Oversiktskart Områderegulering Rømme i Orkdal kommune. 22.01.2013 Utbyggingsområdet
KORT PLANOMTALE I SAMBAND MED MELDING OM OPPSTART PLANARBEID. OMRÅDEREGULERING RØMME I ORKDAL KOMMUNE Bakgrunn. Med bakgrunn i sak lagt fram for kommunestyret i Orkdal kommune vart 5 arkitektkontor invitert til idekonkurranse om utvikling av området Rømme i Orkdal kommune. Med bakgrunn i innkomne konkurranseutkast vart Solem Arkitektur engasjert til av Orkdal kommune til å utarbeide forslag til ei områderegulering av eit 79 daa stort område på deler av gnr. 5. Området er avsett til sentrumsformål i kommunedelplanen og er omfatta av reguleringsplan for Rømme Øvre, vedteke i 2007. Plassering og dagens arealbruk. Området ligg i Orkanger sentrum inntil Orkdalsveien. Innan planområdet er ca 43 daa dyrka mark og ca 2 daa skogsareal. Resten av arealet er bebygd eller nytta til samferdselsanlegg. Området er flatt med lågaste punkt på kote 7. Mesteparten av arealet ligg mellom kote 8 og kote 13. I NGU sitt lausmassekart er området synt med elveavsetjing. I deler av planområdet vart det under andre verdskrig teke ut grusmassar. Det er ikkje registrert kvikkleiresone innan eller i nærleiken av planområdet. Overordna planar. I kommunedelplan for Orkanger, Fannrem og Gjølme, vedteke 15.12.2010, er området avsett til sentrumsformål (forretningar, kontor, offentlege / privat tenestyting og bustadar), samferdselsanlegg og friområde. Friområdet er ca 1 daa og ligg inntil eksisterande rundkøyring i Orkdalsveien. Kommunedelplanen syner at det langs deler av hovudvegane skal anleggast sykkeveg. Statens vegvesen har utarbeida systemanalyse for hovudruter for sykkel gjennom Orkdal / Orkanger sentrum. Området er omfatta av reguleringsplan for Rømme Øvre, vedteke i 07.06.2007. Reguleringsplanar inntil planområdet. Reguleringsplan for eiendommen gnr. 5, bnr. 353 vart vedteken 29.08.2012 (planident 1638 A54c). Tomta, som vart regulert til sentrumsformål og fortau, grensar i Orkdalsveien inn til forslag til områdeplan. Omtale av ønska utbygging. Gjennom områdeplanen vil ein legge til rette for ei utbygging med utgangspunkt i konkurranseutkastet Småbyhagen frå Solem Arkitektur AS i tillegg til tilbakemeldingar i planprosessen. Konkurranseutkastet syner ei avgrensing i delområder, mellom anna for å kunne legge til rette for etappevis utbygging. Situasjonsplan er synt på neste side. Talet på bueiningar som kan etablerast innan området vert drøfta i planprosessen. Dersom ein tek utgangspunkt i konkurranseutkastet og eit krav om forretningsareal i 1. etasje inntil Orkdalsveien og Tverradkomsten, vil områdeplanen kunne gi grunnlag for 200-250 bueiningar. Konkurranseutkastet vil vera tilgjengeleg under Kunngjøringer på heimesida til Solem Arkitektur AS (http:// www.solemarkitektur.no). Side 1
Utsnitt av situasjonsplan frå konkurranseforslaget Småbyhagen Planavgrensing. Planavgrensinga følgjer i hovudsak formålsgrenser synt i gjeldande reguleringsplan, men med ei tilpassing til eigedomsgrenser der dette er naturleg. Ca 35 daa av planområdet er eigd av Eivind Sæther. Orkdal kommune eig ca 33 daa, av dette er ca 15 daa samferdselsanlegg. Resten, ca 11 daa, er eigd av andre grunneigarar. Verknad av planforslaget Områdeplanen vil ta utgangspunkt i bestemmelsar fastsett i gjeldande reguleringsplan, men vurder endring av desse med omsyn til å - utelate krav om forretningsareal 1. etasje for deler av området - auka byggehøgde ved å tillate 4 etasjar på området Arealdisponeringa vil vidareføre det som er fastsett i kommunedelplan, men med ei konkretisering der det er behov for det. Side 2
FØREBELS ROS-ANALYSE. FORSLAG TIL OMRÅDEREGULERING RØMME, ORKAL KOMMUNE. Utarbeida 22.01.2013 av Willy Wøllo, Solem Arkitektur AS Kommunestyret i Orkdal kommune har vedteke igangsetjing av områdeplanlegging for eit 79 daa stort område på Rømme i Orkdal kommune. Området er avsett til sentrumsformål i kommunedelplanen og er omfatta av reguleringsplan for Rømme Øvre, vedteke i 2007. Med denne førebels ROS-analysen ønske ein å få fastsett dei hendingar / situasjonar der det er behov for å gjennomføre ei risikovurdering. Førebels ROS-analyse er vedlegg til melding om oppstart planarbeid. Eventuelle kommentarar skal sendast pr e-post til ww@solemarkitektur.no. 1 ROS-VURDERING 1.1 Sjekkliste og risikovurdering Gjennom sjekklista nedanfor kjem ein fram til kva punkt der det er behov for å gjennomføre ei risikovurdering (punkta som er markert med Ja i lista). Risiko er resultatet av kor truleg det er at hendinga skjer (S-nivå) og konsekvensen av den uønska hendinga (K-nivå), jamfør tabell nedanfor. Hending i raude felt: Tiltak er naudsynleg, hending i gule felt: Tiltak må vurderast ut frå kostnad i forhold til nytte Hending i grøne felt: Rimelege tiltak kan gjennomførast SANNSYNLIGHET KONSEKVENS K1 Liten K2 Middels K3 Stor K4 Svært stor S4 Svært stor Gul Raud Raud Raud S3 Stor Grøn Gul Raud Raud S2 Middels Grøn Grøn Gul Raud S1 Liten Grøn Grøn Grøn Gul HENDING/SITUASJON Aktuelt S- NIVÅ K- NIVÅ RISIKO Kommentarar/tiltak Natur- og miljøforhold Ras/skred/flom/grunnforhold. Er området utsett for, eller kan planen/ tiltaket medføre risiko for: 1. Masseras/-skred Det er ikkje registrert kvikkleiresone i nærleiken av planområdet 2. Snø-/isras 3. Flaumras Området ligg utanfor arealet som vert omfatta av 200-årss flaum i Orkla. 4. Flodbølge 5. Undersjøisk ras deponi 6. Tidevassflaum/stormflo Lågaste punkt i planområdet ligg på kote 7 7. Radongass Ukjent Forholdet er ikkje undersøkt. I samsvar med 13-5 i Forskrift om tekniske krav til byggverk skal ein i samband med prosjektering vurdere radonførebyggande tiltak.
Vær, vindeksponering. Er området: 8. Vindutsett Sterk storm ca 2-3 ganger pr år. 9. Nedbørutsett Natur- og kulturområde. Medfører planen/tiltaket fare for skade på eller konsekvensar for: Planområdet vil medfør omdisponering av 10. Grøntstruktur Ja S4 K3 Raud dyrkajord og noko skogsmark (låg bonitet) 11. Sårbar fauna, vatn 12. Sårbar fauna land 13. Verneområde 14. Vassdragsområde 15. Automatisk freda kulturminne 16. Kulturminne/-miljø nyare tid Menneskeskapte forhold Strategiske områder og funksjonar. Kan planen/tiltaket få konsekvensar for: 17. Veg Ja S3 K1 Grøn Hovudvegsystemet vert oppretthalde. 18. Hamn, kaianlegg 19. Sjøkablar 20. Sjukehus/-heim, kyrkje 21. Brann/politi/sivilforsvar Ja?? Auka utbygging av sentrumsformål. Kapasiteten i brannberedskapen må vurderast. 22. Kraftforsyningsanlegg 23. Vassforsyning naboskap Ja S4? Det går fleire kommunale leidning innan planområdet, i hovudsak i eksisterande vegsystem. Kapasiteten må vurderast. 24. Vassforsyning industrivatn 25. Anna kommunal ledningssystem S4? Det går fleire kommunale leidning innan planområdet, i hovudsak i eksisterande vegsystem. Kapasiteten må vurderast. 26. Forsvarsområde 27. Tilfluktsrom 28. Område for idrett/leik 29. Friluftsområde 30. Vassområde for friluftsliv Forureiningskjelde. Vert planområde utsett for: 31. Fare for akutt forureining 32. Permanent forureining 33. Støv og støy; industri 34. Støv og støy; trafikk Ja?? Orkdalsvegen er kjelde for trafikkstøy. Det må vurderast utarbeiding av støyrapport basert på tilgjengeleg informasjon om trafikkmengde på omkringliggjande vegnett. Trafikkgrunnlaget på jernbanestrekninga tilseie at 2
den ikkje utgjer vesentleg støykjelde. 35. Støy; andre kilde 36. Forureina grunn Landbruksområde 37. Forureining i sjø/vassdrag 38. Høgspentlinje (stråling) 39. Risikofylt industri mm 40. Avfallsbehandling 41. Oljekatastrofeområde Fører planen/tiltaket til: 42. Fare for akutt forureining 43. Støv frå eigen trafikk Planlagt utbygging vil ikkje føra til trafikk av eit omfang som gir støv. 44. Støy frå eigen trafikk Planlagt utbygging vil ikkje føra til trafikk av eit omfang som gir støy. 45. Støy og støv andre kjelder 46. Forureining til sjø/vassdrag 47. Forureining av sjøbotn 48. Uhell kjemikaliar/ekspl. Transport. Er det risiko for: 49. Ulykke med farleg gods 50. Vær/føre avgrensar tilgangen til området Trafikktryggleik: 51. Ulykke i av-/påkøyring Ja S3 K4 Raud Det må synast gode sikteforhold i vegkryss 52. Ulykke med gåande/syklande Ja S3 K4 Raud Det må leggast til rette for gang- og sykkelveg / fortau 53. Andre ulykkespunkt Andre forhold: 54. Er tiltaket i seg sjølv eit sabotasje-/terrormål? 55. Er det potensielle sabotasjemål i nærleiken? 56. Regulerte vassmagasin, med spesiell fare for usikker is, 57. Naturlege terrengformasjonar som utgjer spesiell fare 58. Gruver, sjakt, steintipp Spesielle forhold ved utbygging/gjennomføring 59. Tilrigging, anleggsverksemd Vil skje innan planområdet. 60. Trafikk Ja S3 K2 Gul Trafikk til utbyggingsområdet vil skje forbi eksisterande bustadfelt 3