Infosending nr 1 HORDABLÆSTEN 2012 Her kjem første informasjonssending i samband med Hordablæsten 2012. Det er stor påmelding i år og for å få kabalen til å gå opp, er det naudsynt at også to solistklassar går av stapelen fredag 16. februar. Tabellen på neste side syner kva klassar som speler når. Det er totalt påmeldt 62 korps, 89 ensemble, 288 solistar og 194 aspirantar. Sjølv om fristen no er gått ut, er det mogeleg å melde på fleire aspirantar. Desse yngste er viktige personar, og me ynskjer å strekke oss langt for å få plass til alle som har lyst å vera med. Det er mange solistar som nyttar same akkompagnatør under Hordablæsten. Det er difor viktig at de melder inn namn på akkompagnatør så snart som råd, slik at me kan få satt opp spelelister som kan gjennomførast, og som passar både for solist, korps og foreldre. Vedlegget inneheldt alle me har registrert som påmeldt. Ver gild og kontroller at dette stemmer med dykkar planar.
KONKURRANSE 16. og 17. mars Fredag 16.mars er berekna på juniorkorps, generasjonskorps og ensemble samt 2 solistklassar, medan 17. mars er tiltenkt korps, solistar og aspirantar. Fredag 16. mars 2012 Klasse Stad Tidspunkt Juniorkorps Grieghallen: Peer Gynt 16.00-19.00 Generasjonskorps Grieghallen: Peer Gynt 19.00-21.00 Ensemble klasse 4 Grieghallen: Klokkeklang 16.00-18.50 Solist klasse 4 (født 1994) Grieghallen: Klokkeklang 19.00 22.00 Ensemble klasse 1 Grieghallen: Troldtog 16.00 20.20 Ensemble klasse 2 St Paul Skole 16.00-20.00 Ensemble klasse 3 St. Paul skole 16.00 19.40 Ensemble klasse 5 St. Paul Skole 20.00-20.30 Solist klasse 3 (født 1996) St. Paul Skole, Auditoriet 16.00 21.00 Laurdag 17. mars 2012 Klasse Stad Tidspunkt Solist Klasse 2 (født 1999) Bergen Kulturskule 1 09.00-16.00 Solist klasse 1 (født 2000) Bergen Kulturskule 2 09.00-15.00 Solist klasse 1 (født 2001) Bergen Kulturskule 3 09.00-13.30 Solist klasse 2 ( født 1998) Grieghallen: Troldtog 09.00-15.00 Solist klasse 1 ( født 2002-2004) Grieghallen: Småtroll 09.00 14.00 Solist klasse 4 (født 1993) Grieghallen: Klokkeklang 09.00-12.00 Solistar klasse 4 (født 1995) Grieghallen: Klokkeklang 12.30 16.30 Solist klasse 3 (født 1997) St. Paul Skole, Auditoriet 09.00 14.00 2.divisjon brass Griegsalen 09.00-11.30 2.divisjon janitsjar Griegsalen 11.30-13.30 1.divisjon brass Griegsalen 13.45-16.00 3.divisjon janitsjar Peer Gynt 09.00-13.00 3.divisjon brass Peer Gynt 13.30-16.30 1.divisjon janitsjar Peer Gynt 17.00-18.00 Festkonsert med Eikanger Bjørsvik Musikklag Griegsalen 19.30 21.00
ASPIRANTSEMINARET 17. mars Tradisjonen tru dei siste åra, vil det i samband med konkurransen verta halde eit aspirantseminar. Aspirantane skal saman med instruktørar øva i løpet av dagen, og framføra resultatet av dette for ein fullsett sal på festkonserten i Grieghallen. Aspirantgeneralen heiter Svein Fjermestad, og speler slagverk i Eikanger-Bjørsvik. Med seg har han 2 gode hjelparar: Monica Vabø Reigstad og Marit Tømmermo. Aspirantseminaret er på St. Paul skole, og me kjem til å dele aspirantane opp i puljar, slik at alle får 2 timar kvar. Endeleg plan for dette kjem i neste infosending. Dette vert kjempegøy og ein fantastisk motivasjonsfaktor for korpsa sine nye musikantar! NB! Det er ALLTID plass til fleire aspirantar, så har de gløymt å melde på dei minste er det ikkje for seint enno. FESTKONSERT laurdag 17. mars kl. 19.30 Festkonserten er gratis for alle konkurransedeltakarar! Eikanger Bjørsvik Musikklag vil stå for hovuddelen av konserten, og med oss som solist har me Born to Play Ambassadør Jan Magne Førde. I tillegg skal aspirantane framføra to heilt nye arrangement også saman med Eikanger- Bjørsvik. For dei av dykk som har lang heimreise og ynskjer å planlegge denne, så satsar me på at festkonserten varar i 1 time og 30 minutt slik som i fjor. Grieghallen har berre 1533 sitjeplassar, så difor er det viktig at korps/grupper som veit at dei ikkje stiller på festkonserten, gjev melding om dette. Då vil me kunne tilby øvrig publikum å få kjøpa billettar
ME TRENG KORNETTISTAR TIL FESTKONSERTEN I fjor fekk me ned nær 80 trombonistar på scena under festkonserten for å framføre 76 Trombones saman med Eikanger-Bjørsvik. I år inviterer me kornettistar til å framføre Bruremarsj saman med Jan Magne Førde og Eikanger-Bjørsvik. Det er 3 kornettstemmer på Bruremarsj : 2 stykk medium vanskeleg, og 1 enkel. Har de ein kornettist eller 10 som ynskjer å delta på festkonserten, kan de melde desse på til Tina Foseide Toklum i Eikanger-Bjørsvik. Ho sender då notar i retur til dykk. Tina Foseide Toklum: tinatoklum@hotmail.com VIKTIGE OPPLYSNINGAR OG FRISTAR Tid: Fredag 16. og laurdag 17. mars 2012 Stad: Grieghallen, St Paul Skole, Bergen Kulturskole Konkurransereglar: NMF Hordaland sitt konkurransereglement for Hordablæsten. Bedømming: Open Premiering: Alle klassar Speletid: 1.divisjon: inntil 15 minuttar 2. og 3. divisjon: inntil 13 minuttar Generasjonskorps: inntil 13 minuttar Juniorkorps: inntil 13 minuttar Solistar og ensemble: inntil 8 minuttar Ein reknar her total lengd på musikkstykka. Utstyr: Piano og CD-spelar er tilgjengeleg i alle solistklassar. Akkompagnatør må skaffast av solist for eiga rekning.
Slagverk: Liste med tilgjengeleg utstyr vert sendt til dei påmelde korpsa. Alle spørsmål vedr. slagverk kan rettast til Torstein Sollien i Eikanger-Bjørsvik: 98 62 69 30 Notestativ: Deltakaravgift: Arrangør stiller med notestativ både i oppvarmingsrom og konkurranserom. Kr. 225,- pr deltakar, inkl. festkonsert. I tillegg kr 150,- for deltaking utover ein klasse. Deltakarliste: Frist for innsending av deltakarliste: 15. februar Betalingsfrist: 15. februar 2012. Faktura vert tilsendt. Partitur/sceneoppsett: Frist for innsending 15. februar 2012 Gebyr: Ved for sein innlevering av partitur og sceneoppsett vert det pårekna eit gebyr på kr 500,- Påmelding: 15. januar 2012 Innbetalt påmeldingsavgift vert ikkje refundert ved avmelding seinare enn seks veker før konkurransedagen. Også i år vert prisen ÅRETS MILJØSKAPER delt ut i Hordaland under Hordablæsten. Prisen er på kr 5000,- og går til ein skolekorpsmusikant som har gjort ein stor innsats for å skape godt miljø i korpset sitt. Frist for nominering av kandidatar: 1. mars 2012. Send nominasjon til randi@musikkorps.no Les meir her: http://spilleglede.no/%c3%85rets+milj%c3%b8skaper+2012.b7c_wrvo0r.ips Spørsmål kan rettast til e-postadressa: hordablasten@ebml.no