God Påske! «Pris Herren, kall på hans namn, gjer gjerningane hans kjende blant folka!» Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim. www.knarvikkyrkje.



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Brødsbrytelsen - Nattverden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

6. trinn. Veke 24 Navn:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Jon Fosse. For seint. Libretto

Informasjon til elevane

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Birger og bestefar På bytur til Stavanger


Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

OK, seier Hilde og låser.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

S.f.faste Joh Familiemesse

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

5. Soknerådsmøte mai Referat

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

MEDLEMSINFO. august 2009

/

k o n f i r mant 2013

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsplan for Hare November

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Velkomen som konfirmant!

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5


Da psbrosjyre ver nov :03:33

mmm...med SMAK på timeplanen

Jesus taler om sin død

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Med tre spesialitetar i kofferten

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.


Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Velkomen som konfirmant

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Møteprotokoll for møte i

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Transkript:

Nr. 1 mars 2014 www.knarvikkyrkje.no Karneval Søndagskafé Tanzania «Pris Herren, kall på hans namn, gjer gjerningane hans kjende blant folka!» Salme 105,1 God Påske! Korifokus

Andakt Alversund kyrkjekontor Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund tlf. 56 35 73 70 fax. 56 35 73 71 alversund@lindas.kyrkja.no Opningstider: tysd. fred. kl.10.00-15.00 Stab Fungerande prost: Geir Sørebø 957 29 172 prosteniytresogn@c2i.net Sokneprest i Alversund: Åge Palmesen 56 35 73 76 age.palmesen@lindas.kyrkja.no Kateket: Bjørn D. Nygård 412 59 586 bjorn.d.nygard@lindas.kyrkja.no Kantor: Odd Leif Mjøs 56 35 73 74 odd.leif.mjos@lindas.kyrkja.no Kyrkjekontakten Redaksjon: Monika B. Aarland 414 16 422 mbaarland@gmail.com Lars Inge Kjemphol 992 59 699 larsinkj@online.no Silje Marie Bauge 902 43 838 smbauge@bkkfiber.no Weronica Løland 915 19 390 olafsenloeland@gmail.com Layout/setting: ID fix design 93 006 007 Framsidefoto: Jorunn A. Sagstad Trykk: Trykk-Service A/S Url: www.knarvikkyrkje.no Sokneråd Alversund sokneråd Øystein Aamli 993 21 642 www.knarvikkyrkje.no Seim sokneråd Rannveig Furelid 400 17 918 Lygra sokneråd Lillian Berentsen 980 86 687 Kontonummer kontonr. 3632.53.60741 Lindås Kyrkjelege fellesråd Lonsvegen 2 56 37 59 20 www.lindas.kirken.no Ljoset frå det høge Påskeandakt ved Rolf Eivind Monsen Så skal ljoset frå det høge... skina for dei som bur i mørker og dødsskugge. Luk 1, 78-79 Året 1814 vert gjerne kalla mirakelåret i Noregs historie. Dette var året då Noreg sa seg uavhengig. Dei første politiske vala vart gjennomført og vi fekk ei grunnlov. Eit dramatisk år som kanskje kunne enda annleis. Det var vel noko alle forstod. Difor syng vi i fedrelandssongen om Gud, at: «Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.» Heldigvis gjekk det som det gjekk og 1814 vart starten på utviklinga av demokratiet i Noreg. I ein annan fedrelandssalme syng vi med referanse til m.a. tida under framand styre om at: «Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde. Men, Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde.» 1814 handlar om både lys og mørke. Om dramatikk og uro for framtida. Men året handlar òg om framtidstru og optimisme. Vi nærmar oss påske. Der opplever vi òg lys og mørke. Vi høyrer om uro for framtida, om frykt og stor sorg. Vi høyrer om dødsriket der det er stummande mørkt. Ein stad utan von, inga glede, ingen kjærleik, - ikkje før Jesus Kristus sprengde bommane, opna dørene, og gjorde sin triumferande innmarsj i dødsriket. På sett og vis kan ein seie at dødsriket på påskedagen fekk ei ny grunnlov. I hagen var det òg stummande mørkt då Maria Magdalena gjekk for å vitja grava tidleg om morgonen. Kor hadde dei lagt Jesus? Men det mørkret som Maria hadde inni seg, var verre enn nattemørkret. For å mista ein som vi er glad i, er tyngre enn ei mørk vinternatt. Det trur eg mange av oss kan skriva under på. Sola sto opp medan Maria var i hagen. Men sola kunne ikkje gjera noko for å lindra sorga hennar. Det var eit anna slags ljos som tende gleda i henne den morgonen. Det ljoset strøymde ut av ei tom grav. I hjarto våre er det òg mykje som kan kasta mørke skuggar. Men påskemorgon går mang ei von og mang ein lovnad i oppfylling: Mellom anna den som Sakarja, far til døyparen Johannes, sa om Jesus.: «Så skal ljoset frå det høge gjesta oss som ei solrenning, og skina for dei som bur i mørker og dødsskugge.» Luk 1,78-79 Frå påskemorgon har Jesus lyst for oss som bur i mørker og dødsskugge. For Jesus vart ikkje henta til dødsriket i lekkjer. Nei, han steig ned dit som ein fri mann, som ein konge. Han var Guds Son. Han banka ikkje på. Nei, han braut sund dei armerte portane. For fyrste gong steig nokon inn i dødsriket som sigerherre, og ikkje som fange. Døden skalv. Men dei fangane døden hadde sperra inne, såg ljoset for fyrste gongen etter århundrar med stummande mørker. Dei òg vart lamslegne, og fall på kne for denne triumfatoren. Men Jesus la varsamt handa si på dei og sa: «Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.» Op 1,17b-18 Påskedagen fekk dødsriket ny Redaktørens hjørne Redaktørens hjørne Dette nummeret av Kyrkjekontakten handlar om å sjå lyset, og å høyre musikken. Me har barnekor som har feira karneval, og kor som skal syngje om Jesu liv. Og barnekorfestivalen KORIFOKUS. Mykje musikk! I høve Knarvik Kyrkje så ser me eit flott bygg med lyse framtidsutsikter, og me har konfirmantar som grunnlov og ny konge. Frå den dagen er Jesus Kristus konge over dødsriket og Herre over dødens makt. Frå den dagen har grunnlova i dødsriket same ordlyd som dei orda Marta fekk høyra: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg skal i all æve ikkje døy.» Joh 11,25-26 fortel frå turen sin til Tanzania. Våren er like om hjørnet, med lysare dagar og varmare sol. Nyt kvar dag, og lytt etter musikken i naturen. Og ta godt imot bøsseberarane som i desse tider kjem frå Kirkens Nødhjelp. Kyrkjekontakten ynskjer alle lesarane ein riktig god vår, og ei fin påskehøgtid! s.2 s.3

Barnesida Bibelvers av Monika Bøkevoll Aarland «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Johannes 3,16 Andakt: Guds omsorg Kva gjer du når du slår deg? Går til mamma eller pappa for å få trøyst, sjølvsagt. Eller dersom nokon ertar deg? Eller kjærasten slår opp? Mamma og pappa er gode å ha i nettopp slike situasjonar, eller kanskje du har gode vener som er der for deg når du har det vondt og vanskeleg. Ikkje alle har familie eller vener å støtte seg til når livet blir hardt. Men alle kan vende seg til Gud. Gud har omsorg for oss. Han vil at alle skal ha det bra, ingen skal gå rundt med tunge tankar og hjartesorg. Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk. Står det i 1. Peter`s brev 5,7. Alt kan vi komme til Gud med. Inga sak er for stor, og inga sak er for lita. Alt vil Gud hjelpe oss med, fordi Han elskar oss. Smil! Kelner, kelner! Det ror to fluer i suppa mi! Det er jo ikkje så rart, det er jo Toro suppe... Smil! Det hadde komme ein ny elev i klassen, og læraren spurte: Kva heiter du? Kari, utan G. Men Kari skrivast då ikkje med G. Det var jo det eg sa... Karneval Innleiinga til fastetida vart feira med karneval på barnekoret Solstrålen! Onsdag 5.mars var det blant anna prinsesser, englar, ponny, apekatt, riddarar og kaninar som kom på øving! Dette måtte prege øvinga vår med 25 songglade, utkledde 3-5 åringar! Me song ei stund, og til rytmene av sør-amerikanske «Cantai ao Senhor» dansa me med rytmeinstrumenta våre! Medan me fekk bollar og saft var det klar for ei reise i bilete til Tanzania. Me såg på elefantar og giraffar på safari. Vidare fekk borna og foreldre høyre om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Tanzania for reint vatn til ein landsby med skule og sjukehus. Søndagskafe på Myksvoll Ein god del av trusopplæringa i Lygra sokn går føre seg i regi av Myksvoll bedehus. Vi er ei lita bygd og ein lyt ha eit godt samarbeid. Søndagskafeen er eit samarbeid mellom soknerådet og bedehuslaga. Den er for alle aldersgrupper og vi har den 4-6 sundagar i året frå klokka 15.30 og utover. Denne sundagen kjem det 25 menneske og ein kan seie at alderen er godt spreidd. Yngstemann er 3 mnd. til den eldste kvinna som er over 90 år. Programmet er andakt eller bibelforteljing, song, mat, spel og aktivitetar. Denne sundagen er det Atle Berland som har av Gudveig Kartveit Kana Det er godt at me kan vere med på å gjere ein forskjell, med fest og glede, og å dele av våre ressursar. av Lillian Berentsen bibelforteljing. Han fortel om Naàmi, og eit av borna får styre bileta han viser på skjermen. Dette er ei forteljing som ikkje alle har høyrt før. Vi syng nokre songar som er mest for borna og songar som dei vaksne kan. Alle kan ha med litt mat til eit spleisebord. Bedehuset og soknerådet lagar kaffi, te og saft. Det lov å delta i spel eller berre sitje og drikke kaffi og prate. Som aktivitet for alle har vi hatt ulike miniturneringar som bordtennis, airhockey, yatzy og quiz med ein liten premie. Alle ser ut til å trivast godt og fleire gonger rungar latteren i salen. s.4 s.5

Messias i Myking Messias av Händel vert framført på konsert i Myking kyrkje søndag etter påske, 27. april kl 19.00. Dette verket har ein særleg plass i hjarta hjå alle som opplever det, og har ein eineståande kvalitet og popularitet. Musikken er like frisk og fantastisk flott i dag som då den vart skriven på 1700-talet. Komponisten Georg Friedrich Handel fekk ein svært sterk inspirasjon og skreiv all musikken på få veker. Tekstane er frå Bibelen og omhandlar Jesus som Messias. Første del er bygt på profetiane frå GT og Jesu fødsel. Andre del er om Jesu liv og verk, døden på krossen og om oppstoda. Tredje og siste del av verket er himmelvendt med tekstar frå Openberringa. Svært kjent er det store Halluja-koret med mektig, jublande kor, fullt orkester med trompetar og pauker. Men perlene kjem på rekke og rad gjennom heile konserten, - stilt og mjukt, vakkert, dramatisk og gripande. Ei stor oppleving av musikk og tekstar, ikkje rart at songarar, musikarar og publikum over heile verda fyller kyrkjer og konsertsalar med Händels Messias, - igjen og igjen! Denne gongen vert Messias framført i påsketida, og det høver glimrande med konsert i helga etter påskefeiringa. Alversund kammerkor er så heldig å få syngja dette verket saman med glimrande solistar og orkester i den flotte akustikken i Myking kyrkje. Solistane er Kjersti Wiik, Marianne Bye Granheim, Harald Bjørkøy og Andreas Skei. Førstefiolinist og konsertmeister i orkesteret er Ruth Henny Sandstad frå Austrheim, no busett i Haugesund. Vi er veldig glad for å ha slike gode, profesjonelle krefter med oss! Messias er ein enorm inspirasjon, ei stor musikalsk utfordring for koret og eineståande manifestasjon av den kristne bodskapen. I tillegg gjer koret eit solid dugnadsløft for å få dette skipa til, ikkje minst praktisk og økonomisk. Koret håpar difor at kyrkja på Myking er fylt opp med tilhøyrarar på konserten, vi veit at svært mange har lyst å få med seg konserten. Dei som vil koma forbi billettkø ved inngangen, kan kjøpa billettar på internett via www.billettservice.no eller på epost helge.ogaard@hallgeir.com Billettane kostar kr. 250,- for vaksne, unge under 16 år går gratis. Alversund kemmerkor ynskjer hjarteleg vel møtt til konsert med Händels Messias søndag 27/4 kl. 19.00 i Myking kyrkje! for Alversund kammerkor Odd Leif Mjøs, dirigent Gigantkor på 650 barn til KORIFOKUS Alt er klart for ein ny fantastisk familiefest for heile Nordhordland laurdag 5. april, seier den engasjerte arrangøren og artisten Bjarte Leithaug frå Frekhaug. For 5. gong inviterar han alle små og store til den populære barnekorfestivalen KORIFOKUS i Nordhordlandshallen i Knarvik. I år skal 650 barn frå 38 barnekor frå heile Hordaland samlast til eit fargerikt megakor, fortel Leithaug. Saman med Bjarte skal populære gjestar som MGP jr-vinnarane Marcus & Martinus, Team Sulebakk, Tore Thomassen m.fleire opptre på den store scena i hallen. Leithaug er sikker på at både korsongarar og publikum vil få ei flott oppleving der kristne barnesongar er kjerna i programmet i tillegg til triveleg underhaldning frå artistane. Frå Lindås kommune skal barnekora Sing Singeling, SingOut, Kyrios, Myksvoll Yngste røster, Kompass og Ostreidet barnekor delta. For dei vel 800 tilreisande deltakarane startar dagen med fellesøvingar med artistar og det proffe bandet kl 11.45. Sidan er det festivalmarsj med minikonsert i Knarvik Senter, matpause, eigen deltakarkonsert med sjarmørtvillingane Marcus og Martinus, leiar-seminar og sjølve festivalkonserten kl 16.00. Tanken min bak KORIFO- KUS-festivalen har vore å laga ei profesjonell og inspirerande markering for det flotte kristne korarbeidet som vert drive lokalt mange stadar, og ikkje minst gjera litt stas på dei mange friviljuge leiarane som stiller opp Mange barn gler seg til å synge saman med dei populære tvillingane og MGPjr-wvinnarane Marcus & Martinus (11år) for borna år etter år, seier Bjarte. Med spanande artistar, profft orkester, kjempestor lyd og lys rigg og TV-produksjon på storskjerm blir fotballhallen gjort om til stemningsfull konserthall. Det at festivalen har samla nær 3000 kvar gong er bevis på at vi treng ei slik fellessamling med barna i sentrum i vårt distrikt. Dette er vel det einaste arrangementet som knyter alle kyrkjelydane i Nordhordland saman, med barnekor frå alle kommunane. Eg håpar difor riktig mange finn vegen til Nordhordlandshallen 5.april. Eg kan definitivt lova publikum ei skikkeleg glad og god oppleving, smiler Bjarte. Å høyra mange hundre barn synga glade songar for full hals er ei ekte humørbombe! s.6 s.7

Ei oppleving for livet! Ei av konfirmantane, Line Bertelsen (nr 1 frå venstre), deler her nokre av sine inntrykk frå turen: Dag 1: Etter ein god frukost første dagen sette me kursen for Dogodogo street centre. Dogodogo er eit senter for unge gutar og jenter frå alderen 15-18 år. Dei fleste er gatebarn. På senteret får dei utdanning. Dei kan velje mellom ulike linjer som dei kan gå på. Det er Skredderlinja, snikkar, teater/musikk og elektro. Teater- og musikkgruppa viste oss dansen som dei lærer på skulen. Det var utrulig gøy å sjå deira måte å danse på. Dei hadde så mykje bevegelsar, det såg enkelt ut når ein såg på, men når du skulle prøve å lære dansen sjølv vart det veldig vanskeleg. Alle klassane tok godt i mot oss, det var godt å sjå all godheita og dei varme smila dei viste, sjølv Konfimantane fekk lett kontakt med borna For nokre av konfirmantane våre har året deira vore prega av ei noko uvanleg konfirmanttid. 14 konfirmantar frå Knarvik, Alversund og Seim reiste i vinter på studietur til Tanzania saman med Kirkens Nødhjelp! Dei fekk store opplevingar, og sit igjen med mykje inntrykk. om dei kanskje tenkte at me forstyrra dei. Dag 2: Etter det fine besøket i går på Dogodogo var det tid for ein avslappingsdag. Me starta dagen med ein tur på Mlilano kjøpesenter, 15 minutt utanfor Dar es Salaam. Ettermiddagen brukte me på eit Badeland. Det var utrulig kjekt med litt avslapping. Me seilte, bada og koste oss heile dagen. Eg trur me sovna fort alle saman om kvelden etter to dagar med store opplevingar. Dag 5: Me starta dagen tidleg med morgonsafari. Me fekk sitje i safaribilar, det var ganske spanande, slik som du vanlegvis ser i filmar. Det var utrulig spanande og fasinerande å sjå på dyra. Me såg flodhestar, sjiraffar, sebra, aper, elefantar, impala og til og med løver. Dag 6: Me vakna til enda ein fin dag med sol og godt humør hjå oss alle. Det var fleire som hadde gleda seg mykje til å besøke barneheimen me skulle til i dag. Før me reiste åt me frukost og handla i ein butikk på hotellet. Varene var laga av folk som var funksjonshemma. Det var utruleg fine ting dei hadde laga, og det var veldig bra at dei faktisk hadde ein jobb. I Ilula, der barneheimen ligg, reiste me til fosterheimar som er eit av prosjekta til IOP- Ilula Orphan Programme. Me vart delt opp i to grupper. Den eine gruppa besøkte Anastansia, som er ein av fosterforeldra. Den andre gruppa besøkte Delfina sin fosterheim. Historiane som dei fortalde gjorde stort inntrykk på alle deltakarane. Kirkens Nødhjelp støttar desse fosterheimane med blant anna å byggje hus, byggje toalett, og gje reint vatn gjennom kranar nær husa. Fosterheimane får og betalt skulepengar, uniform og skulemateriell til borna i familien. Då me kom tilbake til IOPsenteret fekk me helse meir på barna på barneheimen. Alle borna var utruleg skjønne. Dei små ville opp til oss og dei var veldig fasinert over det lange håret vårt. Om kveld opptrådde dei for oss med dans og musikk. Store og små var med. Dag 7: Me reiste tidleg om morgonen tilbake til Dar es Salaam. Det var trist å reise frå borna på barneheimen, men me hadde sett at dei hadde det bra der dei var no, og det er noko av det viktigaste. Dag 9: Me pakka koffertane våre, og sette kursen til halvøya Kigamboni. På vegen stoppa me for å besøke ei Vicoba- gruppe. Vicoba gruppa er ein mikrofinansbank der kvinner og menn sparer og lånar pengar for å starte eit prosjekt og betalar tilbake seinare. Det var spanande å høyre om at dei får hjelp til å starte si eiga bod eller lita bedrift. Dag 10: Me starta dagen tidleg med gudsteneste, kl 07.00. Kyrkja me besøkte var ei Luthersk kyrkje, der alt føregjekk på Swahili. Gudstenesta var veldig annleis enn det me er vane med i Noreg. Det var sang og dans i kyrkja, og alle var med. Det var fleire ulike prestar, og dei levde seg skikke- Dag 1: Dans på Dogodogosenteret Dag 2: Badeland Dag 3: I Mikumi nasjonalpark Dag 11: Ein klasse får fotballar s.8 s.9

t Tilgang til reint vatn er eit av prosjekta Kirkens Nødhjelp støttar lig inn i det dei fortalde. Då me kom tilbake til Kipepeo, stranda me budde på, åt me frukost og bada i det Indiske Hav. Det var fleire som vart solbrende denne dagen for det var så varmt. Dag 11: Dette var siste dagen vår i Tanzania. Me skulle køyre tilbake til Dar Es Salaam. På vegen stoppa me for å besøke ein skule, som har fått tilgang på reint drikkevatn. Eit prosjekt Kirkens Nødhjelp støttar. Alle barna vinka og såg på oss. Me var i ein klasse med jamgamle elevar som oss. Me delte fotballar og hoppetau med dei. Dei vart veldig glade for dei tinga dei fekk. På veg til hotellet fekk bussen motorstopp og me måtte vente ei stund før me kunne køyre vidare. Me stoppa mitt i vegen så me kunne ikkje flytte på oss. Alle bilane køyrde rundt oss og på fortauet. Det var rart å sjå at bilane ikkje venta men berre køyrde rundt. Då me kom til hotellet pakka me i koffertane, og reiste til flyplassen. Då me gjekk ombord på flyet var det trist å tenkje på at no skulle me reise frå Tanzania. Dag 12: Det var både rart og godt å kome heim att. Me har opplevd mykje som me aldri kjem til å gløyme. q Odd Hinnekleiv filma StepOut-konfirmantane på tur i Tanzania Lokalt engasjement for Tanzania-tur! Basaren var skipa i stand for å gje støtte til Tanzania-tur som konfirmantane våre reiste på. Konfirmantane fekk fortelje om turen deira. Dei fortalte med engasjement om opplevingane med både badeliv, safari, og dei prosjekta dei besøkte som er støtta av Kirkens Nødhjelp. Eit av dei store inntrykka dei har med seg frå turen er besøk hjå fosterfamiliar som har tatt til seg foreldrelause born. Familiane får grunnleggjande støtte frå ein av partnarorganisasjonane til Kirkens Nødhjelp, IOP, og på den måten kan dei ta vare på borna. Konfirmantane fortalte og om arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer, i samband med fasteaksjonen som er 8. april. Dei utfordra til av Gudveig Kartveit Kana Seim sokneråd arrangerte basar på Seim skule søndag 23.mars. Amfiet på skulen var tettpakka med folk. Mykje flotte gevinstar, og kaffi og kake høyrde med. å vere med på fasteaksjonen, ved å gå med fastebøsser, og å støtte økonomisk. Dei har opplevd at pengane kjem fram! Takk til Seim sokneråd for flott engasjement! Konfirmantane reiser no rundt i Nordhordland og omegn for å presentere Tanzaniatur og fasteaksjonen. Dei skal og medvirke under fasteaksjonsgudstenestene i Alversund og Seim 6. april. Under: Det var fullt hus på Seim skule då konfirmantar fortalte frå Tanzaniaturen. s.10 s.11

Tusen takk! Alversund sokneråd vil takke så mykje for den innsatsen som så langt er gjort for å samle inn pengar til Knarvik kyrkje. Mange har gjort flott dugnadinnsats både under Kyrkjelunsjen 9. november og på bruktmarknad/auksjon 1. februar. Takk til Meny som sponsa oss med mat til lunsjen og Europris som sponsa med utstyret til borddekking. Det neste på programmet er Kyrkjemessa i Nordhordlandshallen laurdag 26. april. Vi har fått mange tilbakemeldingar om at folk hadde ein triveleg ettermiddag på messa i fjor. Det er all grunn til å tru at det same blir tilfellet i år. Set av denne laurdagen. Ta med familie og venner og kos deg med heimelaga mat, song og musikk, åresal med flotte gevinstar og trekning av hovudlotteriet. Soknerådet vil alt no takke privatpersonar, bedrifter og butikkar i Knarvik Senter og elles i Knarvik og Alversund for stor velvilje når vi har spurt etter gevinstar til åresal og hovudlotteri. Takk også til alle som deltek med dugnadinnsats av ymse slag i samband med messa. No er det viktig at alle tek vel imot loddseljarane når de møter dei på dørene eller utanfor butikkane. Som de vil sjå på side 15 i dette nummeret av Kyrkjekontakten manglar det store summar før kyrkja kan takast skikkeleg i bruk. Du er med på å bestemme kor raskt dette kan skje. av Lars Inge Kjemphol Vi minner om ulike måtar ein kan gi økonomisk støtte til kyrkja. Meld deg som fast gjevar. Skjema finst på torget i Knarvik Senter. Fyll ut og lever det på Alversund Kyrkjekontor. Alle gåver mellom kr. 500,- og kr. 12000,- gir skattefrådrag. Kjøp lodd til kyrkjemessa Gi grasrotandelen når du tippar til Knarvik KFUK-KFUM speidarane. Det som kjem inn her går til barne- og ungdomsarbeid i kyrkja. Seinare kjem ein eigen aksjon der du kan betale for stol/stolar i kyrkja I november kjem boka» Knarvik bygda og kyrkja» ut. Det meste av inntektene av salet går til kyrkja. Dette blir den ideelle julepresangen både til deg sjølv og andre. Framdrift kva skjer og når? Den kom som ei stor overrasking, konkursen til Walde, som stod for bygginga av kyrkja i Knarvik. I etterkant har det vore ein del spørsmål knytta opp mot prosjektet; har ein tapt pengar, kven tek over kontrakten, korleis vil konkursen spela inn på det ferdige resultatet? Vi som jobbar tett opp mot prosjektet kan med glede seie at vi ikkje har tapt pengar i denne uheldige situasjonen. Det har vore ei tidsforskyving med omsyn til overtakinga, den nye datoen for overtaking er no 13. september 2014 ein månad seinare enn først planlagt. Vigslinga av kyrkja er planlagt 1. søndag i advent, 30. november så vi har enno god margin. Det trengst mykje arbeidskraft til dugnad fram mot opninga golvet må behandlast, alle møblar må komma på plass, det må vaskast og elles er det nok mykje som dukkar opp undervegs. Men dette må vi ordna seinare, no gler vi oss over bygget som skin på Knarvikhøgda. Det er eit flott bygg, som vi er stolte av. Kyrkja sitt eksteriør skal ikkje behandlast, og dermed vil bygget få ein grå patina med tida spennande og moderne. 7fjell entreprenør AS har tatt over Walde sine forpliktingar, og er no dei ansvarlege for bygginga. Alle av Weronica Olafsen Løland dei involverte vart invitert til kranselag saman med fellesrådet den 7. februar. Her var 350 gjestar, og det var ein positiv atmosfære i kyrkjerommet. Ein stor dag for alle dei frammøtte. 7fjell er positive til arbeidet, og dei har sagt at dei meir enn gjerne vil gjera ferdig oppvekstsenteret om vi finn midlar til dette. I skrivande stund er det ikkje heilt klart, men mogelegheita for at det vil bli ringt med kyrkjeklokkene i nyekyrkja no i påsken er tilstades vi håper det blir bra! Vi er stolte av bygget, og av jobben som ligg bak, og vi håper at mange finn tid til å vitje kyrkja både til kvardags og til fest! Kyrkjekontakten på nett Som me skreiv i førre nummer av Kyrkjekontakten, har Knarvik kyrkje fått eiga heimeside, med internettadresse: knarvikkyrkje.no. Vel møtt, alle saman! Vær merksam på at det heiter «knarvikkyrkje» med e - og IK- KJE «knarvikkyrkja» med a. Det me ikkje fekk med, er at Kyrkjebladet no er å finne på denne sida. Så om du klikkar deg inn der, vil du finna ei lenkje til siste nummer av kyrkjebladet. Frå og med sumarnummeret 2013 av «Kyrkjekontakten» er bladet blitt lagt ut på heimesida til Knarvik kyrkje. Bladet vil bli lagt ut fortløpande på heimesida.tanken er at dei 4 siste blada til ei kvar tid skal verta å finne på heimesida til Knarvik kyrkje. Foto: Strilen s.12 s.13

Knarvik kyrkje av Weronica Olafsen Løland Det har vore ein visjon for soknerådet og fellesrådet at den nye kyrkja skal vera open for alle, og i den forbindelse er arbeidet med å få ferdig oppvekstsenteret i underetasjen særs viktig. Foto: Strilen Her har ein utfordringar med omsyn til å få formidla tydeleg nok at dette er noko vi sterkt ynskjer, og i tillegg kjem utfordringar med ekstrakostnader som ikkje fell inn under prosjektet. Det er klart dyrare å få inn arbeidsfolk til å gjera arbeid i kyrkja etter at den er overlevert, framfor å få jobben gjort medan maskiner og arbeidskraft er tilgjengeleg. Dette er eit dilemma, og det er fleire som bruker mykje tid på å finne løysingar på denne utfordringa. Oppvekstsenteret er eit av fleire fokus i tida framover. Vi meiner at dette er ein viktig del av kyrkja, med omsyn til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden og i lokalmiljøet elles. Det er allereie starta eit samarbeid med andre krinser, og dette er starten på noko godt det er vi visse på! Kyrkja i Knarvik skal brukast kvar dag, og her vil det bli mogeleg for utleige til barnedåp og konfirmasjon og for andre markeringar. Det er sjølvsagt også mogeleg å leige kyrkja for konsertar, det vil vera eit flott lokale med gode lydkvalitetar. Etter skuletid håper vi på aktivitetar for barn og ungdom ein møteplass for små og store, i trygge omgjevnader. «I tillegg til song og musikk, vil det berre vera opp til bygda kva ein ynskjer vi har grupper med speidarar, vi har ulike treffpunkt meir knytta direkte opp mot kyrkjelydsarbeidet, men vi ynskjer å utvida bruken av kyrkja. Eit veldig utfordrande arbeid, og vi håper at det etter kvart kan vera med å engasjera bygdefolket i Knarvik. Det er ikkje berre oppvekstsenteret som skaper spenning i kvardagen til dei ansvarlege ein del midlar må og skaffast til veie for å innreie kyrkja. Ein tok ut ein del av prosjektet då garantien frå kommunen var eit faktum, 74 millionar og ein måtte spara inn på interiør og anna. Slik stoda er no, manglar vi liturgiske møblar (bl.a. alter og døypefont), stolar og kjøkkeninnreiing i tillegg til at uteareal og underetasjen no Kyrkja skal vere ein møteplass for bygda står urørt. Men det er komme betonggolv i kjellaren, dette av innsamla midlar, og dette er vi glade for at vi har gjort. Dette måtte gjerast grunna orgelet, som ikkje kan utsetjast for fukt etter at det er sett inn. I tillegg er det lagt inn straum, og sprinkleranlegg er også på plass. Ein jobbar for tida med å få inn bestillingar på stolar, vidare innsamling av midlar og mykje anna spennande, her gjer mange ein god jobb! I den anledning vil soknerådet retta ei stor takk til alle som bidreg på alle dei måtane ein har anledning til, anten økonomisk eller praktisk dette støttar opp om slagordet vårt; vi vil vi kan vi skal! Minnar om at det vil vera ein del aktivitet rundt den føreståande kyrkjemessa 26. april. Vi gler oss! Knarvikbygda treng eit lokale som kan brukast til kvardag, fest og høgtid eit bygg for alle, og dette meiner vi at kyrkja kan bli! Fram mot opninga treng vi DEG! Vi treng innspel, vi treng tips og idear, praktisk hjelp og ikkje minst; vi treng midlar. Små og store brukarar små og store summar, frå det lokale næringsliv og andre vi treng hjelp til å ferdigstilla dette flotte signalbygget! s.14 s.15

Frå kyrkjeboka Døypte Alversund: 10.11.2013 Albert Emil Midtgård Nygaard 10.11.2013 Signe Solbakken 16.11.2013 Jonas Håtuft Hillestad Haukeland univ. sjukehus 08.12.2013 Mads Kirkevik 05.01.2014 Leonard Nordås 12.01.2014 Vegard Kartveit Isaksen 12.01.2014 Victoria Helén Skaar 19.01.2014 Emma Sofie Grimset Johannesen Naustdal kyrkje 26.01.2014 Siri Lovise Bjørndal Klementsen 26.01.2014 Louise Solberg Myking 26.01.2014 Anne-Gry Vevang Talle 26.01.2014 Adriana Hansen Taule 02.02.2014 Isak Mjelde 09.02.2014 Selma Risa Fjellanger Lindås kyrkje 09.02.2014 Oliver Mongstad 23.02.2014 Andrine Eltvik Hersvik Kinn kyrkje 23.02.2014 Julian Berge Nilsen 23.02.2014 Lukas Berge Nilsen 02.03.2014 Lilly Baakind 02.03.2014 Jenny Cecilie Skartveit Seim: 08.12.2013 Luciana Lieske-Thorsheim 23.02.2014 Daniel Årvik Spurkeland Vigde Alversund: 28.12.2013 Turid Angelskår og Halvard Lauvsnes Avlidne Alversund: 25.10.2013 Hilmar Arne Selle f. 01.10.1932 26.10.2013 Olga Litleskare f. 27.09.1927 28.10.2013 Henry Hvidsten f. 16.06.1926 03.11.2013 Fredrikke Jensen f. 04.06.1924 28.11.2013 Kari Margrethe Pedersen f. 27.03.1948 03.12.2013 Jonas Håtuft Hillestad f. 16.11.2013 05.12.2013 Roger Leiknes f. 22.07.1971 24.12.2013 Atle Fosse f. 02.04.1948 10.01.2014 Gerd Ragnhild Kvamme f. 01.08.1929 11.01.2014 John Magnus Hilland f. 25.12.1942 11.01.2014 Karen Orvedal f. 30.01.1923 24.01.2014 Ole Christian Børtveit f. 28.03.1970 25.01.2014 Mattias Herfindal- Hjelmås f. 25.01.2014 01.02.2014 Camilla Kolstad f. 04.07.1923 08.02.2014 Martha Bjørndal f. 06.11.1916 Seim: 31.12.2013 Frøydis Leivestad f. 27.01.1942 15.02.2014 Halvor Nesse f. 24.03.1960 Aksjon NYTT kjøkken! I juni / juli 2014 skal kjøkkenet på Fjon Fjellkyrkje bytast ut! Rommet skal totalrenoverast og det vert ny innreiing og utstyr. Økonomisk ramme for prosjektet er kr 450.000,- og blir det største «løftet» som blir gjort sidan kyrkja vart vigsla i 1987. Mykje av arbeidet vil verta utført på dugnad. Men me treng di hjelp! Gje di støtte kvar krone tel og er kjærkomen. Kontonummer er : 3635.50.14732 mrk: «kjøkken 2014» På førehand takk for verdifull hjelp! Takk frå styret for Fjon Fjellkyrkje. s.16 s.17

Annonsesider Kyrkjekontakten er eit gratis kyrkjeblad som går ut til alle husstandar i Alversund, lygra og Seim Kyrkjegjeld. «Med fokus på fag og kunden» Knarvik. tlf. 56 35 17 65 www.hageland.no Annonse Ynskjer du å annonsere i Kyrkjekontakten kan du kontakte kyrkjekontoret på tlf. 56 35 73 70 www.nordh-bb.no Blomster til alle anledninger Din kristne bokhandel Åsane Senter! Bibler Bøker Musikk Film Kort Gaver tlf 55 19 82 00 56 35 79 13 90 85 56 35 79 91 Kiwi Ikenberget Tlf. 56 35 86 10 Fargehuset www.fargehuset.no Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80 Isopor - netting - plastfolie Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp, støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk, merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringstoler/lister. 5911 Alversund Alt i Hey`di tlf. 56 35 00 05 mob. 901 18 290 produkter. fosse-b@online.no

i Alversund prestegjeld 6. april Alversund kl 11.00 v/monsen Fasteaksjonsgudsteneste 6. april Seim kl 17.00 v/monsen Fasteaksjonsgudsteneste Palmesøndag Knarvik kl 11.00 v/hitland 13. april Palmesøndag Lygra kl 17.00 v/hitland 13. april Skjærtorsdag Alversund kl 19.00 v/palmesen 17. april Langfredag Seim kl 11.00 v/hitland 18. april Påskedag Alversund kl 11.00 v/palmesen 20. april Påskedag Seim kl 11.00 v/hitland 20. april Det kan verte endringar. Sjå kunngjeringar i Strilen og Nordhordland og på plakatar. 27. april Alversund kl 11.00 v/hitland 27. april Lygra kl 17.00 v/hitland 4. mai Seim kl 11.00 v/hitland Konfirmasjonsgudsteneste 4. mai Alversund kl 10.30 v/palmesen Knarvik-konfirmasjonsgudst. 4. mai Alversund kl 12.30 v/palmesen Knarvik-konfirmasjonsgudst. 10. mai Alversund kl 11.00 v/palmesen Alversund-konfirmasjonsgudst. 11. mai Lygra kl 11.00 v/hitland Lygra-konfirmasjonsgudst. 11. mai Alversund kl 10.30 v/palmesen Alversund-konfirmasjonsgudst. 11. mai Alversund kl 12.30 v/palmesen Alversund-konfirmasjonsgudst. 17. mai Alversund kl 10.30 v/palmesen 17. mai Lygra kl 12.00 v/palmesen 17. mai Seim kl 11.30 v/hitland 17. mai Knarvik kl 10.00 v/hitland 25. mai Alversund kl 11.00 v/sørebø 1. juni Seim kl 11.00 v/palmesen 8. juni Seim kl 11.00 v/palmesen Pinsegudst. m. TV-overføring 15. juni Bøkeskogen kl 11.00 v/hitland Friluftsgudsteneste Skjærtorsdag Vollom Bedehus 17.april kl 19.00 Nattverdsmøte andakt ved Bjarte Leine Påskemøter 2014 Langfredag Vollom Bedehus 18.april kl 19.00 Møte andakt ved Asle Hetlebakke 1. påskedag Betania Knarvik 20.april kl 17.00. Påskesong ved Hatikva