Sunnfjord Skyttarsamlag REFERAT OMBODSMØTE 23.11.2014 Møtestad: Skyttartun, Førde skyttarstadion Tidspunkt: 12.00 - ca 16.30 Sakliste 1. Konstituering Val av møteleiar Christian Rekkedal vart føreslegen. Vedtak: Christian Rekkedal vald samrøystes. Godkjenning av innkalling og sakliste Møtedato vart kunngjort i terminlista for 2014. Påminning per e-post med førebels sakliste vart sendt til alle skyttarlag 06.10.2014. Det kom ikkje inn forslag til fleire saker. Innkalling med endeleg sakliste vart sendt ut per e-post 02.11.2014. Vedtak: Samrøystes godkjent. Val av fullmaktskomitè Val av fullmaktskomitè til å godkjenne tal utsendingar (sjå skyteboka 5-11 side 1-11) Sjå vedlagt tabell over tal utsendingar. Toralf Årdal og Ole Jørgen Grytten føreslegne Vedtak: Toralf Årdal og Ole Jørgen Grytten valde samrøystes. Val av to til å signere protokollen Leiaren og to andre skal godkjenne referatet. Ørjar Eiken og Ole Jørgen Grytten føreslegne i tillegg til leiar. Vedtak: Ørjar Eiken, Ole Jørgen Grytten og Christian Rekkedal valde samrøystes. Side 1
2. Årsmelding frå styret Frå styret ved Christian Rekkedal Styret har hatt følgjande medlemmar: Leiar Christian Rekkedal Nestleiar Torleif Skudalsnes Sekretær Ole Jørgen Grytten Styremedlemar: Reidun Kristin Knapstad, Merete Grimestad Birkeland og Erling Melvær Leiar i Ungdomsutvalet Ørjar Eiken Utdanningskontakt Kjell Eide Vara: Janne Haugnes har vorte innkalla og møtt fordi Erling ikkje har kunne delteke. Styret har hatt tre ordinære styremøte og elles kommunisert pr e-post. Av saker vi har handtert kan nemnast: Konstituering, planlegging av fylkesstemne, oppfølging og planlegging av terminliste, nye felles skyttarlagsjakker i Sunnfjord, drøfta sakene til Skyttartinget 2014, saker til ombodsmøte 2014 og terminliste 2014/2015. Christian og Torleif har delteke på kvar sitt møte for samlaga i Vestlandet landsdel, mellom anna for å drøfte felles saker, samordning av innskot på stemne og terminlistene for 2015. Torleif deltok på Skyttartinget på Sandnes. Styret vil gje ros til dei laga som arrangerte samlagstemna, både miniatyrstemnet i Naustdal, feltstemnet i Dale og banestemnet i Gaular. I år har vi så vidt vi veit for første gang, ikkje arrangert opne feltstemne i Sunnfjord. Dette vart drøfta under arbeidet med terminlista og på ombodsmøtet i fjor. Det vart gjort eit forsøk på å få til eit felles feltstemne i Førde i mai, men oppslutninga om arrangementet var så lunken at det vart avlyst. Årsmelding frå Ungdomsutvalet v/ Ørjar Eiken Årsmelding frå Feltutvalet På grunn av manglande feltstemne har vi ikkje bede om rapport frå Feltutvalet. Årsmelding frå IT-kontakten v/ Bjarte Haugnes Vedtak: Årsmeldingane samrøystes godkjent. Sunnfjord Skyttarsamlag Side 2
3. Rekneskap per 01.11.2014 Samlaget kjem ut med eit rekneskap som viser eit overskot på ca 10 000 kr. Forklaringa på dette er at vi har fått støtte til kurs frå DFS og noko meir sponsormidlar. Men vi har framleis for store kostnadar på medaljar og pokalar samanlikna med inntektene frå desse stemna. Det beste tiltaket her er å få med fleire deltakarar på desse stemna. Rekneskapen blir lagt fram under ombodsmøtet, og vil deretter bli sendt til revisorane for gjennomgang. Styret vil følgje opp eventuelle merknadar frå revisorane. Kommentarar: -Kontobalanse mangla i rekneskapen. Denne blir lagt inn i rekneskapen. -Sunnfjordpokalen er ikkje med i rekneskapen. Det blei bestemt at laget som arrangerer finalen skal føre rekneskap for Sunnfjordpokalen. Vedtak: Samrøystes godkjent 4. Budsjett og aktivitet i 2015 Vi legg rekneskap og andre erfaringstal frå 2014 til grunn for budsjettet i 2015. Dette blir lagt fram på ombodsmøtet. Styret gjer forslag om å halde på same innskota på stemna i 2015 som det var i 2014, både for vanlege opne stemne og for samlagstemne. Forslag til innskot i 2014-2015: (Tabellen viser Premieinnskot + Arrangemangsavg = sum pr skyttar) Klasse Sunnfjordpokalen Miniatyr, bane og vanlege felt Samlagstemne (Alle typer) Asp + Rekr/Jun 50 + 0 = 50 Samla premiering (*) 40 + 40 = 80,- 60 + 40 = 100 20 av premieinnskotet til samlaget til premiar Senior og Vet 50 + 0 = 50 Samla premiering (*) 75 + 75 = 150 100 + 75 =175 25 av premieinnskotet til samlaget til premiar Samlaget betalar for medaljar og eventuelle pokalar på feltkarusell og samlagstemna. (*) Sunnfjordpokalen: Heile innskotet på 50 kr blir samla i ein pott, sendt til arrangør av finalen, som set opp klassevis premiering. Viser elles til regelverket for Sunnfjordpokalen som ligg på samlaget si heimeside. Sunnfjord Skyttarsamlag Side 3
Pris på jegerprøva blir som i 2014: 15 skot trening: kr 100 pr trening Her kan skyttarlaga eventuelt ha eigne prisar for betalande medlemmar. Jegerprøva: kr 200 pr gang Vedtak: Samrøystes godkjent Handlingsplan for 2015 a) Kurs for tillitsvalde, primært dei som arbeider med rekruttering (prosjekt 2017) b) Samling for rekrutt/juniorskyttarar (ved slutten av innandørsesongen) c) Eit kurs i vedlikehald av elektroniske skiver, med Megalink d) Eit kurs i stemnestyring, med Megalink e) Instruktørkurs 1A (teorikurs i ei helg) f) Kurs i bruk av DFS-heimeside for skyttarlaga (episerver) Forsøke å få til ein del at dette før utandørssesongen startar. Vedtak: Samrøystes vedtatt Terminlista for 2015: Forslag til terminliste er sendt ut til alle laga i september. Dei aller fleste stemnedatoane er bestemt før ombodsmøtet. Denne terminlista vart drøfta på møtet for samlaga på Vestlandet den 1. november. Kommentar: - Nærliggjande lag bør arrangere stemne same helg slik at ikkje reiseavstandar blir for store. Dette gjaldt i hovudsak den helga Florø og Jølster har stemne, og det er eit stykke å reise mellom desse stemna. Arrangørar av Firarstemna seier det kan verte aktuelt med samarbeid seinare, men ynskjer eit år til med noverande lag, for å få samarbeidet til å fungere betre før ein evt tek med fleire lag. - Florø er litt usikre på om dei får arrangert stemne komande år, då det er usikkerheit rundt både gammal og ny bane. Dette blir vurdert etter kvart. Vedtak: Vedtatt 5. Kva må vi gjere for å betre rekrutteringa til skytesporten i Sunnfjord? Ser vi på tal deltakarar frå rekrutteringsklassane og i seniorklassane, så er tendensen fallande. Styret ynskjer at Ombodsmøtet diskuterer kva vi kan gjere for å auke rekrutteringa og deltakinga på alle nivå. Saka blir lagt fram utan konkrete forslag frå styret, men det som kjem ut av diskusjonen skal følgjast opp komande år. Følgjande punkt blei føreslegne: Sunnfjord Skyttarsamlag Side 4
- Få fleire instruktørar i laga, ein ser mange lovande skyttarar rundt om på stemne som med litt betre oppfølging på trening kan auke sine prestasjoner. - Klasse aspirant er no utvida til å gjelde alle. Utnytte dette til å få med foreldre som deltakere på stemne. Også andre vaksne utan ungar som skyt. - Få til eit felles møte for leiarar/ungdomsleiarar i dei forskjellige laga for å diskutere problem/dele erfaringar. - Betre markedsføringa. Kun 2% av landet veit kva DFS står for. - Skyteskular, samarbeid med skular/idrettslag - Bedriftscup, for eksempel arrangere x antall runder for bedrifter etc. Kan også arrangere cuper der bedrifter konkurrerer mot kvarandre, men skyt på sine lokale baner, for så å samkøyre resultata. Dette blir jobba vidare med i 2015 6. Korleis skal vi avvikle samlagsmeisterskapen i miniatyr? Finaleskyting Samlagsmeisterskapen i miniatyr blir no avvikla med 35 skot innandørs program med fortløpande omgang. Spørsmålet er om vi skal gå over til avsluttande finale slik som på banestemnet? I praksis må då innleiande skyting skje på laurdag og finale på søndag, eventuelt slik at dei laga som har lengst reiseavstand får skyte søndag før finalane. Følgjande argument kom opp for/mot: - Kan vere problematisk med publikumsareal ved nokre arrangørar. - Betre interesse frå pressa ved finaleskyting? - Ved finaleskyting, prioritere langveisfarande til å få skyte innleiande finaledagen. - Viktig å trene på finaleskytinga. - Fleire får trene på å arrangere stemne med finaleskyting Det blei føreslege å prøve dette på samlagsstemne i Førde 2015 Vedtak: Samrøystes vedtatt Lagskyting Det har også kome eit spørsmål om vi skal prøve med lagskyting. Det blei føreslege å utsetje dette inntil vidare. Vedtak: Samrøystes vedtatt Sunnfjord Skyttarsamlag Side 5
7. Val 2014 Presentert av leiar i valkomitèen, Arne Strand Resultat vedlagt Kommentar: - Det må veljast ein revisor til, då det skal vere to. - Ved seinare anledningar må dei som står på gjenval takast kontakt med, slik at dei kan bekrefte/avkrefte om dei tek gjenval. Vedtak: Vedtatt 8. Eventuelt andre saker til drøfting - Ny skytebanekontakt, Bengt Næss - Mykje spam på skyttarlagsmailer. Det var ynskje om å ta dette opp med DFS sentralt. Svar frå ITkontakt var at dette var vanskeleg å få slutt på, men anbefalte lag å svarteliste alle mailer som er spam, så vil det avta etter kvart. 9. Avslutning ved leiaren Leiaren takka for møtet og takka for seg som samlagsleiar. Ny leiar takka for tilliten og sa nokre ord om komande år. Christian Rekkedal Ørjar Eiken Ole Jørgen Grytten Sunnfjord Skyttarsamlag Side 6
Verv i 2015 Valperiode Valresultat 2014 Styre: Torleif Skudalsnes 1 år Leiar (Ny) Kjell Kjosaas 1 år Medlem (Ny) Reidun Kristin Knapstad 2 år Ikkje på val i 2014 Erling Melvær 2 år Attval Merete G. Birkeland 2 år Ikkje på val i 2014 (nestleiar) Ole Jørgen Grytten 2 år Attval Vara til styre: Janne Haugnes 1 år Attval Steinar Øvrebø 1 år Attval Hallgeir Aalvik 1 år Attval Utdanningskontakt: Kjell Eide 1 år Attval Ungdomsutvalet: Leiar: Ørjar Eiken 1 år Attval Merete G. Birkeland 2 år Medlem (Ny) Anja Grov Johnsen 2 år Attval Vara til ungdomsutvalet: Leif Halvor Kårstad 2 år Ikkje på val i 2014 Felt/Skifelt: Leiar: Torleif Skudalsnes 1 år Attval Rolf Holsen 2 år Ikkje på val i 2014 Øystein Hoff 2 år Attval Vara til Felt/Skifelt: Oddmund Tormodset 2 år Ny i 2014 IT Kontakt: Bjarte Haugnes 2 år Attval Tingrepresentant: Leiar 1 år Torleif Skudalsnes Vara: Nestleiar 1 år Kjell Kjosaas Uttakingsnemnd: Formann Ungdomsutval, dvs Ørjar Eiken 1 år Attval Harry Gram 2 år Ny i 2014 Kjell Kjosaas 2 år Ny i 2014 Presse og mediakontakt: Styreleiar 1 år Attval Sunnfjord Skyttarsamlag Side 7
Revisor: Jan Kåre Langedal 1 år Attval 1 år Styret finn ein ekstra revisor viss det er krav om det. Valnemnd for 2015: Toralf Årdal 3 år Leiar Øystein Helle 3 år Medlem Stein Mortensbakke 3 år Ny i 2014 Kontrollnemnd Frode Loftheim 1 år Attval John Magnar Gjerland 1 år Attval Sunnfjord Skyttarsamlag Side 8