ORDENSREGLAR TRESFJORD OPPVEKSTSENTER

Like dokumenter
ORDENSREGLAR FOR TRESFJORD SKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Heilt einig. Litt einig

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007


RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Kvalitetsplan mot mobbing

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Foreldremøte 19. september 2018

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

Forord

1. AVDEKKING AV MOBBING

Handlingsplan mot mobbing og antisosial åtferd ved Indre Hafslo oppvekstsenter

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Øystese barneskule April - 08

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

Plan mot mobbing og mistrivsel

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Plan for tryggleik og trivsel ved Tangen skule

Handlingsplan mot mobbing. for. Lensvik skole

Skulestart Repetisjon

Kvalitetsplan mot mobbing

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Barnerettane i SKULEN

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Transkript:

(avd. skule)

ORDENSREGLAR TRESFJORD OPPVEKSTSENTER Slik vil vi ha det: Gjennom allsidige aktivitetar og varierte arbeidsmåtar ynskjer vi at elevane skal trivast og lære. Alle elevar har både rettar og plikter, derfor er det viktig at alle deltek og viser ansvar. Trivsel og tryggleik Du skal gjere ditt for at det vert triveleg og trygt for oss alle. Tresfjord oppvekstsenter skal vere fritt for mobbing og uønskt åtferd. Dette betyr at du: - har fin språkbruk og viser god folkeskikk. - har ansvar for straks å seie frå om du meiner at nokon blir mobba. - syner respekt og omsorg for andre, og for det andre eig. - skal gjere ditt for at det er god orden, både ute og inne. - hengjer frå deg yttertøy i garderobane og nyttar innesko. Læring Du har ansvar for at du sjølv og alle andre får best mogleg utbytte av skuledagen. Dette betyr at du: - deltek godt i gruppearbeid, samtalar og framføringar. - hjelper andre og får hjelp sjølv. - møter til avtalt tid og har med deg nødvendig utstyr. - kan gje uttrykk for eigne synspunkt og meiningar på ein positiv måte, samtidig må du respektere at andre har dei same rettane. - - - - - - - - t Det er ikkje lov med tobakk, snus og rusmiddel. Kvar klasse lagar eigne klassereglar med utgangspunkt i ordensreglementet. Alle reglar og rutinar som gjeld for skulen er ein del av ordensreglementet. Ordensreglane skal gjerast kjent for foreldre og elevar. t - - - - - - - - «EIT TRYGT OG GODT FELLESSKAP FOR LEIK OG LÆRING.» Revidert august 2016

Innhald: Definisjon av omgrep s.1 Målsetjing s.1 Føresetnader for å lukkast med å førebyggje mobbing s.1 Inndeling av plan s.1 A Førebyggjande arbeid s.1 A1. Skape eit positivt miljø mellom alle i skule- s.1 samfunnet A2. Arbeide for å skape trygge tilhøve for s.2 skuleskyssen/på skulevegen B Tiltak når ein oppdagar mobbing s.2 C Samarbeidspartnarar s.3 D Handsaming og godkjenning s.4

Konflikt eller mobbing? Konflikt: Det er eit klart skilje mellom konflikt og mobbing. Ein konflikt handlar oftast om noko som nokon har gjort, noko som har hendt eller om korleis noko skal gjerast. Det er oftast eit jamt styrkeforhold mellom partane og dei kan velje å trekkje seg ut av konflikten. Her handlar det om å få viljen sin, ikkje å skade den andre. Vi snakkar ikkje om mobbing ved vilkårleg erting, konfliktar, enkelttilfelle av slåssing og utestenging som til dømes når barn blir sinte på kvarandre, tek leiker frå kvarandre eller spring opp i raseri for eitt eller anna. Mobbing: - Ein person blir mobba når han eller ho, gong etter gong og over ei viss tid blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Ein viktig føresetnad er også at det er ubalanse i styrkeforholdet mellom den som blir utsett, og den eller dei som utfører dei negative handlingane. (Dan Olweus, professor i psykologi ved Universitetet i Bergen) - Med mobbing meiner vi gjenteken negativ eller "vondsinna" åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskar med å forsvare seg. Gjenteken erting på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing. (Elevundersøkelsen) Målsetjing: Tresfjord oppvekstsenter skal vere fri for mobbing og uønskt åtferd. Vi skal arbeide kontinuerleg for å sikre barna sine rettar til eit godt læringsmiljø. Verksemda skal drivast etter 9a i opplæringslova slik at det blir tatt omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa/utviklinga til barna. Det inneber at vi ikkje aksepterer mobbing eller andre former for krenkjande åtferd verken på oppvekstsenteret, på skulevegen, på arrangement i regi av oppvekstsenteret eller ved bruk av digitale media. Føresetnader for å lukkast med å førebyggje mobbing: - Gode rutinar for tilsyn og kontroll. - Eit miljø prega av trivsel og tryggleik. - Skulerte og engasjerte lærarar og andre tilsette som tek problemet alvorleg. - Eit ope og tillitsfullt samarbeid med foreldre og føresette. Planen er delt inn i tre hovuddelar: A) Førebyggjande tiltak - skal skape trivsel og tryggleik - byggjer på skulen sine ordensreglar B) Tiltak når ein oppdagar mobbing C) Samarbeidspartnarar 1

A) Førebyggjande arbeid A1. Skape eit positivt miljø mellom alle i oppvekstsentersamfunnet Her må vi byggje vidare på dei tiltaka vi allereie har i gang. (sjå dei sosiale aktivitetane i årshjulet) Mellom barna: - Kvar haust utarbeider klassane trivselsreglar, der mobbing er tema. - Elevundersøkinga obligatorisk for alle elevar frå 5. 7. klasse. (1. 4. klasse gjennomfører eiga undersøking) - Miljøarbeid i klassane. Kontaktlærarar deltek i klasseråd og har fokus på dette. - Aktiv deltaking frå elevrådet. Skulemiljøarbeid - fast sak på saklista i kvart møte. - Sosiale aktivitetar. (Ev. overnattingstur i løpet av mellomsteget.) - Aktivitetsdagar. - Solidaritetsarbeid. - Deltaking på arrangement i regi av Kultursekken. - Felles fjellturar. - Uteskule, 1.-4.klasse - aldersblanda. - Store og små i lag (t.d. vere ute i lag, «delestund», halde på i gymsal, leseøkter, leike, spele spel, teikne, songstunder, lage og ete "enkel" mat i lag, førestillingar og framføringar). - elevar og barnehageungar gjer ting i lag (ved høgtider, lunsj, besøk) - Varierte arbeidsmåtar for å skape motivasjon og trivsel. - Aktiv deltaking frå trivselsleiarar i matpausen for å skape positive aktivitetar på tvers av klassane følgje opp intensjonen i trivselsprogrammet. Mellom dei vaksne: - Skulering framstå som tydelege og profesjonelle yrkesutøvarar. - Arbeide med felles haldningar til grensesetjing. Felles praktisering av reglar. - Kort drøfting i samrådingstid ein gong i veka. - Lærarar og assistentar har samtalar om observasjonar som er gjort i timar og friminutt. Aktuelle moment må noterast ned. - Oppsummeringsmøte etter kontaktmøta haust/vår. - Medarbeidarsamtalar. (leiing og tilsette) - Gjennomgang av elevundersøkelsen på foreldremøta i vårhalvåret. - Samarbeid mellom oppvekstsenteret og heimane for å beskytte barna mot digital og anna mobbing. Mellom dei vaksne (tilsette og foreldre) og barna: - Elevsamtalar m/fokus på temaet. - Sosiale aktivitetar. - Samarbeid med foreldrekontaktane for å skape felles plattform heim/oppvekstsenter. - Ta opp temaet miljø og mobbing på kontaktmøta. - Drive aktivt tilsyn i friminutta for å skape trivsel og tryggleik. Tydelege og synlege tilsynsvakter der alle nyttar refleksvestar. - Drive aktivt tilsyn der ein motiverer alle aldersgrupper til positiv aktivitet. - Aktivitetskveld på skulen i regi av FAU på fredagskveldar 1 gong haust/vår for m-steg. - Temakveldar der elevar/barna og foreldre deltek saman. (t.d. sosial kveld) A2. Arbeide for å skape trygge tilhøve for skyssen/på skulevegen Oppvekstsenteret og FAU må samarbeide med kommunen og busselskapet for å: - Unngå unødig lang ventetid for elevane om morgonen/etter skuletid. - Sikre at elevane kjem fram i god tid før skuledagen begynner. - Utveksle informasjon til det beste for barna. - Felles forståing for kva som er høveleg åtferd. - Skape eit triveleg miljø på bussane. (t.d. sikre at alle får sitjeplass, unngå vandring i bussen) 2

B) B1. Tiltaksplan på individnivå når mobbing blir avdekt i skulen (viser til gjeldande rutinar i Vestnes kommune når mobbing blir oppdaga i skulen datert 18.06.10). Den vaksne/den tilsette grip inn i situasjonen der og då, og snakkar med dei involverte elevane, deretter seier den vaksne i frå til aktuelle kontaktlærarar. Kontaktlærar(ar) vurderer om dette er konflikt eller mobbing. Dersom mobbing vert avdekt drøftar kontaktlæraren situasjonen med rektor, før problemhandterar eventuelt vert kopla inn. Problemhandteraren samtalar med dei involverte etter følgjande framgangsmåte. Kort momentliste som viser vidare saksgang: * Innhenting av presis informasjon av nyare dato frå: lærar(ar), foreldra til offeret, offeret, ev. andre som har opplysningar. Ei observasjonsveke kan vere aktuelt. * Problemhandteraren avklarar med rektor: kven ein skal prate med, når samtalar skal skje. * Problemhandteraren snakkar med offeret, inngår allianse, forklarer kva han vil gjere og bestemmer tidsplan. * Problemhandteraren orienterer foreldra til offeret om kva som bør/må skje. * Problemhandteraren samtalar med mobbarar (ein etter ein) etter klar tidsplan, der dei ikkje har høve til å prate med kvarandre i mellomtida. Lærar som har timen passar på dette. * Problemhandteraren samtalar med alle mobbarane samla, oppsummerer, skisserer arbeidsoppgåver framover. * Problemhandteraren går gjennom arbeidsoppgåver og tidsplan med offer og mobbar(ar) i lag. * Problemhandteraren gjennomfører oppfølgingsmøte med offer og mobbar etter ein fast oppsett plan. Første møte etter 3-4 dagar, deretter ein gong i veka (så lenge det er naudsynt) i minimum eit par månader. Seinare kan det vere lengre mellom oppfølgingsmøta. * Problemhandteraren vurderer når han skal ta kontakt med mobbar(ar) sine foreldre. (Fullstendig tiltaksplan - Sjå PedIT, Vestnes kommune: "Rutinar når det blir oppdaga mobbing i skulen".) Bortvising skal berre nyttast i særhøve. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vurderast først. Ved skade eller øydelegging av ein annan elev sine eigendelar som skuldast mobbing, blir mobbaren stilt økonomisk ansvarleg. Grove tilfelle av digital mobbing blir meld til politiet. 3

C) Samarbeidspartnarar - Foreldre/føresette. - PPT- gjennom faste møte med oppvekstsenteret. - Helsesøster - gjennom faste kontordagar ved oppvekstsenteret. - BUT (Barne- og ungdomstenestene i Vestnes v/team aust når det er behov for tverrfagleg kompetanse eller når barnevernet må koplast inn.). - Tverrfagleg team gjennom faste møte med oppvekstsenteret - BUP/BUA (Barne- og ungdomspsykiatri ved alvorlege åtferdsavvik som treng spesialkompetanse.). - Ideelle organisasjonar og kampanjar som t.d. Barnevakten, Bruk hue - brukt til skulering og haldningsskapande arbeid Vestnes kommune som skuleeigar blir orientert om alvorlege tilfelle av mobbing. D) Handsaming og godkjenning Som ein del av skulevurderinga skal denne planen vere ei rettesnor i det vidare arbeidet. Tilsette, elevrådet, FAU og Skulemiljøutvalet skal drøfte planen ein gong i året. Etter desse drøftingane rullerer leiinga ved oppvekstsenteret planen, og legg han fram for samarbeidsutvalet for endeleg godkjenning. Handlingsplanen er handsama og godkjent: Råd eller utval Dato og sign. Elevråd: Foreldreråd: I personalet: Samarbeids- og skulemiljøutvalet: 4