PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND 2016-2028 Vedteke: Saks nr: Dato: 04.06.2015
Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet... 2 3 Mål for planarbeidet... 3 4 Rammer for planarbeidet... 3 4.1 Nasjonale føringar... 3 4.2 Regionale føringar... 4 4.3 Andre føringar... 4 5 Medverknad... 4 6 Organisering... 4 7 Framdriftsplan... 4 222638_1_P 1
1 Innleiing Kommunedelplan for breiband er ein tematisk plan som skal bidra til eit betre breibandstilbod til innbyggarar og verksemder i Eid kommune. I kommuneplanen sin samfunnsdel er det vist til at eit kjenneteikn ved Eid kommune i 2025 skal vere god kommunikasjon med omverda, til nytte for innbyggarar, næringsdrivande og besøkande. Breiband er ei av fleire brikker av infrastruktur i kommunen som skal gjere det attraktivt å bu, drive næring eller tilbringe fritid i Eid kommune. Kommunedelplanen vil vere ei utdjuping av mål og strategiar innanfor dette området av kommuneplanen. Kommunedelplanen skal ha ein eigen handlingsdel som syner korleis Eid kommune skal følgje opp arbeidet med utvikling av breiband i Eid kommune dei komande åra. 2 Bakgrunn for planarbeidet Utarbeiding av ny kommunedelplan for breiband er forankra i handlingsdelen til Eid kommune. Kommunestyret starta i sak KS-73/14 arbeidet med rullering av kommuneplanen sin handlingsdel, og det vart gjort følgjande vedtak: Nytt tiltak vert lagt inn under strategi 1.1 «Påverke utbygging av infrastruktur i regionen gjennom samarbeid med næringsliv og andre kommunar»: Utarbeide plan for utbygging av fiber i Eid kommune. Kommunestyret ber rådmannen legge føresetnadane gjennomgått i saksutgreiinga til grunn for det vidare arbeidet med handlingsdelen. I sak KS-144/14 var Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018 vedteken. Utarbeiding av «Plan for breibandsutbygging» er eit av dei prioriterte strategiane under satsingsområdet «Bu i Eid». Vidare vart følgjande verbalframlegg vedteke under budsjettsaka KS 143/14: Det skal i første halvår 2015 startast arbeid med plan for utbygging av fiber i Eid kommune, jmf vedtak i Kommunestyresak 73/14. Rådmannen skal snarast råd vurdere om det er hensiktsmessig å samordne dette med vedtatt oppstarta plan for veg, vatn og avløp i ein overordna plan for infrastruktur, eller det skal køyrast separate planprosessar. 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet Utarbeiding av plan for breibandsutbygging er ikkje lovpålagd, og breibandutbygging er heller ikkje ei uttrykt kommunal oppgåve. Men digital infrastruktur er ein viktig føresetnad for busetnad og næringsutvikling, på same måte som veg, vatn, avløp og el-forsyning. Marknadsaktørane skal stå for bygging av infrastrukturen, men i utkantstrøk må det gjerast særlege tiltak då utbygging ikkje er forretningsmessig forsvarleg. I slike område kan kommunen søkje om økonomisk støtte frå NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet). Det er ikkje noko krav om at ein plan for breibandsutbygging skal følgje plan og bygningslova sine reglar, men administrasjonen legg likevel opp til at dette vert gjort. Ein prosess som føl denne lova vil 222638_1_P 2
medverke til involvering av innbyggjarane og kvalitetssikring av prosess og arbeid. Det vil også gjere det enkelt å kople denne planen med anna kommunalt planverk. 3 Mål for planarbeidet Breibandsutbygging er eit pågåande arbeid. Eid kommune er med å prioriterer breibandsutbygging i kommunen i samarbeid med fylkeskommunen. Utbyggingsprosjekt vert ofte initiert frå grendalag og lokale eldsjeler. Det er likevel første gong det vert utarbeidd ein kommunedelplan for breiband i Eid kommune, arbeidet må difor avgrensast. Planprogrammet skal legge rammer for planarbeidet. Det er ynskjeleg at arbeidet med kommunedelplan for breiband og tiltak i etterkant skal gje følgjande effekt: Innbyggarar, næringsdrivande og besøkande skal oppleve at kommunikasjonen med omverda er god. Følgjande mål skal vere oppnådd når kommunedelplan for breiband er ferdig utarbeidd: Oversyn over dagens standard på breiband i Eid kommune - generelt og for kommunale bygg og anlegg Oversikt over stønadsordningar Rolleavklaring mellom Eid kommune og private aktørar Samspel med andre kommuneplanar Oversikt over prioriterte breibandsutbyggingar Klare kriterium for vurdering av nye utbyggingsprosjekt Handlingsdel med tiltak for vidare oppfølging av breibandsutbygging Omfanget av planarbeidet må vere overkomeleg og realistisk. Strategisk/langsiktig del skal retningsgjevande for den handlingsretta delen av kommunedelplanen. Framlegg til handlingsdel skal samordnast med det samla handlingsdelen/økonomiplanen i Eid kommune. For Eid kommune skal planen vere eit nyttig verktøy for å vurdere nye breibandsutbyggingsprosjekt. 4 Rammer for planarbeidet Kommunedelplan for breiband vert utarbeidd i tråd med dei føringane som følgjer av plan- og bygningslova. Dette inneber mellom anna medverknad, offentlege ettersyn i minst seks veker, eigen handlingsdel og vedtak av plan i kommunestyret. 4.1 Nasjonale føringar Miljøverndepartementet publiserte i 2011 «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging». Sentrale forventningar knytt til kommunal planlegging og breiband er: «kommunene legger til rette for framføring av elektronisk kommunikasjon» 222638_1_P 3
Nasjonale premiss for breibandsutbygging er å finne i Meld. St. 23 (2012-2013) Digital agenda for Norge IKT for vekst og verdiskaping. Hovudmålet er at Norge som samfunn utnytter mogelegheitene IKT og internett gir for verdiskaping og innovasjon. Eit relevant delmål knytt til breibandsutbygging: «...fortsette arbeidet for å tilrettelegge for bredbånd med tilstrekkelig kapasitet til å møte fremtidige behov innenfor skole, helse, næringsliv og husholdninger i hele landet» 4.2 Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedteke Strategi for breiband i Sogn og Fjordane, med følgjande målsetting: Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til andre generasjon breiband i 2020. Sjølv om strategien er fylkeskommunal, er ein avhengig av statleg støtte for å få den realisert. Fylkeskommunen og Breibandforum i IT-forum Sogn og Fjordane vil samarbeide med kommunane for å arbeide fram gode prosjektsøknadar, konkurransegrunnlag og kravspesifikasjonar. 4.3 Andre føringar Ei utfordring i planarbeidet er at breibandsleverandørane sine dekningskart er unnateke offentleggjering. 5 Medverknad I arbeidet med kommunedelplan for breiband vil det bli lagt vekt på at lokale aktørar med interesse for breibandsutvikling får høve til å delta med sine innspel til planarbeidet. Målet for medverknaden er å få innspel til planarbeidet og auke kunnskapen om breiband hjå lokale aktørar. Framdrifta i planarbeidet kan følgjast gjennom oppdateringar på Eid kommune sine heimesider og facebooksider. Følg og med i Fjordabladet. 6 Organisering Kommunestyret har mynde til å vedta planen etter plan- og bygningslova, jf. 11-15. Formannskapet har delegert mynde til å ta avgjerder fram til endeleg vedtak av plan. Kommunalsjef Elin Leikanger er prosjektansvarleg. Prosjektorganiseringa for utarbeiding av kommunedelplan for breiband, vil bli lagt fram som eiga sak i samband med vedtak av planprogram. 7 Framdriftsplan Framdriftsplanen gir ei oversikt over dei ulike fasane i planprosessen og når dei skal gjennomførast. Det er viktig at planen vert klar til søknadsomgong for NKOM-midlar i mars/april 2016. 222638_1_P 4
Fasar i planarbeidet Vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til planprogram ved formannskapet Offentleg ettersyn av framlegg til planprogram Vedtak av planprogram ved formannskapet Utarbeiding av framlegg til kommunedelplan for breiband, inkludert medverknad Vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for breiband ved formannskapet Offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for breiband Vedtak av kommunedelplan for breiband ved kommunestyret Fristar/framdrift 2015 2016 J J A S O N D J F 222638_1_P 5