde eit politisk verv. Han hevda at han ikkje visste at han eigde halve Clevo Baltic før vi gjorde han merksam på det. Våre undersøkingar tilsa at han snakka sant. Vi valde å ikkje nemne han med namn. Kva har skjedd etterpå? Laurdagsdokumentaren vart først følgt opp av ei sak om at bedrifter som har leigt inn folk frå Clevo Baltic har brote registreringsplikta til skatteetaten. (13. mars, sjå vedlegg).

Deretter retta Arbeidstilsynet sterkt kritikk mot arbeidsvilkåra for arbeidarane, og arbeidskontraktane. (14.mars, sjå vedlegg). Publiseringa førte til at ei ny kvinne som hadde jobba for Clevo Baltic melde seg, og vi laga ei eiga sak på hennar historie. Her vart dei lågaste lønene dokumentert - ei grunnløn på 10 kroner timen. (17.mars, sjå vedlegg) Norsk Nærings og Nytingsmiddelarbeiderforbund kom på banen og trua med å svarteliste selskap som brukte Clevo Baltic. (21.mars sjå vedlegg). Etter det vi kjenner til har den største kunden, Norsk Sjømat, slutta å leige inn folk frå Clevo Baltic. Ein anna stor kunde har lagt ned bedrifta. Den estiske avisa Äripäev, som er den største næringslivsavisa i landet, trykte ein omarbeidd versjon av vår reportasje om Clevo Baltic. ( 7. april, sjå vedlegg av nettversjon). Dei følgde opp med eigne saker om useriøs formidling av arbeidskraft. Framveksten av denne typen vikarbyrå er eit nytt fenomen, også i Estland. I ettertid har Svein Aam skrive ei rekkje andre saker om bruk av utanlandsk arbeidskraft i mellom anna vertftsindustri og bygg- og anleggsbransjen. Han hadde då god hjelp av grunnlagsarbeidet og kjeldenettet frå arbeidet med Clevo Baltic-sakene. Fleire av artiklane har handla om kritikkverdige løns- og arbeidsforhold. Det siste vi har høyrt frå dei anonyme kjeldene våre er at dei har fått seg betre betalte jobbar i Norge. Laurdagsdokumentaren «I dårlig selskap» fekk Journalistprisen i Møre og Romsdal 2006, i kategorien nyheiter. Bent Botten og Svein Aam fekk denne prisen også i 2005, for ei historie som også hadde forgreiningar til Estland.