Skjåk kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 05.12.2016 Tid: 10:00 Faste medlemmer som møtte: Elias Sperstad Leder SP Per Lars Lien Medlem SP Edel Kveen Medlem SP Odd Joar Ramstad Medlem AP Faste medlemmer som ikkje møtte: Eva Therese Hyrve Bosmen AP Varamedlemmer som møtte: Stig Erlend Banken AP Frå administrasjonen møtte: Svein Holen Inga Gudrun Hyrve Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 131/16 Referatsaker RS 1/16 Referat fra møte i Brukarrådet den 18. november 2016 PS 132/16 Endring av investeringsbudsjett PS 133/16 Skjåk Friviljugsentral - søknad om tilleggsløyving for 2016 PS 134/16 Kommunale gebyr 2017 PS 135/16 Økonomiplan og budsjett 2017-2020 PS 136/16 Oppmoding om busetting av flyktningar 2017 PS 137/16 Søknad om tilskot til nydyrking - gnr. 078/001 og 077/001 - Skrinde PS 138/16 PS 139/16 Søknad om støtte fra næringsfondet, Jon Terje Brustugun Søknad om støtte frå næringsfondet - NIKVE AutosenterAS
PS 131/16 Referatsaker Vedtak i Formannskapet - 05.12.2016 RS 1/16 Referat fra møte i Brukarrådet den 18. november 2016 PS 132/16 Endring av investeringsbudsjett 1. Investeringsbudsjettet på ny barneskule regulerast ned til 23,250 millionar kroner, slik det går fram av tabell over. Prosjektet sin budsjetterte totalkostnad endrast ikkje for 2016 2018. 2. Budsjettet på ny barneskule kan regulerast opp i 2016 innanfor tidligare løyving, dersom det oppstår uførutsette kostnader i desember. 3. Det blir regulert inn 38.000 kroner på prosjekt 410 Skei tomteområde, slik det går fram av tabell over. 4. Investeringsbudsjettet på ny barneskule regulerast ned til 23,250 millionar kroner, slik det går fram av tabell over. Prosjektet sin budsjetterte totalkostnad endrast ikkje for 2016 2018. 5. Budsjettet på ny barneskule kan regulerast opp i 2016 innanfor tidligare løyving, dersom det oppstår uførutsette kostnader i desember. 6. Det blir regulert inn 38.000 kroner på prosjekt 410 Skei tomteområde, slik det går fram av tabell over. PS 133/16 Skjåk Friviljugsentral - søknad om tilleggsløyving for 2016 1. Skjåk kommunestyre løyver kr 30 000,- i ekstra tilskott til Skjåk Friviljugsentral for året 2016. 2. Løyvinga blir finansiert over disposisjonsfond og bokført slik: 1470.100.2343.
Ramstad, Ap, har eit endringsforslag i punkt 1: auke beløpet til 60000,- Vedteke med 3 mot 2 stemmer. 3. Skjåk kommunestyre løyver kr 30 000,- i ekstra tilskott til Skjåk Friviljugsentral for året 2016. 4. Løyvinga blir finansiert over disposisjonsfond og bokført slik: 1470.100.2343. PS 134/16 Kommunale gebyr 2017 Kommunestyret vedtek forslag til gebyrsatser for 2017. PS 135/16 Økonomiplan og budsjett 2017-2020 Skjåk formannskap tilrår at kommunestyret vedtek fylgjande; 1. Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan 2017 2020. 2. Formannskapet sitt forslag til budsjett 2017. 3. I medhald av eigedomskattelova 2 og 3, bokstav C, skal det i 2017 vidareførast utskriving av eigedomsskatt på verk og bruk. I medhald av eigedomsskattelova 11 settast skattesatsen til 7 promille av takstverdien. Eigedomsskatten skal betalast i 2 terminar. 4. Rådmannen får fullmakt til å fordele avsette lønsmidlar frå teneste 1809 til dei ulike ansvarsområda. 5. Rådmannen får fullmakt til å fordele og justere ufordelte lønsmidlar til oppdekking av langtidsfråvær, samt tilhøyrande refusjonar frå Rikstrygdeverket. 6. Rådmannen får fullmakt til å regulere ubrukte midlar frå tidligare års løyvingar på investeringsprosjekt inn i investeringsbudsjettet for 2017. Endringsforslag frå Skjåk Senterparti
Nytt punkt 7 Det må arbeidast vidare for å nå vedteke handlingsregel med korrigert netto driftsresultat på 1 % for 2017. Vi ynskjer å redusere bruken av næringsfondet til kommunal drift, slik: Drift av landbrukskontor går ut av næringsfondet, og kjem over på driftsbudsjettet 2017. Ofossen bru, reparasjon og opprusting, går ut av næringsfondet, men blir finansiert i 2017 av disposisjonsfond 2561412. Bygging av carport omsorgsbustad går ut av investeringsbudsjettet i 2017 budsjettet, men blir vurdert ved eit eventuelt overskot for 2016. Løypekøyring, Skjåk Turløyper, blir finansiert med same beløp som for 2016; 250 000. Midlar blir teke frå tenesteområde 100, 150, 201. Tilbodet om skuleskyss blir uendra, vi ynskjer å ta midlar frå administrasjon, leiing og politisk organisering. Vedteke sal av flyktningbustad i 2017 blir satt inn i budsjettet med kr 1 000 000 dette legges inn på HFF-bustad. Drift av turistinformasjon og somarope svømmebasseng blir vurdert ved eit eventuelt overskot for 2016. Endringsforslag frå Skjåk Ap: Nytt punkt 8: Generell ansettelsesstopp i Skjåk kommune. Alle nye arbeidsoppgåver og arbeidsoppgåvene til ledige stillingar skal som hovudregel omfordelas blant dei eksisterande ansatte i Skjåk kommune. Dersom dette ikkje er hensiktsmessig for heile eller delar av arbeidsoppgavene kan stillinga/arbeidsoppgåvene lysast ut heilt eller delvis internt i Skjåk Kommune. Ekstern utlysing av stillingar skal skje dersom: -Den ledige stillings kompetanse eller bemanningsbehov, til dømes for å ikkje koma under nasjonale bemanningsnormar innanfor fagområde tilseier dette og at dette ikkje kan bli utført av eksisterende ansatte i Skjåk Kommune sjølv om ein bruker resurser på opplæring og vidareutdanning. -det blir ledige lederstillinger. Nedstemt med 2 mot 3 stemmer Nytt punkt 9 Generell effektivisering og redusere administrative kostnader ned mot gjennomsnittskostnad pr innbyggjar for kommunene i Oppland Fylke under kommunestyreperioda 2017 2020. Ein hovudregel i effektivitetsarbeidet er at tenestetilbodet skal oppretthaldas utan vesentlege ulemper for brukarane. Grunnbemanninga skal vera stor nok for å unngå bruk av vikarar og auka sjukefråver. Bemanning skal vera etter behov. Ein skal bruke gjennomsnittet for kommunene i Oppland fylke eller statlege bemanningsnormer/reglar som ein hovudregel for å fastsettja ressursbehovet innanfor dei enkelte tenesteområda.
Nedstemt med 2 mot 3 stemmer Nytt punkt 10 Skjåk Ap ber rådmannen i dialog med dei politiske partiene om å fremme ein sak der Skjåk kommune får ein konsulentgjennomgang av driften. Rådmannen skal legge ved forslag til finansiering av dette. Etter gruppemøte i Ap vart det fremma eit felles framlegg i tråd med Sp sitt framlegg på nytt punkt 7. Rådmannens framlegg punkt 1-6 samrøystes Sp og Ap sitt felles framlegg nytt punkt 7 samrøystes Ap sitt forslag nytt punkt 8 nedstemt med 2 mot 3 stemmer Ap sitt forslag nytt punkt 9 nedstemt med 2 mot 3 stemmer Ap sitt forslag nytt punkt 10- samrøystes (blir punkt 8 i vedtaket) Skjåk formannskap tilrår at kommunestyret vedtek fylgjande; 7. Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan 2017 2020. 8. Formannskapet sitt forslag til budsjett 2017. 9. I medhald av eigedomskattelova 2 og 3, bokstav C, skal det i 2017 vidareførast utskriving av eigedomsskatt på verk og bruk. I medhald av eigedomsskattelova 11 settast skattesatsen til 7 promille av takstverdien. Eigedomsskatten skal betalast i 2 terminar. 10. Rådmannen får fullmakt til å fordele avsette lønsmidlar frå teneste 1809 til dei ulike ansvarsområda. 11. Rådmannen får fullmakt til å fordele og justere ufordelte lønsmidlar til oppdekking av langtidsfråvær, samt tilhøyrande refusjonar frå Rikstrygdeverket. 12. Rådmannen får fullmakt til å regulere ubrukte midlar frå tidligare års løyvingar på investeringsprosjekt inn i investeringsbudsjettet for 2017. 13. Det må arbeidast vidare for å nå vedteke handlingsregel med korrigert netto driftsresultat på 1 % for 2017. Vi ynskjer å redusere bruken av næringsfondet til kommunal drift, slik: Drift av landbrukskontor går ut av næringsfondet, og kjem over på driftsbudsjettet 2017. Ofossen bru, reparasjon og opprusting, går ut av næringsfondet, men blir finansiert i 2017 av disposisjonsfond 2561412. Bygging av carport omsorgsbustad går ut av investeringsbudsjettet i 2017 budsjettet, men blir vurdert ved eit eventuelt overskot for 2016. Løypekøyring, Skjåk Turløyper, blir finansiert med same beløp som for 2016; 250 000. Midlar blir teke frå tenesteområde 100, 150, 201. Tilbodet om skuleskyss blir uendra, vi ynskjer å ta midlar frå administrasjon, leiing og politisk organisering. Vedteke sal av flyktningbustad i 2017 blir satt inn i budsjettet med kr 1 000 000 dette legges inn på HFF-bustad. Drift av turistinformasjon og somarope svømmebasseng blir vurdert ved eit eventuelt overskot for 2016.
14. Skjåk Ap ber rådmannen i dialog med dei politiske partiene om å fremme ein sak der Skjåk kommune får ein konsulentgjennomgang av driften. Rådmannen skal legge ved forslag til finansiering av dette. PS 136/16 Oppmoding om busetting av flyktningar 2017 1. Skjåk kommune imøtekjem oppmodinga frå IMDI om busetting av 10 personar i 2017. Av desse er 5 einslege mindreårige. 2. Bufellesskapet er etablert med 5 plassar for einslege mindreårige. Ledige plassar i bufellesskapet kan fyllast opp ettersom dei blir ledige. Endringsforslag frå Ap, nytt punkt 3: Utgifter innanfor flyktningbudsjett må tilpassast dei økonomiske rammene ulike tilskot til busetting og intergreringsarbeid gjev rom for. 3. Skjåk kommune imøtekjem oppmodinga frå IMDI om busetting av 10 personar i 2017. Av desse er 5 einslege mindreårige. 4. Bufellesskapet er etablert med 5 plassar for einslege mindreårige. Ledige plassar i bufellesskapet bør fyllast opp ettersom dei blir ledige. 5. Utgifter innanfor flyktningbudsjett må tilpassast dei økonomiske rammene ulike tilskot til busetting og intergreringsarbeid gjev rom for. PS 137/16 Søknad om tilskot til nydyrking - gnr. 078/001 og 077/001 - Skrinde Formannskapet løyver Lars Skrinde kr 30 000.- i tilskott for dyrking av 10 daa. jord på bruka Skrinde gnr. 77 bnr. 1 og gnr. 78 bnr. 1 Tilskottet utgjer kr 3 000.- per daa. Midlane vert teke frå næringsfondet og ført på kontostreng 1470 450 3293 353 Det vert sett 3 års arbeidsfrist frå løyvingsdato Vilkår for utbetaling av tilskottet er at den som får utbetalt tilskottet ikkje har forfalne uoppgjorte restansar til Skjåk kommune.
Vedtak i Formannskapet - 05.12.2016 Formannskapet løyver Lars Skrinde kr 30 000.- i tilskott for dyrking av 10 daa. jord på bruka Skrinde gnr. 77 bnr. 1 og gnr. 78 bnr. 1 Tilskottet utgjer kr 3 000.- per daa. Midlane vert teke frå næringsfondet og ført på kontostreng 1470 450 3293 353 Det vert sett 3 års arbeidsfrist frå løyvingsdato Vilkår for utbetaling av tilskottet er at den som får utbetalt tilskottet ikkje har forfalne uoppgjorte restansar til Skjåk kommune. PS 138/16 Søknad om støtte fra næringsfondet, Jon Terje Brustugun Behandling i Formannskapet - 15.11.2016 Ordføraren ber formannskapet vurdere sin habilitet i saka, da han er onkel til søkar. Formannskapet finn ordføraren ugild. Sevald Sperstad trer inn i møtet i denne saka. Lien ber om at saka blir utsett og be om ny behandling. Vedtak i Formannskapet - 15.11.2016 Saka utsatt. Ordføraren ber formannskapet vurdere sin habilitet i saka, da han er onkel til søkar. Formannskapet finn ordføraren ugild. Varaordføraren styrer møtet. Formannskapet tilrår kommunestyret at :
- Skjåk kommune løyver inntil kr 350 000.- i tilskott til Jon Terje Brustugun for oppsetting av hall og mellombygg på eigedomen Smedsmo gnr. 44 bnr. 2 i Skjåk. - Tilskottet utgjer 15,22% av ei kostnadsramme på kr 2 300 000.- - Midlane vert teke frå næringsfondet og ført på kontostreng 1470 450 3255 326 - Det vert sett 3 års arbeidsfrist frå løyvingsdato - Utbetaling av tilskottet kan skje etter skriftleg rapport og rekneskapsoppstilling med spesifikasjon av kostnadane, underteikna rekneskapsførar. - Ein føresetnad for utbetaling er at mottakar ikkje har uoppgjorte, forfalne restansar med Skjåk kommune. PS 139/16 Søknad om støtte frå næringsfondet - NIKVE AutosenterAS Ordføraren trer inn att i møtet. Formannskapet tilrår kommunestyret å: 1. Løyve inntil kr. 350.000,- til NIKVE Autosenter AS ved Nina Kveum i samband med omlegging og ombygging av bensinstasjonen i Bismo. 2. Utbetalinga av tilskott skjer etter rekneskapsoppstilling med spesifikasjon av kostnadane. 3. Beløpet blir teke frå næringsfondet og overført konto: 1479.450.3255.326 4. Arbeidet må vere gjennomført innan 3 år frå innvilgningsdato for at utbetaling av tilskott skal finne stad. 5. Føresetnad for at kommunen skal gje tilskott, er at mottakar ikkje har uoppgjorte, forfalne restansar med kommunen.