HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200804110-4 Arkivnr. 522 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 18.02.2009-19.02.2009 ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM SAMANDRAG Fylkesrådmannen har fått ein søknad frå Olympiatoppen Vest- Noreg datert 09.01.2009 om å etablere eit skoletilbod innan toppidrett for elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram. Tilbodet er meint å vere retta mot dei beste og mest talentfulle idrettsutøvarane i Hordaland. Det blei i 2006 etablert eit tilsvarande tilbod ved Tertnes vgs og Voss gymnas, men dette omfattar berre elevar som følgjer utdanningsprogram for studiespesialisering. Dette tilbodet var det første i sitt slag som blei etablert i offentleg regi i landet. Erfaringane frå toppidrettslinjene er særs gode. Elevane gjennomfører opplæringa på ein god måte og innan for normert tid. Resultatmessig har elevane/utøvarane betra seg på alle punkt i deira idrett, og idrettsmiljøa framhevar denne ordninga som ein av dei viktigaste arenaene i Hordaland for utvikling av framtidige toppidrettsutøvarar. Olympiatoppen har gjennom sitt arbeid med unge idrettsutøvarar sett at det er trong for eit slikt opplegg også for dei ungdomane som ønskjer ei yrkesretta utdanning. Dei har starta ein prosess som involverer to vidaregåande skoler i Hordaland, Tertnes vgs og Åsane vgs. Skolane er positive til ideen og har arbeidd fram ein plan for opplæringa saman med Olympiatoppen Vest-Norge. Eit slikt opplegg med toppidrett kombinert med yrkesfaglege utdanningsprogram vil i så fall bli det første av sitt slag i landet. Tiltaket vil ha ei kostnadsramme for hausten 2009 på kr 198 000,-. Årsverknaden ved ferdig utbygd tilbod vil verta: Vg1, 0,475 mill kr, Vg 2, 0,385 mill og Vg 3, 0,385 mill. Totalt vil eit ferdig utbygd opplegg med alle tre åra føre til ein meirkostnad på tilsaman kronar 1,195 mill pr. år. Det er i denne saka kun fokusert på ekstrakostnader som følgjer med etablering av toppidrett kombinert med yrkesfagleg utdanningsprogram. Kostnadene Fylkeskommunen normalt har med kvar einskild elev vil komme i tilegg til dette. Dette er kostnader Fylkeskommunen har uansett om dei følgjer opplegget med toppidrett eller eit vanleg oppæringsløp.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Det vert oppretta eit tilbod om yrkesfagleg utdanningsprogram med toppidrett ved Åsane videregående skole og Tertnes videregående skole med oppstart hausten 2009. Tilbodet blir etablert i nært samarbeid med Olympiatoppen i Vest-Norge. Kostnad for hausten 2009 vert kr.198 000,- Paul M. Nilsen Svein Erik Fjeld Vedlegg: Søknad frå Olympiatoppen datert 1001 2099 2
FYLKESRÅDMANNEN, 15.01.2009: Fylkesrådmannen har fått ein søknad frå Olympiatoppen Vest- Norge datert 09.01.2009, om å etablere eit skoletilbod innan toppidrett for elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram. Tilbodet er meint å vere retta mot dei beste og mest talentfulle idrettsutøvarane i Hordaland. Det blei i 2006 etablert eit tilsvarande tilbod ved Tertnes vgs og Voss gymnas, men dette omfattar berre elevar som følger utdanningsprogram for studiespesialisering. Dette tilbodet var det første i sitt slag som blei etablert i offentleg regi i landet. Erfaringane frå toppidrettslinjene er særs gode. Elevane gjennomfører opplæringa på ein god måte og innanfor vanleg tid. Resultatmessig har elevane/utøvarane betra seg på alle punkt i deira idrett, og idrettsmiljøa framhevar denne ordninga som ein av dei viktigaste arenaene i Hordaland for utvikling av framtidige toppidrettsutøvarar. Olympiatoppen har gjennom sitt arbeid med unge idrettsutøvarar sett at det er trong for eit slikt opplegg også for dei ungdomane som ønskjer ei yrkesretta utdanning. Dei har starta ein prosess som involverer to vidaregåande skoler i Hordaland, Tertnes vgs og Åsane vgs. Skolane er positive til ideen og har arbeidd fram ein plan for opplæringa saman med Olympiatoppen Vest-Norge. Eit slikt opplegg med toppidrett kombinert med yrkesfaglege utdanningsprogram vil i så fall bli det første av sitt slag i landet. Fylkesrådmannen meiner det vil vere positivt å utvida tilbodet innan toppidrett, slik at også ungdomar som ynskjer ein annan opplæringsveg enn studiespesialisering, får moglegheit til det. Innhald og timefordeling av tilbodet Dette nye tilbodet er bygt opp kring dei same føresetnadene som tilbodet som blei etablert i 2006. Ein ser for seg at utøvarar innan alle idrettar kan få eit slikt tilbod. Dersom ein også aukar fleksibiliteten på opplæringssida vil ein kunne nå fleire, og gje dei idrettstalenta som ynskjer yrkesfagleglege utdanningsprogram, same mogelegheit til å kombinera toppidrett og utdanning. Følgjande idrettsgrupper er aktuelle: Fotball Handball Uthaldensheitsidrettar t.d. sykling og symjing Tekniske idrettar, t.d. friidrett og kampsport. Tilbudet skal organiserast gjennom eit samarbeid mellom to skolar lokalisert i Åsane, Tertnes vgs og Åsane vgs. Åsane vgs skal organisera dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, medan Tertnes skal organisera fellesfaga og idrettsfag ved sin skole. Idrettsfaget skal gjennomførast saman med dei elevane som allereie går gjennom olympiatoppen sitt opplegg på Tertnes vgs. Ved Åsane vgs vert det oppretta ein egen klasse med 12 elevar der rekrutteringa skal skje frå tre programområder, Bygg og anlegg, Teknikk og industriell produksjon og Elektrofag. Desse skal gå i same klasse, men skal få tilpassa opplæringa etter programområda. Totalt er det sett av 18 timar til programfag på Vg 1 og Vg 2. Elevane skal også få same moglegheit til Prosjekt til fordjuping som ordinere elevar. Dette betyr at elevane vil mangla 13 timar programfag etter to år. Dei har fem timar mindre med programfag på Vg 1 og åtte timar mindre på Vg 2. Desse timane må gjennomførast før ein kan ta fag- eller sveineprøve. Dette skal organiserast ved Åsane vgs, som eit tilbod undervegs i læretida. Ein ser for seg ein modell der elevane er tre dagar på skolen og to dagar i lærebedrift det fyrste året i lære. Læretida vil verta på to og et halvt år. Fellesfaga og idrettsfaga vert organisert ved Tertnes vgs med ei fordeling på 10 timar fellesfag og 12 timar idrett. Idrettstimane vert delt med åtte timar spesifikk trening og fire timar basistrening. Idrettstimane vil bli organisert på samme måte som dei elevane som følgjer Olympiatoppens opplegg innan studiespesialisering. Fag og timefordelinga vert slik: 3
Vg 1 totalt 40 timars skoleveke 18 timar programfag 10 timar fellesfag Vg 2 totalt 37 timars skoleveke 18 timar programfag 7 timar fellesfag Lærekontakt teiknast. Vg 3 påbygging (studiekompetanse) 37 timars veke 13 (rest programfag) 12 timar fellesfag Vg 3 I lærebedrift 13 (rest programfag) organsierast som ein del av skolens ordinære undervisning. Dei som begynner i lære etter Vg 2, vil få undervisning i dei manglande programfaga ved Åsane vgs. Dei 12 timane i veka med idrettsfag vil halde fram gjennom det første året i lære. Dette vil medføre at lærlingane må ha eit halvt års lengre læretid. Det vil også vere mogeleg for elevane å velja eit eksta år for å oppnå generell studiekompetanse. Økonomi. I behandlinga av saka av toppidrett på Tertnes vgs (tidligare Åsane gymnas) blei det lagt til grunn ei kostnadsramme på om lag tre millionar ved full utbygging av tilbodet. Som grunnlag for dette blei det brukt ein kostnad per time på 25 000 kr. I høve til dette nye tilbodet har vi brukt ein kostnad per time på 30 000 kr. Det er i denne saka kun fokusert på ekstrakostnader som følgjer med etablering av toppidrett kombinert med yrkesfagleg utdanningsprogram. Kostnadene fylkeskommunen normalt har med kvar einskild elev vil komme i tilegg til dette. Dette er kostnader Fylkeskommunen har uansett om dei følgjer opplegget med toppidrett eller eit vanleg oppæringsløp. Det skal ikkje vere nokon ekstra kostnadar utover dette. Kostnad pr. år vil kunne variere med kva for idrettsgreinar elevgruppa høyrer til. Kostnad toppidrett Tiltak Skole Vg 1 Vg 2 Vg 3 Fellesfag Tertnes vgs 10 timer 7 timer 0 Idrettsfag Tertnes vgs 12 timer 12 timer 12 timer Programfag Åsane vgs 18 timer 18 timer 0 Programfag timar Åsane vgs 10 10 0 til deling Timetal pr år 50 47 12 Timetal ordinære 35 35 0 elevar i vgs Ekstra timetal pr 15 12 12 år Kostnad pr time 30 000 kr 30 000 kr 30 000 kr Drift Transport mm 25 000 kr 25 000 kr 25 000 kr 4
Meirkostnad toppidrett Meirkostnad 2009 5/12 198 000 kr 475 000 kr 385 000 kr 385 000 kr For Vg 1 vil meirkostnaden vere:0,475 mill kr, For Vg 2 vil meirkostnaden vere :0,385 mill kr For Vg 3 vil meirkostnaden vere :0,385 mill kr). Totalt fullt utbygd vil meirkostnaden ved denne opplæringsmodellen vere 1,195 mill kr pr år Føresetnaden for dette reknestykket er at Åsane vgs organiserer restteorien i programfaga innanfor allereie eksisterande opplegg. Driftskostnadene er i houvedsak knytt til transportbehov for elevane mellom skolane og idrettsanlegga. For 2009 vil ekstrakostnaden vere kr 198 000. Elevane skal ut i lære etter Vg 2. Dei vil etter planen vere tre dagar i veka på skolen, mens dei er to dagar i veka i ei lærebedrift. Ekstrakostnadene ved eit Vg 3 vil vere idrettsfag. Dei 13 timar med programfag som dei manglar, vil Åsane vgs organisera innanfor eksisterande tilbod. Det er også mogeleg for elevane å ta generell studiekompetanse. Når det gjeld mogelegheiter for at desse elevane vil få læreplass, vil ein tru at dette er attraktive ungdommar også for næringslivet, sjølv om dei det fyrste året i lære berre er to dagar i veka på bedrifta. Vi veit av erfaring av elevar som kan dokumentera god fysisk form, er attraktive for næringslivet. Tilskota til lærebedriftene vil vere uendra i denne ordninga. Det er likevel vanskelig og ha eit heilt klårt bilete av korleis situasjonen vil vere for det tredje året, og ein kan ikkje utelukke at det kan bli litt ekstrakostnadar når elevane kjem til tredje året. Inntak av elevar. Forskrifta til Opplæringslova regulerer inntak av elevar ( inntaksforskrifta). Her er det slått fast at inntak av elevar skal baserast på karakterar frå ungdomsskolen. Unntak er gitt i nokon programområder der ferdigheiter kan vere styrande for 50% av søkjarane (Musikk/dans /drama og Vg 1 Idrettsfag). Olympiatoppen skal vere sterkt inne i utveljing av elevar, og gje si innstilling til opplæringsdirektøren. Inntaket vidare føregår etter gjeldande reglar og gjennom søking i Vigosystemet. Konklusjon Fylkesrådmannen meiner at det skisserte opplegget med eit tilbod innan toppidrett kombinert med yrkesfaglege programområde, er ei naturleg utviding av det tilbodet som blei etablert i 2006 ved Tertnes vgs. Det er trong for eit slikt tilbod også for dei elevane som ynskjer ei yrkesfagleg opplæring. 5