Månedsbrev oktober 2015 SEPTEMBER OG OKTOBER! September har vore ein flott og fin haustmåned. Me har tilbragt mykje av tida ute i barnehagen, og tatt nokon småturar i nærområdet. Både små og store har vorte godt kjent med kvarandre, og gode relasjonar har oppstått mellom barn barn og barn voksne. Den kreative leiken blømer og utviklar seg frå dag til dag. Familierommet er attraktivt, der barna har forskjellige roller; som å lage mat, dekke bord, gå på tur med «babyen» og ikkje minst kle seg ut. Det er mange fine fruer og arbeidsmenn der inne. Ute er syklane i flittig bruk, trea er populære å klatre i, dissene er stadig opptatt og det er fin familieleik i husa på småsida. Denne hausten har det vore veldig populært å ha med seg eigne tohjulsyklar, og me ser kor kjekt barna har da saman. Hugs å ta med hjelm til barnet ditt! Satsingsområdet vårt «språk, tekst og kommunikasjon» jobbar me med heile dagen. Me har fine samtalar rundt måltidene, i leik både inne og ute, i spel, i påkledning, på badet, i samling, ja overalt. Me nyttar alle kvardagssituasjonar til å samtale med barna. Konkretar vert tatt med til forskjellige sangar, bøker og eventyr i samlingstundene våre, og barna er heilt med når det kjem spennande gjenstandar opp frå ulike boksar og koffertar. Dei er med og samtala om figurar, dei gjenfortel og lyttar aktivt til det som skjer. Me har starta opp med FORUT barneaksjon, «Gode venner i Nepal». Gjennom video har me møtt Biswas og vennene hans i Nepal, korleis dei lever og bur. Det er stor forskjell frå korleis me har det, og det fører til gode samtaletema med barna i etterkant. Her får barna stille spørsmål om det dei har sett og lure på, og ut i frå det får dei sett ord på det som opptar dei. Her er også mange fine sangar som me lyttar til og barna lærer dei ganske fort.
Elles har me feira Rine 3 år, Anton 4 år, Emil 5 år og Andreas 5 år. Vil takke Tina, Martin, Monica og Jacek for eit flott initiativ til Anton og Emil si bursdagsfeiring heime hjå Anton. Både små og store hadde ei fantastisk stund, og me sette stor pris på å få kome. OKTOBER FORUT vil me jobba vidare med i heile oktober, der me ser på filmen, deler oss opp i grupper og har aktivitetar etterpå. Dei eldste har byrja å fargelagge Nepal sitt flagg, det einaste flagget i verda som ikkje er firkanta. Dei forskjellige dyra som lever i Nepal skal få kome fram på avdelingen, fjellområda Himalaya og Mount Everest er aktuelle tema å jobbe med. Satsingsområdet vårt språk, tekst og kommunikasjon heng nøye saman med FORUT. Me har mange fine samtalar, undring, filosofering rundt det som me ser på filmen, og det er her viktig at alle får kome til ordet og dei andre lytte. Barnegruppa vil verta delt opp i mindre grupper. Gjennom dagen er det stor aktivitet med leik på familierom, leik med lego, duplo, playmobil, dukkehus, spel rundt bordet der me voksne er tilstades med barna. Barna vert prata med, dei vert lytta til og det er mange fine opplevingar me har saman her. GRUPPER Nå har VENNEGRUPPEN vært sammen to onsdager. Vi har lært Liri, Lari sangen vår. Vi har blitt kjent med apen, Lars Vegas, musen, Diddeline, kaninen, Petter Rabbit og de to Paddington bamsene. Disse skal følge oss gjennom barnehageåret. Onsdag 16.september var Vennegruppen igjen i barnehagen etter at de andre barna var gått hjem. Sammen lagte vi middag, taco, og sveler til dessert, og lekte. Takk til dere foreldre som kom på foreldremøte, og fikk informasjon om hva i Vennegruppe skal ha fokus på gjennom året. På møte ble vi enige med dere foreldre om å betale kr.100 pr. barn til Else eller Birte, som vi bruker til utflukter. Torsdag 24.september hadde vi en minnerik dag med buss og bybane, og tur på Vilvite. Der deltok vi på undervisningsopplegget, Immanuel Firkant. Barna våre var engasjert og svarte ivrig på spørsmål fra bamsen, Immanuel og Heidi (voksen). Barna delte av all sin kunnskap som de
har tilegnet seg gjennom vårt fokus på geometriske former. Følg med på kalenderen hvilke dager det er grupper i oktober. I REGNDRÅPEGRUPPEN har vi fokus på relasjonar og vennskap. Barna fra Maurtua synest det er spennande å få kome inn på Bikuben og eta frukost. Første gruppedag var me alle saman ute i eit nydeleg haustver. Elles vil me dele gruppa etter frukost der halve gruppa leikar ute på leikeplassen eller går på tur. Andre gruppa leikar inne, der både liten og stor avdelingen vert tatt i bruk. Det er spennande og kome inn på liten avdeling og sjå kva som er der av leiker. Hausten er her med både sol, regn og lavare temperaturar. Det er derfor viktig at barna har gode og varme klede til og vera ute. Ta med hanskar/ regnvottar, huer/panneband. Då er det mykje kjekkare og vera ute og leika!!! I forbindelse med barnet sin bursdag, så betale de foreldre inn kr 150 til ein av oss på Bikuben. Me går på butikken saman med barnet og handler inn. Fint om de betaler inn så fort som mogleg. Kontakt på Bikuben: 53 08 38 83 eller mobil: 99 28 33 79. Følg elles med på barnehagens nettside: https://bergen.kommune.no/omkommune/avdelinger/barenhager/arnatveit-barnehage/2637. Med vennleg helsing personalet på Bikuben Ingrid, Else, Marit, Eli, Line og Vibecke!
MÅNEDSPLAN BIKUBEN OKTOBER 2015 ORDENSBARN MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG VEKE 40 Samantha 28. 29. Foreldremøte kl 19 20.30 30. 1. FOTOGRAF!!! 2. VEKE 41 Gerda 5. Sangstund på Maurtua 6. 7. 8. 9. Planleggingsdag UKE 42 Embla 12. Sangstund Bikuben 13. 14. 15. Feire Bianca 3 år Hipp hurra 16. VEKE 43 Anton 19. Feire Linus 3 år Hipp hurra 20. 21. 22. 23. Sangstund på Andedammen VEKE 44 Cato 26. Sangstund på Knøttene 27. 28. 29. arrangement med foreldre 30.