HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Plan- og miljøseksjonen Arkivsak 200902412-7 Arkivnr. 344 Saksh. Anne Gro Ullaland, Elizabeth Warren Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 04.11.2009-05.11.2009 18.11.2009-19.11.2009 SØKNAD OM BYGGING AV MIDTLÆGRE KRAFTVERK I ODDA - FRÅSEGN SAMANDRAG Røldal-Suldal kraft som er eigd av Norsk Hydro og Statkraft, har søkt om løyve til bygging av Midtlægre kraftverk i Odda. Utbygginga vil nytte eksisterande regulering av Kaldevatn, og vil nytte fallet mellom kote +1183 og +1029 til produksjon av om lag 13,8 GWh ny vasskraft. Utbygginga er vurdert å ha liten konflikt med biologisk mangfald, fisk, sårbart høgfjell og inngrepsfrie naturområde. Når det gjeld kulturminne kryssar røyrgata to sleper som er automatisk freda kulturminne. Ved synfaring har ein ikkje kunne påvise spor etter desse slepene i utbyggingsområdet. Ein rår til oversending av saka til Riksantikvaren med positiv innstilling til dispensasjon frå kulturminnelova. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet rår til at Røldal Suldal kraft får løyve til utbygginga som omsøkt. 2. Fylkesutvalet vil tilrå dispensasjon frå Kulturminnelova for automatisk freda kulturminne, og saka vert oversendt Riksantikvaren som dispensasjonsmynde etter Kulturminnelova. Fylkesutvalet ber NVE om å avvente konsesjonsvedtak inntil eit eventuelt vedtak om dispensasjon ligg føre frå Riksantikvaren. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Kart
FYLKESRÅDMANNEN, 21.10.2009: 1. Innleiing Det ligg føre søknad frå Røldal Suldal Kraft A/S (RSK) om bygging av Midtlægre kraftverk i Odda. RSK er konsesjonær i Røldal Suldalutbygginga, og er eigd av Norsk Hydro og Statkraft, med Norsk Hydro som driftsoperatør. Søknaden er basert på eit ynskje om betre utnytting av vassressursane innanfor eksisterande konsesjonsområde. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sendte søknaden på høyring med frist 30.april. Hordaland fylkeskommune har fått utsett frist grunna trong for kulturminneregistreringar då planane kryssa to ferdselsvegar registrert som automatisk freda i kulturminnebasen Askeladden. Registreringa måtte gjerast medan området var snøfritt, og det ligg no føre ein rapport frå dette. 2. Søknaden 2.1 Områdeomtale Utbyggingsområdet ligg vest for Haukeli mellom Kaldevatn og Votna i Odda kommune i høgdelag over 1000m. Området ligg i sin heilskap i alpin sone over tregrensa, og er prega av mykje bart fjell med tynt og usamanhengande morenemassar. Området er vesentleg påverka av tidlegare kraftutbyggingar i tillegg til veganlegg. Ved Midtlægre er det noko spreidd hyttebygging i hovudsak nær europaveg E 134 Haukelifjell.. Midtlægre kraftverk vil vere ei utviding av kraftanlegga i Røldal Suldal. Desse anlegga nyttar mellom anna vatn frå nedbørsfelt på Haukelifjell og Hardangervidda. Anlegga omfattar 7 kraftstasjonar med samla installert effekt på 571 MW og årleg middelproduksjon på 2730 GWh. Kaldevatn ligg oppstraums det planlagde kraftverket, og er regulert med 22 m mellom kote 1205 og 1183. Vatn frå magasinet vert i dag tappa for produksjon i kraftstasjonane Novle, Røldal og Suldal I. Kaldevasselva har som følgje av dette sterkt regulert vassføring, med liten vassføring om sumaren når magasinet fylles opp og stor vassføring når magasinet vert tappa om vinteren. I samband med bygging av dammen på Kaldevatn vart det bygd veg frå E 134 og opp til dammen. 2.2 Prosjektet I utbygginga vil ein nytte eit fall på 156 m mellom kote +1183 og kote +1029. Like nedom Kaldevassdammen er eit namnlaust vatn v kote +1183, og ved utløp av dette er inntaket til kraftverket tenkt plassert med ein mindre sperreterskel i betong (5-10 m lang). Herfrå vert vassvegen på 2,6 km grave ned fram til kraftverket, som vert liggjande i dagen i sør-austenden av Midtlægervatn. Kaldevatn vert regulert som tidlegare. Kraftstasjonen vil få installert effekt på 3 MW og slukeevne inntil 2,6 m 3 /s. Storleiken på aggregatet er valt under føresetnad av at heile magasinet vert tappa i løpet av vinterhalvåret. I midlare år vert produksjonen rekna til 13,8 GWh. Det er forventa at kraftverket vil stå i store delar av sommarsesongen, og gå meir eller mindre kontinuerleg i store delar av vintersesongen. Frå eksisterande veg til kaldevatn vert det bygd ein 500m lang tilkomstveg til kraftstasjonen. Det vert og etablert ein enkel anleggsveg for transport av røyr, og denne vegen kan fjernast etter utbygging. Midtlæger kraftverk vert knytta til eksisterande 22kV koplingsanlegg i Svandalsflona med kabel eller luftline. Kraftverket vil vere fjernstyrt frå driftssentral på Rjukan. 2
Det vert i utgangspunktet ikkje trong for massedeponi, men unnatak for eventuelle overskotsmassar i samband med utgraving av røyrgata. Massane vert fortrinnsvis nytta til omfyllingsmassar, medan overskot vert plassert på eigna plasser langs traseen. Utbygginga er kostnadsrekna til 41 mill kr som gjev ein utbyggingspris på 2,97 kr/kwh. Det er vurdert ei utbygging med i tillegg ein 300 m tappetunnel til oppstraums tappeluka i Kaldevassdammen. Dette ville gje om lag 14m høgare fallhøgde og 1,2 GWh meir kraft. Meirkostnaden på 6 mill kr gjer at utbyggjar ikkje finn dette økonomisk interessant. 3. Verknad for miljø, naturressursar og samfunn For kraftsaker i denne storleik er det ikkje krav om eigen konsekvensutgreiing. Det ligg føre ein rapport frå Rådgivende Biologer AS med vurdering av konsekvensar av Midtlægre kraftverk for ulike tema. Vassføring Midlare årleg tilsig for Midtlæger kraftverk er rekna til 1,303 m 3 /s, medan ålmenn lågvassføring er rekna til 47 l/s. Kaldevasselva er sterkt regulert, med stor vassføring kring 6 m 3 /s i om lag 2,5 månad frå 1.desember, og nær inga vassføring medan magasinet fylles opp fram til det er fullt på hausten. Lokalt tilsig nedstraums dammen gjev eit midlare tilsig på kring 0,69 m3/s. Ved utbygging vil tapping gjennom Kaldevasselva opphøre, og vatnet vert ført i røyr til Midtlægre kraftstasjon og nytta der. Den store vintervassføringa i elva vil opphøre. For resten av året vert vassføringa som ved eksisterande reguleringsregime. For elva mellom Midtlægre og Votna er det i dag berre naturleg tilsig på kring 0,73 m 3 /s. Etter utbygginga vil vassføringa få tillegg av driftsvassføringa i Midtlægre (2,6 m 3 /s). Kraftverket vil i hovudsak produsere jamt i 25 veker i vinterperioden, og vil ha noko periodekøyring i vårflaumen. Biologisk mangfald Vegetasjonen har typisk samansetning for området med næringsfattig grunnfjellsbergartar og tynt usamanhengande jordsmonn. Det er ikkje registrert artar eller vegetasjonstypar som er sjeldne for denne delen av Vestlandet. Det er heller ikkje registret lokalitetar av viktige naturtypar. Ingen nasjonale raudlisteartar er kjent frå utbyggingsområdet, eller frå andre delar av nedbørsfeltet til Midtlægre kraftverk. Ein kan forvente at raudlisteartar av rovfugl som kongeørn og jaktfalk tidvis nytter området til næringssøk, men det er ingen kjende hekkelokalitetar i området. Tiltaket er vurdert å ha ingen/liten negativ konsekvens for biologisk mangfald. Fisk I Kaldevatnet oppstraums utbygginga har det vore ein tynn bestand av aure (data 1989), medan Midtlægervatnet hadde ein god til tett bestand av aure (data 1996). Aukande tettleik i bestanden i Midtlægrevatnet har truleg redusert kvaliteten på fisken der dei seinaste åra. Kaldavatnet har truleg inga naturleg rekruttering, og det har vore sporadisk utsetting av settefisk i innsjøen. Fisken i Midtlægervatnet har høve til gyting både ved innløp og utløp. Innløpet vert urørt, medan auka vintervassføring kan gje høgare vintertemperatur ved utløpet, - utan at ein veit om det vil påverke elva som gytebekk. Fagutgreiinga vurderer tiltaket samla å ha ubetydeleg konsekvens for fisk og ferskvatnbiologi. Landskap og inngrepsfri natur Influensområdet er eit høgfjellsmassiv i landskapsregion 16 Lågfjellet i Sør Noreg. Med eksisterande inngrep i området (kraftutbygging og veganlegg) vert området klassifisert som B2. (Typisk for regionen men med noko mindre mangfald og nokre uheldige inngrep). Vassføring i elva allereie er sterkt påverka av tidlegare utbygging, og kraftgata vert grave ned og etter ein tid revegitert. Kraftstasjonen med tilkomstveg vert slik den mest synlege endringa over tid. Då området alt er 3
påverka av inngrep vert verknadene for landskap vurdert som små. I utbyggingsområdet har tidlegare inngrep frå veg- og kraftutbygging redusert omfanget av inngrepsfri natur. Arealtapet av inngrepsfri natur som følgje av bygging av Midtlægre kraftverk vert relativ lite med 0,18 km 2. Friluftsliv og andre brukarinteresser Det vert ikkje drive fiske i Kaldevasselva, medan det er noko fritidsfiske i Midtlægervatnet. Vegen opp til Kaldavatnet vert nytta som turveg både vinter og sommar. Området vert nytta til villreinjakt og småviltjakt (fjellrype). På Midtlægervatnet kan det danne seg råk ved utløp frå kraftstasjonen og isen på vatnet vert noko meir ustabil. Også i Midtlægervatn vil vassføring påverke høve til å passere på snøbruer vinterstid. I Kaldevasselva vil det ikkje renne vatn om vinteren, som gjev lettare krysning tilhøve her. Området har allereie ein god del inngrep frå veg og kraftanlegg. Fagrapporten vurderar at utbygginga vil ha ingen/liten negativ konsekvens(0/-) for friluftsliv og brukarinteresser. 4. Vurdering Gjennom fylkesdelplan for energi 2001-2012 er det vedteke mål og fylkespolitiske retningsliner som vert nytta som rettesnor for handsaming av vasskraftsaker i Hordaland. Fram til nye retningsliner ligg føre i samband med vedtak av fylkesdelplan for små vasskraftverk i desember er det retningslinene frå energiplanen som vert lagt til grunn. Aktuelle retningsliner frå fylkesdelplan for energi 2001-2012 for vasskraftsaker: A1. Hordaland skal satsa på utnytting av miljøvenlege og fornybare energikjelder, utan store konsekvensar for verdifulle natur-, frilufts- og kulturlandskap og større samanhengande inngrepsfrie naturområde. A2. Nye anlegg for produksjon og overføring av energi må ikkje lokaliserast i område som er verna etter naturvernlova, kulturminnelova, i nasjonalpark eller i verna vassdrag. Ein bør vere varsam med plassering av nye anlegg tett opp til verna område. A3. Nye anlegg for produksjon og overføring av energi bør lokaliserast slik at dei ikkje kjem i vesentleg konflikt med viktige natur- og kulturlandskap, kulturmiljø, større inngrepsfrie område, strandsona og viktige område for friluftsliv. Det vert her vist til eigne fylkesdelplanar for kulturminne, friluftsliv og kystsona. A4. Samlokalisering med tekniske inngrep og etablert arealbruk er ønskeleg for å samle inngrep, og det er ønskeleg at etablering av nye energianlegg skjer nær eksisterande infrastruktur. A5. Undersøkingsplikta etter kulturminnelova bør oppfyllast i samband med konsekvensutgreiing, og før iverksetting av tiltak i marka. A6. I samband med konsekvensutgreiing bør: større inngrep visualiserast. kartunderlag synleggjere område som er omfatta av vern, område med nasjonal og regional verdi og tiltaket sine konsekvensar for inngrepsfrie område. A12 Alternativ bruk av tunnelmassar skal vurderast framfor etablering av tippar i terrenget. Inngrepsfrie naturområde Bygging av Midtlægre kraftverk vil redusere omfang av inngrepsfri natur sone 2 (1-3 km frå tyngre tekniske inngrep) med 0,18 km 2 som er relativt marginalt. Utbygginga vil ikkje vere i vesentleg konflikt med gjeldande retningsline for inngrepsfrie naturområde. Naturlandskap biologisk mangfald og fisk Området har førekomst av villrein. I anleggtida vil støy og uro kunne medverke til at villrein unngår dette området. I driftsfasen vurderer ein ikkje dette tiltaket å skape spesielle barrierar utover dei som alt finst i området. Tiltaket kan ha ein viss innverknad på gytetilhøve i utløpet av Midtlægrevatnet, medan gytetilhøva i ved innløpet ikkje vert råka ved utbygginga. Ein vurderer ikkje at gytetilhøva for innlandsfisk vert redusert i eit slikt omfang at det er til trugsel for bestanden eller gjev vesentlege negative verknader for fiske. 4
Friluftsliv Området er ikkje vurdert å ha spesifikk regional verdi for friluftsliv. Tiltaket vil for visse område (Midtlægrevatnet og Midtlægerelva) gje meir open is vinterstid og slik vere eit mogeleg hinder for ferdsel, samstundes som Kaldevasselva får mindre problem med dette. Kulturminne I følgje Askeladden, den nasjonale databasen for freda kulturminne, er det automatisk freda kulturminne som er i direkte konflikt med planane. Dette er to ferdselsvegar registrert i samband med prosjekt nordmannslepene i 2001 (Askeladden id 112800 og 112801). Området vart registrert av arkeologar frå Hordaland fylkeskommune 21.08.2009. Ingen nye freda kulturminne vart påvist. Det vart ikkje observert synleg spor etter det gamle ferdselsvegar i området. Undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven er oppfylt. Planen er i konflikt med to automatisk freda kulturminne, Askeladden id 112800 og 112801. Saka må leggjast fram for Riksantikvaren som dispensasjonsmynde etter kulturminneloven, og Hordaland fylkeskommune bør tilrå ein dispensasjon frå kulturminneloven. Samlokalisering av inngrep Utbygginga gjer nytte av eksisterande regulering og veganlegg og er slik i tråd med retningslina som stør opp betre utnytting av eksisterande infrastruktur og samling av inngrep. Oppsummering og tilråding Med unnatak for kulturminne har utbyggingsplanane for Midtlægre kraftverk har minimal negativ innverknad på regionale verdiar. Området har alt ein rekkje inngrep, og utbygginga gjer seg nytte av tidlegare kraftregulering og vegbygging. Utbygginga vil gje 13,8GWh til ein utbyggingspris på 2,97 kr/kwh som ikkje er av dei rimelegaste prosjekta. Utbygginga vil produsere i hovudsak i vintersesongen der kraftetterspurnaden er størst. Samla sett vil ein rå til at Røldal-Suldal kraft får løyve til utbygging av Midtlægre kraftverk som omsøkt. Når det gjeld kulturminne vil ein rå til at konflikt med dei to automatisk freda kulturminna 112800 og 112801 vert lagt fram for Riksantikvaren med positiv tilråding frå fylkeskommunen. 5