Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd"

Transkript

1 Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs Opplæringsloven 9a-3,2ledd Godkjent av leiinga sep Revidert juni 2014

2 Føreord av rektor: Mobbing skjer dessverre på kvar einaste skule. Konsekvensane av å bli utsett for mobbing er sterkt belastande for den enkelte. Strand vidaregåande skule ønskjer å få det beste ut av den enkelte ved å skapa eit best mulig læringsmiljø for elevane, det inneber nulltoleranse for mobbing. Me vil ha som mål å jobba systematisk, målretta og førebyggjande mot mobbing. Denne planen vil vera eit reiskap til nettopp dette, å halda fokus på førebygging, ein vegleiar til kontinuerlig systematisk arbeid mot mobbing og ein vegleiar til konkrete tiltak når mobbesituasjonar oppstår. Leiinga sitt mål er at dokumentet skal vera eit nyttig reiskap for alle tilsette og elevar ved skulen. Erik Danielsen rektor 2

3 Innhald: FØREORD AV REKTOR:... 2 BAKGRUNN FOR PLANEN:... 4 KVA SEIER OPPLÆRINGSLOVA 9A-3?... 4 KVA ER MOBBING?... 4 KVAR SKJER MOBBINGA?... 4 DIGITAL MOBBING:... 5 NÅR MOBBING SKJER - KVA SKAL GJERAST?... 6 FØREBUANDE TILTAK - KVA KAN ME GJER FOR Å UNNGÅ MOBBING PÅ VÅR SKULE?.. 7 KONTINUITET:... 8 NYTTIGE NETTSTADER:... 8 SKJEMA TIL BRUK:... 8 REGISTRERINGSSKJEMA 1 - BROT PÅ 9A REGISTRERINGSSKJEMA 2 - BROT PÅ 9A VEDTAK OM TILTAK I FORHOLD TIL ELEVENS PSYKOSOSIALE MILJØ, JF. OPPLÆRINGSLOVENS 9A KVALITETSSIKRINGSSKJEMA - FORVALTNING AV 9A

4 Bakgrunn for planen: Kva seier opplæringslova 9a-3? Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogeleg, sjølv gripe direkte inn. Elevane har fått si eiga arbeidsmiljølov. 9a i Opplæringslova tar føre seg både det fysiske og det psykiske læringsmiljøet. Den er laga for at elevar og føresette kan seie frå dersom noko i skulemiljøet ikkje er tilfredsstillande. Skulemiljøet har stor betyding for elevane sin trivsel og deira læringsresultat. Strand vgs har nulltoleranse for mobbing. Me har derfor laga ein plan som bygger på opplæringslova og som seier kva me som skule kan gjera for å førebyggja mobbing og kva me skal gjera når mobbing skjer. Kva er mobbing? Ein person blir mobba når han eller ho, gjentekne gonger og over tid, blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Det er ei negativ eller aggressiv handling når nokon med vilje påfører ein annan person skade eller smerte, ved fysisk kontakt, ved ord eller på andre måtar. Mobbing er kjenneteikna med 3 kriterium: 1. Det dreier seg om ei aggressiv eller vondsinna åtferd 2. som gjentar seg over ei viss tid 3. i ein mellommenneskeleg relasjon prega av ein viss ubalanse i makt- og styrkeforholdet. (Henta frå Veileder til opplæringsloven kapittel 9a-elevenes skolemiljø ) Kvar skjer mobbinga? Det hevdes iblant at det meste av mobbingen blant elever foregår på skoleveien og ikke på skolen. Tvert imot viser forskningen vi viser til her at to til tre ganger så mange elever blir mobbet på skolen sammenlignet med på skoleveien (1). Omtrent prosent av mobbingen skjer i friminuttene: på skolegården, i korridorene eller på mer bortgjemte steder. Den kan også foregå i timene hvis læreren ikke er oppmerksom og slår ned på tendenser til mobbing. Skolen er altså uten tvil det stedet der det meste av mobbingen foregår. Dette legger et spesielt ansvar på skolens ledelse og på lærerne. (frå Det er med andre ord viktig at lærarar og andre tilsette på Strand vgs er tilstades der elevane er. Me ønskjer å ha eit godt elev-lærar forhold og eit godt elev-elev forhold. Med synlege lærarar og lærarar som bry seg, blir det eit 4

5 tryggara skulemiljø for alle. Men lærarar kan ikkje vera alle stader på ein gong, dei kan heller ikkje alltid kontrollera kva som skjer på nettet. Det er difor viktig å læra elevane opp til å ta vare på kvarandre, og seia i frå når noko er galt. Det er også viktig å læra seg å bruka den digitale verda på ein god måte. Digital mobbing: Digital mobbing er mobbing som føregår via mobiltelefon eller Internett (sitat Mobbeplan på Holviga skole) Døme: Ein elev sender krenkande SMS ar til ein annan elev. Ein elev tar lydopptak eller fotograferer ein medelev eller lærar utan deira samtykke. Ein elev skriv noko om ein annan elev (eller lærar) på ei Internett side, forum, eller blogg. Ein elev legg ut bilete av ein medelev eller lærer utan deira samtykke. Ein elev sender ein eller fleire mobbe e-poster /chatte-meldingar til ein annan elev eller lærar. Enkelte lager websider der de publiserer bilder eller video de selv har laget eller mottatt som viser et offer i en situasjon som kan være svært nedverdigende, eller oppretter grupper av typen 'Vi som hater Liv' på nettsamfunn som for eksempel Facebook. (sitat: Dette er berre døme, det fins fleire former for digital mobbing. Strand vgs vil vera i forkant når det gjeld bruk av teknologi i skulen. Skulen har hatt fleire lærarar på kurs i Nettvett. Målet er at alle elevar skal læra korleis ein brukar Internett på ein god måte, jf Strand vgs sin IKT-plan. Dette inneber at elevane må læra at det også fins reglar for åtferd i cyberspace. Elektronisk kommunikasjon (t.d. SMS, chat og e-post) gjer det enklare å seia ting ein kanskje ikkje ville ha sagt ansikt-til-ansikt. På ei anna side blir det enklare for skulen å dokumentera at mobbinga faktisk har skjedd. (Henta frå mobbeplan på Holviga skole) Tips og råd om trygg bruk av internett og mobil: ver mot andre på nettet som du vil at dei skal vera mot deg Vern om namnet ditt, bruk kallenamn Gi aldri ut passordet ditt Spør om lov før du legg ut opplysningar eller bilete av andre (frå 5

6 Når mobbing skjer - kva skal gjerast? Skulen praktiserer nulltoleranse. Med det forstår me følgjande: 1. Blir det oppdaga mobbing i klassen/skulen mot ein elev, har den som oppdagar dette ansvar for å gjennomføra følgjande: a. Gripa inn og stoppa handlingane b. Dokumentasjon: Fylle ut registreringsskjema for Brot på 9a-3. i. Skjemaet ligger tilgjengelig på Its-learning (Strand-info) eller i ekspedisjonen. ii. Notera ned namn på alle involverte. Informera kontaktlærar og avdelingsleiar/rektor. c. Handlingsforslag: i. Mobboffer: 1. Kontaktlærar og rektor/avd.leiar har møte med eleven som vart mobba. 2. Rektor/avd.leiar ringjer heim til foreldre/føresette og orienterer kort om hendinga som har skjedd i dag. Dei avtalar vidare oppfølging. ii. Plagar/mobbar: 1. Blir henta ut av klassen, til eit møte med rektor/avd.leiar og kontaktlærar. I møte blir plagaren konfrontert med hendinga (ut frå dokumentasjon). Han/ho får beskjed om at mobbinga må stoppe umiddelbart, at rektor er orientert i saka og at rektor/avd.leiar ringjer heim til foreldre/føresette etter møtet. 2. Varsle kva tiltak som er aktuelle a. Møte med rektor (som vil vurdera å melda saka til politiet) b. Få merknader eller nedsett karakter i åtferd c. Kan bli vist bort frå skulen resten av dagen d. Kan bli nøydd til å byta skule (om mobbinga fortset) iii. Gruppa av plagarar 1. Blir henta ut av klassen, ein og ein, til eit møte, jf punktet over. 2. Varsla kva tiltak som er aktuelle a. Møte med rektor (som vil vurdere å melda saka til politiet) b. Få merknader eller nedsett karakter i åtferd c. Kan bli vist bort frå skulen resten av dagen d. Kan bli nøydd til å byta skule (om mobbinga fortset) 6

7 iv. Plagarane sine foreldre - Individuelt eller samla 1. Avd.leiar informerer kort på telefon og kallar inn til møte som avd.leiar/rektor er med på. Innkallinga skal skriftleggjerast. 2. På møtet: tar opp saka og viser dokumentasjon som er gjort. Orienterer om kva tiltak som er aktuelle for i samarbeid med føresette å få slutt på mobbinga. v. Det skal fattast enkeltvedtak og førast referat frå alle møter og desse skal bli underteikna av dei involverte partar. Referata skal leverast til avdelingsleiar som legg dei i ESA (arkiv). Førebuande tiltak - kva kan me gjera for å unngå mobbing på vår skule? Ein føresetnad for god læring er at elevane kjenner seg trygge og trivs på skulen. Vårt mål er derfor å sikra ein god skulestart for alle elevane. Me legg vinn på at elevar og lærar vert godt kjende med kvarandre i starten av skuleåret. Nokre klassar reiser på overnattingsturar, andre har ulike aktivitetar saman i skuletida. Me legg også vinn på god klasseleiing. Lærarane er tydelege i kva dei forventar av kvar elev, både fagleg og sosialt. Klassen skal vera ein trygg stad for alle elevane. Det blir slått hardt ned på åtferd som kan såra andre. Samtidig som ein er ein tydeleg lærar skal ein også ha god relasjon til elevane. Dette er område som både lærarane og leiinga på Strand vgs har hatt fokus på dei siste skuleåra. I tillegg, kjører vi ulike opplegg (ofte i samarbeid med elevrådet) med fokus på trivsel og tryggleik for elevane. «Psykisk helse»: Dette er eit undervisningsopplegg som elevane på vg1 deltek på. Me har som mål å gi ungdom informasjon om psykiske problem og lidingar. Elevane har ulike haldningar til psykiske problem. Mange ser på dette som noko mystisk og skremmande. Dei veit ikkje kor vanleg det er å slita med psykiske problem. Å få informasjon om dette temaet, er derfor viktig. Elevar som tidleg lærer seg kjenneteikn på ulike psykiske utfordringar, og har fått informasjon om kvar ein kan få hjelp, har større sjanse for å få det bra og lukkast både sosialt og fagleg på skulen. Nettvett : Ha ei innføring i korleis me opptrer når me er på Internett, jf kapitlet om digital mobbing lengre framme i denne planen. 7

8 Foreldresamarbeid: Skulen har kvar haust foreldremøte for alle foreldre/føresette til elevar på vg1 og vg2. Her går me gjennom kva mål/visjon skulen arbeider mot, og kva rettar og plikter elevane har. For oss er det viktig at relasjonen mellom lærar og den einskilde elev sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Foreldra er ofte dei som først høyrer/ser at ungdommen deira ikkje har det bra. Då er det viktig at skulen får beskjed om dette og kan ta saka opp med eleven. Ved terminskifte vert foreldra også kalla inn til elevsamtale saman med eleven. Her er det fagleg utvikling, karriereval og trivsel som står i fokus. Andre tiltak: Mobbeplanen blir gått gjennom i kvar klasse i byrjinga av skuleåret Tydelege klassereglar Årlege undersøkingar om mobbing (Elevundersøkelsen) Mobbing som tema i elevsamtalar gjennom skuleåret Kontinuitet: Skulen sitt arbeid med å førebyggja, avdekkja og stoppa mobbing går føre seg kontinuerleg. Rektor tar mobbing som tema fram på fellesmøta, slik at personalet på skulen held dette varmt og vil reagera dersom dei ser noko som kan minna om mobbing/krenking. Kvart år gjennomfører me elevundersøkinga, der elevane skal svara på om dei har blitt mobba eller sjølve har vore med på å mobba. Resultata av denne undersøkinga blir teke opp på både fellesmøte for heile personalet, og på kvar avdeling på skulen. Elevsamtalane gjennom året er også ein arena der ein kan avdekkje eventuell mobbing. Elevråd og skulemiljøutval er også med i prosessen om å evaluera denne planen. Sjå elles førebyggande tiltak over. Handlingsplan mot mobbing skal reviderast kvar vår, av leiinga på skulen. På den måten kan denne planen verta eit nyttig verktøy i arbeidet med å førebyggja, avdekkja og stoppa mobbing. Nyttige nettstader: Skjema til bruk: 8

9 Unntatt offentligheit, jf offentlighetslova 13 Dokumentet skal oppbevarast i ESA Registreringsskjema 1 - Brot på 9a-3 Dato: Elev som har blitt utsett for mobbing/krenkande ord/handlingar, jf 9a-3 Namn: Klasse: Mobbing/krenking er observert av: Melding om mobbing/krenking er gitt av: Melding om mobbing/krenking er motteken av: Kva har skjedd, skriv her: Meldar Kontaktlærar Rektor Kopi: til kontaktlærar til foreldre 9

10 Unntatt offentligheit, jf offentlighetslova 13 Dokumentet skal oppbevarast i ESA Registreringsskjema 2 - Brot på 9a-3 Dato: Elev som har utøvd mobbing/krenkande ord/handlingar, jf 9a-3 Namn: Klasse: Mobbing/krenking er observert av: Melding om mobbing/krenking er gitt av: Melding om mobbing/krenking er motteken av: Kva har skjedd, skriv her: Meldar Kontaktlærar Rektor Kopi: til kontaktlærar til foreldre 10

11 Unntatt offentligheit, jf. offentlighetslovens 13a Vedtaket skrives på skulens brevark. Tau, dato Foreldres namn og adresse: VEDTAK OM TILTAK I FORHOLD TIL ELEVENS PSYKOSOSIALE MILJØ, JF. OPPLÆRINGSLOVENS 9A-3 Elevens namn: Født: Klasse/gruppe/årstrinn: Skuleår: Viser til møtet/dykkar brev av dato, kor det kjem fram at Opplæringslovens 9a-3, 3. ledd slår fast at: Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Skulen har undersøkt saka på bakgrunn av nemnte møte/brev og Strand vgs fattar med dette følgjande vedtak: Tiltak, varighet, samt ansvarlig for oppfølging: (Kva, korleis, kven og når, samt PPT si rolle) Strand vgs ønskjer å ha ein fortløpande dialog med deg/dykk om korleis elevane sin skulesituasjon utviklar seg i forhold til dei/det tiltak som er sette i verk. Tiltak i forhold til eleven sitt psykososiale miljø er et enkeltvedtak jf. forvaltningslova 2. Vedtaket kan klagast på, med ein klagefrist på tre veker rekna frå det tidspunkt du/de har motteke dette brevet, jf. forvaltningslovens 28 og 29. Ein eventuell klage må vere skriftlig og grunna, og den skal sendast til skulen. Endeleg klageinstans er Fylkesmannen i Rogaland. Du/de har, med visse unntak, høve til å sjå dokumenter i saka, jf. forvaltningslovens 18 og 19. Strand vgs vil opplyse om at dei føreliggande dokumenta i saka allereie er kjende og tilgjengelege for deg/dykk. Vi viser samtidig til forvaltningslova 12, som mellom anna slår fast at ein part har rett til å få hjelp av advokat eller annan fullmektig på alle trinn av saksbehandlinga. Med helsing Rektor 11

12 Unntatt offentlighet, jf. offentlighetslovens 13a KVALITETSSIKRINGSSKJEMA - FORVALTNING AV 9A-3 Eleven sitt namn: Klasse/gruppe: Tiltak Utført dato: Ikkje relevant: Registreringsskjema er fylt ut og underteikna. Kontaktlærar har fått kopi av registreringsskjema. Det er gjennomført samtale(r) med elev som har vore utsett for mobbing/krenkande ord eller handlingar og det er skrive referat frå samtalen(e). Referata skal bli lagt inn i ESA (arkiv) Det er gjennomført samtale(r) med elev/elevar som har utført mobbing/krenkande ord eller handlingar og det er skrive referat frå samtalen(e). Referata skal bli lagt inn i ESA (arkiv) Det er gjennomført samtalar med foreldra til begge parter og det er skrive referat frå samtalane. Referata skal bli lagt inn i ESA (arkiv) PPT er ev. kontakta og har gitt ei skriftleg sakkyndig vurdering til saka. Det er innhenta tilstrekkelege opplysningar om bakgrunn for handlingane til at vedtak kan fattast. Opplysningane er loggført. Rektor har fatta enkeltvedtak og sendt det til foreldra. Ev. vedtak om reaksjonar retta mot elev/elevar som har utført mobbing/krenkande ord eller handlingar er i samsvar med skulen sitt ordensreglement og eleven og foreldre har fått skriftlig melding om vedtak. Kontaktlærar, sosiallærar og andre aktuelle i personalet ved skulen er orientert om vedtaket. Skulen har motteke skriftleg svar frå foreldre på vedtak. Ved ei ev. klage på vedtaket Klagen har kome til skulen innan fristen, jf. forvaltningslova 28 og 29. Klagen er skriftleg. Skulen har gjort ei ny vurdering av saka og PPT er involvert i vurderinga. Foreldra har motteke foreløpig svar på klagen. Dersom klagen blir teken til følgje: Det er fatta nytt vedtak som er sendt foreldra til den/dei involverte. Dersom klagen ikkje blir teken til følgje: All skriftleg dokumentasjon i saka er sendt til Fylkesmannen saman med klagen. NB! All dokumentasjon i saka skal oppbevarast i ESA og vere unntatt offentligheit, jf. offentlighetslovens 13a. Eventuelle andre opplysningar blir påført på baksida av arket. Dato Rektors underskrift 12

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs Opplæringsloven 9a-3,2ledd Godkjent av leiinga 30. Oktober 2017 Føreord av rektor: Mobbing og krenking skjer dessverre på kvar einaste skule. Konsekvensane av å

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen skal ved førebyggjande tiltak forhindre at elevar blir utsett for mobbing. Skulen sine rutinar skal avdekkje om mobbing føregår Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utdrag frå Opplæringslova: Kapittel 9a. Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt

Detaljer

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Opplæringslova 9a-3 første ledd, seier følgjande: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING TILTAKSPLAN MOT MOBBING GALLEBERG SKOLE En person er mobbet eller plaget når han eller hun, gjentatte ganger, og over en viss tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere andre personer.

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INDRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE 1 FORORD Alle barn har rett til skulegang, og dei har rett til å eit godt og trygt skulemiljø, fritt for mobbing og krenkjande handlingar. Frå våren

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A Ostereidet barneskule 1 INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på Ostereidet barneskule s.3 Samanheng med Lindås kommune sin

Detaljer

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø Lærdal kommune Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø 1 Lærdal kommune Innhald Opplæringslova, kapittel 9a 1. Innhald Side 3 1.1 Heimel og virkeområde 3 1.2 Lovparagrafane 3 1.3 Formål 4 2. Omgrepsavklaringar

Detaljer

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor. VISJON Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. Partar: Rektor Elevråd FAU HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-17 Samarbeidsutvalet Mål Alle elevar skal oppleve eit trygt

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne Handlingsplan mot mobbing Grunnskolen i Søgne Vedtatt i rektormøte 26.juni 2012 Innholdsfortegnelse 1.0 Innledning... 3 1.1 Opplæringsloven kapittel 9a... 3 1.2 Forankring... 3 1.3 Definisjon av mobbing...

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. For utfyllande informasjon sjå Rundskriv Udir-2-2010 og Udir: Elevenes skolemiljø Formål: Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1. HMS PLAN Det er utarbeida ein eigen plan for helse, miljø og tryggleik som skal vere med å sikre alle

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR Ogna skule 2018 2021 Innleiing Kapittel 9 A i opplæringslova skal bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen, slik at elevane trivs og kan læra best

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø Kapitlet føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing. Sandnes videregående skole

Handlingsplan mot mobbing. Sandnes videregående skole Handlingsplan mot mobbing Sandnes videregående skole 1 Forord av rektor Sandnes videregående skole har vedtatt en Pedagogisk Profil hvor det i en av målformuleringen heter: «Elever, lærere og ledelse viser

Detaljer

Åsveien skole og ressurssenter TRONDHEIM KOMMUNE. april 2010. Lokal læreplan MOT MOBBING. Åsveien skole glad og nysgjerrig

Åsveien skole og ressurssenter TRONDHEIM KOMMUNE. april 2010. Lokal læreplan MOT MOBBING. Åsveien skole glad og nysgjerrig Åsveien skole og ressurssenter TRONDHEIM KOMMUNE april 2010 Lokal læreplan MOT MOBBING Åsveien skole glad og nysgjerrig Vedtatt i Brukerråd 05.05.09 Justert april 2010 Grunnskolelovens 9a-3 Skolen skal

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utarbeidet av skolen i samarbeid med elevrådet, foreldrenes arbeidsutvalg (FAU) og samarbeidsutvalget (SU) høsten 2007 HANDLINGSPLAN FOR Å FOREBYGGE, OPPDAGE OG STOPPE MOBBING

Detaljer

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE 2014 2 Forord Brønnerud skole - en ZERO skole. Det betyr at elever, foresatte og ansatte ved skolen har nulltoleranse for mobbing. Ingen skal tåle å

Detaljer

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging Side 1 av 5 1.0 Mål Målet med denne retningslinja er å kvalitetssikre korleis den enkelte skole skal førebygge og handtere vald og trusselhandlingar som elevar utøvar mot tilsette på skolane. 2.0 Omfang

Detaljer

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø 17.04.13 1 Formål Opplæringsloven Kapittel 9a omhandler elevenes skolemiljø. 9a-1 Alle elevar i grunnskolar og videregåande skolar har

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I VINDAFJORDSKULANE Utgåve oktober 2010 (tilrådd i samla rektormøte vedteke av rådmann) Lokalt tilpassa Sandeid skule pkt 4 (vedtatt i Skulemiljøutvalet 17.11.10) FØREORD Det

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Handlingsplan for et trygt, godt og inkluderende miljø

Handlingsplan for et trygt, godt og inkluderende miljø Oslo kommune Utdanningsetaten Skøyenåsen skole Revidert 15.02.17 splan for et trygt, godt og inkluderende miljø MÅL: Antall elever på Skøyenåsen skole som uttrykker at de blir mobbet 2-3 ganger i måneden

Detaljer

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. 2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen

Detaljer

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole Elevene ved Bergen Katedralskole skal ikke utsettes for mobbing eller annen krenkende atferd. Ifølge Opplæringslovens 9a-1 har elevene krav på eit

Detaljer

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Innhald 1. Formål 2. Innleiing 3. Opplæringslova 9a 4. Definisjonar 5. Førebygging 6. Avdekking av negativ åtferd 7.

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-2019 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Bø skule, Høyland skule, Motland skule, Nærbø ungdomsskule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INNHALD Alle barn og unge har rett til eit arbeidsmiljø utan mobbing... 3 Kva er

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Godkjent av driftsstyret 3.6.2013. Handlingsplan mot mobbing

Godkjent av driftsstyret 3.6.2013. Handlingsplan mot mobbing Godkjent av driftsstyret 3.6.2013 Handlingsplan mot mobbing Skoleåret 2013-2017 Innledning Mål: Alle elever skal oppleve et trygt og godt klasse- og skolemiljø uten mobbing Elever som føler seg mobbet

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Velkommen til Dalane vg. skole! Gjennom fleire år har vi ved skulen hatt følgjande motto: Vi bryr oss eller Me bryr okke. Det betyr at du som elev skal vita at vi vil gjera det

Detaljer

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret

Detaljer

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Lindesnesskolen skoleåret 2012/2013 0 Innholdsfortegnelse 1. Formål... 2 2. Definisjoner på krenkende adferd og handlinger... 3 3. Forebyggende og holdningsskapende

Detaljer

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om

Detaljer

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Lyngdalsskolen

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Lyngdalsskolen Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Lyngdalsskolen Des. 2013. 1 Innhold Plan for elevenes psykososiale skolemiljø... 1 Lyngdalsskolen... 1 1. Formål... 3 4. Avdekking... 5 5. Håndtering... 6 6. Kontinuerlig,

Detaljer

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole Arbeid med det psykososiale miljøet Byåsen skole Forord Et godt psykososialt miljø og et godt læringsmiljø forebygger mobbing. Vi på Byåsen skole arbeider systematisk og kontinuerlig med å kunne tilby

Detaljer

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) GRUNNLEGGJANDE DEFINISJON AV MOBBING. Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger og over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule Bakgrunn/Lovgrunnlag april 2012, justert 26.06.15 og 21.08.17 Retten til eit trygt og godt skulemiljø etter opplæringslova 9a 1, gjeld for alle elevar på barnetrinn,

Detaljer

ALLE MED! TRIVSELSPLAN OG HANDLINGSPLAN FOR BRUDD PÅ 9a-3. Alle barn skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø!

ALLE MED! TRIVSELSPLAN OG HANDLINGSPLAN FOR BRUDD PÅ 9a-3. Alle barn skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø! ALLE MED! TRIVSELSPLAN OG HANDLINGSPLAN FOR BRUDD PÅ 9a-3 Alle barn skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø! Opplæringslova 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

Handlingsplan mot Mobbing

Handlingsplan mot Mobbing Handlingsplan mot Mobbing Skolens handlingsplan mot mobbing er utarbeidet med utgangspunkt og i tråd med Elev- og lærlingobudets rapport: Forebygging, avdekking og handling i arbeidet med det psykososiale

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Aronsløkka skole Roligheten 3, 3029 Drammen Roligheten 3, 3029 Drammen HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Aronsløkka skole Opplæringsloven 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide

Detaljer

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd Vedtatt av kommunestyret i Holmestrand 13.6.2018 Gyldighetsområde og varighet Denne planen har overordnet gyldighet for samtlige kommunale skoler

Detaljer

Mobbeplan for Holviga skole

Mobbeplan for Holviga skole Mobbeplan for Holviga skole (rev. 2006) Bilde: ZERO program, UIS Denne planen er en del av et overordnet mål ved Holviga skole: At ALLE elever ved Holviga skole skal trives der, og ønske å gå på skole

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD Aronsløkka skole Roligheten 3, 3029 Drammen Roligheten 3, 3029 Drammen HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD Aronsløkka skole Opplæringsloven 9a-1 og 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal

Detaljer

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen Opplæringsloven Kapittel 9a Første avsnitt; Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til

Detaljer

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE 2014 2 Forord Brønnerud skole - en ZERO skole. Det betyr at elever, foresatte og ansatte ved skolen har nulltoleranse for mobbing. Ingen skal tåle å

Detaljer

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. «Voksne som jobber i skolen har et særskilt ansvar for å sørge for at elever har et trygt skolemiljø» Fra innst.302 L(2016-2017) Målet med planen er å ivareta

Detaljer

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel

Detaljer

Forord --------------------------------------------------------------------

Forord -------------------------------------------------------------------- BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER 9A OPPVEKSTSENTERETS HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Forord Side 2 1. Kva er mobbing Side 3 2. Oppvekstsenterets arbeid for eit trygt barnehage og skulemiljø Side 5 3. Avdekking av

Detaljer

Elevane sitt skulemiljø. Kapittel 9a i opplæringslova

Elevane sitt skulemiljø. Kapittel 9a i opplæringslova Elevane sitt skulemiljø Kapittel 9a i opplæringslova Opplæringslova: Det fullstendige namnet er «Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (grunnskolelova)». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/all/

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Plan for å sikre elevene i Lenvik kommune et godt psykososialt miljø

Plan for å sikre elevene i Lenvik kommune et godt psykososialt miljø Plan for å sikre elevene i Lenvik kommune et godt psykososialt miljø Alle elever i grunnskolene har rett til et godt psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Gjelder fra: 01.08.2014 Gjelder

Detaljer

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo 9a 09.02.16 1. Formål Opplæringslova Kapittel 9a tar for seg elevane sitt skulemiljø. 9a-1 Alle elevar i grunnskolar og

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6 1 FØREORD Mobbing er definert som: Psykisk og/eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager og episodene

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT PSYKOSOSIALT MILJØ OPPLÆRINGSLOVEN 9a-3

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT PSYKOSOSIALT MILJØ OPPLÆRINGSLOVEN 9a-3 HANDLINGSPLAN FOR ET GODT PSYKOSOSIALT MILJØ OPPLÆRINGSLOVEN 9a-3 EIKELI VIDEREGÅENDE SKOLE Skoleåret 2011-2012 Innholdsfortegnelse Handlingsplanen del 1 1a) Det rettslige grunnlaget 1b) Skolens visjoner

Detaljer

VESTFOLD FYLKESKOMMUNE SANDEFJORD VIDEREGÅENDE SKOLE

VESTFOLD FYLKESKOMMUNE SANDEFJORD VIDEREGÅENDE SKOLE INNHOLD VÅR SKOLE... 3 MOBBING... 3 OPPLÆRINGSLOVEN... 3 FOREBYGGENDE ARBEID VED KONTAKTLÆRER... 3 PROSEDYRE VED MOBBING AV ELEV ELLER ANSATTE... 4 FOR AVDELINGSLEDER: PLAN FOR VEIEN VIDERE... 4 ENKELTVEDTAK

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne Handlingsplan mot mobbing Grunnskolen i Søgne Vedtatt i rektormøte 26.juni 2012 i Innholdsfortegnelse 1.0 Innledning... 1 1.1 Opplæringsloven kapittel 9a... 1 1.2 Forankring... 1 1.3 Definisjon av mobbing...

Detaljer

Opplæringsloven noen sentrale bestemmelser

Opplæringsloven noen sentrale bestemmelser Opplæringsloven noen sentrale bestemmelser Samarbeidsutvalgene i Sandnes 5.oktober 2011 Opplæringsloven 16 kapittel Regulerer på avgjørende måte handlingsrommet til den enkelte skole Tilgjengelig på www.lovdata.no

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1.0 Plan for å sikre elevane eit godt og trygt miljø Opplæringslova kap. 9A handlar om elevane sitt skulemiljø.

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

9A- 3 TREDJE LEDD. Privatskolesamling

9A- 3 TREDJE LEDD. Privatskolesamling 9A- 3 TREDJE LEDD Privatskolesamling 07.03.2013 1 9a-3 2.ledd 3.ledd Skolen oppdager krenkande åtferd. Elev eller foreldre ber om tiltak mot krenkande åtferd. Skolen sett i verk tiltak for å hindre krenkande

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I VINDAFJORDSKULANE Utgåve oktober 2010 (tilrådd i samla rektormøte vedteke av rådmann) FØREORD Det er nulltoleranse når det gjeld mobbing i Vindafjordskulane. Denne planen skal

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. HELLAND SKULE Plan for trivsel ved Helland skule VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. Godkjent av SU 30.11.11 1 Innhald. Side

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skolene i Målselv kommune skal ved forbyggende tiltak forhindre at elever blir utsatt for mobbing. Skolene i Målselv kommune skole skal ha rutiner for å avdekke mobbing, og elever

Detaljer

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing Handlingsplan mot mobbing Hundvåg bydel 2015-2020 Handlingsplan mot mobbing Ifølge 9A i opplæringsloven har alle elever i grunnskoler og videregående skoler rett til et godt fysisk og psykososialt miljø

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Velkommen til foreldremøte trinn høst Vesterskaun skole

Velkommen til foreldremøte trinn høst Vesterskaun skole Velkommen til foreldremøte 1. 4. trinn høst 2016 Vesterskaun skole Agenda Velkommen Info fra rektor Hvordan bidra til et positivt klassemiljø Hvordan følge opp lekser/ barnets læring Info fra FAU Klassevis

Detaljer

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling ELEVENES LÆRINGSMILJØ Skolens ansvar og elevenes rettigheter August 2018 Forord: Kapittel 9A i opplæringsloven tar for seg elevenes læringsmiljø. Kapittelet presiserer

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole

Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole HANDLINGSPLAN 9A Rutinebeskrivelse for arbeid med elevenes psykososiale miljø Innhold: 1. Forord 2. Opplæringslovens 9-a 3 3. Begrepsavklaring definisjoner -

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Horpestad skule Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller

Detaljer

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( ) Nytt kap 9A opplæringslova Prop 57 L (2016-2017) Nye reglar om skulemiljø Bakgrunn: Djupedalutvalget (NOU 2015:2) Høyring av nytt kapittel 9 A i april 2016 Proposisjon lagt fram for Stortinget 17. feb.

Detaljer

Skolens visjon: Med arbeidsglede mot nye mål

Skolens visjon: Med arbeidsglede mot nye mål Skolens visjon: Med arbeidsglede mot nye mål Mål: Vi vil arbeide for en skole som - setter eleven i sentrum - gjennom faglig utvikling, samarbeid og variasjon skaper et godt læringsmiljø - lar eleven oppleve

Detaljer

PLAN FOR Å SIKRE ET GODT PSYKOSOSIAL LÆRINGSMILJØ PÅ ÅSTVEIT SKOLE

PLAN FOR Å SIKRE ET GODT PSYKOSOSIAL LÆRINGSMILJØ PÅ ÅSTVEIT SKOLE PLAN FOR Å SIKRE ET GODT PSYKOSOSIAL LÆRINGSMILJØ PÅ ÅSTVEIT SKOLE På Åstveit skole er vi opptatt av trygghet, trivsel og tilhørighet. Formål Åstveit skole forplikter seg til å arbeide for at våre elever

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule INNLEIING Alle elevar ved Stord vidaregåande skule skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Arbeidet

Detaljer

Østre Toten kommune MOBBEPLAN. Prosedyre vedrørende 9a-3

Østre Toten kommune MOBBEPLAN. Prosedyre vedrørende 9a-3 Østre Toten kommune MOBBEPLAN Prosedyre vedrørende 9a-3 1 Innhold 1. Prosedyrer vedrørende 9a-3. 3 2. Prosedyre for behandling av henstilling om mobbing i henhold til Opplæringslovens 9a-3..4 a. Enkeltvedtak.6

Detaljer

Velkommen til foreldremøte trinn vår Vesterskaun skole

Velkommen til foreldremøte trinn vår Vesterskaun skole Velkommen til foreldremøte 5. 7. trinn vår 2016 Vesterskaun skole Agenda Velkommen Året så langt og litt videre 9a-3 Retten til et godt psykososialt miljø Mobilbruk/ nettvett for barn på mellomtrinnet

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing SVGS

Handlingsplan mot mobbing SVGS Handlingsplan mot mobbing SVGS Fagområde Elevenes skolemiljø; HMS Dokumenttittel Handlingsplan mot mobbing SVGS Målgruppe Sandefjord vgs Utgiver Godkjent dato Godkjent av 360 referanse Sandefjord vgs.

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING OG DISKRIMINERING. Slåtthaug skole

TILTAKSPLAN MOT MOBBING OG DISKRIMINERING. Slåtthaug skole TILTAKSPLAN MOT MOBBING OG DISKRIMINERING Slåtthaug skole Kunnskapsdepartementet har gitt ut en veileder som beskriver hva skolen forplikter seg til for å sikre elevene et godt arbeidsmiljø. I denne sammenhengen

Detaljer