Det nytter Skuleinterne tiltak
2 Tiltak for auka gjennomføring I skuleåret 2012-13 var det til saman 28 skular som fekk tilskot til skuleinterne tiltak. 1161 elevar deltok i tilbodet. På dei fleste skulane var det tilbod om studiesenter eller studieverkstad. Svært mange hadde tilbod i fellesfaga norsk, matte, engelsk, medan nokre skular også hadde tilbod i kroppsøving. I tillegg har skulane mellom anna hatt tilbod om eksamenskurs, studieteknikk og intensivopplæring. Dei fleste skulane melde om god effekt på tiltaka; skulane seier mellom anna: Alle elever som deltok i mattetilbud bestod, ingen elever har fått stryk/iv og alle elever har fått karakter i alle fag. Ein viktig grunn til dette er dei dyktige og kompetente lærarane som driv tilboda. Dette er ofte lærarar som har gjennomgått Ny GIV-skolering og bruker denne metodikken i undervisninga. Sjølv om prosjektperioden for Ny GIV no er avslutta, er metodikken framleis viktig i innsatsen for å auke gjennomføringa i Hordaland. I denne brosjyren kan du lese litt om nokre av dei skuleinterne tiltaka som er gjort i fylket. Brosjyra ligg også på: www.hordaland.no/gjennomfoering
No tør eg ta sjansar 3 Malene Sande (t.v) er svært nøgd med oppfølginga frå Aina Helland på studiesenteret. Eg var møkka lei av skulen og hadde nok droppa ut om eg ikkje blei med i Ny GIV. Det trur mor mi også, seier Malene Sande (18). Hausten 2013 starta ho som tømrarlærling i firmaet Abora. Eg har dysleksi. Dette har gjort skulekvardagen tung i dei fleste fag. Til og med i matte, eit fag eg meistrer godt, kunne tekstoppgåver gjere at eg fall av i timane, seier Malene. Ny GIV har gjort at eg veit eg kan klare oppgåver eg ikkje trudde eg var i stand til tidlegare, seier Malene. Malene har alltid visst at ho ville bli tømrar. Ho var derfor svært glad då ho hausten 2011 kunne begynne på Bygg- og anleggsteknikk på Åsane vidaregåande skole. Her blei ho kjent med rådgjevar Aina Helland. Studiesenteret er Ny GIV-elevane sitt eige klasserom for undervising i fellesfag. To timar i veka kom Malene dit for å ha engelskundervising. Det beste er at folk får den hjelpa dei treng. Ettersom oppfølginga frå læraren skjer i mindre grupper tør ein å spørje dersom det er noko ein ikkje forstår. Miljøet i Ny GIV-gruppa er godt og ingen av elevane mister motet dersom det er noko dei ikkje skjønnar. No tør eg ta sjansar, sjølv om eg synest noko i utgangspunktet er vanskeleg, seier ho.
4 Følte meg fort som ein del av skulen På Osterøy vidaregåande skule legg dei mykje arbeid i å gje elev ane ein god skulestart. Aktivitetsdag, morosame samarbeidsøvingar og konkurransar er viktige ingrediensar for å lukkast, fortel lærarar og elevar på skulen. Vi prioriterer høgt å gi elevane ei trygg og god oppleving når dei møter skulen vår for første gong, fortel elevinspektør Synnøve Lid og rektor Magne Ottar Espelid. Elevane deltar på «oppstartseminar», ein aktivitetsdag og ein individuell oppstartsamtale med lærar. På oppstartseminaret skal elevane bli betre kjent med kvarandre, lage klassereglar, og finne ut korleis dei kan lage eit godt sosialt miljø. I den fyrste perioden arbeider elevane dessutan med tre ulike prosjekt eitt kurs i kildebruk, eitt kurs i studieteknikk og eitt om vurdering. Sandra Siglevik på TIP og Ørjan Kleppe på Studiespesialisering var begge nye elevar hausten 2013. I staden for å sitte i ring og ha ein klein presentasjonsrunde, blei vi utfordra til å løyse oppgåver saman i grupper. I slike oppgåver blir personane tydelegare. Dette gjer det lettare å bli kjent og ikkje minst kjekt å vere på skulen. Miljøet på skulen er fantastisk, seier
5 Sandra. Ho syntes det var ein tøff overgang å begynne på vidaregåande, mellom anna fordi ho tenkte mykje på om ho hadde valt rett. Derfor var opplegget til skulen genialt. Sjølv om ein er beskjeden, er det så å seie umogleg å ikkje bli kjent med folk, seier Sandra. Det var flott sommervær, bading og god stemning. Øvingane var bra fordi ein måtte samarbeide og tenke kreativt saman med dei andre elevane, og så vekker det konkurranseinstinktet. Eg følte med fort som ein del av skulen, seier Ørjan. Eg husker spesielt godt aktivitets dagen ved Husavatnet. Sandra Siglevik, Ørjan Kleppe, elevinspektør Synnøve Lid og rektor Magne Ottar Espelid.
6 Attraktivt tilbod i hjartet av skulen Hayat Issa Alharti, lærar Milena Malenovic og Izabela Kujawa trivst godt med arbeidsmetodane på studiesenteret. Her på Studiesenteret får eg hjelp med ein gong om eg treng det. Dessutan er det ein roleg stad med godt arbeidsmiljø. Dette gjer at eg lettare greier å konsentrere meg, seier Izabela Kujawa som går på VG2 frisør på Årstad videregående skole. Studiesenteret er eit frivillig tilbod for elevar som treng ekstra oppfølging i matte, norsk, engelsk eller kroppsøving. Elevane inngår ein forpliktande avtale som set krav til oppmøte, oppfølging og innsats. Eit kjerneelement ved ordninga er at ein kan melde seg av og på undervegs alt etter kor stort behovet er for hjelp. Fråfallsprosenten blant elevar på studiesenteret er mykje lågare enn blant elevar som følgjer vanleg klasseroms-undervisning, seier pedagogisk utviklingsleiar Arne Vines. Studiesenteret er eit synleg, attraktivt og tilgjengeleg tilbod.
7 Senteret har mellom anna tilbod for OT/PPT-elevar og minoritetsspråklege elevar. Lærar Milena Malenovic underviser i norsk for minoritetsspråklege elevar. Ho fortel at dei lagar individuelle strategiar for kvar elev: Mange slit med setnings strukturen. På studiesenteret er det mogleg å bruke meir tid på den enkelte elev. Studiesenteret er ein meiningsfylt stad å jobbe og eit godt supplement, seier Malenovic. Izabela Kujawa og Hayat Issa Alharti set stor pris på oppfølginga dei får: Eg fekk høyre om Studiesenteret av ein venn. Eg er svært glad for at eg blei med her, seier Izabella. Det er Hayat også: Eg kom hit fordi eg treng oppfølging i norsk. Det er trivelig her og lett å hjelp av lærarane, seier Hayat som er elev på VG1 Design og handverk.
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdi skaping, nærings utvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Opplæringsavdelinga Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 00 www.hordaland.no April 2014