ÅRSMØTE 2014 RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl 17.00 Bjarne Øymyr
DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2 representantar til å skrive under protokollen 4. Behandla Rosendal Turnlag si årsmelding, med gruppemeldingar Sjå vedlagt Årsmelding 2014 5. Behandla Idrettslaget sin rekneskap i revidert stand Vedlegg 2 (2.1 resultat m/grupper, 2.2 balanse, 2.3 revisjonsrapport) 6. Behandla innkomne forslag og saker - 6.1 Endring av tekst i lagets vedtekter i høve tidspunkt for årsmøtet - 6.2 Fotball sitt ynskje om auka del av mva-kompensasjonen Vedlegg 3.1-6.3 Vidareføring av økonomisk utvalsgruppe (i staden for ein økonomiansvarleg) 7. Fastsetja medlemskontingenten 8. Vedta laget sitt budsjett Vedlegg 4 9. Behandla Idrettslaget sin organisasjonsplan 10. Forslag frå valnemnda (blir framlagt på årsmøtet)
sak 4. Behandla laget si Årsmelding Hovudlagsårsmelding med eigne gruppeårsmeldingar vert utlagt på laget si web-side; www.rosendal-turnlag.no samt utdelt på årsmøtet. Sjå vedlagt Årsmelding 2014 (= vedlegg 1)
sak 5. Godkjenna rekneskapen Behandla Idrettslaget sin 2014 rekneskap i revidert stand Sjå vedlegg eige vedleggshefte 2: Rekneskap hovudlaget 2.1: Resultatrekneskap m/gruppene 2.2: Balanse 2.3: Revisjonsrapport
sak 6. Behandla innkomne saker og forslag - 6.1 Endring av tekst i lagets vedtektre i høve tidspunkt for årsmøtet Noverande Innstilling IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV. 13 Årsmøtet (1) Årsmøtet er Rosendal Turnlag sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år i februar12 månad. (2) Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand, direkte til medlemene, eventuelt på annan forsvarleg måte og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på laget si internettside. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på internett eller på annan forsvarleg måte. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet. (3) Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast. (4) Alle medlemene i Rosendal Turnlag har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer. 12 Idrettslaget må halde årsmøte for handsaming av rekneskap for året før innan utgangen av juni det etterfølgjande år. Styret foreslår å endra tekst i 13 Årsmøte (under IV. Årsmøte, styre, utval mv.) i høve tidspunkt for årsmøtet! Dette for å gjera laget meir fleksibelt i val av årsmøtemånad, slik at såvel laget, som rekneskapsførar & revisjon får nødvendig tid til å ha sitt arbeid ferdig på ein god og grundig måte. Styret føreslår fylgjande vedtaksendring av tekst i 13 pkt (1); Årsmøtet er Rosendal Turnlag sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år i løpet av februar / mars12 månad.
sak 6. Behandla innkomne saker og forslag - 6.2 Fotball sitt ynskje om auka del av mva-kompensasjonen Vedlegg 3.1 Forslag / ynskje Kjære RT styre. Sjå eige vedleggshefte Fotballstyret ønsker å fremja forslag til endring av fordelingsnøkkelen for momskomensasjon. Til 2014 har det vore praksis at momskompensasjonen er fordelt mellom gruppene i RT etter ein gammal fordelingsnøkkel, som ikkje gjenspeglar dagens aktivitet. Fotballgruppa har fått 2/5 av momskompensasjonen. Fotballstyret føreslår å endra fordelingsnøkkelen slik at den vert meir rettferdig. Fotballgruppa har stått for størst andel av momsbelasta innkjøp og ønsker at momskompensasjonen vert fordelt slik at gruppene får fordlet kompensasjonen etter kor mykje moms kvar gruppe har betalt. Under vises eit oppsett over kor mykje kvar gruppe har betalt. Innstilling Styret har forståing for forslaget til fotball-gruppa, og ber årsmøtet om fullmakt til å vurdera fordelingsnøkkel både kva gjeld inntekter, så vel som utgifter for «heile» laget i løpet av 2015. Fotballgruppa sitt styre føreslår å endra momskompensasjonen til fotballgruppa frå 2/5-deler til ein %-del av det fotballgruppa bidreg med (sjå vedlagt brev frå fotballgruppa vedlegg 3.2.).
sak 6. Behandla innkomne saker og forslag - 6.3 Vidareføring av ordninga med rådgivande «økonomisk utvalsgruppe» Noverande Tidlegare har det vore vanleg med ein økonomiansvarleg i hovudstyret. Men etter laget sin ansvarlege i denne posisjonen, valde å tre ut av vervet sitt i oktober 2014, beslutta styret seg for å løysa det oppståtte problemet ved å nedsetja ei «økonomisk utvalsgruppe» beståande av tre personar. Gruppa fungerer som rådgjevarar for laget sitt besluttande organ, styret! Innstilling På bakgrunn av styret sine erfaringar med ei eiga «økonomisk utvalsgruppe», innstiller vi for årsmøtet å behalda denne ordninga. Dette har fungert svært godt, både praktisk og fagleg.
sak 7. Fastsetja medlemskontigent Noverande Innstilling 3 Medlemer (3) Medlemskap i Rosendal Turnlag er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt. 4 Medlemskontingent og avgifter Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet. Andre avgifter/ eigendelar kan krevjast for deltaking i Rosendal Turnlag sine aktivitetstilbod. Alle som er med på aktiviteter i Rosendal TL skal betale medlemskontingent for det driftsåret dei er med. Medlems- eller årskontingenten er ei viktig inntektskjelde for laget og er avgjerande for å kunna tilby dei ulike aktivitetane til medlemane. Når medlemskontigenten er betalt, kan du fritt delta på alle aktivitetane i laget (dvs. inga treningsavgift kjem i tillegg). Gjeldande kontingent er; Lagleiar/trenar/styremedlem - kr 50.- Støttemedlem - kr 250.- Barn u/8år - kr 350.- Barn u/17år - kr 550.- Alle o/17 år - kr 950.- Styret føreslår ingen endring i satsane for medlemskontigent i 2015.
sak 8. Vedta laget sitt budsjett Budsjettforslag Innstilling Styret sitt budsjettforslag for 2015, byggjer på rekneskapet frå 2014 + eksisterande / tidlegare vedtekne fordelingsnøklar (2/5 hovudlag, 2/5 fotball, og 1/5 til fordeling i dei øvrige gruppene. Styret meiner at det føreslegne budsjettet, gjev «heile» Rosendal Turnlag eit godt drifts & utviklingsgrunnlag i 2015. Styret innstiller for årsmøtet om å vedta det framlagde budsjettforslaget for 2015. Sjå eige vedleggshefte 4: Budsjett 2015
sak 9. Behandla idrettslaget sin organisasjons & strategiplan Noverande Innstilling Organisasjon Årsmøtet lagets øverste organ. Styret (samansett i samsvar med lagets vedtekter). - set - ved behov - ned arbeidsgrupper, komitear og utval. Gruppene Arbeidsutval (AU) (samansett av styre & gruppeleiarar) Valnemnd Med unntak av å erstatta praksisen med ein einsleg økonomiansvarleg, med ei «økonomisk-gruppe» - føreslår styret ingen endring av laget sin organisasjonsplan for 2015. Strategi Rosendal Turnlag skal utvikla ein brei aktivitet, med fokus på god helse, allsidigheit, samhald og glede. Vi skal utvikla sunne og gode haldningar for dei som ynskjer å satse på idrett. Kjerneområda til laget er; aktivitet, rekruttering, idrettsskule, anlegg, økonomi, kommunikasjon og kompetanse i samsvar med vedteken Strategiplan 2014 2018, og som vedteke på årsmøtet i 2013. Styret føreslår ingen endring av lagets vedtekne Strategiplan, utover dei endringar som vart vedteken i årsmøtet for 2013.
sak 10. Val Valnemda har ordet