GUIDE 2008. - Der fjordeventyret tek til FORSAND STRAND HJELMELAND SULDAL SAUDA. www.ryfylke.com



Like dokumenter
Reisemål Ryfylke. guide Der fjordeventyret tek til. Finnøy Hjelmeland Suldal.

Kolumbus... Billettar og busskort... Nyttig informasjon... Helgedagsendringar... Opningstider og kontaktinformasjon Kolumbus - sjå baksida

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Turnéplan: VENNINNER - tre er ein for mye, Ryfylke H15

I Sauda er du i takt med naturen. Her kan du gripe mulighetene naturen gir. og oppleve hele spekteret mellom fjord og fjell.

Stemnehandboka for NKSF

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Juvet Landskapshotell

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

5 stk flotte bustadtomter til sals

Storestølen Fjellstue

Brukarrettleiing E-post lesar

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Mankoliste stempelillustrasjoner Rogaland

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

STI GJENNOM LERKESKOG

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Turnéplan: VENNINNER - tre er ein for mye, Ryfylke H15

Næringsutviklingsprosjekt - Lysefjorden Rundt Forprosjektrapport

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rogaland fylkeskommune P.b. 130, 4001 STAVANGER Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 STAVANGER

Smølåsen er for dem som elsker å være ute i naturen. 11 hytter i Smølåsen på Fidjeland i Sirdal

MEDLEMSINFO. august 2009

GODT Å MYKJE Å KJEKT Å

Turstiar i Kvinnherad

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Internasjonal vidaregåande skule

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Dublin juli 2018

Rapport resultat spørjeundersøking

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Referat frå MINTA møte

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

GENERALFORSAMLING Stavanger juni. Invitasjon. og program

Ferje fra Fiskepiren, Stavanger - Tau. Alle ser godt i auditoriet. Mandag kort dag ( ), torsdag delt dag ( og ).

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

Opningstider og kontaktinformasjon for Kolumbus, sjå baksida. Tau - Bjørheimsbygd - Årdal - (Fister) - Hjelmelandsvågen

Sommartur til Sverige,

Første del av reiseruten. Fin utsikt fra Lygna mot Einavatnet. I Gjøvik går veien forbi Skibladnerhuset.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

BSO_BUSSRUTE:0705 BUSSRUTER :44 Side 1 ØSTERHUS BUSS

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Innbyding til Fjord O 2018

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Vårens franske eventyr. Ryfylke Juni. traction avant #ds # 2cv # sm # hy # cx # mehari # dyane # ami # gs # bx # xm # xantia

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkommen til Fløyen!

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

6-åringar på skuleveg

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Månadsplan for Hare November

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Transkript:

GUIDE 2008 - Der fjordeventyret tek til FORSAND STRAND HJELMELAND SULDAL SAUDA www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke RYFYLKE - OVERSIKTSKART Odda Bergen Newcastle NORGE Oslo FjordNorge Haugesund Tysnesøy Sandvikvåg Sandefjord RYFYLKE Larvik Stavanger SVERIGE Sandnes Newcastle Egersund Kristiansand Husnes Hirtshals Sunde Frederikshavn DANMARK Hanstholm Kiel Stord Mosterhamn Leirvik Valevåg Skånevik Hardangerfjorden Folgefonna HARDANGER SAUDA Odda/Bergen 13 Fjordvegen E134 13 Røldal Røldalsvegen Oslo over Haukeli Haugesund Haugesund Lufthavn Karmøy E39 Sjernarøyane Ombo Nesvik Eidssund Boknafjorden Randøy Hjelmeland Arsvågen FINNØY Judaberg Skudesneshavn Mortevika 519 Fister Årdal Hanasand Fogn RENNESØY 13 Mosterøy STRAND KVITSØY E39 Stavanger Lufthavn Sola Aksdal TYSVÆR Nordsjøvegen VINDAFJORD E134 Nedstrand E39 Tau Åmøy Sør- Rennfast Hidle Idse Stavanger Sandnes 13 Ølen Vikedal 46 Etne Ropeid Sandsfjorden Jørpeland Saudasjøen Preikestolen Saudafjorden Sand Jøsenfjorden Lysefjorden FORSAND Oanes Forsand Lauvvik Frafjord Sauda 13 Ryfylkevegen/ Fjordvegen Hebnes Jelsa Erfjord 520 Hylen Suldalsosen SULDAL HJELMELAND Kjerag Suleskarvegen Lysebotn 45 13 RYFYLKE Blåsjø Lysevegen Nesflaten Bryne Nærbø JÆREN Ålgård E39 GJESDAL Byrkjedal Egersund/Kristiansand E L L E N J E P S O N C Sjå også utbrettskartet på siste side og under kvar kommune 2 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke INNHALD Velkommen til Ryfylke 6 Korleis kome til Ryfylke 7 Kva skjer i Ryfylke 8-9 Vandring 10 Sykling 11 Båtliv 12 Fiske 13 Mat frå Ryfylke 14 Kurs og konferanse 15 Vinter i Ryfylke 16-17 Forsand, Lysefjorden, Preikestolen 18-27 Strand 28-39 Hjelmeland 40-51 Suldal 52-61 Sauda 62-69 Under kvar kommune finns følgjande opplysningar / annonsar: turistinformasjon, kart, attraksjonar, aktivitetar, turområde, vintertilbod, arrangement, gjestehamner og friluftsområde ved sjøen, tømestader for bubilar, miljøstasjonar, hotell/hytte/ camping, transport, butikkar / daglegvare, spisestadar. Regionale annonser, ruteinformasjon 70-75 Rundturar i Ryfylke 76-81 Oversiktskart 82-84 REISEMÅL RYFYLKE AS Denne guiden er utgitt for fri distribusjon av Reisemål Ryfylke i samarbeid med kommunar og reiselivslag. Dei lokale reiselivskontaktane har henta inn opplysningar og bilete frå kvar sin kommune. Guiden gjeld for 2008. Guiden er trykt desember 2007 i eit opplag på 155.000 eksemplar, på språka norsk, engelsk og tysk. Informasjon og annonser er henta inn september 2007. Reisemål Ryfylke tek ikkje ansvar for mogelege manglar og trykkfeil. Under utarbeidinga har våre konsulentar vore: Steinar Iversen Reklamebyrå / Kart v/ellen Jepson Engelsk omsetjar: Olav Grinde / Tysk omsetjar: Ulrich Linnemann Trykk: Norprint Rotasjon as / Tellus Forside foto: Erik Van der Peere Preikestolen ved Lysefjorden Små bilete: Hanne Sundbø og Bjørn Eivind Årthun. www.ryfylke.com 3

Reisemål Ryfylke UTFORSK RYFYLKE - HEILE ÅRET! Preikestolen og Lysefjorden sjå under Forsand Kjeragbolten sjå under Forsand Suldalsdampen - sjå under Suldal Vinter - sjå side 16-17 Jelsa kyrkje sjå under Suldal Få opplevingar og besøk festivalar! Sjå side 8-9 og under kvar kommune 4 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke EI MENGDE AKTIVITETSTILBOD VENTAR DEG Ver aktiv! - anten du vil gjera ting på eiga hand eller i ei gruppe. Laksesafari sjå under Suldal Flørlitrappa sjå under Forsand Sykkelturar sjå side 11 Sightseeing på Lysefjorden sjå under Forsand Rv 520 Ryfylkevegen over Saudafjellet - sjå under rundturar Bu heilt enkelt eller som ein lord For grupper og kurs- og konferansegjester finst mange tilbod! Sjå www.ryfylke.com www.ryfylke.com 5

Reisemål Ryfylke VELKOMMEN Frå sør møter du fjordane i Ryfylke. Kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand inviterer til varierte opplevingar året rundt. Lat denne guiden gje deg lyst til å utforske Ryfylke i år! I 2008 er Ryfylke med og feirar Europeisk kulturby, Stavanger 2008, m.a. med vinter-arrangementet Mot Himlaleitet i Sauda 6. - 8. mars og internasjonal fredskongress for barn og unge i Suldal i september. I juli kan du oppleva det historiske spelet Syng elvestraum på Sand og Vikedal Roots Music Festival i Vikedal, ein av Rogalands største musikkfestivalar. Nytt i 2008: turistferja har to avgonger per dag i høgsesongen t/r Lauvvik - Forsand - Songesand - Flørli - Lysebotn. Før og etter høgsesongen går ferja også ifrå Stavanger. Oppdatert informasjon finn du på fire språk på www.ryfylke.com (norsk, engelsk, tysk og nederlandsk!) Utforsk Ryfylke og festivalane i år! Vennleg helsing Hanne Sundbø Dagleg leiar, Reisemål Ryfylke NB! Retningsnummer til Norge: +47 Verdas største Jærstol, Hjelmeland Foto: Hanne Sundbø Frå Syng elvestraum, Sand i Suldal Foto: Kulturhuset i Suldalal 6 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke KORLEIS KOME HIT KORTASTE VEGEN MED BIL, BUSS ELLER SYKKEL: 1 Frå Bergen: Gjennom Hardanger til Røldal, ca 200 km, 1-2 ferjer. 2a Frå Haugesund: Langs E 134 til Nedstrand (ca 50 km + ferge til Stjernarøy) eller Rv 46 Ropeid, ca 85 km. 2b Frå Haugesund: E39 over Bokn, ferge til Rennesøy, ferge frå Hanasand til Judaberg på Finnøy, ca 55 km. 3 Frå Stavanger: Ferje til Tau, 30/40 min. eller køyr gjennom Rennfast-tunnelen, over Rennesøy til Hanasand til Judaberg på Finnøy, 30 km + ferge til Finnøy. 4 Frå Sandnes: Langs Rv 13, 24 km til Lauvvik, ferge 10 min. til Oanes. 5 Frå Egersund: 74 km frå Egersund til Lauvvik, ferge til Oanes. (192 km Kristiansand - Egersund). 6 Frå Kristiansand: På Rv 9 til Brokke, deretter Rv 45 til Suleskar og videre til Lysebotn (220 km), vinterstengd veg. Alternativt følg Rv 9 opp gjennom Setesdal til Røldal, ca 300 km. 7a Frå Oslo: Gjennom Telemark på E134 over Haukeli til Ryfylke via Røldal, ca 340 km. 7b Frå Oslo: Start frå Oslo som 7a, men ta av i Telemark på Rv 45 til Suleskar og vidare til Lysebotn, ca 300 km. Vinterstengd veg. Ferge frå Lysebotn (Evnt. Rv 45 vidare til Sandnes og Lauvvik). 8 Frå Larvik: På Rv 36 opp til Seljord i Telemark, og vidare som 7a (E134) via Haukeligrend, eller 7b på E134/Rv 45. HURTIGBÅTAR: Hurtigbåttilbod frå Stavanger til Tau, Fister, Judaberg, Hjelmeland (via Judaberg), Jelsa, Ropeid og Sauda. Elles eit mangfaldig hurtigbåttilbod internt i Ryfylke. Bussamband vidare. Sjå www.kolumbus.no INTERNASJONALE FLYPLASSAR: Oslo, Bergen, Stavanger, Haugesund og Kristiansand. www.avinor.no INTERNASJONALE FERJERUTER: Til Kristiansand, Egersund, Stavanger, Haugesund, Bergen, Larvik og Oslo. TOG: Jernbane til Stavanger og Bergen frå Oslo. EKSPRESSRUTER- BUSS: Til Stavanger frå Oslo, Kristiansand, Bergen og Hamburg. FERJER OG LOKALBUSSAR: Innan Ryfylke og mellom Stavanger og Ryfylke, og Haugesund og Ryfylke, sjå www.kolumbus.no www.ryfylke.com 7

Reisemål Ryfylke KVA SKJER I RYFYLKE JANUAR Skisesesongen i Sauda og Suldal er i full gong. Skibåt frå Stavanger - Sauda. 19. 20. Saudasprinten Sjå under Sauda. FEBRUAR 10. Slettedalen rundt Sjå under Sauda. 15. 17. Super G Sjå under Sauda. MARS Kvit vinter i heiområda og i Svandalen, Sauda. Ta båten til fjells! Sauda og Suldal har enno skiføre 6. 8. * Mot Himlaleite! Sauda - Tour en l air Sjå under Sauda. 15. 16. Zporty Snøfestival, Gullingen Sjå under Suldal. 18. * Kyrkjelyd Sjå under Strand. APRIL Vert det vinterleg eller vårleg påskefeiring på deg? Ta båten til fjells! 5. 6. Sauda rennet Sjå under Sauda. 25. 26. Sauda Backcountry Challenge Sjå under Sauda. MAI Tidleg vår ved fjorden og på øyane, 17. mai i alle Ryfylke sine små bygder bør opplevast! Lokalt arrangerte fotturar med guide startar opp no, sjå www.ryfylke.com Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 29. 1. jun Saudadagane Sjå under Sauda. 31. 1.jun Årdal Open Sjå under Hjelmeland. 31. Treffpunkt Årdal Sjå under Hjelmeland. JUNI Fruktbløming langs fjordane, sjå for deg hausten med modne eple, plomme og bær! Vinterstengde vegar (Røldalsfjellet, Lysevegen) skal vera opna no primo juni. Kontakt tel. 175 for nærare informasjon. Museumsanlegga til Ryfylkemuseet og Fortidslandsbyen Landa opnar for sesongen, sjå annonse bak og under Forsand. Fjordhopping tek til rundt Lysefjorden. Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 31.mai 1. Årdal Open Sjå under Hjelmeland. 5. 7. Strandadagane Sjå under Strand. 6. * Opning av sommarutstilling: Kunst i stav og stav i kunst. Sjå under Suldal. 6. 8. Ryfylkedagane, Sand Sjå under Suldal. 7. * Opning av sommarutstillinga North Sea exhibition Sjå under Suldal. 13. 15. Fyr og flamme-festivalen Sjå under Sauda. 14. Storaurefestival, Suldalsosen Sjå under Suldal. 20. 22. Saudatreffen Sjå under Sauda. 8 www.ryfylke.com Norsk Frukt- og Laksefest i Hjelmelandsvågen 5. - 7. Sept. NO 4130 Hjelmeland Tel. 51 75 95 00 Fax 51 75 07 83 Mob. 928 60 460 www.fruktoglaks.no Her møtes by og bygd til familiefest! Det vert servert mat og kulturelle aktivitetar i forskjellige formar. Opplev Rogaland si beste kunst- og handverksmesse!

Reisemål Ryfylke KVA SKJER I RYFYLKE 20. 22. Vestlandsmesterskap i motorcross Sjå under Sauda. 21. Stålsymposium med St.Hans feiring Sjå under Strand. 21. Jordbærfest på Fister Sjå under Hjelmeland. 26. 29. Ungkarsfestivalen i Suldal Sjå under Suldal. 29. Viglesdalsløpet Sjå under Hjelmeland. JULI Høgsommar med sol og regn i frisk blanding. Prøv jordbæra våre! Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 4. 6. Pilegrimsvandring frå Suldal til Røldal Sjå under Suldal. 5. Stintekonkurranse Sjå under Forsand. 5. Halvøydag - Vatlandsvåg Sjå under Suldal. 12. Sommarmarknad i Marvik, Sjå under Suldal. 19. Sommarmarknad på Jelsa Sjå under Suldal. 29. Kveldskonsert Sjå under Hjelmeland. 30. 3.aug Sommarspelet Syng Elvestraum Sjå under Suldal. AUGUST Varmt badevatn i fjorden og kanskje og i fjellvatna? Sjå etter soppen i skogen. Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 30.jul 3. Sommarspelet Syng Elvestraum Sjå under Suldal. 2. Erfjordfestival Sjå under Suldal. 16. Krabbefestival Sjå under Forsand. 29. 31. Toufestivalen Sjå under Strand. SEPTEMBER Plommer, eple og pære må du smaka no! Kulturhaust i Ryfylke, kulturfestival (sept - nov.) Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. Pilt Ola - marsjen Sjå under Forsand. Høstmarken på Jørpeland Sjå under Strand. Sauda Cup Sjå under Sauda. 5. 7. * Norsk Frukt- og Laksefest Hjelmelandsvågen Sjå under Hjelmeland. 6. Saudasjøen rundt Sjå under Sauda. 8. 22. * Point of Peace Sjå under Suldal. OKTOBER Forsanddagane Sjå under Forsand. Møgedalsmarknaden, Bergekrossen Sjå under Suldal. 26. Konsert med Per Oddvar Hildre Sjå under Hjelmeland. 30. Forfattarbesøk Sjå under Hjelmeland. * www.stavanger2008.no Ryfylkedagane, Sand - Foto: Anne Lise Norheim Gode råvarer frå Ryfylke - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 9

Reisemål Ryfylke VANDRING Ryfylke byr på eit mangfald av merka løyper for fotturar, nokre er enkle og andre litt tøffare. Det er viktig å vise respekt for naturen og kjenne eigne grenser for fysisk utfalding. Turklede, regnklede for det skiftande kystklimaet, solide støvler med god såle for fjell vert tilrådd. Mat og drikke frå ryggsekken er godt når målet er nådd. Ikkje alle turar til kjende turistmål passer for barn og folk med dårleg kondisjon. Følg skilt og tilrådingar og ta ikkje sjansar. For fotturistar finst det eigne bøker og kart. Ryfylkeheiane med Stavanger Turistforening sitt løypenett gjev flotte opplevingar i fjell og hei. Løypene er vist på utbrettskartet og kommunekarta. Om du vil vere mest for deg sjølv, spør etter fleire ruteforslag på turistkontora, Ryfylkemuseet eller hjå Stavanger Turistforening. Postboks 239, 4001 Stavanger. Tel. 51 84 02 00, Fax: 51 84 02 14. E-post: informasjon@stavanger-turistforening.no. Turguide for Preikestolsområdet kan kjøpast. For turar i Saudafjella, kontakt Sauda Turistkontor på tel. 52 78 42 00, eller Haugesund Turistforening, tel. 52 71 53 11, e-post: haugesund@turistforeningen.no. Lokale kart over turløyper i kvar kommune finn du på turistkontoret. Turar med turleiar: Hjelmeland: guida turar til Lauvåsen, kontakt Ryfylke Fjordferie. Suldal: pilegrimsvandring mellom Suldal og Røldal, kontakt Suldal Turistkontor. Sauda: guida turar på førespurnad utanom høgsesongen, kontakt Sauda Ferie og Fritid. Forsand: kontakt Lysefjorden Utvikling. Strand: guida turar to gonger i månaden, kontakt Strand Turistinformasjon. Spør etter detaljert program på dei forskjellige turistkontora. Nær tettstadane og Ryfylkevegen er det mange fine løyper for kortare turar (1 til ca 3 timar) som kan gje like store opplevingar som dei kjende plassane. Sjå under kvar kommune, spør turistkontora der og finn din eigen yndlingsstad. På veg til Trodla-Tysdal - Foto: Hanne Sundbø Øyafossen på veg til Trodla-Tysdal- Foto: Hanne Sundbø 10 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke SYKLING Ryfylke byr på interessante vegar for deg som liker å kjenna dufter og høyra naturen sine lydar frå eit sykkelsete. Likevel: Rv 13 Ryfylkevegen er ikkje tilrådd for syklistar pga smale vegar, tunnelar og mykje trafikk på visse strekningar. Prøv heller avstikkarar frå Ryfylkevegen som ny rundtur på Randøy (Hjelmeland), ut til Jelsa (Suldal), rundtur på Ombo (Finnøy/Hjelmeland), fjelltur mellom Årdal og Songesand (Hjelmeland/ Forsand), mot Fiskå (nord i Strand) og rundt Kvalvåg (Strand/Forsand). For den spreke; prøv Rv 520 frå Sauda over Røldalsfjellet til Røldal! Frisk fjelluft og nysgjerrige geiter treff du der. Likevel er øyriket i vest, eldoradoet for syklistar. Eit frodig kulturlandskap og eit aktivt landbruk med mange beitande dyr møter deg. Kombinasjon med hurtigbåt og sykkel går fint mellom fastlandet og fleire øyer. For Rogaland som heilskap finst det eit eige planleggingskart for sykkelturar (tre språk), spør på turistkontora. Sykkelutleige: Sand i Suldal: Kontakt Suldal Turistkontor. Sauda: Kontakt Sauda Turistkontor som og tilbyr guida sykkelturar. På veg ned frå Røldalsfjellet, Rv 520 - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 11

Reisemål Ryfylke BÅTLIV UTFORSK RYFYLKE FRÅ BÅTEN Ryfylke kan freiste småbåtturisten med skjergardsidyll og eit unikt øyrike. Her kan du liggje ved flotte gjestehamner eller tilrettelaga natur- og uthamner. Mange bortgøymde perler finn du óg om du vil vere litt aleine. Ta deg ein dans på brygga i godt lag eller berre nyt båtlivet i ei stille vik. På turistkontora får du informasjon om leige av båt og fiskeutstyr. I Sauda kan ein leige båt ved Sauda Fjordhotel, medan Sauda Ferie og Fritid leiger ut kanoar. I Suldal og i Forsand er det muleg å leige kajakk for ein padletur i fjordane. I Strand og fleire stader i Hjelmeland kan ein leige båt. Ta deg ein roleg dag på fjorden; tenk deg sola som varmar, fisk på kroken og klukkande bølgjelydar. Om vinteren: Ta båten til fjells!! Det er godt tilrettelagt for småbåtar i Ryfylke. Gjestehamner og miljøstasjonar finn du i alle kommunane, og natur- og uthamnar er tilrettelagte fleire plassar. Legg båten til ei uthamn eller ved butikkbryggja og finn på noko på land. La deg freista av fine turstiar eller ein bygdaveg med liten trafikk. Ta med deg sykkel eller leig deg ein! Mange av attraksjonane ligg i gåavstand frå båthamna. Eller kanskje eit måltid med heimelaga mat på kaien t.d. på Oanes, Randøy, Fister, Hålandsosen og Sand lokkar? Bruk båten til ein av dei mange festivalane i sommar, et godt og kos deg i folkefesten, sjå oversikt framføre. Ta kontakt med turistkontora for meir informasjon, eller sjå karta og info under kvar kommune. På www.ryfylke.com finn du i tillegg til meir informasjon, fleire ruteforslag for småbåtturar med overnatting på land og fyldig omtale av Ryfylkefjordane. Coop Finnøy Judaberg NO 4160 Finnøy Tel. 51 71 44 00 Fax 51 71 44 01 Sesong: hele året Daglegvarer - Post i butikk - Tipping - Medisiner - Delikatesse - Drivstoff, døgnopne pumper - Fiskesaker - Båtutstyr - Jernvarer. 12 www.ryfylke.com Skrabbavikjå Opplevelsesenter NO 5566 Hervik Tel. 52 77 79 65 Fax 52 77 59 99 Mob. 900 43 475 Mob. 932 47 860 postmaster@kallekodt.no www.kallekodt.no Båthavn, kafé og selskapslokaler i Hervikfjorden med et variert og mangfoldig aktivitetstilbud for liten og stor. Riding, jakt, fiske, turløyper, åpen gard med salg av egne produkter m.m.

Reisemål Ryfylke FISKE FISKE I RYFYLKE Fritidsfiske er populært i Ryfylke, og det finst eit rikt mangfald i fisketilbod. Gode lakseelver, stille fjellvatn og eit fjordrikt landskap lokkar. Fiskeravgift for fiske etter laks og sjøaure i elvar og innsjøar må betalast på postkontoret. Fritak for born og unge under 16 år. I tillegg må lokale fiskekort kjøpast, gjeld også for all anna fiske etter innlandsfisk. Det er ulovleg å fiske med levande agn. Gratis sportsfiske i sjøen. Forbod mot å fiske nærare akvakulturanlegg enn 100 m, ferdsel forbode nærare enn 20 m. På Hjelmeland bibliotek kan ein låne fiskestenger gratis i ein dag. Fiske etter anadrome laksefisk er tillete i følgjande vassdrag i gitte tidsrom: Jørpelandselva, Årdalselva, Hjelmelandselva, Vormo, Førre, Ulla, Hålandselva, Suldalslågen, Storelva/Nordelva, Vikedalselva, Frafjordelva, Espedalsåna, Lyseelva. Informasjon om tidsrom for lovleg laksefiske vil vere tilgjengeleg i februar 2008. Datoane kan ein få på turistkontora i kommunane, på www.ryfylke.com eller ved å kontakte Fylkesmannen i Rogaland, tlf: 51 56 87 00, web: www.fylkesmannen.no. Her får ein og opplyst særskilde og allmenne reglar for fiske av laks og sjøaure i dei enkelte vassdraga. Spør på turistinformasjonen om fiskevatn i regionen og fiskekort. Brunaurefiske i Suldalslågen er mogeleg i perioden 1. mai - 30. september. Kontakt Mo Laksegard for informasjon og fiskekort på tel. 52 79 76 90. Fjordfisket i Ryfylke er godt, særlig i midtre del rundt dei mange øyane og i nordre Ryfylke. I dei spektakulære fjordane Jøsenfjorden og Lysefjorden kan fisketuren kombinerast med vandreturar i dei høge fjella som omkransar fjordane. Guida tur med fiskebåt og erfaren fisker kan ein få i Suldal. Det fins fiskekart over gode fiskeplassar i Hjelmeland. Trygt farvatn gjer det enkelt å ferdas i båt på eigenhand i Ryfylke. Her kan ein fiske i isfrie fjordar heile året. Vanlige fiskeslag i fjordane er torsk, makrell, lyr, sei, breiflabb, steinbit, kveite og lange. Fiskelykke - Foto: Suldal Reiselivslag. Fisketur på fjorden - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 13

Reisemål Ryfylke MAT FRÅ RYFYLKE Ryfylke er ein viktig del av Matfylket Rogaland. Ryfylke er med aktivt land- og havbruk eit spisskammer i utvikling! Laks i merdar, saftig skjellmat, godt kjøtt frå storfe, sau, gris og kylling. Ferske egg, vilt frå skog og hei, aure og laks frå elv og vatn, tidlege potetar og grønt. Fisterjordbær, eple, plomme og pære; dette er noko av det som gir Ryfylkekjøkkenet stor variasjon. Me ønskjer deg velkommen til å testa smaken av Ryfylke langs Ryfylkevegen. Ta turen til Lysefjordsenteret i sør og prøv Lysefjordssuppa og laksen. Eller smak rømmegraut og speketallerken på Preikestolhytta. På Ryfylkegarden Holta får du god norsk sundagsmiddag basert på lokale råvarar. I restauranten på Spa-hotell Velvære kan du nyte panoramautsikt og smakfulle retter. Her er du garantert spennande matoplevingar. Vil du derimot ha solid fjellkost, vandre inn til Stranddalen Turisthytte i Suldalsheia. Her får du komler kvar tysdag og torsdag! Du kan og vitja ein av dei smakfulle festivalane i Ryfylke: Til dømes Norsk Frukt- og Laksefestival i Hjelmeland, sjå oversikt framme i guiden. Matfylket Rogaland arbeider aktivt for utvikling av gode produkt for deg som gjest. Sjå www.opplevmatfylket.no. Velkommen til Ryfylke i Matfylket Rogaland! Lysefjordsenteret Oanes NO 4110 Forsand Tel. 51 70 31 23 Fax 51 70 37 50 info@lysefjordsenteret.no www.lysefjordsenteret.no Kafé/restaurant dagleg, catering. Preikestolhytta NO 4100 Jørpeland Tel. 51 74 52 51 Mob 971 65 551 post@preikestolhytta.no www.preikestolhytta.no Kafé/restaurant, grupper, trad. mat. Åpent fra påske. Ryfylkegarden Holta Holta NO 4120 Tau Tel. 51 74 65 54 Mob. 907 26 136 inerhus@hotmail.com www.ryfylkegarden.com Gardsrestaurant, opent sundag 12-18 heile året. Stranddalen Turisthytte NO 4230 Sand Tel. 51 84 02 00 Mob. 0087 076 466 0130 informasjon@stavanger-turistforening.no www.stavanger-turistforening.no Betjent juli-sept. Tradisjonsrik, heimelaga fjellkost. Komle tys og tors. Spa-hotell Velvære NO 4130 Hjelmeland Tel. 480 50 600 post@spahotellvelvaere.no www.spahotellvelvaere.no Lokale råvarer som fisk, skalldyr, vilt og bær som tilberedes på nye og spennande måtar. Speketallerken med Suldalsskinke - Foto: Hanne Sundbø Smakfull dessert - Foto: Elin Engelsvoll 14 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke KURS OG KONFERANSE Ryfylke har mykje spennande av kurs- og konferansetilbod, særleg om ein ønskjer noko skreddarsydd i små intime miljø. I alle delar av Ryfylke ligg tilboda, mange kan nåast med spesialinnreide konferansebåtar, eller like lett med buss eller bil. At konferanserommet held mål og at du sov godt er sjølvsagt, men kva med aktivitetar? I Ryfylke kan du prøva ei ekte villmarksoppleving som vert avslutta med kjøtt eller laks tillaga over open eld. Eller kva med eit forhistorisk måltid i autentiske omgjevnader? Du kan velgja mellom klostervandring eller erotiske fornminne. Vil gruppa heller samla sansane med varierte spa-opplevingar? Skikurs eller fisketur? Flåte på elva eller guida fottur? Sightseeing på fjorden eller dampbåt på Suldalsvatnet? Teambuilding eller lette aktivitetar, alt kan ordnast for små og store grupper. Valet er ditt! Me kan hjelpa med å finne den rette plassen som gjer ditt arrangement eller din tur vellukka! Sjå og under www.ryfylke.com og kurs og konferanse. FjordEvents AS NO 4130 Hjelmeland Atle Tel. 913 59 132 www.fjordevents.no Håvard Mob. 450 36 100 Havrafting - Ryfylkesafari - Fjordrafting - Sightseeing - Aktive opplevelser - Teambuilding. Me har basar i Stavanger og Hjelmeland. Besøk vår nettside for meir oppdatert informasjon: www.fjordevents.no Spa-hotell Velvære NO 4130 Hjelmeland Tel. 480 50 600 Fax 51 75 12 01 post@spahotellvelvaere.no www.spahotellvelvaere.no Sesong: hele året Spa-hotell Velvære ønsker velkommen 3 til nye kurs- og konferanse opplevelser. Vi skreddersyr komplett opplegg med overnatting, mat, lokale, aktiviteter og transport. Utstein Kloster NO 4156 Mosterøy Tel. 51 72 47 05 Fax 51 72 47 08 booking@utstein-kloster.no www.utstein-kloster.no Utstein kloster kan tilby opplegg for små og mellomstore konferanser i unike historiske omgivelser. Kapasitet 12-40 personer. Fullt utstyrt med AV-utstyr og tilgang til internett. Eget kjøkken med alle rettigheter. 18 rom for overnatting - inntil 27 personer. 2 www.ryfylke.com 15

Reisemål Ryfylke VINTER I RYFYLKE Ryfylke har og ein kvit vinter, i nord er snøtilhøva mest stabile. Sauda skisenter, Svandalen med alpinanlegg og snøkanon ønskjer deg velkommen med snø frå årsskiftet. Mot Himlaleitet er eit spennande vinterarrangement i Sauda 6.-8. mars. Sjå portalen www.ryfylke.com og menyval vinter og arrangement for oppdaterte opplysningar om Sauda Skisenter. Godt med oppkøyrde langrennsløyper finst fleire plassar i Sauda og i Gullingenområdet i Suldal. Her er og eit mindre alpinanlegg. Sjå plassane på kartet og spør på turistkontora om snøtilhøva andre plassar i Ryfylke. Nokre lysløyper finst og for dei som vil nyta kvelden på ski. Kanskje det og finst skeiseis på mindre vatn? I Ryfylkeheiene og Sauda er det nokre løyper som vert merka med kvistar for delar av vinteren. For nærare informasjon kontakt Stavanger Turistforening Tel. 51 84 02 00, informasjon@stavanger-turistforening. no eller Sauda Turistkontor Tel. 52 78 42 00, post@saudaferie.no. Ta båten til fjells! Skibåt frå Stavanger til Sauda og via Sand til Røldal kvar helg i sesongen. Sjå www.ryfylke.com. Ved fjorden ligg snøen sjeldan lenge, men den grøne vinteren har og sin sjarm. Våren kjem tidleg. Prøv ei helg med familie eller venner i ei varm hytte og kos deg med vedfyring og stille kveldar. Mange av turstiene kan nyttast med godt fottøy vinterstid, fiske i fjorden er og muleg. Fleire plassar tilbyd aktivitetar som badestamp, badstu etc. eller andre friluftsaktivitetar for grupper heile året. Sjå under www.ryfylke.com for arrangement og tilbod for grupper eller kontakt turistkontora. Sauda Turistinformasjon Tel. 52 78 42 00 Suldal Turistkontor Tel. 52 79 05 60 Hjelmeland Turistkontor Tel. 51 75 95 00 Forsand Turistinformasjon Tel. 51 70 36 60 Strand Turistinformasjon Tel. 51 74 31 40 Røldal Turistinformasjon Tel. 53 64 20 33 Kveldskøyring, Sauda Skisenter Foto: Rolf Selvik 16 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke VINTER I RYFYLKE Odda/Bergen E134 Oslo over 13 Haukeli Røldal Haugesund Ølen Skånevik Etne E134 Slettedalen SAUDA Vinterstengd Åbødalen Nordstøldalen Breiborg Lyngmyr Saudasjøen Sauda Maldal SVANDALEN 13 520 Ryfylkevegen Sand Ropeid Suldalsosen Nesflaten Bråtveit SULDAL Nedstrand 13 Ryfylkevegen GULLINGEN Boknafjorden FINNØY Mortevika Hanasand RENNESØY Sola E39 Sjernarøyane Ålgård Tau Stavanger 13 Sandnes Ombo Fister STRAND Jørpeland Nesvik 13 Hjelmeland Årdal Preikestolen Bjødnabu Lysefjorden Oanes Vinddalen Forsand Lauvvik FORSAND Frafjord GJESDAL Egersund/Kristiansand RYFYLKE Lyngsheia HJELMELAND 45 Blåsjø Lysebotn Liarvatnet Vinterstengd Lysevegen Kjerag Vinterstengd Skrøylå E L L E N J E P S O N C Gullingen - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 17

Forsand FORSAND KOMMUNE Turistinformasjonen for Forsand finn du i Lysefjordsenteret på Oanes. Senteret ligg tett ved Rv.13 i ytre del av Lysefjorden. Hjarteleg velkommen innom, me svarar gjerne på spørsmål. Forsand Turistinformasjon Lysefjordsenteret AS, Oanes NO 4110 Forsand Tel. 51 70 36 60 Fax 51 70 36 61 info@lysefjordsenteret.no Opningstider i turistsesongen dagleg kl. 11.00-18.00 Forsand Kommune NO 4110 Forsand Tel. 51 70 00 00 Fax 51 70 00 01 post@forsand.kommune.no www.forsand.kommune.no Gjestehavn Naturhavn Lysevegen, 27 hårnålssvingar opp frå Lysebotn - Foto: Torbjørn Heggheim 13 Tau Stavanger/ Sandnes Bjørheimsbygd 13 Frafjord Årdal Hjelmeland HJELMELAND Viglesdalen Lysefjorden Røsdalen Lyngsvatnet STRAND Sandvatnet 13 Jørpeland Songedalen 4 Lysebotn Songesand 6 Preikestolen 1 Flørli 5 3 12 Øygardstøl 8 Fossmark FORSAND Langavatn 11 2 Lysefjordsenteret Øvre Oanes 10 Forsand Espedal Blåfjellenden Sandvatn Lauvvik 7 Landa Fortidslandsbyen GJESDAL 518 9 4 Høgsfjord Ryfylkevegen/ Fjordvegen Trodla Tysdal FRAFJORDHEIA landskapsvernområde 18 www.ryfylke.com Hunnedalen Stakken Suleskarvegen Nilseb Lysevegen

Forsand ATTRAKSJONAR Œ 6 Kjerag www.visitlysefjorden.no Med 1084 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden. Fjellmassivet innerst og sør for fjorden, har lenge vore mest beundra frå fjorden, men dei seinare åra har det blitt stadig meir populært å ta turstien til platået. Dei fleste er nøgd med å nyte utsikten over Lysefjorden frå sjølve platået, men for nokre turgåarar er høgdepunktet å bli foreviga på Kjeragbolten, ei rund steinblokk kilt fast i ein fjellsprekk. Kjerag har også blitt eit populært mål for fjellklatrarar og basehopparar. Fotturen startar frå Øygardstøl ved Lysevegen ovafor Lysebotn. Den krevjande løypa går opp og ned fleire ryggar, og har ein høgdeforskjell på 570 m. T/r: 10 km, 5-6 t. Husk godt fottøy, Kjeragbolten Foto: Hanne Sundbø varme klede og mat. Generell god fysikk nødvendig. Turstien er ein del av Stavanger Turistforening sitt løypenett og nyleg utbedra. Man kan kome til Øygardstøl anten med ferje til Lysebotn og bil eller buss (i sesongen) vidare til Øygardstøl eller ved å kjøre via Sirdalen på vegen til Lysebotn (vinterstengt veg frå ca oktober til mai/juni, kontakt Statens vegvesen, tlf. 175). Nytt informasjons- og servicebygg på Øygardsstøl med toalett. Opent i sommarsesongen. P-plass med avgift i sesongen. Kjerag er også imponerande sett frå fjorden, frå ferje eller sightseeingbåt. Kjeragbolten kan du og skimte 1000 m. over deg. Kjerag og Lysefjorden Foto: Hanne Sundbø Godt fottøy må til - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 19

Forsand AKTIVITETAR www. visitlysefjorden.no Foto: Terje Rakke, Fjord Norge og Forsand kommune OPPLEV LYSEFJORDEN Fjordhopping Fjordoppleving Arrangement Den forhistoriske landsbyen Landa Den gamle kraftbygda Flørli Preikestolen Kjerag Turforslag 20 www.ryfylke.com

Forsand ATTRAKSJONAR Œ 3 Preikestolen www.visitlysefjorden.no Preikestolen, den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke, rager 604 m over Lysefjorden, i ytre del av fjorden. Platået på ca 25x25 m blei truleg forma ved frostsprenging for 10.000 år sidan. Fotturen går frå Preikestol-hytta på tursti i småkupert terreng. T/r: 6 km, 3-4 t, høgdeforskjell 350 m. Godt fottøy og generell god fysikk er nødvendig. I sommarsesongen: dagleg bussamband mellom Tau ferjekai (ferje frå Stavanger) og Preikestolhytta. Overnatting, servering og kiosk ved Preikestolhytta i sommarsesongen. P-plass med avgift. Preikestolen kan også opplevast frå Lysefjorden, anten frå ferje eller sightseeingbåt. Preikestolområdet - illu. : Ståle Ådland Utsikt frå Preikestolen - Foto: Hanne Sundbø Preikestolen - Foto: Olav Breen www.ryfylke.com 21

Forsand ATTRAKSJONAR Œ 4 Lysebotn Innst i Lysefjorden ligg bygda Lysebotn. Det går buss fra Stavanger/Sandnes til Lysebotn. Utgongspunkt for turar på fjorden og i fjellet. Spennande veg ned til Lysebotn med 27 hårnålssvingar. Sommaropen veg (Statens vegvesen, tel. 175). Œ 1 Lysefjorden Forsand kommune omkranser den berømte Lysefjorden. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella blei forma i istida. Prøv ein fottur til Preikestolen eller Kjerag og opplev den fantastiske utsikten over fjorden. Lysefjorden kan opplevast anten i eigen båt, eller på ferje, hurtigbåt eller sightseeingbåt. Mange av desse populære turane legg til på små stader langs fjorden og ein får mellom anna sjå fjord og fjell, steinkobber og geiter. Nytt i 2008: turistferja går to gonger per dag i høgsesongen t/r Lauvvik - Forsand - Songesand - Flørli - Lysebotn. Busskorrespondanse frå Stavanger og Sandnes til Lauvvik. Frå 23. mai - 20. juni og 18. august - 31. august går det ei ferje. Denne har avgang frå Stavanger. Sjå annonse på side 75 eller www.vfc.no. Forsand Kyrkje Tel. 51 70 01 71 Forsand kyrkje ligg i sentrum av Forsandbygda 1 km frå Forsand kai. Kyrkja blei bygd i 1854 etter teikning av kyrkjebyggjaren Tollag Gudmestad frå Nærbø. Omvising på bestilling: Forsand kommune, kyrkjekontoret. Kjerag og Lysefjorden - Foto: Terje Rakke 22 www.ryfylke.com

Forsand ATTRAKSJONAR Œ 7 Landa - Fortidslandsbyen www.visitlysefjorden.no På Fossanmoen ligg tuftene etter Landabusettinga, eit eineståande funn i norsk historie og arkeologi. Det budde folk her samanhengande i 2000 år - frå omlag år 1500 f.kr. til år 600 e.kr. Rekonstruksjonsarbeidet tek sikte på å gjenskape noko av miljøa som var for 3000 år sidan. Det første huset frå bronsealderen stod ferdig i 1995. Du kan sjå gjenreisingsarbeidet, få omvising eller delta i aktivitetar. Opningstider og aktivitetstilbod vil de finna på Landa si nettside, www.fortidslandsbyen.no. Œ 12 Flørli Kraftstasjon www.visitlysefjorden.no I 1999 opna den nye kraftstasjonen på Flørli, langt inne i fjellet. Den gamle kraftstasjonen i karakteristisk jugendstil og trappene, ligg no opne for nye aktivitetar. Fleire vandreløyper vil ta deg rundt på området. Prøv deg på styrkeprøven og klatre 4444 trappetrinn til topps langs den gamle rørgata. Her kan du gå vidare til Kjerag eller Blåfjellenden (dagsmarsj). Du kan også vandra i den gamle krafthallbygningen som visar både kunst- og historisk utstilling, eller nyte eit måltid i kafeen. Tilboda i krafthallen er berre tilgjengeleg i sesongen. For meir informasjon, sjå www.visitlysefjorden.no. Œ 10 Sjøhus i Bergevik Tel. 51 70 00 00 Sjøhuset i Bergevik er frå midt på 1800-talet. Bygget finn du i Bergevik 1 km. frå Forsand kai. Omvisning etter avtale, kontakt kulturkontoret. Sommarope f.o.m. 7. juli t.o.m. 27. juli: måndag-fredag kl 11-16, laurdag-søndag kl 11-17. Temadagar i løpet av sommaren. Husfrua på Landa - Foto: Hanne Sundbø Konsert i Flørli - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 23

Forsand AKTIVITETAR / TURFORSLAG AKTIVITETAR Ferskvassfiske Sal av fiskekort for laks- og sjøaure i Espedalsåna. Kontakt turistinformasjonen i Lysefjordsenteret. Sjøfiske Fritt fiske i fjorden. Badeliv Badestrand i Fossanhagen 1 km frå Forsand kai. Parkering/ toalett. Forsand Kulturhus innandørs basseng 3 km frå Forsand kai. Lysefjordsenteret: Sandstrand. Œ 7 Aktivitetar i Forsand Kulturhus Forsand Kulturhus ligg 3 km frå Forsand kai i retning Helle. Kulturhuset blei innvia i 1990 og rommar 25 m symjebasseng, terapibad, kino, idrettshall, bibliotek, møtelokale og kafé. Kontakt turistinformasjonen i Lysefjordsenteret om opningstider. Lokale i kulturhuset kan bestillast ved Forsand skule tel. 51 70 02 01 eller Forsand kommune, tel. 51 70 00 00. TURFORSLAG Fjelltur på islandshest Kortare og lengre turar. Kontakt Fossanmoen tlf. 51 70 37 61 for bestilling av tur. Frå Fossjuvet - Foto: Hanne Sundbø Fotturar - fjellvandring - turforslag Preikestolen, 3-4 timar, frå Preikestolhytta. Kjerag, 5-6 timar, frå Øygardstølen. Uburen, 2 timar, frå Rossavikheia. Fossjuvet frå Vinddalen, ca 5 timar. Ny sti - Lysefjorden rundt. Merk: Lokale kart tilgjengeleg. Œ 8 Skogsti - Lerang Skogstien på Lerang startar ved parkeringsplass på Lerang, 6 km frå Rv.13 på Oanes. Fint skogsområde ved Høgsfjorden. Œ 9 Skogsti - Rossavik Skogstien på Rossavik startar ved parkeringsplass 6 km frå Forsand kai i retning Helle. Stien er tilrettelagt i eit fint skogsområde på Rossavikheia ved Høgsfjorden - startpunkt for fottur til Uburen. Uburen Fjelltoppen Uburen er eit kjennemerke i Høgsfjorden. Ypparleg utsyn over Høgsfjorden og ytre del av Lysefjorden. Turark med kart Sjå www.forsand.kommune.no 24 www.ryfylke.com

Forsand ARRANGEMENT / BÅTLIV / OVERNATTING Sjå Forsand kommune si heimeside for annonsering av arrangement www.forsand.kommune.no JULI 5. Stintekonkurranse med premiering ved Lysefjorden Marina i Bergevik. AUGUST 16. Krabbefestival Familiearrangement ved Lysefjorden Marina i Bergevik. SEPTEMBER Pilt Ola - marsjen Kulturmarsj for hele familien. Fokus på lokal kultur og historie. Guiding langs ruta. OKTOBER BÅTLIV Forsanddagane Familiearrangement. Lokale lag og foreiningar presenterer seg. Sal av mat og drikke. Aktivitetar og underhaldning. Forsand Handelslag Gjestehamn ved Forsand kai på Forsand. Lysebotn Gjestebrygge Lysefjordsenteret, Oanes Gjestebrygge Lysefjorden Marina Gjestehamn i Bergevik på Forsand. ANNA Miljøstasjonar / Returpunkt Forsand sentrum, Gamle kaien - Helle, vegkryss - Oanes, ferjekaien - Lysebotn - Songesand (glas og metall). Œ 10 Fossan Overnatting Næringsbygget NO 4110 Forsand Tel. 954 48 148 Mob. 901 33 441 mette.fossan@hesbynett.no www.fossan.biz Sesong: hele året Ferieleilighet med 6 rom for overnatting. Œ 7 Fossanmoen Islandhestsenter Fossanmoen NO 4110 Forsand fossanmoen@fossanmoen.no Tel. 51 70 37 61 Fax 51 70 38 61 Mob. 909 86 637 Sesong: hele året Overnatting: 5 rom. God standard. Rideturar, rideleirar og undervisning. www.ryfylke.com 25

Forsand OVERNATTING / SERVERING / HANDEL Œ 4 Hauane Bed & Breakfast i Lysebotn NO 4110 Forsand Tel. 988 87 738 kjellyse@online.no www.lysegard.com Sesong: sommer Gammalt erverdig våningshus med tilhøyrande låve og eldhus. Me tilbyr overnatting i trivelege rom med gode senger og tradisjonsrik frokost. Œ 11 Lysefjord Hyttegrend Levik NO 4110 Forsand Tel. 51 70 07 50 Fax 51 70 07 51 post@lysefjord-hyttegrend.no www.lysefjord-hyttegrend.no Sesong: hele året Velutstyrte hytter ved innseglingen til Lysefjorden, nær Preikestolen. Egen natursti fra hyttene. Båtutleie/ fiskemuligheter. Konferanse/ selskapslokale til 30 pers. Œ 10 Lysefjorden Marina NO 4110 Forsand Tel. 51 70 39 00 Fax 51 70 39 55 Mob. 952 59 325 post@lysefjorden.no www.lysefjorden.no Sesong: hele året Utleieleilighet og selskapslokaler. Daglegvarer, smørbrød og koldtbord. Kaianlegg/gjestehavn, kortanlegg for bensin, diesel, dusj og vaskemuligheter. Œ 4 O PPLEVELS ER FO R LIVET! m o m e n t Tlf: 90 83 20 35 www.kjerag-lysebotn.com 26 www.ryfylke.com

Forsand SERVERING / HANDEL / AKTIVITETAR Œ 2 Lysefjordsenteret - ved begynnelsen av Lysefjorden Oanes NO 4110 Forsand Tel. 51 70 31 23 Fax 51 70 37 50 info@lysefjordsenteret.no www.lysefjordsenteret.no Klapp husdyra. Lakseoppdrett med mating av fisk. Eigen turistinformasjon om Forsand og Ryfylke. Stor restaurant. Eigen butikk for sal av brukskunst og souvenirar. Parkanlegg med fiskedammar, gjestebrygge, bademuligheter, småbåtutleige. Utgangspunkt for sightseeingturar på Lysefjorden. Œ 5 Øygardstøl Fjellrestaurant Fidjeland NO 4443 Tjørhom Tel. 38 37 74 00 Ørnereiret - Lysebotn - Kjerag! Familiemiddag/matservering i restauranten - opent kvar dag i sesongen (sommarveg). Opplev den fantastiske utsikten frå Øygardstøl i 640 m høgde med panoramautsikt over Lysebotn og Lysefjorden. Startpunkt for fotturen til Kjerag. Parkering for 200 bilar. For informasjon kontakt: Tel. 38 37 74 00 (Sirdal Høyfjellshotell) Œ 10 Coop Marked, Økonom Forsand NO 4110 Forsand Tel. 51 70 38 29 Fax 51 70 39 06 Daglegvarer, jernvarer, båtanlegg, tankanlegg, apotekutsal og kommisjonær for Norsk Tipping. Œ 10 Lysefjorden Opplevelser A/S Tel 948 07 049 Mob 932 04 681 post@lysefjorden.com www.lysefjorden.com Skyssbåt - Sightseeing - Firmaturar - Opplevingar - Fjordrafting - Kajakkutleige. www.ryfylke.com 27

Strand STRAND KOMMUNE Strand er med sine 10 600 innbyggjarar den mest folkerike kommunen i Ryfylke og kan by på både Ryfylkebyen Jørpeland som handlesentrum, rik natur og godt kulturliv. Med nærleik til både minimetropolen Stavanger sitt pulserande byliv og naturopplevingane i Ryfylke er Strand staden der du alltid vil ha noko å gjera. Strand Turistinformasjon Rådhusgt 2 NO 4100 Jørpeland Tel. 51 74 31 40 Fax 51 74 44 03 turist@strand.kommune.no www.strand-turist.com Sommarope: 16.06.-17.08. Måndag til laurdag kl. 10.00-18.00 søndag kl. 11.00-18.00. Elles i året måndag til fredag kl. 08.00-15.30. Strand Kommune NO 4100 Jørpeland Tel. 51 74 30 00 Fax 51 74 83 86 postmottak@strand.kommune.no www.strand.kommune.no Gjestehavn Naturhavn Finnøy Talgje Brimse Hidlefjorden Sør-Hidle Stavanger Flor og Fjære Stavanger Heng SANDNES Sandnes/ Stavanger 13 Idse Kjølevika Alsvik Nordmarka Tau 5 13 Solbakk Fogn Heia Idsefjorden Vikeså Idsal Kvalvåg Høgsfjorden Ådnøy Fiskå Voster Meling 3 2 Oanes Lauvvik 28 www.ryfylke.com 13 12 14 Vostervatnet STRAND Strand 6 Bjørheimsvatnett 7 16 Helgøy 4 Bjørheimsbygd Leite 8 Jørpelandselva Ryfylkevegen/ Fjordvegen J Holtaheia 1 Utsiktsvegen Årdalsfjorden Jørpeland Jøssang 17 13 9 Botne Forsand Ryfylkevegen/ Fjordvegen Tysdalsvatnet Reinarknuten Liarvatnet Dalavatnet Moslivatnet Årdal Hjelmeland/ Sand HJELMELAND Svortingsvatnet Preikestolhytta Lysefjorden FORSAND 13 Hengjandevatnet Preikestolen E L L E N J E P S O N C

Strand ATTRAKSJONAR Œ 10 Preikestolen Det nesten heilt flate fjellplatået 604 meter over Lysefjorden gir eit sug i magen som du ikkje gløymer etter at du har kikka utover kanten. Fottur t/r 4 t. Ferjekorrespondanse Stavanger/ Tau. Buss til/frå Preikestolhytta mai-sept (Østerhus Buss). Sjå rutehefte for meir informasjon. Œ 8 Jørpeland Kyrkje Tel. 51 74 31 40 Kyrkja blei bygd i 1969, og var ei av dei første arbeidskyrkjene i Norge. Aktiviteten er stor med barne-, ungdoms- og vaksenarbeid gjennom heile veka. Kyrkja har plass til om lag 450 personar. Kyrkja er nyrenovert hausten 2006. Œ 5 Strand Kyrkje Tel. 51 74 31 40 Kyrkja blei bygd i 1874. Det har stått to kyrkjer på Strand før dagens kyrkje blei bygd. Kyrkja er bygd av Torjus Tengesdal og Johannes Næsset, begge frå Sand. Kyrkja har altertavle, preikestol og meir fra den gamle kyrkja frå 1600-talet. Œ 8 Skulpturparken på Jørpeland Tel. 51 74 31 40 Skulpturane i Vågen og elles rundt omkring på Jørpeland er eit resultat frå verdas einaste symposium i syrefast rustfritt stål, og er eit samarbeid mellom kunstnarar frå inn- og utland, Scana Steel Stavanger, Strand Kommune og i regi av Melting Pot. Œ 8 Jørpelands Brug Tel. 51 74 83 14 Det eldste, industrihistoriske bygg på Jørpeland. Restaurert møbel- og trevarefabrikk i drift fra 1883-1910. Huset ligg idyllisk ved kanalen til den gamle kraftstasjon. Her er det ofte aktivitetar som konsertar, kunstutstillingar, møteverksemd og utleige til selskap. Flott tursti langs elven startar ved Jørpelands Brug. Œ 5 Mølleparken Tel. 51 74 31 40 I samband med mølledrifta på Tau, vart det etablert eit praktfull parkanlegg rundt direktørboligen. Dette området er no opent for publikum, og Brugsløa har opent kvar sundag kl. 13.00-17.00, i sommarsesongen. Ta turen innom Mølleparken og få med deg loppemarked, kunstutstillingar og heimelaga bakst i eit fantastisk miljø. Sjå bilde s. 30. Gamle Tou Mølle - Foto: Eirik Lea Innbyggjarane i Strand har bygd 1000-årsminnet på Solbakk Foto: Eirik Lea www.ryfylke.com 29

Strand ATTRAKSJONAR Œ 10 Preikestolhytta Tel. 971 65 551 Preikestolhytta ligg på garden Vatne og blei oppført i 1949. Den er bygd av Stavanger Turistforening og tilbyr om sommaren mat og overnatting til turistar frå heile verda. Preikestolhytta er eit glimrande utgangspunkt for ein rekkje turar i området. Du kan også låne båt eller bade i Refsvatnet. Alle turane med kartreferanse 10 går frå Preikestolhytta. P-plass (avgift) like ovanfor hytta. Sommaren 2008 opnar Preikestolen Fjellstue, eit spennande, arkitektonisk og miljøvennleg bygg med restaurant, kafé, konferanserom og turistutstilling. Norwegian Wood har invitert verdas fremste trebyggande arkitektar og ingeniørar til å vidareutvikle trebyggingstradisjonen ved å realisere 15 byggeprosjekt, eit av prosjekta er den nye Preikestolen Fjellstue. Œ 12 Runestein frå Kjølevik Tel. 51 74 31 40 Kopien av Kjøleviksteinen er laga av Kåre Tveit og vart avduka i 1982 i Kjølevik, Strand i Ryfylke. Originalen vart funnen i 1882 i taket på en potetkjeller på Kjølevik. I 1883 vart den originale runestein flytta til universitetets oldsakssamling i Oslo og er nå utstilt der. Innskrifta er utforma på urnordisk med teikn frå den eldre runerekka. Ord- og runeformer syner at den truleg er frå Folkevandringstida 400-450 e.kr. Œ 6 Helleristningane på Solbakk Tel. 51 74 31 40 Unikt felt i Norge pga. at det finst to heilt forskjellige båttypar rissa inn: ein type med ein- og tolina skrog og bøygde stemnliner, mens den andre typen er kortare og har rette stemner. Feltet består av minst 40 figurar, mest skip, men og ringar og spiralar. Sjå bilde s. 35. Skulturparken på Jørpeland Foto: Rønnaug F. Alsvik Mølleparken på Tau Foto: Hanne Sundbø 30 www.ryfylke.com

Strand AKTIVITETAR Fiske Tel. 51 74 31 40 Dei fleste vatn og elvar i Strand har eit godt fiske med både aure, laks, røye og ål. I sjøen er det fritt fiske og sei, lyr, torsk og makrell er blant fiskane du får på kroken. For informasjon om leige av båt, fiskeutstyr og kjøp av fiskekort, ta kontakt med turistkontoret. Golf Ny, flott golfbane med ni hol, ved vegen opp til Preikestolhytta. Riding Tel. 51 74 62 21 Tjøstheim Gard på Tau tilbyr tur-riding. Sjå annonse. Badeliv, følgjande badeplassar er tilrettelagt i Strand: Sjø: Tøgjevågen, ca. 3 km nord for Tau, båtutfarts- og turområde. Toalett, grillplass, fortøying. Strandastøa, Tau. Toalett, leikeanlegg. Godt eigna for vindsurfing. Kuvika, ca. 4 km sør for Tau. Toalett, leikeanlegg, gode fiskemulegheiter. Barkavika, vel 2 km nord for Jørpeland. Sandstrand, toalett, leikeanlegg, sandvolleyballbane. Nordlys, Jørpeland. Toalett, leikeanlegg. Idsal, båtutfarts- og turområde, toalett, båtfeste. Ferskvatn: Refsvatn, like nedanfor Preikestolhytta ligg ei fin sandstrand. Toalett ved hytta, fotballbane like ved. Ta eit forfriskande bad etter Preikestolturen. Østerhusvatnet, Bjørheimsbygd, sandstrand, toalett, parkering. Bjørheimsvatnet, like ved Holta, sandstrand. Elles er det fint å bada i fleire elvar og vatn, men det er ikkje tilrettelagd for dette. Ein må ikkje bada i vatn merkte for drikkevatn. Golf i Strand - Foto: Tor Inge Jøssang/Preikestolen golfklubb Fiskeglede - Foto: Strand fotoklubb www.ryfylke.com 31

Strand TURFORSLAG Œ 8 Barkastølvegen, Utsiktsvegen Ovanfor Jørpeland i retning av Leite finn ein skilt til vegen som også blir kalla Utsiktsvegen. Her får ein eit flott skue over Jørpeland og fjord- og øylandskapet utanfor. Vegen egner seg ikkje for større bilar og bussar. Œ 3 Holtaheia I 1961 mista 39 engelske skuleelever, lærarar og mannskap livet i ei flyulykke i Holtaheia. Ved ulykkesstaden er det reist ein minnekross. Flott turområde i eit spesielt heilandskap. P. plass. Œ 10 Moslifjellet Frå toppen på Moslifjellet (718 m.o.h.) har du vakkert utsyn over Ryfylkeøyane, Jæren og fjella i Ryfylke. Turen tek omlag 3 timar. Œ 5 Opplev Ryfylke med hurtigbåt Tau er kommunikasjonsnerven i Ryfylke. Eit godt forslag er ein rundtur på ca. 2 t. frå Tau med hurtigbåt alle kvardagar til 8 av Ryfylkeøyane. Œ 10 Refsvatnet rundt Frå sandstranda ved Refsvatnet fylgjer ein den gamle gardsvegen fram til fjellgarden Torsnes på venstre side av vatnet. Turen på 2 timar, går gjennom tett kronglet bjørkeskog, snaue berg, små myrer og kortvokst fjellfuru tilbake til Preikestolhytta. Œ 1 Reinarknuten Rett over Tysdalsvatnet ligg Reinarknuten, 787 m.o.h. med eit fantastisk utsyn. Ein kan i klårvêr sjå heilt til Hardanger. Luftig utsikt ned til Tysdalsvatnet. Fotturen tek 5 timar t/r. Gamal varde på toppen. Stien til Reinarknuten er første del av ein gamal ferdsels- og driftsveg til Årdal og Årdalsheiane. Stien passerer Skomakarjuvet som er botanisk interessant. Merka sti frå p-plass, avkjøring frå veg over Leite. Œ 5 Rundtur i nordre Strand (bil/sykkel) Opplev fine små bygder, flotte fruktlier, koselege viker og stille tjern. Turen frå Tau mot Fiskå og vidare til Døvik byr på flotte opplevingar. Veg tilbake tar du frå Fiskå, forbi Voster og ned mot Vasstveit. Så følgjer du Ryfylkevegen tilbake til Tau. Veleigna som dagstur på sykkel. Andre turforslag m/bil: sjå bak under rundturar. Liarvatnet - Foto: Foto-Ryde 32 www.ryfylke.com

Strand TURFORSLAG Œ 10 Ulvaskog I Ulvaskog skjulte motstandsfolk seg under andre verdskrig. Gamal tømmerkoie er restaurert i skogen. Turen går i flott og variert natur, om lag 3 t. Jydalen har eit flott urskogpreg og Ulvaskogen har trolsk stemning. Œ 10 Vatnerinda Bak Preikestolhytta smyg stien seg mellom idylliske tjern, krokete furutre og store mosegrodde steinurer. Desse fortel at den mektige Lysefjord-breen låg her for 10 500 år sidan. Det er fleire informasjonsskilt langs turen som fortel litt om naturen rundt deg. I dette området er det mykje bær og sopp. Turen tek omlag 1,5 time. Kontakt turistkontoret for meir info. Skogsstiar Fem skogsstiar fortel om plante- og dyreliv i Strand ved hjelp av informasjonsskilt (norsk). Jørpeland (Selemork), Bjørheimsbygd (Hamrane hyttefelt), Nordmarka nord for Tau (Nordvatnet og Ådnahovet), Fiskå (v/skulen). Kontakt turistkontoret for meir informasjon. Turvegar Det er laga fleire små grusvegar i kommunen kor ein kan ta med seg barnevogn ut i naturen. Fleire stader er det også gode sykkelstiar. Meir informasjon på turistkontoret. Fottur med turleiar Strand kommune arrangerer fotturar med guiding om forskjellige emne. Ta kontakt med turistkontoret. Turkart I 2006 kom Strand Kommune saman med Strand og Forsand Turlag ut med eit heilt nytt turkart. Kartet inneheld over 20 turar med beskrivelse på norsk, engelsk og tysk. Kartet vert seld på turistkontoret. På sykkel i Strand - Foto: Foto-Ryde www.ryfylke.com 33

Strand ARRANGEMENT For meir informasjon, kontakt turistinformasjonen, sjå Turistavisen for Ryfylke eller www.strand-turist.com. Det vil også være oppslag på turistinformasjonen over ulike arrangement. MARS 18. Kyrkjelyd Klassisk og ny kirkemusikk med stort spenn, med ensemble fra Stavanger Symfoniorkester. Informasjon: www.stavanger2008.no MAI Mølleparken kvar søndag Arrangement frå kl. 13-17. Mange aktivitetar for store og små, salg, kunstutstilling, samt kafè. JUNI Mølleparken kvar søndag Arrangement frå kl. 13-17. Mange aktivitetar for store og små, salg, kunstutstilling, samt kafè. 5. 7. Strandadagane Handels- og kulturdagar med arrangement for heile familien i Vågen og i Jørpeland sentrum. Underholdning og gode tilbod. Stålsymposium Stålsymposium i heile juni. 21. St.Hans feiring på Jørpeland Melting Pot organiserer St.Hans feiring med bål, utedans, grillmat, leiker, ja - alt som høyrer til ein god gammaldags midt-sommarnatts-feiring i Ryfylkefjordane. JULI Mølleparken kvar søndag Arrangement frå kl. 13-17. Mange aktivitetar for store og små, salg, kunstutstilling, samt kafè. AUGUST Mølleparken kvar søndag Arrangement frå kl. 13-17. Mange aktivitetar for store og små, salg, kunstutstilling, samt kafè. 29. 31. Toufestivalen Festival for heile familien på Tau. Underhaldning, bakedag for barna, stands og utstillinger. Dansegalla på laurdagskvelden. Bobiltreff. Fri entre på dagen. SEPTEMBER Mølleparken kvar søndag Arrangement frå kl. 13-17. Mange aktivitetar for store og små, salg, kunstutstilling, samt kafè. Høstmarken på Jørpeland God gammeldags marken i Jørpeland sentrum i slutten av september. 34 www.ryfylke.com

Strand BÅTLIV / ANNA BÅTLIV Jørpeland Gjestehamn Gjestehamn med moderne serviceanlegg (dusj og toalett, vaskemaskin) og bensin- og dieselpumpe. Nærleik til bank, post og mange butikkar i Ryfylkebyen Jørpeland. Tau båthamn Stor gjestehamn, dusj, toalett, vaskemaskin og kortautomat for bensin og diesel. Nærleik til bank og butikkar. ANNA Tømestader Tel. 51 74 31 40 Enkelte campingplassar, berre v/overnatting. Kontakt turistinformasjonen. Miljøstasjonar Œ 2 Bjørheimsbygd ved skulen Œ 5 Tau, Statoil-stasjonen Œ 6 Solbakk, vegkryss mot Heia Œ 8 Jørpeland, bak Torghuset, Førlandsveien v/klippen og i Vågen Œ 13 Idse ved brua Œ 14 Forbi Fiskå mot Sørskår; på høyre side av vegen Œ 16 Kvalvåg Œ 17 Botne Helleristningane på Solbakk - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 35

Strand HANDEL Œ 8 Velkommen til Strand Rådhusgt 2 NO 4100 Jørpeland www.strand.kommune.no Strand kommune Strand kommune er et godt utgangspunkt for handel, opplevelse og næringsutvikling. Legg turen til Ryfylkebyen Jørpeland - det største handlesenteret i Ryfylke. Her finner du det meste, nær Preikestolen. Trenger du overnatting, turforslag eller annen informasjon? Besøk vår helårsåpne turistinformasjon i kulturhuset eller ring 51 74 31 40. Jørpeland torg - Foto: Hanne Sundbø 36 www.ryfylke.com