Ureiningstilsyn Inspeksjonsrapport Sakshandsamar: Gunn Helen Henne Telefon: 57 64 31 40 E-post gunn.helen.henne@fylkesmannen.no Sulefisk AS 6924 Hardbakke Vår dato 19.12.2013 Vår referanse 2013/5264 542.1 Rapportnummer 2013.092.I.FMSF Tilsyn ved Sulefisk AS - krav om retting av avvik, vedtak om kontrollgebyr og varsel om tvangsmulkt Rapporten omhandlar funn som kontrolløren kunne observere eller på annan måte fekk kjennskap til under tilsynet. Funn vert omtalt som avvik frå krav i ureiningslova med forskrifter, merknadar om forbetringspunkt eller andre forhold som kan vere viktig å omtale nærare. Tilstades under kontrollen Frå verksemda: Øystein Espeland Øyvind Mjønerud Desse hovudtema vart kontrollert: Internkontroll (ytre miljø) Risikovurdering Utslepp til luft eller vatn Støy Løyvet med vilkår Forskriftskrav Anna: Bakgrunn for kontrollen: Frekvensbasert inspeksjon Frekvensbasert revisjon Kontrollaksjon Ny verksemd (ikkje kontrollert før) Nytt løyve (ikkje kontrollert før) Frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen: Gunn Helen Henne Avfallshandtering ordinært avfall Handtering av farleg avfall (merking, emballering, mellomlagring, levering) Handtering av kjemikal (klassifisering, merking, emballering) Sikkerheitsdatablad Substitusjon Oppfølging av eigenrapport Oppfølging av klage/hending/tips Oppfølging av siste kontroll Kartlegging Anna Hovudfunn frå kontrollen Det vart påvist 2 avvik frå ureiningsregelverket, og det vart gjeve 3 merknader. Melding om retting av avvik må vere sendt til Fylkesmannen innan 24.1.2014. Det er varsla tvangsmulkt for å sikre retting av eitt av avvika. Rapporten vert vurdert som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar innan to veker etter at rapporten er motteken. Kontrollgebyr er fastsett til kr 4 500,-. Miljødirektoratet sender faktura for innbetaling til staten. Med helsing Grete Hamre overingeniør Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Gunn Helen Henne overingeniør Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
2/8 Informasjon om verksemda: Namn på verksemda: Sulefisk AS Namn på anlegg: lok. Fureholmen S, lok. Kråkenes, lok. Kvernhusvika og lok. Juvika. (I tillegg lok. Simmarøy, som ikkje har vore i bruk sidan 90-talet) Organisasjonsnr.: 972 114 723 (BEDR) Eigd av: 999 638 872 (AS) Stad og kommune: Solund Kontrolldato: 9.12.2013 Postadresse: 6924 Hardbakke ISO 14001-sertifisert E-post: sulefisk@broadpark.no EMAS-registrert Risikoklasse: ikkje klassifisert (dvs. reknast som lågaste klasse 4) Løyvedato: 25.8.1998 (lok. Kråkenes), 6.7.1999 (lok. Fureholmen S.), 18.5.2000 (lok. Kvernhusvika), og 28.7.2008 (lok. Juvika) Om kontroll frå ureiningstilsynet Kontrollen vart gjennomført ved gransking av internkontrolldokument, intervju av driftspersonell, og synfaring på landbasen og anlegget på lokaliteten Fureholmen S. Rapporten inneheld omtale av kontrollen og dei avvik og merknader innan miljøvernavdelinga sitt forvaltningsområde som vart avdekt. Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko å seie for ytre miljø vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Definisjonar: Avvik Brot på krav som er fastsett i eller med heimel i helse-, miljø, og tryggleikslovgivinga. (Døme er brot på krav i ureiningslova eller produktkontrollova, forskrifter til lovene, utsleppsløyve, og verksemda sine eigne rutinar som er nødvendige for å stette styresmaktene sine krav.) Merknad Tilhøve som tilsynsetatane meiner det er nødvendig å peike på for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. Brot på eigne rutinar som inneheld strengare krav enn lovkrava, kan verte omtala som merknad. Merknadar kan gje grunnlag for enkeltvedtak med krav om tiltak. Aktuelt regelverk LOV 1981-03-13 nr 06: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (ureiningslova). Utsleppsløyve dagsett 25.8.1998 (lok. Kråkenes), 6.7.1999 (lok. Fureholmen S.), 18.5.2000 (lok. Kvernhusvika), og 28.7.2008 (lok. Juvika) frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. FOR-1996-12-06-1127: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) FOR-2004-06-01-930: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) LOV-1976-06-11-79: Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova) FOR-2006-12-15-1446: Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta), med m.a. omtale av krav til miljøtilstand i vatn
3/8 Vi gjer merksam på at oversikt over miljøloverket kan ein finne på www.lovdata.no eller vist til frå www.miljodirektoratet.no (sjå under regelverk). Dei viktigaste HMS-krava finn ein på nettstaden www.regelhjelp.no. Reglane om gebyrinnkrevjing finn ein under kap. 39 i ureiningsforskrifta. Vi vil nytte høvet til å takke for ein god gjennomgang og ønske lukke til med det vidare arbeidet. Oppfølging etter kontrollen Verksemda pliktar å rette opp avvika som er omtalte i rapporten så snart som råd. Verksemda må også vurdere kva for tiltak som er aktuelle mht. merknadane. For å kunne kontrollere at avvika er retta opp, ber vi om at verksemda innan 24.1.2014 skriftleg melder tilbake om tilhøve som er komne i orden, eventuelt med tidfesta handlingsplanar for det som står att. Fylkesmannen ventar at verksemda legg ved dokumentasjon på gjennomførte tiltak. Orientering om tvangsmulkt Dersom verksemda ikkje innan rimeleg tidsfrist kan dokumentere at tiltak i høve til alle dei omtalte avvika er sette i verk, kan Fylkesmannen nytte vedtak om tvangsmulkt for å sikre at avvika vert følgt opp. Ei eventuell tvangsmulkt vil verte vedteken med heimel i 73 i ureiningslova, men vil bli varsla nærmare før vedtak. Sjå også konkret varsel om tvangsmulkt knytt til avvik 1 lenger bak. Gebyr for kontrollen Verksemder skal betale gebyr for kontroll frå Fylkesmannen, i samsvar med 39-3 i ureiningsforskrifta. Gebyret skal dekkje kostnader med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsar for kontroll hjå verksemder med utsleppsløyve er fastsett i ureiningsforskrifta 39-6. Det vart informert kort om gebyrsystemet og aktuell sats for gebyret vart varsla i e-post 11.12.2013. Ut frå at det ikkje er fastsett risikoklasse for Sulefisk AS sine lokalitetar i utsleppsløyva, skal det betalast gebyr som for lågaste risikoklasse 4. Internkontrollen som vart kontrollert gjaldt for alle dei fire lokalitetane til verksemda. Ut frå arbeidsmengda finn vi det likevel rett å berre ta eitt samla gebyr. Fylkesmannen gjer vedtak om at Sulefisk AS skal betale eit gebyr på kr. 4 500,- for den gjennomførte kontrollen. Faktura vert sendt frå Miljødirektoratet for innbetaling til statskassa. Gebyret må betalast innan 30 dagar etter fakturadato. De kan klage på vedtaket om gebyr. Eventuell klage bør vere skriftleg grunngjeven, skal adresserast til klageorganet Miljødirektoratet, men må sendast via Fylkesmannen. Fylkesmannen vil vurdere endring av vedtaket eller sende saka vidare til klageorganet for endeleg vedtak. Ein eventuell klage vil ikkje få oppsetjande verknad, og gebyret som er fastsett ovafor må betalast inn. Dersom klageorganet tek klagen til følgje, vert for mykje innbetalt beløp refundert. Offentlegheit av rapport Rapporten vil verte tilgjengeleg for innsyn via Fylkesmannen sitt elektroniske arkiv, jf. offentleglova.
4/8 Avvik Desse avvika vart påvist under kontrollen: Avvik 1 Avvik frå: Miljøgranskingar er ikkje utført innan fristane i utsleppsløyva Utsleppsløyve dagsett 25.8.1998 (lok. Kråkenes), 6.7.1999 (lok. Fureholmen S.) og 18.5.2000 (lok. Kvernhusvika), vilkår 7, og 28.7.2008 (lok. Juvika), vilkår 2. Internkontrollforskrifta 5, 2. ledd nr. 1 og 7. Det er ikkje gjennomført C-undersøking på nokon av lokalitetane. De viser til at de har gjennomført jamlege B-undersøkingar etter Norsk Standard NS 9410 dei seinare åra på alle lokalitetane som er i drift (dvs. alle utanom Simmarøy), og har ikkje oppfatta at løyva krev noko meir. Internkontrollen dykkar har ikkje fanga opp at det for alle lokalitetane er sett krav i utsleppsløyva om miljøovervaking som skal rapporterast til Fylkesmannen, og at overvakinga må inkludere noko meir enn B-undersøking etter Norsk Standard NS 9410. I utsleppsløyvet for Fureholmen S frå 1999 er det sett tydeleg krav om resipientgranskingar: Lokaliteten sør for Fureholmen er utvilsamt ein betre resipient enn den noverande lokaliteten. Likevel er vi ikkje sikre på at den er så mykje betre enn den noverande at den over tid «tåler» eit så stort anlegg som det er søkt om. Fylkesmannen set difor krav til verksemda om gjennomføring av resipientgranskingar: 1. Resipientgransking skal gjennomførast før det blir sett ut fisk på lokaliteten. Granskinga må dokumentere dei naturlege miljøforholda i djupområdet sør for Fureholmen. 2. Resipientgransking skal gjennomførast etter at første produksjonsperiode er avslutta, eller seinast innan 2 år. I vilkåra til løyvet er fristen for resipientgransking nr 2 spesifisert til innan 1.10.2001. Det er vidare vist til MOM-krava som var på veg, og at minimumskrav for resipientgranskingane ville bli tilsvarande dette. Den første utgåva av MOM-standarden NS 9410 var tydeleg på at C- undersøking skulle inngå som del av overvakingsopplegget på den enkelte lokalitet. Seinare utgåver har i mindre grad vore like tydelege på dette. De har ikkje gjennomført resipientundersøkingar av noko slag på Fureholmen S innan fristane i løyvet. B-undersøkingar, som berre vurderer miljøtilstand like under anlegget, er funne omtalt frå 2009 og utover. Fylkesmannen har ikkje sett rapportane frå dei to første B-undersøkingane (2009 og februar 2011), og den siste frå 2013. Det må no gjennomførast C-undersøking etter NS 9410 på lokaliteten snarast. Fylkesmannen ber også om å få tilsendt B-rapportane vi ikkje har sett før. På Kvernhusvika set løyvet frå 2000 vilkår om resipientgransking innan 1.9.2000, med same tilvising til MOM-systemet som i løyvet på Fureholmen S. Det er utført ei enkel miljøgransking i 2001 (Fjord-Lab, oktober 2001), men denne har ikkje prøver av botnfauna, og er berre avgrensa til sjølve anleggsområdet. Resipienten ut over dette er ikkje undersøkt. B-undersøkingar er omtalt sidan 2007, men Fylkesmannen har ikkje sett rapportar frå dei tidlege undersøkingane (2007 og 2009), eller den siste frå 2013.
5/8 Det må no gjennomførast C-undersøking etter NS 9410 på lokaliteten snarast. Fylkesmannen ber også om å få tilsendt B-rapportane vi ikkje har sett før. På Juvika set løyvet frå 2008 krav om resipientgransking etter NS 9410 minst kvart 5. år, som kartlegg og klassifiserer miljøtilstanden i resipienten, spesifisert som «nærområdet, overflatevatnet i influensområdet og djupvatnet, blautbotnfauna og sediment i sedimenteringsområde». I tillegg skal det gjerast enkle synfaringar av strandsona. Det blir vidare vist til at det i sedimenteringsområde ikkje skal vere dårlegare miljøtilstandsklasse enn II, og vist til SFT-veiledning om dette. Tilstanden skal heller ikkje bli dårlegare over tid. Vi ser at det ikkje står direkte at dette betyr C-undersøking, men omtalen som er gitt (og SFTveiledninga det vart vist til) tilseier noko meir enn B-undersøking for å stette vilkåret. Ved tvil knytt til vilkåra for løyvet burde verksemda ha tatt kontakt med Fylkesmannen for å få ei presisering (vedleggsskjemaet til løyveskrivet som skulle sendast tilbake til Fylkesmannen hadde ein rubrikk nettopp for dette). På Juvika er det gjennomført B-undersøkingar jamleg sidan 2008 (før oppstart), men det er ikkje gjennomført C-undersøking. Det er over 5 år sidan løyvet vart gitt, og fristen i løyvet er såleis overskriden. Det må no gjennomførast C-undersøking etter NS 9410 på lokaliteten snarast. Siste B-undersøking frå vinteren 2012 har også med ei strandsonegransking. Vi vil presisere at strandsonegranskingar må gjerast om sommaren. Strandsonegransking kan de gjennomføre sjølve eller bruke konsulent på, løyvet gjev stor fridom til å utforme eit enkelt opplegg som passar for dykk. Kråkenes har det eldste løyvet frå 1998. Løyvet set vilkår om resipientgransking innan 1.10.2001, men omfanget er ikkje nærare presisert. Det er utført ei enkel miljøgransking tilsvarande som på Kvernhusvika (Fjord-Lab, oktober 2001), utan vurdering av botnfauna eller området utover sjølve anleggsområdet. Det er vist til B-undersøkingar frå 2007 og utover, Fylkesmannen har ikkje sett dei tidlegaste rapportane (frå 2007 og 2009), eller den siste frå 2012. Det må no gjennomførast C-undersøking etter NS 9410 på lokaliteten snarast. Fylkesmannen ber også om å få tilsendt B-rapportane vi ikkje har sett før. Varsel om tvangsmulkt: Vi ser at utsleppsløyva dykkar, som er av eldre dato, ikkje er like tydelege på krava til resipientgranskingar som dei løyva som vert gitt til oppdrettsanlegg i dag er. Likevel er det etter vår meining klart at løyva krev noko meir enn det som har vore gjort på dykkar lokalitetar. Løyvet frå Kråkeneset seier minst tydeleg kva omfang som er kravd, mens det for dei tre andre lokalitetane framgår av teksten at det er heilskapleg oppfølging av resipienten etter MOMsystemet (altså ikkje berre B-undersøking) som er meint. Vi må difor reagere strengt. Fylkesmannen varslar at det vil bli gjort vedtak om tvangsmulkt i form av eit eingongsbeløp på kr 75 000 per lokalitet, for å sikre at miljøgranskingar i samsvar med vilkåra til utsleppsløyva no vert gjennomført. Merk at desse beløpa ikkje vil bli kravd innbetalt, så framt miljøgranskingane vert gjennomført innan rimeleg tid. Men i motsett fall vil beløpa krevjast inn til statskassa, og det vil vere aktuelt å fastsetje ytterlegare, høgare tvangsmulkt innan ein ny, kort frist. For C-undersøkingar vil vi i utgangspunktet meine at det bør la seg gjere å få utført feltarbeid i løpet av 3-6 månader. De må i dykkar tilbakemelding til Fylkesmannen om dette avviket vise til ein tidfesta avtale om gjennomføring for C-undersøkingane. Vårt eventuelle vedtak om tvangsmulkt vil ta omsyn til at tidsfristen som vi gjev skal vere mogleg å halde.
6/8 I nyare løyve vert det presisert at C-undersøkingar etter NS 9410 skal utførast akkreditert i alle ledd, som ei avstemming mot akvakulturdriftsforskrifta sine krav til akkreditert gjennomføring av miljøovervaking med C-undersøking. Dette bør også vere ei rettesnor for dykkar miljøovervaking, sjølv om det ikkje er presisert i teksten i dykkar utsleppsløyve. Norsk Akkreditering har oversikt over dei som til ei kvar tid er akkreditert på ulike område på http://www.akkreditert.no/no/akkrediterte_organisasjoner/. Oversikta over kven som per i dag er akkreditert for å ta botnprøvar i marint miljø er vist under. Varsel om endring av utsleppsløyve For alle fire lokalitetar er det behov for å oppdatere gjeldande utsleppsløyve til dagens standard. Fylkesmannen varslar difor at løyva vil bli gjennomgått og oppdatert med heimel i ureiningslova 18. Tydelege krav til den framtidige miljøovervakinga på lokalitetane, inkludert fristar, vil vere ein viktig del av dette. Det vil også bli fastsett risikoklasse for anlegga. Oppdatering av løyva vil medføre eit gebyr for dykk, der gebyrstorleiken vil vere bestemt av arbeidsmengda, jf. ureiningsforskrifta 39-5. Dette kjem vi tilbake til. Avvik 2 Verksemda kan ikkje dokumentere at alle helse- og miljøfarlege kjemikaliar er vurdert i høve til substitusjon, og har enkelte sikkerheitsdatablad som er for gamle Avvik frå: Produktkontrollova 3a, internkontrollforskrifta 5, 2. ledd nr. 6 og 7 Alle verksemder som bruker produkt med innhald av kjemisk stoff som kan ha helse- og miljøfarleg verknad, pliktar å vurdere om det finst alternativ som medfører mindre helse- og miljørisiko. Vidare skal desse takast i bruk så lenge det ikkje medfører urimelege kostnader eller ulemper (substitusjonsplikta), jf. produktkontrollova 3a. Vurderingane skal finnast skriftleg. Sulefisk AS bruker ikkje svært mange kjemiske produkt, men har ikkje gjort ei samla systematisk og dokumentert vurdering av om det finst alternativ med mindre helse- og miljørisiko som tilfredsstiller dykkar bruk. Kjemikalierutinen dykkar har omtale av plikta til å gjere substitusjonsvurderingar, og de har risikovurdert nokre stoff i høve til helse og miljø. Det er ikkje laga noko skriftleg samla dokumentasjon på at substitusjonsvurderingar er gjort for alle helse- og miljøfarlege kjemikaliar som verksemda nyttar. Eit første steg er å nytte den oversikta de alt har over dei fleste produkta de bruker (få med dei kjemikaliane som manglar, også «verkstadskjemikaliar»), og i tillegg nytte informasjon frå sikkerheitsdatablada om kva for helse- og miljøfare desse har. Vidare må de vurdere alternativ for dei stoffa som er helse- eller miljøfarlege, og konkludere på om de skal halde fram med kvart enkelt av produkta de har brukt hittil, eller om det er noko som
7/8 kan bytast med mindre farlege produkt. Her spelar det også ei rolle om de bruker mykje eller lite av produktet. Oppdaterte sikkerheitsdatablad er eit viktig grunnlag for arbeidet. Ein del datablad i stoffkartoteket dykkar var gamle, enkelte over ti år, og såleis ikkje oppdatert i høve til ein del nye krav som kom bl.a. i 2005 og 2008. Regelverket for klassifisering og merking av kjemikal er i for tida under harmonisering mot felles europeisk regelverk (pågår i løpet av 2012-2015), noko som også medfører endring av faremerkinga/ farepiktogramma på kjemiske produkt. Oppdaterte datablad sikrar samsvar mellom merkinga brukt på emballasjen til produkta og i datablada, og minskar faren for mistydingar. Sikkerheitsdatablad bør uansett ikkje vere meir enn 2-3 år gamle, og de må ha rutinar som sikrar jamleg oppdatering av desse. Substitusjonsplikta omfattar også å vurdere andre prosessar og teknologi som alternativ til bruk av helse- og miljøskadelege kjemikaliar om det finst andre og mindre miljøskadelege/ risikofylte måtar å gjere ting på. Til dømes om ein kan redusere bruken av legemiddel og kjemikaliar til lusebekjemping. De kunne på kontrollen vise til at lusebekjempinga dykkar inkluderer bruk av leppefisk, for å redusere bruken av kjemiske midlar. Merknader Det vart gitt følgjande merknad under kontrollen: Merknad 1 Avvikssystemet bør brukast meir aktivt for å oppnå meir systematisk forbetring Formålet med å ha eit avvikssystem i internkontrollen er å fremje kontinuerleg, systematisk forbetring av drifta. De har eit avvikssystem, og de kunne vise til at det var i bruk, også for ytre miljø. Fylkesmannen sitt inntrykk er likevel at terskelen for å registrere ei hending som avvik er høg. For heile 2013 er det registrert åtte avvik på HMS-området for alle fire lokalitetar samla. Vi vil såleis oppmode til å bruke avvikssystemet meir aktivt. Merknad 2 Internkontrollen bør gje betre oversikt over samla miljøkunnskap om lokalitetane Internkontrollen bør gje lett tilgjengeleg og systematisk oversikt over den samla kunnskapen de har om den enkelte lokalitet. For ytre miljø bør dette omfatte produksjonshistorikk (produksjon/utsleppsmengder, ev. relevante endringar på anlegget eller drifta), oversikt over resipient-, straum- og andre miljøgranskingar som er gjort, samt vidare planar. De har i dag samanstilt produksjon og miljøgranskingar år for år frå 2009 og utover i ein tabell, og har omtalt vidare planar i tekst i internkontrollen. Vi vil likevel tilrå at de jobbar noko vidare med dette, der de m.a. også inkluderer erfaringar og utførte miljøgranskingar frå tidlegare enn 2009, og i tillegg får med strandsona.
8/8 Merknad 3 Lysrør bør sikrast betre mot knusing Lagring av farleg avfall skjer innandørs, i låst lokale. Fylkesmannen er generelt nøgd med lagringsforholda, bortsett frå for brukte lysrør. På kontrolldagen var lysrør lagra ståande opp av ei tønne like innfor døra. Mange av lysrøra var beskytta med pappemballasje, men ikkje alle. I tønna låg det også andre øskjer som det var samla lyspærer i. Lagring av øskjer med litt tyngde saman med uemballerte lysrør vil medføre ein viss fare for knusing, slik at skadeleg gass lek ut. De bør vurdere om de kan sikre dykk betre mot fare for knusing av lysrøra.