www.forde.kommune.no
Visjon: Førde kommune ei drivkraft med menneska i sentrum
Verdiar: I Førde kommune er vi engasjerte, inkluderande, tydelege og vi viser andre respekt. Førde kommune skal vere ein god stad å bu og vekse opp i, og vi skal alltid ha innbyggjarane sitt beste som siktemål. Derfor legg vi vinn på: å yte god service til brukarane våre å utvikle ein organisasjon som i størst mogleg grad frigjer det beste i kvar medarbeidar
Leiingsprinsipp: Leiing i Førde kommune skal vere å: sette mål få fram resultat av ein kollektiv prosess stå til rekneskap for resultat og handling ivareta både fellesskapet og den einskilde sine behov ta vare på omsynet til likeverd og likestilling
Leiaransvar inneber at leiarane: skal medverke til heilskapsløysingar til ei kvar tid må syte for at mynde og ansvar innanfor eige ansvarsområde er klart definert, oppfatta og akseptert har eit totalansvar innan eige ansvarsområde skal organisere, utvikle og ta i bruk tildelte ressursar slik at dette samsvarar på best mogleg måte med dei vedtekne målsettingane svarar for og skal vurderast utifrå dei oppnådde resultata skal gje medarbeidarane rask attendemelding på korleis dei utfører sine oppgåver aktivt skal følgje opp og synleggjere at det skal lønne seg å vise initiativ og ta ansvar Det krevst at leiarar må: kunne samarbeide vise respekt for andre sine synspunkt og meiningar kunne motivere og støtte medarbeidarane til kreativitet, nytenking, engasjement og initiativ vere resultatorientert kunne ta beslutningar vere lojal og vise tillit kunne kommunisere opent
Etiske retningslinjer
Menneskeverd og respekt: Vi handsamar alle menneske med respekt og likeverd. Vi tek alle menneske på alvor, og alle skal oppleve rettferdig handsaming. Vi diskriminerer ikkje. Personleg åtferd: Vi er Førde kommune sitt ansikt utad, og tek ansvar for kommunen sitt omdøme. Samfunnsansvar og miljø: Vi tek eit personleg ansvar for at kompetansen vår vert nytta til beste for menneske, miljø og samfunn. Lojalitet: Vi er lojale mot organisasjonen sine interesser. Tilhøve til innbyggjarane og omverda: Vi opptrer venleg, korrekt og imøtekommande. Vi opptrer i tråd med god forvaltningsskikk. Dette inneber mellom anna at: vi skal innrette oss for å hjelpe på ein god måte vi skal svare raskt og seriøst på alle spørsmål vi skal utføre rask og korrekt sakshandsaming vi skal praktisere likebehandling Spelereglar mellom tilsette: Det er lov å vere usamde, og konstruktiv kritikk skal kunne gjevast utan redsle for negative konsekvensar. Når avgjerder er fatta, er vi lojale mot desse utan å verte freista til eigenmarkering. Tilsette snakkar med kvarandre, og ikkje til og om kvarandre. Ein tek opp usemje der den høyrer heime og direkte med den det gjeld. Vi har spørjeplikt dersom vi lurer på noko, og vi har informasjonsplikt om ting kollegaene bør vite noko om.
Etiske retningslinjer
Habilitet, interessekonflikt og nære relasjonar: Vi lar ikkje eigne interesser eller interessene til familie eller nære vener påverke handlingar, sakshandsaming eller vedtak. Eit særleg ansvar kviler på tilsette som også er folkevalde. Vi er opne om verv eller engasjement i organisasjonar som kan medføre tvil om habilitet eller lojalitet i samband med dei tenestene vi er sett til å utføre. Vi kan ikkje ha eigarskap, verv, styreverv eller andre lønna oppdrag som kan skade kommunen sine interesser eller som er eigna til å svekkje tilliten til kommuneforvaltninga. Dersom vi er i tvil, skal vi avklare dette med nærmaste overordna. Vi avklarar med nærmaste leiar før vi inngår avtale om lønna arbeid/oppdrag utover ordinært tilsettingsforhold. Leiarar vert oppmoda til å registrere bistillingar, styreverv og økonomiske interesser. Ansvar for kommunen sin økonomi og verdiar: Vi nyttar arbeidstida effektivt. Vi nyttar kommunen sine ressursar på ein mest mogleg økonomisk og effektiv måte. Vi tek vare på kommunen sine eigendelar og nyttar dei med varsemd. Privat bruk av kommunen sitt driftsutstyr skal berre skje etter avtale med aktuell einingsleiar. Bruk av data og internett i arbeidstida skal samsvare med kommunen sitt behov.
Gåver og representasjon: Vi tek ikkje imot gåver eller andre fordelar som kan påverke tenestehandlingane våre, eller kan vere eigna til å verte oppfatta slik. Innkjøps- og rabattavtalar skal godkjennast av rådmannen. Vi gir eller tilbyr ikkje gåver, tenester eller andre fordelar som er meint, eller kan oppfattast å påverke tenestehandlinga til mottakaren. All deltaking på kurs og seminar ytt av potensiell leverandør skal avklarast med næraste leiar. Dersom vi er i tvil om korleis slike saker skal handterast, skal nærmaste leiar avgjere dette. Informasjon og teieplikt: Vi har teieplikt i høve konfidensiell informasjon som vi får tilgang til. Teieplikta gjeld også etter at arbeidsforholdet er avslutta. Vi følgjer kommunen sine retningsliner for kontakt med media. Vi behandlar intern informasjon slik at uvedkommande ikkje får del i det. Varsling: Varsling er å seie frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Dersom vi gjennom arbeidet blir kjent med tilhøve som ikkje er i samsvar med lov, alment aksepterte etiske normer eller kommunen sine etiske retningslinjer, har vi plikt til å ta dette opp. I utgangspunktet skal vi seie frå til nærmaste leiar eller rådmann. Tillitsvalde, verneombod og varslarombod kan også vere kanalar. Konsekvensar ved brot på dei etiske retningslinjene: Brot på retningslinjene kan medføre personalsak.
Etikktesten 1. Er det lovleg? 2. Stemmer det med Førde kommune sine verdiar? 3. Kjenner eg ubehag ved å gjere det? 4. Tåler det å kome i media? 5. Er det galt? Stopp! 6. Er eg usikker? Spør! 7. Får eg ikkje svar? Spør igjen! Kjelde: Texas Instruments
Førde kommune Postboks 338 Hafstadvegen 21 6802 Førde Tlf: 57 72 20 00 Fax: 57 72 20 10 www.gasta.no Foto: Oskar Andersen www.forde.kommune.no