Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016 Med språket som basiskompetanse i dagligtalen har me fokus på at alle barna får delta aktivt med å fortelje og prate rundt både frukostbordet, lunsjbordet, i samling, i leik både inne og ute. Me øver på at barna skal lytte til den som pratar, og at me pratar med dei som ein sit på bord saman med. Med lunsjbordet øver me mykje på at barna skal lære seg å spør dei andre barna om å sende brød, pålegg, mjølk til kvarandre. Me har endeleg fått kjenne på sommaren og. Sola har gitt oss mange fine dagar, og me har tilbragt store delar av dagen ute. Me har gått turar i nærmiljøet, og ein dag pakka me sekken og gjekk Rambergsvegen bort til Stølsveien. I Rambergsvegen fekk barna springe fritt etter ein voksen til stor iver.. Håpar på fleire fine turar framover. Då barnehagen vart vaska ned, var me ute på leikeplassen frå barnehagen opna. Det var spennande og starte dagen på denne måten, med å få sjå sola som kom over fjellet og ned på leikeplassen. Frukosten smakte godt ute i det fri! Også i mai har det vore stor interesse for småkryp og fuglar. Spurven som har reir på hustaket ovanfor Maurtua flyr stadig ut for å finne mat til sine små. Barna følger ivrig med på fugleaktiviteten. Sneglar og markar leitar barna etter kvar dag på murar og i jorda. Ein dag «arrangerte» nokon barn og ein voksen snegelløp i bakken ned til sandbassenget. Dei laga til både start og målstrek, og fulgte ivrig med på kven som kom til å vinne. Barna heia og heia på sneglane, og venta spent på kven som kom i mål først. Barna måtte hjelpe sneglane til å gå riktig veg, og til slutt vart det ein vinnar. I forming har barna laga 17. mai blom og fargelagt det norske flagget.
Når det gjeld kropp, bevegelse og helse, så kler barna av og på seg sjølv. Om noko er vanskeleg så hjelper og støtter me voksne. Er me opptatt får dei gjerne hjelp av ein venn. Fint og sjå at barna hjelper kvarandre, og dei utstråle stor glede når dei mestrer. Det er viktig med gjentakelse og repetisjon, for at barna skal få automatisert sin kunnskap og utføre sine handlingar på ein naturlig og sjølvstendig måte. Viktig at de legg inn tid til at barnet får øva på ting heime og, som å kle av og på seg sjølv, ta av og på seg sko, smøre sin egen mat, sende til kvarnadre m.m. Stig Van Eijk kom tilbake 30. mai. Gleda var stor, og barna gløda med sitt engasjement. Han kjem attende 6. juni og me øver på programmet til underholdningen på sommarfesten 9. juni kl 16. Gled dere! I juni håpar me på mykje finever, slik at me kan kome oss på turar i nærmiljøet, både med og utan mat. På føremiddagen 16. juni skal heile barnehagen på tur til 4-H gården på Garnes. Nærmare informasjon følger. 17. juni har me avslutningslunsj med Taco. Barna som skal byrje på skulen er inne i sin siste måned i barnehagen, og me har eit spesielt fokus på at det kan røre seg ulike følelsar hjå barna. Det er viktig med ein god avslutning i barnehagen. Me skal ha ei liten markering for dei komande skulebarna under lunsjen den 17. juni. Praktisk informasjon - Sommaren er her, men det kan vere kaldt(ha med ull/fleece) - Ha med sommardress - Fyll opp reservetøy - Sjekk regnklede, dressar og sko, ta med heim for tørk/vask ved behov - Ha gjerne solbriller i barnehagen - Panneband/ caps/tynn hue/hanskar - Hugs å smøre barnet om morningen
ME ØNSKER DERE ALLE EIN RIKTIG GOD SOMMAR! Felles informasjon juli Barnehagen er sommarstengt i veke 29 og 30(18. 31. juli). I veke 27(4. 10. juli) holdes alle avdelingen opne som vanleg, men Andedammen og Knøtttene vil vera saman store delar av dagen. I veke 28 (11. 17. juli) vil me slå saman avdelingane. De vil få nærmare informasjon om dette i veke 27. Me vil henge opp eit oppslag på avdelingen. Mest sannsynleg vil det vere ein liten og ein stor avdeling som vert benytta, og store delar av dagen vil barna vera samla på ein avdeling. AUGUST Barnehagen opnar mandag 1. august, og nye barn byrjar i barnehagen. Det er endå ferieavvikling for barn og personalet. Frå 15. august er det normal drift igjen i barnehagen. Me ønsker 6 nye barn velkommen frå Knøttene til Bikuben i august. Neste månedsbrev kjem 1. september. Kontakt på Bikuben: 53 08 38 83 eller mobil: 99 28 33 79 Følg elles med på barnehagens nettside: https://bergen.kommune.no/omkommune/avdelinger/barenhager/arnatveit-barnehage/2637. For personalet på Bikuben Ingrid Alvsaker Nordbø.
MÅNEDSPLAN BIKUBEN MAI 2016 FOKUS: Relasjonar, vennskap og dei eldste barna si siste tid i barnehagen FOKUS; Språk, sommar og leik MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG UKE 22 30. Sangstund Knøttene Stig Van Eijk 31. 1. Juni 2. Kl 9.30 går barna som skal byrje på Ådnamarka på skulebesøk til kl 11 3. UKE 23 6. Sangstund på Maurtua 7. 8. 9.Sommarfest kl 16 17.30 10. Stig Van Eijk UKE 24 13. Sangstund på Bikuben 14. 15. 16. Sommartur til 4-H gården 17.Varm avslutningslunsj på alle avdelingane UKE 25 20. Sangstund på Andedammen 21. 22. 23. 24.