K VA M S K O G E N løypekart



Like dokumenter
K VA M S K O G E N løypekar t

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Generell turinformasjon

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

KVAMSKOGEN VEL Kvamskogen et attraktivt hytte- og friluftsområde hele året

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Emleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet. Vår vurdering

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Løypenettet på Vågslid. Info frå Løypelaget Vågslid

Turstiar i Kvinnherad

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

KVAMSKOGEN VEL Kvamskogen et attraktivt hytte- og friluftsområde hele året

Velkommen til Solheisen!

Til deg som bur i fosterheim år

Last ned Trygge toppturer; 111 norske skifjell der du kan unngå skredfarlig terreng. Last ned

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

N Æ R T U R. i Førde

Padleløyper i Lindås. Bergen og Omland Friluftsråd

Ti-på-topp GOD TUR! Samla poengsum. Navn, adresse og alder på deg som har vært på tur: dato dato dato dato dato dato dato dato dato dato Totalt

Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

Brukarrettleiing E-post lesar

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Skålatårnet. Stryn. Vår vurdering

EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din!

Juvet Landskapshotell

Strategidokument for Kvamskogen Vel

Turbok for Molde og Omegn

Tilskuddsordninger for friluftsliv: - Turskiltprosjektet. -Tilskudd til friluftsaktivitet (kap post 78)

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Toppturer på Gautefallheia

«Ny Giv» med gjetarhund

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Sporing av turstiar med mobil/gps. Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking Luster,

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Romsdalseggen. Vengedalen

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Bustadområde i sentrum. Vurdering

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Brukarrettleiing. epolitiker

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Slotthø Sunndalsfjella

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Kulturhistoriske registreringar

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Side 1 av 23 KVAMSKOGEN KVAMSKOGEN EN VIKTIG DEL AV HARDANGER HØRINGSDOKUMENT SJØKABELUTREDNING SIMA SAMNANGER

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VEILEDER REGISTRERING PÅ

LEIRVÅGEN - TILKOMST PARKERINGSAREAL - FRILUFTSOMRÅDE

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Smølåsen er for dem som elsker å være ute i naturen. 11 hytter i Smølåsen på Fidjeland i Sirdal

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til Røde Kors!

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

TRYSIL. Foto: Ola Matsson. Foto: utefoto.no

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Børvatnet - Misvær. Børvatnet - Misvær. Børvatnet - Misvær. Blåfjell. 1. Bedre tynt enn aldri... 5

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

NORSKE TINDEVEGLEDERE - NORTIND SØKNADSSKJEMA FOR OPPTAK TIL TINDEVEGLEDERKVALIFISERING

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

ver tikaldelte hytter i trygge omgivelser

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Sandeid skule SFO Årsplan

Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Jutulbu

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Høyfjellsleilighet midt i bakken.

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s Vurdert område s 46

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

Prosjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013.

Landmannalaugar Innlandet

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

Transkript:

K VA M S K O G E N løypekart

KVAMSKOGEN Kvamskogen er fjellplatået mellom Samnanger og Kvam, høgste punkt er Fuglafjell med 1336 m.o.h. Skogen er ein ynda utfartsstad for folk i Bergens-regionen, særleg om vinteren. Mange reiser på dagstur til Kvamskogen, men området har og ein stor hytteby med rundt 1600 hytter- og campingvognplasser med 400 vogner. Kvamskogen er eit poulært utfarsmål når skuleklassar arrangerer skidag. På tur i løypene i Steinskvandalen. Fotasperrnuten i bakgrunnen. Ei av de mest populære skiturene på Kvamskogen går via Mødalen til Såta. Kvamskogen ligg 50 minutt med bil frå Bergen og 10-20 minutt frå handelssenteret Norheimsund-Øystese. Riksveg 7 går over Kvamskogen. I vintersesongen er det god bussforbindelse frå Bergen med egen skibuss. Dette er eit fantastisk fjellområde med store moglegheiter for tur- og skientusiastar, både når det gjeld turgåing og alpinsport. Her finn ein skiheisar, akebakkar og preparerte turløyper for alle nivå. Her er meir enn 30 alpinløyper, ein av Nord-Europas lengste stolheisar til 940 m.o.h., 16 skitrekk, 3 barneskitrekk og nærare 60 km preparerte turløyper. I tillegg kjem alle dei upreparerte turløypene som går opp til høge fjelltoppar som Kvitingen, Byrkjefjell og Fuglafjell. Det er gode parkeringstilhøve som gir eit godt utgangspunkt for å koma seg ut i turløypene.

PREPARERTE SKILØYPER På Kvamskogen er det nærare 60 km med preparerte skiløyper, dei mest populære går inn Mødalen og Steinskvanndalen. Turløypene vert preparert så snart det har kome nok snø, vanlegvis i slutten av desember, eller byrjinga av januar. I starten av sesongen, før det er nok snø i terrenget er det vanlegvis kun Mødalsvegen og Steinskvanndalsvegen som vert preparert. I helgane vert løypene merka med heil linje i kartet, stort sett preparert kvar dag. Om tilhøva er gode vert løypene merka med stipling i kartet preparert fram til kvar helg/ferie. Løypene merka med punkt vert preparert ved stabilt pent vær. Oppdatert informasjon om når turløypene sist var preparert finst på www.kvamskogen.com. Forslag til ulike rundturar kan du óg laste ned til din GPS, frå www.bof.no eller www.kvamskogen.com. Dei preparerte løypene innbyr til rundturar med ulike kombinasjonar og variantar. Løypeforslaga er merka i kartet med bokstavkode og symbolfarge for gradering. Forslag til rundturar med omtrentleg tidsanslag utan kvil: Jonshøgdi - Fossdal - Jonshøgdi, 2 timar, 10 km Frå parkeringsplassen rett etter Jonshøgdi, rundt på sydsida av Vetlavatnet og bratt opp mot Heiavatnet. Flatere løype rundt Heiavatnet og Fossdalsvatnet, retur mot Jonshøgdi i valgfri løype rundt vatna. Furedalen - Mødal - Tjødnadalen og retur, 2 timar, 9 km. Frå parkeringa ved Furedalen opp forbi skitrekket, vidare forbi Røde kors hytta og oppover Mødalsvegen til Mødalen. Vidare til bunnen av Såta (Tjødnadalen). Løkjentunet - Mødalstrekket - Husaleitet, 1,5 time, 4 km Frå parkeringa ved Løkjentunet eller Ungdomsheimen, langsetter elva og bratt opp mot Husaleitet, retur via Krokavatnet og Gåsabotnen attende til Løkjentunet. Tokagjelet - Byrkjesete - Dusgjel og retur, 1 time, 4 km Frå Tokagjelet eller Ungdomsheimen opp til Dusgjel, upreparert vidare til Myklavatn. Furedalen - Mødalsbrua - Fossdal - Jonshøgdi - Furedalen, 2 timar, 8 km. Frå parkeringsplassen ved Furedalen først flatt innover, deretter bratt opp og ned til Jonshøgdi. Vidare bratt opp til Heiavatnet og flatt innover forbi Fossdalsvatnet. Retur ned Mødalsvegen til Furedalen. Løkjentunet - Husaleitet - Skånavotni - Tokalgjelet, 2 timar, 9 km Frå Løkjentunet bratt opp Gåsabotnen til Husaleitet, vidare langsetter Skånavotni, deretter ned til Longvotni, langsetter vatnet tilbake til Løkjentunet. NAF en - Steinskvandalen og retur til NAF en, 2,5 timar, 6 km (kort) og 3 timer, 13 km (lang) Frå parkeringa i Furedalen eller NAF en attende over vegen frå NAF en vidare først slakt opp mot Røyrli, deretter bratt opp til toppen av skiheisen, vidare innover Steinskvanndalen til Steinskvanndalsvannet. Retur langs kort løype over Timberhaugen eller langs lang løype om Burknahola. Ei variant av turen er med start frå Ungdomsheimen. Turen kan og utvidast om Jonshøgdi og attende til parkeringa ved Furedalen.

SKITREKK Eikedalen skisenter ligg i Samnanger kommune og har 6 skitrekk, med 12 alpinløyper på totalt 15 km. Her er ei av Nord- Europas lengste stolheisar opp til høgste punkt som er 920 m.o.h. Høgdeforskjell er 470 meter. Skisenteret har flombelyste bakkar med tilbod om kveldskøyring. Staden har stor parkeringsplass, skiskule, skiutleige, fleire varmestover og ein kafeteria. Parkeringsplassen ved skisenteret er og eit godt utgangspunkt for turar inn Skeiskvanndalen. Løypen er ikkje preparert og går bratt opp på venstre side av Teigaelvi og flater ut der kjerrevegen sluttar i starten av Skeiskvanndalen. Aktivitet i løypene til Furedalen Alpin Furedalen Alpin har 2 store skitrekk på kvar 950 m og eit barneskitrekk med tilsyn i skjerma område. Det er 6 alpinbakkar med til saman 7.7 km lengde av ulik vanskegrad. Fallhøgde frå toppen av dei store heisane er 205 m. Høgste punkt er 575 m.o.h. Det er lysløype i heile venstre trase. For dei minste er det eigen akebakke. Skikro og varmestove er ope når anlegget er i drift. Skiutleige med godt utval i både alpin-, telemarkski og brett. Skiskule for born og vaksne i helg og ferie med erfarne instruktørar. Det er stor parkeringsplass i anlegget for alpinistar og for turgåarar ved riksvegen. Parkeringsplassen er og eit mykje nytta utgangspunkt for turar i nedre del av dei preparerte løypene eller vidare til Mødalen og Såta. Veteranen på Kvamskogen må vel seiast å vera Mødalstrekket. Dette trekket er ope frå 10.00-16.00 kvar laurdag/sundag samt i vinter- og påskeferien. Trekket kan vere starten på skituren og den tar deg opp i flott turterreng ved Mødalen. Her er det alpine løyper - velpreparerte og familievenlege. Elles er her både varmestove med servering samt skiutleige. Aktiven skiheis AS ligg like ved Ungdomsheimen på Kvamskogen. Aktiven har tilbod for heile familien: 2 skitrekk (a 800 m) med 4 nedfartsløyper, 1 skitrekk (200 m) med 2 nedfartsløyper, 1 barnetrekk (100 m) med 1 nedfartsløype. I tillegg har Aktiven skiutleige og varmestove med kiosk som er ope laurdag og sundag frå 10-16 samt kvar dag i vinter- og påskeferien. Ungdomsheimen er og utgangspunkt for turar i preparert løype inn Steinskvanndalen. NAF Kro og Camping tilbyr campinghytter og leiligheter for dei som ønskjer eit rimeleg overnattingstilbod på Kvamskogen. Campingen har plass for bobil, med eller utan straum. NAF en har ope heile året. Her er også kafeteria og storkiosk, der det er rå og få ferske bakervarer m.m. Elles så er det kort veg ned til Norheimsund sentrum der både dag og kveldstilboda er gode.

TOPPTURAR UTANFOR PREPARERT LØYPE Topptur på ski har alltid vore populært på Kvamskogen og etterkvart som utstyret har vore betre er det fleire som har oppdaga gleda ved å nyte utsynet frå toppen, for så å suse ned att. Kvamskogen har fleire tradisjonelle områder for topptur, den mest populære er Tveitakvitingen som er ein lang dagstur med flott vidsyn frå toppen. Iendefjell på nordsida av dalen er og ein flott topp, lettaste turen opp er frå Steinskvanndalen. Dei som ynskjer lengst tid i fallina og flest høgdemeter går gjerne direkte opp på Byrkjefjell og vidare til Iendefjell. I dette området er det høve til bratt kjøring på ski. Vurder forholda og tenk skredfare før du legg ut på ei slik tur. Forslag til turar med omtrentleg gangtid utan kvil: Furedalen - Tveitakvitingen 4 timar opp 1299 m.o.h UTM toppunkt: 294 919 Jonshøgdi - Byrkjefjell 3 timar opp - 1046 m.o.h UTM toppunkt: 334 009 Jonshøgdi - Iendefjell 3,5 timar opp - 1260 m.o.h UTM toppunkt: 344 034 Tokagjel - Fuglafjell 4 timar opp - 1334 m.o.h UTM toppunkt: 375 044 TURLØYPER SOMMAR Dei mest populære sommarturane på Kvamskogen er Mødalen, Såta og Tveitakvitingen på sydsida av dalen og Steinskvanndalen på nordsida. Turforslag med gangtid utan kvil er teikna inn på kartet og merkt med nummer. Stiane er gått opp med GPS, har du GPS kan du laste ned ruta frå www.bof.no eller www.kvamskogen.com og nytta denne som ein tryggleik når du går på tur. Kvam friluftskart frå 2004 har fleire turforslag i tillegg til oversikt over gode fiskevatn og fiskeplassar i området. Det er og merka løype mot Bergsdalsfjella, med fine tilhøve for helgetur. Legg du ut på helgetur kan og turkartet over Kvamskogen og Bergsdalen gjeve ut i 2006 vere nyttig. Meir informasjon om merka stiar og overnatting i Bergsdalsfjella finn du på www. bergen-turlag.no. Hjå Bergen Turlag kan du i tilegg til karta og kjøpe turbøker som til dømes stølsturar og fjellturar i Kvam. Forslag til dagsturar med omtrentleg gangtid utan kvil: 1. Kvamseter - Tordalen, 1 time, 1,5 km tur/retur, 2. Jonshøgdi - Fossdal, 3 timar, 3 km tur/retur 3. Furedalen - Mødalsveien - Fossdal, 2 timar, 4 km tur/retur 4. Furedalen - Heiavatnet rundt og retur, 2 timar, 3 km 5. Furedalen - Mødalsveien Mødal Tjødnadalen, 2,5 timar, 7 km tur/retur 1. Eikedalen - Gamlestølen - Dalagjel - Jonshøgdi, 3 timar, 4 km 2. Ungdomsheimen - Steinskvanndalen - Øvre Kvanndalen, 2,5 timar, 8 km t/r 3. Tokagjelet - Byrkjesete - Myklavatn, 3,5 timar, 6 km tur/retur 4. Tokagjelet - Grønli Holsete, 6 timar, 10 km tur/retur 5. Furedalen - Mødalsveien - Teitakvitingen, 7 timar, 18 km tur/retur 6. Byrkjefjell og Iendefjell, 5-6 timar, 14 km tur/retur

ALLEMANNSRETTEN Allemannsretten er eit gratis fellesgode. Retten er tufta på omsynsfull framferd overfor grunneigarar, andre brukarar og respekt for naturmiljøet. Hugs å ta med deg alt søppel heim igjen, praktiser sporlaus ferdsle. Ha alltid med kart, kompass og eventuelt GPS -og lær deg korleis du brukar det. Kle deg etter forholda og hugs at veret kan vere uforutsigbart. Ta alltid med ekstra tøy. Det er forbod mot å ferdast i naturen med motorkøyretøy. Ver varsam med eld, hugs at du ikkje skal tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida 15. april til 15. september. Hund skal haldast i band der bufe beiter, det et generell bandtvang mellom 1. april og 20. august. Ville bær og sopp kan fritt plukkast. Jakt og fiske i ferskvatn og vassdrag inngår ikkje i allemannsretten. Retten ligg hjå grunneigar, som må gje løyve. Fiskekort kan kjøpast lokalt. Det er lov å fiske med handsnøre. Garnfiske er ulovleg, med få unntak. Før du byrjar å fiske må du setje deg inn i dei lokale fiskereglane. NYTTIGE NETTADRESSER www.kvamskogen.com www2.skiinfo.no/kvamskogen www.bof.no www.kvamskogen-vel.no www.kvam.no/kvamskogen www.yr.no/sted/norge/hordaland/kvam/kvamskogen Utsikt mot Steinskvanndalen og setrene i Nedre Kvanndalen. Kvam Herad Samnanger Kommune Brosjyren er gjeve ut av Kvam Herad, Kvamskogen Næringslag og Bergen og Omland Friluftsråd i 2008 med støtte frå Hordaland fylkeskommune. Foto: Bergen og Omland Friluftsråd - Foto framside: Eivind Færøvik Kartet er utarbeid av: Kvam Herad ved Geodata-avdelinga Utforming: Årstad videregående skole - Trykk: Molvik Grafisk AS