PROTOKOLL Formannskapet Møtedato: 26.08.2014 Møtetid: Kl. 13:00 14:10 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 039/14-042/14 Brattvåg Medlemmer: H- Bjørn Sandnes KRF- Åge Vikestrand FRP- Svein Harsjøen --- Bente Åkre Rogne H- Ewa Hildre SP- Vebjørn Krogsæter H- Rolf Longva UAVH- Astrid Ahrens Varamedlemmer: SP- Guttorm Kjerstad Forfall: AP- Trond Seth Møteleiar: Ordførar Bjørn Sandnes Frå adm. møtte: Rådmann Turid Hanken, utvalssekretær Elin A. Moen, stabsleiar Per Langnes. Utlevert i møtet: Hefte frå Helsedirektoratet - God rusforebygging 2013. Orientering og diverse saker: Sp.mål/interpell.: Diverse: Det vart i byrjinga av møtet gitt ei orientering om prosjekt kreftkoordinator og lindrande behandling av Oddhild Rogne og Torill Flem frå pleie- og omsorgstenesta i kommunen. Ordføraren orienterte om at 23. september skal formannskapet ha møte med fylkesmannen, og den 25. september er formannskapet er invitert til å delta på Arena Sunnmøre vedk. kommunereforma. Det var ikkje innkome skriftlege spørsmål til møtet. Innkallinga har vore kunngjort, og medlemmene har fått innkalling pr e-post for nedlastning til lesebrett. Det kom ikkje fram merknader til innkalling eller sakliste.
Diverse saker: Ordførar Bjørn Sandnes orienterte om følgjande saker: Stiftelsen Haram innovasjonsstudio vert lagt ned. Formannskapet hadde ingen merknader til dette. Nytt forum er danna med namnet Haram næring og innovasjonsforum. Når det gjeld RDA midlar opplyste ordføraren om at kr 890.000 av avkastninga av dette fondet vert overført til næringsfondet i Haram. Bakgrunnen for dette er dei fylkeskommunale vedtaka knytt til RDA-midlar og næringsfond. Formannskapet godkjente dette. Møtet vart lukka med heimel i kommunelova 31 nr 5 (forretningsmessige forhold). Formannskapet hadde ikkje merknader til at ordførar og rådmann gjekk i forhandlingar vedk. ein eigedom i kommunen. Ordføraren opplyste at det var kome ein søknad frå FAU ved Tennfjord skule om kr 5000,- til innleige av foredragshaldar ved Eidet kulturhall. Formannskapet godkjente å innvilge søknaden med dekning frå tilleggsløyvingsposten. Formannskapet ba om å få framlagt ei sak om gjennomgang av den politiske styringsstrukturen inkl. medlemstal i kommunestyre og formannskap.
Sakliste Sak nr. Saktittel 039/14 Referatsaker 040/14 Godkjenning av møtebok 041/14 Kommunereform - KS sin medverknad 042/14 Haram kulturfond - Uttale til avviklinga av stiftinga
039/14: Referatsaker Refererte saker vert teke til vitande: - Protokoll frå eldreådet 20.05.14 - Protokoll frå eldrerådet 17.06.14 - Høyring endringar i forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen FS-039/14 Vedtak: Refererte saker vert teke til vitande: - Protokoll frå eldreådet 20.05.14 - Protokoll frå eldrerådet 17.06.14 - Høyring endringar i forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen 040/14: Godkjenning av møtebok Møtebok frå møtet 03.06.14 vert godkjent. FS-040/14 Vedtak: Møtebok frå møtet 03.06.14 vert godkjent. 041/14: Kommunereform - KS sin medverknad Haram kommune er samd i at KS deltek som fagleg tilretteleggar og koordinator for lokale/regionale prosessar i det kommunereformarbeidet regjeringa etter stortingsvedtak har invitert kommunane til. FS-041/14 Vedtak: Haram kommune er samd i at KS deltek som fagleg tilretteleggar og koordinator for lokale/regionale prosessar i det kommunereformarbeidet regjeringa etter stortingsvedtak har invitert kommunane til.
042/14: Haram kulturfond - Uttale til avviklinga av stiftinga Haram formannskap vedtek å gi slik uttale til planane om avvikling av stiftinga Haram kulturfond Aker Brattvaag: «Haram kommune som ein av opprettarane av stiftinga Haram kulturfond, Aker Brattvaag, er kjent med årsmøtet sine vedtak om avvikling av stiftinga. Kommunen har ikkje merknadar til at stiftinga vert avvikla i samsvar med 7 i vedtektene». FS-042/14 Vedtak: Haram formannskap vedtek å gi slik uttale til planane om avvikling av stiftinga Haram kulturfond Aker Brattvaag: «Haram kommune som ein av opprettarane av stiftinga Haram kulturfond, Aker Brattvaag, er kjent med årsmøtet sine vedtak om avvikling av stiftinga. Kommunen har ikkje merknadar til at stiftinga vert avvikla i samsvar med 7 i vedtektene».