Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /11. Objekt:

Like dokumenter
Viser til utsendt høringsbrev fra Kunnskapsdepartementet datert, , 2.kommunens tilbakemeldinger på anbefalingene fra utvalget:

Høring - NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Høringsuttalelse fra Fredrikstad kommune

Utvalg Møtedato Saksnummer Utvalg for barn og unge /11

Vår saksbehandler: Deres ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: Deres dato: Anne-Kathe Christensen Telefon:

Vår ref Løpenr. Arkivkode Saksbehandler Deres ref 11/ /11 A13 Mariann Hagen

Levanger kommune Rådmannen

0-4/11 Høring - NOU 2010:8- Med forskertrang og lekelyst - systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn. (ark. nr. E: A0 &13, )

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Høringsuttalelse - NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Innstilling fra utvalget som har sett på pedagogisk tilbud til førskolebarn

Saksframlegg. HØRINGSSVAR NOU 2010:8 MED FORSKERTRANG OG LEKELYST Arkivsaksnr.: 10/44102

Høring fra Moss kommune - Med forskertrang og lekelyst - Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn

Skien kommune Oppvekst

Vedlagt ligg saksdokument frå Flora kommune, vedr. høyring av forslag til endring av barnehagelova 12a.

Utvalget har bestått av 12 medlemmer og vært ledet av leder i FUG Loveleen Rihel Brenna.

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

MEØADAR TIL HØYRINGSUTKAST - FRAMLEGG TIL FORSKRIFTER TIL NY BARNEHAGELOV. 1. Framlegg til forskrift om norm for pedagogisk bemanning

Høringsuttalelse NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Høringsuttalelse til NOU 2010: 8: Med forskertrang og lekelyst

Høringssvar NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Innstilling fra utvalget som har sett på pedagogisk tilbud til førskolebarn.

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Dykkar ref. BRUK AV OFFENTLEG TILSKOT OG FORELDREBETALING I IKKJE-KOMMUNALE BARNEHAGAR, HØYRINGSUTTALE FRÅ

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Vedlagt oversendes høringsuttalelse fra Rælingen kommune.

NOU 2010:8 Med forskertrang og leikelyst. Høyringsuttale frå Ullensvang herad. Del III Vurderinger og anbefalingar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Utvalg Møtedato Saksnummer Utvalg for barn og unge /12

Høringsuttalelse fra Norsk senter for barneforskning på NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn

EID KOMMUNE Møtebok. Høyring - forslag til revidert rammeplan for barnehagen

Barnehageområdet. Hva skjer?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Barnehageområdet. Hva skjer?

17/17 Fagkomite 2: Oppvekst Kommunestyret

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: 14.30

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Høring fra Nasjonalt foreldreutvalg for barnehager om NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst (Brenna-utvalget).

Saksgang: Møtedato: Saknr.: Utbyggingsutvalet /09. Objekt: HØYRINGSDOKUMENT - STATLEGE RETNINGSLINER FOR STRANDSONEFORVALTNING.

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst Høringssvar fra Utdanningsforbundet.

Kvalitet i barnehagen

Mellom lek, omsorg, dannelse og skoleforberedelse - didaktikk i barnehagens pedagogiske virksomhet

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

FYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

Saksbehandler: Bjørg Fladeby Arkiv: A10 &13 Arkivsaksnr.: 12/ Dato: * HØRING, NOU 2012:1 TIL BARNS BESTE - NY LOVGIVNING FOR BARNEHAGENE

«Korleis skape eit godt og stimulerande språkmiljø i Florabarnehagen»

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Framtidens barnehage Meld.St.24 ( ) Mc

Skole og barnehage. Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO SVAR PÅ HØRING. NOU 2012:1 TIL BARNAS BESTE - NY LOVGIVNING FOR BARNEHAGENE

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Kva er nytt i rammeplanen?

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Møtedato 008/17 Tenesteutvalet PS Saksnr Utval Type Møtedato 005/17 Formannskapet PS

Styrket innsats for et godt omsorgs- og læringsmiljø

Fylkesmannen i Rogaland. Tilsynsrapport. Tilsyn med Finnøy kommune som barnehagemyndigheit

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Barnehage til beste for barn

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

2oo{oc{ 69 r HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE I HS F AVDELING FOR LÆRARUTDANNING OG IDRETT

Kommunedelplan for oppvekst

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

HØRING - NOU 2005: 8 LIKEVERD OG TILGJENGELIGHET. Vedlagt følgjer høyringsuttale frå Flora kommune vedteken i Flora bystyre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Høring - NOU 2012: 1 "Til barnas beste" - Ny lovgivning for barnehagene. Saksordfører: Jan Åge Størseth

5 Bestemmelse i lov og sentral forskrift bør åpne for, men ikkje påby, at kommunen kan gje påvirkningsorgana sjølvstendig avgjerds- og løyvingsmynde.

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

Framlegg til planprogram

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Barnehagen som del av utdanningssystemet hva betyr det? Lisbet Rugtvedt Stavanger

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Vågsøy kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato:

Ho rin om endrin ar i barneha elova - hø rin suttale frå Dovre kommune

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Meld.St. 19 ( ) Tid for lek og læring Bedre innhold i barnehagen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Transkript:

FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 25.01.2011 005/11 Sakshandsamar: Runa Nybakk Arkiv: Objekt: K1-030, K2-A10 Arkivsaknr 10/188 HØYRING NOU 2010:8 MED FORSKERTRANG OG LEKELYST - UTTALE FRÅ FLORA KOMMUNE Kva saka gjeld: Eit offentleg utval oppnemnt av regjeringa ved kongeleg resolusjon 19. juni 2009, har sett på det pedagogiske tilbodet til førskulebarn. NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn vart lagt fram 01.10.10. I brev av 29.10.10 inviterer nå Kunnskapsdepartementet til ei brei høyring for å gje flest mogleg høve til å uttale seg om, og påverke utviklinga av det pedagogiske tilbodet til førskulebarn. Høyringsfristen er sett til 31.01.11. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Kultur- og oppvekstutvalet i Flora kommune har fått ein presentasjon av NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn, og dei ulike framlegga som utvalet har foreslått. Kultur- og oppvekstutvalet meiner at NOU 2010:8 inneheld mange gode framlegg som vil styrke kvaliteten i barnehagesektoren, og er einig i mange av framlegga. Vi viser til kommentarar til framlegga i saksutgreiinga. Før vi kan støtte framlegg om å innføre gratis barnehage 20 t/v for barn i alderen 3-5 år, må ein ha hatt ein gjennomgang av kvaliteten på barnehagetilbodet etter at det nå er innført rammebudsjettering. Ein må òg sjå på kvaliteten på tilbodet for dei minste barna, og kvaliteten på heilskapen i eit barnehagetilbod i aldersgruppa 1-5 år, før eksisterande tilbod vert utvida. I tillegg må barnehagelova sitt krav om pedagognorm oppfyllast. JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 1 av 9

Å gjennomføre tiltaka i NOU 2010:8 vert ei stor nasjonal satsing på barnehagesektoren, og vi forventar at alle nye tiltak og føringar vert følgt opp med statlege midlar dersom kommunane skal kunne følgje opp dette. 25.01.2011 KULTUR- OG OPPVEKSTUTVALET Framlegg: Framlegg frå Repr.Bengt Solheim-Olsen,H: Barnehagefagleg konsulent Runa Nybakk får fullmakt til å endre framlegg til vedtak slik at det går fram at Flora kommune er positive til 20 timar gratis barnehageplass pr.veke for barn 3 5 år. Røysting: Framlegg til vedtak med framlegget frå Solheim-Olsen vart samrøystes vedteke. KUOP-005/11 VEDTAK: Kultur- og oppvekstutvalet i Flora kommune har fått ein presentasjon av NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn, og dei ulike framlegga som utvalet har foreslått. Kultur- og oppvekstutvalet meiner at NOU 2010:8 inneheld mange gode framlegg som vil styrke kvaliteten i barnehagesektoren, og er einig i mange av framlegga. Vi viser til kommentarar til framlegga i saksutgreiinga. Før vi kan støtte framlegg om å innføre gratis barnehage 20 t/v for barn i alderen 3-5 år, må ein ha hatt ein gjennomgang av kvaliteten på barnehagetilbodet etter at det nå er innført rammebudsjettering. Ein må òg sjå på kvaliteten på tilbodet for dei minste barna, og kvaliteten på heilskapen i eit barnehagetilbod i aldersgruppa 1-5 år, før eksisterande tilbod vert utvida. I tillegg må barnehagelova sitt krav om pedagognorm oppfyllast. Å gjennomføre tiltaka i NOU 2010:8 vert ei stor nasjonal satsing på barnehagesektoren, og vi forventar at alle nye tiltak og føringar vert følgt opp med statlege midlar dersom kommunane skal kunne følgje opp dette. Barnehagefagleg konsulent Runa Nybakk får fullmakt til å endre framlegg til vedtak slik at det går fram at Flora kommune er positive til 20 timar gratis barnehageplass pr.veke for barn 3 5 år. Oppfølging av vedtak: Kultur- og oppvekstutvalet i Flora kommune har fått ein presentasjon av NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn, og dei ulike framlegga som utvalet har foreslått. JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 2 av 9

Kultur- og oppvekstutvalet meiner at NOU 2010:8 inneheld mange gode framlegg som vil styrke kvaliteten i barnehagesektoren, og er einig i mange av framlegga. Vi viser til kommentarar til framlegga i saksutgreiinga. Kultur- og oppvekstutvalet støttar framlegg om å innføre gratis barnehage 20 t/v for barn i alderen 3-5 år. Etter at det nå er innført rammebudsjettering, må ein ha ein gjennomgang av kvaliteten på barnehagetilbodet. Ein må sjå på kvaliteten på tilbodet for dei minste barna, og kvaliteten på heilskapen i eit barnehagetilbod i aldersgruppa 1-5 år. Dette må også sjåast i samanheng med barnehagelova sitt krav om pedagognorm. Å gjennomføre tiltaka i NOU 2010:8 vert ei stor nasjonal satsing på barnehagesektoren, og vi forventar at alle nye tiltak og føringar vert følgt opp med statlege midlar dersom kommunane skal følgje opp dette. Terje Heggheim Rådmann Runa Hatlenes Nybakk Barnehagefagleg konsulent JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 3 av 9

Innleiing: NOU 2010:8 har mange gode forslag for å styrke kvaliteten i barnehagesektoren. Fleire av framlegga vert også sett fokus på i arbeidet med Kommunedelplan for oppvekst som nå er under utarbeiding i kommunen. Det er viktig å bevare det heilskaplege læringssynet som barnehagane i dag byggjer på. Dette må ivaretakast samstundes som ein vert meir målretta og systematisk i arbeidet. Tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats er viktig for å sikre alle barn ein så god start som mogleg. Ein viktig faktor for kvalitet og å sikre at alle barn får eit godt systematisk pedagogisk tilbod i barnehage, er personalet sin kompetanse. Dette handlar om auka pedagogisk kompetanse, minimumskrav til formelle kvalifikasjonar i assistentgruppa og eit varig system for etter- og vidareutdanning for tilsette i barnehagesektoren. Kommunen er i dag lokal barnehagemyndigheit, og har frå 2011 også ansvaret for finansieringa av sektoren. Forslaga som vert presentert i NOU 2010:8 er omfattande, også økonomisk. Gjennomføring av tiltak må derfor følgjast opp med statlege midlar dersom kommunane skal kunne følgje opp framtidig endringar og tiltak som gjev kvalitetsauke. Nettverk for barnehagane i Flora kommune har valt ut 2 representantar (styrarar) i tillegg til barnehagefagleg konsulent, til å utarbeide ein høyringsuttale til NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn. Då det er ønska ei brei høyring, er det tatt utgangpunkt i kap 12 i høyringsdokumentet. Her er alle framlegga til Brenna-utvalet samla. Framlegga er kommentert med våre synspunkt, og vert å sjå som høyring frå vår kommune. Høyringsuttalen vert lagt fram som rådmannen sitt framlegg til høyring, og presentert for hovudutval for kultur- og oppvekst. Vurdering: 12.1 Obligatorisk barnehage. - Utvalget anbefaler at barnehagetilbudet fortsatt skal vere frivillig Med bakgrunn i foreldra sin valfridom, tilgang på pedagogisk personale og barnehagane sine rammeføresetnadar, støttar vi dette framlegget. 12.2 Gratis barnehage. - Utvalget foreslår 20 timer gratis barnehage i uken for alle barn i alderen 3-5 år Vi meiner det er feil tidspunkt å innføre eit gratis barnehagetilbod for barn i alderen 3-5 år nå. 20 timar gratis barnehagetilbod i veka er ikkje nokon garanti som sikrar at alle barn deltek i eit pedagogisk tilbod. I dag er det mangel på førskulelærarar, og eit gratistilbod for ei bestemt aldersgruppe (førskulegruppe) kan lett gje ei uønska vriding av både fagkompetanse og budsjettilhøve i sektoren. Ein bør vente med eit eventuelt gratistilbod, til ein har hatt ein gjennomgang av kvaliteten på barnehagetilbodet etter at det nå er innført rammebudsjettering. Då må det også sjåast på kvaliteten på tilbodet for dei minste barna, og kvaliteten på heilskapen i eit barnehagetilbod i aldersgruppa 1-5 år. JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 4 av 9

12.3 Organisering av tilbodet. - Utvalget foreslår at tilbudet gis innenfor det ordinære tilbudet Vi viser til kommentar under pt 12.2. Dersom det likevel skulle bli ein realitet med gratis barnehagetilbod, støttar vi utvalet sitt framlegg om at dette vert organisert i barnehage. Dette for å unngå segregering av tilbod, stigmatisering av barn og ressursvriding. 12.3.1 Samarbeid med andre instansar. - Utvalget anbefaler at alle barnehager skal ha tilknytning til et tverrfaglig samarbeidsteam Vi støttar dette framlegget. I Flora kommune har vi gode erfaringar med å jobbe i tverrfagleg ressursteam. 12.3.2 Samarbeid med foreldre. - Utvalget anbefaler at kommunen via helsestasjoner og andre intanser gir informasjon til foreldre om betydningen av å gå i barnehagen - Utvalget foreslår at tilbudet om foreldreveiledning utvides og styrkes - Utvalget foreslår at det opprettes en egen foreldreportal på internett - Utvalget foreslår å lovfeste kommunale foreldreutvalg for barnehagene - Utvalget foreslår at det lovfestes at kommunen skal ha en egen plan for foreldresamarbeid for barnehagene Vi støttar forslaget, då vi ser at dette vil gje foreldre auka informasjon om barnehage og styrke foreldra sin medverknad. Personalet i barnehage må få auke sin kompetanse i form av opplæring i foreldrerettleiing. Statlege kompetansemidlar må settast av til slik opplæring. I Flora kommune har vi kommunalt foreldreutval både for barnehage og skule, noko som vert opplevd positivt for alle partar. 12.4 Barnehagens innhold og oppgaver. 12.4.1 Målformuleringar i rammeplanen. - Utvalget foreslår at det i rammeplanen i tillegg til mål knyttet til fagområdene også settes mål for barnehagens arbeid med lek, omsorg og sosial kompetanse - Utvalget forslår at det i rammeplanen settes mål for hva det enkelte barn skal utvikle av basiskompetanse - Utvalget foreslå at det i rammeplanen legges føringar for at barnet selv også får sette mål for sin egen læring og utvikling Vi er einige i at det kan stillast meir krav til systematikk i barnehagetilbodet, og settast mål for barnehagen sitt arbeid med leik, omsorg, sosial kompetanse og basiskompetanse. JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 5 av 9

Vi er ueinige i at det skal leggast føringar for at barnet sjølv skal sette mål for eigen læring og utvikling. Dette ser vi på som urealistisk å gjennomføre, utover det å legge til rette for barn sin medverknad. 12.4.2 Fra plan til praksis. - Utvalget foreslår at det i rammeplanen må stilles tydeligere krav til årsplanarbeid i barnehagen - Utvalget foreslår at rammeplanen må bli tydeligere på kravet om progresjon i barns læring og utvikling - Utvalget foreslår at det i rammeplanen må stilles krav om likt fokus på formelle og uformelle læringssituasjoner i barnehagen Vi er einige i at det må stillast tydelegare krav til årsplanarbeidet i barnehagen, og at rammeplanen må bli tydelegare i kravet om progresjon i barns læring og utvikling. I like stor grad som å stille krav om likt fokus på formelle og uformelle læringssituasjonar i barnehagen, må ein sjå på dei tilsette sin kompetanse til å forstå og bruke det som skjer i dei uformelle situasjonane i ein fagleg kontekst (jf barnehageforsking som fortel oss at barn først og fremst lærer gjennom leik og uformelle læresituasjonar). Før vi startar diskusjonar om nye mål for nye situasjonar, bør vi bli einige om kva som ligg i omgrepet læring jf sitat s 101, Evalueringen av implementeringen av rammeplanen viste at både barna og førskolelærerne opplever sterkere fokusering på læring forstått som skoleforberedelse 2.4.3 Skoleforberedende aktiviteter. - Utvalget anbefaler at de skoleforberende aktivitetene legger hovedvekt på utvikling av barnas sosiale kompetanse, språk og andre former for kommunikasjon - Utvalget foreslår at det i rammeplanen må tydeliggjøres hva innholdet i de skoleforberedende aktivitetene skal være Vi støttar framlegget til utvalet. 12.4.4 Tilpasset tilbud og identifisering av barn med særlige behov. - Utvalget foreslår at alle barnehager må ta i bruk en tretrinnsmodell for mer systematisk identifisering av og oppfølging av barn med særlige behov - Utvalget foreslår at det utarbeides en veileder for barnehagene om arbeidet med barn med traumer Vi støttar framlegget om ein meir systematisk identifisering og oppfølging av barn med særlege behov. Dette samsvarer i stor grad med korleis Flora kommune jobbar med denne problemstillinga. Dei fleste kommunar har i dag plan for krisehandtering, som er meint å skulle handtere ulike krisesituasjonar som ein kjem ut for (både barn og vaksne). I staden for å utarbeide ny rettleiar for arbeidet med barn med traume, bør ein heller byggje på eksisterande planar som vert nytta i dag. 12.4.5 Særmerknad. (Fagerli, Mogstad, Ogden og Raundalen) JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 6 av 9

Når utvalget foreslår mål for hva det enkelte barn skal utvikle av basiskvalifikasjoner, mener vi det blir viktig at dette følges opp av en systematisk kartleggingsmetodikk. Formålet med å utvikle ein slik kartlegging er todelt. Først og fremst vil det øke mulighetene for å oppdage barn som har behov for særskilt oppfølging, dernest får vi grunnlag for å dokumentere i hvilken grad barnehagen når målene som er satt. Vi foreslår derfor at det blir foretatt kartlegging av femåringane våren før skolestart, og at informasjonen om resultatene av denne overføres til skolen som en del av det viktige arbeidet som pågår for å bedre overgangen mellom barnehage og skole Vi viser til arbeid som Utvalg for språkkartlegging i barnehagen gjennomfører, og avventar deira framlegg før vi tar stilling til spørsmål om kartlegging. 12.5 Personalet i barnehagen. - Utvalget foreslår at det innføres et varig system for etter- og videreutdanning for ansatte i barnehagesektoren - Utvalget foreslår at minst 50% av de ansatte i barnehagen må ha førskulelærerutdanning eller annen tilsvarende pedagogisk utdanning - Utvalget foreslår at muligheten til dispensasjon fra utdanningskravet må innskrenkes - Utvalget anbefaler at det vurderes å innføre et minimumskrav til formelle kvalifikasjoner hos assistenter i barnehagen - Utvalget foreslår at det igangsettes en egen kampanje for rekruttering til førskolelærerutdanningen - Utvalget foreslår at det igangsettes varig systematisk lederopplæring av styrere i barnehagene - Utvalget foreslår at førskolelærerutdanningen blir 4-årig - Utvalget anbefaler et betydelig lønnsløft for førskolelærere for å sikre kvalifisert personell i barnehagen og rekruttering til førskolelærerutdanningen - Utvalget foreslår at det lovfestes et krav om barnehagefaglig kompetanse i kommuneadministrasjonen Vi støttar desse framlegga, og vi forventar at gjennomføring av tiltak vert følgt opp med statlege midlar som i skulesektoren. 12.6 Samarbeid og sammenheng mellom barnehage og skole - Utvalget foreslår at de innføres en plikt til samarbeid mellom barnehage og skole i regelverk og planverk for både barnehage og grunnopplæringen - Utvalget foreslår at deler av innholdet i den statlige veilederen Fra eldst til yngst tas inn i forskriftene for både barnehageloven og opplæringsloven - Utvalget foreslår at kommunen pålegges å lage en overordnet plan for hvordan sammenheng mellom barnehage og skole skal sikres og overgangen skal bli best mulig for barna - Utvalget foreslår at det i grunnskolelærerutdanningen for 1.-5-trinn innføres en obligatorisk praksisperiode i barnehage - Utvalget anbefaler at det gis tilbud om hospitering i hverandres virksomheter for ansatte i barnehage og skole - Uvalget anbefaler at det gis tilbud om kompetanseutvikling til førskolelærere og grunnskolelærere vedrørende samarbeid mellom barnehage og skole JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 7 av 9

Vi støttar desse framlegga. I Flora kommune har vi utarbeidd eigen plan for overgang frå barnehage til skule, og ser at dette er viktig om ein skal få til eit betre og forpliktande samarbeid mellom barnehage og skule, til barnas beste. 12.7 Styring av sektoren og foreldrebetaling - Utvalget anbefaler at det sikres sterke nasjonale kvalitetskrav for barnehagene gjennom lov og forskrifter i tilknytning til innføring av rammefinansiering av sektoren - Utvalget foreslår at kommunenes tilsyn av barnehagene styrkes gjennom sterkere nasjonale føringar - Utvalget foreslår at det innføres sterkere statlig regulering av moderasjonsordninger for foreldrebetaling i barnehage Vi støttar framlegga om sterkare nasjonale føringar for kommunanes tilsyn og kvalitetskrav ved innføring av rammefinansiering av sektoren. Barnehagelova 15 om foreldrebetaling og forskrift om foreldrebetaling i barnehage regulerer i dag foreldrebetaling for barnehageplass og moderasjonsordningar. Ein sterkare statleg regulering av moderasjonsordningar for foreldrebetaling i barnehage, meiner vi vil vere i strid med ansvaret som kvar kommunen har i dag for å tilby ordningar for familiar med lavast betalingsevne. Dersom ein samstundes vurderer å innføre 20 timar gratis barnehagetilbod i veka, vil foreldrebetalinga uansett etterkvart bli ganske lav. 12.8 Kunnskap om barnehagens betydning - Utvalget foreslår at det igangsettes kontrollerte evalueringsstudier for å finne ut hvordan barnehager med ulikt kjennetegn påvirker barn av hvert kjønn og med ulike forutsetninger og kjennetegn. Dette gjelder særlig barns sosiale, emosjonelle, atferdsmessige og motorisk fungering, i tillegg til barns kognitive fungering og psykisk helse - Utvalget foreslår at det settes av midler til forskningoppfølging av offentlige tiltak for å dokumentere virkningene, og at det må etableres et forpliktende samarbeidsorgan for å følge opp dette - Utvalget anbefaler at forskningsevalueringer av offentlige tiltak bør kvalitetskontrolleres gjennom publisering av artikler i fagfellevurderte tidsskrifter, både nasjonale og internasjonale. Utvalget mener videre at denne forskningen i større grad må formidles til sektoren Vi støttar desse framlegga, og det er viktig at forskingsresultat vert publisert og vert formidla til sektoren. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Prenta/uprenta vedlegg: Nr T Dok.dato Til/Frå Tittel Vedlagt (x) 1 I 14.01.2010 Brenna-utvalget v/kunnskapsdeparteme ntet Foreldrehøring om pedagogisk tilbud til førskolebarn 13 U 24.02.2010 Brenna-utvalget v/kunnskapsdeparteme ntet; brennautvalget@kd.dep foreldrehøyring JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 8 av 9

.no, 12 I 22.03.2010 Annika Klocke Gjeld foreldrehøyring om 18 I 29.10.2010 Det kongelige kunnskapsdepartement pedagogisk tilbod til førskulebarn Høring - NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst. Innstilling fra utvalget som har sett på pedagogisk tilbud til førskolebarn JournalpostID: Floroe_kommune.doc Side 9 av 9