BRANNTEKNISK VURDERING Prosjektnamn: Hausmannsgt. 34-38, cafe Dato: 26.11.13 Prosjektnummer: Oppdragsgjevar: Oslo kommune v/eiendoms- og byfornyelsesetaten Sign.: Tiltakshavar: Oslo kommune Jorolv Rivedal Bakgrunn: HR Prosjekt AS er engasjert for å gjennomføre ein brannteknisk vurdering i forbindelse med ombygging av kulturhuset Hausmania i Oslo. Dette notatet er ei brannteknisk vurdering basert på teikningar og befaring i bygget. a er basert på preaksepterte løysingar i TEK10, og vert gjennomført som ein kvalitativ vurdering. Underlag: Teikningar frå Flux Arkitekter as Teknisk forskrift (TEK10) og VTEK10 Befaring i bygget Samandrag: Sikkerheitsnivået i TEK vert fylgd dersom forhold påpeikt i denne rapporten vert etterkome. Vedlegg: Branntekniske teikningar, 103 og 104 Distribusjonsliste: EBY v/christian Szemes som vidaredistribuerer Generell orientering Hausmannsgate 34-38 er ein bygningsmasse med blanda bruk, forskjellige etasjetal og ulike bygningsmessige fasongar. I dette notatet vert innreiing av ny cafe i bygg 80476302 vurdert. Andre forhold enn det som framgår av dette notatet er dermed ikkje med i vurderingane. Bygg 80476302 er ein bygning med 5 etasjar oppført i betong/mur. 1. etasje er på ca 975m2 og 1U er på ca 924m2. Dei tre øverste etasjane inneheld mellom anna atelier, dansestudio m.v. Bygningen er fullsprinkla. Persontalet er ca 80 ut i frå opphaldsarealet i cafeen på ca 50m2 og 0,6m2/person. Spesifikk brannenergi vert samla sett vurdert å ligge mellom 50-400 MJ/m2. Ved brannteknisk vurdering av eksisterande bygg skal ein legge til grunn at sikkerheitsnivået for eldre bygningar skal oppgraderast til same nivå som for nye bygningar så langt dette kan gjennomførast innanfor ein praktisk og økonomisk forsvarleg ramme, jf forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn 2-1. side 1 av 6
11-2 OG 11-3 RISIKO- OG BRANNKLASSE Risikoklassar blir lagt til grunn for å bestemme nødvendige tiltak for å sikre rømming ved brann. Ut frå den konsekvens ein brann kan medføre for skade på liv, helse, samfunnsmessige interesser og miljø, blir byggverk plassert i brannklassar. Cafe vert vurdert som eit forsamlingslokale, som skal plasserast i risikoklasse 5. Bygning i risikoklasse 5 med 5 etasjar plasserast i brannklasse 3. Etasjane over dei plana som blir vurdert i denne rapporten kan eventuelt plasserast i ein lågare brannklasse dersom bruken tilseier ein anna risikoklasse. Dette er ikkje vurdert nærare i denne rapporten. 11-4 BÆREEVNE OG STABILITET Byggverk skal bevare stabiliteten sin og bæreevne i minimum den tid som er nødvendig for å rømme og redde personar i og på byggverket. Bygningar i brannklasse 3 skal ha hovudbæresystem med brannmotstand R 90 A2-s1,d0 (A 90). Sekundære bærande bygningsdelar, etasjeskiljer og takkonstruksjonar som ikkje er ein del av hovudbæresystemet skal ha brannmotstand minst R 60 A2-s1,d0 (A60). Trappeløp skal ha brannmotstand minst R 30 A2-s1,d0 (A30). Ved ny café I bygg 80476302 er eksisterande bjelkelag utført I tre. Dette er eit avvik i forhold til kravet om R 60 A2-s1,d0 (A60). Truleg er bygningen sprinkla som ein kompensasjon for manglar ved bærekonstruksjonar, og ved branncelleinndelinga av bygget. Ein legg til grunn at ein ved rehabilitering av bjelkelaget framleis kan bygge etasjeskiljet i tre. Bjelkelaget må minst tilfredstille R 60 (B60). 11-5 SIKKERHEIT VED EKSPLOSJON Byggverk der føresett bruk kan medføre fare for eksplosjon, skal prosjekterast og utføres med avlastningsflater slik at personsikkerhet og bæreevne oppretthaldast på et tilfredsstillande nivå. 11-5 SIKKERHEIT VED EKSPLOSJON Byggverk der føresett bruk kan medføre fare for eksplosjon, skal prosjekterast og utføres med avlastningsflater slik at personsikkerhet og bæreevne oppretthaldast på et tilfredsstillande nivå. Føresett bruk medfører ingen eksplosjonsfare. side 2 av 6
11-6 TILTAK MOT BRANNSPREIING MELLOM BYGGVERK Byggverk skal ha minst 8 m avstand til anna byggverk, med mindre byggverket er utført slik at spreiing av brann blir hindra av brannvegg med tilfredstillande brannmotstand. Avstandar til andre bygg er ikkje kontrollert i samband med denne rapporten. 11-7 BRANNSEKSJONAR Bygningar skal delast opp i brannseksjonar slik at brann innan ein seksjon ikkje gir urimeleg store økonomiske eller materielle tap. Ein brann skal, med pårekneleg sløkkeinnsats, kunne begrensast til den brannseksjonen der brannen starta. Seksjoneringsvegg må ha motstand minst REI120-M A2-s1,d0 [A 120]. Bygningar kan ha eit bruttoareal pr etasje utan oppdeling med seksjonering på inntil 1200m2. Bygningar med brannalarmanlegg med direkte varsling til brannvesenet kan vera inntil 1800m2 pr etasje utan oppdeling i seksjonar. Bygg med sprinkleranlegg kan vera inntil 10000m2 pr etasje. Bygningsmassen er sprinkla, og overgår ikkje 10000m2 pr etasje. Eventuell sprinkling eller seksjonering mot/på naboeigedom er ikkje kontrollert i denne rapporten. Bygningsmassen er samanhengande mot nabo. 11-8 BRANNCELLER Bygningar skal delast på hensiktsmessig måte i brannceller. Brannceller skal ha slik form og innreiing at rømming og slokking av brann kan skje på ein rask og effektiv måte. Brannceller skal vere slik utført at dei forhindrar spreiing av brann og branngassar til andre delar av brannseksjonen i den tid som er nødvendig for rømming og redning. Branncellekonstruksjon skal ha brannmotstand minst EI 60 A2-s1,d0 [A 60]. Trapperom som går over meir enn to etasjar skal røykventilerast. Ventilasjonsluke eller glas må ha eit areal på minst 1m2, og må kunne opnast manuelt frå inngangsplanet. Fylgjande rom skal vera eigne brannceller: - Trapperom (TR2) - Rømningsveg - Tekniske rom som betener fleire brannceller f.eks ventilasjonsrom, heismaskinrom, fyrrom, søppelrom - Holrom skal vera maks 400m2 f.eks kaldtloft - Tekniske installasjonssjakter side 3 av 6
Krav til dører skal vera som fylgjer: Brannklasse Dørplassering 2 og 3 Korridor - trapperom Tr 2 E 30-CS a [F 30 S] Branncelle - korridor EI 2 30-S a [B 30] Branncelleinndeling framgår av brannteikningane. Eventuelle installasjonssjakter må røykventilerast. 11-9 MATERIALAR OG PRODUKT SINE EIGENSKAPAR VED BRANN Det skal veljast materialar og overflater som ikkje gir uakseptable bidrag til brannutviklinga. Det skal leggast vekt på tid til overtenning, varmeavgjeving, røykproduksjon og utvikling av giftige gassar. Isolasjon skal vera ubrennbar/begrensa brennbar klasse A2-s1,d0. Brennbar isolasjon kan berre nyttast under særskilte føresetnadar. Krav til overflater og kledningar: Brannklasse 3 Overflater i brannceller som ikke er rømningsvei Overflater på vegger og i himling/tak i branncelle inntil 200 m 2 D-s2,d0 [In 2] Overflater på vegger og i himling/tak i branncelle over 200 m 2 B-s1,d0 [In 1] Overflater i sjakter og hulrom B-s1,d0 [In 1] Overflater i brannceller som er rømningsvei Overflater på vegger og i himling/tak B-s1,d0 [In 1] Overflater på golv D fl -s1 [G] Utvendige overflater Overflater på ytterkledning B-s3,d0 [Ut 1] Kledninger Kledning i branncelle inntil 200 m 2 som ikke er rømningsvei K 2 10 D-s2,d0 [K2] Kledning i branncelle over 200 m 2 som ikke er rømningsvei K 2 10 B-s1,d0 [K1] Kledning i branncelle som er rømningsvei K 2 10 A2-s1,d0 [K1-A] Kledning i sjakter og hulrom K 2 10 A2-s1,d0 [K1-A] Taktekking må tilfredsstille klasse BROOF(t2) [Ta]. side 4 av 6
11-10 TEKNISKE INSTALLASJONAR Tekniske installasjonar skal ikkje auke faren for at brann oppstår eller at brann og røyk spreier seg. Installasjonar som er føresett å ha ein funksjon under brann, skal være prosjektert og utført slik at funksjonen vert oppretthalden i nødvendig tid. Kanalar og ventilasjonsutstyr må vere festa slik at det ikkje dett ned eller bidreg til auka fare for brann- og røykspreiing. Røyrgjennomføringar i brannskiljande konstruksjonar må vera tetta med tettemasse godkjent for den aktuelle bruken slik at brannmotstanden ikkje vert redusert. Straumforsyning/kablar som går til installasjonar som skal ha ein funksjon under brann og sløkking må under ein brann oppretthalde funksjonen dei er meint å skulle ha i minst 60 minutt. Det må nyttast spesialkablar berekna for denne typen bruk. Eventuelle gjennomføringar i brannskiljande konstruksjonar må tettast på godkjent måte. 11-12 TILTAK FOR Å PÅVIRKE RØMMINGS- OG REDNINGSTIDER Byggverk skal utformast og utførast for rask og sikker rømming. Den tida som er tilgjengeleg for rømming, skal vere større enn den tida som er nødvendig for rømming frå byggverket. Byggverk i risikoklasse 5 skal ha heildekkande brannalarmanlegg kategori. Branntekniske installasjonar som har betydning for rømnings- og sløkkeinnsats skal vere tydeleg merka. Cafe og rømningsvegar må utstyrast med ledesystem. 11-13 UTGANG FRÅ BRANNCELLE Frå branncelle skal det være minst ein utgang til sikker stad eller til rømmingsveg som har to alternative rømmingsretningar som fører vidare til ulike rømmingsveier eller sikre stader. Utgangane skal vera hensiktsmessig fordelt i lokalet. For dimensjonering leggast det til grunn fri breidde i rømningsveg på 1cm pr person. Minstekravet til fri breidde i rømningsveg i risikoklasse 5 er 1,2m. Dør skal kunne opnast med eitt grep utan bruk av nøkkel. Låsesystemet på dør i rømningsveg må vera slik at det er mogeleg å vende tilbake dersom rømningsveg skulle vera blokkert. Maksimal lengde på fluktveg i branncelle(til næraste utgang/rømningsveg) i risikoklasse 5 er 30m. Det er utgang til sikker stad frå begge plana. Toalett i plan U1 under cafe må ha ein alternativ rømningsmulighet i tillegg til interntrappa opp i cafeen. Forslag til rømningsveg er vist i brannteikningane. side 5 av 6
11-14 RØMNINGSVEG Rømningsveg skal på oversiktleg og lettfatteleg måte føre til sikker stad. Heis kan ikkje vera ein del av rømningsveg. Dør til rømningsveg må lett kunne opnast slik at den er enkel å bruke for alle personar. At dør skal vera lett og opne for alle vil normalt seia at døra skal kunne opnast med mindre kraft enn 20N. Dør som krev større opningskraft enn 20 N må ha opningsautomatikk. Avstand frå dør i branncelle til næraste utgang eller trapp skal vera maksimalt 30m når det er fleire utgangar. Det er mindre enn 30m til næraste utgang frå begge plan. 11-16 TILRETTELEGGING FOR MANUELL SLØKKING Det er krav om brannslangar for bygg i risikoklasse 5 med plassering og antal som dekker heile bygningen, og som kan nyttast for effektiv sløkkeinnsats i startfasen til brannen. Brannteikningane viser foreslått plassering av brannslangar og sløkkeapparat i dei aktuelle areala. 11-17 TILRETTELEGGING FOR REDNINGS- OG SLØKKEMANNSKAP Alle byggverk skal plasserast og utformast slik at rednings- og sløkkemannskap, med nødvendig utstyr, har brukbar tilgjengelegheit til og i byggverket for rednings- og sløkkearbeid. Holrom og sjakter må vera tilgjengelige for inspeksjon Det må vera brannkum innanfor 25-50m frå inngangen til hovudangrepsveg for brannvesenet. Sløkkevasskapasiteten må vera minst 50l/s, fordelt på minst to uttak. Opne vasskjelder må ha kapasitet for minst 1 times tapping. Bygningane er tilgjengeleg frå dei fleste fasadar. I denne rapporten legg ein til grunn at det er brannvassuttak frå kommunalt nett i området. Ein legg også til grunn at brannvesenet har relativt kort innsatstid til bygget. SÆRSKILTE FORHOLD VED OMBYGGINGA Under ombygginga bør det vera nedfelte rutiner ved utkopling av brannalarm eller sprinkleranlegg. Det bør også vera spesielt fokus på rutiner ved varme arbeid. KONKLUSJON Ombygginga ved Hausmannsgate 34-38 vil vera i samsvar med sikkerheitsnivået i TEK 10 dersom tiltak foreslått i denne rapporten vert fylgd, jf preaksepterte ytelsar i VTEK. side 6 av 6