VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 2008/2798 Saksbehandlar: Rolf Heggem Dato: 21.10.2008 Regulativ for saksbehandling av byggjesaker m.m. for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Kommunestyret vert rådd til å gjere slikt vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 109 vedtek Vestnes kommunestyre nytt regulativ for saksbehandling av byggesaker slik dette går fram av forslag datert 21.10. 2008. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Byggesaker: I forslag til endring av gebyrsatsane for 2009 er det foreslått generell prosentvis auke på 5 % på gebyra frå i 2008. Det er også ønskjeleg å kunne samanlikne gebyra med nabokommunane sine t.d. Rauma, og liggje på same nivå. Det vil gjere det meir føreutsigbart for aktørar som arbeider i begge kommunane å vite kva gebyret for eit bestemt tiltak vil vere. Ei slik tilpassing av nivået er teke inn i regulativet for følgjande punkt i tabell for byggjegebyr. Inkludert den prosentvise auka på 5 % gjev det følgjande endring av basisgebyr: Punkt 01. i, j, w og x. Bustadar. Tilbygg, påbygg, ombygging og andre tiltak på bustadeigedom. Gebyr på kr 620,- er endra til kr 1010,-. Punkt 02. Industri og lagerbygg, 02 a, fabrikk og verkstadbygg vert endra frå kr 4070,- til kr 5220,- 02 b, produksjonshall vert endra frå kr 3050,- til kr 5220,- 02 c, bygg for reinseanlegg vert endra frå kr 3050,- til kr 3480,- 02 d, bygg for kraftstasjon vert endra frå kr 3050,- til kr 4140,-. Gebyrsatsane blir då slik det går fram av forslag datert 21.10.2008. Ved å sende inn byggjesøknaden elektronisk, vil søkjaren få ein rabatt på 10 %. Gebyrnivået i Vestnes ligg i underkant av gjennomsnittet for kommunar i regionen.
Regulativet bygg på eit felles oppsett for fleire kommunar i regionen. Inndelinga av regulativet er slik at det stemmer med dei nasjonale inndelingane av bygningar og tiltak. Private reguleringsplanar: I regulativet er det også tatt inn gebyr for behandling av private reguleringsplanar. Dette har også vore med tidlegare, og omfattar saksbehandling av planforslag fremja av private tiltakshavarar. Gebyret har i 2007 vore kr 22500,- for kvar plan. Dette har vist seg å vere i lavast laget for å dekkje dei reelle utgiftene. Administrasjonssjefen vurderte i 2006 at kr. 30000,- var eit rett nivå for gebyret, og rådde til ei justering med kr. 2500,- då og forholdsvis like mykje kvart år til ein nådde dette nivået. Dette vart vedteke. Gebyret for 2008 vart etter dette kr ( 22500 + 2500) x 3 % = kr 25750,-. Gebyret for 2009 vert etter dette kr (25750 + 2500) x 5 % = kr 29660,-. Spesielt for regulert område på Tomrefjellet har det vore mange søknader om flytting av hyttepunkt. Dette er heimla i Reguleringsplan for Tomrefjellet som ei mindre vesentleg reguleringsendring. Verkninga av dette kan jamstellast med at det vert gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen. Arbeidsmessig vil administrasjonssjefen vurdere desse to sakstypane til å vere tilnærma lik og at gebyret for saksbehandling også bør vere likt, og da likt med gebyret for dispensasjon. Det vert teke inn i regulativet at flytting av hyttepunkt som vert behandla som mindre vesentleg endring av reguleringsplan får eit gebyr på kr. 3200,- Seksjonering: I regulativet er det også tatt inn gebyr for å behandle søknader om seksjonering av fast eigedom og tildele seksjoneringsnummer. Regulativet gjeld også for reseksjonering, samanslåing av seksjonar, eller sletting av seksjonar. Dette har også vore med tidlegare. Deling: I regulativet er det også tatt inn gebyr for å behandle søknader om deling etter plan og bygningsloven. Dette er eit gebyr som er heimla i pbl 109. For gebyr som ikkje går inn under gebyrtabellen, kan gebyr reknast etter medgått tid etter timesatsar som er i regulativet under 14, for kontorarbeid og feltarbeid kr. 600,- pr. time. For å hente inn løyve, samtykke eller uttale frå anna myndigheit kræves eit gebyr pr. myndigheit kr. 600,-. VURDERING: Det framlagde forslaget er ei mindre justering av eksisterande satsar for saksbehandling av byggesaker, og endrar såleis ikkje det eksisterande nivået vesentleg. Vestnes kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Gjeldande frå :01.01.2009 Vedtatt av Vestnes kommunestyre: REGULATIV FOR SAKSBEHANDLING AV BYGGESAKER, PLANSAKER, SEKSJONERING OG DELINGSSAKER.
BYGGESAKSBEHANDLING. ALMINNELEGE BESTEMMELSAR Dette er gebyr vedtatt med heimel i plan- og bygningslova sin 109 og gjeld tiltak som blir behandla etter forskrift om saksbehandling og kontroll av 24.06.03 nr. 749. Gebyrregulativet tek utgangspunkt i dei bygningstypane som er definert i GAB-registeret. Regulativet avspeglar det faktiske saksbehandlingsarbeidet dei forskjellige sakstypane fører med seg. Gebyret er bygd opp av to element - eit basisgebyr, som avspeglar hovudtyngda av arbeidet innanfor kvar sakskategori avhengig av tiltaksklasse, og eit arealgebyr, som fangar opp meirarbeid som følgje av storleiken på bygget. I tillegg kjem gebyr for ajourføring av kartverk med evt. innmåling, godkjenning av den/dei ansvarlege samt gebyr for behandling av eventuelle dispensasjonar. Areal reknast etter NS 3490 ( bruksareal ). 1 Gebyret omfattar Totalt gebyr omfattar: Saksbehandling, andel av administrasjonskostnadar knytt til saka, godkjenning av ansvarlege, dokumentkontroll, evt. tilsyn, ajourføring av kartverk og nødvendige attestar. Gebyret bli utstedt til tiltakshavar. Gebyret omfattar ikkje plassering av bygningar og konstruksjonar i terrenget etter 25 i forskrift om saksbehandling, eller innmåling av dei same. 2 Betalingsplikt Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr. 3 Gebyrberekningstidspunkt/Avregning Gebyret blir berekna etter dei satsane som gjeld på det tidspunkt kommunen mottek tilfredstillande melding eller søknad 4 Fakturerings- og betalingstidspunkt Når vedtak i samband med søknad om rammetillatelse blir gitt, blir normalt 50 % av fullt gebyr ( basis og arealgebyr ) fakturert. ( 1. trinn ) Dei resterande 50 % blir fakturert etter at igangsettingstillatelse er gitt ( 2. trinn ) Ved trinnvis igangsetting betalast eit ekstra gebyr pr. igangsettingstillatelse frå og med 2. trinn, beløp kr 600,- Gebyr for rammetillatelsen skal være betalt før igangsettingstillatelse blir gitt. Søknad om ansvarsrett, lokal og /eller sentral godkjenning skal betalast 100 % når rammetillatelse blir gitt. Endring av ansvarsforhold i eit tiltaket etter at byggeløyve eller igangsettingstillatelse er gitt blir belasta med basisgebyr kr. 600 i tillegg til gebyr for lokal - og/eller sentral godkjenning. Gebyr for evt. dispensasjon skal betalast 100 % når rammetillatelse blir gitt. Beløp under kr. 6.000,- skal ikkje delast og forfell til betaling 30 dagar etter fakturadato. Samla gebyr under kr 500,- blir ikkje fakturert. 5 Kombinerte bygg Er bygningen samansett av fleire funksjonar, blir gebyret berekna etter den funksjonen som har størst areal 6 Midlertidige bygningar og bruksendringar. Ved midlertidige bygningar betalast fullt gebyr etter den kategori bygget elles høyrer til. Ved bruksendringer der det ikkje blir gjort ombyggingar, skal det betalast 25% av basisgebyr for den kategorien bygget skal brukast til. Ved bruksendring der det blir gjort ombygging gjeld regulativ for ombygging. Ved bruksendring av ein eigedom sitt arealformål, skal det betalast eit behandlingsgebyr på kr 840,-.
Der bruksendringa krev dispensasjon, kjem i tillegg gebyr for dette i samsvar me tabell nr 10. 7 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar Ved prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar, blir gebyret rekna etter samla tiltaksklasse for bygget. Tiltakksklasse fastsettes av kommunen etter forslag frå ansvarleg søkjar. 8 Avslag Ved vedtak som fører til avslag på ramme/igangsettingstillatelse/melding/enkle tiltak/eitt trinns søknadsbehandling, eller søknad om deling av grunneigedom, blir tiltakshavar belasta med 50 % i forhold til opprinneleg fullt gebyr ( basis og arealgebyr ). Dette gjeld også der det er overordna mynde som gjev avslag. Ved avslag på søknad om ansvarsrett betalast fult gebyr i samsvar med tabell nr 16. Ved avslag på søknad om dispensasjon betalast fult gebyr i samsvar med tabell nr 10. 9 Urimelige gebyr Dersom gebyret må sjåast på som klart urimeleg i forhold til det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt med saka, eller av andre grunner er urimeleg, kan administrasjonssjefen fastsette høveleg gebyr. 10 Klageadgang Fastsetjinga av gebyr i den einskilde sak kan ikkje påklagast. Administrasjonssjefen si avgjerd av søknad om reduksjon av gebyr, kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. 11 Ulovleg bygging På grunn av kommunen sine meirutgifter ved saksbehandling av ulovleg igangsette eller utførde tiltak, skal det betalast etter medgått tid og satsar i 13 i dette regulativet. Minstegebyr: 3 gonger basisgebyr, minimum kr. 2.500,-. I tillegg kan kommunen krevje dekning for sine kostnader til sakkyndig bistand. Gebyret skal også betalast der søknaden medfører avslag. Ved pålegg etter plan og bygningsloven, skal det betalast etter medgått tid, minimum et minstegebyr, kr. 600,- 12 Gebyr for sakkyndig bistand Kommunen kan i særlege tilfelle rekvirere sakkyndig hjelp for å få gjennomført nødvendig inspeksjon i samsvar med pbl 97.2 og 109. For slik sakkyndig bistand vil det bli kravd eit gebyr, etter medgått tid, kr 600,- pr time, i tillegg til konsulentutgiftene. 13 Gebyr for medgått tid For gebyr som ikkje går inn under gebyrtabellen, kan gebyr reknast etter medgått tid, etter følgjande timesatsar: a) kontorarbeid: kr. 600,- b) feltarbeid: enkeltpersonkr. 600,- målelag kr. 1200,- 14 Tillegg for mangelfull søknad eller melding. Saksbehandlingsgebyret aukar med 25 % i saker kor det vert meirarbeid på grunn av mangelfull søknad eller melding. Dvs. saker kor det må skrivast brev til søkjar om tilleggsdokumentasjon. Dette gjeld også saker der estetikk er dårleg dokumentert og kor det vil vere naudsynt med synfaring før søknad/meldinga kan handsamast. 15 Tilsyn/avviksbehandling. For behandling av rapportert avvik eller avvik som er avdekka gjennom tilsyn, er gebyret pr. behandla avvik, etter medgått tid kr 600,- pr. time. Minimumsgebyr kr. 600,-
16 Avgjerd eller uttale frå andre myndighetar. For å hente inn løyve, samtykke eller uttale frå anna myndigheit etter plan og bygningsloven 95 nr. 3, kræves eit gebyr pr. myndigheit, kr. 600,- PRIVATE REGULERINGSPLANAR. Alminnelege bestemmelsar. I plan- og bygningslova er det tatt inn reglar for behandling av reguleringsplanar, også dei som blir fremja som private forslag. Kommunen har ansvar og mynde for at desse blir behandla i tråd med reglane. Dette er gebyr vedtatt med heimel i plan- og bygningslova 109. 17 Gebyret omfattar For den kommunale behandlinga av reguleringsplanar eller endring av slike, som blir fremja av private tiltakshavarar, er gebyret sett til kr. 29660,- for kvar plan. Dersom planen blir levert i digital form - og sosiformat blir det gitt 25 % rabatt. Gebyret omfattar all kommunal behandling, intern kopiering og annonsering. Kostnader til evt. arkeologiske undersøkingar, støyberekningar eller andre nødvendige konsulentarbeid fell på tiltakshavar. Reguleringsplanar som vert søkt endra som mindre vesentleg endring for eit behandlingsgebyr på kr 32oo,-. Flytting av hyttepunkt innafor regulert område i samsvar med reguleringsformålet og der søknaden om dette vert behandla som mindre vesentleg reguleringsendring, vert belagt med behandlingsgebyr på kr 3200,-. SEKSJONERING AV BYGNINGAR. Kommunen er pålagt å behandle søknader om seksjonering av fast eigedom. Dette skal skje i medhald av eierseksjoneringsloven. Dette gebyret er vedtatt med heimel i lov om eierseksjoner 7, femte ledd. 18 Gebyret omfattar Gebyret omfattar all kommunal behandling av søknader om seksjonering av fast eigedom. Utgifter til tinglysing av seksjonummer og evt. nytt målebrev kjem utanom. Gebyret er sett til kr. 1330, - pr. sak. DELING AV GRUNNEIGEDOM. Kommunen er pålagt å behandle søknader om deling av grunneigedom. Dette skal skje i medhald av plan og bygningsloven sin 63. Dette gebyret er vedtatt med heimel i plan og bygningsloven sin 109. 19 Gebyret omfattar. Gebyret omfattar all kommunal behandling av søknader om deling av fast eigedom etter plan og bygningsloven 63. Gebyret omfattar også saker som vert behandla som
grensejustering. Eventuelle dispensasjonar i samband med delinga, kjem i tillegg og fakturerast etter regulativet sitt punkt 10 i tabellen over dispensasjonssøknader. Utgifter til tinglysing og evt. målebrev kjem utanom. Deling eller grensejustering i regulert område i samsvar med reguleringsformålet kr. 840. Deling eller grensejustering i regulert område, der delingsformålet ikkje er i samsvar med reguleringsformålet kr. 840,-. Deling eller grensejustering i områder omfatta av kommuneplanen sin arealdel, i samsvar med arealformålet, kr. 840,-. Deling eller grensejustering i områder omfatta av kommuneplanen sin arealdel, der delingsformålet ikkje er i samsvar med arealformålet, kr. 840,-. Dersom søknaden om grensejustering eller deling må behandlast etter jordloven 9 og/eller 12 også, kjem eit behandlingsgebyr på kr 840,- i tillegg. I saker kor det er naudsynt med synfaring før søknaden kan bli behandla, blir gebyret auka etter medgått tid etter timepris kr 600,- minimum kr.600,-. For å hente inn løyve, samtykke eller uttale frå anna myndigheit krævs eit gebyr pr. myndigheit kr. 600,-. Ved vedtak som fører til avslag blir tiltakshavar belasta med 50 % i forhold til opprinneleg fullt gebyr. Dette gjeld også der det er overordna mynde som gjev avslag. Ved avslag på søknad om dispensasjon betalast fult gebyr i samsvar med tabell nr 10. Vestnes, 21.10.2008 Vurdering: Særutskrift til: Vedlegg: 1 Regulativ for saksbehandling av byggjesaker m.m.